Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 13 (1997-98)

Målbruk i offentleg teneste

Til innholdsfortegnelse

6 Norsk språkråd

6.1 Innleiing

Norsk språkråd vart oppretta ved lov av 18. juni 1971 og avløyste Norsk språknemnd. § 1 inneheld dei oppgåvene det nye rådet skulle ha:

«a. verne om den kulturarv som norsk skriftspråk og talespråk representerer, fremme tiltak som kan øke kunnskapen om norsk språk, dets historie og egenart, fremme toleranse og gjensidig respekt i forholdet mellom alle som bruker norsk språk i dets forskjellige varianter, og verne om den enkelte borgers rettigheter når det gjelder bruken av språket,

b. følge utviklingen av norsk skriftspråk og talespråk og på dette grunnlag fremme samarbeid i dyrkingen og normeringen av våre to målformer og støtte opp om utviklingstendenser som på lengre sikt fører målformene nærmere sammen,

c. gi myndighetene råd i språkspørsmål, særlig når det gjelder språkbruken i skolen, i Norsk rikskringkasting og i statstjenesten, uttale seg om prinsipper for normering av skriftspråket og av stedsnavn, og komme med forslag om lovgivning i språkspørmål,

d. gi råd og rettledning til allmennheten,

e. fremme og delta i nordisk samarbeid om språkdyrking, og

f. sørge for at resultatene av rådets arbeid blir gjort kjent.»

Etter § 2 i lova vart det gitt vedtekter ved kongeleg resolusjon av 29. oktober 1971, særleg om samansetjinga av rådet, om styringsorgan, saksbehandling og fullmakter.

Språkrådet har arbeidt etter desse retningslinjene i dei 25 åra som har gått, men situasjonen på språkområdet har endra seg i denne perioden, som på så mange andre område. Departementet har derfor i samarbeid med Norsk språkråd sett i gang ei drøfting av Språkrådets ansvarsområde i forhold til dei nye arbeidsoppgåvene ein ser melder seg i det norske språksamfunnet.

6.2 Arbeidsoppgåver og organisasjonsform i dag

I dag fungerer norsk som eit fullverdig bruks- og kulturspråk på alle område i samfunnet, men mange forhold gir grunn til uro når det gjeld språkets framtidige posisjon. Norsk språk er under press frå fleire kantar, og risikerer å bli skuva ut av viktige funksjonsområde dersom ein ikkje aktivt arbeider for å hindre ei slik utvikling. Det gjeld mellom anna bruk av engelsk i lærebøker og undervisning, at engelske ord og uttrykk går inn i både kvardagsspråk og fagspråk, at norsk blir eit sekundærspråk for barn og unge gjennom etermedias underhaldningstilbod, og at informasjonsteknologien styrkjer engelsk og svekkjer norsk. Vidare fører internasjonaliseringa i næringslivet inn engelsk som arbeidsspråk for mange arbeidstakarar, integreringa i Europa gjer det tungvint å bruke norsk i mange viktige samanhengar, og stadig fleire i forvaltning og næringsliv arbeider med tekstar skrivne på eit anna språk enn norsk.

Det er ikkje truleg at desse forholda vil utradere norsk språk eller forvise det til meir avgrensa og mindre viktige funksjonsområde i løpet av ein generasjon eller to. Men det er grunn til å tru at utviklingstendensane i eit lengre perspektiv vil representere eit stort problem for alle små nasjonalspråk. Nynorsk vil vere enda meir utsett enn bokmål, men problemet gjeld begge målformer. Det vil derfor vere klokt alt no å iverksetje tiltak som styrkjer språkets stilling, for slik å prøve å hindre ei utvikling som fører til domenetap, jf også kap 4.

For å kunne lykkast i dette arbeidet treng styresmaktene eit organ som kan påta seg eit overordna ansvar. Norsk språkråd peiker seg naturleg ut i denne samanhengen og bør oppgraderast til å kunne vere eit statleg instrument for eit langsiktig og effektivt språkvernarbeid, samstundes som det held fram arbeidet med dei noverande oppgåvene. Ei slik oppgradering krev ein viss auke av ressursar, reorganisering av styringsorgana til rådet og endra oppgåveprioritering. Rådet bør kunne fungere som eit nasjonalt kompetansesenter for norsk språk, språkbruk og språkvern, eit senter som aktivt og resultatorientert arbeider med dagens og framtidas viktige oppgåver.

Rådet bør også kunne initiere og i visse høve sjølv kunne drive forsking omkring språkspørsmål, noko som vil vere viktig når tiltak og verkemiddel skal vurderast.

Mykje av Språkrådets kapasitet blir no brukt til læremiddelgransking, normalt to til tre årsverk. På grunn av dei store skolereformene er enno meir ressursar gått med til dette dei siste åra. Utgiftene til dette blir dels dekte over Språkrådets ordinære budsjett, dels ved tilskot frå Nasjonalt læremiddelsenter. Det bør vurderast om det er andre måtar å organisere granskingsarbeidet på.

Normeringsarbeidet har vore ei grunnleggjande arbeidsoppgåve for Språkrådet. Endring av dette arbeidet vil også på lengre sikt i nokon mon kunne frigjere ressursar til andre oppgåver. Det er grunn til å vurdere om normeringsvedtaka bør skje gjennom mindre frekvente og meir heilskaplege rettskrivingsreformer. Slik vil det truleg også vere lettare å informere om rettskrivingsendringane. Publikum kan lettare førebuast, og den enkelte språkbrukar kan setje seg betre inn i endringane. Rådet førebur for tida ei opprydding ved å fjerne mindre brukte former i bokmålsrettskrivinga og ein reduksjon av alternative hovudformer i nynorsknormalen. Dette vil også føre til at behovet for hyppige endringar blir mindre. Normering av nye ord må likevel halde fram som før.

Frå 1994 fører Språkrådet tilsyn med mållova når det gjeld statsorgan under departementsnivå, jf kap 2 og 3. Rådet skal informere om regelverket, innhente data om målbruken, fremje praktiske rutinar og følgje opp brot på lova. Ny teknologi skaper nye område der måljamstillinga skal ivaretakast, men opnar også for nye metodar for rimeleg produksjon og distribusjon av språkleg tilfang i begge målformene. Tiltak for å styrkje norsk språk vil måtte ta omsyn til at nynorsk blir utsett for enda sterkare press enn bokmål, og det er ei oppgåve å vurdere korleis den språklege likestillinga best kan fremjast til kvar tid.

Språkrådet har i dag tre organ: rådet, styret og fagnemnda. Innanfor rådet og fagnemnda er det så ei todelt organisering etter målform for visse avgjerder. Rådet har 38 medlemmer og møtest ein gong for året. Det er vidare to leiarar for sekretariatet, ein for kvar målform. Alt dette kan i visse tilfelle føre til uklare ansvarsforhold, tungvinte avgjerdsprosedyrar og noko dobbeltarbeid, og det bør vurderast om det no er formålstenleg med endringar.

6.3 Viktige arbeidsoppgåver framover

For språkvernarbeidet vil særleg to målgrupper vere viktige: dei som har sterk språkleg påverknad, og dei som er særleg utsette for påverknad. I den første gruppa finn vi alle massemedia, forlaga, bedrifter og utdanningsinstitusjonar innanfor reklame og informasjonsteknologi, og bedrifter og anna verksemd med brei internasjonal kontakt. I den andre gruppa finn vi barn, unge og studentar, og tilsette i verksemd som inngår i internasjonale konsern, eller som har omfattande internasjonal kontakt. Meir generelt vil alle norske språkbrukarar vere målgruppe for tiltak som styrkjer bruken av norsk språk.

Det presset norsk språk er utsett for, får sterkast og først verknad for nynorsk, og dei tiltaka og aktivitetane som er omtalte nedanfor, må ta omsyn til dette.

Det er viktig med haldningsskapande tiltak overfor barn og unge, tilsette i næringsliv og offentleg forvaltning, reklamebedrifter, aviser, blad og tidsskrift, fjernsyn og radio og film/video. Norsk som undervisningsspråk i grunnutdanninga ved universitet og høgskolar må styrkjast. Bruk av norsk fagspråk må også styrkjast, og på dette området er terminologiarbeid grunnleggjande.

Barn og unge er ei særleg viktig målgruppe fordi dei blir utsette for sterk påverknad frå engelsk i ein periode då deira haldningar til språket blir forma. Gjennom fjernsyn, film, video og musikk møter dei i mange samanhengar norsk som eit sekundærspråk. Leseundersøkingar viser også at ungdom, særleg gutar og unge menn, les mindre enn tidlegare. Norsk språk som positiv påverknadsfaktor får dermed mindre styrke, og dette kan svekkje tilliten til norsk som eit fullverdig bruksspråk. Eit breitt spekter av haldningsskapande tiltak bør prøvast ut i samarbeid med bibliotek, skolar, forlag, massemediebedrifter, forfattarar, musikarar og utdanningsinstitusjonar, og Språkrådet kan ha ei initierande og koordinerande rolle.

Alle norskspråklege som studerer i Noreg, bør ha norsk som hovudspråk i undervisning og lærebøker i grunnutdanninga, slik at dei får etablert faglege omgrep med norsk terminologi. Dette vil også vere viktig for seinare bruk av fagspråk.

Ein stor del av den skriftlege språkproduksjonen skjer på arbeidsplassane. Norsk språkråd bør engasjere seg i denne språkbruken for å styrkje det språklege medvitet og språkevna hos den enkelte språkbrukar, i samarbeid med arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane og bransjeforeiningane.

Språket i annonsar, reklamefilmar og anna reklamemateriell har stor språkleg innverknad, både fordi det når så mange og fordi det tek sikte på å påverke kjenslene, og slik utnyttar språkets sosiologiske og psykologiske effektar. Språkrådet bør opptre aktivt i forhold til bransjen og til enkeltbedrifter, til dømes med ein fast språkbulleteng med utgangspunkt i faktisk språkbruk innanfor reklame og marknadsføring. Rådet kan også etter avtale drive direkte rådgjeving. Mykje av det same gjeld språket i aviser og tidsskrift, og tiltaka kan vere tilsvarande.

Språkrådet er pålagt å drive språkleg rettleiing overfor NRK og burde kunne ha ei tilsvarande oppgåve overfor andre etermedia. Mange tiltak kan i det heile vere felles for heile mediebransjen. Rådet bør elles følgje nøye med i språklege forhold som gjeld film- og videobransjen, og ta opp uheldige utslag og utviklingstendensar.

Terminologiarbeid er viktig på mange område. Språkrådet er med i slikt arbeid, men det bør setjast i gang fleire prosjekt der rådet bør ha ein koordinerande rolle.

I «Handlingsplan for IT på kulturområdet 1998-2001» er det gjort framlegg om å etablere eit eige sekretariat for norsk språkteknikk. Sekretariatet skal vere eit sentralt verkemiddel i arbeidet for at norsk språk skal kunne bestå som eit fullverdig og prioritert uttrykksmiddel også når det blir arbeidt med avansert teknologi og bruk av IT-baserte produkt og tenester. Ei av oppgåvene til Språkrådet er å følgje utviklinga av norsk språk. Dette må også omfatte ein innsats for å styrkje utviklinga av norskspråklege IT-program for tekst og tale og for norsk fagterminologi i dei nye media. Det må vurderast om Språkrådet vil kunne bli eit slikt fagleg-administrativt knutepunkt for norsk språk og IT.

Norsk språkråd må setjast i stand til å arbeide meir med tiltak som vernar norsk språk mot domenetap, og som sikrar at norsk også for framtidige generasjonar vil opplevast som eit fullgodt kultur- og bruksspråk på alle område. Det er viktig å leggje eit føre var-prinsipp til grunn for arbeidet, som sjølvsagt må ha eit langsiktig perspektiv. Det er ikkje tale om ei fullstendig omlegging av Språkrådets verksemd, men om ei sterkare vektlegging av eit arbeidsområde som tidlegare har vore lågare prioritert i det praktiske arbeidet. Ei slik omlegging må gjerast utan at dei noverande oppgåvene blir skadelidande. Mange av desse oppgåvene er dessutan sentrale også for språkvernarbeidet, men dei må gripast tak i på ein meir pågåande og resultatorientert måte. Språkrådet må bli ein meir utoverretta organisasjon der informasjon og haldningsskapande arbeid står sentralt, og det må etablerast god kontakt med relevante språkbrukarmiljø og industrielle tiltak som utviklar IT-program og elektroniske tenester.

Departementet vil vidareføre drøftingane med Språkrådet om desse spørsmåla i tida framover.

Til toppen
Til dokumentets forside