St.meld. nr. 11 (2002-2003)

Embetsutnemningar m.m. 1. juli 2001 - 30. juni 2002

Til innholdsfortegnelse

1

Arbeids- og administrasjonsdepartementet legg med dette fram oppgåve over embetsutnemningar m.m. i Regjeringa i tida 1. juli 2001 - 30. juni 2002.

Ved lov 15. desember 2000 nr. 98 vart ymse føresegner i offentleglova endra. Endringane gjeld frå 1. januar 2001. Etter ikraftsetjinga gjev offentleglova § 6 nr. 4 nytt fjerde og femte punktum forvaltningsorganet høve til å unnta opplysningar om søkjarar frå innsyn, dersom søkjaren sjølv ber om det. I dei sakene der søkjarane ikkje ynskjer sitt namn offentleg, er det oppgjeve kor mange anonyme søkjarar dette gjeld. Dersom Stortinget som ledd i sin kontrollverksemd ynskjer innsyn i dei komplette søkjarlistene vil desse bli oversend Stortinget i eigen ekspedisjon.

Regjeringa gjer framlegg om at avtrykket av oppgåva (vedlegg 1) blir send Stortinget saman med særskilde oppgåver frå departementa pr. 30. juni 2002 over konstitueringar i embete og mellombels oppretta embete (vedlegg 2). I fordelinga på kvinner og menn er talet på dei som ikkje ynskjer offentlegheit sett i parentes (vedlegg 3).

Til forsiden