St.meld. nr. 16 (2005-2006)

Om samarbeidet i NATO i 2005

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Det transatlantiske samarbeidet i NATO gjennomgjekk ei klar betring i 2005. Under det uformelle toppmøtet i Brussel 22. februar vart det lagt for dagen brei politisk vilje til å betre atmosfæren i det transatlantiske samkvemmet og til å styrkje samarbeidet både i politiske og militære spørsmål innanfor NATO. Under toppmøtet gav president Bush klare signal i den lei, noko som også spegla eit sterkt ønske hos dei europeiske allierte. Denne politiske viljen frå begge sider av Atlanteren kom til å prege arbeidet i NATO gjennom heile 2005. Frå amerikansk side vart det ført ein aktiv NATO-politikk. Ei rekkje nye og til dels vidtrekkande initiativ blei lagde fram både frå amerikansk og europeisk side.

Samarbeidet mellom NATO og EU var framleis fastlåst og avgrensa i heile 2005. Utvidinga av EU førte til tyrkisk motstand mot formelle møte med deltaking frå kypriotisk side. Samtidig ønskte nokre tonegjevande allierte EU-land å avgrense samarbeidet mellom dei to organisasjonane. Siktemålet til desse landa var å byggje ut den sjølvstendige rolla til EU og å avgrense den amerikanske innverknaden på europeisk politikk. Ein makta difor ikkje å utvikle den strategiske partnarskapen mellom NATO og EU, som Noreg og eit fleirtal av dei allierte meiner er viktig. Eit gledeleg trekk i året som gjekk, var etableringa av ei permanent militær liaisonordning mellom dei to organisasjonane.

Derimot har samarbeidet med andre organisasjonar utvikla seg positivt. Ved å støtte Den afrikanske unionen (AU) i operasjonen i Sudan (AMIS) har NATO innleidd eit samarbeid med AU. NATO-innsatsen i Darfur og etter jordskjelvet i Pakistan har òg medverka til eit nærare operasjonelt samarbeid med FN og fleire av særorgana i FN.

Året 2005 vart spesielt krevjande på operasjonssida. Alliansen heldt fram med å byggje ut stabiliseringsoperasjonen i Afghanistan (ISAF), og vidareførte operasjonen i Kosovo (KFOR), treningsmisjonen i Irak (NTM-I) og den maritime over­vakingsoperasjonen i Middelhavet (OAE). Parallelt med dette vedtok NATO å gå inn i to nye operasjonar i tillegg til den kortvarige støtta til USA i samband med orkanen Katrina. Etter oppmoding frå pakistanske styresmakter og FN tok alliansen del i det humanitære bistandsarbeidet etter jordskjelvkatastrofen som råka Pakistan i oktober. Etter oppmoding frå FN og AU sette NATO i samarbeid med EU i verk transport- og opplæringsstøtte til AMIS-operasjonen i Darfur. Både politisk og økonomisk støtta Noreg aktivt opp om NATO-innsatsen i den humanitære operasjonen i Pakistan og i AU-operasjonen i Darfur. Frå norsk side vart det lagt avgjerande vekt på at NATO-innsatsen i Pakistan måtte føre til meirverdi og ikkje skape eit konkurranseforhold til andre internasjonale aktørar.

Semja som vart oppnådd på utanriksministermøtet 7. og 8. desember 2005 om å opne for utvida NATO-nærvær i den sørlege og seinare den austlege delen av Afghanistan, stilte NATO overfor ei stor utfordring både tryggingsmessig og ressursmessig. Vedtaket inneber at ISAF-operasjonen i løpet av sommaren 2006 blir utvida frå ca. 9 000 til 16 000 soldatar. I alliansevedtaket låg det òg ei semje om å ta på seg utvida oppgåver i samband med opplæring av hæren og politiet i Afghanistan og om auka deltaking i kampen mot narkotikavondet. Samtidig som alliansen vedtok å gå inn på meir utfordrande område tryggingsmessig sett, vart den generelle tryggingssituasjonen i Afghanistan verre. Talet på sjølvmordsaksjonar og andre angrep auka gjennom året. I februar 2006 gjekk væpna demonstrantar til angrep på den norsk-finske leiren i byen Meymaneh i det nordvestlege Afghanistan, og fleire norske soldatar vart såra.

Utviklinga i samarbeidet mellom NATO og Russland gjekk sakte i 2005. Den politiske dialogen var framleis vanskeleg. I det praktiske samarbeidet var det derimot viktige lyspunkt. Det vart til dømes vedteke at NATO og Russland skal samarbeide om eit pilotprosjekt for kamp mot narkotika i Sentral-Asia og Afghanistan. Noreg er ein av dei største bidragsytarane til prosjektet, som etter planen skal komme i gang i 2006. Etter russisk initiativ vart utanriksministrane frå Russland og NATO-landa 8. desember einige om å sjå nærare på samarbeidet i NATO/Russland-rådet (NRC) med sikte på å gjere opp status og stake ut kursen vidare.

Samarbeidet mellom NATO og Ukraina utvikla seg vesentleg etter regimeskiftet i landet i byrjinga av 2005. Allereie våren 2005 vart det sett i gang ein såkalla intensivert dialog med Ukraina. Dei noverande ukrainske styresmaktene ønskjer seg deltaking i det medlemskapsførebuande programmet ( Membership Action Plan – MAP) i 2006 og full medlemskap i 2008. Frå NATO-hald blei det understreka at eit klart vilkår for MAP-status og seinare medlemskap vil vere at Ukraina gjennomfører tilstrekkelege politiske, økonomiske og forsvarsmessige reformer.

Samarbeidet mellom NATO og partnarlanda utvikla seg mykje i løpet av året. Ikkje minst gjaldt dette samarbeidet med land i Middelhavsregionen og i Midtausten. I 2005 omfatta partnarsamarbeidet praktisk samvirke og politisk dialog med meir enn 30 ikkje-allierte statar. Fleire partnarar ytte dessutan viktige bidrag til NATO-operasjonar. Auken i talet på partnarland, meir varierande behov hos partnarane og eit stadig sterkare ønske blant dei allierte om å vidareutvikle samarbeidet, førte til at det i 2005 gradvis vart fokusert meir på korleis partnarskapsordningane kan gjerast meir formålstenlege. Utviklinga i samarbeidet med partnarlanda og andre samarbeidsland vil difor bli ei hovudsak i tida framover.

Arbeidet med å omforme dei militære evnene slik at NATO kan bli betre skikka til å møte nye tryggingsutfordringar, heldt fram i 2005. Det knytte seg stor interesse til hurtigreaksjonsstyrken ( NATO Response Force – NRF), som er venta å nå full operativ kapasitet hausten 2006. Arbeidet med å sikre tilstrekkelege styrkebidrag både til NRF og til NATO-operasjonane elles var ei stor utfordring for Alliansen også i fjor. Som følgje av dei aukande problema med å skaffe fram viktige militære styrkekomponentar kom spørsmålet om endra finansieringsformer stadig meir i fokus i løpet av fjoråret.

Til forsida