St.meld. nr. 17 (2000-2001)

St.meld. nr. 17

Til innholdsfortegnelse

1 Bakgrunn

Dei siste åra har talet på asylsøkjarar og flyktningar som har kome til Noreg variert mykje. I 1999 kom det heile 10 160 asylsøkjarar til landet. I tillegg tok Noreg imot om lag 6 000 evakuerte flyktningar frå Kosovo som fekk kollektivt vern i eitt år. Til samanlikning søkte mellom 1 460 og 2 270 personar årleg om asyl i Noreg i perioden frå 1995 til 1997, medan talet auka til over 8 500 asylsøkjarar i 1998. Desse raske endringane har sett systemet for mottak av asylsøkjarar og flyktningar på prøve.

Vi har i dag ein situasjon med lange ventetider i samband med behandling av søknader om asyl, og busetjing i ein kommune for dei som får opphald i Noreg. Mange asylsøkjarar og flyktningar har derfor hatt langvarige opphald i mottak. I tillegg er vi langt frå målet om at flyktningar raskast mogleg skal bli sjølvhjelpte og kome i arbeid. Statistikk viser at flyktningar har lågare inntekter enn folk elles og er overrepresenterte blant mottakarar av sosialstønad. Arbeidsløysa blant flyktningar er òg høgare enn blant folk elles i Noreg.

I samband med behandlinga av St. prp. nr. 1 (1999-2000) vedtok Stortinget å oppmode regjeringa om å gå igjennom og evaluere asyl-, innvandrings- og integreringspolitikken. Evalueringa skulle ha hovudfokus på flaskehalsar i behandlinga av asylsaker og i arbeidet med busetjing i kommunane. I tillegg bad Stortinget om at gjennomgangen skulle omfatte dei kompensasjonsordningane som eksisterer for asylmottak, for busetjing, for norskopplæring for vaksne og for einslege mindreårige asylsøkjarar. På bakgrunn av den situasjonen vi har i dag, og Stortinget sitt vedtak, legg Regjeringa no fram ei melding om prinsippa for behandling av asylsøknader, busetjing av flyktningar i kommunane, og tilskots- og finansieringsordningar for kommunane sitt arbeid, med eit særskilt fokus på einslege mindreårige. Ettersom mange asylsøkjarar og flyktningar har fått lange opphald i mottak, tek meldinga og for seg tilbodet i mottak. Meldinga tek derfor òg for seg tilbodet i mottak. Tolk står sentralt på alle områda, og er òg eit tema i meldinga.

Utfordringane etter busetjing er mange. Det viktigaste er at dei nykomne flyktningane raskast mogleg blir sjølvhjelpte – både økonomisk og slik at dei kan delta aktivt i samfunnet på lik linje med folk elles. I denne meldinga legg Regjeringa derfor òg fram forslag til eit heilskapeleg tilbod om grunnleggjande kvalifisering.

Når det gjeld den generelle innvandrings- og integreringspolitikken elles, vil Regjeringa vise til Stortingsmelding nr. 17 (1996-1997) Om innvandring og det flerkulturelle Norge som tek for seg det langsiktige arbeidet med integrering og likestilling mellom innvandrarar og nordmenn, uavhengig av kva den opphavlege årsaka til innvandringa var. Meldinga fekk brei tilslutning i Stortinget og er framleis Regjeringa si politikk.

Situasjonen i dag tilseier likevel at vi står overfor utfordringar også når det gjeld denne politikken. Rasisme og diskriminering går føre seg på mange område i samfunnet og på mange ulike nivå. Ei vesentleg utfordring er å byggje ned barrierar på arbeidsmarknaden og på bustadmarknaden. Det er òg behov for auka innsats med sikte på å skape gode oppvekstvilkår i Noreg for ungdom med innvandrarbakgrunn. Tiltak for å førebyggje og hindre til dømes vald mot kvinner og gjengkriminalitet må prioriterast. Denne meldinga, som er avgrensa til å gjelde nykomne flyktningar tek ikkje for seg desse problemstillingane. Dette er felt der det er behov for ei vidare utvikling av politikken. Regjeringa vil arbeide vidare med det.

Regulering av arbeidsinnvandringa har vore eit omdiskutert tema den siste tida. Regjeringa arbeider stadig med problemstillingar knytt til dette. Arbeidskraftbehovet i Noreg og rekruttering av arbeidskraft frå utlandet er likevel ikkje tema i denne meldinga, ettersom behovet for arbeidskraft i Noreg ikkje gir grunnlag for å få asyl eller opphald på humanitært grunnlag.

I tråd med Stortinget sitt vedtak set denne meldinga søkjelys på den innanlandske asyl- og flyktningpolitikken. Prinsippet om ein heilskapleg flyktningpolitikk ligg fast, slik det er skissert i Stortingsmelding nr. 17 (1994-95) Om flyktningpolitikken. Ein heilskapleg flyktningpolitikk inneber mellom anna at ein skal sjå den innsatsen Noreg gjer utanlands og innanlands i samanheng. Tilbakevending blir framheva som normalt den beste løysinga på eit flyktningproblem, òg for flyktningar som har fått vern i Noreg. Regjeringa vil derfor omtale tilbakevending i denne meldinga.

Meldinga som no blir lagt fram må òg sjåast i samanheng med Stortingsmelding nr. 21 (1999-2000 ) Menneskeverd i sentrum. Handlingsplan for menneskerettigheter.Handlingsplanen slår fast at på det nasjonale plan har asylsøkjarar i all hovudsak det same vernet etter menneskerettane som andre individ. Planen har ei rekkje tiltak som gjeld rettstryggleiken for asylsøkjarar og flyktningar, og tiltak som særleg gjeld situasjonen for einslege mindreårige asylsøkjarar.

Til forsiden