St.meld. nr. 13 (1997-98)

Målbruk i offentleg teneste

Til innholdsfortegnelse

3 Målbruk i stortingsdokument frå Utanriksdepartementet i 1992 og 1993

Brev frå Kulturdepartementet av 21. april 1993

Vi viser til rundskriv V-8/93 av 15. mars 1993, der vi bad om å få rapport om målbruken i departementa innan 26. april.

Som nemnt i rundskrivet registrerer vi sjølve målbruken i proposisjonar og meldingar, og det samla oversynet for 1992 er no klart.

Gjennomgangen viser at Utanriksdepartementet i fjor la fram i alt 32 stortingsdokument. Av desse var tre på nynorsk. Det gir ein nynorskprosent på 9. Gjennomsnittet for alle departementa og Statsministerens kontor var 13,3 pst. Vi kan nemne at Samferdselsdepartementet hadde ein nynorskprosent på 56. Rekna i sidetal hadde Utanriksdepartementet ein nynorskprosent på 0,9. Gjennomsnittet her var 9,1.

Som kjent er hovudregelen i § 8 i lov om målbruk i offentleg teneste at statsorgan som har heile landet som tenestekrins, skal syte for at rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. som organet lagar, vekslar mellom målformene slik at det blir ei rimeleg kvantitativ fordeling mellom dei. I § 6 i forskriftene heiter det at ei rimeleg kvantitativ fordeling vil seie at ingen av målformene skal vere representerte med mindre enn 25 pst. Stortingsdokument kjem inn under denne føresegna.

I samband med behandlinga av St.meld. nr. 53 (1992-93) Målbruk i offentleg teneste i fjor haust uttalte kyrkje- og undervisningskomiteen i innstillinga si at Kulturdepartementets kontrollfunksjon måtte styrkjast, og at det måtte stillast dei same krava til oppfølging av mållova som til lover elles.

Kulturdepartementet vil minne om § 1 i forskriftene til mållova, der det er presisert at plikta til å syte for at målbruksreglane blir følgde, ligg til kvart enkelt statsorgan sjølv. Det heiter også at kvart statsorgan har ansvaret for at dei tilsette innan rimeleg tid får nødvendig opplæring i bokmål og nynorsk.

Mellom anna på bakgrunn av innskjerpinga frå Stortinget i fjor haust vil vi no be at det blir teke eit krafttak for at nynorskbruken i alle høve skal oppfylle dei minstekrava Stortinget har fastsett. Ein kan ikkje lenger seie seg nøgd med status quo eller ein viss auke i nynorskprosenten, så lenge minstekravet i lov og forskrift ikkje er oppfylt.

Som svar på vår tilråding i brev av 10. mai 1990 om utarbeiding av måljamstillingsplanar skreiv Utanriksdepartementet i svaret sitt dagsett 17. august same året mellom anna følgjande:

«I dei årlege/halvårlege planane for dei stortingsdokument departementet ønskjer å fremja merkast dei dokument som vil bli utforma på nynorsk, til saman om lag 25 % av totaltalet.»

På bakgrunn av dette tillet vi oss å be om ein kommentar til at nynorskprosenten i fjor likevel ikkje var høgare enn 9.

Pr. 2. april har Utanriksdepartementet i inneverande år lagt fram heile 16 stortingsdokument etter våre registreringar, ei melding, to odelstingsproposisjonar og13 stortingsproposisjonar. Desse er alle på bokmål. Dette inneber at Utanriksdepartementet seinare i år må leggje fram minst seks stortingsdokument på nynorsk, i tillegg til at minst fjerdeparten av eventuelle dokument utover desse seks må vere på nynorsk.

Vi tillet oss å spørje om Utanriksdepartementet sine planar for resten av året er i samsvar med dette, og om rutinane no er lagde slik opp at ein har kontroll med resultatet for heile året.

Til forsiden