St.meld. nr. 12 (1997-98)

Kredittmeldinga 1996

Til innholdsfortegnelse

1 Innleiing

1.1 Oversikt over meldinga

Finansdepartementet legg med dette fram Kredittmeldinga 1996. Som varsla i avsnitt 1.4 i Kredittmeldinga 1995 er meldinga i år noko endra i høve til tidlegare utgåver. Omtalen av administrative forhold knytte til statsbankane, gjeldsforvaltninga, Verdipapirsentralen og Oslo Børs er sløyfa. Samstundes er omtalen av departementet sitt eige forvaltningsarbeid for ein stor del flytta frå nasjonalbudsjettet til kredittmeldinga. Formålet er at kredittmeldinga i større grad skal vere eit dokument som omhandlar aktuelle saker på finansmarknadsområdet.

I kapittel 1 blir det gitt generell marknadsinformasjon om finansinstitusjonane og verdipapirhandelen i 1996. Kapittel 2 omhandlar forvaltningsarbeidet som departementet og Kredittilsynet har utført på finansmarknadsområdet i 1996. Det er også ein omtale av arbeidet i departementet på finansmarknadsområdet.

Kapittel 5 omtalar samarbeidet mellom Kredittilsynet og Noregs Bank. Det er vidare ein omtale av verksemda i 1996 til Noregs Bank (kapittel 3), Statens Banksikringsfond (kapittel 6) og Statens Bankinvesteringsfond (kapittel 7). Omtalen av verksemda til desse institusjonane er pålagd ved lov, jf. sentralbanklova § 28, banksikringsfondslova § 8 og bankinvesteringsfondslova § 6. Omtalen i dei nemnde kapitla byggjer i stor grad på årsmeldingane frå institusjonane. Omtalen av dei administrative tilhøva i Kredittilsynet er mellom dei forhold som vart varsla sløyfa i avsnitt 1.4 i Kredittmeldingen 1995. Fordi verksemda til Kredittilsynet er mykje omtalt i kapitel 2 og 5 har ein likevel funne det naturleg å gi ein kort omtale av dei administrative tilhøva og verksemda i Kredittilsynet i denne meldinga. Kapitel 8 omtalar verksemda til Folketrygdfondet i 1996.

Framstillinga er på enkelte punkt ført fram utover årsskiftet 1996/97.

1.2 Utviklinga på finansmarknaden

Forretningsbankane og sparebankane har samla sett hatt gode resultat i 1996. Det var høg utlånsvekst i bankane i 1996, men bokførte tap er framleis svært låge. Redusert gjennomsnittleg rentemargin i 1996 tydar på sterk konkurranse om kundane innafor bankanes kjerneverksemd. Store verdipapirvinster bidro sterkt til gode resultat for livsforsikringsselskapa i 1996. Dei positive resultata har gjort det mogleg å styrka tilleggsavsetnadene og byggja opp kursreservar i livselskapa. Skadeforsikringsselskapa hadde lågare resultat i 1996 enn i 1995. Kapitaldekninga i bankane og forsikringsselskapa er tilfredstillande i høve til dei fastsette krav.

1.2.1 Bank

Dei kortsiktige rentene vart reduserte med 1,5 prosentpoeng til om lag 4 pst. i løpet av 1996. Dei langsiktige rentene, målte ved renta på norske statsobligasjonar med 5 års attståande løpetid, var reduserte med 0,5 prosentpoeng til 5,3 pst. Også renta i bankane gjekk ned. Gjennomsnittleg utlånsrente fall med 0,9 prosentpoeng og gjennomsnittleg innlånsrente med 0,7 prosentpoeng. Den gjennomsnittlege rentemarginen vart dermed redusert med 0,2 prosentpoeng. Nedgangen i rentemarginen var størst i sparebankane. At rentemarginane framleis går ned, tyder på at konkurransen i banknæringa er sterk.

Trass fallet i den gjennomsnittlege rentemarginen har både forretningsbankane og sparebankane hatt gode resultat i 1996. Dei gode resultata til bankane er i stor grad knytte til at bokførte tap framleis er svært låge. Figur 1.1 og 1.2 viser resultat av ordinær drift før og etter tap som del av gjennomsnittleg forvaltningskapital for høvesvis forretningsbankar og sparebankar i perioden 1994-1996. Figuren illustrerer at låge tap har medverka positivt til bankresultata dei siste åra.

Figur 1.1 Resultatpostar i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital for forretningsbankar.1

Figur 1.1 Resultatpostar i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital for forretningsbankar.1

1 Morbank utanom filialar i utlandet og Postbanken, medrekna utenlandske filialar i Noreg.

Kilde: Kjelde: Kredittilsynet.

Figur 1.2 Resultatpostar i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital for sparebankar.

Figur 1.2 Resultatpostar i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital for sparebankar.

Kilde: Kjelde: Kredittilsynet.

Figur 1.3 og 1.4 viser at nettorenteinntektene har vorte lågare i bankane dei siste åra, mens andre inntekter, som til dømes verdipapirvinstar, har auka. Utviklinga i kostnadene i bankane har vore relativt stabil i perioden 1994-96.

Figur 1.3 Resultatpostar i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital for forretningsbankar.1

Figur 1.3 Resultatpostar i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital for forretningsbankar.1

1 Morbank utanom filialar i utlandet og Postbanken, medrekna utenlandske filialar i Noreg.

Kilde: Kjelde: Kredittilsynet.

Figur 1.4 Resultatpostar i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital for sparebankar.

Figur 1.4 Resultatpostar i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital for sparebankar.

Kilde: Kjelde: Kredittilsynet.

Vekst i utlån på 14,4 pst. i forretningsbankane og 12,7 pst. i sparebankane har bremsa fallet i renteinntektene. Dette er den hittil høgaste årlege utlånsveksten på 1990-talet, men lågare enn veksten i utlåna på midten av 80-talet. Auken for forretningsbankane er påverka av at DnB sitt kredittføretak, DnB Boligkreditt, vart fusjonert med banken i 1996. Innskott frå kundar viste ein auke frå 1995 på 13,5 pst. i forretningsbankane og 8,1 pst. i sparebankane.

Avkastninga på eigenkapitalen i forretningsbankane, målt ved resultat av ordinær drift før skatt og ekstraordinære postar som del av gjennomsnittleg eigenkapital, var 22 pst. i 1996. Dette er 2,1 prosentpoeng lågare enn i 1995, men kan likevel karakteriserast som god eigenkapitalrentabilitet. Driftsresultatet i kroner steig likevel i forretningsbankane i 1996. Eigenkapitalavkastninga i sparebankane var 18,2 pst. i 1996, og også dette er noko svakare enn i 1995. Også som del av gjennomsnittleg forvaltningskapital var resultatnedgangen av den ordinære drifta før skatt større i sparebankane enn i forretningsbankane.

Forvaltningskapitalen i forretningsbankane auka med 26,7 pst. samanlikna med 1995, mens den tilsvarande auken for sparebankane var 12,8 pst. Mens utlån og forvaltningskapital har vakse i same takt i sparebankane, har forvaltningskapitalen i forretningsbankane auka mykje meir enn utlåna. Utlånsauken utgjorde berre 43 pst. av auken i forvaltningskapitalen for forretningsbankane. Tabell 1.1 og 1.2 viser utviklinga i utvalde balansepostar i perioden 1994-96 for høvesvis forretningsbankane og sparebankane.

Tabell 1.1 Balansepostar i forretningsbankar1) Mrd. kroner ved utgangen av året

199419951996
Utlån til kundar (brutto)290313358
Innskott frå kundar225224254
Forvaltningskapital354389493

1) Morbank medrekna utanlandske filialar og utanlandske filialar i Noreg, utanom Postbanken.

Kilde: Kjelde: Kredittilsynet, nøkkeltallsskjema for forretningsbankene

Tabell 1.2 Balansepostar i sparebankar. Mrd. kroner ved utgangen av året

199419951996
Utlån til kundar (brutto)225244275
Innskott frå kundar199209226
Forvaltningskapital265284320

Kilde: Kjelde: Kredittilsynet, bankstatistikken

Alle forretnings- og sparebankane oppfylte ved utgangen av 1996 det lovbestemte kravet til kapitaldekning på 8 pst. Berre fem bankar hadde ei kapitaldekning under 10 pst. Alle forretnings- og sparebankane bortsett frå ein har ei kjernekapitaldekning på over 6 pst. ved utgangen av 1996. Alle sparebankane bortsett frå ein og halvparten av forretningsbankane oppfyller 8 pst.-kravet med kjernekapital aleine.

Ved slutten av 1996 var det 149 bankar i Noreg. Det var i alt 133 sparebankar, 13 norske forretningsbankar, 2 dotterbankar av utanlandske forretningsbankar og Postbanken. I tillegg til desse var tre utanlandske bankar representerte med filialar i Noreg, mens norske bankar hadde 12 filialar i utlandet. Eit hovudtrekk ved dei utanlandske etableringane i Noreg er at det til no berre er bankar frå dei nærmaste nabolanda som har valt å satse tungt i den norske marknaden.

1.2.2 Forsikring

Auka skadeprosent og ein svak auke i kostnadene førte til lågare resultat i skade- og kredittforsikringsselskapa i 1996 i høve til året før. Skade- og kredittforsikringsselskapa samla fekk i 1996 eit resultat av ordinær verksemd på knapt 3 mrd. kroner. Målt i forhold til opptent premie for eiga rekning gir dette ein reduksjon i resultat av ordinær verksemd på 1,8 prosentpoeng frå 1995 til 1996. Relativt høge finansinntekter gjer sitt til eit samla resultat som må karakteriserast som relativt bra.

Dei små og mellomstore skadeforsikringsselskapa hadde betre resultat i høve til premienivået enn dei større skadeforsikringskonserna. Dei fire største skadeforsikringskonserna oppnådde i 1996 eit resultat på 13,2 pst. av premie opptent for eiga rekning. Dette er 3,8 prosentpoeng lågare enn i 1995. Dei fire største skadekonserna har ein marknadsdel på om lag 85 pst. målt i opptent bruttopremie. Tabell 1.3 viser dei viktigaste resultatpostane i dei fire største skadekonserna i 1995 og 1996.

Tabell 1.3 Resultatpostar i dei fire største skadekonserna. Mrd. kroner og i pst. av opptent premie for eiga rekning

19951996
Mrd. krPst.Mrd. krPst.
Opptent premie f.e.r.16,7-17,2-
Pådregne skadar f.e.r.12,273,013,176,5
Driftskostnader4,727,94,928,6
Finansinntekter3,219,33,420,0
Resultat av ordinær verksemd2,917,02,313,2

Kilde: Kjelde: Kredittilsynet

Den positive utviklinga i verdipapirmarknaden er ei viktig årsak til dei gode resultata i livsforsikringsselskapa i 1996. Livselskapa hadde store verdipapirvinstar, særleg på aksjar, i 1996. Verdijustert resultat før tilleggsavsetningar, midlar tilførte kundar og skatt var 4,5 pst. av gjennomsnittleg forvaltningskapital. Dette er 0,2 prosentpoeng lågare enn i 1995. Totale premieinntekter i livselskapa auka med 13,2 pst. frå 1995 til 1996. Ved flytting av forsikringskontraktar blir heile premiereserven overført som premieinntekt i mottakande selskap. Korrigert for denne effekten er auken i samla premieinntekter i livselskapa 4,6 pst. frå 1995 til 1996. Dette tyder på lite nyteikning for bransjen totalt sett, etter som auken i stor grad kjem av regulering av tidlegare teikna kontraktar. Tabell 1.4 viser dei viktigaste resultatpostane i livselskapa i 1995 og 1996.

Tabell 1.4 Resultatpostar i livsforsikring. Mrd. kroner og i pst. av gjennomsnittleg forvaltningskapital

19951996
Mrd. krPst.Mrd. krPst.
Premieinntekter20,49,023,19,4
Netto inntekter frå finansielle eigedelar17,97,919,27,8
Erstatningar14,36,317,37,0
Endringar i forsikringsavsetnader16,57,218,07,3
Forsikringsrelaterte kostnader2,41,12,51,0
Resultat før tilleggsavsetnader, midlar tilførte kundar og skatt7,63,37,12,9
Verdijustert resultat før tilleggsavsetnader, midlar tilførte kundar og skatt10,74,711,24,5
Overskott etter tilleggsavsetnader, midlar tilførte kundar og skatt1,10,51,20,5

Kilde: Kjelde: Kredittilsynet

Livselskapa er storinvestorar i renteberande papir, og får monalege eingongsvinstar når rentenivået går ned. Fordi selskapa garanterer ei minsteavkastning på forvalta midlar, vil både lønnsemda og soliditeten på lengre sikt likevel vere betre ved eit varig høgt rentenivå. Bufferkapital i form av tilleggsavsetnader og kursreservar gjer det både enklare for selskapa å møte langsiktige skyldnader ved eit varig lågt rentenivå, og verkar som støytpute ved ein eventuell renteoppgang som reduserer verdien av eigendelane til livselskapa. Dei positive resultata i 1996 har gjort det mogleg å styrkje tilleggsavsetnadene og byggje opp kursreservar i livselskapa. I 1996 vart det sett av 2,6 mrd. kroner i nye tilleggsavsetnader, samstundes som kursreservane auka med 4,1 mrd. kroner. Til saman hadde livselskapa ved utgangen av 1996 bufferar i form av tilleggsavsetnader og kursreservar på 19,2 mrd. kroner, fordelte på 10,3 mrd. kroner i tilleggsavsetnader og 8,9 mrd. kroner i kursreservar. Dette utgjer 7,5 pst. av forvaltningskapitalen. Til samanlikning var den samla ansvarlege kapitalen i livselskapa 10,1 mrd. kroner ved utgangen av 1996. Av det utgjorde kjernekapitalen 9,1 mrd. kroner. Forvaltningskapitalen i livselskapa auka med 8,6 pst. til 257 mrd. kroner frå 1995 til 1996.

Ved utgangen av 1996 var det 43 ordinære skadeforsikringsselskap, 5 kredittforsikringsselskap og 9 livsforsikringsselskap i Noreg. Blant livselskapa hadde dei fire største rundt 90 pst. av den samla forvaltningskapitalen. Alle skade-, livs- og kredittforsikringsselskapa oppfyller kravet til kapitaldekning, som er 7,5 pst. ved utgangen av 1996. Ingen av livselskapa hadde ei kapitaldekning lågare enn 9 pst. Berre eitt selskap har ei kapitaldekning som er lågare enn 11 pst. Blant skade- og kredittforsikringsselskapa er det berre eitt selskap som har kapitaldekning lågare enn 11 pst.

1.2.3 Finansieringsføretak

Gruppa finansieringsføretak består av finansieringsselskap og kredittføretak. Ved utgangen av 1996 var det registrert 37 finansieringsselskap, 8 filialar av utanlandske finansieringsselskap, 8 kredittføretak og 1 filial av eit utanlandsk kredittføretak i Noreg.

I 1996 vart størsteparten av Elcon Finans sin portefølje overført til Gjensidige Bank, noko som har ført til at forvaltningskapitalen for finansieringsselskapa som gruppe vart redusert frå 1995 til 1996. Ser ein bort frå det omtala selskapet, er det ein auke i forvaltningskapitalen i finansieringsselskap på om lag 20 pst. frå 1995 til 1996. Resultat av ordinær drift er betra med om lag 0,4 prosentpoeng i høve til gjennomsnittleg forvaltningskapital i denne perioden. Betringa kjem mellom anna frå lågare tap på utlån.

Forvaltningskapitalen i dei norske kredittføretaka er redusert med 9,9 pst. frå 1995 til 1996, og er ved utgangen av 1996 på vel 90 mrd. kroner. Noko av reduksjonen heng saman med at eitt kredittføretak i løpet av 1996 vart omdanna til filial av utanlandsk føretak. Resultat av ordinær drift etter tap for kredittføretaka er redusert frå 0,77 pst. av gjennomsnittleg forvaltningskapital i 1995 til 0,54 pst. i 1996. Reduksjonen skuldast i første rekkje lågare verdipapirvinstar, samstundes som netto renteinntekter gjekk noko ned og tap på utlån auka.

Ved utgangen av 1996 var det to finansieringsselskap som ikkje oppfylte det lovbestemte kravet til 8 pst. kapitaldekning. Eit av desse er under avvikling, og det andre har retta opp forholdet i første del av 1997. Alle kredittføretaka oppfyller kravet til 8 pst. kapitaldekning med god margin, og alle har ei kjernekapitaldekning på godt over 8 pst.

1.2.4 Verdipapirhandel

Ei rekkje endringar i lov om verdipapirhandel vart sette i verk i 1996. Alle verksemder med løyve etter tidlegare føresegner måtte søkje om nytt løyve. Ved utgangen av 1996 var det 39 føretak som hadde løyve til å yte investeringstenester. Ved utgangen av 1996 hadde i tillegg to utanlandske bankar meldt frå om utøving av verdipapirverksemd gjennom filial i Noreg, og om lag 600 verksemder hadde meldt frå om grensekryssande verksemd i Noreg frå deira heimland, i hovudsak frå Storbritannia. Ikkje noko norsk verdipapirføretak hadde meldt frå om grensekryssande verksemd til utlandet ved utgangen av 1996.

Verdipapirverksemder vart frå 31.12.1996 underlagde lovbestemte krav til kapitaldekning. Regelverket er no det same som for bankane. Alle verdipapirverksemdene med løyve etter revidert verdipapirhandellov oppfylte ved utgangen av 1996 det fastsette kravet til kapitaldekning på 8 pst.

Dei største bankane har i 1996 i hovudsak innlemma sine fondsmeklarverksemder som eigne avdelingar eller som ein del av banken sin valuta- og kapitaldivisjon.

Investeringane i verdipapirfond auka sterkt i 1996. AMS-fonda stod for den største delen av auken. Talet på partseigarar i AMS-fond auka med om lag 190 000 i 1996. Samla forvaltningskapital for alle fonda var om lag 65 mrd. kroner ved utgangen av 1996, mot om lag 45 mrd. kroner ved utgangen av 1995. Ved utgangen av 1996 var det 22 forvaltningsføretak for verdipapirfond og 212 verdipapirfond i Noreg.

Omsetninga i andrehandsmarknaden på Oslo Børs var rekordhøg i 1996. Omsetninga av aksjar og grunnfondsbevis auka med heile 47,8 pst. i høve til året før. Totalindeksen steig med 32,1 pst. Aksjeindeksane for bank og skip hadde den største auken, mens industriindeksen steig noko mindre enn totalindeksen. SMB-indeksen auka med 10,6 pst. I obligasjonsmarknaden auka omsetninga med 5,6 pst. Det var ein moderat nedgang i børsomsetninga for aksjeopsjonar, mens omsetninga av andre derivat som aksjeindeksopsjonar, aksjeindeksfutures og rentefutures auka. Etter nedgangen i omsetninga i derivatmarknaden i 1992-1994 har det no vore ein omsetningsauke dei to siste åra.

1.2.5 Strukturen på finansmarknaden

Innanlandske blanda finanskonsern og samarbeidande grupper har ein stor plass i den norske finans- og forsikringsmarknaden. Målt ut frå storleiken på forvaltningskapitalen blir meir enn 2/3 av dei innanlandske finansielle tenestene distribuerte av dei åtte største konserna (grupperingane). Dei åtte største konserna har ein marknadsdel som varierer frå om lag 50 pst. for finansieringsføretak til godt over 70 pst. for bank og livsforsikring. Dei viktigaste trekka i denne utviklinga i 1996 var Den norske Banks overtaking av livsforsikringsselskapet Vital og Storebrands etablering av eiga forretningsbankverksemd, Storebrand Bank AS. Kjøpet av Vital i 1996 gjorde at DnB-konsernet no er nest størst innanfor livsforsikring. Det vart også danna ei ny gruppering på sparebanksida i og med etableringa av Sparebank 1-gruppa. Den er sett saman av dei fire store distriktssparebankane Sparebanken Nord-Norge, Sparebanken Midt-Norge, Sparebanken Vest, Sparebanken Rogaland og 12 mindre sparebankar i austlandsområdet. I 1996 fusjonerte elles Industri- og Skipsbanken ASA og Finansbanken AS og danna Finansbanken ASA. Ein ny sparebank, Cultura Sparebank, fekk konsesjon.

Tabell 1.5 viser marknadsdelane til finanskonsern i ulike segment av finansmarknaden. Finanskonserna er særs ulike i struktur og samansetjing. DnB-konsernet er det største av finanskonserna totalt sett. Konsernet er klart størst innanfor banksektoren og har om lag same marknadsdel som Sparebanken NOR når det gjeld verdipapirfond. Storebrand er klart størst både innanfor skadeforsikring og livsforsikring, mens konsernet etter etableringa av Storebrand Bank òg er involvert i alle dei andre marknadsområda. Som det går fram av tabell 1.5, er dei fleste grupperingane representerte innanfor bankverksemd, finansieringsføretak, verdipapirfond og livsforsikring, mens det enno berre er dei forsikringsdominerte konserna som driv verksemd innanfor skadeforsikring.

Tabell 1.5 Finanskonserna sine marknadsdelar i forskjellige segment av finansmarknaden pr. 31.12.96. Pst. av forvaltningskapital

BankFinansierings-føretak 1)VerdipapirfondSkade- forsikring2)Livsforsikring
Den norske Bank1971703)18
Kreditkassen1426113
Sparebanken NOR1211192
Storebrand03)03)72633
Sparebank1/Samarb. sp.b.12271
Postbanken72
Gjensidige2342515
Landsbanken/Samvirke103)53
Totalt finanskonsern6749675675

1 Finansieringsselskap og kredittføretak.

2 Inkl. kredittforsikring.

3 0 pst. marknadsdel tyder at konsernet driv verksemd, men at verksemda utgjer under 1 pst. av marknaden.

Kilde: Kjelde: Kredittilsynet

Til forsiden