St.meld. nr. 20 (2005-2006)

Alternative straffereaksjonar overfor unge lovbrytarar

Til innhaldsliste

1 Innleiing

1.1 Bakgrunn og formål

Etter norsk lov og internasjonale konvensjonar er ein person barn inntil fylte 18 år. Den kriminelle lågalderen i Noreg er likevel 15 år. Meldinga tek først og fremst for seg korleis samfunnet skal handtere lovbrytarar mellom desse to aldersstega. Målet med denne stortingsmeldinga er å leggje til rette for ei grunnleggjande gjennomtenking av korleis vi kan redusere bruken av fengselsstraff overfor ungdom mellom 15 og 18 år og korleis straffa kan gjerast meir tilpassa denne gruppa i dei tilfella der ein ikkje kan unngå fengselsstraff. I meldinga er det lagt stor vekt på å utvikle formålstenlege straffereaksjonar, mellom anna tiltak for å redusere bruken av fengsel utan vilkår. Regjeringa vil mellom anna i gjeldande straffelov foreslå at den som var under 18 år på handlingstidspunktet, kan bli dømd til fengsel utan vilkår berre når det er særleg påkravd. Forslaga elles er prega av at straffegjennomføringa skal vere progressiv. I dette ligg det at valet av straffereaksjon skal styrast av eit ønske om ikkje å bruke meir inngripande straff enn nødvendig, og at det skal vere ei utvikling i soninga. Stortingsmeldinga vil bli følgd opp med konkrete lovforslag så snart som mogleg etter at Stortinget har behandla ho.

Regjeringa vil vurdere om straffelova på lengre sikt skal gi domstolen heimel til å dømme unge lovbrytarar under 18 år til opphald i institusjon i staden for fengsel, og at gjennomføringa av reaksjonen helst skal vere ei oppgåve for barnevernstenesta. I dag har vi eit tospora system. Unge lovbrytarar mellom 15 og 18 år kan både plasserast på institusjon etter barnevernlova § 4 – 24 og straffeforfølgjast etter det ordinære straffesystemet, dersom straffesaka ikkje blir rekna for å gjelde same straffbare forhold som barnevernssaka. Ettersom det hastar med strakstiltak for å få barn og unge ut av norske fengsel, har det i denne meldinga ikkje vore tid til å drøfte ei meir gjennomgripande reform, eventuelt i retning av eit einspora system i staden for det tospora systemet vi har i dag. På lengre sikt bør ein likevel drøfte og klargjere om ein kanskje bør føretrekkje eit einspora system. Eit einspora sanksjonssystem overfor unge lovbrytarar kan bidra til å sikre best mogleg oppfølging, hindre gjentaking, gi samfunnet den nødvendige tryggleiken og bidra til å klargjere forholdet til det forbodet mot gjenteken forfølging som er fastsett i Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Regjeringa foreslår at det blir sett ned eit utval som skal komme med forslag til alternative straffereaksjonar overfor unge lovbrytarar. Ein viktig del av mandatet til dette utvalet vil vere å greie ut eit mogleg einspora reaksjonssystem for denne gruppa.

For å unngå så alvorleg kriminalitet at fengselsstraff må takast i bruk overfor mindreårige, må samfunnet reagere tidleg mot urovekkjande åtferd hos barn, og lenge før barna når den kriminelle lågalderen. Det er viktig at reaksjonen kjem raskt, og at han er tilpassa lovbrotet og den totale livssituasjonen til den enkelte unge lovbrytaren.

Barn som var under 15 år på handlingstidspunktet, kan ikkje straffast. Denne gruppa fell utanfor tiltak i straffesakskjeda, og det er i første hand barnevernet som har myndigheit til å setje inn tiltak ut frå kva som er til det beste for barnet. Til dømes kan eit barn som har vist alvorlege åtferdsvanskar ved alvorleg eller gjenteken kriminalitet, plasserast i institusjon utan eige samtykke.

Også andre tiltak kan vere aktuelle. Den mindreårige kan samtykkje i å møte i konfliktrådet, men meklinga blir normalt ikkje rekna som ein strafferettsleg reaksjon. Påtalemakta kan avgjere at saker som ein mindreårig har gjort seg skuldig i, skal overførast til barnevernstenesta (straffeprosesslova § 71 b). Påtalemakta kan også forby barn under 15 år å halde til på ein bestemt stad dersom det er grunn til å tru at opphald på staden aukar faren for at personen gjer seg skuldig i ei elles straffbar handling (straffeprosesslova § 222 c), og bringe heim den som bryt forbodet (politilova § 13 første ledd). Den unge lovbrytaren og foreldra kan påleggjast å møte i samtale med politiet for å førebyggje ytterlegare lovbrot (politilova § 13 fjerde ledd). Straffeprosesslova § 224 er endra, slik at etterforskingsplikta til politiet også gjeld der ein mogleg lovbrytar ikkje kan straffast fordi vedkommande var mellom 12 og 15 år på handlingstidspunktet. Formålet er å markere alvoret i lovstridige handlingar også når dei blir utførte av ungdom som er for unge til å gjerast strafferettsleg ansvarlege. I tillegg kan opplysningane som kjem fram under etterforskinga, tene som førebuing av den behandlinga barnevernstenesta gjer av spørsmålet om det skal setjast i verk tiltak etter barnevernlova (straffeprosesslova § 226 første ledd bokstav d).

Regjeringa vil ikkje foreslå tiltak i denne stortingsmeldinga som gjeld gruppa under 15 år.

Forholda for unge lovbrytarar mellom 15 og 18 år har fått mykje merksemd den seinare tida. Grunnen er mellom anna mediedebatt om mindreårige i fengsel og Stortinget si behandling av den nye straffelova. Under punktet «Begrenset bruk av fengselsstraff overfor unge lovbrytere» uttrykkjer justiskomiteen i Inst. O. nr. 72 (2004–2005) dette:

«Komiteen vil presisere at når det besluttes fengsling eller varetektsfengsling av en person under 18 år, så skal fengselsmiljøet være kvalitativt annerledes enn om fengslingen/varetektsfengslingen gjelder en voksen. Det er i disse tilfellene særlig viktig at kriminalomsorgen tilrettelegger forholdene under frihetsberøvelsen slik at belastningen på den unge blir minst mulig. Komiteen ber departementet melde tilbake til Stortinget på egnet måte hvordan dette følges opp i praksis. Komiteen ber departementet legge frem en egen sak for Stortinget snarest mulig om soningsforholdene for personer som var under 18 år på fengslingstidspunktet.»

Regjeringa meiner det er behov for ei grunnleggjande gjennomtenking av korleis det skal reagerast med straff mot denne gruppa. Fengsel bør brukast berre der det er tvingande nødvendig, og då med eit soningsinnhald som i større grad er tilpassa det alderssteget den domfelte er på. Fridomsstraffa skal dessutan tidlegast mogleg erstattast med andre og mindre inngripande gjennomføringsformer. Målet om å bruke fridomsstraff i så liten grad som mogleg kan berre nåast dersom det finst eit breitt spekter av andre straffereaksjonar, og at bruken av desse reaksjonane blir tilpassa karakteren av lovbrotet og situasjonen til den domfelte. Tilpassing av reaksjonane gjeld både i forhold til kva vilkår som kan stillast for påtaleavkall og vilkårsdommar, auka bruk av konfliktråd og samfunnstraff og individuelle rehabiliterande tiltak som eignar seg i straffegjennomføringa. Målet med reaksjonen er å få den unge til å endre åtferd. Eit betre tverrfagleg samarbeid må på plass. I denne meldinga gjer vi greie for målretta tiltak som styrkjer eit slikt samarbeid på tvers av etatar og ansvarsområde.

I dei få tilfella der det er aktuelt med fengsel, skal gjennomføringa skje på ein måte som tek nok omsyn til den unge alderen til lovbrytaren og behovet for individuell tilrettelegging og oppfølging. Hovudregelen skal vere open soning, men kriminalomsorga skal vurdere om det er mogleg å overføre den unge til andre straffegjennomføringsformer så raskt som mogleg etter innsetjinga. Etter straffegjennomføringslova § 4 skal kriminalomsorga gjennom samarbeid med andre offentlege etatar leggje til rette for at domfelte og innsette i varetekt får dei tenestene som lovgivinga gir dei krav på. Kriminalomsorga må derfor så langt som det er mogleg, leggje til rette for at domfelte og varetektsinnsette skal få ta del i tenestene. Helsetenester, sosiale tenester, barnevernstenester, opplæring, arbeidsmarknadstiltak og kulturtilbod er tenester som blir ytte av dei offentlege etatane som elles har ansvaret for dette i samfunnet. Etter at straffa er gjennomført, skal den unge innsette tilbake til samfunnet. Det er derfor viktig så tidleg som mogleg å leggje til rette for oppfølging etter lauslatinga. Dette er avhengig av eit tett og forpliktande forvaltingssamarbeid. Også ein positiv kontakt mellom foreldre/pårørande og barn/ungdom er viktig både for ei vellykka straffegjennomføring og for tida etter lauslating. Frivillige organisasjonar kan dessutan spele ei viktig rolle i dette arbeidet.

Regjeringa meiner at mange av dei prinsippa og metodane som gjeld for arbeidet med barn og unge under 18 år, også vil gjelde for eldre ungdom mellom 18 og 23 år. Ikkje berre kan ungdomsgruppa 18–23 år ha eit lågt mognadsnivå og ha behov for hjelp og støtte, men prosentdelen som gjer ny kriminalitet er også stor i denne ungdomsgruppa. Deira behov for oppfølging vil i mange tilfelle vere dei same som hos dei yngre. Regjeringa viser i denne samanhengen til at barnevernet kan avgjere å halde ved lag frivillige tiltak inntil barnet har fylt 23. Målgruppa i denne meldinga vil vere unge lovbrytarar frå 15 til 18 år. Regjeringa har likevel ambisjonar om å komme tilbake til gruppa 18–23 år seinare. Derfor er det viktig å ha eit sideblikk til denne gruppa når ein prøver ut tiltak overfor den yngre aldersgruppa, for å sjå om noko kan ha overføringsverdi.

Stortingsmeldinga tek utgangspunkt i den forskinga og erfaringa som ligg føre. Det er likevel sparsamt med forsking om unge lovbrytarar, særleg når det gjeld barn og unge i fengsel. Regjeringa vil derfor stimulere til ytterlegare forsking om unge lovbrytarar, inkludert bruken av straff og tvang og effekten av dette. Forskinga bør også omfatte unge lovbrytarar med minoritetsbakgrunn, som er ei særleg utsett gruppe.

Tal som er henta inn per 12.9.2005, viser at sju av elleve innsette under 18 år var utanlandske statsborgarar. Erfaringar som er gjorde mellom anna i «Brobyggerprosjektet», leidd av «Primærmedisinsk verksted», og i «Mentorprosjektet» i Kristiansand kommune, viser at dei som er fødde i utlandet, kan ha særlege behov utover dei dei har til felles med unge som er fødde og oppvaksne her i landet. Det knyter seg fleire særskilte utfordringar til denne gruppa, mellom anna:

  • når det gjeld samarbeid med føresette. Ein del av ungdommane vil vere utan føresette i landet, og kan ha komme som einslege mindreårige. For dei som har føresette i landet, vil det også kunne knyte seg ekstra utfordringar til samarbeidet med desse.

  • fordi fleire kan ha krigs- og fluktbakgrunn, og kan ha traume som bør behandlast dersom dei skal få ei god rehabilitering.

  • fordi mange vil, i større grad enn dei som er fødde og oppvaksne i Noreg, ha eit einsidig og kriminelt nettverk, slik at det må arbeidast meir med å finne eit alternativt nettverk i rehabiliteringsarbeidet.

  • fordi fleire har mangelfull skulegang frå heimlandet og frå Noreg og vil ha større behov for tilpassa opplæring i fengsel og etterpå.

På denne bakgrunnen vil det vere svært viktig for denne gruppa mellom anna:

  • å ha ei personundersøking der ein er særleg merksam på ovannemnde og andre forhold knytte til minoritetsbakgrunnen deira og eventuell fluktbakgrunn.

  • at dei som skal følgje opp unge lovbrytarar med minoritetsbakgrunn i fengsel og i rehabiliteringsperioden, tileignar seg kompetanse til å bli merksame på og innrette seg etter dette.

  • å bruke frivillige organisasjonar som samarbeidspartnarar, og ha ei mentorordning der det blir lagt vekt på å bruke innvandrarorganisasjonar og ressurspersonar med innvandrarbakgrunn.

  • å ha tiltak som kan støtte den enkelte med å få gjennomført skulegang og få innpass på arbeidsmarknaden.

Svært mange av dei unge lovbrytarane som sit i fengsel per i dag, har utanlandsk bakgrunn. Det er derfor viktig at utvalet som skal greie ut om alternative straffereaksjonar overfor unge lovbrytarar, tek omsyn til dei særlege behova som denne gruppa kan ha, når det vurderer forslag til reaksjonar.

1.2 Tilbakeblikk på utviklinga av ungdomskriminaliteten 1

Lov av 6. juni 1896 om behandling av forsømte barn (verjerådslova) slo fast at oppseding og ikkje straff skulle vere det prinsipale middelet overfor barnekriminalitet. Lov av 17. juni 1953 om barnevern understreka endå sterkare enn tidlegare at inngrep overfor kriminelle barn var eit ledd i den sosiale omsorga og ikkje ein del av strafferettspleia. 1. juni 1928 blei lov om oppdragende behandling av unge lovbrytere (arbeidsskulelova) vedteken, men på grunn av mangel på ein passande anstalt tredde lova først i kraft 1. september 1951. Arbeidsskulelova retta seg i hovudsak mot unge lovbrytarar i alderen mellom 18 og 23 år. Dersom retten fann at den unge lovbrytaren trong ein oppdragande påverknad i ein arbeidsskule for å halde seg vekke frå nye brotsverk, og at ei slik plassering ville vere formålstenleg, kunne vedkommande bli dømd til arbeidsskule i staden for fengsel. Lengda av opphaldet blei ikkje fastsett i dommen, men gjekk fram av lova. I lova var det ein føresetnad at opphaldet normalt skulle vere mellom 1,5 og 2 år. Opphaldet i skulen var ikkje å rekne for straff, opphaldet skulle skje under frie former, dei domfelte blei kalla elevar og det blei lagt stor vekt på at yrkesopplæring skulle vere mogleg. Odelstingsproposisjonen gir uttrykk for følgjande grunnsyn:

«Arbeidsskolen er et utslag av et nytt syn på samfunnets behandling av ungdomskriminalitet. Det er ikke straff som er det primære, men forbedringen av det enkelte individ (...)

Oppdragelsen og opplæringen i arbeidsskolen må – om den skal ha noen mening – forutsette en viss varighet. (...) og all psykologisk og pedagogisk erfaring viser at et slikt program krever en ikke altfor kort tid til sin gjennomføring.»

Arbeidsskulelova blei møtt med store forventingar, som ei ny landevinning for behandlingstanken på kostnad av tradisjonell straff. Men vonbrota melde seg snart. Forventingane om kva ein kunne oppnå i retning av yrkesopplæring, viste seg lite realistiske i forhold til det klientellet som skulen fekk. Elevane såg ikkje på dom til arbeidsskule som noka ustrekt hand frå samfunnet, men kjempa for å få ei tidsbestemt fridomsstraff i staden, og dette skapte ei trassinnstilling til skulen. Arbeidsskulen fekk eit svært stort rømmingsproblem, og i strid med dei opphavlege føresetnadene blei derfor ein stor del av elevane nøydde til å sitje i lukka avdeling under fengselsliknande forhold. Tilbakefallsprosenten blant elevane blei også svært mykje høgare enn ein hadde rekna med. Utviklinga er nærare beskriven i to bøker av Kåre Bødal, Arbeidsskolen og dens behandlingsresultater (1962) og Fra arbeidsskole til ungdomsfengsel (1969).

I 1950-åra var det ein kontinuerleg og svært stor auke i ungdomskriminaliteten. I 1960 fekk Straffelovrådet i oppdrag å drøfte nye lovføresegner på dette området. Det var ei gjengs oppfatning at det var behov for ein meir effektiv reaksjon mot ungdomskriminalitet, og at skjerpa føresegner burde komme på tale. Dette resulterte i lov av 9. april 1965 om strafferettslege åtgjerder mot unge lovbrytarar m.m. Lova gjorde store endringar i det tidlegare reaksjonssystemet. Det vart innført to nye straffeformer: ungdomsfengsel og ungdomsarrest. Den første avløyste ordninga med arbeidsskule, den andre blei ikkje sett i verk.

Lov om strafferettslege åtgjerder mot unge lovbrytarar m.m. tredde i kraft 1. februar 1966. Mens arbeidsskule ut frå lova skulle sjåast på som eit oppdragande tiltak utan strafferettsleg karakter, blei ungdomsfengsel karakterisert som straff. Reglane om ungdomsfengsel bygde i stor grad på dei tidlegare reglane om arbeidsskule, men var på visse punkt mykje mildare. Direktøren kunne til dømes avgjere lauslating på prøve etter tolv månader, og etter føresegn frå Fengselsstyret kunne lauslating skje etter ni månader. Ein viktig forskjell frå arbeidsskuledommane var også at det no blei gitt frådrag for varetektsopphald. Desse reglane førte til mykje kortare opphald i ungdomsfengselet enn i arbeidsskulen.

Dom på ungdomsfengsel blei likevel framleis oppfatta som meir tyngjande enn den normalreaksjonen den domfelte elles ville ha fått. Tilbakefallstala gav heller ingen grunn til å tru at reaksjonen ungdomsfengsel gav betre resultat enn vanleg fengselsstraff.

Hovudinnvendinga mot ungdomsfengsel låg i dei usikre momenta knytte til tidslengda. Tanken om å halde på ungdomsfengsel som eigen straffart, men slik at tidslengda blei fastsett av domstolen som for vanleg fengselsstraff, blei likevel forkasta. Det blei også peikt på at det hadde vore ytra tvil om i kva grad det var formålstenleg å samle unge lovbrytarar i særlege anstaltar. I tillegg kom at domstolane sin bruk av ungdomsfengsel var blitt spreidd og tilfeldig, med store geografiske skeivfordelingar. Dermed var det oppstått ein rettsulikskap som ikkje burde halde fram. Tanken om å oppheve særreaksjonen ungdomsfengsel var også i tråd med straumdrag i andre land som stod oss nær kriminalpolitisk. Den siste innsetjinga av person med dom på ungdomsfengselsstraff fann stad 3. oktober 1973. Lov om strafferettslege åtgjerder mot unge lovbrytarar m.m. blei oppheva 4. april 1975.

1.3 Samla oversikt over forslag frå regjeringa

Innhald

  • Det er eit mål både ved straffeutmåling og val av reaksjon å ikkje bruke eit strengare verkemiddel enn det som er strengt nødvendig for å skjerme samfunnet. Dette prinsippet må liggje til grunn for all bruk av straff overfor barn og unge.

  • Regjeringa vil foreslå ei avgrensing i gjeldande straffelov som går ut på at den som var under 18 år på handlingstidspunktet, kan bli dømd til fengsel utan vilkår berre når det er særleg påkravd. Regjeringa vil også foreslå eit forbod mot at fengselsstraffa for desse lovbrytarane kan overstige 8 år.

  • Det må utviklast eit breitt spekter av alternative reaksjonar til fengsel, og bruken av reaksjonane må tilpassast typen lovbrot og situasjonen til den unge.

  • Regjeringa foreslår eit forbod mot å pågripe og fengsle personar under 16 år, og eit forbod mot å fengsle personar under 18 år for meir enn ei veke om gongen. Regjeringa vil også vurdere om det bør setjast ei øvre grense for kor lenge nokon under 18 år kan bli sitjande i varetekt.

  • Regjeringa går inn for å lovfeste eit forbod mot at personar under 18 år kan utsetjast for fullstendig isolasjon i varetekt.

  • Dersom behovet for fengsling er til stades, skal hovudregelen vere bruk av fengslingssurrogat framfor fengsel når den sikta er under 18 år. Regjeringa ønskjer at barnevernsinstitusjonar i stor grad skal brukast som fengslingssurrogat. Regjeringa meiner det er viktig å få på plass eigna fengslingssurrogat for barn og unge mellom 16 og 18 år der den unge ikkje blir halden isolert, og der personellet har relevant kunnskap og erfaring.

  • Regjeringa vil vurdere å endre vilkåret i straffeprosesslova § 188 om samtykke for plassering i institusjon eller kommunal bueining slik at Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) får ei plikt til å stille institusjonsplass til disposisjon dersom vilkåra etter barnevernlova er oppfylte.

  • Regjeringa vil arbeide for at personundersøkinga skal bli eit sentralt og gjennomgåande dokument i arbeidet med unge som skal følgje barnet frå etterforskinga er avslutta, til straffa er gjennomført. Personundersøkinga skal vere obligatorisk der unge lovbrytarar under 18 år er sikta i ei straffesak.

  • Regjeringa vurderer å endre barnevernlova slik at barnevernet kan påleggjast ei plikt til å peike ut mentor.

  • Konfliktrådsordninga bør etter regjeringa si meining gjerast obligatorisk slik at påtalemakta skal påleggjast å overføre saker til konfliktrådet når gjerningspersonen er under 18 år. Regjeringa vil komme tilbake til ei nærare avgrensing når eit lovforslag blir sendt ut på høyring.

  • Regjeringa vil vurdere å endre straffelova slik at domstolane i saker der ungdom mellom 15 og 18 år vil bli dømde til ei fengselsstraff på vilkår, blir pålagde å vurdere om det bør setjast vilkår som er særleg eigna til å ha ein rehabiliterande verknad.

  • Regjeringa går inn for at samfunnsstraff som alternativ reaksjonsform skal aukast, og særleg overfor unge lovbrytarar må samfunnsstraffa brukast meir.

  • Gjeldande regelverk opnar både for påtaleavkall med vilkår og vilkårsdom der tiltak etter barnevernlova høyrer med. Dessutan opnar gjeldande regelverk for varetekt og soning i barnevernsinstitusjon. Regjeringa vil ta initiativ til å sjå nærare på om desse ordningane blir brukte ofte nok. Målet med ein slik gjennomgang er å identifisere hindringar slik at ordningane kan takast oftare i bruk.

  • For å sikre nærleik til familie, nærmiljø og lokalt nettverk vil regjeringa gi fengsels- og varetektsinnsette under 18 år eit spesialtilpassa tilbod i kvar av dei seks regionane til kriminalomsorga.

  • Hovudregelen i dei tilfella der fengsel utan vilkår er nødvendig, skal vere open soning, men slik at fridomsstraffa tidlegast mogleg blir erstatta av andre og mindre inngripande soningsformer.

  • Det er viktig å utvikle gode mottaksrutinar spesielt tilpassa behova til dei unge og etablere ansvarsgrupper så raskt som mogleg etter innsetjinga. Meininga med ansvarsgrupper er å leggje til rette for gode og varige tiltak etter lauslatinga.

  • Regjeringa går inn for ein meir aktiv bruk av overføringar etter straffegjennomføringslova § 12 og § 16 og vil foreslå å endre § 16 for å gjere ordninga med gjennomføring av straff utanfor fengsel meir tilgjengeleg for unge domfelte.

  • Vilkåra i straffegjennomføringslova § 42 må mjukast opp slik at føresegnene om prøvelauslating blir lettare å bruke for barn og unge under 18 år.

  • Regjeringa vil gjennomføre eit pilotprosjekt for unge lovbrytarar med utgangspunkt i den svenske KrAmi-modellen.

  • Regjeringa vil innføre ein tilbakeføringsgaranti for tett oppfølging frå ulike etatar ved lauslating.

  • Regjeringa vil prøve ut ei ordning med oppfølgingsgrupper for å sikre god og tverrfagleg oppfølging etter lauslating frå fengsel.

Bemanning og kompetanseutvikling

  • Oppfølginga av unge lovbrytarar vil i fleire tilfelle krevje meir personell enn andre grupper. Bemanningsnivået vil vere avhengig av den konkrete utforminga og bruken av dei ulike tiltaka. Regjeringa vil komme tilbake til korleis løyvingane skal tilpassast i samband med dei årlege budsjetta.

  • Kompetansen hos samarbeidande profesjonar må styrkjast.

Tverrfagleg samarbeid

  • Regjeringa går inn for å utvikle rutinar for korleis foreldre, politi, barnevern, skule, helsevesen, domstolar og kriminalomsorga skal samarbeide når barn og unge bryt lova.

  • Regjeringa foreslår at det bør utviklast eit tettare samarbeid mellom rettsvesen og barnevern. Straffelova og barnevernlova bør gjennomgåast med tanke på å få dette til.

  • Personundersøking, individuell plan og etablering av ei mentorordning skal vere sentrale element for å sikre ei individuell og heilskapleg oppfølging av unge lovbrytarar i fengsel. Det er viktig at dei planane som kriminalomsorga har sjølv, blir samordna med den individuelle planen etter helse- og sosiallovgivinga som for mange av dei aktuelle personane bør liggje føre og vere operative ved lauslating.

Forsking og utviklingsarbeid

  • Regjeringa vil stimulere til ytterlegare forsking om unge lovbrytarar, inkludert bruken av straff og tvang og effekten av dette. Forskinga bør også omfatte unge lovbrytarar med minoritetsbakgrunn, som er ei særleg utsett gruppe.

  • Det er nødvendig at prinsipp og metodar for arbeidet med unge lovbrytarar blir drøfta breitt og tverrfagleg. Regjeringa vil setje i gang eit slikt arbeid.

Framtidig organisering av reaksjonssystemet

Regjeringa foreslår å setje ned eit utval som skal komme med forslag til alternative straffereaksjonar overfor unge lovbrytarar. Det vil høyre med til mandatet til dette utvalet å vurdere om det kan vere formålstenleg å leggje om i retning av eit mogleg einspora system med ein prosess der ein eller fleire reaksjonar blir fastsette samtidig for unge lovbrytarar under 18 år. Utvalet skal i vurderinga av forslag til alternative straffereaksjonar ta omsyn til at svært mange av dei unge lovbrytarane som sit i fengsel per i dag, har utanlandsk bakgrunn, og ta omsyn til dei særskilte behova som denne gruppa kan ha.

1.4 Oversikt over hovudpunkta i meldinga

Pkt. 2 tek for seg situasjonen i dag, pkt. 3 rolla og ansvaret til barnevernet. Pkt. 4 tek for seg hovudutfordringa om bruk av fengselsstraff overfor barn og unge, og pkt. 5 inneheld forslag om korleis reaksjonssystemet overfor unge lovbrytarar kan betrast. I pkt. 6 gjer regjeringa greie for dei økonomiske og administrative konsekvensane av forslaga i meldinga.

Fotnotar

1.

Kjelde: Andenæs, Johs. (1974): Alminnelig strafferett, Wister, Ole A. (1997): «Unge lovbrytarar». Dokumentasjon & debatt nr. 2/97 gitt ut av Kriminalomsorgens utdanningssenter

Til forsida