St.meld. nr. 13 (1997-98)

Målbruk i offentleg teneste

Til innholdsfortegnelse

3 Tilsynsarbeidet i høve til faste språkbrukssituasjonar

3.1 Innleiing

Arbeidet med å få sentraladministrasjonen til å oppfylle det lovheimla kravet om minst 25 pst nynorsk i utoverretta informasjonstilfang har vore den høgast prioriterte oppgåva i tilsynsarbeidet dei siste åra. Likevel er dette berre ein del av det tilsyns- og forvaltningsarbeidet som er gjennomført. Det er i tillegg behandla ei lang rad med klage- og tolkingssaker som er lagde fram for departementet. Initiativet har ofte kome frå Noregs Mållag, men også andre organisasjonar har teke opp slike saker. Ikkje sjeldan kjem det brev frå enkeltpersonar som meiner dei ikkje har fått oppfylt dei språklege rettane sine. Departementet har også teke opp ein del saker av eige tiltak, men har ikkje hatt kapasitet til å føre systematisk tilsyn med praktiseringa av dei andre reglane i mållova enn dei som gjeld målfordelinga i utoverretta informasjonstilfang. Derimot har Norsk språkråd gjennomført ein del kartleggings- og oppfølgingsarbeid i tillegg til dette, mellom anna om målbruk i eksamensoppgåver og om nynorskopplæring. Dessutan har Språkrådet drive eit aktivt informasjons- og rådgjevingsarbeid, og departementet har også gjort mykje slikt arbeid gjennom svar på telefonførespurnader og brev.

3.2 Nærmare om tilsynsarbeidet

Departementet har frå og med 1993 lagt vekt på ei meir aktiv oppfølging av klagesakene. Ein har ikkje som tidlegare nøgd seg med å gjere vedkomande statsorgan merksam på eventuelle feil i høve til mållova, men har bedt om å få informasjon om kvifor lova er broten, kva for rutinar som måtte finnast, og ikkje minst kva for tiltak som kan setjast i verk for å unngå nye feil. Departementet har inntrykk av at dette ofte gjer sitt til at organet tek saka meir alvorleg og i nokon mon går gjennom dei interne rutinane sine. I nokre tilfelle synest det også å ha ført til at nye tiltak er sette i verk. Generelt sett er det likevel vanskeleg å seie i kva grad slike enkeltsaker fører til varige endringar i rett lei.

Det inntrykket departementet sit att med, er at klager og tilbakemeldingar i samband med feil målbruk meir representerer unntaket enn regelen. Det synest å vere slik at dei fleste nynorskbrukarar ikkje seier frå dersom dei til dømes må nøye seg med eit bokmålsskjema eller dei får eit brev på bokmål. Folk flest klagar helst ikkje på slikt, så lenge dei skjønar innhaldet. Dette inneber truleg at dei som melder frå, berre er dei aller mest målmedvitne blant nynorskbrukarane. Det er grunn til å tru at den passive godtakinga av bokmålstilfang hos det store fleirtalet av nynorskbrukarar er ein viktig grunn til at så mange statsorgan år etter år kan gjere seg skuldige i stadige brot på ulike reglar i mållova. For det offentlege tilsynsarbeidet i regi av departementet og Språkrådet er dei desto viktigare dei etter måten få som tek seg det bryet det er å klage. Overlag viktig er det overvakings- og informasjonsarbeidet som særleg Noregs Mållag gjennomfører. Utan dei sakene som Mållaget tek opp, ville mykje av grunnlaget for departementets og Språkrådets tilsynsarbeid falle bort.

3.3 Målform i skjema og blankettar

Mens hovudregelen for ulike typar massespreidd statleg informasjonstilfang er at det skal lagast i den eine eller den andre målforma, jf kap 2, er det ein annan regel for skjema eller blankettar. Her seier lova at desse skal liggje føre og vere tilgjengelege i begge målformer, jf § 8 fjerde ledd. Av dei 210 statsorgana som Norsk språkråd innhenta oppgåver frå om målbruken i 1996, gav 74 organ opplysningar om målform i skjema og blankettar. Til saman oppgav desse organa 2315 skjema. Av desse var det 487 som fanst i begge målformer, dvs berre 21 pst. 1663 skjema låg føre berre på bokmål, dvs 72 pst. Resten, 165 skjema, fanst berre på nynorsk. Registreringa gjeld skjema som var i bruk i 1996, utan omsyn til kva tid dei var laga. Også dei oppgåvene som er innhenta frå departementa, viser at det blir nytta ein god del skjema som i strid med lova ligg føre berre i den eine målforma, nesten alltid bokmål.

3.4 Statleg målform i hopehav med private og med kommunar og fylkeskommunar

3.4.1 Lovgrunnlaget

Det er fleire reglar i mållova som krev at statsorgan i hopehavet sitt med private rettssubjekt og med kommunesektoren er pålagde å nytte ei viss målform i det enkelte tilfelle. Viktigast er kanskje føresegna i § 6 om at statsorgan skal svare på skriv frå private rettssubjekt i den målforma som er nytta i skrivet. Dersom ein ikkje kjenner språkønsket til vedkomande, står statsorganet fritt i val av målform. Det heiter også at private rettssubjekt kan krevje ei viss målform i alle løyve, faste formularar o l. som direkte gjeld dei sjølve. Døme på dette er førarkort, vigselsattestar o l.

Vidare er det fastsett at statsorgan i skriv til kommunar og fylkeskommunar skal nytte den målforma desse har gjort vedtak om etter § 5 i lova. Det heiter der at eit kommunestyre kan gjere vedtak om å krevje ei viss målform i skriv frå statsorgan til kommunen, eller gjere vedtak om at kommunen er språkleg nøytral. Tilsvarande vedtak kan fylkestinget gjere for fylkeskommunen. Berre i skriv til nøytrale kommunar og fylkeskommunar kan statsorgan sjølve velje kva målform dei vil bruke. Pr. 1. oktober 1997 er det registrert 154 nøytrale kommunar, 165 bokmålskommunar og 116 nynorskkommunar. Av fylkeskommunane har 2 gjort vedtak om bokmål (Østfold og Vestfold), 3 har vedteke nynorsk (Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal), mens alle dei andre er nøytrale. Oversyn over vedtaka i alle kommunar og fylkeskommunar framgår av vedlegg nr 7.

I § 6 i forskrifta er det fastsett som hovudregel at målvedtaka i kommunane også skal leggjast til grunn ved spreiing av parallellutgåver av alt slags massedistribuert tilfang, jf kap 2. Dette omfattar også skjema. Vidare er det i § 8 tredje ledd i lova fastsett at alt slikt tilfang som har særleg tilknyting til ein kommune, skal vere i den målforma kommunen har gjort vedtak om. Dette kan til dømes gjelde utlysing av stillingar i regionale statsorgan eller kunngjeringar om lokale eller regionale tilhøve. Endeleg er det fastsett at statsorgan som har eit geografisk avgrensa område som tenestekrins, skal syte for at rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o l. er i fleirtalsmålforma for området. Fleirtalsmålforma er den målforma som flest kommunar har kravt. Området har inga fleirtalsmålform dersom over halvparten av kommunane er språkleg nøytrale, eller dersom det er like mange kommunar som har kravt bokmål som nynorsk. Da står statsorganet fritt.

3.4.2 Rapport om ulike slags klagesaker

Klagesaker både til departementet og Språkrådet viser at det framleis blir synda ein god del mot desse føresegnene. Det finst ikkje så få døme på at statsorgan utarbeider manuelle svarbrev på bokmål når dei får brev på nynorsk. Dette representerer alvorlege brot på mållova, fordi ein i slike høve vil ha nynorskførelegget framfor seg når svaret blir skrive, dvs at det har vore meir enn berrsynt kva målform mottakaren ønskte.

Ei av klagesakene gjaldt Statistisk Sentralbyrå, som i perioden oktober 1996 - januar 1997 vende seg til eit husflidsutsal i Sogn og Fjordane på bokmål, trass i at byrået heile tida var informert om at denne mottakaren nytta nynorsk. I eit eige brev frå husflidsutsalet vart byrået mint på at dei hadde brote mållova ved ikkje å ha svara på nynorsk. I eit nytt påminningsbrev frå husflidsutsalet gjekk det fram at byrået likevel hadde sendt eit oppgåveskjema på bokmål. Noko seinare fekk husflidsutsalet varsel om tvangsmulkt - på bokmål - enda husflidsutsalet hadde gjort uttrykkjeleg merksam på at det var manglande nynorskskjema som gjorde at dei ikkje hadde levert dei statistiske oppgåvene dei var bedne om. Trass i enda eit brev frå husflidsutsalet vart dei så ilagt den varsla tvangsmulkta - på bokmål, og litt etter sendte byrået eit nytt oppgåveskjema på bokmål!

I brev til Statistisk sentralbyrå 13. februar 1997 skreiv Kulturdepartementet mellom anna:

«Det er heilt uvanleg at institusjonar som kjem i skade for å nytte feil målform i skriv til private rettssubjekt, ikkje rettar dette i neste omgang når dei får ei påminning om situasjonen. Statistisk sentralbyrå har i denne saka gjort seg skuldig i eit eklatant brot på mållova, og vi tillèt oss å be Statistisk sentralbyrå vurdere åtgjerder for å reparere den skaden som er skjedd gjennom måten husflidsutsalet er vorte behandla på.»

Denne saka gjorde sitt til at Statistisk sentralbyrå gjekk gjennom alle målbruksrutinane sine, og at det vart laga ein tiltaksplan for å betre nynorskbruken i byrået. Departementet fekk tilsendt planutkastet i brev av 9. juni 1997. Det vart der opplyst at utkastet var ute på brei høyring i heile organisasjonen, og at endeleg behandling skulle skje på direktørmøte 18. juni. Planen vart varsla sett i verk frå og med 1. juli 1997. Departementet vurderer dette som positivt, og det er grunn til å streke under at dette var resultat av at det vart teke affære på høgaste hald i organisasjonen.

Feil målform i brev og anna til kommunar og fylkeskommunar finst det også døme på. For ikkje lenge sidan skreiv Miljøverndepartementet brev på bokmål til Bygland og Fyresdal kommunar, trass i at begge desse har gjort vedtak om nynorsk. I høve til kommunar og fylkeskommunar må ein merkje seg at den vedtekne målforma skal nyttast også når det er vedkomande statsorgan sjølv som initierer brevskiftet, eller når det til dømes blir rykt inn kunngjeringar om tiltak som gjeld ein kommune. Også om så skulle skje at kommunen sjølv skriv brev til eit statsorgan i ei anna målform enn den vedtekne, skal statsorganet i svarbrevet sitt likevel følgje det kommunale målvedtaket.

Det er såleis ein føresetnad at alle tilsette i staten har lett tilgang til oversynet over målvedtaka. I § 5 tredje ledd i mållova er det fastsett at kommunar og fylkeskommunar skal melde vedtaka til Kulturdepartementet, som så skal syte for at desse blir gjorde kjende i statstenesta. Ajourførte lister blir til vanleg tekne inn i Norsk lovtidend og i Norsk lysingsblad. I tillegg står listene i kvar utgåve av Statskalenderen. Sidan behandlinga av den førre mållovsmeldinga er det dessutan ordna slik at det ajourførte oversynet også er teke inn i Statens personalhandbok, som dei fleste statstilsette vil ha tilgjengeleg på kontoret sitt. Saman med oversynet finst også lov- og forskriftstekstane.

Når statsorgan skriv brev på nynorsk, er det ikkje alltid at dette blir gjennomført konsekvent. Dette gjeld ikkje berre reine språkfeil og sviktande formuleringsevne, men det at den faste teksten i brevformularet og namn og frankeringstrykk på konvolutten ofte er på bokmål sjølv om brødteksten er nynorsk. Dette har hatt samanheng med at statsorganet manglar nynorske brevark eller gløymer å bruke dei sjølv om dei finst. No er det etter kvart meir vanleg med elektroniske brevmalar i tekstbehandlingssystemet, noko som i utgangspunktet skulle gjere det enklare å skifte målform i brevhovudet. Likevel ser ein ofte slike feil, og mykje tyder på at mange statsorgan ikkje har laga seg nynorske dokumentmalar.

Både konvoluttar og den faste teksten i brevformulara og andre dokumentformular omfattar mellom anna namnet på avsendarorganet, av og til også avdelingsnamn e l. Ein del slike nemningar har namneledd som ikkje utan vidare kan nyttast i begge målformer. Det er derfor fastsett i § 4 i forskrifta at dersom det ikkje høver med den same nameforma på bokmål og nynorsk, skal namnet på eit statsorgan ha ei bokmålsform og ei nynorskform. Målformene skal fastsetjast av departementa i samråd med det aktuelle forvaltningsorganet på området. Kulturdepartementet har i samråd med Norsk språkråd tilsyn med at namneformene følgjer gjeldande rettskrivingsreglar (læreboknormalen). Eit oversyn over ein del statsintitusjonar med ulik namneform i bokmål og nynorsk finst i eit eige rundskriv frå Kulturdepartementet. Rundskrivet vart sist ajourført i 1993, og sidan den gongen er mykje endra, mellom anna gjennom omorganiseringar o l. Departementet vil derfor ta kontakt med dei andre fagdepartementa med det første for å få revidert oversynet og gjere det meir fullstendig.

3.5 Målform i eksamensoppgåver

I § 7 i hovudforskrifta til mållova heier det at når eksamensoppgåver i andre fag enn norsk blir gitt på norsk mål, skal kvar kandidat få oppgåveteksten på bokmål eller nynorsk etter ønske. Dette gjeld for slutteksamenar som høyrer med i ein større eksamen. Lærestaden kan be om bindande val av målform ved oppmelding til eksamen. Når særlege grunnar talar for det, kan lærestaden gjere heilt eller delvis unntak frå denne regelen. Studentar som dette vedkjem, kan klage på slikt vedtak til departementet.

Departementet har gitt utfyllande føresegner til denne paragrafen i ei eiga forskrift som tok til å gjelde frå 1. august 1987. Her er det fastsett at lærestaden kan gjere unntak frå reglane i tre høve: Når det er klart at alle kandidatane har ønskt same målforma, når det gjeld særleg omfattande eksamenoppgåver, og når fagterminologi manglar eller er ukjend for kandidatane i ei målform, og det derfor kan vere fare for mistydingar. Også elles kan lærestaden gjere unntak i særlege tilfelle, til dømes dersom særleg omfattande eksamensoppgåver må lagast på svært kort tid på grunn av nye reglar eller andre spesielle tilhøve.

Norsk språkråd sendte 3. februar 1995 brev til universiteta og dei statlege høgskolane for å orientere nærmare om forskriftene. Her var det bedt om at institutt og fagseksjonar vart gjorde kjende med reglane, og at det om nødvendig vart laga rutinar som sikrar at praksis er i samsvar med regelverket. Det vart varsla at Språkrådet seinare ville kartleggje rutinar i samband med målform i eksamenoppgåver.

Slik kartlegging vart gjennomført med utgangspunkt i eit spørjeskjema frå Språkrådet av 6. september 1995 med svarfrist 1. november 1995. I alt 40 institusjonar mottok brevet, og det vart sendt påminning til 10 av desse med ny svarfrist 15. desember 1995. To institusjonar fekk ny påminning 9. februar 1996 med svarfrist 16. februar 1996. Med unnatak av fire kunstfaglege høgskolar fekk alle tilbakemelding på grunnlag av svara i spørjeskjemaet. I dei tilfella praksis ikkje var i samsvar med forskrifta, vart institusjonane bedne om å syte for at dette vart retta opp frå og med våren 1996.

Kartlegginga gav følgjande resultat: Fire kunstfaglege høgskolar meinte at forskrifta var lite relevant for deira verksemd og er ikkje nærmare følgde opp. Åtte av dei andre 36 institusjonane følgde regelverket fullt ut ( Universitetet i Tromsø, Noregs fiskerihøgskole, Noregs handelshøgskole, Høgskolen i Nesna, Høgskolen i Sogn og Fjordane, Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskolen i Stavanger, Høgskolen i Volda). Dei andre institusjonane braut regelverket på eitt eller flere punkt.

Heile 22 institusjonar bad ikkje kandidatane om bindande val av målform ved eksamensoppmeldinga og braut med hovudregelen om at oppgåvene skal liggje føre i begge målformer. Ved ein del institusjonar gjaldt brota somme, og ikkje alle avdelingane/fakulteta. Ved seks av dei 22 institusjonane som såleis i større eller mindre grad braut hovudregelen, vart oppgåvene i utgangspunktet gitt på bokmål, og kandidatar som ønskte nynorsk, måtte melde frå særskilt. Ved tre avdelingar vart målvalet ikkje gjort skriftleg. Kandidatane vart i staden spurde i klassar/grupper. Ordninga er gjerne knytt til ein føresetnad om at oppgåvene i utgangspunktet blir gitt på bokmål.

Somme institusjonar gav som grunn for å ha gjort unntak frå hovudregelen at dei aktuelle faglærarane mangla kompetanse i nynorsk, og at det var liten etterspurnad etter oppgåver på nynorsk. Slike grunnar er ugyldige. Fire institusjonar eller avdelingar har grunngitt unntak under tilvising til regelen om manglande eller ukjend fagterminologi. Det materialet som er lagt fram for Språkrådet, viser at grunngjevinga må reknast som ugyldig. I somme høve er det gjort unntak utan formelt vedtak. Det heiter nemleg i spesialforskrifta at vedtak om unntak må gjerast seinast tre månader før vedkomande eksamen. I somme høve er det også gjort unntak som ikkje er tidavgrensa. Dette strir mot føresegna i forskrifta om at unntak for ein eksamen kan gjelde for eit visst semester, eller for ein periode på inntil fem år. Det er også påvist visse andre manglar i høve til regelverket.

Alle institusjonar som hadde brote regelverket, fekk pålegg om å leggje om rutinane og melde tilbake om kva ordningar som er valde. Etter dei opplysningane som låg føre pr 1. juli 1996, skulle praksis da vere i samsvar med regelverket ved 24 av institusjonane med verknad frå våren 1996, eller i nokre få tilfelle frå hausten 1996. Dei fleste institusjonane eller avdelingane som hadde brote med hovudregelen, melde frå at dei innførte ordningar med bindande val av målform ved eksamensoppmeldinga. Det mangla pr 1. juli 1996 enno svar frå seks institusjonar om kva ordningar dei hadde valt. I tillegg mangla det svar frå fem-seks enkeltavdelingar.

Pr. 1. november 1997 mangla det endeleg svar frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) og Avdeling for økonomi og administrative fag ved Høgskolen i Sør-Trøndelag. Ved NTNU skjer det framleis brot på forskriftene ved sivilingeniør- og sivilarkitekt-studia, trass i at universitetet fleire gonger har fått beskjed om å rydde opp i rutinane. Etter dei opplysningane dei andre institusjonane har gitt, skal ordningane no vere i samsvar med forskriftene. Ein må likevel rekne med at det framleis stundom skjer feil. Norsk språkråd har såleis det siste året teke opp saker som gjeld institutt eller avdelingar ved tre høgare lærestader.

Til forsiden