St.meld. nr. 16 (2005-2006)

Om samarbeidet i NATO i 2005

Til innhaldsliste

3 NATO-operasjonar

3.1 Afghanistan

Gjennomføringa av parlaments- og provinsvalet 18. september 2005 var svært vellukka, og Afghanistan fekk ei demokratisk vald nasjonalforsamling. Nærværet til NATO-stabiliseringsstyrken (ISAF) vart forsterka i samband med valet, og styrken spela ei viktig rolle i arbeidet med å sikre ro og orden.

I 2005 vart det fatta ei rekkje viktige vedtak om NATO-engasjementet i Afghanistan. Ansvarsområdet til ISAF vart i august utvida til den vestlege delen av landet. Deretter vedtok utanriksministrane i NATO den 8. desember ein revidert operasjonsplan for ISAF. Denne planen la grunnlaget for ytterlegare utviding til det sørlege Afghanistan sommaren 2006, og seinare til dei austlege delane av landet. Planen innebar òg at NATO tok på seg eit utvida ansvar for trening og opplæring av hæren og politiet i Afghanistan, og forplikta seg til ei noko større deltaking i kampen mot narkotikavondet. Frå norsk side har ein heile tida lagt stor vekt på at NATO må styrkje samarbeidet både med nasjonale og lokale styresmakter og med andre internasjonale aktørar som FN, EU, G8 og ikkje-statlege organisasjonar.

ISAF vil stå overfor ein ny og vanskelegare tryggingssituasjon i det sørlege Afghanistan. Styresmaktene har hatt mindre kontroll i desse områda enn i dei nordlege og vestlege delane av landet, og opprørsgrupper har ofte stått i væpna konflikt med dei amerikanskleidde koalisjonsstyrkane (OEF) som opererer i området. Utvidinga av ISAF sørover stilte difor krav til meir robuste styrkar.

Gjennom ein omfattande prosess lukkast det NATO å skaffe fram det aller meste av dei styrkane som vert rekna som nødvendige for utvidinga sørover. Det er venta at alliansen og andre troppebidragsytarar vil ha omlag 16 000 soldatar i ISAF frå sommaren 2006.

NATO tok i 2005 til med eit arbeid for å få på plass ein avtale med Afghanistan om behandling av fangar både før og etter overlevering til afghanske styresmakter. Denne avtalen vil komme i tillegg til eventuelle bilaterale avtalar mellom enkelte allierte, deriblant Noreg, og Afghanistan. Frå norsk side blei det lagt stor vekt på at ein avtale mellom NATO og afghanske styresmakter må vere solid forankra i folkeretten og internasjonal humanitær rett.

Den 1. september 2005 tok Noreg over leiaransvaret for ISAFs gjenoppbyggingsteam ( Provincial Reconstruction Team – PRT) i Meymaneh nord i Afghanistan. Som året før låg det norske hovudbidraget i Kabul, der Noreg mellom anna leidde ein av dei tre bataljonane som har hatt ansvar for tryggleiken i hovudstaden. Regjeringsvedtaket om å samle innsatsen i det nordlege Afghanistan medførte at det norske engasjementet i Kabul i all hovudsak vil opphøyre tidleg i 2006. Styrkane i Kabul blir overførte til byen Mazar-i-Sharif i det nordlege Afghanistan. Det norske styrkebidraget vil i hovudsak vere engasjert her, forutan i gjenoppbyggingsteamet i Meymaneh. I Mazar-i-Sharif vil Noreg mellom anna bidra med ein hurtigreaksjonsstyrke, sanitetspersonell og logistikkelement. Regjeringa vedtok vidare å sende fire F-16 jagarfly til ISAF for ein periode på tre månader våren 2006.

Fleire norske soldatar vart såra då det norskleidde gjenoppbyggingsteamet i Meymaneh vart utsett for åtak den 7. februar 2006. Ein hurtigreaksjonsstyrke frå Mazar i-Sharif vart flogen inn for å roe ned situasjonen og forsterke teamet. Det norske og finske personellet svara på åtaka på ein profesjonell måte, med god balanse mellom atterhald og fastleik. Denne reaksjonsmåten hausta mykje ros både frå dei militære NATO-styresmaktene og andre ISAF-land. Etter åtaket vart det sett i verk tiltak for å gjere gjenoppbyggingsteamet betre skikka til å forsvare seg og til å ta imot forsterkingar. Likeins vart det lagt vekt på tiltak for å sikre eit best mogeleg tilhøve til lokalbefolkninga og lokale styresmakter.

Episoden illustrerer at ein må vere førebudd på uro også i delar av Afghanistan som har vore rekna som relativt stabile. Ei årsak til det er at eit sterkare ISAF-nærvær lett kjem i konflikt med lokale krigsherrar og maktstrukturar. Det er dessutan mykje som tyder på at striden rundt Muhammed-karikaturane ikkje er ei isolert hending, men eit symptom på ei ibuande spenning i Afghanistan og regionalt, skapt av det aukande vestlege engasjementet i området. Handtering av denne utfordringa blir viktig i tida som kjem.

Narkotika var i 2005 framleis den største trusselen mot eit stabilt Afghanistan. Over 90 prosent av heroinen som blir omsett i Noreg og andre europeiske land, kjem opphavleg frå Afghanistan. Det er svært viktig at Noreg og det internasjonale samfunnet held fram med å støtte dei afghanske styresmaktene i kampen mot dette vondet.

London-konferansen om Afghanistan 31. januar og 1. februar 2006 viste brei internasjonal semje om at afghanarane sjølve i større grad må få ansvar for gjenoppbygging og utvikling av landet. NATO og afghanske styresmakter vart i London samde om eit samarbeidsprogram for utvida NATO-innsats m.a. innan tryggingssektorreform, grensesikring og tiltak mot menneskehandel og narkotika.

3.2 Balkan

3.2.1 Kosovo

Hovudoppgåva til den NATO-leidde styrken i Kosovo (KFOR) var også i 2005 stabilisering av provinsen og assistanse til FN-administrasjonen (UNMIK). KFOR var ved utgangen av fjoråret framleis den største NATO-operasjonen med om lag 17 000 soldatar. Som følgje av dei valdelege opptøyane i mars 2004 vedtok NATO å behalde styrkenivået i KFOR inntil vidare. Det norske bidraget til KFOR var i 2005 talmessig heller lite, etter at det tidlegare helikopterbidraget i juni vart bytt ut med eit mindre etterretningselement. Den norske innsatsen er høgt verdsett av KFOR-leiinga.

Medio 2005 blei det vedteke å gje KFOR ein såkalla «Task Force»-struktur med robuste og svært mobile styrkar direkte underordna leiaren for heile operasjonsområdet, i staden for fleire brigadar med kvar sitt geografiske ansvarsområde. Målet var å skape ein fleksibel struktur og å gjere det mogeleg å disponere styrkane meir effektivt. Omlegginga til ein slik ny struktur er planlagd sluttført hausten 2006.

På oppdrag frå generalsekretæren i FN utarbeidde den norske NATO-ambassadøren Kai Eide sommaren 2005 ein rapport om situasjonen i Kosovo. Hovudkonklusjonen var at tida var inne for å gå i gang med forhandlingar om framtidig status for Kosovo, trass i at dei vedtekne «standardane», særleg med omsyn til situasjonen for minoritetane og respekten for lov og orden, ikkje var tilfredsstillande gjennomførte. Rapporten blei drøfta i tryggingsrådet i FN 24. oktober, og tilrådingane fekk full støtte av tryggingsrådsmedlemmene. Den tidlegare finske presidenten Martti Ahtisaari blei i november utnemnd av generalsekretæren i FN til å leie statusforhandlingane.

I dei innleiande forhandlingane hadde partane diametralt motsette syn på statusspørsmålet. Styresmaktene i Beograd markerte sterk og unison motstand mot eit uavhengig Kosovo, og tok til orde for «meir enn autonomi, mindre enn sjølvstende». På kosovoalbansk side meinte ein like sterkt og unisont at statusprosessen berre kunne ha eitt akseptabelt utfall, nemleg sjølvstende.

Frå norsk side blei det lagt vekt på at det parallelt med statusprosessen framleis må haldast eit skarpt auge med gjennomføringa av standardane for styrking av demokratiet, respekt for lova og fleiretnisitet. Noreg har vidare understreka det viktige i at prosessen blir gjennomført på ein slik måte at stabiliteten i regionen aukar, også på lengre sikt, og at ei politisk løysing på statusspørsmålet i Kosovo må sikre rettane til alle grupper og individ.

I tillegg har Noreg lagt stor vekt på at den internasjonale dialogen med Beograd må styrkjast, og at det må leggjast til rette for auka samarbeid med Serbia og Montenegro. Målet må vere å integrere Serbia og Montenegro i dei euroatlantiske samarbeidsstrukturane så snart dei grunnleggjande krava frå det internasjonale samfunnet, mellom anna om utlevering av ettersøkte krigsforbrytarar, er innfridde. I første omgang inneber dette deltaking i Euroatlantisk samarbeidsråd og Partnarskap for fred (EAPC/PFP).

Noreg heldt i 2005 fram som såkalla NATO-kontaktambassade i Beograd. NATO og regjeringa i Serbia og Montenegro underteikna i juli ein avtale som gjer at serbisk-montenegrinsk territorium kan brukast ved transport av KFOR-styrkar og materiell inn i Kosovo. Avtalen vart ratifisert av det serbisk-montenegrinske parlamentet i november 2005.

3.2.2 Bosnia-Hercegovina

NATO-operasjonen i Bosnia-Hercegovina (SFOR) vart avslutta i desember 2004 og erstatta av ein EU-leidd styrke (EUFOR) på om lag 7 000 soldatar. Operasjonen byggjer på dei såkalla «Berlin Pluss»-ordningane, som opnar for NATO-støtte til militære operasjonar som EU planlegg og leier. NATO vidareførte nærværet i Bosnia-Hercegovina med eit nytt hovudkvarter i Sarajevo. Oppgåva til dette hovudkvarteret var først og fremst å hjelpe til med forsvarsreformer for å gjere landet betre rusta til eventuell deltaking i partnarsamarbeidet i NATO. Alliansen støtta dessutan EU innanfor etterretning og i arbeidet med å spore opp personar som er ettersøkte av Den internasjonale forbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY). Også for Bosnia-Hercegovina sin del er det eit norsk ønske at landet må bli integrert i det euroatlantiske samarbeidet så snart krava frå det internasjonale samfunnet er innfridde.

3.3 Irak

Etter at NATO-treningsmisjonen i Irak (NTM-I) vart oppretta under NATO-toppmøtet i Istanbul 28.-29. juni 2004, har striden om Irak komme i bakgrunnen innanfor alliansen. Alle allierte medverka til treningsmisjonen i 2005, anten gjennom deltaking med personell til opplæringa i Irak, støtte til treningsaktivitetar utanfor Irak, finansielle bidrag til opplæring eller materiellstøtte til den irakiske hæren.

Opninga av NATO-treningssenteret ved Ar Rustamiyah utanfor Bagdad hausten 2005 representerte eit viktig skritt i det langsiktige alliansearbeidet for reformer i tryggingssektoren og opplæring av irakiske styrkar. Opplæringa omfatta m.a. leiing, kommandofunksjonar, samarbeid mellom forsvar og politi, kurs med tanke på å styrkje den demokratiske kontrollen med irakiske styrkar, budsjettkontroll og krigsfolkerett. Noreg la stor vekt på at NATO-aktivitetane må koordinerast med FN og EU.

Den vanskelege tryggingssituasjonen i Irak i 2005 forseinka enkelte aktivitetar, men hadde likevel ingen avgjerande innverknad på arbeidet ved treningsmisjonen. Den irakiske eigarskapen til opplæringa blei styrkt i løpet av året, og treningsfasilitetane inngår no som ein del av det irakiske National Defence University . Irakiske offiserar og styresmakter har lagt vekt på at NATO-innsatsen står fram som eit breitt alliert prosjekt med eit sterkt europeisk innslag.

Diskusjonen om Irak i 2005 dreia seg i stor grad om finansieringsspørsmål. Enkelte allierte var restriktive med omsyn til fellesfinansiering av NTM-I, og ønskte inga utviding av aktivitetane. Finansieringa blei difor i stor grad basert på frivillige bidrag. Dette skapte problem med den langsiktige planlegginga av opplæringa. Noreg bidrog med 150 000 euro til NATO-støttefondet for treningsmisjonen i 2005. Eit anna sentralt spørsmål var vernet av NATO-aktivitetane. Då dei allierte viste manglande evne og vilje til å stille med styrkevern, såg ein seg nøydd til å leige inn eit privat tryggingsfirma. Dette var første gongen denne typen NATO-oppdrag er sett bort til sivile kontraktørar. I oktober 2005 blei det vedteke å trekkje heim norske offiserar frå treningsmisjonen i Irak. Ved utgangen av 2005 var alle personar trekte ut.

3.4 NATO-operasjonen i Middelhavet

Patruljerings- og overvakingsoperasjonen for skipstrafikken i Middelhavet ( Operation Active Endeavour – OAE) heldt fram gjennom 2005. OAE blei sett i verk etter terroråtaka i USA 11. september 2001, og er basert på artikkel 5 i Atlanterhavspakta. Operasjonen er ein del av den kampen NATO fører mot internasjonal terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen.

Dei allierte diskuterte i 2005 kor vidt OAE burde vidareførast som ein artikkel-5-operasjon, eller om ein skulle basere operasjonen på eit anna grunnlag. Siktemålet med eit eventuelt nytt og mindre forpliktande mandat var å gjere det enklare for ikkje-allierte å ta del i operasjonen. Men i tillegg til at nokre allierte ønskte å halde på artikkel 5 som grunnlag, viste fleire partnarar, mellom desse Russland og Ukraina, interesse for å delta trass i mandatet etter artikkel 5. Det vart difor vedteke å halde på det opphavlege mandat. I 2005 vart arbeidet med førebuing til russisk deltaking i OAE vidareført, og det er venta at Russland vil slutte seg til operasjonen i løpet av 2006. Russisk deltaking vil vere eit viktig steg vidare i samarbeidet mellom Russland og NATO. I tillegg har også middelhavspartnarar som Israel og Algerie ytra ønske om å delta i operasjonen. I tillegg til antiterrorfunksjonen kan OAE dermed fungere som eit instrument for styrking av det militære samarbeidet mellom NATO og partnarstatane.

Noreg deltok i OAE frå september til november 2005 med eit Orion overvakingsfly. I tillegg støtta vi operasjonen med ein ubåt og ein fregatt i kortare periodar, og fire missiltorpedobåtar (MTB) var på heimeberedskap i fem månader frå august 2005 til januar 2006. Frå norsk side har vi frå før sendt ubåtar, fregattar og MTB-ar.

3.5 Sudan

Den 26. april 2005 bad Den afrikanske unionen (AU) om bistand frå NATO til AU-operasjonen i Darfur ( African Mission in Sudan – AMIS). Få veker seinare etablerte NATO eit militært liaisonelement i Addis Abeba for å førebu flytransporten av AMIS-styrkar til Darfur og for å lære opp AU-offiserar ved operasjonssentralen i Addis Abeba og ved hovudkvarteret for AMIS i El Fasher. NATO gjennomførte flytransporten av seks av i alt sju bataljonar fram til oktober 2005. NATO-engasjementet vart vidareført i 2006. Ein ny rotasjon av troppar med opplæring av personell skal etter planen gjennomførast våren 2006. NATO samarbeidde med EU om å støtte AMIS.

Noreg ytte ein halv million euro i lufttransportstøtte til AU. Saman med eit britisk bidrag vart det norske tilskotet brukt til transport av tre nigerianske bataljonar med avdelingsmateriell til Darfur.

I juni 2005 vart Noreg av generalsekretæren i NATO bede om å hjelpe til ved å ta ansvar for den sivile sida av samarbeidet mellom NATO og AU. Denne oppgåva blei lagd til den norske ambassaden i Addis Abeba. Ambassaden har arbeidd side om side med NATOs militære liaisonelement og vore ansvarleg for den daglege kontakten mellom NATO og AU. Både generalsekretæren og dei militære leiarane for alliansen har sagt seg svært nøgde med den norske liaisonrolla. Det at Noreg i ei årrekkje har støtta AU i arbeidet for fred og tryggleik, har skapt kontaktar og eit truverde som har vist seg nyttig også i denne samanhengen.

Ei eventuell vidareføring og utviding av alliansen si rolle i Darfur vil mellom anna vere avhengig av eit ønske frå AU og FN om slik støtte, og av formell førespurnad og aksept frå regjeringa i Sudan. Ei eventuell utvida rolle for NATO vil krevje tett koordinering og samarbeid med både FN og EU i tillegg til AU. Frå norsk side er det lagt stor vekt på at ein eventuell operasjon må ha ein klar afrikansk eigarskap og vere basert på afrikanske behov. Ei mogeleg utvida NATO-rolle må ha som siktemål å gjere ein afrikanskdominert styrke så effektiv som råd er.

3.6 NATO som humanitær aktør

Med deltakinga i hjelpeinnsatsen etter orkanen Katrina i USA i september, og etter jordskjelvskatastrofen i Pakistan i oktober 2005, var NATO for første gong direkte involvert i humanitære hjelpeoperasjonar.

På oppmoding frå amerikanske styresmakter sette alliansen 9. september 2005 i verk NATO Katrina Support Operation for frakt av naudhjelpsutstyr til dei orkanherja områda i dei sørlege delane av USA. Dette var første gongen element frå hurtigreaksjonsstyrken NRF, som enno ikkje var fullt operativ, blei tekne i bruk.

Etter oppmoding frå pakistanske styresmakter og frå FN vedtok NATO 11. oktober, tre dagar etter jordskjelvet, å setje i verk ein operasjon for å hjelpe offera for katastrofen. Støtta frå NATO bestod i hovudsak av lufttransport av materiell, utplassering av feltsjukehus og av ingeniørstyrkar. I denne samanhengen vart det gjort bruk av meir omfattande element frå NRF. NATO konsentrerte lufttransporten om bistand frå UNHCR og FNs matvareprogram. Frå norsk side blei det ytt eit bidrag på 10 millionar kroner til finansiering av flytransporten. Ingeniørstyrkane vart sette i arbeid med reparasjon av infrastruktur og opprydding etter jordskjelvet. Den humanitære innsatsen blei høgt verdsett av pakistanske styresmakter, og viste at NATO kan spele ei rolle som humanitær aktør.

NATO-innsatsen i Pakistan førte til ein diskusjon om alliansen si rolle i humanitære kriser. Somme allierte stilte seg skeptiske til ei slik rolle, i tråd med ein generell motvilje mot at NATO skal ta på seg anna enn reint militære oppgåver. Det store fleirtalet allierte meinte derimot at NATO må kunne stille ressursar til rådvelde dersom alliansen kan vere med på å redde liv og redusere lidingar ved katastrofar av større omfang. Noreg stilte seg positivt til ei rolle for NATO i humanitære krisesituasjonar, samtidig som ein har lagt vekt på at NATO ikkje må ta på seg oppgåver som andre instansar kan gjere betre. Hjelpeinnsatsen måtte òg gje meirverdi i det samla hjelpearbeidet. Vidare vart det frå norsk side understreka at NATO-innsatsen må skje i nært samarbeid med styresmaktene i landet som er råka, og med relevante FN-organ og andre bidragsytande aktørar.

Til toppen
Til forsida av dokumentet