St.meld. nr. 13 (2004-2005)

Om incestsentra – tilbod, finansiering og forvaltning

Til innhaldsliste

1 Bakgrunnen for meldinga

1.1 Stortingsvedtak 413/2004

Stortinget gjorde 9. juni 2004 dette vedtaket (413/2004):

«Stortinget ber regjeringen i løpet av 2004 foreta en vurdering av hvilket tilbud incestsentrene skal gi, hvordan tilbudet skal organiseres og finansieres, og hvorvidt tilbudet skal lovfestes.»

Bakgrunnen for vedtaket var forslag om tiltak for å ta vare på ofra for incest (dok.nr. 8:31 (2003–2004)) som blei handsama i Innst. S. nr. 226 (2003–2004) frå familie-, kultur og administrasjonskomiteen. Dok.nr. 8-forslaget tilrådde ein auke i den statlege finansieringa (frå 50/50 prosent til 80/20 prosent), lovfesting av tilbodet, plan for framtidige etableringar av incestsenter med spesiell vurdering av det behovet menn har, døgnopen krisetelefon for incestoffer og statleg finansiering av fellessekretariatet for incestsentra. Forslagsstillarane meinte at det var fare for at fleire incestsenter måtte stengje eller redusere tilbodet dersom det ikkje blei gjort noko for å sikre dei finansielt og juridisk så raskt som råd.

Komiteen streka under at det arbeidet støttesentra mot incest gjer er eit svært viktig supplement til det offentlege tilbodet som blir gitt i helse- og sosialtenesta. Vidare peikte komiteen på at det er viktig å styrkje kompetansen og kunnskapsoppbygginga på dette feltet, og viste til Helsedepartementet sitt arbeid med å kartleggje kompetanse- og tenestebehov for valds- og traumeramma, lokalt og regionalt. Komiteen streka under at brukarane av incestsentra ofte har behov for behandling innan ulike former for helse- og psykiatritilbod. Tilbodet som sentra gir, burde lyftast fram som eiga sak.

Fleirtalet i komiteen peikte også på at ein må sjå forslaget om ein døgnopen nasjonal krisetelefon i samanheng med organiseringa av incestsentra. I tillegg driv fleire frivillige og ideelle organisasjonar krisetelefonar som også blir nytta av incestoffer.

1.2 Verdiar, utfordringar og mål

1.2.1 Ordninga i dag

Frå midten av 1980-åra blei det, som ein del av den nye kvinnerørsla, etablert ei rekkje private, sjølvhjelpsrelaterte tiltak i regi av personar som sjølve hadde vore utsette for seksuelle overgrep. Det første incestsenteret blei etablert i Oslo i 1986. Utbygginga av incestsenter har skjedd dels i form av små, lokale senter, dels i form av større, sentrale senter som femner om eit heilt fylke eller i alle fall eit større distrikt. Nokre av dei mindre sentra har hatt ei kort levetid, og talet på incestsenter har derfor variert gjennom åra. Det finst i dag 18 senter fordelt på 15 fylke.

Incestsentra er primært eit støttetilbod på dagtid for vaksne som har opplevd seksuelle overgrep, og dei pårørande til utsette barn og ungdommar. Målet er å gi råd, støtte og hjelp til brukarane, basert på prinsippet om sjølvhjelp. Dette kan skje gjennom einesamtalar eller ulike former for samtale- og sjølvhjelpsgrupper. Dei tilsette ved sentra hjelper også til med å kartleggje kva slags behov brukarane har, og å finne høvelege tilbod, på senteret eller i det offentlege hjelpeapparatet. Sentra driv vidare med førebyggjande arbeid og informasjon og rettleiing til andre instansar som arbeider på fagfeltet. Mange av dei tilsette ved sentra har relevant treårig høgskoleutdanning eller meir, og noen har sjølve vore utsette for incest. Tilbodet som blir gitt ved dei ulike sentra, varierer, og det finst inga heilt eintydig oppfatning når det gjeld kva slags tilbod sentra skal gi.

Incestsentra er eit supplement til det offentlege hjelpeapparatet og skal vere eit lågterskeltilbod. Sentra skal vere lett tilgjengelege for brukarane, ved at det ikkje krevst betaling og heller ikkje tilvising frå til dømes lege. Brukarane kan vere anonyme.

Incest-, valdtekts- og krisesenter er omfatta av ei felles statleg tilskotsordning, med øyremerkte midlar. Eit overordna mål for tilskotsordninga er å hjelpe offera og å prøve å redusere omfanget av mishandling og overgrep. Økonomien til sentra er basert på tilskot frå kommunar, fylkeskommunar og helseregionar, gåver frå private og organisasjonar, og dessutan statlege tilskot.

Det øyremerkte statstilskotet dekkjer i dag 50 prosent av dei budsjetterte driftsutgiftene. Frå 01.01.05 blir både tilskotsordninga og forvaltninga av krisesentra endra. For krisesentra aukar det statlege tilskotet til 80 prosent, og forvaltninga av tilskotsordninga blir lagd til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). På denne bakgrunnen er det nødvendig å gjere ei ny vurdering av incestsentra og den situasjonen dei er komne i.

1.2.2 Behov og verdiar

Incestutsette kan ha behov for behandling i helsestellet eller for anna hjelp frå offentlege instansar, til dømes kontakt med barnevernet, sosialtenesta, politiet eller rettsapparatet. Mange som har vore utsette for incest, kan ha behov for hjelp i samband med psykiske vanskar og rusmisbruk, og for dei kan tilknytinga til og samarbeidet med det offentlege helsetenestetilbodet vere viktig.

Incestsentra er eit supplement til det offentlege hjelpeapparatet, og dei driv ikkje behandling. Det er kommunen som skal syte for nødvendig helseteneste til alle som bur eller har mellombels opphald i kommunen. Spesialisthelsetenesta, herunder det psykiske helsevernet, er det staten som har ansvar for. Dei regionale helseføretaka har ansvar for at befolkninga i regionen har tilgang til spesialisthelsetenester.

Det er mykje som tyder på at helsetenestetilbodet til menneske som har vore utsette for incest, i dag er tilfeldig og utilstrekkeleg. Ei landsomfattande kartlegging av tilbodet til valds- og valdtektsutsette (Sosial- og helsedirektoratet 2003) viser at helsetenesta i dei fleste kommunar ikkje har oversikt over omfanget av vald, valdtekt og incest, og at kommunane i stor grad manglar rutinar for dokumentasjon og registrering av slike overgrep. Kompetansen i tenesteapparatet for å møte valds- og valdtektsutsette, herunder menneske som har vore utsette for incest, varierer mykje. På bakgrunn av denne kartlegginga er det i statsbudsjettet for 2005 mellom anna foreslått 10 mill. kroner i stimuleringsmidlar til etablering av mottaksfunksjonar for valds- og valdtektsutsette ved minst ei interkommunal legevakt i kvart fylke og kompetanseheving i samband med dette. Det skal òg utviklast rutinar for registrering av vald og seksuelle overgrep, og utarbeidast ein manual for kriminaltekniske, medisinske og psykologiske undersøkingar.

Tilgjengeleg forsking og informasjon tyder på at talet på seksuelle overgrepssaker som hjelpeapparatet og politiet registrerer, er lite i høve til den totale førekomsten av overgrep. Det er mange som ikkje får nødvendig hjelp. Det er derfor viktig at incestsentra er eit lågterskeltilbod.

Incestsentra er i dag eit tilbod til incestutsette som kanskje meir enn noko anna tilbod, møter viktige behov hos brukarane. Incestsentra har eit tilbod som vanskeleg kan dekkjast av det offentlege hjelpeapparatet. Ein kan i denne samanhengen vise til dei personlege erfaringane og engasjementet hos mange av dei som arbeider ved incestsentra, og den kunnskapen som følgjer av desse erfaringane. Det at ein har høve til å kome til eit senter for å møte og snakke med andre som har opplevd det same, blir opplevd som svært verdfullt. Når det er snakk om eit så tabubelagt område som incest, og når ein veit kor vanskeleg det kan vere for eit incestoffer å ta kontakt med det offentlege hjelpeapparatet, kan verdien av det arbeidet incestsentra gjer, ikkje overvurderast. Ved å ta kontakt med eit incestsenter slepp den incestutsette til dømes å gå igjennom den første vanskelege barrieren: å setje ord på kvifor ein søkjer hjelp. Det er også verdfullt at dei prøver å skape seg eit betre liv etter «hjelp til sjølvhjelp»-prinsippet saman med andre.

Det må vere eit mål å arbeide for at det offentlege hjelpeapparatet blir opprusta, slik at dei som er utsette for incest, kan få betre hjelp der. Eit samarbeid med incestsentra kan vere eit bidrag til denne opprustinga. Det sjølvhjelpsprinsippet incestsentra arbeider ut frå, er eit supplement til profesjonell hjelp i første- og andrelinjetenesta og ein «døropnar» inn til det offentlege tenestetilbodet. Det synest å vere særleg viktig å ha ein instans som kan hjelpe til med å ta kontakt med ulike delar av det offentlege hjelpeapparatet. For somme kan incestsentra gi god og adekvat hjelp, og dermed fungerer dei som eit alternativ til det offentlege hjelpeapparatet. Slik kan incestsentra også vere med på å avlaste det offentlege hjelpeapparatet.

1.2.3 Utfordringar og mål

Ei hovudmålsetjing med å gi statleg støtte til incestsentra må vere å setje dei i stand til å gi brukarane eit lågterskeltilbod som kan vere eit godt supplement til det offentlege hjelpeapparatet. Føresetnaden bør samtidig vere at ein tek vare på mangfaldet og det private engasjementet ved sentra.

Det nærmare innhaldet i tilbodet frå sentra er mellom anna avhengig av økonomi, kompetanse og kor godt kjent senteret er. Ein viss variasjon og eit visst mangfald i tilbodet er også i nokon grad ein ønskt konsekvens av at incestsentra er private organisasjonar. Incestsentra står i utgangspunktet nærmast til å vurdere kva slags tilbod det er behov for, og kva dei kan bidra med. Basistilboda ved dei ulike sentra verkar likevel å vere bygde over same leist, samtidig som dei største sentra gir eit breiare tilbod enn det dei små har høve til å gi. Somme brukarar vel derfor eit større senter framfor det som ligg geografisk nærmast.

Regjeringa meiner at incestsentra har viktige og særprega tilbod som vanskeleg kan drivast som ein del av det offentlege hjelpeapparatet. Det at incestsentra i dag ser ut til å fungere godt som supplement til det offentlege tenestetilbodet, i den grad dei økonomiske føresetnadene for drifta er til stades, ligg til grunn for denne oppfatninga. Regjeringa ser likevel at det kan vere grunn til å vurdere om visse sider ved det tilbodet incestsentra gir, bør styrkjast og vidareutviklast, sjå kapittel 4.

Barne- og familiedepartementet har fått fleire tilbakemeldingar frå incestsenter om at økonomien er vanskeleg. Departementet har også fått Vista Utredning AS til å utarbeide to rapportar om kostnader for krisesenter og incestsenter – i 2001 og 2004. Av desse rapportane går det fram at sentra blir drivne med svært tronge budsjett og usikker finansiering, og at dei har lite høve til å drive utviklingsarbeid.

På oppfordring frå Barne- og familiedepartementet har Stiftelsen fellesskap mot seksuelle overgrep (FMSO) skrive ei fråsegn, som FMSO hadde hatt ute på høyring til dei 16 incestsentra som er medlemmer av paraplyorganisasjonen. Incestsenteret i Vestfold har i tillegg gitt eigne fråsegner. I fråsegnene blir det mellom anna gjort greie for dei vanskane incestsentra har med å skaffe seg tilstrekkelege økonomiske tilskot.

For at incestsentra skal kunne gi brukarane eit lågterskeltilbod som kan vere eit godt supplement til det offentlege hjelpeapparatet, herunder både primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta, er det ein grunnleggjande føresetnad at dei får betre og meir stabile rammevilkår.

1.3 Samandrag

Finansieringa av incestsentra bør etter regjeringa si meining endrast dersom ein ønskjer at verksemda skal vidareførast. Regjeringa foreslår at incestsentra, på same måten som krisesentra, får ei øyremerkt statsstøtte på 80 prosent av driftskostnadene. Ei anna løysing vil stille verksemda ved incestsentra i ein vanskeleg økonomisk situasjon i konkurransen om kommunale midlar. Også den spesielle karakteren tiltaka har, tilseier at det ikkje bør krevjast eit større kommunalt ansvar for drifta av incestsenter enn for drifta av krise- og valdtektssenter.

Regjeringa foreslår også at forvaltninga av tilskotet til incestsentra blir lagd til Bufdir. Incestsentra og krisesentra er fleire stader samlokaliserte, og begge arbeider ut frå prinsippet om sjølvhjelp, og at hjelpa skal vere frivillig. Ei forvaltning gjennom Bufdir kan gi ei heilskapleg styrking av den lokale/regionale kompetansen på valds- og traumefeltet og ei betre samhandling i høve til helseregionane. Det vil også bli teke initiativ til utarbeiding av ein plan for geografisk dekning når det gjeld incestsentra, med sikte på eit betre samla tilbod til brukarar over heile landet, også menn.

Regjeringa foreslår at ei ny finansierings- og forvaltningsordning for incestsentra trer i kraft frå 1.1.2006.

Det blir ikkje tilrådd å lovregulere incestsenterverksemda. Dette blei heller ikkje tilrådd i spørsmålet om lovfesting av krisesenterverksemda.