St.meld. nr. 17 (2006-2007)

Eit informasjonssamfunn for alle

Til innhaldsliste

1 Målsetjingar og samandrag

1.1 Innleiing

Informasjons- og kommunikasjonsteknologien (IKT) har forandra verda, ikkje berre ein gong, men fleire. I juli 1945 publiserte Vannevar Bush sin berømte artikkel 1 « As we may think». Han er oppteken av korleis krigsforskinga då krigen var slutt kunne vendast til fredeleg bruk, hovudvisjonen var å sikre tilgang til alle dei kunnskapskjelder som er bygde opp gjennom hundreåra. Bakgrunnen var at vi byggjer opp berg av kunnskap og forskingsresultat, men at vi ikkje maktar å halde oversikt over og finne fram i resultata som er skaffa fram av tusenar av forskarar rundt omkring i verda. Som eksempel nemner han Mendels arvelovar: Dei var tapte for verda gjennom ein heil generasjon, fordi Mendels publikasjon ikkje nådde fram til dei få som ville vore i stand til å utnytte resultata. Vannevar Bush drøymer, i 1945, om å utvikle nye teknikkar for å lagre og gjenfinne informasjon, han drøymer om at Encyclopedia Britannica skal kunne lagrast i ei eining på storleik med ei fyrstikkeske, han drøymer om at eit bibliotek med millionar av bøker skal kunne lagrast i ei skivebordskuff, og at heile kunnskapsproduksjonen til menneskja, heilt sidan trykkingas aller første dagar, skal kunne lagrast i ein varebil. Han drøymer vidare, framleis i 1945, om at lagringa av Britannica skal koste 10 cent, og at det å sende innhaldet kvar som helst i verda skal koste ein cent.

I dag er desse draumane blitt røyndom. Gjennom ny teknologi har vi moglegheiter som langt overstig det Vannevar Bush drøymde om. Vi har små bibliotek i lomma, vi har oppheva avstandar og endra det meste rundt korleis vi arbeider, og fritida og kontakten med venner og kjente kjem aldri til å bli slik den ein gong var.

Vår felles kunnskap i kombinasjon med rask teknologiutvikling gir store moglegheiter for ei vidare utvikling av informasjonssamfunnet. Digital kompetanse i befolkninga, gode offentlege tenester og føreseielege rammevilkår er naudsynt for at Noreg framleis skal vere eit av verdas beste land å bu i. At vår felles utvikling skal vere inkluderande og omfatte alle, er meir enn ei hjartesak for denne regjeringa. Det er tvingande nødvendig.

IKT er i sin natur grenseoverskridande og grip inn på alle sektorar og samfunnsområde. Er det berre ein vilje til koordinering, gir dette store moglegheiter for gevinstar ved samordna utnytting av samfunnets felles ressursar. Dette bør skje gjennom eit godt samarbeid mellom privat og offentleg sektor, mellom innbyggjarar og myndigheiter, og mellom menneske med ulike evner og ressursar. Slik kan vi få til ei meir effektiv utnytting av offentlege ressursar, ei fornying og effektivisering av offentleg sektor og betre tenester til innbyggjarar og næringsliv. Slik kan vi oppretthalde og fornye eit konkurransedyktig næringsliv og heve den allmenne og digitale kompetansen i befolkninga. Det er gjennom eit godt samarbeid at vi løftar kvarandre, at vi skaper økonomisk vekst, opprettar nye arbeidsplassar og sikrar den tryggleiken dei fleste av oss tar for gitt.

Denne meldinga femnar breitt. Den grip fatt i fleire store tema, og byr opp til debatt om vesentlege vegval og utfordringar for fellesskapet. Den seier noko om kva tid vi er inne i, men utan å kikke veldig djupt i glasskula. Den går inn på tema som omhandlar kompetanse og digital inkludering og set søkjelyset på ei utvikling der universelt utforma løysingar bør vere det føretrekte. Den føreskriv ei fornya og effektivisert offentleg forvaltning med gode og standardiserte tekniske løysingar som kan nåast av brukaren når brukaren sjølv ønskjer det. Meldinga set søkelyset på næringsutvikling og auka IKT-forsking. Den tek for seg personvernspørsmål knytte til IKT-bruk, og den tek for seg samfunnstryggleik knytt til ein felles elektronisk infrastruktur som offentlege myndigheiter, næringsliv og dei fleste av oss er kopla opp mot. Regjeringa har mange mål og ambisjonar for samfunnsutviklinga, blant anna nedfelt i Soria-Moria-erklæringa. Desse skal vi nå, med teknologien som støtte og ikkje som eit hinder på vegen. Og somme av desse måla skal regjeringa nå vesentleg lettare gjennom den retninga for IKT-politikken som denne meldinga gir.

På mange måtar har vi lykkast godt i å skape informasjonssamfunnet i Noreg. Men utviklinga er absolutt ikkje over. Korta er ikkje delte ut ein gong for alle, det kjem stadig nye rundar. Nye ting blir moglege, gamle løysingar går på skraphaugen. Det er knivskarp internasjonal konkurranse om å skape verdiar gjennom IKT. Derfor er det viktig korleis vi legg forholda til rette for den einskilde, for bedrifter og for institusjonar, slik at Noreg kan ligge i første rekkje også vidare framover.

1.2 Utviklingslinjer. Kvifor det trengst ein heilskapleg IKT-politikk (Kap. 2)

Den teknologiske utviklinga vil halde fram i raskt tempo,  i minst 10 år til. Dermed held dei raske endringane fram i bedrifter, institusjonar og hos brukarane. Dette tempoet er ei utfordring i seg sjølv, fordi avgjerdsprosessar knytte til ny politikk og nytt regelverk kan ta år. På IKT-området skjer endringar ofte raskt, og det oppstår dermed ein risiko for at vurderingar og forslag «går ut på dato».

Rask teknologisk utvikling fører til krevjande utfordringar i arbeidet med å ta politiske avgjerder og gjennomføre desse. IKT-politikken er først og fremst vellykka dersom den kan bidra til at regjeringa når sine ambisjonar på viktige samfunnsområde, bl.a. innan fornyinga av offentleg sektor, innan nærings- og arbeidslivspolitikken, utdannings- og forskingspolitikken, og helse- og sosialpolitikken.

Fordi IKT-politikken er grenseoverskridandeog inngår i dei fleste av dei tradisjonelle politikkområda, blir det stadig behov for tverrgåande initiativ. Eit moderne samfunn, som det norske, med høgt tempo og stor dynamikk, skaper eit kontinuerleg behov for ny politikk og ny regulering, samtidig som teknologien sjølv endrar premissane for den reguleringa som til kvar tid gjeld innan ei rekke politikkområde.

Utviklinga og gjennomføringa av ein heilskapleg IKT-politikk er nødvendig for ei vidare utvikling av informasjonssamfunnet. Denne regjeringa har tru på at dei land som fører ein politikk som tek i bruk moglegheitene og haustar gevinstane ved IKT, samtidig som dei evnar å motverke eller dempe uønskte verknader, vil oppnå ein større vekst og ei betre velferdsutvikling enn dei landa som ikkje tek tak i endringsbehova.

1.3 IKT gir høgare produktivitet og auka velferd (Kap. 3)

IKT er ei sentral drivkraft i økonomien. Nylege EU-data viser at IKT-sektoren representerer 5 prosent av landas bruttonasjonalprodukt, men driv 25 prosent av den totale veksten i samfunnet og 40 prosent av produktivitetsveksten. IKT er ein gjennomgripande teknologi som bidrar til å auke produktiviteten i ei rekkje sektorar og næringar, alt frå fôring i oppdrettsnæringa, via automatisering i industrien til drastiske endringar i vidt forskjellige servicenæringar som varehandel, bank og forsikring. I tillegg er teknologien ein mogleggjerar for ein meir effektiv og betre offentleg tenesteproduksjon. Og jo høgare produktivitetsveksten er, jo meir kan vi ta ut i form av auka velferd.

1.4 Alle skal kunne delta i informasjonssamfunnet (Kap. 4)

Noreg ligg i verdstoppen med omsyn til utbreiing av IKT i samfunnet. Dette gir lettare tilgang til tenester og informasjon, offentleg som privat, for alle dei som er ein del av informasjonssamfunnet. IKT gir mange nye moglegheiter. Nettopp derfor er det om å gjere å leggje til rette for dei som av forskjellige grunnar står utanfor informasjonssamfunnet, anten det er sjølvvald eller ikkje. Tilgang til og bruk av IKT, i eit samfunn i rask forandring, er eit verkemiddel for å oppretthalde grunnleggjande prinsipp som deltaking og inkludering.

Det er særleg tre føresetnader som ligg til grunn for regjeringas arbeid med digital inkludering; digital tilgang, universell utforming og digital kompetanse.

Digital tilgang dreier seg først og fremst om å sikre alle eit godt tilbod om høghastigheitsnett. Bustad skal ikkje vere avgjerande for om du kan delta i informasjonssamfunnet eller ikkje. Derfor føreslår regjeringa auka løyvingar til breiband i 2007.

Universell utforming av IKT-løysingar er ein føresetnad for at alle skal kunne delta. Det er eit klart mål for regjeringa at all teknologisk utvikling med IKT innan offentleg sektor skal byggje på universelt utforma løysingar, det gjeld automatar så vel som PC-løysingar. Privat sektor blir oppfordra til å gjere det same.

Digital kompetanse i heile befolkninga er essensielt. Regjeringa vil derfor auke fokuset på digital kompetanse, og leggje betre til rette for utsette grupper som eldre og dei utanfor arbeidslivet, grupper som i dag heng etter når det gjeld tilgang til elektroniske løysingar. Men elevar og arbeidstakarar må òg utvikle sin digitale kompetanse gjennom skule og arbeidsliv, og på den måten bli kritiske mediebrukarar. Satsinga på IKT i skuleverket blir styrkt ytterlegare. Viktige element er å sikre tilgang til PC og Internett for alle elevar og lærarar, og å auke bruken av digitale læremiddel. Regjeringa har som mål at norsk skule skal vere ein føregangsskule i verda når det gjeld bruk av IKT i undervisning og læring. Men samtidig er det viktig å fokusere også på andre arenaer for tileigning av kompetanse. Frivillige organisasjonar speler ei nøkkelrolle i dette arbeidet, det same gjer biblioteka og offentlege kontor som eksempelvis NAV. Digital kompetanse er ikkje noko ein tileignar seg ein gong for alle, slik som det å sykle eller symje.

Godt digitalt innhald er ein nøkkel til kunnskap, og regjeringa vil derfor fokusere på slik tilgang. Det er viktig å gjere tilgangen til innhald, eksempelvis frå Nasjonalbiblioteket, NRK og andre kunnskapskjelder, så enkel som mogleg.

1.5 IKT-forsking – nødvendig for vidare framgang (Kap. 5)

Forsking har vore, og vil òg framover, vere heilt avgjerande for utviklinga innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi, også for bruken av teknologien. Forskinga må vere brei og femne over teknologi, samfunnsvitskap, jus og humaniora. Deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid er avgjerande også for norsk forskingsinnsats. Ein annan føresetnad er tilstrekkeleg realfagskompetanse i samfunnet.

Næringslivet står i dag for litt under halvparten av den totale FoU-innsatsen i Noreg. Om lag ein tredjedel av dette er forsking i IKT-næringane, som altså er meir forskingsintensive enn andre næringar. Den offentlege forskingsinnsatsen viser eit noko anna bilete. Løyvingane til IKT-forsking over budsjetta til Forskingsrådet har stagnert dei seinare åra, trass i at IKT allereie i 1999 blei utpeikt som eitt av fire prioriterte område. Denne prioriteringa blei stadfesta i St. Meld. Nr. 20 (2005 – 2005), der IKT blei utpeikt til eitt av tre prioriterte teknologiområde. Regjeringa ønskjer å sikre IKT-forskinga betre kår i åra som kjem. IKT-forskinga skal derfor opprioriterast innanfor dei gjeldande rammer for forskinga.

IKT-forskinga skal også bidra i satsinga på nordområda og gjennomføringa av det internasjonale polaråret. Informasjons- og kommunikasjonsteknologien har gode føresetnader for å kunne bidra til verdiskaping, velstand og tryggleik i nord- og polarområda. Ein del av tildelingane til desse særlege satsingane skal derfor gå til IKT-forsking.

1.6 IKT gir eit konkurransedyktig og kunnskapsorientert næringsliv (Kap. 6)

Utviklinga innan informasjons- og kommunikasjonsteknologien har dei siste åra prega utviklinga og rammevilkåra spesielt for tenestesektoren, der størstedelen av verdiskapinga i næringslivet skjer. I 2005 omsette IKT-næringa for 177 milliardar kroner. Dette var ein auke på 2 prosent frå året før.

Vekselverknaden mellom ein god IKT-leverandørindustri og utnyttinga av teknologien i næringslivet elles, er av stor betydning. Næringspolitikken kan derfor bidra til IKT-utviklinga på to måtar. Den må for det første leggje til rette for gode rammevilkår som bidrar til innovasjon og verdiskaping i IKT-næringane, og då blant anna gjennom virkemiddelapparata Innovasjon Noreg og SIVA. For det andre må styresmaktene leggje forholda til rette for vidareutvikling ogbruk av IKT i alt næringsliv, og i samfunnet elles.

Ei av utfordringane er å gjere næringslivet betre i stand til å effektivisere ved hjelp av IKT. Utfordringa er blant anna mangelfull kompetanse i små og mellomstore bedrifter, både med omsyn til basis brukarkompetanse, men også teknologisk spisskompetanse. Å auke IKT-kompetansen i næringslivet er eit klart mål for regjeringa. Den store utbreiinga av teknologi blant folk er eit viktig konkurransefortrinn. Framover vil store årskull gå ut i pensjon, samtidig som etterspørselen etter spisskompetanse i næringslivet aukar. Noko av denne kompetansen er tilgjengeleg frå land utanfor Europa. Lang behandlingstid i Noreg har i fleire tilfelle hatt som konsekvens at etterspurd kompetanse i staden har gått til verksemder og utdanningsinstitusjonar i andre land. Regjeringa er derfor oppteken av å leggje til rette for at søknadsbehandling i samband med rekruttering frå land utanfor Europa skal bli raskare.

Det er også ei utfordring å få fleire bedrifter til effektivt å ta i bruk e-handelsløysingar. Regjeringa ønskjer å stimulere til vidare utbreiing av e-handel.

1.7 Ei døgnopen elektronisk forvaltning gir betre tenester (Kap. 7)

Noreg ligg langt framme internasjonalt i å ta i bruk IKT i offentleg sektor. Men sektoren er stor, aktørane er mange og samspelet kan bli betre. Kvar einskild statleg verksemd har sjølv ansvaret for innkjøp eller utvikling av eigne IKT-løysingar, samtidig som vi har ein sjølvstyrt kommunal sektor. Mange elektroniske tenester er dermed lite samordna ved at løysingane har vore «lokalt» utvikla utan at det har vore stilt felles krav til løysing.

Regjeringas ambisjon er todelt. Brukarane skal møte ein open, tilgjengeleg og samanhengande offentleg sektor som tilbyr heilskaplege og fullstendige digitale tenester gjennom gode elektroniske sjølvbeteningsløysingar. Og regjeringa vil effektivisere og frigjere ressursar ved bruk av IKT, for dermed å kunne styrkje det offentlege velferdstilbodet samtidig som administrasjonen blir redusert. Rett bruk av IKT gjer begge delar mogleg.

Regjeringa vil leggje til rette for ei døgnopen elektronisk forvaltning der verksemdene i langt større grad må samarbeide. Dette vil utfordre organisatoriske, juridiske og forvaltningsmessige prosessar i offentleg sektor. Realiseringa av ei døgnopen forvaltning skal baserast på hovudprinsipp om utvikling av elektroniske sjølvbeteningsløysingar, etablering av tverrsektorielle fellesløysingar og etablering av felles arkitekturprinsipp for IKT-løysingane i offentleg sektor.

Elektroniske tenester, både til innbyggjarar og næringsliv, skal vere tilgjengelege via innbyggjarportalen Miside og næringslivsportalen Altinn. Kvar einskild verksemd vil ha ansvaret for å følgje opp dette i praksis. Etableringa av tverrsektorielle felleskomponentar skal støtte opp om utviklinga av desentraliserte løysingar og verke på tvers av sektorgrenser og forvaltningsnivå. Eit døme på slike felleskomponentar er løysingar for sikker innlogging av personar og verksemder. Vidare skal store nye statlege IKT-prosjekt vurdere i kva grad dei har komponentar som kan brukast i ein felles offentleg IKT-infrastruktur. Etableringa av felles arkitekturprinsipp for offentleg sektor er sjølve rammeverket for oppbygging av offentlege IKT-system.

Regjeringa vil basere sin programvarepolitikk primært på opne standardar, og ønskjer større bruk av open kjeldekode. Bruk av opne IKT-standardar er viktig, mellom anna fordi det gir betre samhandling mellom verksemder, og motverkar at offentlege verksemder og brukarar blir låste til spesielle teknologiar og leverandørar. Regjeringa ønskjer òg at offentlege verksemder i større grad tek i bruk løysingar baserte på open kjeldekode. Ein kultur for å dele eigenutvikla programvare vil kunne komme organisasjonar, bedrifter, studentar og IKT-spesialistar til gode.

Realiseringa av desse prinsippa vil i større grad enn tidlegare krevje tverrsektorielle samordningsfunksjonar innan bl.a. standardisering, omgrepsbruk og finansiering. Dermed er det også nødvendig å utgreie nye måtar å organisere og styre IKT-arbeidet på.

1.8 Eit godt personvern er ein føresetnad for informasjonssamfunnet (Kap. 8)

Vi etterlet oss stadig fleire elektroniske spor, samtidig som personvernet blir utfordra gjennom ei meir omfattande registrering og intensiv bruk av personopplysningar. Føremåla kan ofte vere dei aller beste, nettopp derfor er det òg viktig å erkjenne kor sårbart personvernet er. At det er viktig å kjempe mot terrorisme og organisert kriminalitet, er vanskeleg å argumentere mot, og dermed er det også lettare å få aksept for «nye» overvakings- og kontrolltiltak. Personvernet risikerer dermed å «bytast bort» mot økonomiske eller andre fordelar.

Undersøkingar viser at kunnskapen om personvern er dårleg, både blant folk flest og i bedriftene. Det same gjeld etterlevinga av personvernlovgivinga.

Personverninteressene blir utfordra av andre interesser, både kommersielle og ideelle interesser. Særleg den einskildes ønske om diskresjon kan komme i konflikt med andre interesser. Kvart einskilt tiltak kan verke harmlaust, men summen av tiltak over tid kan vere uheldig for personvernet. Ei viktig utfordring framover vil vere å ha blikk for heilskapen og dei mangearta personvernutfordringane vi står overfor. Regjeringa føreslår derfor å etablere ein personvernkommisjon som skal gjennomføre ein heilskapleg statusgjennomgang, og samtidig utgreie korleis personvernet kan unngå å lide skade ved innføring av ny teknologi.

Parallelt med dette arbeidet vil regjeringa setje i verk andre nødvendige tiltak, med blant anna fokus på retten til å vere anonym, og utvikling av løysingar som sikrar eit slikt tilbod der anonymitet er tenleg og identifikasjon ikkje nødvendig . Regjeringa vil også ha tiltak for å stimulere til bruk og utnytting av teknologi på måtar som styrkjer personvernet, blant anna ved bruk av såkalla personvernfremjande teknologiar. Vidare blir det skissert tiltak for å greie ut behovet for betre samordning av ulike tilsynsmyndigheiter og behovet for betre harmonisering av regelverket på personvernområdet.

Meldinga føreslår også tiltak for å auke kunnskapen om personvern og lovgivinga på området, særleg med omsyn til bevisstgjering og målretting av informasjon til barn og unge om trygg og sikker bruk av Internett. Rettstryggleiken ved bruk av automatiserte avgjerdsstøttesystem, og innføring av eventuelle krav til ivaretaking av personvern i innkjøps- og utviklingsprosessar, er andre område som blir tekne opp.

1.9 Alle har ei rolle i å vareta IKT-tryggleiken i samfunnet (Kap. 9)

IKT-tryggleiken er eit naturleg deltema i den samla IKT-politikken. Dette kapitlet, og spesielt avsnitt 9.4, utgjer dessutan regjeringas svar på den utgreiinga Stortinget har bedt om den 2.03.2006, under behandling av Riksrevisjonens undersøking om å sikre IT-infrastruktur, jfr. Dok. Nr. 3:4 (2005 – 2006) og Innst. S. Nr. 85 (2005 – 2006).

Regjeringas overordna mål er at den generelle IKT-tryggleiken i samfunnet skal vere god. Samfunnskritisk IKT-infrastruktur skal vere robust og sikker i forhold til dei truslar den blir utsett for. Dei kritiske informasjonssystema skal vere sikra slik at skadeverknadene ved tryggingsbrot ikkje er større enn det ein kan definere som akseptabel risiko. Det generelle medvitet om risikoar knytte til informasjonssystem og nettverk, om politikk, rutinar, tiltak og prosedyrar for å ta hand om desse risikoane, og om behovet for at dei blir sette i verk, skal aukast. Tidlegare har IKT-tryggleik vore ei oppgåve for spesialistar. Dette er grunnleggjande endra. No har alle ei rolle i å få til IKT-tryggleik i praksis: offentleg sektor, private bedrifter, og dei individuelle brukarane både på jobben og i fritida.

Regjeringa har gjennomgått ansvarsforholda rundt IKT-tryggleiken. Primæransvaret for sikring av informasjonssystem og nettverk ligg hos eigar eller operatør, dernest har kvart fagdepartement eit overordna sektoransvar. Fornyings- og administrasjonsdepartementets samordningsansvarfor IKT-tryggleik skal berre gjelde førebyggjande, tverrsektorielt arbeid. I tråd med dette har regjeringa i budsjettframlegget for 2007 føreslått å overføre budsjettansvaret for NorCERT (Norwegian Computer Emergency Response Team) frå FAD til Forsvarsdepartementet. FAD har ansvaret for Norsk Senter for Informasjonssikring, NORSIS, som arbeider førebyggjande.

Fotnotar

1.

http://www.theatlantic.com/doc/194507/bush

Til toppen
Til forsida av dokumentet