Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 13 (1997-98)

Målbruk i offentleg teneste

Til innholdsfortegnelse

4 Målbruk i Justisdepartementet

Brev frå Kulturdepartementet av 6. juli 1993

I. Målbruk i stortingsdokument frå Justisdepartementet i 1992 og 1993

Vi viser til brevet vårt av 21. april 1993, der vi bad om ein kommentar til at nynorskprosenten i Justisdepartementet sidan 1989 gradvis har falle til null frå eit nivå som i utgangspunktet var lågt (10 pst.). Dette har skjedd trass i dei tiltaka som er nemnde i brevet Dykkar av 4. oktober 1990 (Dykkar ref. 1024/90 U-A SG/mrø).

Vi spurde også om planane og rutinane for resten av inneverande år er slik lagde opp at ein no reknar med å oppfylle minstekravet etter lova.

I brevet Dykkar av 12. mai 1993 er ikkje det første spørsmålet kommentert.

Det er heller ikkje gitt noko utrykkjeleg svar på det andre spørsmålet. Rett nok heiter det at Justisdepartementet i 1993 vil «fremme fem, muligens flere, proposisjoner på nynorsk». Pr. 11. juni i år har vi registrert i alt nitten stortingsdokument frå Justisdepartementet, av desse to på nynorsk. Dette inneber at ein alt no kan rekne ut at Justisdepartementet må leggje fram fleire enn fem nynorskdokument for å nå opp i minstekravet på 25 pst. Vi går derfor ut frå at uttrykket «muligens fleire» inneber at ein no har lagt planar og etablert rutinar som gjer at ein har kontroll med at samla nynorskprosent for heile året blir minst 25 pst.

II. Målbruk i ulike typar skriv frå Justisdepartementet i 1992 og 1993

I rundskriv V-8/93 av 15. mars 1993 bad vi om å få rapport om målbruken i ulike typar skriv frå departementa innan 26. april.

Dei tala vi har fått oppgitt, jf. utfylt skjema motteke ved brev av 12. mai 1993, viser at berre eitt av hundre skriv frå Justisdepartementet var på nynorsk i fjor, mens minstekravet etter lova som kjent er 25 pst.

Vi tillet oss å spørje om Justisdepartementet i inneverande år har sett i verk tiltak som sikrar at mint 25 pst av pressemeldingar, rundskriv, stillingsannonsar o.l. vil vere på nynorsk. (Vi strekar for ordens skyld under at målbruken ved eventuell utlysing av stillingar i regionale statsorgan skal vere i samsvar med eventuell fleirtalsmålform i tenestekrinsen. Det same gjeld alt anna tilfang med særleg tilknyting til eit geografisk avgrensa område, jf. § 8 første ledd, siste punktum).

I utrekninga ovanfor er ikkje skjema/blankettar tekne med, ettersom desse kjem inn under ei anna føresegn, jf. § 8 fjerde ledd, som slår fast at desse skal liggje føre og vere tilgjengelege i begge målformer. Vi har merkt oss forsikringa om at alle nye skjema (blankettar) no blir laga i begge målformer. Av rapportskjemaet framgår det likevel at det i fjor var i bruk heile 966 skjema som berre fanst på bokmål, mens 380 berre fanst på nynorsk. Vi tillet oss å spørje om dette er skjema som gradvis vil gå ut av bruk. Dersom ikkje, må det vurderast å lage parallellutgåve.

Vi legg elles ved eit nytt rapporteringsskjema for 1993.

Vi ber om at utfylt skjema blir sendt Kulturdepartementet innan 31.januar 1994.

Elles viser vi til brevet vårt frå 21. april 1993.

Til toppen
Til dokumentets forside