St.meld. nr. 13 (1997-98)

Målbruk i offentleg teneste

Til innholdsfortegnelse

2 Tilsynsarbeidet i høve til målfordelinga i sentralt informasjonstilfang

2.1 Tilsynsfunksjonen

Det er i § 1 i forskrifta til lov om målbruk i offentleg teneste fastsett at Kulturdepartementet skal føre tilsyn med gjennomføringa av reglane i lova. I tida som er gått sidan Stortinget behandla den førre målbruksmeldinga hausten 1992 (St meld nr 53 - 1991-92), har departementet til dels intensivert og dels omorganisert sentrale delar av tilsynsfunksjonen.

Noko av bakgrunnen for dette er dei klare merknadene frå fleirtalet i den daverande kyrkje- og undervisningskomiteen i Innst S nr 17 (1992-93). Fleirtalet av Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet konstaterte mellom anna at det var svært store manglar ved måljamstillinga i dei ulike statsorgana, og at enkelte statsorgan heilt hadde oversett kravet om bruk av nynorsk. Situasjonen var såleis lite tilfredsstillande for nynorsken si stilling i staten, og dei mange brota på mållova som var påviste i meldinga, tilsa at departementet sin kontrollfunksjon måtte styrkjast snarast. Det vart etterlyst ei meir offensiv haldning frå departementet, og fleirtalet slo fast at det måtte stillast same krav til oppfølginga av mållova som til lover elles.

Komitefleirtalet peikte også på at eit målombod som arbeidde med informasjon, marknadsføring, oppmuntring og rådgjeving kunne representere eit steg vidare, eventuelt at ein la meir av dei nemnde funksjonane til Norsk språkråd. Delvis på denne bakgrunnen vart delar av departementets tilsyns- og informasjonsoppgåver i 1994 overførte til Norsk språkråd. Det vart her oppretta ei ny stilling som informasjonskonsulent, som fekk definert måljamstilling som ein del av arbeidsområdet sitt. Etter dette er tilsynsarbeidet tufta på ei arbeidsdeling som mellom anna inneber at Språkrådet innhentar og følgjer opp rapportar om målbruken i alle statsorgan frå direktoratsnivået og nedover, mens Kulturdepartementet framleis har ansvaret for å følgje opp dei andre departementa og Statsministerens kontor.

I mars 1993 informerte Kulturdepartementet i rundskriv både dei andre departementa og dei store direktorata om merknadene frå kyrkje- og undervisningskomiteen. Her heitte det mellom anna at alle statsorgan måtte ha som målsetjing snarast råd å oppfylle reglane i mållova fullt ut. Utdrag frå dei to rundskriva er tekne inn som vedlegg 1 og 2.

Ein viktig del av tilsynsarbeidet er å utarbeide statistikk om den faktiske fordelinga mellom målformene i departement og andre statsorgan. Dei statistiske opplysningane byggjer i hovudsak på eigenrapportering innhenta av Kulturdepartementet og Norsk språkråd. For nokre få dokumentkategoriar, først og fremst stortingsdokument og stillingsannonsar, skjer derimot ei sentral registrering i regi av departementet.

Opplysningane i statistikken og i dette kapitlet gjeld primært praktiseringa av § 8 første ledd i mållova. Det heiter her at sentrale statsorgan skal veksle mellom målformene i rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o l slik at det blir ei rimeleg kvantitativ fordelingmellom bokmål og nynorsk. Men dersom det enkelte organet finn grunn for det, kan slikt tilfang i staden gjevast ut i begge målformer. I den samla oppteljinga får slike parallelltekstar 50 pst vekt for kvar målform.

I § 6 i forskrifta til lova er kravet om rimeleg fordeling presisert slik at ingen av dei to målformene skal vere representerte med mindre enn 25 pst. Utforminga av føresegna er eit direkte resultat av ein merknad frå fleirtalet i kyrkje- og undervisningskomiteen i Innst S nr 111 (1986-87). Opphavleg var 25 pst nynorsk og 75 bokmål fastsett som rettleiande prosentsatsar.

Nedanfor skal vi sjå nærmare på det oppfølgingsarbeidet som er gjennomført sidan 1993, og kva resultat som er oppnådde. Vi tek først for oss departementa og deretter andre sentrale statsorgan.

2.2 Tilsynet med departementa 1991-1997

2.2.1 Kronologisk oversyn

1990-1991:

Dei siste statistiske opplysningane som kom med i den førre målbruksmeldinga, gjaldt året 1990. Da var det berre fire departement som skreiv meir enn fjerdeparten av stortingsdokumenta sine på nynorsk, og ingen som kom opp i 25 pst i den samla produksjonen av pressemeldingar, rundskriv, brosjyrar, stillingsannonsar og anna informasjonstilfang. I 1991 var det framleis berre fire departement som hadde over 25 pst stortingsdokument på nynorsk, og gjennomsnittsprosenten, som i 1990 hadde kome opp i 17, fall tilbake til same nivået som på slutten av 1980-talet, dvs i underkant av 12.

1992:

I dei første tala som låg føre etter innskjerpinga frå Stortinget hausten 1992, var det ingen særleg framgang å spore. Rett nok var det ein liten auke i den gjennomsnittlege nynorskprosenten rekna etter talet på stortingsdokument, frå 11,8 til 13,3, men no var det berre to departement som oppfylte minstekravet på 25 pst.

I april 1993 sende Kulturdepartementet brev til tolv av departementa, der det på nytt vart vist til merknadene frå kyrkje- og undervisningskomiteen. På bakgrunn av dette bad departementet om at det vart teke eit krafttak for at nynorskbruken skulle oppfylle det minstekravet Stortinget hadde fastsett. Det vart peikt på at ein ikkje kunne seie seg nøgd med status quo eller ein viss auke i nynorskprosenten, så lenge dette minimumsnivået ikkje var nådd. Elles vart det mint om at det i § 1 i forskriftene er presisert at plikta til å syte for at målbruksreglane blir følgde, ligg til kvart enkelt statsorgan, og at statsorganet sjølv har ansvaret for at dei tilsette innan rimeleg tid får den språkopplæringa som eventuelt trengst. Eit eksempel på eit slikt brev er teke inn som vedlegg 3.

Kulturdepartementet følgde opp med nytt brev til alle departmenta i juni/juli 1993 etter at alle rapportane om målbruk i pressemeldingar, rundskriv, brosjyrar, stillingsannonsar, kunngjeringar og anna informasjonstilfang var komne inn og bearbeidde. Døme på eit slikt brev er teke inn som vedlegg 4. Det var heller ikkje i 1992 eit einaste departement som oppfylte minstekvoten på 25 pst når ein rekna nynorskprosenten i alle desse dokumentkategoriane under eitt. Utover hausten 1993 vart det dessutan sendt nye brev til alle departement som framleis ikkje låg an til å nå opp i minst 25 pst stortingsdokument på nynorsk. Døme på eit slikt brev er teke inn som vedlegg 5.

1993:

Tala for 1993viste framgangi fleire departement, og den samla prosentdelen av stortingsdokument på nynorsk hadde auka frå 13 til 17. Rekna etter sidetalet i desse dokumenta var det ein auke på 3,5 prosentpoeng til 12,7. Men det var likevel berre tre departement som skreiv minst fjerdeparten av stortingsdokumenta på nynorsk, mens fire hadde meir enn 25 pst av det samla sidetalet på nynorsk. På den andre sida hadde seks departement mindre enn 5 pst av sidene på nynorsk. Ingen andre enn Kulturdepartementet kom over 25 pst i den samla produksjonen av pressemeldingar, rundskriv, brosjyrar, stillingsannonsar og anna informasjonstilfang.

Nye brev gjekk ut i midten av februar 1994. Overfor fleire av departementa vart det peikt på at dei måtte vurdere å setje i verk heilt andre rutinar enn tidlegare. Siktemålet måtte vere at minstekravet i lova skulle oppfyllast fullt ut i 1994, og at det burde leggjast ein plan for dette. Det vart vist til at lova hadde eksistert sidan 1980, og at regelen om minst 25 pst av kvar målform kom inn i forskriftene i 1987.

I tillegg gjekk det i april 1994 eit brev frå daverande kulturminister til dei andre statsrådane. Her vart det mellom anna uttala: « Det bør være mulig for alle departementer allerede i inneværende år å passere minimumstallet på 25 pst. nynorsk både regnet etter antall dokumenter og etter sidetall i disse dokumentene.»

1994-1996:

Resultatet for 1994var noko betre enn året før ved at talet på departement som skreiv meir enn fjerdeparten av stortingsdokumenta sine på nynorsk vart dobla frå tre til seks, men berre i todepartement var meir enn fjerdeparten av sidetalet på nynorsk. I 1995var det første talet stige til ti departement, det andre til fire, men i 1996 var tala gått noko ned att til respektive sjuog tre departement. Da hadde Kulturdepartementet gjennomført ein ny og omfattande brevrunde til fleirtalet av departementa i april 1995, eit nytt brev frå kulturministeren til dei andre statsrådane vart sendt i januar 1996, og endeleg gjekk det i juni 1996 eit omfattande rundskriv til alle departementa, som særleg tok opp trongen for instruksfesta interne samordnings- og registreringsrutinar for veksling mellom målformene.

Tabell 2.1 Talet på departement som kvart enkelt år har oppfylt minstekravet om 25 pst nynorsk, i første rad rekna etter talet på stortingsdokument, i andre rad rekna etter samla sidetal i desse dokumenta. Talet for 1997 gjeld berre første halvår.

1988198919901991199219931994199519961997
Minst 25 pst av stortingsdokument på nynorsk32443361078
Minst 25 pst av sidetalet på nynorsk24243

2.2.2 Nærmare om målbruken i pressemeldingar, rundskriv, kunngjeringar o l

I brevet frå daverande kulturminister i april 1994 vart det retta særskilt søkjelys mot kravet til måljamstilling i pressemeldingar, rundskriv, stillingsannonsar, brosjyrar og anna utoverretta informasjonstilfang, dvs det meste av alt det ulike tilfanget som kjem inn under vekslingsregelen utanom stortingsdokumenta. Det vart konstatert at dei fleste departementa ikkje såg ut til å ha nødvendige samordningsrutinar for å få til den vekslinga som lova krev. Departementa vart oppmoda til å ta opp måljamstillingsspørsmålet internt med sikte på å vurdere om det var nødvendig å etablere nye rutinar for å sikre at minimumskravet i lova vart oppfylt.

Små dokument:

Trass i dette var det i 1995framleis berre seks av departementa som rapporterte at minst fjerdeparten av dette tilfanget var på nynorsk. Dette var utrekna på grunnlag av talet på skriv eller dokument av ei lengd på inntil 10 sider. I brevet til dei andre statsrådane i januar 1996 bad kulturministeren om at det vart teke eit nytt initiativ med sikte på ein kraftinnsats for styrkt måljamstilling i Ivar Aasen-året. Ein kunne ikkje vere nøgd før alle departement hadde oppfylt minstekravet i lova. Det heitte til slutt at det særleg var viktig å få etablert nødvendige interne rutinar for veksling mellom målformene i samband med produksjon av mellom anna pressemeldingar, rundskriv, stillingsannonsar, kunngjeringar, brosjyrar og større publikasjonar. Likevel viste resultatet for 1996at det framleis berre var seks av departementa som her kom over 25 pst, det same talet som året før, jf oppsummeringa i tabell 2.2.

Tabell 2.2 Talet på departement som kvart enkelt år har oppfylt minstekravet om 25 pst nynorsk i den samla produksjonen av pressemeldingar, rundskriv, brosjyrar, kunngjeringar, stillingsannonsar o l, rekna etter talet på einingar av ei lengd på inntil 10 sider.

19921993199419951996
Minst 25 pst på nynorsk01266

Trass i at tala ovanfor viser at det er mange av departementa som enno ikkje oppfyller minstekravet til nynorsk som er fastsett med heimel i § 8 første ledd i mållova, har der likevel vore ein klar auke i nynorskbruken i perioden 1992 - 1996 når ein ser alle departementa under eitt.

Ved utrekninga av samla nynorskprosent i rundskriv, kunngjeringar, brosjyrar, pressemeldingar o l er talunderlaget rett nok usikkert, sidan det i hovudsak er tufta på eigenrapportering. Mykje kan tyde på ei viss underrapportering, og at dette først og fremst gir seg uttrykk i at ein del av bokmålstilfanget kan ha blitt utegløymt. I så fall blir det registrerte prosenttalet for nynorsk noko høgare enn det i røynda har vore. Sjølv om kvaliteten i talgrunnlaget såleis kan vere noko varierande, må vi likevel gå ut frå at det avspeglar ein tendens. Av det totale registrerte talet på dokument av ei lengd på inntil 10 sider har nynorskprosenten auka frå 15 i 1994 til 23 i 1995 og 31 i 1996, altså ein markert framgang dei siste to åra.

Større publikasjonar:

Frå 1994 har Kulturdepartementa også innhenta særskild oppgåve over kor mykje nynorsk som er nytta i større dokument og publikasjonar. Dette er operasjonalisert til enkeltdokument på minst 10 sider. Det er bedt om å få spesifisert kvart dokument eller kvar publikasjon med totalt sidetal, og kor mange av desse sidene som eventuelt har vore på nynorsk. Så er det rekna ut ein nynorskprosent på grunnlag av samla sidetal for alle rapporterte dokument/publikasjonar. Kvaliteten i dette materialet er svært usikker. Nokre departement har oppgitt mykje tilfang, andre nesten inkje. Underrapportering kan her gi særleg store utslag, og materialet synest ikkje godt nok til at ein heilt kan feste lit til prosenttalet for det enkelte departement. Ein må likevel kunne tru at gjennomsnittsprosenten seier noko om tendensen i utviklinga i den siste treårsperioden, jf tabell 2.3.

Tabell 2.3 Gjennomsnittleg nynorskprosent i anna tilfang enn stortingsdokument, i første rad rekna etter talet på skriv av ei lengd på inntil 10 sider, i andre rad rekna etter kor stor del av det samla sidetalet i dokument og publikasjonar over 10 sider som var på nynorsk.

199419951996
Nynorskprosent i dokument på 1-10 sider152331
Nynorskprosent i dokument på over 10 sider7,612,616,1

2.2.3 Nærmare om målbruken i stortingsdokument

Hovudmengda av det utoverretta informasjonstilfanget departementa produserer, er likevel proposisjonar og meldingar til Stortinget. Dette har årleg utgjort om lag 9 500 dokumentsider. Her kan utviklinga dokumenterast tilnærma eksakt.

I 1995vart 29 pst av alle stortingsdokumenta skrivne på nynorsk. Det var første gongen ein kom over 25 pst, og det var resultatet av ein jamn auke frå eit nivå på berre 13 pst i 1992. Men ser ein på det reelle nynorskomfanget i desse dokumenta, har framgangen likevel vore liten, og mykje står enno att før det lovheimla minstekravet er oppfylt. Dette kjem av at det gjennomgåande er dei stuttaste stortingsdokumenta som blir skrivne på nynorsk. Derfor var enno i 1996 berre 14 pst av det samla sidetalet på nynorsk. Utviklinga framgår av tabell 2.4.

Tabell 2.4 Gjennomsnittleg nynorskprosent i stortingsdokument, i første rad rekna etter talet på dokument, i andre rad rekna etter sidetalet i desse dokumenta. Tala for 1997 gjeld berre første halvår.

1988198919901991199219931994199519961997
Nynorskprosent etter tal på dokument11,511,817,011,813,317,223,329,127,025,0
Nynorskprosent etter sidetal9,112,711,013,214,021,8

Målbruk i budsjettproposisjonen:

Av det samla sidetalet i stortingsdokumenta utgjer dei dokumenta som inngår i budsjettframlegget i St prp nr 1 om lag tredjeparten, i 1996 heile 38 pst. Kvar for seg er dessutan desse dokumenta svært omfangsrike, og i praksis har derfor val av målform i fagproposisjonane frå dei ulike departementa mykje å seie for den samla nynorskprosenten. Tradisjonelt er det tre departement som har hatt for vane å skrive fagproposisjonen på nynorsk, nemleg Landbruksdepartementet, Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Kulturdepartementet. Illustrerande nok er det da også berre desse tre departementa som har kome over 25 pst nynorsk i den samla produksjonen av stortingsdokument når ein ser perioden 1992-1996 under eitt, jf andre talkolonne i tabell 2.5.

Tabell 2.5 Nynorskprosent rekna etter sidetal i stortingsdokument frå dei ulike departementa i femårsperioden 1992-1996, og treårsperioden 1994-1996.

DepartementSamla sidetal 1992-96Nynorskpst 1992-96Samla sidetal 1994-96Nynorskpst 1994-96
1. Landbruksdepartementet2 00459,792969,9
2. Kulturdepartementet2 05346,093855,9
3. Kyrkje-, utdannings og forskingsdep.2 77931,31 4569,8
4. Fiskeridepartementet1 23720,01 07137,0
5. Justis- og politidepartementet4 30912,12 54719,7
6. Samferdselsdepartementet2 4349,41 23111,6
7. Utanriksdepartementet4 6298,82 50614,6
8. Barne- og familiedepartementet1 7028,59034,0
9. Kommunal- og arbeidsdepartementet4 8687,02 9793,9
10. Forsvarsdepartementet2 0876,61 0718,5
11. Administrasjonsdepartementet1 5235,671610,2
12. Finansdepartementet7 7994,54 5306,9
13. Nærings- og energidepartementet2 3794,41 6195,8
- Olje- og energidepartementet 19926500,00-
14. Miljøverndepartementet2 5480,91 1010,6
15. Sosial- og helsedepartementet4 9340,42 9970,5
16. Statsministerens kontor1612,570,0
SUM47 95111,826 17312,7

I fjerde talkolonnen i tabell 2.5 er den siste treårsperioden skild ut. Den sterke nedgangen i nynorskprosenten i Kyrkje- utdannings- og forskingsdepartementet i høve til heile femårsperioden har samanheng med at dette departementet frå 1994 gjekk over til å skrive den omfangsrike budsjettproposisjonen sin på bokmål. Motsett gjorde det sitt til at Fiskeridepartementetno oppfylte minstekravet til nynorskbruk med klar margin at dei skreiv budsjettproposisjonen på nynorsk i 1996. Også den markerte nynorskauken i Justisdepartementetkan i stor grad tilskrivast at ein av budsjettproposisjonane i treårsperioden vart skriven på nynorsk.

Også i dei fleste av dei andre departementa er det ein viss auke i nynorskprosenten når ein samanliknar den siste treårsbolken med heile femårsperioden 1992-96. Likevel ligg alle desse departementa framleis under 15 pst, noko som indikerer at det er vanskeleg å oppfylle minstekravet på 25 pst dersom budsjettproposisjonen kvart år er på bokmål.

Rekna i sidetal mangla kvart av dei departementa som ikkje nytta nynorsk i nokon av budsjettproposisjonane i treårsperioden 1994-96, ein stad mellom 100 og 900 sider nynorsk på å oppfylle 25-prosentskravet. Det er etter måten svært få andre stortingsdokument som er tilnærma så omfangsrike som budsjettproposisjonane. I 1996 var det til dømes berre 28 andre dokument totalt sett som inneheldt meir enn 50 sider. Det store fleirtalet er dokument under 10 sider. Til saman inneber dette at det i praksis vil krevjast overgang frå bokmål til nynorsk i svært mange stortingsdokument dersom dei lange budsjettproposisjonane aldri blir skrivne på nynorsk.

2.2.4 Nærmare om dei enkelte departementa

Grunnen til at vi ovanfor har sett på nynorskprosenten i stortingsdokument for fleire kalenderår under eitt, er først og fremst at nokre departement legg fram så få dokument pr år at det vil vere vanskeleg og nokre gonger matematisk umogleg å ha minst 25 pst av kvar målform i kvart enkelt kalenderår. Vi har derfor understreka at ein her bør kunne sjå målfordelinga over ein treårsperiode. Når ein såleis ser den siste heile treårsperioden under eitt (1994-96), framgår det av tabell 2.5 ovanfor at det berre er Landbruksdepartementet, Kulturdepartementetog Fiskeridepartementetsom har oppfylt kravet om minst 25 pst av kvar målform. I tillegg kjem Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, som rett nok hadde svært lite nynorsk i 1994 og 1995, men som elles har lege på eit svært høgt nivå, og resultatet for første halvår 1997 tyder på at dette nivået er i ferd med å bli gjenoppretta. Dette framgår av tabell 2.6 nedanfor.

Tabell 2.6 Utviklinga i nynorskprosenten i dei enkelte departementa rekna etter sidetal i stortingsdokumenta. Tala for 1997 gjeld berre første halvår.

199219931994199519961997
1. Landbruksdepartementet47588063630
2. Kulturdepartementet1968385910046
3. KUD/UFD/KUF7046092175
4. Fiskeridepartementet1323256031
5. Justisdepartementet021235230
6. Samferdselsdepartementet1157171220
7. Utanriksdepartementet1413221149
8. FAD/BFD4306600
9. KAD/KOM/KAD81636321
10. Forsvarsdepartementet3576133
11. AAD/AD/PSD13161061
12. Finansdepartementet3266920
13. ND/NOE2121070
- Olje- og energidepartementet0----0
14. Miljøverndepartementet11,501,2026
15. Sosial- og helsedepartementet0,20,20,20,60,50,3
16. Statsministerens kontor4000000
I gjennomsnitt20,1

Resultatet for første halvår 1997 stadfester også ei positiv utvikling i Utanriksdepartementet, ei utvikling som blir langt meir markert dersom vi ser på dokumenttalet i staden for sidetalet. Når ein på dette stadiet skal vurdere dei enkelte departementa, må det nemleg takast eit visst omsyn til at tilsynsarbeidet opphavleg konsentrerte seg om å auke taletpå nynorskdokument, dvs at nynorskprosenten vart rekna ut slik at eit einsides dokument vog like tungt som eit dokument på fleire hundre sider. Det er først frå 1994 at det tydeleg har vorte understreka at kravet om minst 25 pst nynorsk også må sjåast i høve til sidetalet. Derfor er det ikkje til å undrast over at responsen på det intensiverte tilsynsarbeidet som tok til i 1993, kjem tydelegare fram når ein reknar ut nynorskprosenten på gamlemåten, slik det går fram av tabell 2.7 nedanfor.

Tabell 2.7 Utviklinga i nynorskprosenten i dei enkelte departementa rekna etter talet på stortingsdokument. Tala for 1997 gjeld berre første halvår.

1988198919901991199219931994199519961997
1. Landbruksdepartementet251582712151825220
2. Kulturdepartementet333333252128503310033
3. KUD/UFD/KUF3814333627150336746
4. Fiskeridepartementet14800182241616457
5. Justisdepartementet010530122326170
6. Samferdselsdepartementet8296357563938363150
7. Utanriksdepartementet0711891836523756
8. FAD/BFD10600718141100
9. KAD/KOM/KAD1702421212927331633
10. Forsvarsdepartementet0010071117182717
11. AAD/AD171362150404410
12. Finansdepartementet13121288919191742
13. ND/NOE81714010171329150
- Olje- og energidepartementet57000----0
14. Miljøverndepartementet1315291081108033
15. Sosial- og helsedepartementet34141646611115
16. Statsministerens kontor505006700000
25,0

Tabellen stadfester at det var Utanriksdepartementetsom responderte mest resolutt på det intensiverte tilsynsarbeidet som tok til i 1993, og utviklinga i åra etter tyder på at det er etablert faste rutinar som skal hindre tilbakefall. Også Samferdselsdepartementetmå framhevast særskilt. Dette departementet har skrive opp mot halvparten av stortingsdokumenta sine på nynorsk heilt frå slutten av 80-talet, før det intensiverte tilsynsarbeidet sette inn, men ligg framleis noko for lågt når ein reknar etter sidetalet. Også Kommunaldepartementetog dei siste åra Administrasjonsdepartementet/Planleggings- og samordningsdepartementet har til vanleg hatt over fjerdeparten av stortingsdokumenta sine på nynorsk, men desse har gjennomgåande vore så stutte at sidetalsprosenten har vore altfor låg. Det kan også registrerast positive tendensar i nokre andre departementet, først og fremst i Finansdepartementetog Justisdepartementet, men sistnemnde departement har berre lagt fram bokmålsdokument i første halvår 1997.

Tabell 2.8 Utviklinga i nynorskprosenten i dei enkelte departementa rekna etter talet på rapporterte skriv av ei lengd på inntil 10 sider, unnateke stortingsdokument

19921993199419951996
1. Landbruksdepartementet161481013
2. Kulturdepartementet1126263141
3. KUD/UFD/KUF23-133654
4. Fiskeridepartementet2311232323
5. Justisdepartementet13241719
6. Samferdselsdepartementet2322352015
7. Utanriksdepartementet2-172726
8. FAD/BFD86103855
9. KAD/KOM/KAD315213344
10. Forsvarsdepartementet814477
11. AAD/AD64121123
12. Finansdepartementet14122863
13. ND/NOE51171720
- Olje- og energidepartementet5----
14. Miljøverndepartementet0-3616
15. Sosial- og helsedepartementet0331011

Den positive utviklinga i Finansdepartementet, Kommunaldepartementetog Utanriksdepartementetblir stadfesta når ein ser på andre dokumenttypar enn stortingsdokument, jf tabell 2.8. Tabellen avgrensar seg til skriv på inntil 10 sider, og nynorskprosenten er rekna ut på grunnlag av talet på skriv, ikkje sidetal. Utanom nokre av dei departementa som er nemnde ovanfor, viser denne tabellen ein aukande nynorskbruk også i Barne- og familiedepartementet.

I eit par av departementa har det ikkje skjedd noka nemnande betring i nynorskprosenten i det heile, trass i årvisse påminningar. Dette gjeld Miljøverndepartementet og Sosial- og helsedepartementet. Mindre enn ein prosent av det samla sidetalet i stortingsdokumenta frå desse departementa dei siste åra har vore på nynorsk. Rekna etter talet på dokument hadde dei respektive 0 og 11 prosent nynorsk i 1996, og etter talet på andre skriv under 10 sider var tala 16 og 11 pst. Våren 1997 har rett nok Miljøverndepartementet lagt fram ei omfattande melding på nynorsk, og Sosial- og helsedepartementet har i brev av 18. september 1997 opplyst om nye interne rutinar for veksling mellom målformene, og at departementet no vil arbeide aktivt med å følgje opp rutinane gjennom halvårlege statusrapportar.

2.2.5 Nærmare om målbruken i lover

Det aller meste av det tilfanget som fell inn under vekslingsregelen i § 8 i mållova, skal i prinsippet vere med i det materialet som er rapportert ovanfor. Marginale typar av tilfang kan likevel ha falle utanfor, og i tillegg er det noko som vi sikkert veit ikkje er med. Det gjeld først og fremst lover og forskrifter, som vi ikkje har funne det formålstenleg å slå saman med tilfanget elles. Dette kjem av at det ikkje alltid er slik at organet her kan velje målform på fritt grunnlag. Såleis bør språket i sentrale forskrifter som hovudregel følgje målforma i heimelslova. Ved framlegg til nye lover står ein mykje friare, men nokre gonger kan det vere grunn til å velje same målforma som er nytta i tidlegare lovgjeving innanfor det aktuelle rettsområdet. Men dette er berre eit moment å leggje vekt på; det bør ikkje vere avgjerande. 1

Under arbeidet med å førebu denne meldinga har departementet gjort ei eiga oppteljing av den kvantitative fordelinga mellom målformene i det meste av det nogjeldande lovverket. Det er berre gjort ei samla oppteljing, og såleis ikkje ei departementsvis fordeling. Resultatet framgår av tabell 2.9.

Tabell 2.9 Nynorskprosent i lover, i kolonne 3 rekna etter talet på nye lover i kvar periode, lover som framleis gjeld, utanom endringslover; i kolonne 7 rekna etter sidetalet i desse lovene. Kolonne 4 og 8 viser kumulativ nynorskprosent rekna bakover i tid. Kjelde: «Norges Lover 1685-1995».

PeriodeTalet på nye loverNye lover på nynorskProsent nynorsk- loverKumul. nynorsk-prosentTotalt sidetalSidetal nynorskProsent nynorskKumul. nynorsk- prosent
1991-95901112,212,2509224,34,3
1986-904836,310,121862,83,9
1981-8558610,310,2379215,54,4
1976-803937,79,8255207,85,1
1971-75471429,813,11785732,08,2
1966-7040922,514,31852513,58,8
1961-65451328,916,11933719,29,8
1956-6030310,015,610598,69,7
1951-5531516,115,710198,99,7
1946-50341029,416,7781316,710,0
-
1936-4020420,016,864812,510,0
1931-351700,016,24700,09,8
1926-301500,015,85300,09,6
1921-25900,015,51600,09,5
1916-201500,015,15600,09,3
1911-151000,014,815600,08,8
1906-10200,014,7400,08,7
1901-05800,014,54200,08,6

Tabellen viser fordeling av målformene i nye lover som er gitt i dei aktuelle femårsperiodane, og som framleis var gjeldande ved utgangen av 1995. Nynorskprosenten er rekna både etter talet på lover og etter summen av sidetalet i desse lovene. Første rad fortel at det i siste femårsperioden vart vedteke i alt 90 lover, og at 11 av desse var på nynorsk. Det gir ein nynorskprosent på 12,2, men den tilsvarande sidetalsprosenten er ikkje større enn 4,3. Det er berre i gjeldande lovverk frå første halvdelen av 1970-talet at over fjerdeparten er nynorsk anten vi reknar etter talet på lover eller etter sidetalet i desse lovene. Men også dei første fem etterkrigsåra og dessutan det meste av 1960-talet var etter måten gode periodar for det nynorske lovmålet. Rekna etter sidetal har det elles vore ein nokså klart minkande tendens frå midten av 1970-talet. Av den nedste rada framgår det i kolonnane for kumulativ fordeling at av alle gjeldande lover frå 1901 til 1995 er 14,5 pst på nynorsk, men rekna etter sidetalet berre 8,6 pst.

2.3 Tilsynet med andre sentrale statsorgan

2.3.1 Målbruken i 1992 og 1993

I alt 26 direktorat vart i rundskriv av 15. mars 1993 bedne om å rapportere til Kulturdepartementet om fordelinga mellom bokmål og nynorsk i eigen målbruk i 1992. Det måtte sendast purringar fleire gonger, og ved utgangen av året var det enno tre direktorat som ikkje hadde svart ( Noregs vassdrags- og energiverk, Toll- og avgiftsdirektoratet og Utlendingsdirektoratet). Dei tala som kom inn, viste at knapt noko direktorat kunne dokumentere at dei hadde nytta meir enn 25 pst nynorsk når ein såg pressemeldingar, rundskriv, stillingsannonsar, brosjyrar og kunngjeringar under eitt. Dei fleste hadde brukt mindre enn 5 pst nynorsk, og mange kunne ikkje rapportere om nynorskbruk i det heile.

Alle som hadde svart, fekk oppfølgingsbrev i perioden august - desember 1993. Her vart dei mellom anna bedne om å gjere greie for kva tiltak dei ville setje i verk for å oppfylle minstekravet i lova for framtida. Døme på eit slikt brev er teke inn som vedlegg 6. Innan utgangen av 1993 hadde sju direktorat svara på desse breva. Nokre av dei andre svara i 1994 i samband med rapporteringa om målbruken i 1993. Men tala for dette året viste ikkje gjennomgåande betre resultat enn året før, og det var framleis ikkje noko direktorat som kom opp i 25 pst nynorsk. Berre fem direktorat låg høgare enn 10 pst.

Denne gongen vart det ikkje gjennomført ei tilsvarande oppfølging som året før, noko som hadde samanheng med at tilsynsansvaret på dette tidspunktet var overført til Norsk språkråd, jf pkt 2.1 ovanfor. I samråd med departementet valde Språkrådet i staden å prioritere ei breiare undersøking av målbruken i staten.

2.3.2 Målbruken i 1994

Norsk språkråd sende 25. november 1994 spørjeskjema til i alt 220 sentrale statsorgan med svarfrist 31. januar 1995. Etter ei ny påminning 19. mai 1995 fekk Språkrådet til slutt inn svar frå 159 organ, dvs. 72 pst av adressatane. 58 av desse svara var såpass mangelfulle at dei ikkje lét seg tabellføre, av desse var det 26 statlege høgskolar. Omorganiseringa i høgskolesektoren frå 1. januar 1994 gjorde sitt til at dei fleste av desse institusjonane hadde vanskar med å rapportere. Effektiv svarprosent - rekna av 220 statsorgan - blir dermed ikkje høgare enn 46.

I spørjeskjemaet skulle det rapporterast særskilt om større publikasjonar. Det vart oppgitt samla sidetal og kor stor prosent av dette som var på nynorsk, eventuelt om publikasjonen fanst i begge målformer. For anna materiale i form av pressemeldingar, rundskriv, mindre brosjyrar, stillingsannonsar, andre kunngjeringar og liknande, skulle det rapporterast kor mange som fanst i kvar målform, eventuelt i parallellutgåve. Skiljet mellom større publikasjonar og mindre brosjyrar var ikkje operasjonalisert i spørjeskjemaet frå 1994. Seinare er denne grensa sett ved 10 sider.

Det viste seg å vere mykje uvisse om korleis skjemaet skulle fyllast ut, og dei utrekna prosenttala er derfor svært usikre og gir knapt noko korrekt uttrykk for den faktiske fordelinga mellom målformene. Ein har derfor ikkje funne det rett å samanfatte tala. Undersøkinga for 1994 må først og fremst sjåast på som eit ledd i arbeidet med å vekkje institusjonane til medvit om mållova og få dei til å treffe tiltak for auka bruk av nynorsk.

2.3.3 Målbruken i 1995

Spørjeskjema for 1995 vart sendt ut frå Norsk språkråd til 220 sentrale statsorgan 5. februar 1996 med svarfrist 1. mars 1996. Etter påminningar til etternølarane 26. mars og 30. mai hadde det ved midten av juni kome inn i alt 155 svar, av desse 148 som kunne tabellførast, dvs ein effektiv svarprosent på 67.

Også denne gongen var det varierande kvalitet på svara, men dei må reknast som monaleg meir pålitelege enn året før, mellom anna fordi mangefulle svar vart systematisk følgde opp, og fordi det no var andre gongen at alle desse statsorgana vart bedne om å fylle ut spørjeskjema om eigen målbruk. Svara er truleg noko mindre pålitelege for kategorien større tekstar og publikasjonar (tekstar på meir enn 10 sider) enn for den andre kategorien (tekstar frå 1 - 10 sider). Ein må også hugse at det i mange organ er tale om små absolutte tal. Til dømes plar nokre organ å veksle mellom målformene i årsmeldinga. Har statsorganet elles lite tilfang, gir målforma i årsmeldinga stort utslag. Statsorgan med lite tilfang må såleis vurderast i lengre tidsspenn enn eit enkelt år.

Trass i desse atterhalda må ein likevel kunne leggje til grunn at dei utrekna prosenttala for 1995 er eit nokolunde korrekt uttrykk for den faktiske situasjonen, i alle fall så lenge ein held seg til gjennomsnittstal. Ser ein såleis alle dei tabellførte statsorgana under eitt, viser det seg at 9,3 pst av alle registrerte dokument på 1 - 10 sider var på nynorsk, mens det av samla sidetal i alt tilfang på meir enn 10 sider var 15,2 pst nynorsk. Dersom ein grupperer dei 148 statsorgana etter kva departement dei høyrer inn under, kan ein setje opp følgjande tabell. Tabellen viser altså gjennomsnittleg nynorskprosent for grupper av statsorgan ordna departementsvis.

Tabell 2.10 Gjennomsnittleg nynorskprosent i 1995 for grupper av statsorgan ordna departementsvis.

Gjennomsnitt for statsorgan under følgjande departement 1995Talet på organTalet på tabellførte organNynorskprosent av dokument på 1-10 siderNynorskprosent i større tilfang
1. Administrasjonsdepartementet76128
2. Barne- og familiedepartementet75204
3. Finansdepartementet64713
4. Fiskeridepartementet43213
5. Forsvarsdepartementet361883
6. Justisdepartementet13874
7. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet61411029
8. Kommunal- og arbeidsdepartementet121145
9. Kulturdepartementet22181322
10. Landbruksdepartementet116611
11. Miljøverndepartementet8676
12. Nærings- og energidepartementet74150
13. Samferdselsdepartementet6439
14. Sosial- og helsedepartementet13999
15. Utanriksdepartementet5301
Sum2181469,315,2

I større tekstar ser vi at det berre er organa under Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet som har eit gjennomsnitt over 25 pst nynorsk, mens organa under Kulturdepartementet kjem nær opptil. Berre i to andre tilfelle ligg gjennomsnittsprosenten så vidt over 10 pst. Det er takk vere særs mykje nynorsktilfang ved Høgskolen i Volda at prosenttalet under Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet ligg såpass høgt som det gjer, mens den låge gjennomsnittsprosenten under Fiskeridepartementet heng saman med mykje bokmålstilfang hos Havforskingsinstituttet, for det meste forskingsrapportar. For tilfang inntil 10 sider kjem ingen av gjennomsnittstala over 25 pst, men organa under Fiskeridepartementet og Barne- og familiedepartementet har eit gjennomsnitt på om lag 20 pst. Når det gjeld Barne- og familiedepartementet, skjuler gjennomsnittstalet særleg store skilnader organa imellom. Elles er det berre fire andre gjennomsnittstal som er høgare enn 10 pst.

Av dei 146 tabellførte organa var det 20 (knapt 14 pst) som kunne rapportere at minst fjerdeparten av alt tilfang på inntil 10 sider var på nynorsk. Ser ein på tilfang over 10 sider, blir dette talet redusert til 12 organ (vel 8 pst). Berre fem organ (3,5 pst) oppfylte minstekravet på 25 pst nynorsk innanfor begge kategoriar tilfang. Av desse fem var det tre høgskolar som er lokaliserte i fylke der nynorsken står sterkt: Høgskolen i Volda, Høgskolen i Stavanger og Høgskolen i Telemark. 2Dei to andre var Riksarkivetog Sekretariatet for fotoregistrering, begge organ som høyrer under Kulturdepartementet.

Etter ei samla vurdering av alt rapportert tilfang 3må også følgjande ti organ kunne seiast å ha kome over minstekravet på 25 pst nynorsk i 1995: AS Vinmonopolet (SHD), Giftinformasjonssentralen (SHD), Høgsterett (JD), KNM Harald Hårfagre (FD), Statens pensjonskasse (AD), Statens adopsjonskontor (BFD), Statens høgskole for kunsthandverk og design i Bergen (KUF), Norsk kassettavgiftsfond (KD), Statens filmtilsyn (KD) og Utsmykkingsfondet for statlege bygg (KD). Somme av desse statsorgana har rapportert om svært lite tilfang totalt sett. Generelt må den gjennomgåande låge nynorskbruken sjåast på bakgrunn av at dei fleste av dei statsorgana som er med i undersøkinga, ikkje tidlegare har rapportert systematisk om målfordelinga. Tilsynet har vore svakt, kunnskapen om regelverket ikkje god og rutinar for språkleg likestilling ofte mangelfulle.

Men også mellom dei 26 direktorata som departementet innhenta rapport frå for åra 1992 og 1993, er resultata for 1995 gjennomgåande dårlege. Det er såleis berre Fiskeridirektoratetog Rusmiddeldirektoratetsom er registrerte med minst 25 pst nynorsk i tilfang inntil 10 sider. Berre fire av dei andre er registrerte med meir enn 10 pst nynorsk i slike skriv. Fleire hadde i det heile ikkje sendt inn rapport 3,5 månad etter at svarfristen gjekk ut (Noregs vassdrags- og energiverk, Direktoratet for sivil beredskap, Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern, Riksantikvaren).

Norsk språkråd følgde opp dei dårlege resultata gjennom eit eige rundskriv 27. januar 1997. Alle fekk samstundes utskrift av statistikken for 1995, og det vart streka under at dei som ikkje hadde oppfylt mållova, straks måtte setje i gang tiltak som sikra at reglane vart følgde. Mellom anna vart det vist til at regelen om minst 25 pst nynorsk var fastsett alt i 1987, og at alle statsorgan derfor hadde hatt rikeleg tid til å innrette praksis etter regelverket. I februar 1997 vart det sendt individuell tilbakemelding til kvart statsorgan. Alle statsorgan vart bedne om å utarbeide rutinar som kunne sikre at dei i framtida heldt seg til målbruksreglane. Dei som ikkje hadde oppfylt krava i mållova i 1995, vart bedne om å melde tilbake til Norsk språkråd innan 1. mai 1997 om kva rutinar og tiltak dei hadde sett i verk. Da fristen for slik tilbakemelding var ute, var det framleis mange som ikkje hadde svara. Pr. 1. juli 1997 var det kome inn om lag 60 rapportar. Ny påminning vart send i august 1997. Pr. 1. november 1997 var det kome inn om lag 120 rapportar.

2.3.4 Målbruken i 1996

Saman med oppfølgingsrundskrivet for 1995 vart det i januar 1997 sendt ut rapportskjema for målbruken i 1996. Av dei 210 statsorgana44som mottok skjemaet, hadde 161 svara innan 1. juli 1997. Av desse var det 146 som lét seg tabellføre, dvs ein effektiv svarprosent på 69, om lag det same som året før. For dei fleste av dei 210 organa var dette tredje året på rad dei på denne måten vart bedne om å rapportere om eigen målbruk.

Framleis var det varierande svarkvalitet, og dei viktigaste feilkjeldene er uklare førestellingar om kva slags tilfang som skal rapporterast, at ikkje alt tilfang som skal rapporterast er kome med, at det kan ha skjedd feiltolkingar ved samanfattinga av svara.

Når ein ser alle tabellførte organ under eitt og samanliknar med året før, er det ein auke på 6,5 prosentpoeng når det gjeld tilfang på inntil 10 sider, mens det kan registrerast ein mindre nedgang i nynorskprosenten for tilfang over 10 sider. Dersom ein grupperer dei 146 statsorgana etter kva departement dei høyrer inn under, kan ein setje opp følgjande tabell.

Tabell 2.11 Gjennomsnittleg nynorskprosent i 1996 for grupper av statsorgan ordna departementsvis

Gjennomsnitt for statsorgan under følgjande departement 1996Talet på organTalet på tabellførte organNynorskprosent av dokument på 1-10 siderNynorsk-prosent i større tilfang
1. Administrasjonsdepartementet7555
2. Barne- og familiedepartementet8617
3. Finansdepartementet4358
4. Fiskeridepartementet422213
5. Forsvarsdepartementet331593
6. Justisdepartementet1310913
7. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet60412621
8. Kommunal- og arbeidsdepartementet1110215
9. Kulturdepartementet20171015
10. Landbruksdepartementet11885
11. Miljøverndepartementet8686
12. Nærings- og energidepartementet7762
13. Samferdselsdepartementet63151
14. Sosial- og helsedepartementet1310516
15. Utanriksdepartementet5320
Sum21014615,813,4

Som året før er det berre organa under Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet som i gjennomsnitt kjem over 25 pst nynorsk, denne gongen i tilfang på inntil 10 sider. Organa under Fiskeridepartementet ligg tett oppunder, men elles er det berre organa under Kulturdepartementet og Samferdselsdepartementet som kjem over 10 pst. For tilfang over 10 sider er det også organa under Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet som har høgaste gjennomsnittstalet, med om lag 20 pst. Under fem andre departement er gjennomsnittsprosenten omkring 15 pst.

Fire av dei 146 tabellførte organa har ikkje ført opp tilfang på 1 - 10 sider. Av dei 142 andre var det 21 organ (15 pst) som kunne rapportere om minst fjerdeparten på nynorsk. Så mange som 58 organ (41 pst) nytta berre bokmål. Av dei 117 organa som førte opp tilfang på over 10 sider, var det 25 (21 pst) som hadde minst ein fjerdedel nynorsk. Også her var det over 40 pst som berre nytta bokmål (49 av 117 organ). I alt seks statsorgan hadde minst 25 pst nynorsk og minst 25 pst bokmål innanfor begge tilfangskategoriane. Det gjaldt Riksarkivet, Sekretariatet for fotoregistrering, Statens adopsjonskontor, Høgskolen i Telemark, Lærarutdanningsrådetog Luftfartsverket.

I tillegg kjem sju statsorgan som rapporterte tilfang berre i den eine kategorien, og her oppfylte kravet om minst 25 pst av kvar målform. Det gjaldt Giftinformasjonssentralen, Høgskolen Stord/Haugesund, Høgsterett, Kunsthøgskolen i Bergen, Statens filmtilsyn, Statens lånekasse for utdanning og Statens naturforvaltningsråd.

Etter ei samla vurdering av alt rapportert tilfang må også Produktregisteret, Norsk lokalhistorisk institutt, Foreldreutvalet for grunnskolen og Universitetet i Bergen seiast å ha oppfylt det kvantitative kravet i forskriftene. Til saman er det likevel berre 17 organ som på grunnlag av dei innsende rapportane kan seiast å ha oppfylt kravet om at inga målform skal vere representert med mindre enn 25 pst.

2.3.5 Særleg registrering av målbruken i stillingsannonsar

Stillingsannonsar i den statlege fellesutlysinga i Norsk lysingsblad er først med i tala ovanfor frå 1996. Men alt frå 1994 er det gjort ei særskild registrering av målform i denne fellesutlysinga. Dette året var det 53 organ under departementsnivået som rykte inn i alt 798 annonsar, og av desse var berre 20 eller 2,5 pst på nynorsk. I 1995 var 3,4 pst av i alt 828 annonsar på nynorsk, mens nynorskprosenten i 1996 var falle til under 1 pst, med berre 11 av 1182 annonsar på nynorsk. Dei ti første månadene i 1997 var 28 av i alt 937 annonsar på nynorsk, dvs 2,9 pst.

I 1994 hadde 3 av 53 organ minst fjerdeparten av stillingsannonsane på nynorsk, i 1995 4 av 56, i 1996 berre 2 av 56 ( Riksarkivarenog Lærarutdanningsrådet) og dei ti første månadene i 1997 var det 2 av 55 ( Direktoratet for naturforvaltning og Regjeringsadvokaten). Heile 50 av dei 56 organa som rykte inn annonsar i 1996, brukte berre bokmål. Alle tala ovanfor inkluderer også Riksrevisjonen, som mållova ikkje gjeld for, men som er med i felleslysinga. Riksrevisjonen har berre hatt bokmålsannonsar.

2.4 Nærmare vurdering av målbruken i departement og andre sentrale statsorgan

2.4.1 Generell oppsummmering

Gjennomgangen ovanfor viser at berre eit lite fåtal av alle sentrale statsorgan oppfyller det lovheimla minstekravet til bruk av nynorsk i den samla produksjonen av utoverretta informasjonstilfang, trass i at det no er ti år sidan dette kravet vart fastsett til 25 pst. Særleg er det ugreitt at statsorgan lèt vere å ta affære sjølv etter at dei fleire år på rad er vortne konfronterte med situasjonen og den klare innskjerpinga frå Stortinget i samband med behandlinga av den førre meldinga om målbruk i offentleg teneste.

Dei siste åra er det i tilsynsarbeidet lagt vekt på å utfordre statsorgana langt sterkare enn tidlegare for å få dei til å innrette seg etter lova. I tillegg til individuell oppfølging på grunnlag av årleg registrert resultat er det bedt om tilbakemeldingar innan gitte fristar for å få kvart enkelt statsorgan til å setje i verk ulike tiltak som gjer dei i stand til å etterleve lova. I høve til departementa har dette oppfølgingsarbeidet no gått føre seg samanhengande i meir enn fire år. Også overfor dei store direktorata kom det intensiverte tilsynsarbeidet i gang i 1993, men her vart det eit mindre brot i kontinuiteten i samband med overføring av tilsynsansvaret til Norsk språkråd. Språkrådet har likevel innhenta årlege rapportar frå desse dei tre siste åra, og alt i alt burde også desse hatt meir enn god nok tid på seg til å justere nynorskbruken i samsvar med det minstekravet som er fastsett. Etter tre års tilsyn frå Norsk språkråd burde ein også i den store gruppa andre statsorgan sett klarare teikn til betring enn det tala for 1996 vitnar om.

Situasjonen har likevel mange positive trekk. I fleire organ er det gjort mykje godt arbeid, og mange av dei som ikkje heilt ut oppfyller minstekravet, kan likevel vise til klar framgang. Ikkje minst gjeld dette mange av departementa, men der har også tilsynet vore sterkast. Det er såleis ingen tvil om at det intensiverte tilsynsarbeidet nyttar, men det er langt meir ressurs- og tidkrevjande enn det som burde vore nødvendig. Dessutan må all framgang vurderast mot bakgrunnen av at 25 pst nynorsk er eit forskriftsfesta minstekrav. Etter dei åra som no er gått, er det ikkje noko anna enn full oppfylling av dette kravet i alle departementa som er godt nok. Dersom ikkje departementaetterlever målbruksreglane, er det vanskeleg å skape det truverd og den autoritet som trengst for å få underliggjande organ til å følgje lova.

I dette perspektivet må vi derfor, trass i framgangen, setje søkjelyset på det negative i situasjonen:

  1. Eit par av departementa og fleirtalet av dei andre statsorgana kan knapt vise til noka betring i nynorskbruken i det heile.

  2. Framgangen i fleire av departementa gjeld berre visse dokumentkategoriar.

  3. Det er ein tendens til at framgangen ikkje held seg, slik at nynorskprosenten mange stader viser nedgang att når det er gått eit år eller to.

  4. Det har vore ein klar tendens til at dei fleste departementa nokså systematisk vel å skrive nynorsk i dei stuttaste dokumenta, slik at den reelle nynorskprosenten oftast blir mykje lågare enn det inntrykket ein får dersom ein berre ser på dokumenttalet.

  5. Dei føregåande punkta synest i stor grad å henge saman med at dei aller fleste organ har dårlege og usikre registreringsrutinar, og dette gjer det vanskeleg og arbeidskrevjande både å hente fram fullstendige og pålitelege rapportar og å halde kontroll med målfordelinga under vegs.

  6. Mange av dei svara som er komne inn i samband med tilsynsarbeidet, vitnar om at mange organ ikkje tek mållova på alvor.

  7. Eit stort problem i tilsynsarbeidet er dessutan at ein del organ ikkje leverer dei rapportane dei blir bedne om, eller ikkje svarar på oppfølgingsbrev. Enda fleire er det som først sender rapport eller svarbrev etter opptil fleire purringar.

2.4.2 Eventuelle endringar i dei kvantitative krava i forskrifta

Noregs Mållag har i brev til departementet av 6. november 1996 gjort framlegg om å endre § 6 første ledd i forskriftene til mållova slik at kravet til ei rimeleg kvantitativ fordeling mellom målformene blir heva frå 25 til 40 prosent. Framlegget er grunngitt på følgjande måte:

«Bokmål og nynorsk er likeverdige og skal vere jamstelte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune, heiter det i § 1 i lova. Jamstellingsvedtaket i Stortinget skriv seg heilt attende til 1885. § 6 i forskriftene er også utforma i høve til dette, men praksis frå statsadministrasjonen viser at jamstellinga ikkje er reell. I mest alle tilfelle vert ikkje eingong minstemålet i lova om 25 % nynorsk oppfylt. Veksling mellom målformene vert aldri praktisert med 75 % nynorsk og 25 % bokmål.

Reell jamstelling må praktiserast slik at skriftmåla framstår som likeverdige i det daglege. Døme viser at også dei statsorgana som ønskjer å ta måljamstellinga på alvor, greier å nå ein nynorskprosent på 40 %. (...). Arbeidet med reell jamstelling må også takast meir alvorleg og systematisk dersom prosentsatsen vert sett til 40 %. Prosentsatsen er ikkje sett til 50, fordi det ikkje er ønskjeleg med ei finmåling på dette området.

I framtida vert meir av sentralt informasjonstilfang tilgjengeleg på nye måtar. Bøker og hefte vert erstatta til fordel for andre informasjonskanalar som t.d. Internett. Dei tradisjonelle parallellutgåvene er på veg ut. Nynorskbrukarane har eit særskilt behov for å sjå språket sitt i bruk. Særleg for barn og unge inneber 25 %-regelen at språkpresset frå bokmål vert enormt.»

På den andre sida har Riksmålsforbundet i brev av 23. januar 1996 spurt om kva syn departementet har på «mulighetene for å ta opp til revisjon 25 %-regelen i forskriftenes § 6, med bakgrunn i det vi nå vet om tilslutningen til de to målformene».

I brev til Riksmålsforbundet av 19. juni 1996 skreiv departementet mellom anna følgjande:

«Departementet ser det ikke som aktuelt å svekke 25 prosentsregelen i § 6 i forskriftene til målloven, slik som antydet i spørsmål 3 i Deres brev. Den utforming denne forskriftsbestemmelsen har i dag, er for øvrig et direkte resultat av Stortingets behandling av St meld nr 27 (1986-87). Opprinnelig hadde departementet gitt bestemmelsen følgende ordlyd: «For tilfang etter § 8 første ledd vil ei rimeleg kvantitativ fordeling vere 25 pst nynorsk og 75 pst bokmål. Desse prosentsatsane skal vere rettleiande.» Flertallet i kirke- og undervisningskomiteen uttalte imidlertid i Innst S nr 111 (1986-87) s 3 at en i stedet for en veiledende prosentsats for nynorsk og bokmål burde slå fast at ingen av de to målformene skal være representert med mindre enn 25 pst. Bestemmelsen ble deretter justert i samsvar med dette. Det skal om ikke lenge legges fram en ny stortingsmelding om målbruk i offentlig tjeneste, og Stortinget vil da få en ny anledning til eventuelt å uttale seg om dette spørsmålet.»

Det er på det reine at nynorsken som privat bruksmål står i ein markert mindretalsposisjon. Av dette kan ein trekkje to heilt ulike konklusjonar når det gjeld konsekvensane for offentleg målbruk. Anten kan ein justere ned 25-prosentsgrensa slik at ho blir meir i samsvar med den oppslutninga om nynorsken som viser seg i form av faktisk bruk av denne målforma. Eller ein kan halde oppe eller heve grensa for å stimulere nynorsken i von om auka oppslutning om målforma også som privat bruksmål.

Regjeringa har som utgangspunkt å leggje tilhøva til rette for ei god utvikling for nynorsk skriftspråk. Den tilnærmingslinja mellom bokmål og nynorsk som tidlegare stod sentralt i offisiell norsk språkpolitikk, framstår i dag i praksis som mindre aktuell. Det synest å vere etter måten brei politisk aksept for at vi i dag har to offisielle norske språkformer, og at dette vil vere ein relativt varig situasjon. Det inneber at i staden for å leggje vekt på utviklingstendensar som på sikt kan føre dei to målformene saman, blir måldyrkingsarbeidet snarare knytt til spørsmålet om korleis bokmål og nynorsk kvar for seg skal kunne utvikle seg best mogleg. I tillegg til å sikre individuelle språkrettar både for nynorsk- og bokmålsbrukarane bør reglane for offentleg språkbruk også utformast og praktiserast slik at dei kan vere med på å sikre det mangfaldet som dei to offisielle målformene representerer i norsk kultur- og samfunnsliv.

Språkpresset utanfrå krev i dag ei allmenn mobilisering for å forsvare norsk språk som bruksspråk innanfor alle delar av samfunnslivet. Men dei kreftene som øver press mot det norske språket generelt, gjer også at den nynorske målforma har visse vanskar med å halde stillinga i høve til den dominerande bokmålskulturen, som særleg gjer seg gjeldande i pressa og i nærings- og arbeidslivet. Det ligg i saka at den språkforma som i utgangspunktet blir nytta av fleirtalet i eit språksamfunn, har ein tendens til å vinne ytterlegere oppslutning. Dette skjer mellom anna ved at ungdom som har nynorsk som opplæringsmål, i liten grad opplever å sjå denne målforma i bruk utanom skolen. Mange går derfor over til bokmål når dei flyttar frå heimstaden for å ta vidare utdanning eller for å finne seg arbeid. Det er på denne bakgrunnen naturleg at den kvantitative fordelinga mellom nynorsk og bokmål i staten tek eit visst omsyn til at offentleg målbruk bør fungere som ei motvekt mot den fordelinga mellom målformene som ein opplever på så mange andre område i samfunnet.

Når ein drøftar 25-prosentsgrensa, må ein dessutan hugse at denne berre gjeld for ein del av det skriftlege tilfanget som eit statleg organ produserer. Mykje av dette kan vere til dømes skriv til individuelle adressatar og interne notat av ulike slag. I høve den siste kategorien står medarbeidaren fritt i val av målform. Også overfor ein del individuelle adressatar står statsorganet fritt; elles skal målforma etter reglane vere ein funksjon av adressatens eiga målform. Interne stikkprøver departementet har gjort, kan tyde på at bokmålsbrukarane her er svært dominerande. Det synest ikkje vere uvanleg at desse er opphav til opp mot 95 pst av korrespondansen.

Dersom ein da til dømes tenkjer seg at det tilfanget som fell inn under vekslingsregelen utgjer halvparten av alt skriftleg materiale, vil 25-prosentsgrensa i røynda tilsvare 15 pst av det totale tilfanget. Det er ikkje urealistisk å tru at det tilfanget som kjem inn under 25-prosentsregelen, utgjer ein enno mindre del av totalen, og at den reelle nynorsprosenten dermed blir enno lågare enn 15 pst, sjølv om det formelle minstekravet på 25 pst er oppfylt.

Dette har kanskje mest å seie når ein ser det i høve til vilkåra for å opparbeide å halde ved like reell nynorskkompetanse i kvart enkelt statsorgan i sentraladministrasjonen. Når den reelle nynorskprosenten i mange statsorgan er såpass låg, inneber det i røynda ei sjølvforsterkande marginalisering av nynorsken. Det er såleis grunn til å tru at Noregs Mållag har rett i at måljamstillingsstrevet måtte takast meir på alvor dersom minstegrensa vart heva til dømes til 40 pst. På litt sikt kan det også hende at dette ville føre til ei effektivisering fordi det ville bli lettare å halde oppe nødvendig nynorskkompetanse. På den andre sida vil ei slik endring av grensa av mange kunne oppfattast som urimeleg.

Etter ei samla vurdering er departementet kome til at minstegrensa på 25 pst ikkje bør rørast. Men det er grunn til å understreke at det er tale om ei minstegrense. I dag fungerer 25-prosentsregelen meir som eit mål å tøye seg etter. Dessutan verkar det som eit einsidig nynorskkrav, sjølv om føresegna i § 6 i forskriftene er formulert nøytralt i høve til målformene. Nynorskprosenten skal såleis liggje ein stad mellom 25 og 75 pst; det same gjeld bokmålsprosenten.

2.4.3 Interne samordningsrutinar og registreringssystem

Behovet for interne samordningsrutinar for veksling mellom målformene har samanheng med at dei som helst skriv nynorsk er sterkt underrepresenterte blant dei tilsette i sentraladministrasjonen når ein ser det i høve til kravet om minst 25 pst av kvar målform. Ei tentativ spørjeundersøking som vart gjennomført i samband med innhenting av rapportar om målbruken i 1996, kan tyde på at knapt 3 pst av dei tilsette i departementa føretrekkjer å skrive nynorsk når dei sjølve står fritt til å velje målform.

Til dette kjem det som vart nemnt i pkt 2.4.2 ovanfor, at det informasjonstilfanget som fell inn under vekslingsregelen i § 8, og som såleis er grunnlaget for utrekning av nynorskprosenten, berre utgjer ein del, ofte ein mindre del, av den totale dokumentflaumen og dermed også av det skrivearbeidet som skal gjerast.

Alt i alt inneber dette at dei fleste tilsette ikkje så ofte kjem i den situasjonen at dei skrive nynorsk. Når det ein sjeldan gong må gjerast, skjer den språklege kvalitetssikringa ved hjelp av nynorskkunnige kollegaer e l. Konsekvensen er at det store fleirtalet av medarbeidarar som helst nyttar bokmål, ikkje får særleg øving i nynorsk. Dermed blir også verknaden av eventuell opplæring gradvis redusert. Det er for få som av av eige tiltak vil skrive utkast til pressemeldingar, rundskriv, annonsar, kunngjeringar, brosjyrar eller stortingsdokument på nynorsk. For å kunne bryte ut av denne vonde sirkelen må det vere interne reglar og rutinar som inneber at den enkelte medarbeidaren ikkje kvar einaste gong kan velje å bruke bokmål når det skal skrivast tekstar av det slaget som kjem inn under hovudregelen om veksling.

I Kulturdepartementet sin rettleiingsbrosjyre om mållova - Målbruk i offentleg teneste - Reglar og råd er behovet for slike rutinar understreka på følgjande måte:

«Det må leggjast opp interne samordningsrutinar for val av målform, slik at den som lagar tilfanget, ikkje kan avgjere målforma utan å ta omsyn til den faktiske prosentfordelinga på årsbasis.» (s 14)

I brev til ein del av departementa i mai 1995 vart det også peikt på trongen for betre samordningsrutinar:

«Behovet for enkle samordningsrutinar har samanheng med følgjande: Kravet om at minst fjerdedelen av dokumenta skal vere på nynorsk, inneber at det ikkje er noko krav om å skrive nynorsk i det enkelte tilfelle. Når det store fleirtalet av saksbehandlarane har bokmål som hovudmål, vil det svært sjeldan bli skrive nynorsk dersom det ikkje finst rutinar som inneber at det med jamne mellomrom er eit uttrykkjeleg og ufråvikeleg pålegg om dette. Slike rutinar kan vere av ulikt innhald.»

I forarbeida til mållova er det uttrykkjeleg understreka at det er dei som sit i leiande stillingar som har ansvaret for «at kontoret/avdelinga følgjer mållova, på same måten som dei har ansvar for at andre saksbehandlingsreglar blir følgde.» (Ot prp nr 52 - 1978-79, s 12).Lovproposisjonen peikte dessutan særskilt på det ansvaret leiinga har for å sikre måljamstilling etter § 8:

«På mange område er det ofte umogleg for den einskilde tenestemannen å kontrollere om jamstillingskravet er stetta. Det gjeld m.a. for rundskriv, kunngjeringar og visse typar meldingar. Her vil leiaren for kontoret ha ansvar for at jamstillingskravet blir oppfylt og må gi sine instruksar i samsvar med det.» (s 26)

Det heitte også:

«Statsorgan bør til vanleg lage seg eit system for registrering av målform i rundskriv, kunngjeringar, meldingar og proposisjonar til Stortinget o.l. Det vil her ikkje vere tale om særleg arbeidskrevjande rutinar.» (s 25)

Tilsynsarbeidet dei siste åra har avdekt at fleire av departementa og det store fleirtalet av andre sentrale statsorgan anten ikkje har etablert rutinar for språkveksling i det heile teke, eller at rutinane på langt nær er gode nok til å sikre at den påbodne vekslinga mellom målformene fungerer som ein integrert og automatisert del av dei interne arbeidsprosessane. I nokre høve ligg det føre opplysningar om interne ordningar som kan synast funksjonelle, men som likevel ikkje har verka etter formålet.

Kulturdepartementet tok dette opp med alle departementa i eit eige rundskriv i juni 1996. Det heitte her at i tillegg til ein nynorskprosent i alle departement på minst 25 prosent for alle dei aktuelle dokumentkategoriane, måtte det også vere ein føresetnad at ein fekk etablert interne system som sikra at dette nivået vart varig. Kulturdepartementet bad om ein statusrapport om kva slags interne registrerings- og samordningsrutinar som eventuelt er utarbeidde i det enkelte departement, og i kva grad og på kva måte desse er forankra på sentralt leiarnivå i departementet. Dei svara som kom inn, stadfeste inntrykket av at dei fleste departementa ikkje har gode nok rutinar og registreringssystem.

I brev av 25. november 1994 til 220 statsorgan under departementsnivået spurde Norsk språkråd om institusjonane hadde rutinar for språkleg likestilling. Av dei 144 statsorgana som svara på spørsmålet, oppgav berre fjerdeparten at dei i det heile hadde slike rutinar. Derimot svarte 72 pst ja på spørsmålet om saksbehandlarane hadde fått orientering om lov om målbruk i offentleg teneste.

2.4.4 Nynorskkunnskapar og opplæring

I Innst S nr 17 (1992-93) uttala fleirtalet i den daverande kyrkje- og undervisningskomiteen følgjande om kurs i nynorsk for statstilsette:

«Fleirtalet har merka seg at det har vore svært liten respons på dei kursa som Statskonsult har gjeve tilbod om. Det er etter fleirtalet si meining viktig å peike på at dette ikkje treng seie mykje om behovet for kurs. Fleirtalet meiner at det er ei oppgåve for tilskiparen av kursa, Statskonsult, å leggje tilhøva til rette for betre deltaking på slike kurs. Fleirtalet meiner vidare at leiinga i statsorgan må arbeide for å auke motivasjonen og interessa for kurs og for å innarbeide kursa i prioriterte planar som lekk i kompetanseutviklinga i statsadministrasjonen.»

I 1993 slutta Statskonsult ei rammeavtale om språkopplæring med eit privat institutt kalla Norsk språkinstitutt AS. Instituttet fekk mellom anna i oppdrag å tilby norskkurs for tilsette i statsadminstrasjonen. Men responsen var framleis heller liten. Våren 1994 vart det berre gjennomført eit einaste kurs; dette var eit bokmålskurs. Nynorskkurset måtte avlysast fordi det ikkje var mange nok som søkte. Hausten 1994 var det ingen kurs. Statskonsult tok i 1995 nye initiativ for å få eit kurstilbod på plass. Ulike alternativ vart prøvde, og det enda med at ein fekk i gang att verksemda i regi av Norsk språkinstitutt AS på basis av rammeavtalen frå 1993. Avtalen inneber at Statskonsult har det overordna ansvaret for kurset og for å gjere tilbodet kjent i statsforvaltninga, mens Språkinstituttet behandlar opptaksøknadene, engasjerer kursleiar og held undervisningslokale. Norsk språkinstitutt AS opplyser at dei i 1997 har arrangert fire nynorskkurs med til saman 41 deltakarar. Kvart kurs har omfatta 15 veketimer og gått over tre dagar. Verksemda har altså eit nokså avgrensa omfang.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) har lagt mykje arbeid i å styrkje språkopplæringa for medarbeidarar i kommunar og fylkeskommunar og har mellom anna fått utarbeidt eit eige kursopplegg i nynorsk språk- og dokumentlære. Ei grunnbok låg føre i auguat 1994, og det er seinare laga tilhøyrande materiell for fjernundervisning. LNK tilbyr kurs for medlemskommunane sine, men opplegget er også svært aktuelt for andre kommunar og fylkeskommunar og for regional og lokal statsforvaltning. Kurset tek utgangspunkt i og er tilpassa dei konkrete behova som tilsette i lokalforvaltninga står overfor.

I sitt brev av 25. november 1994 til 220 statsorgan under departementsnivået stilte Norsk språkråd mellom anna tre spørsmål om kompetanse og opplæring i nynorsk. Det vart først spurt om institusjonen som heilskap hadde svært god, tilstrekkjeleg, ikkje tilstrekkjeleg eller svært utilstrekkjeleg kompetanse når det gjaldt bruk av begge målformer. Av dei 139 statsorgana som svara på spørsmålet, meinte 70 pst at dei hadde tilstrekkjeleg eller svært god kompetanse.

I staden for institusjonen som heilskap kan ein rette søkjelyset mot kvar enkelt av dei tilsette. Tentative data som Kulturdepartementet har innhenta, tyder på at tre fjerdedelar av dei tilsette i departementa sjølve meiner at dei er usikre i nynorsk.

Norsk språkråd for sin del spurde også kor mange av dei tilsette som hadde fått opplæring i nynorsk i perioden 1992-94. Av 143 statsorgan som svara på dette spørsmålet, oppgav 88 pst at ingen av dei tilsette hadde fått nynorskopplæring i perioden. I 1994 var det i alt 63 tilsette frå 9 ulike statsorgan som hadde fått slik opplæring, i 1993 34 tilsette frå 5 statsorgan og i 1992 berre 3 tilsette frå 3 organ. Av 130 organ som svara på det tredje spørsmålet, var det berre 7 pst som hadde innarbeidt planar for opplæring i nynorsk i ein verksemds- eller opplæringsplan for 1994.

2.5 Framlegg til tiltak

2.5.1 Organisering av opplæringa i norsk for statstilsette

Mangel på nynorskkunnskapar har vore sett på som det største hinderet for å etterleve mållova, og det er knapt tvil om at mange embets- og tenestemenn treng særskild opplæring etter tilsetjinga dersom dei skal kunne skrive nynorsk på ein fullgod måte. Det er da også ein innarbeidd føresetnad at slik opplæring skal skje. Såleis er det i § 1 i forskrifta uttrykkjeleg fastsett at kvart statsorgan har ansvaret for at dei tilsette innan rimeleg tid får nødvendig språkopplæring.

Departementet meiner at røyslene frå dei siste åra tilseier at arbeidet med tilleggsopplæring i norsk i statsforvaltninga, særleg i nynorsk, bør gripast an på ein ny måte. Rett nok bør Statskonsult framleis ha det formelle ansvaret for å tilby og kunngjere opplæringstiltak i norsk for statstilsette, slik at dette framstår som ein integrert del av deira arbeid med kompetanseutviklinga i staten. Men i tillegg til dette bør det vurderast å opprette ei stilling som opplæringsleiar i Norsk språkråd, slik at Språkrådet får det operative ansvaret for å organisere fleksible opplæringstilbod som kan tilpassast dei ulike behova rundt om i statsadministrasjonen. Fordelen ved dette er at Språkrådet kan samordne opplæringsarbeidet med dei andre måljamstillingsoppgåvene dei skal ivareta. Mellom anna bør det dermed bli lettare å kartleggje ulike former for opplæringsbehov i norsk og å arbeide for å skape nødvendig motivasjon slik at etterspurnaden aukar. Arbeidet på motivasjonssida må elles sjåast i nær samanheng med etablering av interne samordnings- og registreringsrutinar.

2.5.2 Etablering av rutinar og innføring av elektroniske registreringsskjema

Røynslene frå tilsynsarbeidet dei siste åra dokumenterer at fastsetjing og oppfølging av instruksbaserte registrerings- og samordningsrutinar internt i det enkelte organet er ein grunnleggjande føresetnad for å kunne veksle mellom bokmål og nynorsk slik at dei kvantitative minstemåla i forskrifta blir oppfylte. Utan at dette ligg i botnen, synest det ikkje å hjelpe verken med haldningskampanjar, nynorskopplæring eller måljamstillingsplanar.

Departementet vil derfor vurdere å ta inn eit påbod om slike rutinar i forskrifta til mållova og i tillegg utarbeide nærmare retningslinjer. Det er ikkje aktuelt å leggje opp til obligatoriske detaljkrav, men derimot å peike på funksjonar som det enkelte organet sjølv kan utforme tilpassa løysingar for å ivareta. Rutinane bør vere så enkle og ubyråkratiske som råd er, og skal tene to hovudformål. For det første skal dei gjere at organet til kvar tid har kontroll med den kvantitative fordelinga mellom målformene. For det andre skal dei gjere det til ein enkel operasjon å hente ut dei endelege resultata ved årsslutt og rapportere desse vidare i rett tid. Departementet legg til grunn at den løpende registreringa best kan gjerast i eit felles elektronisk registreringsskjema i vanlege reknearkformat. Slikt skjema bør i tillegg liggje føre i papirutgåve.

2.5.3 Årleg offentleggjering av målbruksstatistikken

For å rette eit sterkare og meir vedvarande søkjelys mot målbruken i kvart enkelt statsorgan vil departementet og Norsk språkråd heretter leggje den årlege målbruksstatistikken fram i form av ein offentleg rapport som blir send til alle statsorgan og mellom anna gjord tilgjengeleg i elektronisk form. Dette vil bli ein tilnærma ukommentert presentasjon av det talmaterialet som departementet og Norsk språkråd innhentar og samanstiller som ledd i tilsynsarbeidet. Ei slik ordning vil i liten grad representere meirarbeid, fordi det berre er tale om å gjere tilgjengeleg den informasjonen som likevel blir produsert.

Vonleg vil dette tiltaket også vere med på å betre kvaliteten på dei innsende rapportane, mellom anna ved at organa gjer meir for å rapportere så fullstendig som råd er.

Fotnoter

1.

1) Det er formelt sett Stortinget sjølv som avgjer målforma i nye lover, og frå gammalt av er det tradisjon for at saksordføraren kan avgjere dette. Men i praksis skjer det knapt nok lenger at Stortinget endrar målform i lovframlegg frå regjeringa.

2.

Trass i regional lokalisering og tilknyting blir dei regionale høgskolane rekna som sentrale statsorgan, da dei ikkje kan seiast å ha noko avgrensa tenestekrins, jf §§ 3 og 5 i forskriftene til mållova. Mellom anna tek dei alle opp studentar frå heile landet.

3.

Nokre har ikkje rapportert om tilfang over 10 sider, mens andre har så mykje slikt tilfang at dei samla sett kjem over 25 pst sjølv om ikkje fjerdeparten av alle skriv under 10 sider er på nynorsk.

4.

4 Talet på tilskrivne statsorgan har gått ned frå 220 til 210 pga omorganiseringar.

Til forsiden