St.meld. nr. 17 (2000-2001)

St.meld. nr. 17

Til innholdsfortegnelse

5 Mottak

5.1 Hovudprinsipp og mål

Statlege mottak er eit mellombels butilbod for personar som søkjer asyl i Noreg. Tilbodet gjeld frå ein slik søknad er presentert og til vedkomande er busett i ein kommune, eller til ein har freista å effektuere eit eventuelt endeleg avslag på søknad om asyl. Tilbodet skal vere nøkternt, men forsvarleg. I tillegg til innkvartering får bebuarar i mottak økonomiske ytingar til livsopphald, og dei skal ha tilbod om nødvendige tenester. Dei skal òg ha norskopplæring med samfunnskunnskap og følgje eit eige informasjonsprogram i regi av mottaket. Det er eit mål at bebuarane skal ta aktivt del i drifta av mottaket, med unntak av leiaroppgåver.

Dei som ønskjer det, kan bu privat, til dømes hos venner og familie, men får då ikkje utbetalt økonomisk stønad frå staten, og vil heller ikkje få stønad frå kommunane etter sosialtenestelova, ettersom dei alt har eit tilbod i statleg mottak. Dei fleste asylsøkjarar bur derfor i mottak frå dei kjem til landet og fram til utreise eller busetjing i ein kommune. Busetjing i ein kommune kan i særlege tilfelle gjennomførast før dei har fått svar på søknaden.

Etablering og finansiering av mottak for asylsøkjarar har sidan 1988 vore eit statleg ansvar. UDI skal syte for at det heile tida er nok mottaksplassar, men driv ikkje sjølv mottaka. Kommunane er ansvarlege for helsetenestetilbod, undervisning og barneverntenester for asylsøkjarar.

Prinsippet om effektiv ressursbruk gjeld også for drift av mottak. Det inneber at talet på mottaksplassar skal tilpassast talet på asylsøkjarar. Målet er at minst 90 pst. av dei ordinære plassane til kvar tid skal vere i bruk. Ordinære plassar er faste plassar som UDI betaler for uavhengig av om dei er i bruk eller ikkje.

Det er ei målsetjing at mottaka skal vere lokaliserte over heile landet. Dette må sjåast i samanheng med målet om at flyktningar også skal vere busette over heile landet. Intensjonen er at plassering av mottak over heile landet skal fremme busetjing i alle delar av landet. Mottak over heile landet medverkar dessutan til at folk flest blir kjende med situasjonen til asylsøkjarar og flyktningar i mottak.

5.2 Utviklinga dei siste åra

5.2.1 Bebuarar i mottak

Det statlege mottaksapparatet for flyktningar og asylsøkjarar har vore i kontinuerleg utvikling heilt sidan det blei bygd opp. Som figur 5.1 viser, har 1990-åra vore prega av store svingingar i talet på bebuarar i mottak.

Figur 5-1 Bebuarar i mottak i perioden 1990-2000 (per 01.01).

Figur 5-1 Bebuarar i mottak i perioden 1990-2000 (per 01.01).

Sommaren 1999 budde det 15 567 personar i asylmottak i Noreg. Samstundes var det 144 mottak i drift. Ved inngangen til 1999 var det til samanlikning 77 mottak i drift, og ved årsskiftet 1997/98 var det berre 20 mottak i drift i Noreg. Per 30.09.2000 var det totalt 128 mottak i drift. Samstundes budde totalt 12 607 personar i mottak. Av desse var 36 pst. kvinner og 64 pst. menn.

Det er fleire hovudgrupper av personar i mottak: asylsøkjarar som ventar på svar på søknad om asyl, personar som har fått opphaldsløyve og ventar på busetjing i ein kommune, personar som har fått avslag på søknad om asyl og ventar på behandlinga av ei klage, personar som har fått endeleg avslag på søknad om asyl og skal forlate landet, og personar som har fått endeleg avslag på søknad om asyl og skal forlate landet, men som ikkje kan returnere fordi heimlandet ikkje vil ta imot dei. I tillegg bur det frå tid til anna personar i mottaka som har mellombels opphaldsløyve og ikkje skal busetjast, til dømes flyktningane frå Kosovo.

Det har heile tida budd personar i mottak som har hatt mellombels opphaldsløyve. Varer dette løyvet i tolv månader eller meir, vil UDI som regel arbeide med å busetje dei i ein kommune. Svært få får mellombels opphaldsløyve som er kortare enn tolv månader. I januar 1995 utgjorde dei med mellombels opphaldsløyve 16 pst., dei fleste frå Balkan. I åra 1997–1998 var det ingen i denne gruppa, men no utgjer dei 8 pst., dei fleste frå Irak. Flyktningar frå Kosovo med kollektivt vern er ikkje rekna med.

Overføringsflyktningar blir vanlegvis busette direkte i kommunane og er berre unntaksvis innom statlege mottak før busetjing. Personar som skal sameinast med ein eller fleire familiemedlemmer i Noreg, reiser direkte til den kommunen desse bur i.

Storleiken på dei ulike gruppene i asylmottaka har variert mykje dei siste åra. Einslege asylsøkjarar utgjorde 30 pst. i byrjinga av 1995, medan dei i 1996–97 utgjorde 60 pst., på ei tid då det var under 2000 bebuarar totalt i mottaka. Av dei einslege asylsøkjarane har om lag 20 pst. vore kvinner.

Den motsette tendensen gjer seg gjeldande for barn. I periodar med mange personar i mottak utgjer barna ein større prosentdel. I januar 1995 utgjorde dei 35 pst., men med færre personar i mottak i 1996–97 utgjorde dei under 20 pst.. Per 30.09.2000 var om lag 32 pst. av personane i mottak barn (til og med 18 år). Talet på einslege mindreårige asylsøkjarar har vore lite i høve til det totale talet. Dei har utgjort mellom 1,4 og 4,8 pst., utan at dette følgjer noko bestemt mønster.

Talet på personar med opphald på over 15 månader har òg variert mykje. I januar 1995 var det om lag 60 pst., som hadde budd i mottaka i over 15 månader. Talet gjekk ned og var på om lag 20 pst. i 1996–98. Pr. 30.09.2000 var det om lag 26 pst. som hadde budd i mottaka i over 15 månader. Ein del av dei er personar med endeleg avslag som ikkje utan vidare kan returnere til heimlandet.

I mottaka bur det no asylsøkjarar frå 80 ulike land. I 1995 var dette talet i underkant av 60. Den største gruppa har sidan den tid vore personar frå Balkan. Asylsøkjarar frå Somalia har òg vore ei stor gruppe, medan talet på personar frå Sri Lanka har minka og talet på personar frå Irak har auka i perioden 1995–2000.

Bebuarar i mottak som forsvinn

Pr. 30.09.2000 hadde 1440 bebuarar forlate statlege mottak utan å melde frå. Av desse var 58 registrerte som einslege mindreårige asylsøkjarar. I løpet av 1999 forsvann 1116 personar. At talet no er så pass høgt, heng nok saman med at det i fjor kom særs mange asylsøkjarar til Noreg, totalt 10 160.

Det har i mange år vore slik at ein del av bebuarane ved mottaka blir borte utan å melde frå. I hovudsak gjeld dette personar som har fått avslag på søknad om asyl, eller som reknar med å få det. Det er grunn til å tru at dei fleste forsvinningane er planlagde, ettersom dei fleste tek med seg sine personlege eigedelar før dei forlèt mottaket.

Mottaka er eit ope butilbod for asylsøkjarar. Det er ikkje institusjonar med vakthald og tett kontroll av bebuarane. Bebuarane kan derfor forlate mottaka når dei måtte ønskje det.

Dersom ein bebuar forlèt mottaket utan å melde frå, vil mottaket etter tre dagar varsle politiet og UDI. Denne rutinen blir handhevd konsekvent. Dersom den som forsvinn har ei asylsak til behandling, bli saka lagt til side og avslutta. Når einslege mindreårige forsvinn frå eit mottak, gjeld slike rutinar:

  • Dersom den mindreårige ikkje kjem tilbake til mottaket til avtalt tid, skal mottaket umiddelbart undersøkje årsaka.

  • Politiet skal varslast og den einslege mindreårige skal bli meld sakna.

  • UDI sitt regionkontor skal varslast.

  • Barnevernet skal varslast.

  • Verja til den einslege mindreårige skal varslast.

Det blir rutinemessig teke fingeravtrykk av alle asylsøkjarar som kjem til Noreg. Dermed veit vi at ein del av desse tidlegare har forsvunne frå andre europeiske land. På same måten dukkar ein del asylsøkjarar opp i andre land etter å ha forsvunne frå Noreg. Det er òg truleg at nokre av dei som forsvinn, oppheld seg ulovleg i Noreg. Det er politiet si oppgåve å følgje opp dette.

Boks 5.1 Styringsdokumenta for statlege mottak

Reglement for drift av statlige mottak (driftsreglementet)- gjeldande frå 01.09.1996
Plankalender for statlige mottak- gjeldande frå 01.09.1996
Instruks for plan og økonomi i statlige mottak- gjeldande frå 01.09.1996
Reglement for økonomisk hjelp til personer i statlige mottak (pengereglementet)- gjeldande frå 01.11.1996
Instruks for tilsyn i statlige mottak (tilsynsinstruken)- gjeldande frå 01.04.1999

5.2.2 Organisering og drift av mottak

5.2.2.1 Transittmottak og ordinære mottak

Mottakssystemet er i dag inndelt i to typar av mottak: transittmottak og ordinære mottak. Personar som søkjer asyl, blir – etter at søknaden er registrert av politiet – transporterte til eit transittmottak, der dei bur til dei er intervjua av UDI og har vore igjennom ei helseundersøking. Alle asylsøkjarar skal igjennom ein obligatorisk tuberkulosekontroll i transittmottak. I transittmottaka får dei i tillegg ei kort orientering om rettar og plikter ved søknad om asyl. Deretter flyttar dei til ordinære mottak. Einslege mindreårige får plass i eigne avdelingar der tilbodet er spesielt tilrettelagt for dei.

Per 30.09.2000 var det ni transittmottak i Noreg, med til saman over 1000 plassar. På same tid var det 119 ordinære mottak. På same måten som for ordinære mottak vil talet på transittmottak variere etter behovet. Dei ordinære mottaka er i dag plasserte over heile landet, med ei overvekt av mottak i Nord-Noreg. Hovudtyngda av mottaka har mellom 50 og 150 plassar, men det finst òg døme på mottak med opptil 400 plassar. I dei fleste ordinære mottaka er det lagt opp til at bebuarane sjølve lagar sin eigen mat, men somme mottak har kantiner.

5.2.2.2 Drift av mottaka

UDI driv ikkje sjølv dei statlege mottaka, men gjer avtalar om drift med kommunar, organisasjonar og private aktørar. Ved utgangen av 1999 blei om lag 60 pst. av mottaka drivne av private driftsoperatørar. I underkant av 30 pst. av mottaka blei drivne av kommunar, medan resten blei drivne av humanitære organisasjonar. Direktoratet kan inngå drifts- og leigeavtalar som varer i maksimalt seks år, og med ein maksimal frist for å seie opp avtalane på seks månader. Det vanlege er at direktoratet inngår avtalar med tre månaders frist for å seie opp avtalen. Det er fastsett økonomiske rammer for avtalar om drift av mottak.

UDI kan i tillegg til faste plassar inngå avtalar om plassar som berre blir betalte for dersom dei er i bruk. Minimum 20 pst. av plassane ved eit mottak skal vere slike plassar. I ekstraordinære situasjonar, når det må etablerast mottaksplassar raskt, kan direktoratet opprette mottak med forenkla drift. UDI kan òg inngå avtalar om opptil 500 beredskapsplassar som skal kunne takast i bruk på kort varsel.

Drifta av mottaka er regulert gjennom dei såkalla styringsdokumenta. Dei fastset mellom anna kva slags tenester driftsoperatørane har ansvar for, kva som skal vere med i programmet for informasjon og aktivitetar, kva slags økonomiske ytingar bebuarane skal ha, og kva krav som skal stillast til plan- og økonomiarbeidet. UDI er ansvarleg for rettleiing og oppfølging av mottaka. UDI fører tilsyn med mottaka, som skal levere årsplanar og årsrapportar, budsjett og rekneskap for drifta. Direktoratet skal føre tilsyn med mottaka minst éin gong i året, og ved avdelingar for einslege mindreårige minst to gonger i året.

I samsvar med driftsreglementet skal den enkelte driftsoperatør tilsetje så mange personar som trengst for å løyse oppgåvene ved mottaket, og personalet skal vere kvalifisert for å løyse dei oppgåvene dei får ansvaret for. Mottaka skal ha faste personar med ansvar for desse områda:

  • program for informasjon og aktivitetar

  • arbeid med barn og ungdom

  • oppfølging av og omsorg for einslege mindreårige, der det er aktuelt

Det blir stilt krav om fagkompetanse eller tilsvarande erfaring for dei som har ansvaret for arbeidet med informasjon og arbeidet med barn og ungdom ved mottaka. Tilsette i mottak skal delta i opplæringstiltak arrangerte av UDI. I tillegg skal mottaka leggje til rette for kompetanseutvikling hos dei tilsette. Personalet i mottaka skal ha tilgang til ekstern rettleiing ved behov.

5.2.2.3 Kommunane sitt ansvar

UDI skal gi informasjon til kommunane ved oppretting og avvikling av mottak. Det er etablert eigne rutinar for dette arbeidet.

Det ansvaret kommunane har for å yte helsetenester til bebuarar i mottak, følgjer av helselovgivinga. I utgangspunktet skal helsetenestene vere likeverdige med dei tilboda andre innbyggjarar i kommunen får, men tilpassa dei forholda som er aktuelle for asylsøkjarar og flyktningar.

Barnevernet har det same ansvaret for barn som oppheld seg i mottak, som for andre barn i kommunen. Dei mottaka som har avdeling for einslege mindreårige, er pålagde å varsle barnevernet i kommunen når det kjem eit nytt barn til mottaket. Overformynderiet i kommunen skal utnemne verje/hjelpeverje for alle einslege mindreårige asylsøkjarar som kjem til kommunen.

Kommunen er ansvarleg for å gi bebuarar i mottak opplæring i tråd med gjeldande lovverk og retningslinjer. Barn i grunnskolealder har etter opplæringslova rett og plikt til grunnskoleopplæring. Alle bebuarar over 16 år skal få undervisning i norsk med samfunnskunnskap om dei ikkje har anna skoletilbod.

Den offentlege part som skal samtale med asylsøkjarar og flyktningar, har ansvaret for bestilling av tolk når tolk er nødvendig for å sikre forsvarleg kommunikasjon. Ved tolking i dei kommunale primærtenestene er kommunen ansvarleg for å dekkje utgiftene. Utgiftene til tolking ved fylkeskommunale eller statlege insitusjonar skal betalast av institusjonen.

Det blir gitt ein økonomisk kompensasjon til kommunar som er vertskap for statlege mottak. Tilskotet skal dekkje utgiftene kommunen har til helsetenester, barnevern, tolk og administrasjon i samband med det statlege mottaket. Kommunane får eigne tilskot frå staten til opplæring.

5.2.2.4 Ressursbruk

Det er eit mål at minst 90 pst. av dei ordinære mottaksplassane skal vere i bruk til kvar tid. Det inneber ei opp- og nedbygging av mottak alt etter behovet for plassar. Dei fleste ordinære mottaka i Noreg er små samanlikna med mottaka i andre land. Dei har sjeldan over 200 plassar, noko som saman med kort oppseiingstid gjer systemet fleksibelt og lett å tilpasse til endringar i behovet.

Eigedomsmarknaden påverkar leigeutgiftene til lokale og dermed også prisen på kvar plass. Utgiftene per plass per døgn varierte i 1999 frå kr 186 til kr 287. I gjennomsnitt kostar ein plass i dei ordinære mottaka i dag om lag kr 103 000 for eit år. Prisen på plassar for personar i transittmottak og for einslege mindreårige ligg noko høgare. Tabell 5.1 viser korleis dei samla utgiftene til drift av dei statlege mottaka har variert i perioden 1993–2000.

Tabell 5.1 Utgifter til drift av statlege mottak i perioden 1993–2000 i 1000 kr.

ÅrUtgifter
1993765 345
1994968 008
1995257 579
1996145 067
1997157 356
1998510 153
19991 177 706
20001)1 250 000

1) Løyving etter revidert nasjonalbudsjett 2000.

Dei økonomiske rammene for avtalar om drift av mottak har i hovudsak vore uendra dei siste ti åra, samstundes som kostnadsnivået på bustadmarknaden generelt har stige.

5.2.2.5 Erfaringar med den noverande organiseringa og drifta av mottak

Erfaringane med å ha eigne transittmottak for å kunne gjennomføre registrering, intervju og helseundersøking på ein effektiv måte, er gode. Dei fleste land vi samanliknar oss med, har òg valt ei tilsvarande løysing.

Erfaring viser at plassering av mottak i små og mellomstore kommunar fremmar seinare busetjing i desse kommunane eller i nærområda. Plassering av mottak i små kommunar har ført til at fleire flyktningar ønskjer å busetje seg i område som ligg nær mottaket, der dei kanskje allereie har etablert eit sosialt nettverk. Erfaring viser òg at flyktningar som har budd i mottak som ligg i det sentrale austlandsområdet, i liten grad ønskjer å busetje seg i mindre kommunar. Samstundes har det vist seg at plassering av store mottak i små kommunar kan bli ei stor belastning på kommunale tenester som helseteneste, skoletilbod og tolketeneste. På den andre sida vil det ofte vere lettare å leggje til rette tilbod for nasjonal-/språkgrupper, mellom anna med omsyn til informasjon, undervisning, aktivitetstilbod og tolketeneste, når mottaka er store. Det er òg enklare å byggje opp eit godt tilbod internt på mottaka, men institusjonspreget blir dermed sterkare, og kontaktflata i forhold til lokalsamfunnet mindre. Små mottak kan gi liten fleksibilitet, og dei kan vere sårbare både med omsyn til personalressursar og når det gjeld å skape ulike miljø i mottaka.

God informasjon til kommunane skal skape grunnlag for eit best mogleg samarbeid mellom mottaka og kommunane i samband med drift av mottaka, i forhold til det ansvaret kommunane har for bebuarane i mottak, og i forhold til det arbeidet kommunane gjer når det gjeld busetjing av flyktningar. Frå tid til anna oppstår det likevel situasjonar der kommunar ikkje er blitt tilstrekkeleg orienterte. Ein viktig faktor når det gjeld informasjon ved etablering av mottak, er tida. I samband med mottak av flyktningar frå Kosovo våren 1999 oppretta UDI eit nytt mottak kvar dag over ein lengre periode. Når det hastar med å få etablert mottaksplassar, kan det gå ut over informasjonen til kommunane.

Målet om at minst 90 pst. av dei ordinære plassane skal vere i bruk til kvar tid, blir i all hovudsak nådd, men erfaring viser at den raske opp- og nedbygginga av mottakssystemet får konsekvensar både for bebuarane, driftsoperatørane og kommunane. For bebuarane blir konsekvensane at dei kanskje må flytte både éin og to gonger fordi mottaket skal leggjast ned, medan driftsoperatøren og kommunen misser kompetanse. Ved rask oppbygging vil mange av dei tilsette i mottaka vere nye og ha lita erfaring, noko som kan føre til at kvaliteten i mottaka i ein del tilfelle blir lågare enn ønskjeleg. I tillegg kan det vere vanskeleg å rekruttere kvalifisert personale når ein berre kan tilby kortvarige arbeidskontraktar. Di kortare tid ein har til planlegging, di meir variert blir standarden og tilbodet i mottaka.

Den stadige opp- og nedbygginga av mottak kan òg vere kostnadskrevjande for driftsoperatørar, som risikerer å bli sitjande med arbeidsgivaransvar for dei tilsette også etter at eit mottak er avvikla. Mange driftsoperatørar ønskjer seg derfor driftsavtalar som varer lenger enn det staten tilbyr. Kommunane ønskjer seg òg lengre varslingstid når det skal opprettast mottak.

Dei siste åra har det blitt relativt fleire private driftsoperatørar. I situasjonar der det raskt må etablerast mottak, er det ofte lettare å få til avtalar med private driftsoperatørar og humanitære organisasjonar enn med kommunale driftsoperatørar, mellom anna fordi saksbehandlinga i kommunane kan ta lengre tid.

Det er ulike oppfatningar når det gjeld om det er kommunar eller private aktørar og humanitære organisasjonar som bør drive mottak. Fordelen med kommunale mottak vil ofte vere at dei lettare kan samordne det kommunale tilbodet til bebuarane i mottaka. På den andre sida kan private aktørar og humanitære organisasjonar ved å ha ansvar for fleire mottak ha eit betre grunnlag for å byggje opp kompetanse i det å drive mottak enn det ein kommune har. Verken forsking eller UDI sine erfaringar tilseier at det er systematiske skilnader i kvaliteten på drifta av mottaka mellom kommunale driftsoperatørar og andre driftsoperatørar.

Det er i dag variasjonar med omsyn til bemanning og fagkompetanse hos dei tilsette ved mottaka. Studien av levekåra i mottak peikar på at bebuarane etterlyser betre oppfølging på kveldstid og i helgar jf. boks 5.2. Det kan synast å vere behov for at dei tilsette i større grad er tilgjengelege for kontakt med bebuarar. Det varierer i dag mellom mottaka om dei har bemanning på kveldstid, og om mottaka har ei ordning med nattevakt. Mange driftsoperatørar meiner at dei økonomiske vilkåra som staten kan tilby, ikkje strekk til for å få til dette.

Noko av kritikken som har vore retta mot mottakssystemet, har gått ut på at dei statlege krava er uklare, og at mangelen på konkrete og spesifiserte mål inneber at det er vanskeleg å sikre kvaliteten i drifta av mottaka.

5.2.3 Tilbodet i mottak

Målsetjinga er at tilbodet i mottaka skal vere nøkternt, men forsvarleg. Dette er regulert gjennom styringsdokumenta for statlege mottak, jf. boks 5.1.

Boks 5.2 Levekår i mottak

SINTEF-IFIM fekk hausten 1997 i oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet og UDI å gjennomføre eit forskingsprosjekt om levekår og livskvalitet i norske asylmottak (jf. rapporten Mellom håp og lengsel – å leve i asylmottak av Berit Berg og Kirsten Lauritzen frå 1999).

Studien stadfestar langt på veg funn frå tidlegare forsking. Hovudkonklusjonane i rapporten er at levekåra i asylmottak er ei tilleggsbelastning for menneske som allereie er i ein vanskeleg situasjon. Lang ventetid, trong økonomi, manglande tilgang på arbeid og mangel på psykososiale tilbod er forhold som får til dels alvorlege følgjer for helsa og livskvaliteten til bebuarane. Rapporten peikar på behov for forbetringar både når det gjeld dei generelle rammevilkåra og når det gjeld sider ved sjølve drifta av mottaka. Forskarane tilrår mellom anna:

  • ein reduksjon i opphaldstida i mottak

  • auke av basisbeløpet i Pengereglementet

  • sterkare vektlegging av helseoppfølging – både somatisk og psykologisk

  • større vekt på arbeid og aktivitetstilbod

  • tettare oppfølging av bebuarane frå dei tilsette si side

  • god informasjon i samsvar med behova til bebuarane

Forskarane meiner at det første punktet bør prioriterast. Dersom den totale ventetida kan reduserast og blir i tråd med intensjonane, vil problem knytte til dårleg økonomi, helseproblem og mangel på arbeid og aktivitetstilbod òg bli mindre.

5.2.3.1 Standard på innkvartering og økonomiske ytingar

Staten fekk i 1988 bygd seksjonshus etter eigne spesifikasjonar. Denne standarden har vore førande og har gitt ei slags norm for kva slags standard mottaka skal ha. Seksjonshusa inneheld rom for einslege på 8 m2 med felles kjøkken, toalett og dusj. Det er nedfelt i driftsreglementet at mottaka skal ha trygge utandørs leikeareal og tilstrekkeleg plass innandørs til leik og fritidssyslar for barn og ungdom. Utover dette er det få spesifiserte krav og retningslinjer når det gjeld standard på fellesareal, uteareal, talet på toalett/dusjar, storleiken på felleskjøkken osv. Driftsoperatørar/eigarar av bygningar som blir nytta til mottak, er likevel ansvarlege for at bygningane er i samsvar med dei krava i gjeldande lover og forskrifter som gjeld for bygningar som skal brukast til dette formålet.

Det er stor variasjon i den fysiske standarden på mottaka. Mottaka omfattar mellom anna seksjonshus, hybelhus, nedlagde helseinstitusjonar, tidlegare hotell, sivilforsvarsleirar og militærforlegningar. Hovudtyngda av mottaka i Noreg er såkalla sentraliserte mottak med mange bebuarar i ein konsentrert bygningsmasse. Det finst nokre døme på desentraliserte mottak i Noreg, det vil seie at mottaket eller delar av det består av bustader i ordinære buområde.

Bebuarar i mottak som ikkje på annan måte kan forsyte seg sjølve, får økonomisk stønad, også kalla basisbeløp, i samsvar med Reglement for økonomisk hjelp til personar i statleg mottak(Pengereglementet). Dette basisbeløpet skal dekkje utgifter til livsopphald, det vil seie utgifter til mat, klede, helsetenester, medisinar, aktivitetar, utdanning osv. Dei som har arbeid eller inntekt på annan måte, får trekk i basisbeløpet etter eigne reglar. Satsane for basisbeløpet til bebuarar i mottak har i hovudsak vore uendra sidan 1989. Satsen for ein einsleg vaksen person i mottak med sjølvhushald er kr 2500 per månad. Asylsøkjarar har som hovudregel ikkje krav på sosialstønad, med mindre dei er busette i ein kommune. Dei har heller ikkje rett til barnetrygd eller kontantstøtte.

Boks 5.3 Økonomisk stønad til bebuarar i mottak1)

Personar som bur i mottak med felleshushald
Vaksen (over 18 år)opptil kr 900 per månad
Barn (0-18 år)opptil kr 600 per månad
Einsleg forsytar (tilleggsbeløp)opptil kr 300 per månad
Personar som bur i mottak med eige hushald
Einsleg asylsøkjar (over 18 år)opptil kr 2500 per månad
Ektepar /sambuandeopptil kr 4200 per månad
Barn (0-18 år)opptil kr 1100 per månad
Barn (over 18 år i kjernefamilie)opptil kr 1500 per månad
Einsleg forsytar (tilleggsbeløp)opptil kr  600 per månad
Sengetøypakke
Vaksneopptil kr 1000 inkl. mva
Barnopptil kr  750 inkl. mva.
Kjøkkenpakke
Basispakkenopptil kr 1250 inkl. mva.
Tilleggspakke (til familiar)opptil kr  500 inkl. mva.
Klede
Bebuarar i transittmottak (etter behov)opptil kr 1700 inkl. mva

1) Ytingane i Pengereglementet er subsidiære. Det vil seie at dersom bebuarane sjølve er i stand til å syte for sitt eige livsopphald, skal ytingane heilt eller delvis falle bort.

5.2.3.2 Informasjon og aktivitetar i mottak

Det er ei målsetjing at bebuarar i mottak skal få god informasjon som gir dei eit realistisk bilete av det norske samfunnet og ei forståing av dei grunnleggjande verdiane samfunnet byggjer på. I samsvar med driftsreglementet skal driftsoperatøren leggje til rette for eit program for informasjon og aktivitetar i mottaket. Programmet skal tilpassast dei bebuarane som bur på mottaket, og vere med på å skape ein strukturert kvardag gjennom rutinar og aktivitetar.

Informasjonsprogrammet skal gi bebuarane i mottak kunnskap om det norske samfunnet, om gangen i behandlinga av asylsøknader og om forhold som gjer dei best mogleg førebudde – anten på å reise ut av landet etter eit avslag på asylsøknaden, eller på eit vidare opphald i Noreg. Å leggje til rette for tilbakevending skal vere ein integrert del av arbeidet ved mottaka. Spesielt gjeld dette overfor flyktninggrupper som bur i mottak og har mellombels arbeids- og opphaldsløyve her i landet, til dømes flyktningane frå Kosovo som har fått kollektivt vern i eitt år.

Nykomne asylsøkjarar skal først delta på eit tre-fire vekers informasjonsprogram som er spesielt retta mot deira behov. Deretter skal dei delta i eit ordinært informasjons- og aktivitetsprogram som skal dekkje ein periode på om lag åtte månader og vere på i gjennomsnitt fem timar per veke. Deltaking i informasjonsprogrammet er ei plikt, og ved ugyldig fråvere vil vedkomande få reduserte økonomiske ytingar.

Aktivitetsprogrammet skal leggje til rette for fritidsaktivitetar som til dømes sport, hobbyaktivitetar, turar og sosiale tilstelingar. Det skal vere frivillig å delta i slike aktivitetar. Driftsreglementet stiller særskilde krav til aktivitetar for barn og ungdom.

Bebuarane skal ta aktiv del i og ha reell innverknad på mottaksdrifta. Mottaka skal mellom anna ha eit felles samarbeidsråd med representanter for bebuarane og dei tilsette. Samarbeidsrådet skal vere eit rettleiande organ som kan ha mynde til å avgjere saker innanfor visse rammer, og til å disponere delar av det budsjettet som er sett av til aktivitetar.

Førebuing for busetjing

Tilsette i mottak skal i samarbeid med kvar enkelt bebuar fylle ut UDI sitt registrerings- og intervjuskjema. Dette skjemaet skal mellom anna innehalde opplysningar som omfattar persondata, mottaksdata og informasjon om tidlegare utdanning og yrkeserfaring frå heimlandet, i tillegg til ønske om framtidig yrke/utdanning i Noreg. UDI treng denne informasjonen mellom anna for å kunne få til ei så god busetjing som råd. Bebuaren skal få med seg utfylt skjema når vedkommande forlet mottaket. Kopi av utfylt skjema skal sendast til busetjingskommunen, med samtykke frå vedkomande som skal busetjast.

Informasjonsprogrammet i mottak skal i samsvar med driftsreglementet ha ein eigen busetjingførebuande del for dei bebuarane som har fått opphaldsløyve. Det skal mellom anna givast informasjon om UDI si saksbehandling i busetjingssaker, forholda i den aktuelle busetjingskommunen og om tilbakevending.

5.2.3.3 Opplæring

Barn i grunnskolealder har etter opplæringslova rett og plikt til grunnskoleopplæring. Denne retten blir utløyst når barnet er forventa å vere meir enn tre månader i Noreg. Plikta til å delta i grunnskoleopplæring startar etter at opphaldet har vart i tre månader. Grunnskoleopplæringa skal til vanleg ta til i det kalenderåret barnet fyller seks år. Grunnskoleelevane har rett til å gå på den skolen som ligg nærmast, eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til. Etter forskrift til opplæringslova kan morsmålsopplæringa leggjast til ein annan skole enn den eleven til vanleg går ved. Kommunen er ansvarleg for å organisere grunnskoletilbodet for barn i grunnskolealder og tek imot eigne tilskot til dette formålet. Stortinget har nyleg behandla ei Stortingsmelding som gjeld spørsmål knytte til opplæring av språklege minoritetar i grunnskolen, jf. St. meld. nr. 25 (1998–1999) Morsmålsopplæring i grunnskolen og Innst. S. nr. 110 (1998–1999).

Kommunane får òg eit eige tilskot frå staten til dekning av utgifter i samband med grunnskoleundervisning for mindreårige asylsøkjarar (under 18 år) og for flyktningar mellom 16 og 20 år. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet tilrår i sitt rundskriv nr. 39/98 at kommunane gir denne grunnskoleopplæringa i tilknyting til og i samarbeid med den vidaregåande skolen, slik at elevane har høve til samvær og omgang med jamaldringar.

Ungdom som har fått opphaldsløyve, og som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har etter søknad rett til tre års vidaregåande opplæring. I fag der læreplanen føreset lengre opplæringstid enn tre år, har ungdommane rett til opplæring i samsvar med den opplæringstida som er fastsett i læreplanen. Ungdommar som har fylt 15 år, søkjer sjølve om inntak til vidaregåande opplæring.

Det er eit vilkår for inntak at søkjaren har lovleg opphald i Noreg. Søkjarar som oppheld seg i landet i påvente av vedtak om opphaldsløyve, har ikkje rett til inntak i vidaregåande opplæring. Ein mindreårig asylsøkjar kan likevel takast inn i vidaregåande opplæring i påvente av vedtak om opphaldsløyve, men har ikkje rett til å fullføre skoleåret dersom han eller ho får avslag på søknaden om opphaldsløyve. Staten gir tilskot til ekstra språkopplæring for minoritetsspråklege i vidaregåande opplæring.

Alle bebuarar over 16 år skal få undervisning i norsk med samfunnskunnskap, så framt dei ikkje har eit anna skoletilbod. Asylsøkjarar får i dag same tilbod om norskopplæring som flyktningar og innvandrarar med opphaldsløyve i Noreg. Det er inga plikt for kommunane å tilby norskundervisning for vaksne, og asylsøkjarar eller flyktningar har heller ingen rett heimla i lov til slik undervisning. Så og seie alle kommunane gir likevel eit tilbod om norskundervisning med samfunnskunnskap til asylsøkjarar og flyktningar. Kommunen organiserer tilbodet om norskopplæring med samfunnskunnskap for vaksne, medan utgiftene blir dekte av staten gjennom eigne tilskotsordningar. Norskopplæring for vaksne blir nærmare drøfta i kap. 7 om kvalifisering og arbeid.

5.2.3.4 Arbeid

Endringar i utlendingsforskrifta med verknad frå 15. juni 1999 opnar for at asylsøkjarar kan få mellombels arbeidsløyve dersom det er gjennomført asylintervju med søkjaren. Det er eit vilkår at det ikkje er tvil om identiteten til søkjaren eller aktuelt å vise bort vedkomande eller setje fram krav om tilbaketaking overfor eit anna land. Etter oppmoding kan løyve også givast til asylsøkjarar som har fått endeleg avslag, men der utsending for tida ikkje kan setjast i verk – så framt utlendingen sjølv er utan skuld i at utsending ikkje kan setjast i verk.

Ein asylsøkjar med mellombels arbeidsløyve kan registrere seg som arbeidssøkjar ved det lokale kontoret til Aetat og få hjelp til formidling. I mange høve er det formidling til korttidsjobbar som ikkje krev særlege språkkunnskapar, som kan vere aktuelt i mottaksfasen. Arbeidsmarknadsetaten skal elles leggje vekt på å halde kontakt med nykomne asylsøkjarar, for å vurdere og registrere kompetanse og gi informasjon om arbeidsmarknaden, yrke og utdanning, og høva til å få godkjent utdanning frå utlandet. Det lokale kontoret til Aetat skal vidare hjelpe til med å få ei tidleg avklaring av sjansane for arbeid. Reglane er ikkje til hinder for at asylsøkjarar kan få tilbod om arbeidsmarknadstiltak. Dette er likevel mest aktuelt for personar som har vore lenge i mottak.

5.2.3.5 Tilbod om helsetenester og pleie- og omsorgstenester

Kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta har det same ansvaret for asylsøkjarar og flyktningar som for befolkninga elles. Stortinget har òg vedteke å gi asylsøkjarar med avgrensa medlemskap i folketrygda, og familiemedlemmene deira, rett til fastlege på same måten som dei som er busette i ein norsk kommune. Dette følgjer av ny § 2-1a i lov om kommunale helsetjenester av 19. november 1982 nr. 66.

Asylsøkjarar og flyktningar som treng medisinsk hjelp for psykiske problem, skal i første rekkje takast hand om av det ordinære behandlingsapparatet i primærhelsetenesta og/eller bli viste til spesialisthelsetenesta. Ved behov kan dei regionale psykososiale teama konsulterast for råd og rettleiing. Teama kan òg hjelpe til med å arrangere kurs. Psykososialt senter for flyktninger i Oslo og dei regionale psykososiale teama har kompetanseoppbygging og kunnskapsformidling som hovudoppgåve.

Asylsøkjarar har som befolkninga elles rett til pleie- og omsorgstenester tilpassa tilstanden til den enkelte. Dette krev eit godt samarbeid mellom mottaka og det ordinære tenesteapparatet. Asylsøkjarar har eit avgrensa medlemskap i folketrygda medan søknaden om asyl er under behandling. Trygdedekninga gjeld frå det tidspunktet det er søkt asyl og fram til asyl eller opphaldsløyve i Noreg blir gitt, eller fram til datoen for ei avgjerd om å nekte oppsetjande verknad på ei klage over avslag, eller – om det er gitt oppsetjande verknad – fram til datoen for endeleg avslag på klaga. Refusjonskrav for helsetenester etter folketrygdlova blir likevel dekte også for perioden fram til vedkomande faktisk forlèt landet, så framt det dreier seg om behandling som er akutt.

Boks 5.4 Forskrift om trygdedekning for asylsøkjarar

Asylsøkjarar og familiemedlemmene deira er medlemmer i trygda med rett til ytingar etter kapittel 4 (arbeidsløyse), kapittel 5 (stønad ved helsetenester), med unntak for nedkomststønad, kapittel 7 (stønad ved gravferd), kapittel 8 (sjukepengar), kapittel 9 (stønad ved sjukdom hos barn eller andre pårørande), kapittel 10 (ytingar under medisinsk rehabilitering), kapittel 11 (ytingar under yrkesretta attføring), kapittel 13 (yrkesskadedekning) og kapittel 14 (ytingar ved fødsel og adopsjon), med unntak for eingongsstønad jf. Forskrift om trygdedekning for asylsøkere og deres familiemedlemmergitt av Sosial- og helsedepartementet den 15. april 1997, heimla i lov av 28. februar 1997, nr. 19 om folketrygd § 2-16.

I transittmottak skal det organiserast eit tilbod om ei førstegongs helseundersøking. Denne undersøkinga skal gjennomførast av sjukepleiar og lege. Formålet med undersøkinga er å gjennomføre obligatorisk tuberkulosekontroll, kartleggje sjukdom som treng behandling, og vurdere om helsemessige forhold tilseier spesielle omsyn ved plassering i ordinært mottak. Det skal vere eigne helsekontor ved transittmottaka. Statens helsetilsyn tilrår at ein sjukepleiar er til stades på mottaka på dagtid for å fange opp akutte problem.

På bakgrunn av eit eigenmeldingsskjema skal det gjennomførast ein kort familiesamtale, ein somatisk helsesjekk og ei førebels vurdering av den psykiske helsa. Informasjon om smitte og smittevern i forhold til sjukdommar som hepatitt B, HIV og andre seksuelt overførbare sjukdommar skal vere ein del av den første undersøkinga.

Tolketeneste er for mange ein nødvendig føresetnad for å kunne nytte helsetenestene, og ofte ein føresetnad for adekvat behandling. Det er helsepersonellet og ikkje pasienten som har hovudansvar for at kommunikasjonen er eintydig og forståeleg. Kommunen har ansvar for å syte for kvalifisert tolkehjelp i førstelinjetenesta og for privatpraktiserande spesialistar. Spesialisthelsetenesta elles, det vil seie sjukehus og poliklinikkar, skal sjølve syte for å skaffe tolkehjelp.

5.2.3.6 Erfaringar med tilbodet i mottak

I dag får bebuarar i mottak i hovudsak det same tilbodet uavhengig av om dei har fått svar på søknaden om asyl eller ikkje. I åra 1992–1996 var mottaka inndelte i primær- og sekundærmottak/fasar. Intensjonen med denne differensieringa var å effektivisere ressursbruken og prioritere tiltak for dei som fekk opphaldsløyve i Noreg. I primærfasen, medan asylsøkjarane venta på svar på søknaden, skulle det ikkje givast norskundervisning, berre samfunnsorientering. I sekundærfasen, i tida etter at asylsøkjaren hadde fått opphaldsløyve, skulle alle få eit undervisningsprogram på seks månader i norsk språk og om norske samfunnsforhold. Ein viktig føresetnad for modellen var at alle asylsøknader skulle vere endeleg avgjorde før det hadde gått seks månader. Eit stort tal asylsøkjarar og kapasitetsproblem førte til at folk blei verande mykje lenger i primærfasen enn føresetnaden var. I mange tilfelle gav mottaka likevel asylsøkjarar noko opplæring i norsk, slik at dei lettare kunne greie seg på eiga hand i lokalmiljøet medan dei venta på svar på søknaden om asyl. Skiljet mellom primær- og sekundærfase opphøyrde heilt i 1996, då Stortinget vedtok at også asylsøkjarar skulle få tilbod om undervisning i norsk med samfunnskunnskap.

Det er relativt stor variasjon i den fysiske standarden på mottaka, også når det gjeld tilbodet til bebuarane. Både det å bu trongt og det å ha lite privatliv er forhold som mange bebuarar i mottak opplever som vanskelege. Mange må dele til dømes kjøkken og bad med andre. Mangel på fellesrom, og/eller usemje med omsyn til disponering av fellesromma, har frå tid til anna også vore ein kime til misnøye og krangel i mottaka. Belastninga med få fellesrom og små bebuarrom blir likevel mindre merkbare både for barn og vaksne når uteareala er gode.

Ein har hausta nokre erfaringar med såkalla desentraliserte mottak, der bebuarane bur i bustader i ordinære buområde. Ei slik ordning gir bebuarane noko som i større grad liknar på ein normal livssituasjon enn det dei får ved å bu i sentraliserte mottak. Det er mellom anna lettare for bebuarane å knyte kontaktar i nærmiljøet. Barna blir òg lettare kjende med norske barn der dei bur. I desentraliserte mottak må heller ikkje mange personar bu tett saman.

Situasjonen for mange bebuarar i mottak er i stor grad også prega av trong økonomi. Basisbeløpet til bebuarar i mottak ligg vesentleg lågare enn nivået på stønad til livsopphald i mange kommunar. Det er likevel vanskeleg å samanlikne gjennomsnittleg utbetaling av sosialstønad i kommunane direkte med basisbeløpet til bebuarar i mottak, ettersom mange kommunar inkluderer andre utgifter i utbetalinga av sosialstønad enn det basisbeløpet er meint å dekkje. Det er òg store skilnader mellom kommunane når det gjeld satsane for utbetaling av sosialstønad, og kva slags utgifter utbetalinga er meint å dekkje. Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) opererer med ein sum på kr 3 510 for ein einsleg vaksen person for å kunne leve eit nøkternt liv. I denne satsen er det inkludert utgifter til mat, klede, helse, fritid og reiser (kollektive). Dette er om lag kr 1 000 meir enn basisbeløpet for ein einsleg bebuar i mottak.

I studien av levekår i mottak peikar SINTEF IFIM på at dei låge satsane i visse tilfelle fører til at bebuarane ikkje har råd til nødvendige helsetenester og medisinar. I mange tilfelle har dei heller ikkje råd til å delta i ymse aktivitetar.

Informasjon og aktivitetar

Bebuarar i mottak har eit stort behov for informasjon. Mange vil ofte ha behov for å få repetert delar av informasjonen fleire gonger. SINTEF IFIM peikar på at det er behov for at dei tilsette i større grad er tilgjengelege for å kunne svare på spørsmål ved å vere til stades blant bebuarane. I samband med mottaket av flyktningar frå Kosovo våren 1999 gjennomførte NOAS eit prosjekt for informasjon i mottak. Medan prosjektet var i gang, besøkte NOAS til saman 78 mottak i alle delar av landet. Målsetjinga med prosjektet var å auke kunnskapen blant asylsøkjarane om behandlinga av asylsøknader og om juridiske og velferdsmessige rettar og plikter. NOAS konkluderte med at informasjonsbehovet var mykje større enn det som det i dag er lagt til rette for å imøtekome gjennom bemanning og opplæring i mottaka. Dei fleste bebuarane saknar spesielt informasjon om behandlinga av deira eigen asylsøknad. Dette er informasjon som dei tilsette ved mottaka ikkje har.

Tilbodet om aktivitetar i dei statlege mottaka varierer mykje. I somme tilfelle tek bebuarane aktivt del i lokalmiljøet rundt mottaket og deltek i fritids- og kulturtilbod. I andre mottak er dei fleste aktivitetane organiserte internt i mottaket. Ofte vil lokale forhold vere avgjerande for kva løysingar som blir valde. Ved å bruke eksterne tilbod blir opphaldet i mottak meir likt den kvardagen asylsøkjaren møter etter busetjing i ein kommune. Fleire studiar og undersøkingar peikar på at det er behov for fleire faste aktivitetstilbod for bebuarar i mottak.

Organiseringa av bebuarmedverknaden og deltakinga frå bebuarane si side varierer frå mottak til mottak. Dei aller fleste mottaka har etablert eit samarbeidsråd eller bebuarråd, men det er ulike oppfatningar når det gjeld kor reell innverknad bebuarane har på drifta. Det verkar som om bebuarmedverknad fungerer best på dei områda som handlar om deltaking i og ansvar for praktiske oppgåver ved mottaka. Erfaring viser at personar som deltek aktivt i drifta, ofte blir ein ressurs for mottaka og eit viktig bindeledd mellom bebuarane og dei tilsette. Samstundes har ein erfaring med at det kan bli noko forvirring kring til dømes kva rolle leiaren for bebuarrådet skal ha i forhold til dei tilsette. Ordninga med bebuarmedverknad er sårbar for endringar i samansetjinga av bebuarane. Ofte vil det vere vanskeleg å sikre kontinuiteten i arbeidet.

Erfaring viser at kartlegginga av utdanning og yrkesbakgrunn blant bebuarar i mottak i mange tilfelle ikkje har vore god nok. Busetjingskommunane opplever at dei får for lite informasjon i framkant om dei flyktningane som skal kome til kommunen. Det kan gjere planlegginga av kvalifiseringstilbodet i kommunen vanskeleg. Ei grundig kartlegging i mottak er også nødvendig for å kunne førebu ei god busetjing i ein kommune, der den enkelte får høve til å ta seg arbeid og utdanning.

Opplæring og arbeid

Tilbod om norskopplæring er særs viktig for bebuarar i mottak. Å lære norsk gjer det lettare for bebuarane å klare seg på eiga hand i lokalmiljøet, og det lettar kommunikasjonen med andre bebuarar og med dei tilsette ved mottaket. Å lære norsk i mottaksfasen fremmar òg målsetjinga om at nykomne så raskt som råd skal bli sjølvhjelpte etter busetjing i ein kommune. Å delta i opplæring er for mange ein meiningsfull aktivitet i ein kvardag som elles er prega av mykje venting. Ein del mottak samarbeider godt med vaksenopplæringa og lokale arbeidsgivarar, slik at bebuarane får praktisere norsk i ein naturleg samanheng, til dømes på ein arbeidsplass. Motivasjonen til å lære norsk er ofte også større når dei har praktisk bruk for språket i kontakt med nordmenn. Somme bebuarar i mottak som har nådd eit visst nivå i norsk språk, har fått arbeidsretta kvalifisering gjennom arbeidsmarknadstiltak.

Skoletilbodet er ein vesentleg del av kvardagen for barn og ungdom i mottak. Motivasjonen for skolegang og for å ta utdanning er stor, og mange har store ambisjonar. For mange er skolen òg ein viktig arena der dei kan kome i kontakt med norske barn.

Mottaka skal i samsvar med driftsreglementet leggje til rette for leksehjelp på mottaket eller i tilknytning til eksisterende tilbod utanfor mottaket. Fleire mottak organiserer leksehjelp, gjerne i samarbeid med frivillege organisasjonar.

Ein del kommunar har gode erfaringar med å leggje grunnskoleopplæringa for ungdom i alderen 16–20 år til den vidaregåande skolen, og i ein del tilfelle deltek ungdommane i opplæring saman med norske jamaldringar i praktiske fag. For mange kommunar er det å leggje denne undervisninga til den vidaregåande skolen ei utfordring som dei ikkje har lykkast med.

Ei kartlegging av bebuarar i mottak per 01.09.2000, viste at 9,1 pst. var i jobb. Av desse var 6,4 pst. i heiltidsjobb, medan 2,7 pst. var i deltidsjobb. Truleg var talet noko høgare, for det var ikkje alle mottaka som tok del i kartlegginga. Fleire mottak har rapportert om at ein del av bebuarane har sesongarbeid/korttidsarbeid i periodar, og at dette ikkje har kome med i denne undersøkinga. Dette inneber at talet på personar i arbeid vil svinge noko. Erfaring viser at ei nokså stor gruppe ikkje kan få mellombels arbeidsløyve fordi det er tvil om identiteten deira.

Helsetenestetilbod

Det er i dag store variasjonar mellom kommunane når det gjeld tilbodet om helsetenester til flyktningar og asylsøkjarar. Dette gjeld både tilgang til tenester og kunnskap om brukargruppa. Tilbodet om helsetenester til bebuarar i mottak er til dels ulikt organisert. Somme kommunar har lege og/eller helsesyster knytt direkte til mottaket, og dei er òg fysisk til stades i mottaket visse dagar. I andre kommunar er det ingen faste legar i kommunen som er øyremerkte for arbeid med bebuarar i mottak. Det varierer òg om mottaka har ei fast legeteneste. Fleire kommunar rapporterer om positive erfaringar med å ha fast helsepersonell, gjerne helsesyster, knytt til mottaket.

Tilgangen til helsetenester for bebuarar i mottak er avhengig av kvar mottaket er plassert. Helsetenesta i kommunane er ikkje alltid dimensjonert for den auken i talet på innbyggjarar etablering av eit mottak inneber. Mangel på ressursar i kommunehelsetenesta er også eit generelt problem i dei aller fleste kommunar.

Det er ein generell otte for at tilgangen på psykologisk hjelp eller behandling til bebuarar i mottak er for dårleg. Det psykiske helsevernet i Noreg har problem med å strekke til overfor befolkninga totalt sett. Kapasiteten til å ta seg av bebuarar i mottak er derfor avgrensa. Dette inneber at bebuarar med psykiske problem ikkje får den hjelpa dei treng, samstundes som ansvaret og problem som oppstår er ei belastning både på mottakspersonalet og andre bebuarar. I samband med mottaket av flyktningane frå Kosovo, som kom direkte frå krig og ein massefluktsituasjon, blei det derfor løyvd ekstramidlar for å styrkje dei psykososiale støttetiltaka for flyktningane. Mellom anna fekk Psykososialt senter for flyktninger midlar til å opprette stillingar som fylkeskoordinatorar i fem fylke. Fylkeskoordinatorane skulle kartleggje det psykososiale tilbodet til flyktningar i mottaka. I tillegg skulle dei betre det tverretatlege samarbeidet rundt dei ordinære mottaka. I prosjektperioden blei det etablert team i fleire kommunar som mellom anna skulle bestå av leiaren for mottaket, ein representant frå førstelinjetenesta, ein representant frå Vaksenpsykiatrisk poliklinikk, representantar frå barnevernet eller eventuelt flyktningteamet i kommunen og representantar frå politiet. Målsetjinga med teama var i formalisere samarbeidet mellom etatane og styrkje samarbeidet omkring det psykososiale tilbodet til asylsøkjarar og flyktningar. Teamet skulle vere ei støtte for dei tilsette i mottaket, både når det gjaldt å førebyggje eventuelle problem og med tanke på å finne gode løysingar på problem som oppstod. Erfaringane med dette arbeidet er positive, og fleire team er under oppretting.

Smittevern er òg ein viktig del av helsetenesta for asylsøkjarar og flyktningar. Sentrale helsestyresmakter får mange førespurnader frå helsepersonell og andre som viser at kommunane manglar både ressursar og kompetanse til å møte nye smittevernproblem, som for mange er framande. Det er fleire døme på mangelfulle undersøkingar, mangelfull kommunikasjon, både internt i kommunane og mellom asylsøkjarar og flyktningar på den eine sida og helsepersonell på den andre sida, utilstrekkeleg fagleg kompetanse, overreaksjonar og unødig smitteangst.

Resultatet av tuberkulosekontrollen (røntgenbilete/skjermbilete av lungene), som blir gjennomført like etter at asylsøkjaren har kome til landet, er ofte ikkje kjent før vedkomande har reist vidare frå transittmottaket til neste mottak. Dette har i nokre tilfelle ført til at tilvising til spesialist for endeleg diagnose og behandlingsstart er blitt forseinka, og resultatet har vore unødig smittespreiing.

5.2.3.7 Situasjonen for ulike grupper i mottak

Bebuarar i mottak er ei lite einsarta gruppe. Dei har ulike behov og interesser, som det ofte kan vere vanskeleg å ta tilstrekkeleg omsyn til innanfor det eksisterande mottakssystemet. Nedanfor følgjer ein omtale av situasjonen for nokre grupper i mottak.

Tabell 5.2 Samansetjing av bebuarar i mottak pr. 30.09.2000 (fordelt på alder og kjønn)

Kjønn/alder0-34-67-1516-1819-63over 64Totalt
Kvinne5203387342052 665464 508
Mann5463408964325 843428 099
Totalt1 0666781 6306378 5088812 607
%vis del av total8,46 %5,38 %12,93 %5,05 %67,49 %0,70 %100,00 %

Barn og ungdom

Kor stor del av asylsøkjarane som har vore barn og ungdom, har variert mykje, men dei siste par åra har ein stor del av bebuarane i mottak vore familiar med barn. Foreldre eller andre med tilsvarande omsorgsansvar har hovudansvaret for eigne barn. Mottaka skal leggje forholda til rette for ein kvardag som er trygg og ikkje byr på overraskingar.

I driftsreglementet for statlege mottak er det stilt særskilde krav til arbeidet med barn og ungdom. Barn i førskolealder skal ha eit tilrettelagt tilbod på minimum tre timar per dag frå måndag til fredag gjennom ein barnebase på mottaket. Den eksisterande ordninga med barnebasar i mottak er ikkje regulert gjennom barnehagelova, og tilbodet svarer ikkje til det tilbodet som blir gitt i barnehagar. Mottaka skal sikre at barn og ungdom blir melde på det opplæringstilbodet i kommunen som passer deira behov og alder. Videre skal mottaka leggje til rette for at barn og ungdom kan delta i lokale aktivitetstilbod i samsvar med deira eigne interesser og føresetnader. Mottaka skal ha trygge utandørs leikeareal og tilstrekkeleg plass innandørs til at barn og ungdom kan leike og drive med ymse fritidssyslar. Det skal òg vere tilsett ein person med barnefagleg kompetanse ved mottaka.

Mottaka legg forholda til rette for tiltak for barn og ungdom på ulike måtar. Dei fleste mottaka har etablert ei eller anna form for barnebase. Nokre få mottak har i staden etablert eigne barnehagar. Erfaringar frå nokre av barnehagane viser at det er vanskeleg å planleggje barnehagedrift i mottak, særleg fordi barnetalet svingar mykje og gjer grunnlaget for drift usikkert. Andre gir barn i mottak plass i ordinære barnehagar i nærmiljøet. Det varierer òg om barn har tilbod om skolefritidsordning og aktivitetar utanfor mottaket, eller om dei oppheld seg mesteparten av tida i mottaket. Både dei fysiske forholda ved mottaket og kvar mottaket er plassert, påverkar aktivitetstilbodet. Mange mottak har etablert kontakt med frivillige organisasjonar, til dømes deltek barn og ungdom i mottak ofte i lokale idrettslag. Dette gjeld særleg gutane. Fleire ungdomsorganisasjonar har engasjert seg i forhold til barn i mottak. Lokallag rundt om i landet legg til rette for aktivitetar og kontakt mellom norske ungdommar og barn og ungdom som bur i mottak. Fleire stader er det etablert ei besøksteneste for barn i mottak. Nokre frivillige organisasjonar organiserer òg leksehjelp ved mottaka.

I studien av levekåra i mottak understrekar forskarane at mangelen på stabilitet og den lange ventetida i mottak er uheldig for barna. Barna lir mest under uvissa, dei stadige endringane i samansetjinga av bebuarar, angst for utsending eller flytting osv. Barn blir også påverka av at foreldra er i ein vanskeleg situasjon. Sjølv om foreldra i utgangspunktet har god evne til å gi barna nødvendig omsorg, så kan opphaldet i mottak setje denne evna på prøve. I tillegg utgjer livssituasjonen til foreldra og den uroa dei føler, ei ekstra belastning for barna. Den tronge økonomiske situasjonen pregar òg forholda for barn i mottak, og set i nokre tilfelle grenser for kva slags fritidsaktivitetar dei kan delta i.

Undersøkingar av barn i mottak viser at fleirtalet av barna har ulike typar av symptom og plager. Ein del av barna kan ha behov for profesjonell hjelp med problema sine. Våren 1999 blei det løyvt ekstramidlar til samtalegrupper for foreldre og barn i mottak og til opplæring av to foreldrerettleiarar i kvart fylke. Foreldrerettleiarane skulle rettleie tilsette i kommunar med statlege mottak slik at dei kunne hjelpe mottaka med foreldrerettleiing overfor barn og foreldre som hadde behov for det. Erfaringane med prosjektet er positive. Mange av dei familiane som fekk eit tilbod om rettleiing, har utrykt ønske om å få meir av slik hjelp og støtte.

Kvinner

Korleis kvinner tilpassar seg tilværet i mottak, er i stor grad avhengig av kva bakgrunn dei har frå heimlandet. Det er store variasjonar blant kvinner i mottak med omsyn til språk, nasjonalitet, utdanning og yrkesbakgrunn frå heimlandet. Kvinner som har vore yrkesaktive i heimlandet, vil ofte ha dei same vanskane med å tilpasse seg livet i mottak som menn har. Kvinner som har vore heimearbeidande i heimlandet, kan i mange tilfelle halde fram med vanlege gjeremål, som ansvar for barn, matlaging, reinhald og klesvask. Mange av desse kvinnene vil truleg tilpasse seg eit tilvære i mottak betre enn menn.

Tilbodet i mottak er ikkje alltid lagt til rette for dei behova kvinner har. Slik ordninga med barnebasar er i dag, kan det vere vanskeleg for begge foreldra å delta fullt ut i norskundervisning og informasjons- og aktivitetsprogram. I praksis blir det gjerne mor som ikkje alltid kan delta fullt ut i dette. Mottaket skal i samarbeid med bebuarane sørgje for eit avlastningstilbod for dei foreldre med barn i alderen 0-2 år som har vanskeleg for å ordne dette på eiga hand, som gjer det mogleg for foreldre å delta i dei obligatoriske delane av informasjons- og aktivitetsprogrammet. Mange mottak arbeider òg aktivt for at kvinnene skal ha like gode høve til å delta i norskopplæring som mennene.

Det er ein tendens til at menn dominerer samarbeidsråda ved mottaka. Omsynet til kvinnene sine behov kan derfor lett kome i bakgrunnen. Kvinnene saknar rom der dei kan trekkje seg tilbake og vere i fred. Fellesromma på mottaka er ofte dominerte av menn. Erfaringane til kvinner i mottak er likevel ikkje eintydige. Mange kvinner har funne vennskap og tryggleik i samvær med andre bebuarar, inkludert menn. På somme mottak er det etablert eigne kvinnegrupper eller andre aktivitetar berre for kvinner. Dette er noko mange kvinner meiner er viktig.

Einslege kvinner er ei særleg utsett gruppe. Nokre av dei er i tillegg åleine om omsorga for barn. Psykososialt senter for flyktninger har gjennom sitt arbeid erfart at kvinner i mottak kan vere redde på grunn av manglande tryggleik. Det gjeld særleg kvinner som har opplevd valdtekt/seksualisert vald før dei kom til Noreg. Einslege kvinner kan få eventuelle angstproblem forsterka dersom dei bur tett på menn og må dele toalett og dusj med mannlege bebuarar. Også studien av levekåra i mottak viser at einslege kvinner kan føle seg utrygge. Ein del kvinner har også opplevd å bli seksuelt trakasserte av menn på mottaka. Det er generelt vanskeleg for kvinnene å ta opp slike forhold.

UNHCR gav i juli 2000 tilrådingar med omsyn til harmonisering av standarden på mottak for asylsøkjarar i EU. Av desse tilrådingane går det fram at einslege kvinner bør sikrast separat og trygg innkvartering. I UNHCR sine retningslinjer frå 1995 om førebygging og respons i samband med seksuelle overgrep mot flyktningar ( Sexual violence against refugees, UNHCR, Geneva March 1995), som også omfattar forholda i mottak, heiter det mellom anna at kvinner og jenter må ha høve til å vaske seg bak låst dør. Fleire mottak har, i samarbeid med Psykososialt senter for flyktninger eller dei regionale psykososiale teama, starta eit arbeid for å gjere buforholda i mottak tryggare.

Menn

Menn i mottak har til dels dei same problema som kvinner i mottak. Passivitet, det å bu trongt og mangel på privatliv er ei belastning for dei òg. Mange av mennene har lite høve til å leve det aktive livet dei er vane med. Mangelen på arbeid og det å ikkje lenger kunne forsyte familien, er ei særleg belastning for mennene. Menn har ofte mist fleire av dei funksjonane eller rollene dei hadde før flukta, enn det kvinner har. For ein del menn skaper dette store frustrasjonar, som i verste fall kan slå ut i aggressivitet og trugande framferd.

Einslege menn er den aller største gruppa i mottak. Dei opplever i mange tilfelle situasjonen i mottak, der dei ikkje har høve til å forsyte seg sjølve, som særs vanskeleg. Eventuell familie i heimlandet, som kanskje i tillegg har det vanskeleg, kan ofte forsterke den vanskelege situasjonen. Einslege menn er dessutan ofte den gruppa som må vente lengst på busetjing, delvis fordi kommunane manglar bustader som høver for einslege, men òg fordi mange kommunar helst ønskjer å busetje familiar.

Personar som har budd lenge i mottak

Mottak er ikkje innretta for opphald over fleire år. Det finst likevel personar som av ulike årsaker bur fleire år i mottak. Ein del av dei som bur særs lenge i mottak, har fått opphaldsløyve. At dei likevel må bu lenge i mottak, kan kome av at dei har særskilde behov som gjer at det er vanskeleg å finne busetjingskommune til dei. Andre ventar på å få familien til landet, og kommunane vil vente med å busetje dei før familiemedlemmene har kome.

Fleirtalet av dei som bur lenge i mottak har fått endeleg avslag på søknaden om asyl og pliktar derfor å forlate landet. Bakgrunnen for at dei ikkje har reist eller ikkje er blitt sende ut av landet, kan vere at dei ikkje i tilstrekkeleg grad har hjelpt til med å klargjere sin eigen identitet eller late seg framstille for heimlandet sin ambassade for å få skrive ut reisedokument. Dei aller fleste kan reise heim om dei sjølve ønskjer det. Før retur er det ofte behov for å avklare identiteten og skaffe vedkomande reisedokument som blir godtekne i heimlandet. Erfaring viser at dette kan ta lang tid når søkjarane sjølve ikkje vil gi nødvendige opplysningar eller medverke til å skaffe til veges reisedokument – eller om dei gir urette opplysningar. Det er også nærmast umogleg å få til retur til visse land utan at vedkomande som skal returnere, gjer det frivillig.

Ei anna årsak til lange opphald i mottak kan i visse tilfelle vere at heimlandet nektar å ta imot dei, jamvel om dei sjølve er villige til å reise tilbake. Dei generelle problema til bebuarar i mottak blir forsterka når opphaldet varer lenge. Det er vanskeleg for mottaka å leggje til rette for meiningsfylte aktivitetar for personar som bur særs lenge i mottak. Mange har derfor lite å fylle tida med. Lange opphald i mottak gir òg auka risiko for helseproblem. Dei som bur lenge i mottak, må ofte flytte mellom mottak fleire gonger. Dette er særleg uheldig for barn, som då må skifte skole fleire gonger. Personar som har fått endeleg avslag på søknaden om asyl, men som sjølve er utan skuld i at dei ikkje kan forlate landet, kan få mellombels løyve til å ta seg arbeid.

Personar med helseproblem

Felles for personar som av ulike grunnar vel eller blir tvinga til å flytte eller flykte, er at migrasjonen fører til oppbrot frå det gamle og ei nyorientering i forhold til det nye landet dei kjem til. Dei aller fleste flyktningar og asylsøkjarar lir tap i samband med sjølve migrasjonen, både materielle tap (hus og heim), sosiale tap (familie, arbeid og sosialt nettverk) og eit psykisk tap av eigenverdi, identitet og status. Flyktningar og asylsøkjarar har i større eller mindre grad vore utsette for store påkjenningar i samband med tidlegare opplevingar frå væpna konflikt, fengsling, tortur og flukt. Det å vere i ein asylsøkjar- eller flyktningsituasjonen kan i seg sjølv vere ein helserisiko. Passivitet, uviss framtid, endra familieroller, det å bu trongt og tap av kjent miljø er alle faktorar som kan gi auka helserisiko.

Bebuarar i mottak har også ei rad vanlege helseproblem på linje med folk elles. I tillegg har nokre av bebuarane ein del spesielle helseproblem, til dømes smittsame sjukdommar, behov for vaksinasjonar, dårleg tannhelse og ein del kroniske sjukdommar og psykiske problem som følgje av opplevingar i heimlandet, på flukt eller i eksil.

Behovet for kunnskap om den psykiske helsa til asylsøkjarar og flyktningar er stort. Det er ein del indikasjonar på at flyktningar utgjer ei risikogruppe. Ei undersøking av vietnamesiske flyktningar viste at nesten 25 pst. hadde ei psykisk liding tre år etter at dei hadde kome til landet (Hauff 1995), medan ei anna undersøking (av i hovudsak flyktningar frå det tidlegare Jugoslavia) viste at nesten 50 pst. hadde indikasjonar på depresjonar som kravde behandling, medan nesten 20 pst. hadde ei posttraumatisk stressforstyrring (Lie 1998). 1 Det finst inga fullstendig oversikt over omfanget av torturskadar blant flyktningar i Noreg. Ein del undersøkingar tyder på at opptil 20–25 pst. av vaksne flyktningar har vore utsette for fysisk tortur, medan ein mykje større prosentdel sannsynlegvis har vore utsette for psykisk tortur. Fysisk tortur blir ofte utført på måtar som ikkje etterlèt seg synlege arr, og kan derfor vere vanskeleg å oppdage.

Ei rad nyare undersøkingar frå andre land har vist at psykiske lidingar hos flyktningar i stor grad heng saman med påkjenningar i eksilsituasjonen, mellom anna manglande sosialt nettverk, mangel på meiningsfulle oppgåver i kvardagen, tap av roller, nedgang i økonomisk status osv. Det blir peika på at desse faktorane kan ha meir å seie for den psykiske helsa enn påkjenningar før og under flukta.

Område som flyktningar og asylsøkjarar kjem frå, har ofte eit anna sjukdomsmønster enn det vi finn i Noreg. Det blir ikkje gjennomført noka nasjonal, systematisk overvaking av helsetilstanden til asylsøkjarar og flyktningar. Gjennom meldingssystemet for smittsame sjukdommar (MSIS) ved Folkehelsa vil ein likevel i dei fleste tilfelle kunne avdekkje førekomsten av smittsame sjukdommar hos asylsøkjarar og flyktningar, og eventuelle sekundærtilfelle hos andre i mottaket og blant befolkninga i mottakskommunen elles. Det er særleg tuberkulose, HIV-infeksjon og kronisk hepatitt B-infeksjon som peikar seg ut som viktige kroniske infeksjonar blant asylsøkjarar. Når det gjeld desse sjukdommane, er det så langt avdekt få tilfelle av smitte internt i asylmottak eller i lokalsamfunnet rundt.

Personar med ein livstrugande og dødeleg sjukdom som HIV-infeksjon, eller som allereie har utvikla AIDS, har eit stort behov for at det blir teke omsyn til deira livssituasjon og helsetilstand, både somatisk og psykisk. Uvisse om framtida er særleg vanskeleg for desse personane, og det skaper sjølvsagt ekstra problem for tida i mottak. Dei tilsette ved mottaka har på grunn av den teieplikta som gjeld for helsepersonell, ofte ikkje kjennskap til kva sjukdommar bebuarane har. Med mindre dei det gjeld sjølve fortel om sjukdommen, vil det ikkje vere mogleg å leggje til rette for ei særskilt oppfølging av desse personane i mottaka.

Dei fleste mottaka er ikkje lagde til rette for personar som har særlege helseproblem. Den fysiske standarden på mottaka er i mange tilfelle ikkje lagd til rette for funksjonshemma, og mange er derfor heilt avhengige av hjelp frå andre bebuarar og tilsette i mottaket. Erfaring viser òg at det ofte tek lang tid å få behandla ein søknad om hjelp frå trygdekontor og hjelpemiddelsentralar, og i tillegg er det vanskeleg for mange å dekkje økonomisk den delen dei sjølve må bere når dei skaffar seg eit hjelpemiddel.

Erfaring viser at sentraliserte mottak vanlegvis ikkje er nokon bra stad å bu for personar med psykiske problem, særleg ikkje over lengre tid. Samstundes kan det for somme nettopp vere eit godt alternativ dersom ein har venner på mottaket og/eller god kontakt med dei tilsette og/eller får eit godt tilbod frå den lokale helsetenesta.

5.3 Utfordringar og tiltak

5.3.1 Samla vurdering

Standarden på tilbodet i mottak må sjåast i forhold til opphaldstida i mottaka. Ein bustandard som er akseptabel for eit opphald på opptil eit år, er mindre akseptabel når opphaldstida strekkjer seg over fleire år. Belastninga med å bu i mottak blir forsterka av den lange saksbehandlingstida og den lange ventetida på busetjing etter eit vedtak om opphaldsløyve.

Det er ofte etter busetjing i ein kommune at ein merkar dei uheldige konsekvensane av lange opphald i mottak. Personar som har budd lenge i mottak, er ofte blitt passiviserte, og dei finn det vanskeleg å omstille seg og motivere seg for å bli aktive deltakarar i samfunnet. Helsemessige problem kan òg ha utvikla seg til å bli akutte etter at dei er blitt busette i ein kommune.

Dersom ein skal ha von om å nå målet om at flyktningar så raskt som råd skal bli sjølvhjelpte etter busetjing, må anten saksbehandlingstida og busetjinga i ein kommune gå raskare, eller så må tilbodet i mottak bli mykje betre enn det er i dag. Forsking viser at bebuarane opplever ventetida som verst. Uvisse med omsyn til svaret på asylsøknaden, og deretter eventuelt venting på å få vite kvar ein skal bu i framtida, gjer opphaldet i mottak tungt og vanskeleg. Det er lite sannsynleg at eit betre tilbod i ventetida vil endre på dette i vesentleg grad. Etter Regjeringa si vurdering må raskare saksbehandling og raskare busetjing prioriterast. Regjeringa legg i denne meldinga fram forslag til tiltak som kan medverke til dette, jf. kap. 4 og 6.

Dersom den totale opphaldstida blir redusert og i tråd med intensjonane, vil problem knytte til økonomi, helse og mangel på meiningsfulle aktivitetar også bli reduserte. Samstundes er det ein realitet at den noverande organiseringa ikkje passar for alle. Dette gjeld særleg for personar som fungerer dårleg i mottak. Regjeringa meiner derfor at det er behov for å vurdere alternative løysingar. I tillegg er det behov for å forbetre det eksisterande systemet. Det er stor variasjon mellom dei ulike mottaka med omsyn til tilbod om aktivitetar. Kvardagen til ein del bebuarar er prega av lediggang og lite aktivitet, medan andre bebuarar er i full jobb eller går på skole. Tenestetilbodet utanfor mottaket kunne generelt sett vore betre, spesielt med omsyn til helsetenester. Det er uheldig at ein del bebuarar ikkje har råd til medisinar og nødvendige helsetenester. Det er særleg uheldig når dette går ut over barn. Regjeringa ønskjer derfor å sjå nærmare på dette.

Det er store variasjonar med omsyn til korleis driftsoperatørane vel å drive mottaka, spesielt når det gjeld bemanning. Årsaka kan vere at måla for drifta og tilbodet i mottak er relativt generelle. I tillegg har kravet om effektiv ressursbruk resultert i mangel på kontinuitet, og dermed har ein òg hatt vanskar med å halde oppe kompetansen blant dei tilsette i mottaka.

På bakgrunn av dette legg Regjeringa i denne meldinga fram forslag til tiltak både for å sikre drifta av mottaka og for å sikre tilbodet til dei som oppheld seg i mottak.

5.3.2 Organisering, drift og ansvarsdeling

5.3.2.1 Ulike løysingar

Ein kan organisere arbeidet med å ta imot asylsøkjarar og flyktningar på ulike vis. I dei siste tolv åra har asylsøkjarar i Noreg i hovudsak budd i statlege mottak medan søknaden om asyl har vore til behandling. Det same gjeld i hovudsak også i dei andre vesteuropeiske landa. Nedanfor omtalar vi ulike løysingar:

1. Mottak av asylsøkjarar direkte i kommunane

Fram til 1988 tok kommunane imot flyktningar og asylsøkjarar direkte, og staten skulle dekkje alle kommunale utgifter knytte til mottaket dei seks første månadene. Staten dekte også utgifter til administrasjon, busetjing, kvalifisering og tolketenester.

Fordelen med ein slik modell er at ein samlar alt ansvaret på éin stad og dermed sikrar kontinuitet i tiltak og oppfølging. Ordninga fungerte bra så lenge talet på asylsøkjarar var lågt og det stort sett dreidde seg om mottak av overføringsflyktningar. Då talet på asylsøkjarar auka midt i 1980-åra, blei det ei stor belastning på dei få kommunane som tok imot asylsøkjarar, og det var vanskeleg å få kommunane til å stille opp med nok plassar. I tillegg var erfaringar med ordninga mellom anna at asylsøkjarane blei knytte til lokalsamfunnet medan søknaden om asyl blei behandla, noko som kunne gjere det vanskelegare å få personar til å forlate landet etter eit eventuelt avslag på søknaden om asyl. Gjeninnføring av ei tilsvarande ordning i dag vil stille store krav til kommunane med omsyn til fleksibilitet og effektivitet i mottaksarbeidet, ettersom ein aldri veit kor mange asylsøkjarar som til kvar tid kjem. Med det presset på bustadmarknaden vi ser i dag, vil det også vere vanskeleg for kommunane å finne høvelege bustader til asylsøkjarane.

2. Direktebusetjing av asylsøkjarar i kommunane

Eit anna alternativ kan vere å opne for større grad av direktebusetjing av asylsøkjarar i kommunane enn det som er tilfellet i dag. Direktebusetjing inneber ikkje nødvendigvis busetjing med ein gong, men heller at busetjing i ein kommune blir utgreidd og kartlagt før det er gjort vedtak i asylsaka. Asylsøkjarar kan i dag busetjast i ein kommune før det er gjort vedtak i saka dersom det ligg føre medisinske og/eller sterke sosiale grunnar til at vedkomande ikkje bør opphalde seg i mottak. Kommunar som direktebuset asylsøkjarar, får eit eige tilskot frå staten.

Fordelane og ulempene med denne modellen er mykje dei same som for modellen nemnd ovanfor. Skilnaden er at asylsøkjarar som blir direktebusette, vanlegvis bur i statleg mottak i ein kortare eller lengre periode før dei blir direktebusette i ein kommune. Kommunane som inngår avtale om direktebusetjing, vil derfor i større grad ha høve til å planleggje arbeidet.

Ei ordning med direktebusetjing av asylsøkjarar vil langt på veg kunne gjere tilværet deira meir normalt. Det vil vere enklare for asylsøkjarane å tilpasse seg buområdet og nærmiljøet, samstundes som ei slik ordning kan sikre kontinuiteten i tiltak og oppfølging. Innføring av ei ordning med direktebusetjing vil som ved direkte mottak i kommunane stille store krav til effektivitet og fleksibilitet i busetjingsarbeidet i kommunane. Kommunane står i dag fritt til sjølve å bestemme om dei ønskjer å busetje flyktningar, og kor mange dei ønskjer å busetje. Erfaringar viser at ein slik praksis ikkje fungerer når det kjem mange asylsøkjarar og flyktningar. Det er derfor lite truleg at ei ordning med direktebusetjing for alle vil fungere dersom kommunane sjølve skal kunne velje om dei vil direktebusetje asylsøkjarar.

3. Asylsøkjarar skaffar seg bustad sjølve

Eit tredje alternativ er å innføre ei ordning lik den svenske, der asylsøkjarar skaffar seg bustad sjølve. Ei slik ordning inneber at asylsøkjarane tek imot stønad til livsopphald og litt bustønad sjølv om dei vel å bu utanfor mottaka. Erfaringar med denne modellen tyder på at asylsøkjarane som bur utanfor mottaket, får ein meir normal livssituasjon og eit større ansvar for sitt eige liv. Dei finn òg lettare sin plass i lokalsamfunnet enn dei som bur i mottak, mellom anna ved at det er lettare å etablere eit kontaktnett i nærmiljøet. Ein slik modell vil truleg vere rimelegare enn det noverande mottakssystemet. Erfaringane frå Sverige viser at ulempene ved modellen er at det lett kan bli eit auka press på dei store byane, der det frå før bur mange flyktningar. Det er likevel grunn til å tru at ein del av bebuarane i mottak vil velje å busetje seg i nærleiken av mottaket. For kommunane blir det vanskeleg å planleggje arbeidet når dei ikkje veit kvar asylsøkjarane vil busetje seg. Dersom bustøtta er låg, som i Sverige, vil ei slik ordning også kunne medverke til at folk bur trongt, ettersom dei av økonomiske grunnar ofte må bu hos familie og venner. Ordninga kan òg skape forventningar om å få bli verande i landet.

4. Utvide bruken av desentraliserte mottak

Ei anna løysing for organisering og drift av statlege mottak, som allereie er prøvd ut i Noreg, er mottak der asylsøkjarane blir innkvartert i bustader i ordinære buområde. Det er hausta gode erfaringar med bruk av slike desentraliserte mottak. Ein slik modell gir mellom anna asylsøkjarane ein større grad av privatliv og ein meir normal livssituasjon enn det er mogleg å få til i ordinære mottak. Ei slik buform vil truleg fremme trivsel og kontakt med nærmiljøet, og vil truleg også førebyggje helseproblem hos bebuarane. Det blir såleis lagt eit betre grunnlag for seinare tilpassing til og deltaking i samfunnet. Med ein desentralisert modell vil det òg vere mogleg å overføre både bebuarane og bustaden til kommunen ved ei eventuell busetjing. Samstundes vil ein slik modell høve godt med tanke på å få til små justeringar i kapasiteten. Desentraliserte mottak kan medverke til ei betre utnytting av eksisterande bustader i område med lite press på bustadmarknaden. I periodar når det kjem mange asylsøkjarar og flyktningar til Noreg på kort tid, kan det likevel vere vanskeleg å dekkje behovet for plassar med ein slik modell.

Vurdering

Ordninga med direkte mottak i kommunane og ordninga med direktebusetjing er løysingar som ikkje strekk til når det kjem mange asylsøkjarar på kort tid. Desse løysingane stiller store krav til effektivitet og fleksibilitet i kommunane, og vil truleg ikkje fungere dersom kommunane sjølve skal kunne velje om dei vil ta imot asylsøkjarar direkte, eller om dei vil direktebusetje asylsøkjarar. Det er òg lite truleg at kommunane ønskjer å ta på seg eit slikt utvida ansvar.

Ei ordning der asylsøkjarane kan skaffe seg bustad sjølve, har klare fordelar for dei som får opphaldsløyve i Noreg. Ordninga vil hjelpe dei til å bli sjølvhjelpte raskare. Dette er ei ordning som særleg vil vere aktuell for einslege, den gruppa som vanlegvis bur lengst i mottak. For barnefamiliar vil statlege mottak ofte vere den einaste løysinga, for det er vanskeleg for dei å finne bustad på eiga hand, og dei kan heller ikkje så lett ta inn hos familie og venner. Det er likevel behov for meir kunnskap om konsekvensane av å opne for ei slik ordning i Noreg.

Dagens ordning med statlege mottak er i utgangspunktet ei effektiv løysing når det kjem mange asylsøkjarar til landet. Dei problema kommunane har i dag med å finne nok bustader til flyktningar med opphaldsløyve i Noreg, tilseier òg at asylsøkjarar også i framtida som regel bør bu i mottak. Ei ordning med fleire desentraliserte mottak kan vere eit godt alternativ. Det vil likevel ikkje vere mogleg å berre basere seg på ein slik modell, særleg ikkje når det kjem mange asylsøkjarar på ein gong.

Etter Regjeringa si vurdering bør ein halde fast ved den noverande ordninga med statlege mottak for asylsøkjarar, men i større grad opne for alternative løysingar for personar med særlege behov. Å redusere opphaldstida i mottak vil likevel vere ein viktig føresetnad for å kunne halde fast ved den noverande ordninga. For å kunne tilfredsstille behovet for fleksibilitet og dei ulike behova til ulike bebuargrupper, er det viktig å ha ulike typar av mottak. Sentraliserte mottak er ikkje ei god løysing for alle bebuarar. Få mottak er lagde til rette for personar med funksjonshemmingar. Lange opphald i mottak kan vere vanskeleg for personar med psykiske problem. Ein bør i større grad nytte alternative løysingar for slike grupper. Dette gjeld òg for personar som må vente urimeleg lenge på busetjing i ein kommune. Både direktebusetjing i kommunar og desentraliserte mottak kan vere ei god løysing for mange av desse.

Regjeringa vil foreslå at det blir sett i gang eit prosjekt for å systematisere erfaringane med bruk av ulike buformer. I denne samanhengen vil det bli vurdert nærmare korleis ein kan leggje til rette for større bruk av desentraliserte mottak enn det som er tilfellet i dag.

For å få meir kunnskap om konsekvensane ved å opne for ei ordning der asylsøkjarar kan skaffe seg bustad sjølve, vil Regjeringa også foreslå at det blir sett i gang eit avgrensa prøveprosjekt der ulike alternativ for eiga busetjing blir utprøvde.

Personar som har fått endeleg avslag på søknaden om asyl, men som av ulike årsaker ikkje forlèt, eller ikkje kan forlate landet, er ei gruppe som ofte bur særs lenge i mottak. Om ein skal nytte alternative løysingar for desse personane, reiser ei rad prinsipielle spørsmål. Det kan argumenterast for at det ikkje skal «lønne seg» å ikkje rette seg etter vedtaket gjort av forvaltninga. Personar som norske styresmakter ikkje får sendt heim, og som derfor blir buande urimeleg lenge i mottak, må på den andre sida på eit eller anna tidspunkt likevel få bli i landet, og dermed flytte ut av mottaka. Humanitære omsyn set ei grense for kor lenge personar kan bu i mottak, særleg utan noko slags tilbod. Dette gjeld særleg for familiar med barn. Etter Regjeringa si vurdering bør personar som har fått endeleg avslag på søknaden om asyl, i utgangspunktet bu i mottak heilt til dei forlèt landet, men det bør likevel i kvart enkelt tilfelle vurderast om det er humanitære omsyn som tilseier at dei bør busetjast i ein kommune.

5.3.2.2 Drift av mottaka – ulike driftsoperatørar

Det er ulike oppfatningar med omsyn til om staten bør drive mottaka sjølve, eller om dei framleis bør kjøpe slike tenester frå andre. I land som Sverige og Nederland er staten sjølv ansvarleg for drift av mottak. I Noreg driv ikkje staten mottak i det heile. Ein fordel ved at staten sjølv driv mottaka, kan vere at ein i større grad kan sikre eit likeverdig tilbod enn det som er mogleg å få til med mange ulike driftsoperatørar. Staten vil òg få bygd opp mykje kompetanse når det gjeld drift av mottak.

Ulemper ved at staten sjølv driv mottaka, er at ein ikkje vil få like stor grad av lokal tilpassing som i dag, og ikkje får nytta fullt ut den kompetansen som mange kommunar, frivillige organisasjonar og etter kvart også private har når det gjeld mottak av asylsøkjarar og flyktningar. Ei verksemd som ikkje er utsett for konkurranse, blir dessutan fort dyrare enn verksemder som er utsette for konkurranse. Med fleire driftsoperatørar vil det òg vere lettare å dekkje behovet for fleksibilitet i mottaksdrifta, ettersom fleire aktørar kan mobiliserast når det kjem mange asylsøkjarar på ein gong. Erfaringar har vist at i situasjonar med stor og uventa tilstrøyming av asylsøkjarar har den fleksibiliteten og handlekrafta som private driftsoperatørar representerer, vore heilt nødvendig å ta i bruk for å kunne møte behovet for rask oppretting av mottaksplassar.

Regjeringa vil foreslå at staten også i framtida gjer avtalar med ulike driftsoperatørar om drift av mottak. Dette vil skape ei mottaksdrift som er variert og tilpassa lokale forhold. Å ha fleire driftsoperatørar kan òg medverke til å utvikle verksemda og gi rom for større fleksibilitet enn om staten til dømes skulle drive mottaka sjølv.

Ordninga med at staten gjer avtalar med ulike driftsoperatørar om drift av mottak, stiller store krav til kvalitetssikring av drifta. Dei måla vi har i dag for drift, standard og tilbod i mottak, kan med fordel bli tydelegare, noko som vil gjere det enklare å vurdere om den tenesta staten kjøper av ein driftsoperatør, er god nok. Tydelegare krav til drifta av og standarden på mottaka vil også kunne medverke til eit meir likeverdig tilbod til bebuarar i mottak. I tillegg vil det gjere arbeidet med tilsyn enklare.

Regjeringa meiner at det må vere ei prioritert oppgåve å sikre kvaliteten på drifta av og standarden på mottaka, særleg der det bur barn. Som eit ledd i dette arbeidet vil derfor Kommunal- og regionaldepartementet og UDI utarbeide tydelegare mål for drifta, standarden og tilbodet i mottak. Tilsynet vil òg bli betra og vidareutvikla, spesielt når det gjeld oppvekstvilkåra for barn og ungdom (jf. òg kap. 8.3.3, der tilsyn med einslege mindreårige er omtalt).

5.3.2.3 Kommunane sitt ansvar

Regjeringa kan ikkje sjå at det er grunn til å endre på den ansvarsfordelinga mellom stat og kommune som gjeld i dag. Det vil derfor også i framtida vere viktig å leggje til rette for at asylsøkjarar kan bli omfatta av og dra nytte av dei tilboda og den kompetansen som finst i kommunane når det gjeld undervisning, helsetenester og barnevern. Både på bakgrunn av ressursomsyn og med omsyn til seinare busetjing i kommunane er det lite ønskjeleg å byggje opp ei eiga statleg særteneste for asylsøkjarar på desse felta.

Kommunane er ansvarlege for ei rad tenester til bebuarar i mottak. Det er store skilnader med omsyn til korleis kommunane organiserer til dømes opplæringstilbodet og helsetenestetilbodet til asylsøkjarar. Denne variasjonen er i mange tilfelle eit resultat av lokale og individuelt tilpassa løysingar. Det er lite ønskjeleg å detaljstyre kommunane med omsyn til korleis dei skal løyse desse oppgåvene. Staten kan på si side gi tilrådingar og retningslinjer.

Ved etablering av mottak vil det vere viktig å sikre at tenestetilbodet i kommunen står i forhold til storleiken på mottaket, og at mottaket ligg slik til at bebuarar utan store vanskar kan nytte dei tilboda som finst i kommunen. Alternativt må kommunen opprette eigne tenestetilbod på mottaket. Det er òg viktig at dei tilsette i mottaka får fagleg assistanse og rettleiing frå fagetatar i kommunen, fylkeskommunen og lokale statlege etatar for at tilbodet til bebuarar i statlege mottak skal bli tilstrekkeleg.

Regjeringa vil understreke verdien av at kommunar i hovudsak gir asylsøkjarar eit tilbod med omsyn til helsetenester, barnevern og undervisning som svarer til det tilbodet dei fastbuande i kommunen har – i tråd med gjeldande ansvarsfordeling og retningslinjer.

5.3.2.4 Lokalisering av mottak

Lokaliseringa av mottak over heile landet har både fordelar og ulemper. På den eine sida fremmar det målsetjinga om busetjing over heile landet. I tillegg medverkar det til at lokalsamfunn over heile landet blir kjende med situasjonen til asylsøkjarar og flyktningar. På den andre sida har lokalisering av mottak over heile landet ført til at ein del mottak er oppretta på stader der det er stor avstand til eit senter av ein viss storleik. Ein del mottak ligg slik til at det er lang avstand til nærmaste spesialisthelseteneste. Lokalisering på avsidesliggjande stader, der bebuarane i liten grad har høve til å ha kontakt med lokalbefolkninga og til å delta i eit aktivt lokalmiljø, er særleg uheldig. I tilfelle når det kjem mange asylsøkjarar eller flyktningar til landet på ein gong, er det likevel vanskeleg å unngå.

Regjeringa vil foreslå at mottaka også i framtida skal vere spreidde over heile landet. Det vil likevel vere viktig at mottaka ligg slik til at bebuarane kan delta i eit levande lokalmiljø.

5.3.2.5 Vidareføring av kompetanse

Dei store svingingane i talet på asylsøkjarar og flyktningar som kjem til landet, og i utgiftene til drift av mottak, understrekar behovet for eit fleksibelt mottakssystem. På den andre sida fører den stadige opp- og nedbygginga av mottak til tap av relevant kompetanse i kommunane. Det blir òg vanskeleg å sikre heilskapen og kontinuiteten i arbeidet. Sjølv om det i eit kortsiktig perspektiv kan vere lønnsamt å basere mottakssystemet på ei opp- og nedbygging av plassar alt etter behovet, er det ikkje sikkert at dette er ei løysing som er lønnsam på lang sikt.

Eit alternativ som vil sikre heilskap og kontinuitet, er å inngå avtalar om drift av mottak over lengre tid enn det som er vanleg i dag. Det er grunn til å tru at det i Noreg i lang tid framover vil vere behov for eit minimum av mottaksplassar, til dømes 2000 plassar. Avhengig av storleiken på mottaka kan då 5–15 mottak planleggjast og drivast på lang sikt. Dette vil leggje forholda betre til rette for systematisk og langsiktig kompetanseoppbygging og fagleg utvikling med omsyn til drift av mottak. Desse mottaka kan dermed danne eit fundament for læring, opplæring og utvikling som ein kan dra vekslar på ved andre mottak og ved nyetableringar. Dersom staten inngår meir langsiktige avtalar med nokre driftsoperatørar, kan desse mottaka også forplikte seg til å representere ein beredskap, både når det gjeld talet på mottaksplassar og når det gjeld kompetanse.

Regjeringa vil foreslå at det blir innført ei ordning med nokre langsiktige avtalar for drift av mottak for å byggje opp, ta vare på og vidareutvikle kompetansen hos driftsoperatørane og dei tilsette i mottaka.

5.3.3 Tilbodet i mottak

Det er viktig å leggje forholda i mottaka til rette slik at bebuarane har noko meiningsfylt å fylle tida med, og slik at dei i størst mogleg grad kan delta i samfunnslivet. Eit godt tilbod i statlege mottak er ein føresetnad for god busetjing, for frivillig tilbakevending og for å førebyggje helseproblem blant bebuarar i mottak. Dagens tilbod i mottak består av ei rad ulike element, til dømes norskopplæring med samfunnskunnskap, informasjons- og aktivitetsprogram og kartlegging av utdanning og yrkeserfaring. I tillegg deltek ein del bebuarar i arbeidspraksis, medan andre er i full jobb. Dei ulike elementa som inngår i tilbodet i mottaka, kan samordnast på ein betre måte enn i dag.

UDI vil derfor sjå nærmare på korleis tilbodet i mottak kan bli meir heilskapleg, dels med tanke på å førebu bebuarane til grunnleggjande kvalifisering og ei god busetjing, men òg med tanke på å førebu dei på ei eventuell tilbakevending til heimlandet.

5.3.3.1 Dekking av nødvendige utgifter knytt til helse

Den økonomiske situasjonen til bebuarar i mottak er vanskeleg, særleg når dei blir buande lenge i mottak. I land som Danmark, Sverige og Nederland blir utgifter til helsetenester for asylsøkjarar dekte i større grad enn det som er tilfellet i Noreg. Den økonomiske stønaden til livsopphald til bebuarar i mottak i desse landa er derimot noko lågare enn basisbeløpet til bebuarar i mottak i Noreg (jf. kap. 3 for ein nærmare omtale av dei tre landa).

Det er uheldig at ein del bebuarar ikkje har råd til medisinar og nødvendige helsetenester. Det er særleg uheldig når dette går utover barn. Regjeringa vil derfor vurdere dette nærmare. Det finst ulike alternativ for å sikre bebuarar i mottak nødvendige helsetenester. Pengereglementet for bebuarar i statlege mottak gir i dag løyve til å utbetale ekstraordinære tilleggsytingar dersom det er nødvendig for å sikre liv og helse. I dag er praksisen streng ved behandling av søknader om tilleggsytingar. Eit alternativ kan vere å gå igjennom gjeldande praksis for utbetaling av tilleggsytingar til bebuarar i mottak.

Eit anna alternativ vil vere å vurdere nærmare ei ordning med førehandsbetalt frikort for asylsøkjarar. Mange kommunar dekkjer i dag utgifter til eigendelar for visse grupper, særleg mottakarar av sosialhjelp. Trygdeetaten har i 2000 sett i gang eit forsøk med førehandsutbetaling av eigendelar i sju kommunar. Forsøket skal evaluerast, og denne evalueringa skal liggje til grunn for vurderinga av om ordninga skal innførast på landsbasis. Ei tilsvarande ordning for bebuarar i mottak ville truleg medverke til å betre den helsemessige og økonomiske situasjonen deira.

Regjeringa legger vekt på at dei bebuarane som har behov for det, må få dekka nødvendige utgifter knytt til helse. Kommunal- og regionaldepartementet vil i samarbeid med Sosial- og helsedepartementet vurdere korleis ein betre kan leggje til rette for dette.

5.3.3.2 Informasjon og aktivitetar i mottak

Det er lagt til rette for eit omfattande informasjonsprogram for bebuarar i mottak. Behovet for informasjon til bebuarar i mottak vil alltid vere stort. Det er derfor viktig med systematisk informasjon, både i den første tida i mottak og seinare. Vidare er det ei utfordring å sikre at informasjonsprogrammet blir tilpassa behova til dei bebuarane som til kvar tid bur ved det aktuelle mottaket, og til lokale forhold i kommunen der mottaket ligg. Det må vere ei prioritert oppgåve å gi kvinner informasjon som er tilpassa deira behov. I tillegg er det behov for å gi særskild informasjon til dei som får endeleg avslag på søknaden om asyl.

God informasjon til bebuarane kan òg sikrast ved at personalet er tilgjengeleg for kontakt og spørsmål både på dagtid, om ettermiddagen og på kveldstid. I samband med informasjonsprogrammet vil det ofte vere bruk for tolk. Å nytte andre bebuarar som tolk i informasjonsprogrammet er ikkje tilrådeleg, for ein kan ikkje rekne med at dei har god nok kjennskap til norsk språk og norske samfunnsforhold til å kunne tolke på ein fullgod måte.

Eit godt program for informasjon til bebuarar i mottak bør vere tilpassa behova til den enkelte. Informasjonsprogrammet må også kontinuerleg vidareutviklast i tråd med samfunnsutviklinga generelt. I samband med arbeidet med å sjå nærmare på korleis tilbodet i mottak kan bli meir heilskapleg, vil UDI òg vurdere innhaldet i informasjonsprogrammet, med sikte på forbetringar.

Ved mange mottak er det behov for auka innsats for å leggje forholda til rette slik at bebuarane har faste aktivitetstilbod og i større grad kan nytte dei tilboda og fritidsaktivitetane som eksisterer i kommunen. Ved planlegging og tilrettelegging for aktivitetar lyt ein vere særleg merksam på å tilfredsstille dei ulike behova som kvinner, menn og barn har. Det bør leggjast til rette for eigne aktivitetar og opphaldsrom for jenter og kvinner. Eigne kvinnegrupper bør opprettast ved alle mottak. Å delta i eit sosialt nettverk og i aktivitetar i og utanfor mottaket kan gjere kvardagen enklare for både barn og vaksne. Lokalsamfunnet og frivillige organisasjonar bør i større grad trekkjast med i dette arbeidet. Særleg har barn og unge behov for eit sosialt nettverk og for aktivitet. Så langt råd er bør det leggjast til rette for at barn og unge kan delta i aktivitetar saman med norske barn utanfor mottaka. Regjeringa ser det derfor som viktig at både mottaka, dei frivillige organisasjonane og lokalsamfunna legg forholda til rette slik at bebuarane får kontakt med lokalbefolkninga og kan delta i aktivitetar saman med dei.

Når det gjeld barn, kan dei frivillige organisasjonane medverke på ulike måtar. Ein del organisasjonar vil til dømes kunne gi eit tilbod om fritidsaktivitetar både utanfor mottaka og på mottaka, medan andre organisasjonar vil kunne medverke i eit samarbeid om enkeltbarn, til dømes i samband med rekruttering av støttekontaktar, weekendheimar og moglege fosterheimsfamiliar.

Barne- og familiedepartementet inviterte i januar 2000 dei store frivillige organisasjonane til eit møte for å diskutere nærmare kva dei ulike organisasjonane kan hjelpe til med når det gjeld å gi barn i mottak eit best mogleg tilbod om aktivitetar og omsorg. Dei store humanitære organisasjonane har sagt seg interesserte i å delta i dette arbeidet, og har oppfordra lokallaga sine til å auke innsatsen på området.

Erfaring viser at det er positivt for barn i mottak å bli inkluderte i barnehage, skole og fritidsaktivitetar saman med norske barn. Barn i mottak bør i større grad enn i dag få eit tilbod om barnehageplass. Eit tilbod om plass i barnehage vil i tillegg gjere det enklare for kvinnene på mottaket å delta i informasjonsprogrammet og i norskopplæring.

Regjeringa vil leggje til rette for at barn i mottak i alderen frå fire til og med fem år kan få eit tilbod om halvdagsplass i barnehage, som eit supplement til ordninga med barnebase. Dette vil kunne medverke til at barna lærer norsk før dei begynner på skolen, og dei får betre høve til å kome i kontakt med norske barn.

Bebuarmedverknad har i mange tilfelle hatt ein positiv effekt både når det gjeld å skape aktivitetar for bebuarane, og når det gjeld å gi bebuarane innverknad på den daglege drifta ved mottaka .Regjeringa meiner derfor at det også i framtida bør leggjast til rette for at bebuarane skal kunne delta aktivt i drifta av mottaka. Det vil i denne samanhengen vere viktig å leggje forholda til rette slik at alle får dei same sjansane til å delta. Ein viktig føresetnad for at kvinner i større grad skal delta i drifta av mottaka og planleggje aktivitetar som tilfredsstiller deira behov, er at dei er representerte i samarbeidsrådet ved mottaka. Regjeringa meiner det må vere eit mål at kvinner skal vere representerte i samarbeidsråda.

5.3.3.3 Opplæring

Norskopplæring for vaksne er eit viktig tiltak for at asylsøkjarar skal kunne meistre tilværet på mottaket og i eit nytt land. Norskopplæring i mottak er også eit viktig tiltak for å førebu ei eventuell god busetjing. For dei fleste vil opplæring i norsk også vere ein meiningsfull aktivitet, anten dei no ventar på at søknaden om asyl skal bli behandla, eller dei ventar på ei eventuell busetjing i ein kommune. Også for dei som har fått avslag på søknaden om asyl, kan det å lære eit nytt språk vere eit gode i seg sjølv. Opplæring i norsk for bebuarar i mottak vil dessutan gjere kommunikasjonen enklare, både mellom bebuarar frå ulike nasjonalitetar og mellom bebuarar og tilsette.

Regjeringa vil derfor understreke verdien av at kommunane legg til rette for ei intensiv norskopplæring som er tilpassa behova til kvar bebuar, i særleg grad behova til kvinner. Mottaka skal leggje til rette for at kvinnene skal ha like gode høve til å delta i norskopplæring som mennene (jf. kap. 7 for ein nærmare omtale av norsk med samfunnskunnskap for vaksne).

Ut frå økonomiske omsyn kan det argumenterast for at norskopplæring berre bør vere eit tilbod for dei som får løyve om opphald i Noreg. Regjeringa vil ikkje tilrå ei slik ordning, for dette vil stride mot målsetjinga om at flyktningar så raskt som råd skal bli sjølvhjelpte etter busetjing. Erfaringane frå dei åra då ein hadde ei slik ordning, tilseier òg at det ikkje er ønskjeleg å innføre ei slik ordning att. Samstundes vil nok mange ha meir nytte av å lære engelsk enn norsk. Kommunal- og regionaldepartementet vil vurdere nærmare om ein skal gi bebuarar i mottak eit tilbod om opplæring i engelsk.

Barn i grunnskolealder er i dag sikra rett til undervisning innanfor det gjeldande regelverket. Hovudutfordringa er å sikre eit godt opplæringstilbod til mindreårige i mottak som er over grunnskolealder og som ikkje fyller krava til inntak i vidaregåande skole. Regjeringa meiner derfor at kommunane bør prioritere arbeidet med å leggje til rette for eksamensretta grunnskoleopplæring til mindreårige som bur i mottak. Eit slikt undervisningstilbod vil leggje eit godt grunnlag for ein eventuell vidare skolegang, anten det blir i Noreg eller i heimlandet. Opplæringstilbodet bør leggjast til den vidaregåande skolen, slik at ungdommane kan ha kontakt med jamaldringar.

5.3.3.4 Kvalifisering og arbeid

Det er frå fleire hald fremma forslag om at ein i tillegg til norskopplæring til asylsøkjarar bør gå lenger enn det som er tilfellet i dag når det gjeld å gi asylsøkjarar tilbod om kvalifisering i form av arbeidsmarknadstiltak. Å utvide dagens tilbod monaleg reiser fleire prinsipielle spørsmål. Eit meir omfattande tilbod i mottaksfasen vil på den eine sida vere viktig med sikte på rask overgang til vanleg arbeid eller utdanning etter busetjing for dei som skal bli verande i landet. For dei som skal reise attende til heimlandet, vil kvalifisering vere eit gode i alle høve. På den andre sida kan ein argumentere med at høve til å ta seg arbeid og tilbod om kvalifisering for asylsøkjarar i mottak vil kunne gjere det meir attraktivt å søkje asyl i Noreg. Det kan òg vere vanskelegare å få personar som har fått avslag på ein søknad om asyl, til å forlate landet når dei langt på veg er blitt aktive deltakarar i samfunnslivet. Å leggje til rette for kvalifisering i mottak kan også skape urealistiske forventningar om ei framtid i landet.

Mange asylsøkjarar nyttar i dag høvet til å ta seg lønt arbeid. Asylsøkjarar i andre land som vi gjerne samanliknar oss med, har i dag ikkje høve til å ta seg arbeid. Høve til å ta seg arbeid inneber ei vesentleg forbetring av livssituasjonen for mange asylsøkjarar. Regjeringa vil derfor foreslå å vidareføre den gjeldande ordninga med mellombels arbeidsløyve for asylsøkjarar. Vi har likevel behov for meir kunnskap om konsekvensane av at asylsøkjarar får høve til å ta seg arbeid. UDI vil derfor setje i gang eit prosjekt for å sjå nærmare på konsekvensane av at asylsøkjarar får mellombels arbeidsløyve før dei har fått opphaldsløyve.

Det er viktig at den enkelte tidleg tek kontakt med det lokale kontoret til Aetat med sikte på å få registrert kompetanse og for å gi informasjon om tidlegare arbeidserfaring og utdanning. Mottaka skal leggje til rette for slik kontakt. Regjeringa legg vekt på at Aetats formidlingsinnsats skal halde fram, mellom anna med sikte på aktivt å nytte dei tilboda som korttidsarbeidsmarknaden kan gi. Etaten skal også ha for auget om asylsøkjarane sit inne med kompetanse som den norske arbeidsmarknaden har bruk for, og som dermed raskt kan mobiliserast. Med den stramme arbeidsmarknaden vi no har her i landet, er det grunn til å tru at talet på asylsøkjarar som skaffar seg lønt arbeid, vil auke.

Når det gjeld bruk av arbeidsmarknadstiltak, meiner Regjeringa at ressursane først og fremst må setjast inn på å gi tilbod om kvalifisering til dei som skal bli verande i landet. Ved å leggje vekt på tiltaksinnsats etter busetjing kan ein medverke til å få kommunar til å busetje flyktningar raskare, og dermed redusere opphaldstida i statlege mottak. Tiltaka har òg større effekt og nytte i høve til den aktuelle lokale arbeidsmarknaden når flyktningane har nådd eit visst nivå i norsk språk.

I ein situasjon der personar av ulike grunnar likevel blir buande urimeleg lenge i mottak, lyt ein som no vere open for å nytte arbeidsmarknadstiltak alt i denne fasen. Det kan gjelde personar som har fått opphaldsløyve, men der det er vanskeleg å finne plass i ein kommune til vedkomande. Det kan i visse høve også gjelde personar som har fått endeleg avslag på søknaden om asyl, men som av ulike grunnar ikkje kan sendast ut av landet sjølv om dei sjølve er villige til å reise.

5.3.3.5 Helsetenestetilbod

Asylsøkjarar og flyktningar er ei risikogruppe som kommunehelsetenesta må vere særleg merksam på. Det gjeld spesielt i samband med smittevern og psykososiale problemstillingar, men òg i samband med generelle helsespørsmål, sidan kultur- og kommunikasjonsbarrierar kan forseinke og vanskeleggjere kontakten med helsevesenet. Den generelle mangelen på personell og kompetanse er ei utfordring for mange kommunar, og gjeld òg i forhold til nykomne flyktningar og asylsøkjarar. Det er viktig at helsetenestetilbodet i kommunen står i forhold til storleiken på mottaket. Ved planlegging og etablering av nye mottak vil UDI så langt råd er, og så tidleg som mogleg, rådspørje fylkeslegen.

Det er behov for å styrkje helsetenestetilbodet til asylsøkjarar og flyktningar i mottak. Vidare er det behov for å utvikle gode rutinar for informasjonsflyt mellom helsetenestene i transittkommunen, mottakskommunen og busetjingskommunen.

Statens helsetilsyn har utarbeidd nye retningslinjer for helsetenestetilbodet til asylsøkjarar og flyktningar, med ein utfyllande omtale av korleis tilbodet bør vere, med omsyn både til innhald, kvalitet, omfang og organisering av tilbodet. Dei nye retningslinjene vil leggje vekt på tiltak for å førebyggje psykososiale problem knytt til flukt, migrasjon, tap og uvisse. Retningslinjene er no til behandling i Sosial- og helsedepartementet.

For å heve kompetansen i første- og andrelinjetenesta når det gjeld arbeid med flyktningar og asylsøkjarar, vil det som oppfølging av St. meld. nr. 17 (1996–97 ) Om innvandring og det flerkulturelle Norge i 2001 bli oppretta ei kompetanseeining for somatisk og psykisk helse og omsorg blant personar med innvandrarbakgrunn. Kompetanseeininga skal rettleie første- og andrelinjetenesta, drive opplysningsarbeid, medverke til undervisning av personale og tolkar, og stimulere til forskings- og forsøksverksemd.

Styrking av det psykososiale tilbodet

Det er viktig å leggje til rette tiltak for å førebyggje psykososiale problem knytte til flukt, migrasjon, tap og uvisse. Ein har hausta gode erfaringar med etablering av samtalegrupper om vanlege psykiske reaksjonar i eksiltilvære. Dette er eit arbeid som bør førast vidare. I mange tilfelle vil det vere tenleg å organisere eigne samtalegrupper for kvinner, særleg når det gjeld tema som reproduktiv helse, prevensjon, tortur og valdtekt.

Helsetenesta i kommunen må vere særleg merksam på at kvinner kan ha vore utsette for seksuelle overgrep som til dømes valdtekt, og såleis har behov for oppfølging. Kvinner som har vore utsette for slike overgrep, må få kvinneleg tolk. Det er i tillegg behov for at mottaka arbeider meir systematisk med å sikre tryggleiken til einslege kvinner.

Det er også viktig å vere merksam på psykososiale problem hos barn. I transittmottak skal det gjennomførast ein kort familiesamtale på bakgrunn av eit eigenmeldingsskjema, og gjerast ei førebels vurdering av den psykiske helsa (jf. kap. 5.2.3.5). Målet med dette er å klarleggje hjelpebehovet til barn og vaksne. Ein bør sikre at dei barna som i større eller mindre grad har hjelpebehov, blir følgde opp i dei ordinære mottaka. Det kan til dømes gjerast ved å opprette samtalegrupper for barn, ved å gi tilbod om fritidsaktivitetar på mottaka og i lokalmiljøet, eller ved å setje i verk andre tiltak. Somme barn vil ha behov for meir profesjonell hjelp og eventuelt behandling. Det er viktig at desse barna får eit individuelt tilpassa tilbod. Samstundes er det viktig å leggje til rette for at foreldra kan gi barna sine den oppfølginga dei treng. I samband med mottaket av flyktningar frå Kosovo i 1999 blei det hausta gode erfaringar med foreldrerettleiing. Regjeringa vil foreslå at denne ordninga blir ført vidare.

Det er viktig å identifisere personar som står i fare for å utvikle psykiske lidingar, så tidleg som mogleg, og syte for at dei får tilbod om nødvendig hjelp. Ei vurdering av den psykiske helsa bør derfor inngå som ein del av helsetenestetilbodet til asylsøkjarar og flyktningar i mottak.

I mange kommunar er det behov for eit meir formalisert samarbeid omkring det psykososiale tilbodet til asylsøkjarar og flyktningar. Ei ordning med mottaksteam, der representantar frå mottaka, kommunen og fylkeskommunen deltek, kan i så måte vere ei god løysing.

Styrkinga av det psykososiale tilbodet til flyktningar i mottak i samband med mottaket av flyktningar frå Kosovo synte at det er eit stort behov for auka innsats på dette feltet også i forhold til andre grupper .Regjeringa vil derfor foreslå å styrkje dei regionale teama med kvalifisert personell som kan gi rettleiing til kommunar som har mottak for asylsøkjarar og flyktningar, eller som buset flyktningar.

I regi av Statens helsetilsyn er det sett i gang eit prosjekt for å planleggje og implementere helsetenester for psykisk traumatiserte menneske i Noreg, mellom dei flyktningar. I prosjektperioden vil det kome forslag om korleis samarbeidet mellom dei ulike forvaltningsnivåa og mellom dei eksisterande fagmiljøa på feltet traumatisk stress kan styrkjast både når det gjeld helsetenestetilbod og kompetanseutvikling.

Sosial- og helsedepartementet vil setje i gang meir forsking for å kartleggje omfanget av psykiske lidingar blant flyktningar, og for å få betre kunnskap om samanhengen mellom faktorar i asyl- og busetjingsfasen og psykisk helse.

Styrking av arbeidet med smittevern

Auken i talet på asylsøkjarar og flyktningar som kjem til landet, saman med auken i talet på nordmenn som reiser utanlands, gjer at det blir stilt stadig større krav til smittevernet i kommunane. Eit viktig førebyggjande tiltak vil vere å sikre rask diagnostikk og adekvat behandling og oppfølging av sjukdommar. Rask diagnostikk av tuberkulose krev auka kunnskap om sjukdomsteikn, samstundes som både helsepersonell og asylsøkjarar/flyktningar må vere særleg merksame på slike teikn. For å hindre smitteoverføring til andre i mottaket og til befolkninga elles i mottakskommunen, vil det vidare vere viktig å sikre at asylsøkjarar og flyktningar som er smitta, får ei grundig og personleg rettleiing når det gjeld smittevern. Dette gjeld informasjon om sjølve sjukdommen og behovet for eventuell behandling. Det vil særleg vere viktig med god informasjon om korleis ein kan unngå å smitte andre med seksuelt overførbare sjukdommar. Det er òg behov for å betre informasjonsflyten mellom helsetenesta i transittkommunen og helsetenesta i ordinære mottakskommunar når det gjeld pasientar med smittsame sjukdommar, både for å gi pasientane nødvendig behandling og oppfølging og for å hindre vidare smittespreiing. For at den langvarige behandlinga av tuberkulose skal bli effektiv, er det nødvendig at ein spesialist set i gang behandlinga og tek pasienten til regelmessig kontroll. Samstundes må det lokale helsevesenet halde behandlinga under direkte observasjon og syte for tilstrekkeleg informasjon og støtte til pasienten. Avstanden til nærmaste spesialist bør vere kort, og pasienten bør ikkje flytte under behandlinga.

Kommunal- og regionaldepartementet vil i samarbeid med Sosial- og helsedepartementet vurdere nærmare korleis ein kan betre handteringa av smittsame sjukdommar blant bebuarar i mottak og sikre god informasjonsflyt mellom helsetenestene.

Folkehelsa starta hausten 1999 eit prosjekt for å styrkje smittevernet blant asylsøkjarar, flyktningar og andre minoritetsspråklege gjennom informasjonstiltak og skoleringsarbeid. Siktemålet er å utarbeide rutinar og tiltak for dei kommunale helsetenestene, slik at dei kan rettleie flyktningar, asylsøkjarar og andre minoritetsspråklege om smittevern på lik linje med befolkninga elles. Prosjektet skal mellom anna arrangere kurs for kommunehelsetenesta og personell som arbeider i asylmottak. I tillegg skal informasjonsmateriell retta mot dei det gjeld – asylsøkjarar, flyktningar og andre minoritetsspråklege – oppdaterast og omsetjast til fleire språk. Det ligg allereie føre fleire informasjonsbrosjyrar om HIV/AIDS/seksuelt overførbar sjukdom på fleire språk.

Statens helseundersøkelser (SHUS) har allereie produsert ein brosjyre for nye innvandrarar med tittelen «Tuberkulose – lett å behandle», ein brosjyre for tuberkulosepasientar som er i isolat på sjukehus, og ein brosjyre om BCG-vaksine – alle på fleire språk. SHUS driv fagleg rettleiing i samband med undervisning av helsepersonell som driv tuberkulosekontroll, og driv òg forsking omkring dette temaet.

Fotnoter

1.

Hauff E., P. Vaglum (1995): Organized violence and the stress of exile: Predictions of mental health in a community cohort of vietnamese refugees three years after resettlement. British Journal of Psychiatry, 166:360-367. Lie, Birgit (1998): Rapport fra undersøkelsen Psykososiale problemer blant nylig ankomne flyktninger i Norge. Oslo: Psykososialt senter for flyktninger i Norge.

Til forsiden