St.meld. nr. 13 (1997-98)

Målbruk i offentleg teneste

Til innholdsfortegnelse

5 Verkeområdet for mållova

I innstillinga til den førre målbruksmeldinga (Innst. S. nr. 17 1992-93) uttala den daverande kyrkje- og undervisningskomiteen følgjande om verkeområdet for mållova:

«Fleirtalet viser til at sidan mållova vart vedteken i 1980, har det skjedd viktige endringar i organiseringa og ansvarsdelinga i offentleg verksemd. Fleirtalet vil vise til at fylkeskommunar og kommunar har fått overført forvaltningsoppgåver frå staten, og at det har vore ei omfattande overføring av offentleg verksemd frå forvaltninga til særlege statsorgan som ikke vert rekna som vanlege statsorgan, t.d. stiftingar og statsføretak. Vidare vil fleirtalet vise til at det språklege tilfanget frå det offentlege har skifta karakter frå «rundskriv» til brosjyrar, blad og bøker. Fleirtalet vil på dette grunnlaget peike på at området mållova gjeld for, har vorte innsnevra etter 1980, slik at ho ikkje er tilpassa situasjonen i dag. Fleirtalet meiner derfor at det bør gjennomførast ei utgreiing om eventuelt å endre noverande lov.»

Departementet har til no funne det rett å konsentrere innsatsen om den ordinære statsforvaltninga. Ein har sett det som vanskeleg å vurdere ei utviding av verkeområdet for mållova så lenge det skortar mykje på at målbruksreglane blir etterlevde der lova tvillaust gjeld. Det er fleire grunnar til at dette no stiller seg annleis, og at det er nødvendig å sjå nærmare på nokre av dei spørsmåla stortingskomiteen peikte på i 1992, særleg spørsmålet om regulering av målbruken i statlege verksemder av ulike slag.

Viktigast i så måte er at utviklinga i retning av fristilling av statleg verksemd har skote ny fart sidan 1992, ikkje minst på samferdselssektoren. I kjølvatnet av dette er det til dels oppstått tvil og ugreie om verkeområdet for mållova, både med omsyn til det rettslege grunnlaget for avgrensinga og den praktiske handhevinga av spørsmålet. Dette har skapt ei gråsone som er breiare enn tidlegare, og situasjonen framstår for mange som uklar, noko som også legg hindringar i vegen for tilsynsarbeidet.

Det er omgrepet «organ for stat, fylkeskommune og kommune» i § 1 som er utgangspunktet for avgrensing av verkeområdet for mållova. I § 2 er det fastsett av dei nærmare reglane i lova berre gjeld for statstenesta, slik at det som i røynda blir gjenstand for tolking er «organ for staten». Med utgangspunkt i forarbeida til lova, jf Ot prp nr 52 (1978-79), har departementet for enkelte typar av verksemder lagt avgjerande vekt på eit reint formelt kriterium, nemleg den rettslege organiseringa aleine.

Såleis har aksjeselskap organiserte etter eiga lov utan vidare vore sett på som statsorgan etter mållova, mens statlege aksjeselskap organiserte etter den vanlege aksjelova og selskap organiserte etter den tidlegare lova om visse statsbedrifter har falle utanfor verkeområdet til mållova. Når det gjeld den seinare lova om statsføretak, er det i forarbeida uttalta at det er klart at mållova ikkje vil gjelde.

Etter ei fråsegn som Lovavdelinga i Justisdepartementet har kome med, kan ikkje dette administrativt greie avgrensningsgrunnlaget utan vidare leggjast til grunn. Lovavdelinga meiner i staden at «problemstillingen etter målbruksloven § 1 (...) vil være den samme som etter forvaltningsloven § 1 (og for så vidt også etter offentlighetsloven § 1), nemlig at det må bero på en konkret vurdering om en statlig virksomhet som er skilt ut som eget rettssubjekt skal anses som et organ for staten».

Dette inneber at det i prinsippet må gjerast ei vurdering av kvar enkelt statleg verksemd som er organisert som eige rettssubjekt, og at konklusjonen framstår som resultatet av ei samla vurdering av fleire ulike faktorar som alle har å gjere med kor tett statleg tilknyting den aktuelle verksemda kan seiast å ha. For stiftingar o l har dette utgangspunktet vore lagt til grunn også før fråsegna frå Lovavdelinga. Og fleire av dei fristilte verksemdene frå dei siste åra, mellom anna på samferdselssektoren, er organiserte etter eigne særlover og er verken aksjeselskap, statsføretak eller stiftingar. Men prinsippet om ei individuell vurdering i høve til mållova som eit generelt utgangspunkt inneber altså at den rettslege organiseringa berre er ein av fleire faktorar som må telje med i ei samla vurdering.

Da Lovavdelinga i 1993 gjorde ei vurdering av Norges Postbank, som var oppretta i medhald av eiga lov frå juni 1992, var konklusjonen at banken ikkje kunne seiast å vere eit statsorgan etter mållova. Da Postbanken frå 1. januar 1995 vart slått saman med Postgiro, som ved dette vart skilt ut frå den daverande forvaltningsbedrifta Postverket, uttala fleirtalet i finanskomiteen følgjande i Innst. S. nr. 212 (1993-954):

«Komiteen viser til at Stortinget tidlegare, jf. Innst. S. nr. 138 for 1983-84, har uttalt seg om verdien av bruk av begge målformer i offentlege verksemder. Komiteen vil peike på at Post- og girobanken også i framtida følgjer reglane i mållova om målbruk i offentleg teneste.»

Tilsvarande uttala fleirtalet i samferdselskomiteen i Innst. S. nr. 163 (1991-1994) i samband med omdanninga av Televerket til statleg aksjeselskap:

«Flertallet viser til at Stortinget tidligere, jf. Innst. S. nr. 138 for 1983-84, har uttalt seg om betydningen av bruk av begge målformene i offentlige virksomheter. Flertallet forventer at «Televerket AS» også i framtida følger reglene om målbruk i offentlig tjeneste.»

Departementet har ikkje registrert tilsvarande komitefråsegner ved seinare omdanningar.

For dei fleste av omdanningane gjeld at det ikkje uttrykkjeleg er teke stilling til om mållova skal gjerast gjeldande, og departementet er ikkje viss på om det noverande lovgrunnlaget utan vidare er eigna til å gi ei formålstenleg og administrativt praktikabel avklaring av den situasjonen som dei mange omdanningane dei siste åra har skapt.

Formålet med mållova har både ei individuell og ei kollektiv side. Ho skal såleis sikre retten for den enkelte språkbrukar til å kunne bruke og motta den målforma han ønskjer, og ho skal sikre ein viss balanse i den totale bruken av dei to målformene i det offentlege. Staten har derfor lovfesta visse krav til seg sjølv, krav som i utgangspunktet gjeld alle typar verksemd der ein nyttar seg av skriftleg utforming. Dette er eit spesifikt kulturpolitisk formål som ikkje i og for seg har noko å gjere med verksemda i seg sjølv. Det er derfor ikkje sikkert at verkeområdet for mållova utan vidare bør falle saman med verkeområdet for forvaltningslova og offentlegheitslova.

For å signalisere at dei to målformene kan og skal brukast i alle samanhengar, er det viktig at dette blir avspegla i all verksemd der staten er involvert.

Det kan likevel tenkjast at ikkje alle reglane i mållova høver like godt for dei utskilde verksemdene som for tradisjonelle forvaltningsorgan, og at også måljamstillingsomsyn vil tene på ei forenkling og praktisk tilpassing.

Eventuelle endringar må drøftast med utgangspunkt i ein meir spesifikk analyse av kva formål mållova skal tene sett i samanheng med dei oppgåvene dei utskilde verksemda skal utføre.

Dette reiser mange ulike problemstillingar, og departementet vil derfor setje ned ei arbeidsgruppe for å greie ut desse spørsmåla og vil eventuelt kome tilbake til Stortinget med framlegg til lovendringar.

Arbeidsgruppa må ha representantar frå andre særleg involverte departement, Norsk språkråd, Noregs Mållag og dei omdanna tidlegare forvaltningsbedriftene. Kulturdepartementet vil dessutan sjå til at nødvendig juridisk kompetanse blir representert i gruppa.

Arbeidsgruppa bør m.a.

  1. utarbeide oversikter over

    • forvaltningsbedrifter og andre forvaltningsorgan som heilt eller delvis er utskilde frå statsforvaltninga etter at mållova tok til å gjelde 1. januar 1981

    • sjølvstendige rettssubjekt med ulike former for organisatorisk og/eller økonomisk tilknyting til staten, både slike som heilt eller delvis vidarefører verksemd som tidlegare vart utført i dei utskilde organa, og slike som utfører oppgåver som ikkje tidlegare har lege til statsforvaltninga

  2. gjere greie for dei mest frekvente og/eller viktige utoverretta språkfunksjonane i dei ulike gruppene av sjølvstendige rettssubjekt sett i samanheng med regelverket, og vurdere om desse heilt eller delvis bør omfattast av mållova

  3. foreslå eventuelle endringar i regelverket

  4. vurdere om det bør vere nærmare reglar for målbruk også for kommunar og fylkeskommunar, og i tilfelle kva innhald og verkeområde slike reglar bør ha.

Til forsiden