St.meld. nr. 20 (2001-2002)

Om Noregs deltaking i den 56. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 55. generalforsamling

Til innhaldsliste

1 Samandrag

1.1 Hovudtrekk og aktørar - ei samla vurdering

Terroriståtaket på USA 11. september prega gjennomføringa av den 56. generalforsamlinga sterkt. Opninga vart utsett ein dag, og det var tidleg klart at ein generaldebatt til vanleg og fastsett tid ikkje kunne gjennomførast av praktiske og tryggingsmessige grunnar. Dette medførte at andre ting i møteprogrammet òg vart utsette, ikkje minst i arbeidet til komiteane, noko som gjorde sitt til at ein del av arbeidet under Generalforsamlinga miste fokus og framdrift. Kampen mot internasjonal terrorisme vart det mest omtala temaet og den viktigaste saka under Generalforsamlinga. Utanriksminister Jan Petersen sa under hovudinnlegget i generaldebatten 11. november at terroriståtaket ikkje berre var retta mot uskuldige menneske, men òg mot dei verdiane FN byggjer på. Han la vekt på den internasjonale solidariteten i kampen mot terrorisme og at terrorisme må nedkjempast med alle tilgjengelege middel, m.a. politiske, diplomatiske, rettslege, finansielle og militære. Han forsikra vidare at Noreg vil delta i denne kampen. Han understreka at dei militære aksjonane ikkje var retta mot eit land og folket i Afghanistan, men mot eit regime og ein terroristorganisasjon som misbrukar religion for å fremje sine eigne vondsinna målsetjingar. Utanriksministeren meinte at Afghanistan måtte atterreisast, og at FN må få ei leiande rolle i dette arbeidet. Han peikte på at FN er verdssamfunnet sin beste reiskap for å løyse konfliktar, og meinte at kampen mot internasjonal terrorisme ikkje må få skuve til side andre globale utfordringar eller endre dei ambisiøse målsetjingane frå tusenårsforsamlinga året før. Dei politiske leiarane i verda må vise fastleik og samhald både i kampen mot internasjonal terrorisme, fattigdom og smittsame sjukdomar og i kampen for menneskerettar og grunnverdiane som rettsstaten byggjer på.

Generalforsamlinga vedtok på opninga 12. september ein resolusjon mot internasjonal terrorisme. Vedtaket støtta opp om tryggingsrådsresolusjonen som vart vedteken same dag (1386), som fastslår retten til sjølvforsvar. Det vart vidare raskt semje om å la handsaminga av dagsordenspunktet om «Tiltak for å eliminere internasjonal terrorisme» gå direkte i plenum. Plenumsdebatten strekte seg over heile veka frå 1. til 5. oktober. I alt 167 medlemsland heldt innlegg. Ein så lang debatt om eitt dagsordenspunkt har ein aldri hatt i Generalforsamlinga si historie. Debatten var prega av svært stor grad av semje. Alle land, med unntak av Irak, kom med ei klar og sterk fordømming av terroriståtaket på USA. Hovudbodskapen frå Generalforsamlinga var at internasjonal terrorisme mest effektivt kan nedkjempast gjennom internasjonalt samarbeid. Tryggingsrådet vart av dei aller fleste talarane rosa for å ha teke raske og resolutte avgjerder. Resolusjon 1373 (vedteken 28. september) vart gjennomgåande omtala svært positivt, og det vart uttrykt støtte til dei bindande tiltaka som dei einskilde medlemslanda har vorte pålagde i kampen mot internasjonal terrorisme.

Men debatten om terrorisme viste òg at det er klare motsetningar mellom ei lita gruppe islamske land og fleirtalet i forsamlinga i synet på dei grunnleggjande føresetnadene for ei heilskapleg juridisk ramme mot internasjonal terrorisme. Desse motsetningane vart av naturlege grunnar noko nedtona i ein generalforsamlingsdebatt med eit slikt dramatisk bakteppe som hendingane 11. september. I den vidare oppfølginga i 6. komité si arbeidsgruppe for FNs allmenne konvensjon mot terrorisme kom likevel gamle motsetningar klart fram i dagen. Drøftingane køyrde seg som tidlegare fast på sentrale punkt, til dømes definisjonen av terrorisme og avgrensinga av verkeområdet til konvensjonen. I desse drøftingane stod den islamske gruppa fast på at konvensjonen må gjere unntak for legitim fridomskamp mot framand okkupasjon. Som bakteppe for desse haldningane ligg Midtausten-konflikten og dessutan spørsmålet om «statsterrorisme», eit omgrep som i denne samanhengen er mynta særleg på Israel. Drøftingane i arbeidsgruppa illustrerte enno ein gong at det kan vere monaleg avstand mellom utsegner i plenumsdebattar og det praktiske arbeidet i komitear og arbeidsgrupper.

Den 56. generalforsamlinga var i ein viss mon prega av denne dualismen. Dei store orda i generaldebatten stod i motsetning til måtehald i det praktiske arbeidet. Gjennomgåande var denne tendensen sterkare dette året enn på lenge. Samtidig var det ein meir lågmælt tone i diskusjonane, og land og grupper vakta seg for å setje motsetningar på spissen. Dette inntrykket vart forsterka gjennom at ein i røynda hadde tre fulle terrorismedebattar i FN i løpet av hausten: sjølve terrorismedebatten i byrjinga av oktober, generaldebatten 10.-16. november og debatten om dagsordenspunktet «Oppfølging av Tusenårserklæringa» rett etter sjølve generaldebatten, der òg kampen mot internasjonal terrorisme fekk ein sentral plass. Elles vart det knapt halde eit innlegg i plenum eller i komiteane der 11. september ikkje vart nemnd. Samtidig var det klart for alle at denne hausten var det arbeidet i Tryggingsrådet som gav konkrete og handfaste tiltak mot internasjonal terrorisme. Det langsiktige arbeidet i 6. komité og i arbeidsgruppa for ein heilskapleg konvensjon mot internasjonal terrorisme gav ikkje dei resultata ein ønskte.

Dei underliggjande årsakene til terrorisme fekk liten plass i dei samla diskusjonane og rådslåingane i FN-systemet i løpet av hausten. Dette hadde m.a. samanheng med at situasjonen kravde at FN og Tryggingsrådet raskt sette i verk tiltak mot dei ansvarlege. Dette var òg ei klar forventning frå amerikansk side. USA la frå første stund stor vekt på at FN måtte ha ein sentral plass i koalisjonsbygginga retta mot terrorisme. Fleire kom likevel indirekte inn på behovet for å gjere noko med tilhøve som kan gje grobotn for terrorisme.

President Bush la i innlegget sitt i generaldebatten monaleg vekt på samarbeidet i FN og understreka at kampen for fred og velstand i alle land må halde fram, m.a. gjennom støtte til utvikling og auka handel, utdanning og nedkjemping av AIDS og andre sjukdomar. Med omsyn til konflikten i Midtausten gav han m.a. uttrykk for at USA ser fram til den dagen då to statar, Israel og Palestina, lever fredeleg saman innanfor godkjende og sikre grenser, i tråd med Tryggingsrådet sine resolusjonar. Han lova vidare at USA ville delta i atterreisinga av Afghanistan i samarbeid med FN og utviklingsbankane.

Generalsekretær Kofi Annan la i innlegget sitt i generaldebatten vekt på at det rettmessige fokuset på terrornedkjemping ikkje må føre til at ein nedprioriterer andre hovudutfordringar for det internasjonale samfunnet, til dømes kampen mot fattigdom, verning av miljøet, kampen mot sjukdomar, førebygging av væpna konfliktar og forsvar av menneskerettane.

Den sentrale rolla FN og Generalsekretæren har i handteringa av kampen mot terrorisme og utviklinga i Afghanistan, er eit uttrykk for FNs relevans i høve til kompliserte internasjonale utfordringar og samansette konfliktar. Saman med tildelinga av Nobels fredspris medverka dette til å styrkje Generalsekretæren og FN sin autoritet i ei tid med presserande utfordringar.

Utviklinga i Midtausten gjorde at det heller ikkje denne gongen var aktuelt å fremje den såkalla positive resolusjonen. Både handsaminga av konflikten i Tryggingsrådet, der USA la ned veto to gonger, og spesialsesjonen i Generalforsamlinga i slutten av desember, viste på ny at medlemslanda i FN er sterkt splitta i denne saka.

Arbeidet i komiteane gjekk dette året stort sett gått bra sjølv om ein ikkje kan peike på dei store resultata. Ein hadde ikkje saker som verka direkte splittande slik som saka om æresdrap gjorde året før. I 2. komité var det eit svært godt samarbeid mellom alle grupper når det gjaldt treårsgjennomgangen av FNs operasjonelle aktivitetar. Dette er ei svært positiv og gledeleg utvikling, sedd i lys av den striden og dei vanskane ein hadde tre år tidlegare. Framleis er det ei gruppe land i G-77 som ønskjer å avgrense det sivile samfunnet og dei frivillige organisasjonane si deltaking i FN-systemet, men slike motsetningar òg var dempa ned under denne Generalforsamlinga. Ein tendens denne gongen var at amerikanske særstandpunkt i nokon mon har blokkert semje. Denne tendensen var svak under den første perioden av Generalforsamlinga, men forsterka seg mot avslutninga av arbeidet i komiteane. Eit døme på dette er at USA i 1. komité røysta imot alle resolusjonar med tilvising til prøvestansavtalen (CTBT). USA røysta òg imot alle resolusjonar med tilvising til den internasjonale straffedomstolen (ICC), både i komiteane og i plenum. Likevel viste ein frå amerikansk side større varsemd i 3. komité og var mindre skarp enn tidlegare under handsaminga av landresolusjonane.

Reformarbeidet har stort sett stått i stampe. Oppfølginga av Tusenårserklæringa har ikkje kome ordentleg i gang, av fleire grunnar. Kampen mot internasjonal terrorisme har i nokon mon overskygd dette arbeidet òg. Dessutan er oppfølginga avhengig av framdrift i prosessar som ligg utanfor Generalforsamlinga. Særleg viktig her er Konferansen for finansiering av utvikling i mars 2002 og Verdstoppmøtet for berekraftig utvikling i august/september 2002.

Resolusjonen om andre fase av gjennomføringa av Brahimi-rapporten representerer eit ytterlegare steg når det gjeld å forbetre FNs evne til å planleggje og gjennomføre fredstryggjande operasjonar. Sjølv om Generalsekretæren fekk godkjent berre 122 av dei 216 nye stillingane til sekretariatet som han hadde gjort framlegg om, innebar dette likevel eit monaleg og gledeleg lyft. Dei nye stillingane kjem i tillegg til dei 93 stillingane som vart oppretta i 2000 då Generalforsamlinga tok stilling til gjennomføring av første fase av rapporten.

FNs økonomiske situasjon ved utgangen av 2000 viste for tredje året på rad ei forsiktig positiv utvikling. For første gong vart det presentert eit framlegg til eit toårsbudsjett utarbeidd på grunnlag av eit resultatbasert format. Etter forhandlingar som strekte seg over tre månader, vedtok Generalforsamlinga FNs regulære budsjett for 2002-2003 på 2,63 mrd. amerikanske dollar (USD). Dette var ein auke på USD 92 mill. i høve til budsjettet for 2000-2001, men innebar ei nedskjering på USD 75 mill. i høve til Generalsekretæren sitt opphavlege framlegg. Det var særleg EU, Canada, Australia og USA som gjekk inn for nedskjering, og dei grunngav det med at det trongst meir effektivisering og innsparingar. Innsparingane vart særleg gjorde på informasjonssektoren og på reisebudsjettet til dei FN-tilsette og ved at framlegget frå Generalsekretæren til fleire oppgraderingar av toppstillingar i FN ikkje fekk gjennomslag. Heller ikkje under den 56. generalforsamlinga førte arbeidet med reform av Tryggingsrådet til noko resultat.Det peikte ikkje seg ut nokon reformformel med sjanse til å få stort nok fleirtal i Generalforsamlinga.

Drøftinga i Generalforsamlinga av spørsmål knytte til hav og havrett var også under denne Generalforsamlinga ein viktig arena for å profilere Noreg som ressursnasjon med viktige interesser på det marine området. Det vart forhandla om to resolusjonar, nærare bestemt den allmenne havrettsresolusjonen (omnibusresolusjonen) og resolusjonen om FN-avtalen om fiske på ope hav. Forhandlingane om resolusjonen var til dels vanskelege. Dette gjaldtsærleg spørsmål om oppretting av og arbeidet til regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar. Ein fekk på ein tilfredsstillande måte løyst alle dei spørsmåla som frå eit norsk synspunkt vart sett på som problematiske. Den endelege resolusjonsteksta må ein kunne seie er både god og balansert.

Noreg heldt også denne gongen ein høg profil under Generalforsamlinga. Det var ein fordel for delegasjonen at ein gjennom medlemskapen i Tryggingsrådet kunne sjå sakene i ein større samanheng, ikkje minst samanhengen mellom handsaminga av viktige spørsmål i Tryggingsrådet og FNs andre organ, slik at ein kunne utnytte dei synergieffektane som ligg i dette. Dette var nyttig under handsaminga av humanitære saker i Rådet og ikkje minst når det gjaldt tiltak for stabilisering og atterreising i Afghanistan.

1.2 Dei sentrale aktørane

Under den 56. generalforsamlinga stod Noreg på lina med å halde eigne innlegg, men slutta seg òg til EU-innlegg i ei rekkje tilfelle. Som i tidlegare år søkte Noreg også å medverke til kompromiss og å utnytte dei tradisjonelt gode kontaktane til ei rekkje viktige utviklingsland for å minske motsetningane mellom industri- og utviklingsland. Denne gongen hadde ein likevel færre opne konfliktar både i Generalforsamlinga og i komiteane. Det vart halde svært få nordiske innlegg under Generalforsamlinga fordi dei nordiske EU-medlemmene i dei fleste sakene var bundne av felles EU-innlegg. Det gode nordiske samarbeidet vart likevel vidareført under Generalforsamlinga i form av tette samråd frå sak til sak. Noreg hadde òg nær kontakt med andre land, særleg innan JUZCANZ-gruppa, som er samansett av OECD-land utanfor EU og fungerer som eit uformelt forum for utveksling av opplysningar og synspunkt. Noreg hadde såleis òg nær kontakt med andre leiande industriland som Japan, USA og Canada frå sak til sak.

EU står no fram som ei sentral forhandlingsgruppe i FN-systemet og opptrer med omsamde forhandlingsposisjonar og talar med ei røyst. Dette gjev EU ein framståande posisjon og forhandlingskraft i organisasjonen. Denne rolla vert styrkt ytterlegare ved at dei assosierte landa i Sentral- og Aust-Europa samla følgjer EU i dei fleste spørsmåla. EU sine standpunkt og haldningar ligg som regel nær dei norske. I Tryggingsrådet er det derimot ikkje tilsvarande samordning. Her ser ein ofte at dei EU-landa som er faste Tryggingsrådsmedlemmer, ikkje ønskjer felles EU-posisjonar.

Det var knytt monaleg spenning og interesse til USAs haldning til multilateralt samarbeid før Generalforsamlinga. I løpet av våren hadde ein sett klare teikn til svekka interesse i Washington for bindande multilateralt samarbeid og teikn på at den nye administrasjonen ville fjerne seg monaleg frå Clinton-administrasjonens meir positive haldning til samarbeidet i FN. Men USA var svært aktiv under Generalforsamlinga, først og fremst for også multilateralt å byggje ein koalisjon mot internasjonal terrorisme. Det er såleis von om at Bush-administrasjonen vil leggje større vekt på FN-samarbeidet i amerikansk utanrikspolitikk enn mange observatørar hadde trudd før Generalforsamlinga. Grunnlaget for ei betre forståing mellom FN og det politiske miljøet i Washington no er til stades, både på grunn av budsjettkompromisset året før og den solide støtta USA har fått i kampen mot internasjonal terrorisme i Tryggingsrådet og i Generalforsamlinga.

Dei faste medlemmene av Tryggingsrådet, USA, Storbritannia, Frankrike, Russland og Kina, spelar i kraft av posisjonen sin der alltid ei viktig rolle i dei andre organa i FN. Kina har ein sentral posisjon mellom utviklingslanda og opererer både innanfor og utanfor G-77. Russland legg mykje prestisje og ressursar i Tryggingsrådsarbeidet og søkjer aktivt å gjere innverknaden sin gjeldande i dei andre organa. Landet viser stor aktivitet under Generalforsamlinga, særleg når det gjeld sosiale og økonomiske spørsmål, og har ofte standpunkt som ligg nær opptil G-77 i ei rekkje spørsmål. Russland betalte året før inn den siste delen av den uteståande gjelda si til FN, USD 39,9 mill., i ein forsert nedbetalingsplan. Då medverka Russland på ein vesentleg måte i budsjettkompromisset om nye bidragsskalaer ved å ta på seg ein høgare bidragsprosent. Dette viser tydeleg at Russland no medvite underbyggjer og styrkjer posisjonen sin i verdsorganisasjonen.

G-77 heldt under Generalforsamlinga fram lina frå året før med større grad av forhandlings- og kompromissvilje. Den felles kampen mot internasjonal terrorisme har medverka til dette. Ein unngjekk i stor grad konfrontasjonar og fastlåste forhandlingssituasjonar. Det er òg ei interessant utvikling på gang innan G-77, der regionale og andre interessegrupper (likesinna land) i gruppa i større grad opptrer friare i høve til det gamle kravet om berre ei G-77-røyst i forhandlingane. Denne tendensen var meir framtredande det siste året og meir tydeleggjort på grunn av eit dyktig og i denne samanhengen eit liberalt iransk formannskap i G-77. Sikkert er det at debattane vert meir nyanserte og gjevande under slike forhold. Det vert òg vanskelegare for meir restriktive land å blokkere eller dominere ein saksgang. Enno fører ei gruppe land ein svært restriktiv politikk på viktige område, til dømes i spørsmålet om suverenitet og suverene rettar som avgrensing av verkeområdet til FN-pakta og i spørsmålet om det sivile samfunnet og dei frivillige organisasjonane si deltaking i FN-systemet.

1.3 Reform av Tryggingsrådet

Debatten under den 56. generalforsamlinga gav ingen vesentleg framgang i spørsmålet om utviding av Tryggingsrådet. Likevel kunne ein notere framsteg i arbeidsmetodane som Rådet nyttar. Stadig fleire møte vert no haldne i open sesjon. Land som ikkje er medlemmer, får dermed i aukande grad innsyn og kan delta i Rådet sitt arbeid. Det avteikna seg vidare ein klar tendens i retning av at Rådet opnar for diskusjonar om særlege emne, også tema som tradisjonelt ikkje har vore på Rådet sin dagsorden, i skjeringspunktet mellom konflikthandtering, humanitære spørsmål og utvikling.

1.4 Nedrusting og internasjonal tryggleik

Arbeidet i 1. komité og røystinga følgde tradisjonelle liner. Terroråtaka 11. september sette monaleg preg på sesjonen. Komitéformannen la fram ein resolusjon om nedrusting og global nedkjemping av terrorisme, som vart vedteken med konsensus. Fråveret av ein Ny Agenda-resolusjon gjorde sitt til at det vart mindre debatt om kjernevåpen enn på sesjonane i 1. komité dei tre tidlegare åra. Russland la fram ABM-resolusjonen sin denne gongen òg. USA uttrykte eit visst vonbrot over dette, med tanke på den bilaterale dialogen som går føre seg om å fastsetje ei ny strategisk ramme. Som tidlegare og til liks med andre allierte lét Noreg vere å røyste på resolusjonen. USA røysta denne gongen mot Japans resolusjon om kjernefysisk nedrusting og mot eit prosedyrevedtak om å føre opp CTBT på dagsordenen for neste Generalforsamling. Til liks med EU og Canada heldt Noreg ei røysteforklaring i samband med handsaminga av prosedyrevedtaket om CTBT, der verdien av Prøvestansavtalen vart understreka. Resolusjonen om Minekonvensjonen, som Noreg la fram saman med Nicaragua og Belgia, samla denne gongen endå fleire medframleggsstillarar enn sist, m.a. frå nokre land som enno ikkje hadde tiltredd konvensjonen. Ingen land røysta mot. I debatten om dei to handvåpenresolusjonane vart det uttrykt monaleg støtte til handlingsprogrammet frå FN-konferansen om sommaren. Resolusjonane vart vedtekne utan votering.

1.5 Regionale konfliktar

1.5.1 Midtausten

Handsaminga av Midtausten-spørsmålet var prega av det høge spenningsnivået i regionen, og konflikten mellom israelarar og palestinarar medførte harde og uforsonlege utspel i Generalforsamlinga. Noreg opprettheldt røystemønsteret sitt frå året før, bortsett frå i tilfellet med resolusjonen om ei fredeleg løysing på Palestina-spørsmålet, der Noreg valde å la vere å røyste ettersom resolusjonen ikkje i tilstrekkeleg grad tok omsyn til ønsket om å verne både israelske og palestinske sivile mot valdelege aksjonar. På bakgrunn av den negative utviklinga i fredsprosessen var det heller ikkje denne gongen mogeleg for Noreg, Russland og USA å leggje fram den såkalla «positive resolusjonen». På bakgrunn av den spente situasjonen i regionen og at Tryggingsrådet nokre dagar tidlegare ikkje hadde lukkast i å vedta ein resolusjon om situasjonen i Midtausten, vart det innkalla til spesialsesjon i Generalforsamlinga. I spesialsesjonen røysta Noreg for resolusjonen om den 4. Genève-konvensjonen og lét vere å røyste på resolusjonen som det vart røysta over i Tryggingsrådet nokre dagar tidlegare.

1.5.2 Afrika

Utanom handsaminga i Generalforsamlinga sitt plenum av dagsordenspunktet om fremjing av varig fred og berekraftig utvikling i Afrika og samarbeidet mellom FN og OAU, har det knytt seg særleg interesse til handsaminga av spørsmålet om kva rolle diamantar spelar i konfliktar. I 2000 var Noreg medframleggsstillar på konsensusresolusjonen som legg opp til at det vert etablert eit globalt sertifiseringssystem for diamantar. Vona er at eit slikt registreringssystem skal medverke til å auke stabiliteten i Afrika ved å gjere det vanskelegare å finansiere væpna konfliktar med sal av diamantar. I løpet av 2001 vart det gjort viktig framgang i dette arbeidet innanfor den såkalla Kimberly-prosessen, og ein reknar med at saka vert handsama vidare i Generalforsamlinga i 2002.

Koplinga mellom ulovleg diamanthandel og væpna konfliktar har òg stått på dagsordenen til Tryggingsrådet i samanheng med konfliktane i Den demokratiske republikken Kongo, Angola og Sierra Leone. Sanksjonsregima knytte til diamantar i Angola, Sierra Leone og Liberia vart studerte av ekspertgrupper i 2001. Ein allmenn konklusjon er at sanksjonane nok verkar, men at dei òg vert brotne i eit slikt omfang at det er rom for store forbetringar.

Tryggingsrådet brukar mykje tid på spørsmål knytte til Afrika. I 2001 gjekk det med særleg mykje tid til å handtere konfliktane og FN-operasjonane i Den demokratiske republikken Kongo og Sierra Leone, samt Etiopia-Eritrea. Sjå elles under punkt 3.3.1 der det er gjeve ei breiare framstilling av Rådet si handsaming av spørsmål knytte til Den demokratiske republikken Kongo, Burundi, Den sentralafrikanske republikken, Angola, Sierra Leone, Etiopia/Eritrea (under norsk leiing), Somalia (under norsk leiing), Vest-Sahara og Libya.

1.5.3 Europa

Med demokratiske regime i Jugoslavia (FRJ) og Kroatia var det i 2001 ei positiv utvikling i konfliktar på Balkan, der FN har fredstryggjande operasjonar. Dette gjeld både i Kosovo, der FN gjennom den svært omfattande operasjonen UNMIK er mellombels administrator og ansvarleg for overgangen til sjølvstyre for provinsen etter Tryggingsrådets resolusjon 1244, og i Bosnia-Hercegovina, der UNMIBH held fram det viktige arbeidet for mellom anna politireform og flyktningretur. FNs mangeårige operasjonar i Kypros (UNFICYP) og Georgia (UNOMIG) spelar enno viktige stabiliserande roller i sine respektive konfliktområde, i påvente av at partane, med hjelp frå FNs generalsekretær og representantane hans, skal kunne kome fram til varige fredsløysingar.

1.5.4 Asia

Situasjonen i Afghanistan vart, saman med kampen mot terrorisme, ei hovudsak for FN under den 56. generalforsamlinga. Generalforsamlinga vedtok ein resolusjon som, i motsetning til tidlegare år, kunne fokusere på den positive utviklinga i samband med at det repressive og kvinnefiendtlege Taliban-regimet vart fjerna fordi det støtta Usama bin Laden og al-Qaida-nettverket hans, som stod bak terroraksjonane i USA 11. september. Generalsekretæren sin spesialrepresentant Lakhdar Brahimi leidde forhandlingane som i desember 2001 førte fram til Bonn-avtalen om å setje inn eit representativt interimsstyre etter Talibans fall, og gjev FN ei heilt sentral rolle i oppfølginga, i form av ein FN-operasjon som skal støtte interimsregjeringa i arbeidet med å stabilisere og rehabilitere Afghanistan. Noreg spelar ei viktig rolle som medlem av Tryggingsrådet, som formann i støttegruppa for Afghanistan (ASG), som troppebidragsytar til dei multinasjonale operasjonane for å medverke til tryggleik i Afghanistan og som monaleg bidragsytar til humanitær innsats og anna hjelp, som må ventast å halde fram i overskodeleg framtid.

Det vart teke viktige steg mot fullt sjølvstende for Aust-Timor i 2001, mellom anna ved val på ei grunnlovgjevande forsamling og innsetjing av ei fullstendig austtimoresisk overgangsregjering. Den 20. mai 2002 vil Aust-Timor verte erklært sjølvstendig.

Sjå elles under punkt 3.3.6, der det vert gjeve ein brei omtale av FNs omgang med konfliktane i Afghanistan, Kaukasus-området og Sentral-Asia.

1.6 Fredstryggjande operasjonar

Talet på militært personell knytt til FNs fredstryggjande operasjonar var midt på 90-talet oppe i ca. 80 000. Per 31. desember 2001 var talet ca. 37 000, ein auke på ca. 7000 frå 2000. Sivilt politi talde på same tidspunkt ca. 7 600, ein nedgang på ca. 200 frå 2000.

Noreg deltok per 31. desember 2001 i ni av FNs 15 fredstryggjande operasjonar med 30 militære offiserar i fem operasjonar og med 48 polititenestemenn i fem operasjonar. Dette er ein nedgang på fem personar frå 2000. I tillegg deltok Noreg per 31. desember 2001 med om lag 1 200 soldatar i dei FN-autoriserte, men NATO-leidde, fredsoperasjonane på Balkan. Dei samla utgiftene til FNs fredstryggjande operasjonar er for 2001 kostnadsrekna til ca. USD 2,7 mrd., ein auke på ca. USD 700 millionar frå 2000.

Oppfølginga av tilrådingane i den såkalla Brahimi-rapporten prega mykje av arbeidet omkring fredstryggjande operasjonar i Generalforsamlinga i 2001. Ei ytterlegare styrking i form av nye stillingar til sekretariatet si avdeling for fredstryggjande operasjonar vart vedteken. Det var òg semje om å særleg styrkje funksjonar som leiing, strategisk planlegging samt informasjonsinnhenting og analyse. Andre problemstillingar som stod høgt på dagsordenen, og der det òg vart gjort viktige framsteg, er samarbeidet mellom Tryggingsrådet og dei troppebidragsytande landa, samt arbeidet med å etablere mekanismar for å redusere deployeringstida for fredstryggjande operasjonar.

1.7 Økonomiske og sosiale saker

Sesjonen i 2. komité følgde denne gongen eit noko uvanleg mønster. Dette skuldast delvis omleggingar i arbeidsprogrammet som følgje av terroråtaka på USA, men òg at det var semje om å ikkje substanshandsame dagsordenspunkta om økonomiske spørsmål (globalisering, handel og utvikling, gjeldslette, internasjonal finansiell arkitektur) i lys av at desse temaa vert handsama i prosessen med å førebu FN-konferansen om finansiering av utvikling (FFD) i Mexico i mars 2002. På utviklingssida vart fokus retta mot treårsgjennomgangen av FNs operasjonelle aktivitetar, oppfølging av Konferansen om dei minst utvikla landa (MUL) i Brussel i mai 2001, samt resolusjonen om fattigdomsnedkjemping.

Generalforsamlinga vedtok ein omfattande resolusjon om FNs hjelpeverksemd. Hovudfokuset for FN på dette området skal vere å kjempe mot fattigdom og å oppnå måla frå FNs tusenårserklæring og dei store FN-konferansane. Det vert lagt vekt på å konsolidere og vidareutvikle FNs samordningsmekanismar på landnivå grunna på sterkare mottakarstyring, og integrering i mottakarlandet sine strategiar, m.a. for fattigdomsnedkjemping. FN-organisasjonane vert pålagde å påskunde arbeidet sitt med å samordne planleggings- og rapporteringsrutinar som eit viktig verkemiddel for å sikre betre samordning mellom institusjonane på landnivå. Som oppfølging av Konferansen om dei minst utvikla landa (MUL) vart det vedteke å opprette ei stilling som visegeneralsekretær for MUL i New York. Det vert oppretta eit kontor for denne stillinga, der dei tilsette delvis skal kome frå allereie eksisterande personale i UNCTAD og delvis frå personale utlånt frå andre FN-institusjonar. I resolusjonen om fattigdomsnedkjemping vert Generalsekretæren beden om å utarbeide ein rapport til den 57. generalforsamlinga om reglar for eit eventuelt internasjonalt solidaritetsfond for fattigdomsnedkjemping, som er føreslege av Tunisia. Det vert uttrykkeleg nemnt at ein må unngå overlapping med FNs eksisterande fond, slik m.a. Noreg og EU understreka måtte vere ein føresetnad.

1.8 Miljø- og ressursspørsmål

Med omsyn til miljø og berekraftig utvikling vart hovudvekta lagd på førebuingane til Verdstoppmøtet for berekraftig utvikling (WSSD), som skal haldast i Johannesburg i august/september 2002, og oppfølging av spesialsesjonen av FNs generalforsamling i juni 2001 om busetjingsspørsmål (HABITAT). I forhandlingane om Verdstoppmøtet for berekraftig utvikling (WSSD) vart det klart at frå utviklingslanda si side vert dette sett i samanheng med Konferansen om finansiering av utvikling i Mexico i mars 2002, og at ein først kan vente vesentlege framsteg i substans med omsyn til WSSD etter at Mexico-konferansen er halden. Det vart vedteke å setje i verk ein større informasjonskampanje i samanheng med WSSD, som skal finansiert med ein kombinasjon av interne omprioriteringar og frivillige bidrag. Noreg fekk gjennomslag for at deltaking frå dei minst utvikla landa skal prioriterast i samband med økonomisk støtte til deltaking i konferansen. Som eit ledd i oppfølginga av spesialsesjonen av FNs generalforsamling i juni 2001 om busetjingsspørsmål (HABITAT) vart det vedteke å gjere om FNs busetjingssenter til eit FN-program. Busetjingskommisjonen («United Nations Human Settlements Commission») vert omgjort til eit styre («Governing Council») som er direkte underlagt FNs generalforsamling. Eksekutivdirektøren skal framleis vere på visegeneralsekretærnivå.

1.9 Menneskerettsspørsmål

Opptakten til handsaminga av menneskerettsspørsmål var òg prega av 11. september og kampen mot terrorisme. Aktørane vart meir forsiktige og til dels uvisse på korleis dei tradisjonelle «blokkene» ville opptre og korleis forhandlingsklimaet allment sett ville utvikle seg. Den stendige utsetjinga av rasismedebatten, på grunn av problema med å få gjort ferdig sluttdokumentet frå Durban, medverka ytterlegare til denne uvissa. Dette gav seg mellom anna utslag i ei viss vedtaksvegring blant fleire aktørar, trass i fråveret av utprega kontroversielle einskildsaker.

Mange av dei mest omstridde resolusjonane vart skuva ut til slutten av sesjonen. Dette gjaldt m.a. resolusjonane om menneskerettar og terrorisme samt landresolusjonen om Afghanistan. Dette vart gjort for å vinne tid i høve til den dynamiske utviklinga på desse områda. Ein urimeleg stor del av arbeidet vart difor konsentrert mot slutten av sesjonen. Atmosfæren var likevel konstruktiv, og mindre konfrontatorisk enn ein kunne frykte. Med omsyn til landresolusjonane vart tendensen frå året før til svakare oppslutning snudd. Til dømes var det denne gongen vesentleg høgare oppslutning om Iran-resolusjonen, men resolusjonane om Irak og Sudan òg fekk større oppslutning enn på sesjonen året før.

Trenden ein var vitne til under Generalforsamlinga året før og under 2001-sesjonen til kommisjonen for menneskerettar, der det var stadig fleire voteringar over tradisjonelle konsensusresolusjonar, var ikkje merkbar under sesjonen denne gongen. Tvert imot syntest fleire delegasjonar å føretrekkje konsensus og viste som oftast stor fleksibilitet. Det var likeins ein større tendens til å forsvare tidlegare oppnådd semje enn å ta nye steg. Slik sett vil nok sesjonen denne gongen verte ståande som ein sesjon der ein på dei fleste område stod på «staden kvil». Det var ikkje noko større initiativ eller steg som dreiv menneskerettsagendaen framover. På den andre sida var det heller ikkje noko substansielt tilbakesteg.

1.10 Humanitære spørsmål, inkludert minetiltak

FNs avdeling for humanitær hjelp (OCHA) og FN allment vart rosa for måten FN hadde handtert den humanitære krisa i Afghanistan på. Andre tema som gjekk igjen i innlegga, var behovet for å betre responsen på dei humanitære appellane, betre samordning innan FN og mellom FN og andre humanitære aktørar, betre tryggleik for humanitært personell, internt fordrivne og behovet for rimeleg balanse mellom respons på naturkatastrofar og komplekse kriser. Tendensen frå tidlegare år der særleg einskilde utviklingsland understrekar behovet for respekt for nasjonal sjølvråderett i arbeidet med å møte humanitære behov og påpeiker behovet for større fokus på naturkatastrofehjelp, var merkbar under debatten denne gongen òg. Desse skilnadene mellom innlegga frå utviklingslanda og innlegga frå gjevarlanda syntest likevel noko mindre markerte enn tidlegare. I budsjetthandsaminga vart det vedteke å finansiere fleire stillingar i FN for å betre tryggleiken for FN-personell og humanitært personell. Dette er ei konkret oppfølging av behov som har vore påpeikte i fleire år, og som FN-tilsette har bede medlemslanda om å prioritere. Blant dei konkrete humanitære krisene som vart handsama, peikte Afghanistan seg ut. I tillegg vart ei rekkje situasjonar omtala, m.a. Tsjernobyl, dei palestinske områda, Balkan og sentralasiatiske republikkar, samt dei pågåande humanitære krisene i Afrika. Frå mange hald vart det oppfordra til å ikkje la merksemda om Afghanistan føre til at ein gløymer behovet for å yte hjelp til andre humanitære kriser òg, ikkje minst i Afrika.

Resolusjonen om minetiltak er i hovudsak grunna på tidlegare konsensustekst. Dei mest kontroversielle temaa i denne resolusjonen er omtalen av landminekonvensjonen og kva prioriteringar som skal liggje til grunn for FNs landminetiltak. Dei landa som ikkje har ratifisert landminekonvensjonen, ønskjer ikkje å gjere han til det viktigaste grunnlaget for FNs arbeid med landminer. I tillegg kjem at einskilde land som framleis har mange landminer frå den andre verdskrigen, ønskjer at rydding av desse skal prioriterast høgare av FN. Dei fleste gjevarlanda, m.a. Noreg, meiner likevel at avgrensa ressursar bør prioriterast til tiltak i land som følgjer føresegnene i landminekonvensjonen, og der landminer er eit meir akutt tryggings-, helse- og utviklingsmessig problem. Det lukkast til slutt å kome fram til semje om resolusjonsteksta.

1.11 FNs finansar

FNs økonomiske situasjon ved utgangen av 2001 viste for tredje året på rad ei forsiktig positiv utvikling for det regulære budsjettet. Medlemslanda si gjeld til FN var likevel USD 2,2 mrd., og av dette var USD 1,9 mrd. gjeld til FNs fredstryggjande operasjonar. USA betalte i alt inn over USD 1,5 mrd. i 2001 og skulda ved utgangen av året USD 165,4 mill. til det regulære budsjettet, USD 786,7 mill. til FNs fredstryggjande operasjonar og USD 14,7 mill. til krigsforbrytardomstolane. For første gong betalte USA inn meir til FN enn ilikna bidrag for året og betalte i alt inn USD 475 mill. i gamal gjeld. Innbetaling i 2001 av denne summen og motrekning av USD 107 mill. som FN skulda USA, inneber at USA oppfylte sin del av den pakkeløysinga som vart inngått i 2000 mellom USA og medlemslanda i FN. Løysinga gjekk ut på at USAs krav om nedsett del til FNs regulære budsjett vart vedteke, og at kravet om nedsett del til FNs fredstryggjande operasjonar delvis vart innfridd mot at USA i 2001 gjorde opp for gamal gjeld på USD 582 mill. Det vart vedteke eit budsjett på USD 2,625 mrd. for neste toårsperiode. Dette var USD 92 mill. meir enn budsjettet for 2000-2001, men innebar ei nedskjering på USD 75 mill. i høve til Generalsekretæren sitt opphavlege budsjettframlegg. For budsjettåret 1. juli 2002 til 30. juni 2003 vart det vedteke eit førebels toårsbudsjett for krigsforbrytardomstolane for det tidlegare Jugoslavia og Rwanda på høvesvis USD 242,7 mill. og USD 192,3 mill. Spørsmålet om nye stillingar skal handsamast på den vidareførte sesjonen av Generalforsamlinga i mars, ettersom USA og ei rekkje andre land stilte seg svært kritiske til domstolane sitt stadig aukande pengeforbruk og manglande effektivitet og ønskte meir tid til å handsame kravet om nye stillingar.

1.12 Juridiske spørsmål

Respekt for folkeretten og den internasjonale rettsordenen er grunnleggjande føresetnader i FN-pakta og i FNs institusjonelle system. At dei to internasjonale ad hoc-straffedomstolane for krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskja i høvesvis det tidlegare Jugoslavia og Rwanda vart oppretta, og at statuttane for Den internasjonale straffedomstolen (Roma-vedtektene) vart vedtekne, inneber store framsteg når det gjeld styrking av folkeretten gjennom internasjonal institusjonsbygging.

I den seinare tida har ein fått klargjort verdien av effektive, truverdige og rettferdige rettsoppgjer, nasjonalt eller om naudsynt internasjonalt, for langsiktig fred og forsoning i samfunn som har vore utsette for massive overgrep. Frå norsk side har ein aktivt støtta straffedomstolane for Rwanda og det tidlegare Jugoslavia og at det snart vert oppretta ein permanent, internasjonal straffedomstol, med breiast mogeleg støtte. Som ein av pådrivarane for å setje prosjektet om Den internasjonale straffedomstolen på den internasjonale dagsordenen deltok Noreg aktivt i forhandlingane om domstolsvedtektene. Noreg ratifiserte vedtektene i februar 2000 som stat nummer sju.

Ein ventar at Den internasjonale straffedomstolen kjem til å tre i kraft i midten av 2002. For at domstolen skal verte oppretta, krevst det at 60 statar ratifiserer vedtektene. Ved utgangen av 2001 hadde 48 statar gjort dette. Heile 139 hadde underskrive vedtektene. Den internasjonale straffedomstolen må sjåast på som eit viktig tilskot til styrking av den internasjonale rettsordenen og som eit gjennombrot for folkeretten. Dersom domstolen vert oppretta, vil det kunne medverke til å førebyggje masseovergrep og til langsiktig fred og forsoning etter konfliktar. Domstolen byggjer på prinsippet om at statane har det primære ansvaret for å straffeforfølgje dei alvorlegaste internasjonale brotsverka, og ein ventar at han vil få ein vesentleg funksjon som spore til at statar tek dette ansvaret alvorleg.

Til forsida