St.meld. nr. 14 (2005-2006)

Om Noregs deltaking i den 60. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 59. generalforsamling

Til innhaldsliste

1 Samandrag

1.1 Allment

Heilt frå opninga av generalforsamlinga og til utgangen av året var reformprosessen det dominerande temaet under FNs 60. generalforsamling. Først gjennom til dels vanskelege forhandlingar før toppmøtet 14.–16. september, som til slutt enda opp med ei toppmøteerklæring, sidan gjennom ei oppfølging i form av nye forhandlingar om vedtak i komitear og i plenum.

Gjennom heile toppmøteprosessen og i tida etter vart forhandlingane til dels sterkt prega av motsetningane mellom «nord» og «sør», med høvesvis u-landsgruppa G77/Den alliansefrie rørsla (NAM) og USA/EU i spissen. Debatten om reform vart sterkt prega av USA si vektlegging av at det trengst administrative reformer, noko som av den alliansefrie rørsla vart oppfatta som berre ei vestleg sak. Frå utviklingslanda si side vart det med styrke hevda at reform av FN bør sjåast i høve til om ein sikrar meir ressursar til utviklingsføremål. Eit anna konfliktområde, som heng saman med det første, men som vart skjerpt under den 60. generalforsamlinga, var spenninga mellom Generalforsamlinga og Tryggingsrådet. Det kan med ein viss rett hevdast at freistnaden på å endre samansetjinga av Tryggingsrådet, som vart leidd av gruppa på fire land med ambisjonar om fast plass; Japan, India, Tyskland og Brasil (G4), medverka til å spisse desse motsetningane.

Dei motsetningstilhøva som alltid vil prege ein organisasjon med tilnærma universelt medlemskap har vorte ytterlegare forsterka av at generalsekretærens posisjon har vorte svekt. Autoriteten og omdømmet til generalsekretæren har vorte påverka av avsløringar i samband med olje-for-mat-programmet, som vart dokumenterte i fleire rapportar i 2005. Sjølv om det var spekulasjonar på eit tidspunkt om at generalsekretæren måtte trekkje seg, vart stormen ridd av, og Annan vil sitje trygt ut perioden sin. Perioden hans er likevel snart over, og ein ny generalsekretær vil verte valt, kanskje så tidleg som i juli 2006. Derfor vil mange meine at Annan vanskeleg kan påverke den vidare reformprosessen. På den andre sida skal det òg understrekast at ansvaret for å sjå til at vedtaka på toppmøtet om reform vert gjennomførde, i siste instans ligg hjå medlemslanda sjølve.

I tilknyting til opninga av generalforsamlinga organiserte Noreg to sidearrangement. For å setje fokus på kvinnene i Sudan si rolle i oppnåinga av tusenårsmåla og for å vidare følgje opp arbeidet om rolla deira i kjølvatnet av fredsavtala, arrangerte UD i samarbeid med UNIFEM ein rundebordsdebatt 13. september. Dåverande utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson var hovudinnleiar saman med den dåverande utanriksministeren i Sudan. Boka Towards Achieving the MDGs in Sudan:Centrality of Women"s Leadership and Gender vart òg lansert. Den nye høgnivåkommisjonen for fattiges bruks- og eigedomsrettar vart presentert i eit arrangement i FN-bygget dagen før opninga av toppmøtet. Oppnemninga av kommisjonen har hatt sterk norsk støtte, og generalsekretæren har ønskt kommisjonen velkomen som eit viktig bidrag til å nå tusenårsmåla, gjennom mobilisering av ressursar i den store uformelle sektoren i utviklingslanda og styrking av rettsstaten. Blant medlemene i kommisjonen er Madeleine Allbright, Gordon Brown og Hilde Frafjord Johnson.

1.2 Toppmøtet om FN-reform

Resultatet av toppmøtet svarte ikkje til dei høge forventingane som var skapte før møtet, og som generalsekretæren sjølv la opp til i rapporten sin «In Larger Freedom». Frå norsk side må utfallet likevel kunne karakteriserast som ei god byrjing på ein reformprosess som er høgst naudsynt, og der mykje står att. Toppmøteerklæringa inneheld mellom anna vedtak om oppnemninga av ein fredsbyggingskommisjon og eit menneskerettsråd. I tillegg inneheld erklæringa ei universell stadfesting av tusenårsmåla og tek til orde for reformer av administrasjonen i FN. Erklæringa inneheld òg formuleringar som langt på veg inneber allmenn aksept av prinsippet om at statane har ansvar for vern av sivile. Alt dette er tiltak som sett med norske auge er positive, og som peikar i rett retning av eit reformert FN. På den negative sida kjem manglande omtale av tiltak om nedrusting og ikkje-spreiing, eit område som Noreg aktivt gjekk inn for å sikre resultat på. Toppmøtet klarte heller ikkje å semjast om ein definisjon av terrorisme. Sjølv om det ikkje var å vente, er det også leitt at freistnadene på å få til ei balansert utviding av Tryggingsrådet nok ein gong feila.

Toppmøtet oppmoda generalsekretæren om å legge fram forslag til ytterlegare reformar av FN sine operasjonelle aktiviteter. Statsminister Jens Stoltenberg har takka ja til generalsekretæren si førespurnad om å vere med å leie eit høgnivåpanel som skal sjå på korleis ein betre kan organisere arbeidet til FN med humanitær hjelp og utviklings- og miljøhjelp. Panelet skal legge fram rapporten sin til den 61. generalforsamlinga.

1.3 Generaldebatten

Generaldebatten i år var dominert av oppfølginga og iverksetjinga av toppmøteerklæringa og tusenårsmåla. Vestlege land med USA i spissen argumenterte sterkt for behovet for FN-reform på alle område, medan utviklingslanda la mest vekt på utviklingsaspektet. Eit overveldande fleirtal av landa gav uttrykk for at dei var svært nøgde med at tusenårsmåla gjennom toppmøteerklæringa fekk universell oppslutning, og at fleire land vil auke den offisielle utviklingshjelpa. Behovet for at medlemslanda følgjer opp forpliktingane sine, vart understreka. Noreg og nokre andre gjevarland viste til behovet for overvakingsmekanismar i denne samanhengen.

I debatten var mange òg opptekne av reform av Tryggingsrådet. Manglande resultat med omsyn til nedrusting og ikkje-spreiing vart òg omtalt av ei rekkje land, og Noreg saman med dei andre landa i 7-landsinitiativet vart oppmoda av mellom andre generalsekretæren til å arbeide vidare med saka. Regionale konfliktar kom meir i bakgrunnen enn tidlegare. Når det gjaldt Midtausten, vart Israels innlegg i større grad enn tidlegare oppfatta som ei utstrekt hand til FN og den arabiske verda, og det var mindre konfronterande utfall frå arabisk hald, med unntak av Iran. Nedkjemping av terrorisme var eit tema mange land la vekt på, ikkje minst Russland, som minna om behovet for å fullføre forhandlingane om ein internasjonal terrorismekonvensjon.

1.4 Komitéarbeidet

Arbeidet i 1. komité vart i stor grad prega av den feilslåtte tilsynskonferansen for avtala om ikkje-spreiing av kjernevåpen (NPT). Det er verdt å merke seg at det òg vart votert over ei rekkje resolusjonar som tidlegare vart vedtekne med konsensus. Intense toppmøteforhandlingar om utviklingsspørsmål førte til at lufta i nokon grad gjekk ut av 2. komité hausten 2005. Det var få spørsmål det var avgjerande viktig å verte samde om. Toppmøtet sette òg preg på arbeidet i 3. komité. Vanskelege forhandlingar før og under oppfølginga av toppmøtet førte til at dei vanlegvis heite og politiserte forhandlingane i komiteen vart meir dempa. Noreg presenterte heile tre resolusjonar under sesjonen: 1) CEDAW-resolusjonen, 2) resolusjon om vern av internflyktningar og 3) resolusjon om menneskerettsforsvararar. Alle resolusjonane fekk brei støtte. I 4. komité var det enno ein gong situasjonen i Midtausten som fekk størst merksemd. Reformprosessen sette òg preg på arbeidet i 5. komité, der det frå amerikansk og EU si side vart gjort koplingar mellom budsjettet og framgang i reformfreistnadene. Resultatet vart at i staden for eit vanleg vedtak om eit toårig budsjett, vart det i budsjettresolusjonen lagt inn ein mekanisme som inneber at generalsekretæren berre har fullmakt til å pådra organisasjonen økonomiske skyldnader for eit halvt års forbruk. Frå norsk side meinte vi at dette i utgangspunktet ikkje var noka god løysing for arbeidet i FN. Forhandlingane og debatten i 6. komité gjekk føre seg i ein konstruktiv atmosfære. Det vart vedteke ein tilleggsprotokoll om bruksområdet for FN-konvensjonen om vern av FN-personell til òg å gjelde humanitært og sivilt personell som deltek i FN-operasjonar.

1.5 Andre viktige saker. Oppfølginga av toppmøtet

Fredsbyggingskommisjon

Ein har lenge sett at det har vore eit gap med omsyn til FN sine aktivitetar i land som har kome ut av konflikt. FN har mangla dei naudsynte verktøya for å skape stabilitet og starte økonomisk og sosial vekst. Etter lange forhandlingar vart resolusjonen som operasjonaliserer toppmøtevedtaket om oppnemninga av ein fredsbyggingskommisjon, vedteken 20. desember. Forhandlingane som førte fram til vedtaket, var prega av dei same motsetningane som er omtalt ovanfor. Diskusjonen kom i stor grad til å dreie seg om rapporteringsliner, talet på medlemer og kven som skal ha plass i den organisatoriske komiteen. Det skapte negative reaksjonar at dei fem faste medlemene av Tryggingsrådet heldt på retten til fast plass i denne òg.

Menneskerettsrådet

Trass i ambisjonen til presidenten i Generalforsamlinga vart det ikkje semje om å oppnemne eit menneskerettsråd innan utgangen av året.

Etter lange forhandlingar vedtok FNs generalforsamling 15. mars 2006 å opprette eit MR-råd til erstatning for MR-kommisjonen. Resolusjonen blei etter krav frå USA vedteken med votering, der 170 statar stemte for, USA, Israel, Marshall-øyene og Palau stemte mot og 3 statar avstod frå å stemme. USA var uroa over samansettinga av rådet og ville ha garantiar for at det ikkje skulle bli dominert av land som er kjende for grove menneskerettsbrot.

Den viktigaste skilnaden frå dagens Menneskerettskommisjon, og det som gjer etableringa historisk, er at FNs menneskerettsarbeid er oppgradert, ved at Rådet no skal vere direkte underlagt Generalforsamlinga. Dessutan vil Menneskerettsrådet vere eit permanent organ og ikkje berre møtast til ein sesjon ein gong i året. Dette gjer at rådet på ein heilt annan måte enn kommisjonen kan overvake menneskerettssituasjonen i verda.

Reform av FNs administrasjon

Arbeidet med å reformere FNs administrasjon kom nokre steg vidare under den 60. generalforsamlinga. Det vart mellom anna oppnådd semje om å etablere eit etikk-kontor i sekretariatet, å oppnemne ein uavhengig rådgjevande revisjonskomité og å gje generalsekretæren fullmakt til å omrokere opptil 50 stillingar. Dette er berre ei byrjing, og medlemslanda, inkludert Noreg, har stilt krav om ytterlegare tiltak på dette viktige området.

Humanitære spørsmål

Under debatten om styrking av FN si samordning av humanitær hjelp tok Noreg og mange andre land opp behovet for nye strategiske grep i FN for å sjå humanitært samarbeid og langsiktig utviklingssamarbeid i samanheng. Semja om etableringa av eit oppgradert fond (Central Emergency Response Fund) representerte eit av dei konkrete oppfølgingsvedtaka frå toppmøtet i 2005.

FN-konvensjonen av 9. desember 1994 om vern av FN-personell og assosiert personell har vist seg å gi for snevert vern, særleg for humanitært og anna sivilt personell som deltek i FN-operasjonar. Forhandlingane om ein tilleggsprotokoll som utvidar bruksområdet for konvensjonen, vart sluttførde under den 60. generalforsamlinga, og protokollen vart vedteken med konsensus. Dette var eit viktig steg i arbeidet med å sikre trygge arbeidsvilkår for deltakarar i humanitære operasjonar.

Terrorisme

Vedtakinga av konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme i mai 2005 gav terrorismearbeidet i FN eit etterlengta løft etter mange år med stillstand når det gjeld spørsmålet om ein definisjon på terrorisme – det spørsmålet som står att og hindrar ein omfattande terrorismekonvensjon. Difor var det òg von om at ein under den 60. generalforsamlinga skulle kome fram til semje om definisjonsspørsmålet. Dette vart òg understreka i toppmøteerklæringa. Arbeidsgruppa makta ikkje å kome til semje om definisjonsspørsmålet, og forhandlingane om den omfattande konvensjonen held fram våren 2006.

1.6 Samarbeidet med andre land og grupper

Noreg har også under den 60. generalforsamlinga lagt stor vekt på samarbeidet med andre land og grupper som til dømes EU. I tillegg til å framføre norske synspunkt i alle fora der reform vart drøfta, fekk Noreg under innspurten av toppmøteforhandlingane oppgåva med å representere Norden. Dette utgjorde ei ny side ved det nordiske samarbeidet i FN, som utvilsamt har vorte svekt etter at dei andre nordiske landa (med unntak av Island) vart medlemer i EU. Norden utgjer framleis ei gruppe som i somme tilfelle kan opptre på eiga hand, og då innanfor dei rammene som EU-samarbeidet set for dei nordiske EU-medlemene. Samarbeidet med einskilde NAM-land (særleg afrikanske land) om reformspørsmål vart vidareutvikla under sesjonen.

Det er framleis naturleg for Noreg å samarbeide nært med EU, som utvilsamt er eit tyngdepunkt i Generalforsamlinga. Noreg står difor relativt ofte tilslutta EU-innlegg. I tillegg deltek vi aktivt i JUSCANZ (Vestgruppa utanom EU).

Til forsida