St.meld. nr. 13 (1997-98)

Målbruk i offentleg teneste

Til innholdsfortegnelse

1 Innleiing og samandrag

Etter § 10 i lov om målbruk i offentleg teneste skal Kongen minst kvart fjerde år leggje fram for Stortinget ei melding om målbruk i offentleg teneste. Etter at den førre meldinga vart behandla i 1992, er det skjedd ei omorganisering og intensivering av departementet sine tilsynsfunksjonar etter lova. Mellom anna er ein del oppgåver overførte til Norsk språkråd. Det er først no ein kan vurdere effekten av desse endringane og kan presentere eit fyldigare grunnlagsmateriale for Stortinget.

Hovudbolken i meldinga er rapportering om etterlevinga av føresegnene som gjeld for bruk av bokmål og nynorsk i statstenesta, jf kap 2 og 3.

Kap 2 viser at det enno skortar mykje på at alle statsorgan etterlever kravet om minst 25 pst av kvar målform i rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o l. På visse område har det likevel vore stor framgang dei siste åra, særleg gjeld dette målbruken i dokument frå regjeringa til Stortinget. Dette må sjåast i samanheng med det intensiverte tilsynsarbeidet dei siste åra. Røynslene frå dette arbeidet gir grunn til å vone at denne framgangen vil halde fram, slik at alle statsorgan snarast råd vil kunne oppfylle dei kvantitative minstekrava i lova.

Det blir under pkt 2.5 gjort framlegg om at kvart statsorgan skal etablere instruksfesta interne samordnings- og registreringsrutinar for veksling mellom målformene, og det blir lagt opp til systematisk offentleggjering av den årlege målbruksstatistikken som departementet og Norsk språkråd utarbeider. Under pkt 2.6 blir det drøfta om det kan vere tenleg å endre kravet til kvantitativ fordeling mellom målformene, men konklusjonen er å vidareføre dei føresegnene som no gjeld.

Kap 3 gjer greie for tilsynsarbeidet i høve såkalla faste målbrukssituasjonar, målform i skjema og blankettar, statleg målform i hopehav med private og med kommunar og fylkeskommunar, målform i eksamensoppgåver. Det blir også gitt ein rapport om kompetanse- og opplæringssituasjonen med omsyn til nynorskkunnskapar hos medarbeidarane i staten.

Eit nytt tema i høve til tidlegare målbruksmeldingar er drøftinga av dei utfordringane som informasjons- og kommunikasjonsteknologien representerer for norsk språk generelt og for måljamstillinga spesielt, jf kap 4. Kapitlet konkluderer med ei tilråding om å byggje ut Norsk språkråd til også å femne om eit sekretariat for språkteknikk. Dette er tenkt som eit verkemiddel for å sikre at norsk språk i framtida kan tene som eit fullverdig uttrykksmiddel også i arbeidet med avansert teknologi. Dette er viktig for å førebyggje såkalla domenetap for norsk språk.

Kap 5 drøftar verkeområdet for mållova, særleg i lys av dei omorganiseringane som er gjennomførte i statleg sektor dei seinare åra, ikkje minst innanfor samferdselssektoren. Meldinga tilrår å setje ned ei arbeidsgruppe for å greie ut aktuelle problemstillingar.

Kap 6 gjer greie for Norsk språkråd og behovet for å utvikle dette organet til å ta seg av ein del nye oppgåver i åra framover.

Kap 7 omtalar økonomiske og administrative konsekvensar av meldinga. Dette avgrensar seg til den utbygginga av Norsk språkråd som følgjer av kap 2, 4 og 6. Alt i alt er dette kvantifisert til ein auke i dei årlege driftsutgiftene på 3 mill kroner.

Til forsiden