St.meld. nr. 13 (1997-98)

Målbruk i offentleg teneste

Til innholdsfortegnelse

1 Målbruk i departementa i 1992

Utdrag frå rundskriv V-8/93 av 15. mars 1993 til alle departementa og Statsministerens kontor

Ved behandlinga av St.meld. nr. 53 (1991-92) Målbruk i offentlig tjeneste uttalte fleirtalet i kyrkje- og undervisningskomiteen i Innst. S. nr. 17 (1992-93) mellom anna at det hadde vore ønskjeleg med ei meir offensiv haldning når det gjeld økonomisk og administrative tiltak for å følgje opp mållova. Komitefleirtalet var elles einig med departementet i at informasjon og haldningsskapande tiltak må vere dei viktigaste verkemidla, saman med rettleiing og praktiske råd. Fleirtalet slo likevel fast at det må stillast same krav til oppfølging av mållova som til lover elles.

Alle statsorgan må sjølvsagt ha som målsetjing snarast råd å oppfylle reglane i mållova fullt ut.

I brev av 10. mai 1990 gav vi uttrykk for at departementa burde vurdere korleis dei ville leggje opp måljamstillingsarbeidet framover, og vi bad om at det vart laga ein plan for dette arbeidet. Vi har seinare fått kommentarar til dette frå alle departementa, og dei fleste har sendt oss meir eller mindre omfattande måljamstillingsplanar.

I tillegg til å fylle ut vedlagde skjema som viser den faktiske målbruken i 1992, ber vi om ei stutt vurdering av korleis måljamstillingsplanen har verka, eventuelt for kvar type av skriv. I kva grad har tiltaka ført til ei fordeling mellom målformene som er betre i samsvar med reglane i mållova? Er det gjennomført eller vurdert justeringar i planen?

Når alle rapportane om målbruken i 1992 ligg føre, vil vi eventuelt komme tiltake med ei nærmare vurdering av dei måljamstillingsplanane vi har fått tilsendt.

Vi ber om svar innan måndag 26. april 1993.

Til forsiden