Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 17 (2006-2007)

Eit informasjonssamfunn for alle

Til innhaldsliste

6 IKT og næringspolitikk

6.1 Regjeringas mål og ambisjonar

Norsk næringsliv er i aukande grad prega av ein globalisert økonomi både med omsyn til marknader, teknologi, kapital og kompetanse. Dette gir auka utfordringar, men også betre moglegheiter for norske bedrifter.

Mesteparten av verdiskapinga i næringslivet skjer no innanfor tenesteytande verksemder, og omfanget av private tenester er dobbelt så stort som offentlege tenester. Den monalege forbetringa av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) dei siste femten åra har endra både organisering, leveringsmåtar og ytingar på ein måte som har skapt stor dynamikk i internasjonalt næringsliv. IKT-utviklinga har på kort tid gitt oss tenestetilbod som tidlegare ikkje fanst. Trådlause teletenester, nettauksjonar, netthandel, søkjetenester og nettaviser er berre nokre døme.

Biletet er temmeleg likt i dei fleste utvikla land. Innanfor OECD-landa er også veksten i verdiskapinga sterkast innanfor tenestenæringane, sjå figur 6.1.

Figur 6.1 Verdiskaping målt ved bruttoprodukt til basisprisar
 i 2004-kr, fordelt på utvalde næringar,

Figur 6.1 Verdiskaping målt ved bruttoprodukt til basisprisar i 2004-kr, fordelt på utvalde næringar,

Kjelde: ECON rapport 2005 – 80

Utviklinga innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) har dei siste tiåra sett preg på utviklinga og på rammevilkåra for tenestesektoren. IKT-næringane er store i seg sjølve med ein omsetnad på 177 milliardar kroner i 2005, ein auke på to prosent frå året før. Vel så viktig er det at IKT-næringa er ein gjennomgripande teknologi som vert brukt i og som aukar produktiviteten i ei rekkje sektorar i økonomien, frå fôring i oppdrettsnæringa, via automatisering i industrien til drastiske endringar i vidt forskjellige næringar som varehandel, bank og forsikring. IKT-utviklinga har på kort tid gjort det mogleg for spesielt kunnskapsintensive forretningstenester å få til auka utbreiing, kunnskapsdeling og arbeidsdeling over lange avstandar. IKT-verksemder er kjenneteikna av å vere kunnskapsintensive og miljøvennlege. Ei styrkt norsk IKT-næring bidrar derfor i overgangen til ein grøn kunnskapsøkonomi.

Som omtalt i kapittel 3 er det eit stort økonomisk potensial i å vere god til å utnytte dei sjansane som denne utviklinga fører med seg. Skalafordelar og nettverkseffektar gjer det vanskeleg å konkurrere med dei store internasjonale leverandørane av dei vanlege typane IKT-utstyr og programvare, men internasjonaliseringa skaper og moglegheiter for norsk IKT-næring. Dette betyr at næringspolitikken innan IKT må ha to typar fokus:

  • Vidare utvikling og bruk av IKT i næringslivet og i samfunnet generelt for på den måten å auke norsk konkurranseevne.

  • Identifikasjon av nisjar og oppbygging av klynger der norsk IKT-næring har særlege føresetnader for å gjere seg gjeldande.

Norske nisjar må vere knytte til område der vi har særlege føresetnader for å lykkast. Dette vil ofte, men ikkje nødvendigvis, vere knytt til utfordringar som i særleg grad er synlege i Noreg. På nokre område er det dukka opp grupper av IKT-bedrifter utelukkande takka vere tunge norske fagmiljø, slik som vi ser det innan programvare for informasjonssøk på nettet (FAST). På andre område er det altså særnorske utfordringar som har skapt IKT-næring, til dømes:

  • Skipsfarten og aktiviteten i Nordsjøen førte med seg behov for satellittkommunikasjon og navigasjonsutstyr og har vore ein drivar for produsentar og operatørar på området;

  • norsk topografi gjorde radiosamband svært attraktive, noko som har gjort Noreg til eit leiande land innan trådlaus kommunikasjon;

  • dei store leite- og produksjonskostnadene i Nordsjøen har gjort behovet for god seismikk spesielt stort i norsk oljenæring, og både norske og internasjonale firma utviklar slik programvare her i landet.

Framover vil satsinga i nordområda kunne skape store utfordringar for IKT-løysingar som er eigna under svært vanskelege klimatiske forhold (til dømes automatisering, handhaldne terminalar, med meir). Integrerte operasjonar og eDrift i oljesektoren vil i stor grad kunne gjere det mogleg å utvikle nye løysingar som har stor verdi for Noreg som eksportør. Det er viktig å leggje til rette for framveksten av sterke næringsmiljø innan IKT, slik det bl.a. vert gjort gjennom ordningane Norwegian Centers of Expertise (NCE), Senter for framifrå forsking (SFF) og Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI).

Boks 6.1 eDrift i oljesektoren gir milliardinntekter

Dersom petroleumsnæringa i løpet av dei neste tre åra investerer 25 milliardar kroner i eDrift, er innteningspotensialet ca 250 milliardar kroner dei neste ti åra. Dette går fram av ein rapport som er laga av ABB og Epsis på oppdrag frå Oljeindustriens Landsforening.

Den digitale infrastrukturen i havet er ein viktig føresetnad for arbeidet med eDrift, eller integrerte operasjonar som det også blir kalla. Dessutan er arbeidsprosessar og samhandling viktige føresetnader for å lykkast. Det store innteningspotensialet ligg i produksjonsauke, reserveauke, reduserte driftskostnader og reduserte borekostnader. Dette er mogleg fordi kommunikasjonen mellom reservoaret, plattform og operasjonsrom på land skjer «på direkten».

Kjelde: Oljedirektoratet, april 2006

Regjeringa har som målsetjing at Noreg skal bli ein av dei leiande, innovative, dynamiske og kunnskapsbaserte økonomiar i verda innanfor dei område der vi har fordelar. Noreg skal vere eit godt land å drive næringsverksemd i. I Soria Moria-erklæringa slår regjeringa mellom anna fast at den vil:

  • føre ein aktiv næringspolitikk der staten engasjerer seg i partnarskap med næringsliv og arbeidstakarar,

  • auke støtta til næringsutvikling gjennom Innovasjon Noreg, SIVA og dei regionale utviklingsmidlane, i tillegg til å gjeninnføre kommunale næringsfond,

  • forbetre norsk patentpolitikk slik at vi kan sikre patentrettar på høgd med våre konkurrentland,

  • utgreie ein næringsretta designpakke som inkluderer utdanning, viktige næringar, industrimiljø og Innovasjon Noreg,

  • styrkje det offentlege verkemiddelapparat og i aukande grad vere ein partnar for næringslivet

  • auke bruken av statlege forskings- og utviklingskontraktar,

  • skape eit klima for arbeidsplassar i heile landet,

  • utvide ordninga med etableringsstipend til gründerar i regi av Innovasjon Noreg.

6.2 Status for IKT-næringa og bruk av IKT i næringslivet

6.2.1 IKT-næringa i tal

IKT-næringa 1 omfattar i praksis fleire sektorar og bransjar. Det er både bedrifter som utviklar og produserer utstyr for kommunikasjon og informasjonsbehandling, og bedrifter som tilbyr tenester baserte på bruk av IKT. Målt i omsetnad er IKT-næringa den fjerde største næringa i landet med ein omsetnad i 2005 på 177 milliardar kroner. Målt i verdiskaping er sektoren sjuande størst med om lag 54 milliardar kroner. Sektoren sysselsette 63 528 personar i 2004, noko som utgjorde 4,2 prosent av sysselsetjinga i fastlandsøkonomien 2.

Figur 6.2 Omsetnad i IKT-næringa.

Figur 6.2 Omsetnad i IKT-næringa.

Kjelde: «Nøkkeltall om informasjonssamfunnet 2005», SSB 2006

Med ein omsetnad på 61 milliardar kroner var telekommunikasjon den klart største gruppa innanfor IKT-næringa i 2005. IKT-industri er den minste næringsgruppa med ein omsetnad på 25 milliardar kroner i 2005. IKT-konsulentverksemd hadde ein auke på 15 prosent frå 2004 til 2005, som var den største prosentvise auken innanfor IKT-næringa.

Noreg har ein avgrensa produksjon av forbruksvarer innanfor IKT av typen datamaskinar, mobiltelefonar etc., samanlikna med andre vestlege land. Eksportstatistikken viser at telekommunikasjonsutstyr står for den største delen av norsk IKT-eksport. Den norske IKT-industrien opererer i stor grad i marknadsnisjar som i utgangspunktet må definerast som globale. Dei største IKT-bedriftene er framleis heimebaserte og mange av produkta er bestillingsverk for enkeltkundar. IKT-industrien står i dag overfor ein aukande konkurranse av standardiserte produkt frå store internasjonale selskap. Bedriftene si evne til å kommersialisere FoU avheng bl.a. av dei marknadene dei opererer i.

Boks 6.2 Ei forenkla framstilling av næringsstrukturen i norsk IKT

Små, innovative bedrifter:Det finst ei rekkje små, teknologi- og forskingsintensive bedrifter som jobbar med problemstillingar knytte til nye felt innanfor IKT. Kjende eksempel som seinare er blitt store, er FAST (søking etter informasjon) og Opera (nettlesar) som begge har hatt ei gunstig utvikling dei siste åra. Andre små bedrifter prøver å finne seg ein nisje innanfor spissteknologiar, til dømes knytte opp til tenester for mobiltelefoni eller spelmarknaden.

Store IKT-bedrifter:Det finst få større IKT-bedrifter i Noreg. Telenor står i ei særstilling og har eit, etter norske forhold, uvanleg breitt engasjement innanfor IKT. Bedrifter som NERA, Kongsberggruppen, Thales, Tandberg og Eltek er aktive innanfor FoU og kan vekse seg endå større i åra som kjem. Slike bedrifter kan vere ei drivkraft for FoU-driven innovasjon. Fleire av dei større norske selskapa har utanlandske eigarar (bl.a. Thales, Sensonor, Texas Instruments (tidlegare Chipcon) og GE Vingmed Ultrasound) og når fram til ein global marknad gjennom eigarane sine nettverk.

Tenesteyting og offentleg verksemd:Tenesteytande bedrifter baserer seg på system- og teknologiutvikling innan IKT. Nye tenesteområde føreset at IKT blir tilpassa og vidareutvikla, og at robuste plattformer og metodar vert gjorde tilgjengelege. Konsulentselskap og små og store tenesteleverandørar driv ei kontinuerleg FoU-verksemd og programvareutvikling knytt til ulike former for tenesteyting.

Boks 6.3 Verkemiddelapparatet

Dei viktigaste offentlege aktørane for fremjing av næringsverksemd blir gjerne omtalte som verkemiddelapparatet. Dette omfattar bl.a. Innovasjon Noreg, SIVA og Noregs forskingsråd*. Innovasjon Noreg blei etablert som eit særlovselskap 1. januar 2004. Val av selskapsform innebar ei vidareføring av SNDs organisasjonsform. Innovasjon Noregs interne statistikk viser at IKT-bedrifter bruker mange av Innovasjon Noregs verkemiddel, frå etablerarstipend til programverkemiddel og finansieringsordningar. Når det gjeld prosjekt i andre næringar som har IKT-relaterte føremål er biletet det same. Hovudtyngda av tilboda ligg likevel på tilskot til utvikling av nye tenester og produkt. I tillegg til tilskot/lån, vert det òg i stor grad ytt rådgiving til bedrifter i IKT-sektoren og vedrørande IKT-relaterte føremål ved Innovasjon Noregs utekontor. Nokre utekontor, som t.d. San Francisco-kontoret, har eit stort fokus på IKT-sektoren. Denne type verksemd – som også i ein viss grad skjer ved Innovasjon Noregs kontor i Noreg – vert ikkje fanga opp i verkemiddelstatistikken nedanfor. Fordi ein relativt stor del IKT-bedrifter er såkalla «born globals» – det vil seie at dei allereie i oppstartfasen arbeider i ein større marknad enn den nasjonale – er det viktig at internasjonaliseringsarbeidet er tilpassa også IKT-bedriftenes behov. Totalt sett gjekk 391 millionar kroner av Innovasjon Noregs verkemiddel til IKT-næringa og IKT-relaterte føremål i andre næringar i 2005, mot 345 millionar kroner i 2004. I hovudsak blei støtta fordelt gjennom 20 verkemiddel. I 2005 gjekk 12,8 prosent av totale tildelingar til alle typar verksemder til IKT-sektoren (basert på SSBs næringskodar) og til IKT-relaterte prosjekt i andre næringar, mot 11,2 prosent i 2004. SIVA er organisert som statsføretak og inndelt i hovudområda eigedom og innovasjon. Eigedomsverksemda skal medverke til auka etablering av industrimiljø og kunnskapsbedrifter. Innovasjonsaktiviteten skal leggje til rette for oppbygging av sterke verdiskapingsmiljø. SIVA bidrar gjennom både kompetanse, inkubatorar og industriinkubatorar i tillegg til regionale og nasjonale nettverksinitiativ.

* Forsking er omtalt i eit eige kapittel, kap. 5.

Det er viktig å leggje til rette for framveksten av sterke næringsmiljø, også innan IKT, ved å sikre ei god utdanning og ein god forskingsbase, gode ordningar for kommersialisering av forskingsresultat og gode ordningar for internasjonalisering. Vidare satsar regjeringa på ordningane Norwegian Centers of Expertise (NCE), Senter for framifrå forsking (SFF) og Senter for forskingdriven innovasjon (SFI) som skal stimulere miljø med særleg stort potensial.

Boks 6.4 Trolltech

Trolltech (grunnlagd 1994) har to hovudprodukt. Størsteparten av selskapet sin omsetnad kjem i dag frå QT, som er ei utviklingsplattform som skal gjere det enkelt å utvikle program for både Windows, Linux og Mac på same tid. Produktet blir seld til kommersiell bruk og blir gitt bort gratis til bruk i open kjeldekode.

Qtopia er Trolltechs framstøyt mot mobilverda, og er området med både størst oppside og nedside. Qtopia er basert på Linux, på same måte som Windows 95 i si tid var basert på MS-Dos. Det er med andre ord Qtopia som styrer korleis ein bruker mobiltelefonar med dette systemet. Linux på mobiltelefon er i kraftig vekst i Asia, og Trolltech har ein sterk posisjon teknologisk. Om dei klarer å omsetje dette i avtalar med mobilprodusentar er det økonomiske potensialet stort.

Trolltechs produkt gjer det mogleg for kundar som Adobe, Skype, Hewlet Packard, Motorola og Disney å utvikle programvare raskare og enklare. The European Space Agency blei den første kunden til Trolltech i 1996.

Trolltech er privateigd, med 52 prosent av aksjane eigde av dei tilsette, inkludert ein eigarskap på 5 prosent av Trolltech Foundation som er ein ideell organisasjon etablert av dei første åtte eigarane og tilsette i Trolltech. Trolltechs hovudkontor er i Oslo. Sals- og marknadskontor finst i Palo Alto og Beijing. Utviklingsavdelingar finst i Oslo, Australia, og Tyskland. Trolltech har 170 tilsette frå 20 forskjellige land. I 2005 omsette Trolltech for 119 millionar. Dette er ein auke på 39 prosent frå året før.

6.2.2 Bruk av IKT i næringslivet

IKT er i dag ei sentral drivkraft for nyskaping, konkurranseevne, omstilling og vekst i næringslivet. Utviklinga er kopla stadig tettare til dei moglegheitene som teknologien gir, både for kvar einskild bedrift, for bransjar, og for næringslivet samla sett. Teknologien mogeleggjer utvikling av nye produkt, tenester og marknader, samtidig som bruk av IKT i forretningsprosessar påverkar konkurranseevna og styrkjer relasjonar til kundar og leverandørar.

Nedanfor følgjer statistikk for nordisk næringsliv som viser i kva grad bedriftene i desse landa har investert i breibandslinjer, etablert eigne heimsider og i kva grad bedriftene har etablert løysingar for elektronisk kjøp og sal av varer og tenester.

Statistikken seier derimot ikkje i kva utstrekning næringslivet i desse landa har makta å effektivisere og auke verdiskapinga som følgje av IKT-investeringane.

Figur 6.3 Prosentdel bedrifter med breibandstilknyting 2005.

Figur 6.3 Prosentdel bedrifter med breibandstilknyting 2005.

Kjelde: Nordic Information Society Statistics 2005

Norden ligg heilt i toppen i Europa når det gjeld breibandstilknyting for næringslivet. Prosentdelen tilknytte bedrifter 3 varierer frå 82 i Danmark til 76 prosent i Noreg. ADSL 4 er den dominerande teknologien for små bedrifter. For større bedrifter vil kravet til bandbreidde vere høgre. Større bedrifter har derfor ofte ein fiberbasert breibandsaksess.

Figur 6.3 viser prosentdelen bedrifter med eiga heimeside fordelt på storleiken på bedriftene. Prosentdelen bedrifter med heimeside er generelt høgare di større bedrifta (målt ved talet på tilsette) er. Marknadsføring blir oppgitt som den viktigaste årsaka til å ha ei heimeside. 79 prosent av svenske bedrifter marknadsfører sine produkt på heimesida, følgd av Danmark, Finland, Noreg og Island. Få bedrifter legg ut produktkatalogar og prislister elektronisk.

Figur 6.4 Prosentdel bedrifter med eiga Web-side.

Figur 6.4 Prosentdel bedrifter med eiga Web-side.

Kjelde: Nordic Information Society Statistics 2005

Dei fleste nordiske bedriftene har erfaring med e-handel i form av bestilling av varer og tenester over Internett. Finske bedrifter er mest aktive, med om lag 75 prosent, følgd av Sverige, Danmark og Island.

Mens dei fleste bedriftene har gjennomført kjøp over Internett, er prosentdelen bedrifter som har lagt til rette for løysingar for sal over Internett mykje lågare. Typisk har om lag ei av fem bedrifter motteke bestilling elektronisk. Danmark er unntaket der meir enn ei av tre har erfaring med slikt sal.

Figur 6.5 Nordiske bedrifters bruk av e-handel i 2005.

Figur 6.5 Nordiske bedrifters bruk av e-handel i 2005.

Kjelde: Nordic Information Society Statistics

6.3 Utfordringar knytte til innovasjon og effektiv bruk av IKT i næringslivet

6.3.1 Næringslivet må ha tilstrekkeleg omstillingsevne

Effektiv bruk av IKT i næringslivet opnar for store og til dels dramatiske endringar i kostnader, produktivitet, kvalitet og service ved å leggje om produksjons- og andre forretningsprosessar. Bedriftenes forhold til kundar og leverandørar blir i aukande grad påverka av IKT, og mange gjennomfører ei nyskapande strategisk utvikling basert på nye og meir effektive former for kommunikasjon med marknaden. Dette gjeld spesielt i form av marknadsføring over Internett, elektronisk handel og betalingsformidling. Dette stiller nye krav til logistikk og distribusjon, som også føreset nye organisasjonsformer baserte på profesjonell bruk av IKT.

Vekselverknaden mellom ein IKT-leverandørindustri og bedriftene si utnytting av den nye teknologien har mykje å seie for den generelle næringsutviklinga. Både i verdikjeder og nettverk er det tette band mellom aktørane, og den gjensidige påverknaden mellom desse er stor. Innovasjonsstudiar viser at kundar og leverandørar er dei viktigaste kjeldene til innovasjon i bedriftene. For at næringslivet skal bli meir avanserte og offensive brukarar av IKT treng dei nær kontakt med ein dyktig leverandørindustri – og for å få ei vekstkraftig IKT-næring må denne ha krevjande kundar å bryne seg mot, heime eller ute.

Boks 6.5 IKT-investeringar, omstilling og produktivitet

I ei undersøking peiker OECD på at for kvar krone bedriftene investerer i IKT-løysingar, vert det i gjennomsnitt kravd ytterlegare investeringar på omlag åtte til ni kroner i organisasjonsutvikling og omlegging av arbeidsrutinar. Nye strategiar, nye forretningsprosessar og nye organisasjonsformer er alle viktige faktorar for å realisere maksimal gevinst av IKT. Dette er sjeldan enkelt, då mange organisasjonar må gjennom krevjande omstillingar for best å nyttiggjere seg IKT-investeringane. Det er effekten av desse investeringane som til saman genererer stor auke i verksemdene sin produktivitet og verdi. Omstillingar er tidkrevjande. Derfor vil det kunne vere ei tidsforskyving mellom IKT-investeringar og realisering av gevinstar på alt frå nokre få månader til fleire år.

Kjelde: ICT and Economic Growth, OECD. 2003

I følgje SSB sine siste produktivitetsberekningar 5 er det i utviklinga innanfor privat tenesteyting, og i særleg grad innanfor varehandel og innanriks samferdsel, at produktivitetsveksten har vore høg det siste tiåret. I følgje SSB tyder mykje på at innovasjon gjennom utnytting av ny teknologi er blant årsakene til denne veksten. Desse bransjane har også gjort store organisasjonsmessige tilpassingar som følgje av tunge investeringar i IKT-løysingar.

Denne utviklinga inneheld òg visse negative element. Mange verksemder har erfart at uvikling av nye IKT-system har blitt langt dyrare og meir tidkrevjande enn berekna, og utnyttinga vesentleg dårlegare enn venta. Nye konkurrentar dukkar opp, ofte uventa, og endrar spelereglane og truar lønnsemda for etablerte aktørar. Derfor er det ei sentral utfordring å styrkje bedriftene si evne til å vurdere potensialet i ny teknologi, utvikle ein strategi for IKT-investeringar, og planleggje bruken i tråd med forretningsstrategi og konkurranseparametre. Ei anna viktig oppgåve er å få utvikla heilskaplege, integrerte IKT-løysingar som er betre tilpassa det behovet bedriftene har. Fellesløysingar i bransjar, nettverk eller kjeder, som samtidig gir grunnlag for meir effektiv kommunikasjon mellom aktørane, er ei aktuell tilnærming.

Boks 6.6 Verdikjede og verdinettverk

I ei verdikjede blir verdi skapt ved effektiv produksjon av produkt basert på ulike innsatsfaktorar. I verdikjede blir primæraktivitetar definerte som inngåande logistikk, produksjon, utgåande logistikk, marknadsføring og sal, pluss service, og støtteaktivitetar som infrastruktur, menneskelege ressursar, teknologisk utvikling og innkjøp. Fokus er på det å utføre aktivitetane i kjeda riktig og mest mogleg effektivt. Kostnadsdrivarar i verdikjede er skala og kapasitetsutnytting.

Verdinettverk kallar ein ei bedrift som skaper verdi ved å kople klientar og kundar som er, eller ønskjer å vere, avhengige av kvarandre. Desse bedriftene driv formidling av informasjon, pengar, produkt og tenester. Mens aktivitetane i verdikjede er sekvensielt kopla saman, er aktivitetane i verdinettverk parallelt kopla saman. Storleik på og samansetning av kundegrunnlaget og tilknytingspunkta i nettverket er viktige verdidrivarar i verdinettverk på grunn av nettverkseffektar. Med slike effektar aukar nytta kunden har av tenesta etter kvart som talet på kundar aukar.

Kjelde: Petter Gottschalk, Handelshøgskolen BI

Omstillingane som utstrekt bruk av IKT gir grunnlag for, grip over fagfelt som økonomi, logistikk, produksjon, organisasjon, kompetanse og personalspørsmål. Utfordringane gjeld både offentlege og private verksemder. Slike omstillingar er krevjande, spesielt når det gjeld å leie dei. Endringsleiing bør derfor styrkjast i både akademisk utdanning og i anna kompetansefremjande verksemd.

Boks 6.7 Vellykka omstillingsprosess i Aust-Agder

Årsskiftet 2001/02 gjekk telekombransjen inn i ei krise. Det fekk stor betydning for dei to Agderfylka. Men krisa, som særleg råka Ericsson i Grimstad, blei handtert med stor profesjonalitet. I dag blir den omfattande omstillingsprosessen rekna som ein suksess.

Aust-Agder fylkeskommune tok tidleg initiativ til å møte den store utfordringa telekomkrisa utløyste i fylket. Omstillingsarbeidet blei organisert i eit prosjekt saman med Aetat, Innovasjon Noreg, kommunane Arendal og Grimstad pluss Sørlandets Teknologisenter AS. Prosjektet hadde ei ramme på seks millionar kroner, av desse blei tre millionar løyvde frå Kommunal- og regionaldepartementet og tre millionar frå den offentlege regionale partnarskapen.

Målet med prosjektet var å få flest mogleg av dei oppsagde med høg IKT-kompetanse til å bli i Agder-regionen. Dette skulle skje gjennom å skape arbeidsplassar i nye eller unge verksemder og formidle folk inn i den etablerte arbeidsmarknaden. Resultatet av denne satsinga har vore svært vellykka: Agder-regionen har behalde IKT-kompetansen i regionen, og det er etablert eit titals nye bedrifter, av desse er det éi som representerer sjølve «drøyme-etableringa».

Ei gruppe ingeniørar frå Ericsson har danna selskapet Maritime Communications Partner AS. Bedrifta har laga eit nettsystem som gjer at ein kan bruke mobiltelefon på skip. Kundane er mange. Bedrifta, som no er oppe i 40 tilsette, mottok i 2005 NHOs nyskapingspris. I tillegg til dette viser ei fersk undersøking som er gjord i samband med prosjektet, at ca. 60 prosent har fått relevant arbeid etter nedbemanningsprosessen.

Suksesskriteria for denne vellykka omstillingsprosessen kan oppsummerast i fire kategoriar: i) samarbeid, ii) kapital, iii) kompetanse og iv) tilgjengeleg byråkrati.

Sjølve føresetnaden for å lykkast har vore eit velfungerande samarbeid og partnarskap der alle har vore einige om målet, og der ulike nasjonale og lokale etatar og institusjonar har trekt i same retning og skote inn omstillingsmidlar. I tillegg har det vist seg lettare enn ein trudde å «omstille» den kompetente arbeidskrafta som var i Ericsson. Endeleg har byråkratiet vore tilgjengeleg og sytt for raske avgjerdsprosessar i omstillingsarbeidet. Styringsgruppa og prosjektleiinga har heile tida vist god avgjerdsevne og stilt moderate krav til dokumentasjon.

Eksemplet frå Aust-Agder kan vere ein god modell for andre regionar som står overfor liknande omstillingsprosessar.

Kjelde: IKT-Norge

6.3.2 Næringslivet treng både brukarkompetanse og spisskompetanse

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi er også ein reiskap for effektiv utvikling og forvaltning av kompetanse i næringslivet. Dette omfattar både e-læring (nettbasert/IKT-støtta læring) og IKT-støtta kompetanseforvaltning i einskildbedrifter eller bedriftsnettverk. Ein kritisk faktor i kompetansebiletet er tilgangen på IKT-kompetanse i næringslivet, både i form av det ein kan kalle strategisk IKT-kompetanse, som er nødvendig for effektivt å utnytte det som ligg i teknologien, og spisskompetanse på teknologi, som er ein føresetnad for vidare innovasjon og utvikling i IKT-industrien. I tillegg kjem behovet for operativ IKT-kompetanse. Stadig fleire bedrifter kjøper dette som eksterne tenester i staden for å investere i eige utstyr og tenester. På denne måten ønskjer bedriftene å lette tilgangen til og forbetre utnyttinga av IKT-utstyr, programvare og kompetanse til fordel for alle partar.

Brukarkompetanse 6 : Statistikkar viser at over 400 000 vaksne har så dårleg basiskompetanse at dei har problem med å fungere i dagens arbeids- og samfunnsliv. Med basiskompetanse forstår ein grunnleggjande ferdigheiter i lesing, skriving, rekning og IKT 7. Det er behov for tiltak for å styrkje denne kompetansen.

Undersøkingar viser at dei store føretaka er best i klassen med omsyn til å ha ein arbeidsstyrke med god eller høg IKT-kompetanse, samtidig som dei er relativt raske og gode til å ta i bruk og utnytte IKT-verktøy for å vidareutvikle bedriftas konkurransefordelar. Mykje tyder på at dei største kompetansebehova framleis er hos små og mellomstore bedrifter.

Boks 6.8 Program for basiskompetanse i arbeidslivet

Programmet for basiskompetanse i arbeidslivet skal prøve ut ei offentlig finansieringsordning som gjer det enklare og økonomisk meir attraktivt for bedrifter og offentlege verksemder å setje i verk opplæring i grunnleggjande ferdigheiter.

Program for basiskompetanse i arbeidslivet blei oppretta i 2006 og har som mål å hindre at menneske blir støytte ut av arbeidslivet på grunn av svake ferdigheiter i lesing, skriving, rekning og bruk av IKT.

Bedrifter skal stå som søkjar og mottakar av tilskot frå programmet. Der fleire verksemder går saman om opplæringstiltaket, kan tilbydaren søkje og motta tilskotet.

Regjeringa har gjennom Kunnskapsdepartementet føreslått å løyve 35,4 millionar kroner over 2007-budsjettet. Vox – nasjonalt senter for læring i arbeidsliv, har det faglege ansvaret for programmet.

Det er også behov for at arbeidslivet vert stimulert til i større grad å ta i bruk universelt utforma løysingar som gjer det enklare for arbeidstakarar med ulike vanskar eller handikap å ta i bruk digital teknologi. For å stimulere arbeidstakarar med nedsette funksjonsevner til å ta datahjelpemiddel i bruk i arbeidslivet og i opplæringstiltak, bør løysingar i utgangspunktet vere tilgjengelege for dei som treng det. Ved allminneleggjering av hjelpemidla unngår personen det gjeld unødvendig og ofte negativ merksemd 8. Slik merksemd fungerer i mange tilfelle som ein barriere for å ta hjelpemidlet i bruk.

Spisskompetanse/strategisk kompetanse: Det er stor optimisme i næringslivet og det blir rapportert om aukande grad av rekrutteringsproblem i kunnskapsindustrien (blant anna Aetats bedriftsundersøking 2006). Mykje tyder på at det i tida framover vil vere aukande etterspørsel etter medarbeidarar med IKT-kompetanse. Truleg vil ein oppleve eit stort gap mellom behov og tilfang av arbeidskraft innanlands. Konsekvensane kan vere mange. Dei mest opplagde er at norsk næringsliv, spesielt IKT-næringa, må søkje utanlands for å få tak i god kompetanse til sine ledige jobbar. Den andre er at stadig fleire IKT-prosjekt blir sette ut til IKT-arbeidarar i andre land. Den tredje er at ein vil ha problem med å skape vekst i kunnskapsindustrien innanlands.

Det er i dag stor kamp internasjonalt om dei beste «hovuda». Den årlege undersøkinga Young Professionals Survey Norway 2006, som er gjennomførd av marknadskompetanseselskapet Universium viser at heile 24,3 prosent av yngre IKT-utdanna tilsette i Noreg kan tenkje seg ein jobb hos verdas største programvareprodusent, Microsoft. Men også dei norske selskapa gjer det bra med Opera (tredje plass), Fast (12. plass) og Trolltech (17. plass)

Det er også behov for norsk IKT-næring å tiltrekkje seg dei beste «hovuda» internasjonalt. Ordninga med ei snøggare saksbehandling av opphalds- og arbeidsløyve for utanlandske professorar og doktorgradstudentar fungerer relativt bra for store føretak, men det er eit tydeleg behov for å gjere ein jobb for å informere om denne moglegheita overfor små og mellomstore bedrifter.

6.3.3 e-handel er viktig for verdiskaping i næringslivet

Den teknologiske utviklinga vil på sikt gi store strukturelle endringar i økonomien. Det opnar seg òg forretningsutsikter innanfor ei rekkje nye område. Desse er mellom anna utvikling av søkjeverktøy, nye former for marknadsføring og publisering på nett, finansielle tenester, virtuell vidareforhandling, etc. Prisreduksjon på nøkkelteknologi og framveksten av eit verdsomspennande elektronisk nettverk vil òg påverke bedriftenes transaksjons- og produksjonskostnader, kostnadsstruktur, verdikjeder og marknadstilgang. Elektronisk handel gir kostnadsinnsparing forbunde med sal, underleveransar, innkjøp, betalingstenester og distribusjon.

Nye forretningsutsikter oppstår både i bedrift-til-bedrift-marknaden og i bedrift-til-forbrukar-marknaden. I bedrift-til-forbrukar-marknaden er veksten førebels størst innanfor område som musikk, bøker, reiseliv, ulike tenester og programvare.

Effektiv utnytting av informasjonsteknologi generelt og elektronisk handel spesielt gjer det særskilt mogleg å utvikle konkurransefordelar i små og mellomstore bedrifter. Teknologien bidrar til å løyse nokre av utfordringane knytte til det å vere liten i ein stadig meir global og konkurranseutsett marknad, og det å vere lokalisert langt unna hovudmarknadene til bedrifta.

I 2004 hadde om lag ei av fem bedrifter omsetnad frå tingingar mottekne over Internett. Dette var ein monaleg auke frå året før. Det er i all hovudsak dei største bedriftene som har etablert system og løysingar for e-handel over Internett.

Figur 6.6 Prosentdelen av norske føretak med omsetnad frå sal
 via Internett.

Figur 6.6 Prosentdelen av norske føretak med omsetnad frå sal via Internett.

Kjelde: SSB 2006

Stadig sterkare internasjonal konkurranse og dei nye forretningsutsiktene knytte til e-handel for småbedrifter gjer det svært viktig å identifisere eventuelle barrierar mot bruk av e-handel i desse bedriftene. Det er òg viktig å vurdere kva rolle styresmaktene kan og bør ha i denne samanheng. Ein studie frå OECD 9 har mellom anna identifisert følgjande barrierar knytte til utvikling av e-handel innan små og mellomstore bedrifter:

  • Kunnskapsmangel. Mange småbedrifter manglar kunnskapar om kva det er mogleg å få til med elektronisk handel, og det knyter seg stor uvisse til spørsmål om bl.a. tryggleik, infrastruktur og gevinstpotensial.

  • Ressursmangel. Bedriftene manglar i stor grad arbeidskraft med kompetanse på spørsmål knytte til e-handel og organisering, tinging og betaling, frakt, leveransar etc. Dei har heller ikkje finansiell styrke til å hente inn slik kompetanse utanfrå. Bedriftene manglar dermed kunnskap og ressursar til å gjere strategiske vurderingar av potensialet knytt til e-handel.

  • Startkostnader. Små og mellomstore bedrifter er meir kostnadssensitive enn større føretak, og investeringar i nytt teknisk utstyr kan vere nødvendig for å begynne å handle elektronisk.

  • Tryggleiksspørsmål. Det er uvisse rundt tryggleiksspørsmål knytt til handel på nett.

Det er grunn til å tru at desse barrierane også er gyldige for Noreg.

Boks 6.9 BIT-programmet

Innovasjon Noregs BIT-program har som mål å auke konkurransekrafta og innovasjonsevna i små og mellomstore bedrifter gjennom meir effektiv bruk av elektronisk forretningsdrift. Bedriftene i bransjen/sektoren bestemmer innhald og innsatsområde. Innovasjon Noreg medverkar med metode/kvalitetssikring og delfinansiering. Programmet har hausta positiv omtale internasjonalt. Programmet blir evaluert hausten 2006 og planen er at det skal vidareutviklast/erstattast av eit nytt program som er operativt i løpet av 2007.

6.3.4 IKT og berekraftige lokalsamfunn

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for eit lønnsamt og konkurransedyktig næringsliv i alle delar av landet. Kompetanse og innovasjonsevne er dei viktigaste føresetnadene for utviklinga av eit slikt næringsliv. Føresetnaden for at det regionale næringslivet skal utviklast, er sterkare regionale kompetanse- og innovasjonsmiljø, gjerne lokaliserte saman med universitet og høgskular. Det er viktig å byggje opp og vidareutvikle slike miljø og stimulere til samarbeid mellom desse og regionalt næringsliv, andre kompetansemiljø og nasjonale og internasjonale nettverk.

Eit ledd i dette er å leggje til rette for framveksten av sterke regionale IKT-miljø som kan levere høgkvalitetstenester og kompetanseutvikling til det lokale næringslivet og offentleg sektor, og tilby ei inspirerande ramme for nyskaping og næringsutvikling. Regjeringa gjer dette gjennom ordningane Norwegian Centers of Expertise (NCE), Senter for framifrå forsking (SFF) og Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI), som skal stimulere miljø med særleg stort potensial. IKT-miljø er éin av fleire typar miljø som får støtte frå desse ordningane. Den næringsretta ekstrainnsatsen i distriktspolitikken skal rettast inn på fleire område. For det første er det viktig å medverke til auka merksemd på kompetanse og innovasjon i det eksisterande næringslivet. Strategiar og rammer for bruk av verkemidla må ta meir omsyn til kompetanseutvikling og nyskaping. For det andre må det i større grad stimulerast til auka etablering av konkurransedyktige, framtidsretta og nyskapande bedrifter. I dette vil det liggje ei særleg utfordring i å stimulere til etableringar innanfor næringar med høg verdiskapingsevne. Arbeidet for å få entreprenørskap inn i utdanningssystemet på alle nivå bør forsterkast. Endeleg er det viktig å styrkje samarbeidet mellom bedrifter og mellom bedrifter og kunnskapsinstitusjonar ved at ein utviklar gode regionale verdiskapingsmiljø.

6.3.5 Innovasjonsutfordringar for næringslivet

I moderne kunnskapsøkonomiar er innovasjon den sentrale drivkrafta for verdiskaping. Utvikling av nye idear og realisering av desse i ein marknad inneber risiko, men er nødvendig for alle verksemder eller land som vil behalde og styrkje konkurransekrafta. Innovasjon er driven av fleire faktorar enn forsking, men FoU står likevel heilt sentralt i innovasjonsprosessen, både direkte og indirekte. Forsking skaper unik kompetanse og legg grunnlag for utvikling av produkt, tenester og prosessar med høgt kunnskapsinnhald som er vanskelege å kopiere. Sterke, nasjonale kompetansemiljø kan dermed verke med til å sikre framtidig konkurransekraft.

Forskingsrådet 10 har gjennom omfattande analysar identifisert fire innovasjonsutfordringar for auka framtidig verdiskaping: (1) innovasjon i eksisterande næringsliv, spesielt innanfor våre sterkaste område, (2) samspelet med innovasjon i offentleg sektor, (3) innovasjon og vekst i nytt kunnskapsintensivt næringsliv, og (4) kommersialisering i samspel mellom næringsliv og FoU-institusjonar. Etter Forskingsrådet si meining er auka offentleg FoU-innsats innanfor desse områda grunnleggjande for å utløyse nødvendig innovasjon og verdiskaping.

Innovasjon i eksisterande næringsliv

Noreg har fleire næringsmiljø med sterke internasjonale posisjonar. Dei mest framtredande eksempla er innanfor petroleum, havbruk og lettmetall i tillegg til dei marine og maritime næringane, men også innanfor trefordeling og næringsmiddel har Noreg vesentlege fortrinn innanfor nisjar. Innanfor desse viktige næringane har Noreg både sterke bedrifter og leiande kunnskaps- og forskingsmiljø. Her finn ein sjølvsagt spennande produsentbedrifter som driver avansert produktutvikling, men òg avanserte tenestebedrifter og organisasjonar, både innanfor rådgiving, tenestedrift og nettverksdrift. To eksempel: Noreg har innanfor offshore verdas leiande IKT-miljø og programvareselskap, og norsk finansnæring er verdsleiande innanfor skipsfinansiering og -forsikring. Det er vidare verdt å merke seg at Noreg innanfor desse næringane også tiltrekkjer seg globalt leiande bedrifter og forskarar, i tillegg til at vi her hadde svært godt gjennomslag i EUs 6. rammeprogram.

Boks 6.10 Industrielle forskings- og utviklingskontraktar (IFU)

Ein IFU-kontrakt er ein forpliktande avtale mellom to bedrifter om å utvikle eit nytt produkt, prosess eller teneste som den eine eller begge bedriftene har behov for. Ein føresetnad er at leverandørbedriftene er i gruppa små og mellomstore bedrifter, dvs. at dei bl.a. har mindre enn 250 tilsette. Samarbeidet skal elles vere basert på ein ny forretningsmessig relasjon mellom partane. Vidare må det som skal utviklast representere eit vesentleg løft innan sitt område, og det skal sannsynleggjerast ein marknad utover pilotkunden.

Ordninga skal stimulere til eit nært utviklingssamarbeid mellom ei krevjande kundebedrift og ei eller fleire leverandørbedrifter. Fordelen med eit slikt samarbeid for leverandørbedrifta kan vere auka kompetanse, tilgang til ein større marknad og nettverk, pluss ein solid referanse. For kundebedrifta kan tilgang til spesialkompetanse og lågare utviklingskostnader vere nokre av fordelane.

Samspelet med innovasjon i offentleg sektor

Offentlege styresmakter har ansvar for å leggje til rette for innovasjon. I tillegg speler offentleg sektor sjølv ei sentral rolle i innovasjonssystemet, både som myndigheitsutøvar, tenesteprodusent og leverandør av infrastruktur. Dette gjer det særleg viktig å ha fokus på innovasjon i offentleg sektor som ein del av ein heilskapleg innovasjonspolitikk. Offentleg sektor bør vere ein viktig arena for innovasjon og ei kjelde til innovasjon i samfunns- og næringsliv.

Offentleg sektor kan òg gi direkte grunnlag for innovasjon i næringslivet, og er ein stor og viktig marknad for private leverandørar både når det gjeld produkt og tenester. Offentleg sektor som kjelde til innovasjon i samfunns- og næringsliv inneber at den er utgangspunkt for nye tenester, prosessar eller produkt som blir utnytta kommersielt. På same måte som store bedrifter, kan offentlege verksemder fungere som «lokomotiv» for næringsutvikling. Som krevjande kunde kan det offentlege medverke til innovasjon i leverandørbedriftene. Innovasjon som finn stad i offentlege verksemder, kan overførast til privat verksemd og dermed bidra til auka verdiskaping. Innovasjon kan òg skje gjennom offentleg/privat samarbeid der offentlege tenester blir utvikla, implementerte og seinare drifta av ei privat verksemd. Innovasjon i offentleg sektor kan òg utløyse ny næringsverksemd. Innovasjonar med utgangspunkt i offentleg sektor utvidar marknaden for norske private leverandørar både innanlands og utanlands, og utgjer dermed også eit eksportpotensial.

Boks 6.11 Offentlege forskings- og utviklingskontraktar (OFU)

Ein OFU-kontrakt er ein forpliktande avtale mellom ein offentleg etat, til dømes ein kommunal, fylkeskommunal eller statleg etat og ei norsk bedrift som tek på seg å utvikle og levere eit nytt produkt eller løysing til etaten. Føresetnaden er at det eksisterer eit offentleg innkjøpsbehov som ikkje kan dekkjast tilfredsstillande gjennom eksisterande tilbod. Produktet eller løysinga må utviklast og produserast i Noreg.

Løyvinga til IFU-* og OFU-kontraktar blei styrkt i 2006. Innovasjon Noreg (IN) forvaltar i 2006 200 millionar kroner netto til ordninga som gir tilskot til FoU-samarbeid mellom ei eller fleire leverandørbedrifter og ei kundebedrift. Av dei 200 millionane er 100 millionar kroner øyremerkte til større internasjonale prosjekt, såkalla fokusert satsing. Utviklingsprosjekt i samarbeid med utanlandske kundebedrifter er prioritert. Satsinga på Innovasjon Noreg, irekna IFU- og OFU, er vidareført i 2007.

* Sjå boks 6.10.

Gjennom aktiv bruk av forskings- og utviklingskontraktar kan det offentlege medverke til å byggje opp produktspekteret og den tekniske kompetansen i norsk næringsliv og dermed gjere næringslivet meir konkurransedyktig. Slike kontraktar er eit målretta verkemiddel for omstilling og marknadsorientering i norsk næringsliv, samtidig som ordninga skal verke med til å effektivisere offentleg forvaltning.

For ordninga med forskings- og utviklingskontraktar har prosentdelen av den totale ramma som går til slike kontraktar med offentleg kundepartnar gått kraftig ned sidan 90-talet. Ordninga med støtte til forskings- og utviklingskontraktar i Innovasjon Noreg er eit sentralt verkemiddel for å stimulere til auka FoU-samarbeid både i næringslivet og mellom næringslivet og offentleg sektor. Innovasjon Noreg arbeidar derfor mellom anna for å auke talet på prosjekt med offentleg kundepartnar innanfor ordninga.

Innovasjon og vekst i nytt, kunnskapsintensivt næringsliv

Noreg har eit av verdas høgaste utdanningsnivå, men kunnskapsnivået blir ikkje til fulle spegla att i norsk næringsliv. Norsk industri er klart mindre kunnskapsintensiv enn industrien i land det er naturleg å samanlikne seg med. Nytt, kunnskapsintensivt næringsliv spring ofte ut av sterke kunnskaps- og næringsmiljø. Eksisterande næringsliv har posisjon og ressursar som styrkjer sjansen for å lykkast med noko nytt. Ny kunnskap oppstår ofte i grenseflata mellom etablerte fagfelt. Gode eksempel på dette finn vi i krysninga mellom offshore og skipsfart, eller mellom maritim og telekommunikasjon. Dagens sterke miljø gir ytterlegare sjansar for utvikling av nye, sterke miljø, til dømes knytte til tenester eller nye teknologiar. Det er ikkje snakk om å konservere eksisterande næringsstruktur, men å utvikle dei eksisterande miljøa og bruke desse til å skape noko nytt.

Forskingssatsing har truleg størst samfunnsmessig avkastning der det eksisterer miljø som kan ta forskinga og forskingsresultata vidare, deriblant kapitalmiljø. Dersom slike miljø ikkje eksisterer, må det vere vilje og evne til langsiktige og heilskaplege prioriteringar for å sikre samfunnsmessig avkastning av FoU-investeringane. Det betyr at investeringar i forsking må følgjast opp med verkemiddel som stimulerer til næringsetablering og utvikling. I einskilde tilfelle er det ønskjeleg å stimulere det private kapitaltilbodet gjennom offentlege tiltak, for på den måten å realisere samfunnsøkonomisk lønnsame prosjekt som elles ikkje ville ha blitt finansierte.

Den offentlege næringsretta finansieringa er omfattande, både når det gjeld omfang og tal på ordningar. Dei finansielle verkemidla omfattar lågrisikolån, ansvarlege lån, risikolån, garantiar, tilskot, stipend og eigenkapital, og er retta både mot enkeltbedrifter og private såkorn- og venturefond. Hovuddelen av dei offentlege låne- og tilskotsmidlane, blant anna lån til private såkornfond, blir kanaliserte gjennom Innovasjon Noreg. Eigenkapitalinvesteringar i private venturefond vert utførte av Argentum Fondsinvesteringer AS.

For nytt, kunnskapsintensivt næringsliv må det etablerast relevante kompetansebasar, byggjast sterke kompetansenettverk og lagast gode møteplassar. Noreg må ha utdannings- og FoU-institusjonar i internasjonal front for å vere attraktivt både for internasjonale aktørar og for norsk næringsliv. Mobilitet gjennom kandidatar som nettverksberarar og kunnskapsformidlarar inn i næringslivet, kan skape ein positiv sirkel der næringslivet og FoU-institusjonane utviklar kvarandre.

Boks 6.12 NCE-programmet

IKT-miljøa i Noreg er ofte samla i, eller spring ut av, klynger av teknologibedrifter, utdanningsinstitusjonar og viktige brukarar. Hovudregelen er at næringspolitikken skal vere innretta slik at potensielt lønnsame klynger blir realiserte utan særskilt offentleg støtte, det vil seie at dei generelle rammevilkåra er gode.

Det kan likevel frå tid til anna vere ei offentleg oppgåve å medverke til auka verdiskaping gjennom å utløyse og forsterke samarbeidsbaserte innovasjons- og internasjonaliseringsprosessar i næringsklynger med klare ambisjonar og stort potensial for vekst.

Det viktigaste offentlege tiltaket for å støtte klynger er NCE-programmet (Norwegian Centers of Expertise) som er utvikla av SIVA, Forskingsrådet og Innovasjon Noreg.

NCE-programmet skal velje dei beste regionale næringsmiljøa og styrkje dei ytterlegare. Programmet tilbyr finansiell og fagleg støtte til gjennomføring av langsiktige og målretta utviklingsprosessar, basert på initiativ og strategiar utvikla av sentrale aktørar i klynga.

Støtta frå programmet skal bidra til å redusere hindringar for samarbeid mellom aktørane, akselerere gjennomføringa av viktige utviklingsprosessar og –prosjekt, i tillegg til å koordinere og målrette private og offentlege innsatsar for å utvikle klynga.

Målgruppe for programmet er grupperingar av bedrifter og støttespelarane deira innanfor regionale klyngedanningar. Utviklingsprosessar i regionale klynger vil involvere ei rekkje aktørar; blant desse næringsliv, utdanning og forsking, verkemiddel- og utviklingsinstitusjonar, utviklingsaktørar, finansieringsmiljø og offentlege sektormyndigheiter.

Programmet vil tilby fagleg og finansiell støtte til langsiktige utviklingsprosessar for ein periode på inntil ti år. Prosjektperioden blir delt inn i tre kontraktsperiodar som kvar blir avrunda med ei ekstern evaluering som grunnlag for ei eventuell fornying av kontrakten for neste periode. Den finansielle støtta frå programmet vil vere inntil 50 prosent av kostnadene til nærmare definerte aktivitetar knytte til prosessleiing, nettverksbygging, analyse- og strategiprosessar og idé- og prosjektutvikling i tidleg fase.

Seks næringsmiljø er i 2006 utpeikte til Norwegian Centre of Expertise (NCE) etter sterk konkurranse med andre miljø.

Dei valde miljøa er:

  • NCE Maritime på Møre,

  • NCE Microsystems i Vestfold,

  • NCE Systems Engineering i Kongsberg,

  • NCE Ekspertsenter Undervannsteknologi i Hordaland,

  • NCE Raufoss, og

  • Instrumenteringsklyngen i Trøndelag.

Av dei seks utvalde miljøa er to hovudsakeleg IKT-miljø (Vestfold og Trøndelag) og dei andre har sterke innslag av IKT.

Regjeringa planlegg tilsvarande utlysingar også dei neste åra, med sikte på å setje i verk ytterlegare fire klyngeprosjekt innan 2008.

Ein vesentleg del av verdiskapinga i framtida vil måtte komme frå kunnskapsintensive bedrifter. Næringsrelevant FoU av høg kvalitet er ein føresetnad for å få dette til. Dei beste næringsretta FoU-institusjonane må ha konkurransedyktige rammevilkår og dei norske forskingsmiljøa må finne sin plass i ei nasjonal og internasjonal arbeidsdeling. Sterke FoU-miljø gjer Noreg attraktivt som vertsland for internasjonal FoU-verksemd og sikrar at vi kan nyttiggjere oss internasjonal kunnskap. Samarbeid og kunnskapsflyt mellom FoU-institusjonar og næringsliv, både nasjonalt og internasjonalt, er nødvendig for å få dette til.

Boks 6.13 Etablerarstipend og inkubatorstipend

Etablerarstipend er eit stipend som kan ytast til personar som skal utvikle og etablere ei eiga bedrift. Etablerarstipendordninga gjeld for heile landet og for alle næringar, unnateke offentleg verksemd og landbruk. I kvart fylke blir det prioritert ut frå lokale forhold og behov. Generelt sett er etableringar som representerer noko nytt i regional, nasjonal og/eller internasjonal samanheng, høgt prioriterte. For Oslo og Akershus er det sett spesielle krav som i ein viss grad avgrensar sjansane for stipend. 30 prosent av dei totalt ca. 100 millionar kroner som blir løyvde til dette verkemiddelet gjekk til IKT-føremål i 2005 (ein auke frå 25,5 prosent i 2004).

Inkubatorstipendetskal stimulere til auka etablering av konkurransedyktige, framtidsretta og nyskapande verksemder. Stipendet er ei ordning for nyetableringar med høgt kunnskaps- og teknologinivå. Risikoen i prosjektet må òg vere høg, og tenesta eller produktet må vere aktuell for ein internasjonal marknad. 66,6 prosent av dei totalt ca. 20 millionar kroner som blir løyvde til dette verkemiddelet gjekk i 2005 til IKT-føremål (ein auke frå 59,5 prosent i 2004).

Kommersialisering i samspel mellom næringsliv og FoU-institusjonar

For å skape innovasjon og verdi av resultat frå FoU, må resultata kommersialiserast. Det vil seie at idear, teknologiar eller ny kunnskap blir tekne i bruk eller realiserte i ein marknad. Det er ikkje tilstrekkeleg å ha gode idear, ein må òg evne å trekkje verdi ut av desse. Dette kan skje ved at FoU-institusjonane sjølve står for kommersialiseringa, eller ved at resultata blir overførte til ein kommersiell aktør eller implementerte i offentleg sektor. Ein føresetnad for økonomisk utnytting av forskingsresultat er at ein sikrar dei intellektuelle rettane.

Kommersialisering utnyttar og skaper verdi av kunnskapen og kompetansen som blir utvikla gjennom FoU-investeringar. Undervisnings- og høgskule (UoH)--institusjonane i Noreg har nyleg fått eit ansvar for (og ei plikt til) økonomisk utnytting av forskingsresultat. Ei utfordring knytt til kommersialisering frå UoH-sektoren er å utvikle ein kultur som fremjar innovasjon. Berre relevant forsking med høg kvalitet gjer det mogleg å kommersialisere resultata.

Nasjonalt og internasjonalt samspel mellom næringsliv og FoU-institusjonar vil styrkje relevans i forsking og utdanning, idétilfang og kunnskapsflyt. Etterspurnaden frå næringslivet (nasjonalt og internasjonalt) etter forsking og kandidatar styrkjer relevans og kommersialiseringspotensial. Samarbeid med kompetente næringsmiljø gir lettare tilgang til store internasjonale marknader og internasjonal kapital og aktivitet. Kunnskapsoverføring frå og samarbeid med leiande kompetansemiljø i norsk og internasjonalt næringsliv styrkjer kvaliteten på forskinga ved FoU-institusjonane og fører bedrifter til kunnskapsfronten der vi har leiande FoU-institusjonar.

Ein flaskehals for kommersialisering av FoU-resultat er mangel på finansiering i tidleg fase. Kommersialisering av kunnskapsintensive produkt og tenester er forbunde med høg risiko og stort, langsiktig kapitalbehov. Offentlege verkemiddel kan medverke til å bringe prosjekta over i ein fase der dei kan oppnå finansiering i den ordinære kapitalmarknaden.

6.3.6 Immaterielle verdiar og rettar

Med immaterielle verdiar meiner ein alle former for intellektuell kapital ei bedrift kan ha. Det inkluderer idear, organisasjonsformer, know-how, prosesskompetanse og ein heil del fleire element som til saman utgjer det vi kan kalle nyvinningar. Slike immaterielle verdiar utgjer ein stadig større del av bedriftenes samla verdiar 11. Dei fell i to hovudkategoriar: opphavsrettar og industrielle rettar.

IKT-næringane utmerkar seg i sitt forhold til immaterielle rettar på den måten at alle slike rettar er relevante for dei. Dette gjeld både opphavsrett, databasevern, krinsmønster, patent, design, varemerke etc.

I Soria Moria-erklæringa seier regjeringa at den vil forbetre norsk patentpolitikk slik at vi kan sikre patentrettar på høgd med våre konkurrentland. Regjeringa bestemte derfor i februar 2006 å gå inn for at Noreg skulle tiltre Den europeiske patentorganisasjonen (EPO) seinast 1.1.2008. Etter ei brei høyring legg regjeringa snart fram ein St.prp. og ein Ot.prp. om høvesvis ratifisering og lovendringar i denne samanhengen.

I juni 2006 bestemte regjeringa å inngå ein avtale med Danmark og Island om å opprette eit Nordisk patentinstitutt (NPI).  Skipinga må godkjennast av Stortinget. Føremålet med NPI er i fellesskap å hente inn fleire inntektsgivande og kompetanseaukande oppdrag frå utlandet, i tillegg til å ta ut synergi- og felles læringseffektar av samarbeidet. NPI blei allereie på World Intellectual Property Organizations (WIPO) generalforsamling i september 2006 godkjend som såkalla PCT-myndigheit under patentsamarbeidsavtalen av 1970. NPI vil ta opp den operative verksemda si i samband med at Noreg går inn i EPO.

6.3.7 Vidarebruk av det offentleges informasjon

Verdiskapingspotensialet for vidarebruk av offentlege data er stort. Den aukande bruken av informasjonsteknologi har skapt heilt nye høve til å bruke informasjon frå ulike kjelder, og til å samanstille og foredle informasjonen. Offentleg informasjon som til dømes kartdata, vêrdata, næringslivsinformasjon og trafikkinformasjon, kan nyttast som grunnlag for nye produkt og tenester og er såleis ein viktig økonomisk ressurs. Den informasjonen som allereie finst i offentleg sektor kan vere ein viktig faktor i den digitale kunnskapsbaserte økonomien, og det er derfor ei målsetjing å sikre effektiv vidarebruk av offentleg informasjon for auka verdiskaping og utvikling av nye tenester. Dette er bakgrunnen for EU-direktiv 2003/98/EF om vidarebruk av offentlege data som no er implementert gjennom føresegner i ny offentleglov, vedteken av Stortinget i mai 2006 (og som er venta å tre i kraft 1. januar 2008). Føremålet med direktivet er å leggje til rette for vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor og sikre ei minimumsharmonisering av nasjonale reglar om slik vidarebruk . Direktivet skal sikre betre tilgang til offentleg informasjon og er såleis i tråd med det som òg er føremålet med ny offentleglov, nemleg ei meir open og tilgjengeleg forvaltning.

Det er nasjonal lovgiving som regulerer innsynsretten og følgjeleg kva for informasjon som kan vidarebrukast. Vidarebruksføresegnene gjeld for informasjon som det er allmenn innsynsrett i, dvs. der innsynsrett kan krevjast med heimel i offentlegloven, miljøinformasjonsloven eller anna lovgiving som fastset allmenn innsynsrett.

Allmennkringkastarar, utdannings-, kultur- og forskingsinstitusjonar er ikkje omfatta av direktivet. Dette er vidareført i ny offentleglov, men det er gitt forskriftsheimel til å fastsetje at føresegnene likevel skal kunne gjelde for eventuelle institusjonar innanfor desse områda. Retten til vidarebruk kan avgrensast av personvernlovgiving eller immaterielle rettar. Direktivet oppfordrar likevel offentleg sektor til ikkje å påberope seg eigne opphavsrettar.

Reglar om vidarebruk i den nye offentlegloven, går i hovudsak ut på lovfesting av ein hovudregel om forbod mot diskriminering mellom ulike aktørar, lovfesting av ein hovudregel om forbod mot einerettsavtalar, innføring av rett til å krevje kopi av dokument i alle eksisterande format og språkversjonar, og innføring av rett til å krevje elektronisk kopi. Det skal setjast eit øvre pristak ved innsyn og vidarebruk, ein har plikt til å opplyse om kven som er rettshavar når det blir gitt tilgang til informasjon som det knyter seg immaterielle rettar til, og det er krav om at eventuelle standardlisensar for vidarebruk av opphavsrettsverna informasjon skal vere tilgjengelege i digitalt format og skal kunne behandlast elektronisk.

I lys av nye vidarebruksføresegner kan det bli nødvendig å sjå nærmare på finansieringsmodellane som blir nytta i offentleg sektor i samband med produksjon av digitale tenester og produkt. Mykje av grunnen til at det har vore mogleg å produsere tenester og produkt av høg kvalitet, har vore at ein har basert seg på finansieringsmodellar som bl.a. inneber bruk av einerettsavtalar og berekning av forteneste ved tilgang til informasjon for eksterne aktørar. Einerettsavtalar om bruk av offentleg informasjon må ein derfor gå gjennom og endre dersom dei er i strid med EU-direktivet.

Ei viktig utfordring vidare blir korleis ein skal kunne oppretthalde den høge kvaliteten på digitale produkt og tenester dersom ein ikkje lenger kan basere seg på kommersiell drift, men må gi eksterne private aktørar billegare tilgang til informasjon. Offentleg informasjon skal kunne brukast som input i verdiaukande tenester og såleis representere ein økonomisk ressurs for næringslivet. Regjeringa ønskjer likevel ikkje ein situasjon der kvaliteten på offentlege data og tenester blir dårlegare som eit resultat av endra finansieringsmodellar, noko heller ikkje næringslivet, spesielt innhaldsindustrien, er tent med.

Hovudregelen etter offentlegloven 12 vil vere at tilgang til offentleg informasjon skal vere gratis og at betaling må vere fastsett i forskrift med heimel i offentlegloven.

For informasjon som høyrer inn under kjerneområdet til offentlegloven 13, vil det etter den nye offentlegloven berre vere høve til å gi forskrift om betaling tilsvarande formidlingskostnadene, dersom det dreier seg om svære mengder kopiar, avskrifter eller utskrifter, eller kopiar til svært kostnadskrevjande medium 14.

Etter den nye offentlegloven vil det vere høve til å gi forskrift om betaling også utover dei reine formidlingskostnadene 15 for informasjon som fell utanfor kjerneområdet til offentlegloven. Loven set her eit øvre tak som er i samsvar med taket i vidarebruksdirektivet. Dette inneber at dei samla inntektene ikkje skal vere større enn dei faktiske kostnadene ved innsamling, produksjon, reproduksjon og formidling av informasjonen, med tillegg av ei rimeleg avkastning av investeringane. Direktivet er eit minimumsdirektiv som betyr at ein kan gå lengre enn kva direktivet krev i å leggje til rette for vidarebruk. Dette er gjort i den nye offentlegloven ved at hovudregelen om at innsyn skal vere gratis blir styrkt, og at loven legg opp til at det berre i særlege tilhøve kan takast betaling som tilsvarer det høgste taket.

Ut ifrå dette har regjeringa bestemt at det ved utarbeiding av forskrifter om prising som skal fastsetjast med heimel i ny offentleglov, eller etter andre lovar der det gjeld allmenn innsynsrett, eller der det i praksis blir utøvd allmenn innsynsrett, skal leggjast til grunn følgjande prinsipp 16 som eit utgangspunkt:

  1. Ein kan ta betaling for kopiering, utsending eller tilgjengeleggjering av informasjon som krev særskilt kostnadskrevjande tilrettelegging, t.d. bearbeiding eller samanstilling for å dekkje behov hos private eller kommersielle aktørar. Formidlingskostnadene skal utgjere eit øvre pristak.

  2. Ein kan ta betaling for informasjon som vert produsert eller bearbeidd som ledd i vanleg offentleg verksemd utelukkande for å dekkje eit behov hos aktørar utanfor det offentlege. Her bør formidlings- og produksjonskostnadene dekkjast, men det bør ikkje reknast vinst.

  3. I den grad offentlege verksemder vert drivne på forretningsmessig basis, eller heilt eller delvis skal vere sjølvfinansierande, kan ein rekne ei rimeleg avkastning av investeringar, i tråd med EU-direktivet.

eContentplus

Stortinget har bestemt at Noreg skal delta i EU-programmet eContentplus, som har ei samla ramme på over 1 milliard kroner over fire år (2005 – 2008). Programmet er retta mot bruk og vidarebruk av offentleg, digitalt kvalitetsinnhald i ein felleseuropeisk kontekst. eContentplus skal bidra til at meir digitalt innhald blir tilgjengeleg over språk- og kulturgrenser i Europa, til nytte for innbyggjarane og for ein veksande innhalds- og innhaldsforedlingsindustri. Innbyggjarane sine behov er nærmare omtalte i kapittel 4.2.3.3.

Programmet er ope for både private og offentlege deltakarar. Norske søkjarar må inngå i konsortium med europeiske innhaldsaktørar og -miljø. Etter ein anbodskonkurranse har Nærings- og handelsdepartementet tildelt Scandpower Technology Oslo AS (no Teleplan AS) oppdraget som nasjonalt kontaktpunkt. Det nasjonale kontaktpunktet vil bidra til å mobilisere og informere aktuelle norske miljø om moglegheitene i eContentplus, og yte hjelp til norske søkjarar med partnarsøk, rettleiing i søknadsarbeidet og relevant eContentplus-informasjon. Nærings- og handelsdepartementet har òg oppnemnt eit eige fagstyre som vil assistere det Nasjonale Kontaktpunktet (NCP) i arbeidet med å vurdere verkemiddel for å sikre høg norsk deltaking i programmet. I fagstyret deltek bransjeorganisasjonar, sentrale verkemiddelaktørar, aktuelle departement og underliggjande etatar.

6.3.8 Konvergens

Den tekniske utviklinga 17 har ført til at fleire sektorar har fått ein felles basis i digital teknologi. Dette medfører igjen at dei tradisjonelle sektorgrensene blir viska ut og blir mindre tydelege. Internett kan formidlast over TV-nett og telefontenester. Telefontenester kan formidlast over Internett og TV-nett. TV kan formidlast over Internett og telenettet.

Denne samansmeltinga av tele-, data- og mediesektorane blir kalla for «konvergens». Konvergensutviklinga har innverknad på kva tenester som blir tilbydde og korleis marknaden opptrer. Endringane fører til at aktørar tilbyr fleire tenester over same infrastruktur, same tenester over forskjellige infrastrukturar og at mottakarar tek imot fleire tenester på same terminal. Endringsprosessane skjer i heile verdikjeda.

Vi blir stadig stilte overfor nye regulatoriske utfordringar på grunn av den teknologiske utviklinga og utbreiinga av nye tenester. Det blir jamleg prøvd å handtere utfordringane i norsk lovgiving. Det er viktig at styresmaktene til kvar tid bidrar med regulatoriske rammevilkår som legg til rette for vidare utvikling.

Lovverket innanfor dette området følgjer i dag i det vesentlege EUs regulering som Noreg er forplikta til å gjennomføre gjennom EØS-avtalen. I den vidare regelverksutforminga bør reguleringa av sektorane så langt det er tenleg sjåast i samanheng for å sikre at dei ulike regelverka fungerer godt saman og at dei er godt nok rusta for framtidige endringar. Det er særleg viktig at reguleringa samla sett ikkje legg uønskte føringar på kva tenester som vinn fram i marknaden.

Boks 6.14 Sentrale regelverk innanfor IKT-området

Dei sektorar som konvergerer blir regulerte av eit omfattande sett av lovar og forskrifter. I forhold til konvergensproblematikken i dag er det tre regelverk som peiker seg ut som spesielt relevante; ekomloven, kringkastingsloven og ehandelsloven. Regelverka regulerer ulike sektorar og sorterer under ulike fagdepartement, høvesvis SD, KKD og NHD:

Lov om elektronisk kommunikasjon (ekomloven)

Ekomloven tek sikte på å sikre brukarane i heile landet gode, rimelege og framtidsretta elektroniske kommunikasjonstenester. Loven set blant anna krav til leveringsvilkår, kvalitet på tenestene, samvirke av tenester, krav til tryggleik og at tilbydarane ikkje røper noko om brukarane sin kommunikasjon. Loven regulerer også forvaltninga av avgrensa ressursar som frekvensar og nummer. Loven inneheld òg såkalla sektorspesifikke konkurransereglar som skal bidra til å leggje forholda til rette for fleire marknadstilbydarar av ulike nett og tenester.

Lov om kringkasting (kringkastingsloven)

Loven skal fremje fleire føremål. Den skal fremje kulturpolitiske målsetjingar, sikre kontroll med den kringkastingsverksemd som skjer i Noreg og sikre ein god balanse mellom kringkastingsverksemdas kommersielle spelerom og ivaretaking av forbrukaromsyn.

Loven inneheld blant anna føresegner om konsesjonsplikt for kringkastarar og for anlegg for kringkasting og vidaresending av kringkasting, innhaldsregulering som krav til programinnhald og føresegner om reklame og sponsing, føresegner om vidaresending av fjernsynssendingar, særreglar om NRKs verksemd, m.m.

Lov om elektronisk handel og andre informasjonssamfunnstenester (ehandelsloven)

Ehandelsloven, som er ei gjennomføring av eit EU-direktiv, har som føremål å bidra til at det blir sikra fri rørsle for informasjonssamfunnstenester mellom EØS-statane. Loven regulerer bl.a. marknadsføring, sal og avtaleinngåing over Internett og stiller krav til den informasjon som må givast i tilknyting til slik verksemd. Eit sentralt prinsipp i loven er det såkalla etableringslandsprinsippet. Dette betyr at selskap innanfor EØS-området som tilbyr informasjonssamfunnstenester skal følgje den rettslege reguleringa i det landet selskapet er etablert, sjølv om tenesta blir tilbydd i ein annan EØS-stat. Ehandelsloven inneheld også føresegner om ansvarsfridom for tilbydarar av nærmare oppgitte tenester som består i å overføre eller lagre andre sin informasjon på bl.a. Internett.

For å få eit godt fungerande regelverk, bør ein i størst mogleg grad unngå dobbeltregulering og overlapping mellom ulike regelverk.

Sjølv om overlappinga mellom ekomloven, kringkastingsloven og ehandelsloven er avgrensa, er det framleis slik at konvergensutviklinga (og digitaliseringsprosessane) gir rettslige utfordringar.

I mange samanhengar vil marknadsaktørar som tilbyr tenester på forskjellige distribusjonsplattformer vere nøydde til å ta omsyn til fleire forskjellige regelverk. I utgangspunktet er dette ikkje eit rettsleg problem, men det kan medføre praktiske problem å ta omsyn til forskjellige regelverk for distribusjon av likt innhald. Spesielt for mindre aktørar kan det vere vanskeleg å ha oversikt over reguleringa. I tillegg kan det vere vanskeleg å forstå kvifor tenester som verkar meir eller mindre identiske blir regulerte av forskjellige regelverk 18. I nokre situasjonar kan til og med rettslege skilnader leggje føringar på kva tenester som vinn fram i marknaden.

Eit eksempel er kringkastingsregelverket som stiller krav om formidlingsplikt, dvs. ei plikt for distributør til å formidle nærmare definerte allmennkringkastarar i sitt nett. Føremålet med føresegna er å sikre allmennkringkastarar tilgang til nett med avgrensa kapasitet, og å sikre sjåarane tilgang til innhald som blir rekna for å vere av samfunnsmessig betydning. Sjølv om lovheimelen er teknologinøytral gjeld sjølve formidlingsplikta – som i dag omfattar NRK, TV 2 og allment lokalfjernsyn – berre for kabelnett, men ikkje for sendingar på andre distribusjonsplattformer. Regjeringa har i konsesjonen for etablering og drift av digitalt bakkenett signalisert at det vil bli vedteke formidlingspliktføresegner også for bakkenettet, og det er naturleg å vurdere om også andre distribusjonsplattformer skal omfattast av formidlingsplikta.

I EU går det føre seg eit omfattande reguleringsarbeid innanfor IKT-området. EU- kommisjonen arbeider bl.a. med eit forslag til eit nytt TV-direktiv der verkeområdet blir utvida til å omfatte alle audiovisuelle medietenester uavhengig av korleis og på kva plattformer dei blir distribuerte. Dette inneber at også såkalla ikkje-lineære tenester 19, som òg er regulerte i ehandelsloven, vil vere omfatta. Dersom forslaget blir vedteke, må ein for slike tenester dermed ta omsyn til to forskjellige regelverk som til dels overlappar kvarandre. Blant anna ut frå omsynet til å leggje til rette for ei god utvikling også i framtida, er det viktig at reguleringa innanfor IKT-sektoren regulerer likearta tenester likt, uavhengig av teknologisk plattform og uavhengig av bruk av nettverk. I dag har vi eksempel på ulik regulering av likt innhald som blir formidla til forskjellige teknologiske plattformer/mottakarar. Det er derfor viktig å leggje til rette for betre samordning av regulering som unødig forskjellsbehandlar likarta tenester, og sikre at det ikkje blir skipa nye hindringar ved innføring av nytt regelverk.

Nærings- og handelsdepartementet vil saman med Kultur- og kyrkjedepartementet, Samferdselsdepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet etablere ei interdepartemental konvergensgruppe. Hovudføremålet til gruppa skal vere å fremje konvergensutviklinga. Etableringa av arbeidsgruppa inneber inga endring av kompetansefordelinga mellom departementa. I samband med opprettinga av den interdepartementale konvergensgruppa vil det samtidig bli nedsett eit kontaktutval (referansegruppe) for IKT-sektorane, sett saman av medlemmene av den interdepartementale konvergensgruppa pluss representantar frå marknadsaktørar.

6.4 Regjeringas tiltak

Ein god del av regjeringas tiltak for næringslivet er generelle og ikkje IKT-spesifikke, men fleire av ordningane er spesielt viktige for IKT-næringa og for effektiv bruk av IKT i næringslivet. Som omtalt tidlegare i meldinga ser regjeringa behov for å styrkje næringslivets kompetanse, bidra til å leggje til rette for berekraftig lokalt næringsliv, styrkje næringslivets innovasjonsevne, leggje til rette for effektiv vidarebruk av offentlege data og sjå nærare på regulatoriske utfordringar som den teknologiske utviklinga og utbreiinga av nye tenester fører med seg. Regjeringas tiltak på desse områda er desse:

  • Tiltak 6.1: Styrkje løyvinga til Program for basiskompetanse i arbeidslivet

    Regjeringa ønskjer å styrkje løyvinga til Program for basiskompetanse og har foreslått å løyve 35,4 millionar kroner til programmet over 2007-budsjettet. Løyvinga for 2006 var på 25 millionar kroner.

  • Tiltak 6.2: Styrkje satsinga for å tiltrekkje utanlandsk faglært arbeidskraft til norske bedrifter.

    Regjeringa har i budsjettet for 2007 føreslått å løyve 2,5 millionar kroner til styrking av kapasiteten i Utlendingsdirektoratet (UDI) til behandling av søknader frå faglært arbeidskraft. I budsjettet er det vidare føreslått at Arbeids- og velferdsetaten blir tildelt 7,5 millionar kroner til arbeidet med å styrkje støtta til arbeidsgivarar som ønskjer å rekruttere utanlandsk arbeidskraft gjennom EURES (det europeiske formidlingsarbeidet)

  • Tiltak 6.3 Berekraftige lokalsamfunn

    Regjeringa ønskjer å leggje til rette for eit lønnsamt og konkurransedyktig næringsliv i alle delar av landet. Dette skal skje gjennom bruk av verkemiddelapparata Innovasjon Noreg og SIVA.

  • Tiltak 6.4 Innovasjon i eksisterande næringsliv

    Regjeringa ønskjer å stimulere til innovasjon i eksisterande næringsliv gjennom å yte støtte til industrielle forskings- og utviklingskontraktar.

  • Tiltak 6.5 Leggje til rette for nytt kunnskapsintensivt næringsliv

    For å leggje til rette for nytt kunnskapsintensivt næringsliv vil regjeringa styrkje løyvinga til etablerarstipend og inkubatorstipend.

  • Tiltak 6.6 Vidarebruk av offentleg informasjon

    Regjeringa vil føre ein heilskapleg politikk som sikrar effektiv vidarebruk av offentleg informasjon for auka verdiskaping og utvikling av nye tenester.

    For å leggje til rette for vidarebruk av offentlig informasjon, skal hovudregelen om at innsyn skal vere gratis oppretthaldast, og betaling skal berre takast i særlege tilhøve og då med eit kostnadsbasert prinsipp som hovudregel.

Fotnotar

1.

I SSBs definisjon av IKT-næringa inngår: IKT-industri, IKT-varehandel, telekommunikasjon og IKT-konsulentverksemd. Dette er ein internasjonalt akseptert definisjon.

2.

Med unntak av offentleg forvaltning.

3.

Fastnettsaksess, dvs. trådlause teknologiar, som radio og mobil er ikkje medrekna.

4.

ADSL (Asymmetric Digital Subscriber Line) – breibandsoverføring på eksisterande telefonlinje.

5.

SSB, Økonomisk utsyn 2006.

6.

Arbeidslivet som kompetansearena er også omtalt i kapittel 4.2.

7.

Vox (2006), Voksnes læring 2006 - tilstand, utfordringer, anbefalinger.

8.

Rikstrygdeverket, Senter for hjelpemiddel NONITE: Arbeidstakere og arbeidssøkere med lese-/skrivevansker 2002-2004.

9.

OECD (2006): Online Payment Systems for e-Commerce.

10.

Forskningsrådet: Forskning for innovasjon og verdiskaping, innspill til St meld. nr. 20 (2004-05) – Vilje til forskning.

11.

Et forspring i vidensamfundet. Nye perspektiver på intellektuell ejendomsret i dansk erhvervsliv. Den danske Patent- og Varemærkestyrelsen, 2005.

12.

§ 8, 1. ledd i Lov av 19. mai 2006 nr. 16 om rett til innsyn i offentleg verksemd (Offentlegloven), som venteleg vil tre i kraft 01.01.2008.

13.

Det vil seie dokument som gjeld offentleg myndigheitsutøving.

14.

§ 8, 2. ledd i ny offentleglov.

15.

§ 8, 3. ledd.

16.

Prinsippa utmeislar dei meir generelle føringane som allereie er gitte i Ot.prp. nr. 102 (2004-2005) om ny offentleglov.

17.

Konvergens er også omtala i kapittel 2.5.3

18.

Jf. VOD (Video on Demand) som er regulert av ehandelsloven og NVOD (Near Video on Demand) av kringkastingsloven, men at dette til dels bli ivareteke i.s.m. det nye TV-direktivet.

19.

Ikke-lineære tenester er tenester der brukeren bestemmer tidspunkt for når et program sendes basert på innholdstilbud fra tenesteyteren, til dømes video-på-bestilling.

Til toppen
Til forsida av dokumentet