St.meld. nr. 13 (1997-98)

Målbruk i offentleg teneste

Til innholdsfortegnelse

6 Målbruk i direktorata i 1992

Brev frå Kulturdepartementet av 24. august 1993

Vi viser til rundskriv V-9/93 av 15. mars 1993, der vi bad om å få rapport om målbruken i direktorata i 1992 innan 26. april 1993.

Dei rapportane vi har fått inn,viser at fleire av direktorata i 1992 brukte berre bokmål, eller nesten berre bokmål, i slikt tilfang som kjem inn under § 8 første ledd, første og andre punktum i mållova.

Dette gjeld mellom anna Dykkar institusjon.

Som kjent er hovudregelen i lova at statsorgan som har heile landet som tenestekrins, skal syte for at rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. som organet lagar, vekslar mellom målformene slik at det blir ei rimeleg kvantitativ fordeling mellom dei. I § 6 i forskriftene heiter det at ei rimeleg kvantitativ fordeling vil seie at ingen av målformene skal vere representerte med mindre enn 25 pst.

Det skal altså vere ein samla nynorskprosent på minimum 25 pst.

Med tilvising til praksis i 1992 tillet vi oss med dette å be Dykk gjere greie for kva tiltak De no har sett i verk eller vil setje i verk for heretter å oppfylle minstekravet i lova.

Vi minner også om at alle skjema skal liggje føre og vere tilgjengelege i begge målformer. Det mangla også svært mykje på at dette kravet var oppfylt i 1992, og vi ber om at alle nyproduserte skjema heretter blir laga i begge målformer. Når det gjeld gamle skjema som framleis er mykje brukt, må det snarast trykkjast parallellutgåve der dette manglar.

Vidare minner vi om § 1 i forskriftene til mållova, der det er presisert at plikta til å syte for at målbruksreglane blir følgde, ligg til kvart enkelt statsorgan sjølv. Det heiter også at kvart statsorgan har ansvaret for at dei tilsette innan rimeleg tid får nødvendig opplæring i bokmål og nynorsk.

Mellom anna på bakgrunn av innskjerpinga frå Stortinget i fjor haust vil vi no be om at det blir teke eit krafttak for at nynorskbruken i alle fall skal oppfylle dei minstekrava Stortinget har fastsett. Vi strekar under at ein ikkje lenger kan seie seg nøgd med status quo eller ein mindre auke i nynorskprosenten, så lenge desse minstekrava ikkje er oppfylt.

Vi legg elles ved eit nytt rapporteringsskjema for 1993.

Vi ber om at utfylt skjema blir sendt Kulturdepartementet innan 31. januar 1994.

Til forsiden