St.meld. nr. 19 (2007-2008)

Kredittmeldinga 2007

Til innhaldsliste

1 Innleiing

1.1 Oversikt over meldinga

Finansdepartementet legg med dette fram Kredittmeldinga 2007.

I kapittel 2 blir det gitt generell informasjon om finansinstitusjonane og utviklinga i finansmarknaden. Det blir også gitt ein omtale av den finansielle stabiliteten. Kapittel 3 handlar om konkurransen i bankmarknaden mens kapittel 4 handlar om hovudtrekka i regelverksutviklinga og dei viktigaste løyvesakene som departementet og Kredittilsynet behandla på finansmarknadsområdet i 2007. Kapittel 5 omtalar verksemda til Noregs Bank i 2007, og inneheld mellom anna ei vurdering av utøvinga av pengepolitikken. Omtalen av verksemda til Noregs Bank er pålagd ved lov, jf. sentralbanklova § 30. Kapittel 6 inneheld ein omtale av verksemda til Kredittilsynet i 2007. Omtalen i kapittel 5 og 6 byggjer i stor grad på årsmeldingane frå institusjonane. Kapittel 7 omtalar verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF). Årsmeldingane frå Noregs Bank og Kredittilsynet for 2007 følgjer som utrykte vedlegg til meldinga.

Til forsida