St.meld. nr. 17 (1997-98)

Om Telenor AS si verksemd

Til innholdsfortegnelse

1 Samandrag

I samsvar med det etablerte styringsopplegget for Telenor AS legg Samferdselsdepartementet med dette fram ei melding om selskapet si verksemd.

Departementet handsamar ikkje allmenne reguleringsspørsmål i denne meldinga, men viser til St.prp. nr. 70 (1995-96) Om avvikling av resterende eneretter i telesektoren, jf. Innst. S. nr. 284 (1995-96). Fordi reguleringsordningane utgjer ein sentral del av Telenor sine rammevilkår blir det likevel gitt ei kort skisse av utviklinga i regelverket.

Framlegget frå departementet er basert på Telenors plandokument for 1997 som følgjer som trykt vedlegg til denne meldinga. Planen gjeld for perioden 1997-99.

Hovudmålet for telepolitikken er at alle husstandar og bedrifter over heile landet skal få grunnleggjande teletenester av høg kvalitet og til lågast moglege prisar. Verksemda til Telenor er viktig for å kunne oppfylle dette målet. For å sikre eit likeverdig tilbod av tenester vil Regjeringa vidareføre Telenor si plikt til å levere tenester til heile landet, sjølv om tenestene ikkje overalt gir grunnlag for bedriftsøkonomisk lønsemd. Gjennom ei særskilt maksimalprisordning som blei innført frå 1.1.97, er Telenor vidare forplikta til å prise dei pålagde landsdekkjande tenestene innafor ei ramme som skal sikre årlege reduksjonar i realprisane til kundane i alle delar av landet. Samferdselsdepartementet er om nødvendig innstilt på å nytte denne ordninga for å motverke politisk uakseptable skilnader i prisane landsdelane i mellom.

Tele/IT er eit avgjerande hjelpemiddel på stadig fleire område i eit samfunn med høge krav til rask, effektiv og påliteleg kommunikasjon. Både dei store industrikonserna med brei internasjonal verksemd og dei mindre bedriftene ute i distrikta er avhengig av gode tele/IT-løysingar. Regjeringa legg til grunn at Telenor skal bidra til å sikre at verdiskapinga innan moderne telekommunikasjon kjem heile det norske samfunn til gode. For å oppfylle denne oppgåva meiner Samferdselsdepartementet at det må leggjast tilrette for at Telenor framleis kan vere ein sterk og konkurransedyktig aktør som stadig er på høgde med utviklinga innan sin bransje. Dette krev mellom anna at Telenor vidarefører eit høgt nivå og breidt omfang på sine forskings- og utviklingsaktivitetar og såleis bidrar til å sikre eit sterkt nasjonalt FoU-miljø innan telekommunikasjon/IT-sektoren.

Fram til i dag har styresmaktene pålagt Telenor samfunnsoppgåver som motyting for einerettar i telesektoren. I ein situasjon med generell konkurranse vil oppfylling av dei telepolitiske måla måtte skje ved bruk av andre verkemiddel som generelle reguleringar og konsesjonskrav og ved offentleg kjøp av spesielle samfunnstenester. Sikring av likeverdige konkurransevilkår krev i utgangspunktet at meirkostnader knytte til samfunnspålegg anten blir dekte av det offentlege eller fellesfinansierte av aktørane i marknaden. Regjeringa vil vurdere ei ordning med aktørfinansiering av dei pålagde landsdekkjande tenestene i 1998 for eventuell innføring frå 1999. Inntil vidare vil Regjeringa påleggje Telenor å levere landsdekkjande tenester på grunn av verksemda si dominerande stilling i marknaden. Når det gjeld dei spesielle samfunnspålagde oppgåvene, som naud- og tryggingstenesta knytt til kystradioen, ytingar vedrørande Svalbard og ytingar til totalforsvaret, blir desse frå 1998 finansierte over statsbudsjettet.

Regjeringa ønskjer at Telenor skal vere ein leiande aktør på den norske tele-/IT-marknaden. Slik Regjeringa ser det vil eit sterkt og konkurransedyktig Telenorkonsern framleis vere den beste garantien for at moderne tele- og IT-tenester kjem alle kundar over heile landet til gode. Det er likevel grunn til å understreke at i ein situasjon med generell konkurranse kan ikkje styresmaktene lenger bruke Telenor som eit spesielt sektorpolitisk instrument. Selskapet vil som leiande aktør framleis ha viktige oppgåver i sjølve gjennomføringa av telepolitikken, men det må vere slik at Telenor baserer si leiande stilling i marknaden på konkurransekraft. Regjeringa ser det som viktig at konkurransen blir verksam og vil gjennom regelverket sikre mot uheldig utnytting av dominerande stilling i marknaden.

For å oppfylle det telepolitiske hovudmålet om landsdekkjande tilbod av gode og billege tenester har det gjennom Telenor over lang tid blitt gjennomført store investeringar i ny og kostnadsreduserande teknologi. Investeringane har gjort det nødvendig med store og krevjande omstillingar i form av omorganiseringar og endringar i lokaliseringmønster for verksemda. Satsingane og omstillingane har gjort det mogleg å gjennomføre store prisreduksjonar på teletenester i Noreg på 1990-talet. Gjennomsnittsprisane på telefoni er halvert i denne perioden, og prisane på fjernsamtalar spesielt er redusert med over 70 pst. T.d. kosta ein fjernsamtale på 10 minutt på dagtid i 1989 27 kr. og 50 øre, medan tilsvarande samtale i dag kostar 6 kr. og 40 øre.

Låge prisar og effektive teletenester over heile landet er Telenor sitt viktigaste bidrag til å oppfylle Regjeringa sitt mål om å oppretthalde ein desentralisert befolknings- og næringsstruktur i Noreg. Trenden i retning av lågare og meir avstandsuavhengige prisar vil venteleg halde fram i tida framover. Fjerntaksten og lokaltaksten vil truleg nærme seg kvarandre endå meir, og det same gjeld prisane på fasttelefoni og mobiltelefoni. Regjeringa legg vekt på at tenestetilbodet til Telenor skal tilfredsstille kundane sine krav og forventingar til kvalitet og service i alle regionar. Regjeringa legg til grunn at vidare effektivisering av verksemda ikkje skal gå ut over nivået på service og kvalitet på tenestene i nokon region av landet. Samferdselsdepartementet vil følgje utviklinga nøye på dette området. Telenor si evne til å utvikle og levere produkt og tenester med god kvalitet og service vil vere ein avgjerande faktor for konkurranseevna til konsernet i åra som kjem. Samferdselsdepartementet vil difor lage ei eiga utgreiing om mål og resultat for kvalitet og service.

Telenor må ha stor handlefridom til å velje verkemiddel mellom anna med omsyn til organisering og bemanning av verksemda. Regjeringa legg til grunn at Telenor framleis nyttar teknologien til å oppretthalde desentraliserte lokaliseringar der det er grunnlag for det.

Teleteknologien har ulike eigenskapar som stimulerer til både sentralisering og desentralisering. Sentraliseringa kjem i første rekkje ved at fleire og fleire funksjonar blir tekne over eller baserte på datamaskinar og programvare som gjer det mogleg å ta ut effektiviseringsgevinstar ved å konsentrere oppgåver til færre stader, utan at det går utover kvalitets- og servicenivået. Trekk ved utviklinga som verkar i desentraliserande retning er at tenestetilbodet blir breiare og meir tilgjengeleg over store avstandar mellom anna ved at kapasiteten aukar og ved at prisane blir meir og meir uavhengig av avstand.

Departementet vil peike på at effektiv ressursbruk òg er eit hovudmål for telepolitikken. Sett i samanheng med den nye konkurransesituasjonen på teleområdet tilseier dette at Telenor stadig må greie ut og setje i verk tiltak for oppnå ei meir effektiv drift. Det er likevel grunn til å tru at behovet for omstillingar framover vil kunne bli mindre enn tidlegare på 1990-talet. Departementet vil framleis leggje stor vekt på at effektiviseringstiltaka blir gjennomførte på ein måte som gjer at ein kan unngå oppseiingar, og at ein får til ein best mogleg distriktsmessig lokaliseringprofil til trass for at det er nødvendig å konsentrere kjerneverksemda til færre stader. Telenorkonsernet har framleis ein svært desentralisert lokaliseringstruktur med arbeidsplassar i 125 kommunar i landet.

Sjølv om teknologi og konkurransesituasjon legg klare føringar, vil Telenor framleis ha vesentleg handlefridom til å velje effektive og lønsame desentrale løysingar. Samferdselsdepartementet vil understreke at Telenor framleis skal vere ei føregangsbedrift for å få til slike løysingar.

Innføring av konkurranse på alle delar av telemarknaden frå årsskiftet inneber at Telenor etter kvart kjem til å tape delar av marknaden i Noreg. For å oppretthalde ein stor og konkurransekraftig norsk teleoperatør meiner departementet at det er nødvendig å gi Telenor høve til å kompensere for dette ved å ekspandere i utlandet.

Regjeringa vil likevel understreke at Telenor sin primære marknad skal vere Noreg og norske kundar. Frå Regjeringa si side er det óg ein klar føresetnad at den internasjonale satsinga ikkje skal gå utover oppgåveløysinga i Noreg. Departementet vil peike på at det er ein avansert heimemarknad som har lagt grunnlag for det potensialet Telenor no har til å gjere gode forretningar i utlandet. Vekstambisjonane i utlandet må ikkje føre til at det blir satsa mindre på å utvikle avanserte og gode løysingar for kundane i Noreg. Samtidig er det grunn til å peike på at ein strategi der Telenor ikkje satsar utanfor Noreg inneber ein stor risiko for at selskapet blir isolert til ein relativt liten marknad, i ein global industri der stadig fleire kundar etterspør globale løysingar. Selskapet si evne til å utvikle seg og halde oppe konkurransekraft på ein marknad som blir stadig meir internasjonal krev eit breiare marknadsgrunnlag. Aktivitetane ute skal bidra til å oppretthalde rolla som leiande tele-/IT-selskap i Noreg.

Gjennom satsinga i utlandet gir ein også norskutvikla kompetanse ein sjanse til å verke til det beste for ei framtidig næring som truleg vil ha mykje å seie for utvikling av næringsstrukturen i landet vårt. Regjeringa ser det som viktig å utnytte slike nasjonale konkurransefordelar. Aktiv deltaking og påverknad no er det sikraste verkemiddel for langsiktig utviklingskraft og framtidige posisjonar både på heimemarknaden og internasjonalt.

På bakgrunn av Telenors relative storleik og dermed avgrensa evne til å bere risiko, er det óg ein føresetnad at internasjonale investeringar som hovudregel skal skje gjennom deltaking i konsortium og/eller alliansar.

Samferdselsdepartementet meiner at satsinga i utlandet også vil bidra til å sikre dei overordna telepolitiske måla om effektive og landsdekkjande tenester til rimelege prisar, fordi det truleg i lang tid berre vil vere eit sterkt og konkurransedyktig Telenor som kan løyse desse oppgåvene tilfredsstillande i Noreg.

Samferdselsdepartementet vil framleis leggje eit høgt avkastningskrav på Telenor. For å få eit meir dekkjande bilete av den reelle avkastninga i ein periode med stor etablering av ny verksemd, særleg internasjonalt, vil den ordinære finansrekneskapen bli supplert med meir verdiorienterte vurderingar av verksemda.

Samferdselsdepartementet har allereie, som ledd i si eigaroppfølging, gitt to konsulentar i oppdrag å utføre uavhengige verdivurderingar av Telenor. Totale aktiva i konsernet er av konsulentane verdsette til 30-36 mrd. kr. pr. juni 1997, medan selskapet blei verdsett til om lag 24 mrd. kr. ved etableringa. Føremålet med den førre verdsettinga var å kome fram til ein opningsbalanse for statsaksjeselskapet. Til trass for skilnaden i tilnærming, meiner departementet at ein med dei nye verdivurderingane likevel har fått sannsynleggjort at Telenor har auka tilfredsstillande i verdi sidan omdanninga til statlig aksjeselskap frå 1. november 1994.

Konsulentane meiner at Telenor har vore dyktig til å tilpasse seg ein marknad med stadig aukande konkurranse. Det blir mellom anna vist til dei store prisreduksjonane som er gjennomførte, og at Telenor hevdar seg godt på dei allereie sterkt konkurranseutsette vekstområda som mobil- og satellittkommunikasjon og ulike verdiaukande tenester. Samferdselsdepartementet har særleg merka seg at det er Telenors konkurranseevne på desse vekstområda som medverkar til den verdiauken som konsulentane sannsynleggjer. Hadde ikkje Telenor greidd å effektivisere og omstille den tradisjonelle basisverksemda og oppnådd den sterke posisjonen på dei nye vekstområda, ville ikkje berre verdien av Telenor blitt vesentleg redusert, men ein hadde heller ikkje klart å oppretthalde talet på arbeidsplassar i verksemda. T.d. hadde Telenor ved inngangen til 1997 19 362 tilsette, medan talet på tilsette ett år før utgjorde 18 480.

Departementet meiner at det særleg i den internasjonale ekspansjonsfasen som konsernet no er på veg inn i, er behov for å legge større vekt på slike supplerande verdivurderingar. I den samanheng ser departementet det som særleg viktig at Telenor også legg opp til å gjennomføre separate verdivurderingar av dei internasjonale engasjementa på regelmessig basis.

Det er behov for å etablere ein langsiktig og stabil utbyttepolitikk overfor Telenor AS. Ikkje minst av styringsmessige omsyn er det viktig at eigaren, etter at retningslinjene er lagt, ser på utbyttepolitikken som forpliktande, og det difor berre blir gjort avvik frå den dersom særskilte omstende inntrer.

Telenor er inne i ein ekspansjonsfase på ein marknad der det skjer store omveltingar, og der det er god tilgang på interessante investeringsprosjekt. Fortenestenivået i bransjen har vore høgt, og storleiken på marknaden veks som følgje av teknologiutviklinga og innføring av generell konkurranse både på regionalt og globalt nivå.

Med slike utsikter vil eit relativt lågt utbyttenivå i denne fasen vere det som best legg til rette for utnytting av Telenors verdiskapingspotensial og størst mogleg samla avkastning for eigaren.

Sjølv om det er sterke argument for å leggje seg på eit lågt utbyttenivå i dei næraste åra, vil det kunne verke uheldig om utbyttepolitikken for Telenor avvik mykje frå kva som normalt er tilfelle for samanliknbare bedrifter. Ut frå ei samla vurdering vil Samferdselsdepartementet foreslå at utbytte frå Telenor AS inntil vidare blir fastsett til 30-40 pst. av resultatet etter skatt.

Regjeringa tek sikte på å utarbeide generelle prinsipp for fastsetjing av avkastningskrav og utbyttepolitikk i statlege selskap i 1998, og ein vil difor eventuelt måtte komme attende til avkastningskravet og utbyttepolitikken også for Telenor i St.prp. nr. 1 for 1999.

Departementet vil vise til at styret for Telenor har lagt fram ei tilråding til staten om å tilføre selskapet 3 mrd. kr. i ny eigenkapital. Regjeringa vil tidleg på nyåret komme tilbake til spørsmålet om å utvide kapitalen i Telenor AS i eit eige framlegg for Stortinget. Det er no og i dei næraste åra etter gjennomføringa av den globale liberaliseringa av telemarknaden frå 1.1.98 at dei mest interessante investeringsprosjekt truleg vil syne seg. For at Telenor skal kunne utnytte investeringspotensialet er det avgjerande å ha finansiell styrke til å kunne forplikte seg når høve oppstår.

Til forsiden