St.meld. nr. 20 (2007-2008)

Om Noregs deltaking i den 62. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 61. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

1 Samandrag

1.1 Allment

Generalforsamlinga i haust var prega av at ein er attende til meir normale tilstandar i FN. Etter ein til tider dramatisk reformprosess som aksentuerte konfliktlinene i organisasjonen, etterfølgd av ein periode med reformtrøyttleik, var det ikkje den store dramatikken på generalforsamlinga hausten 2007. Ban Ki-moon har på si første generalforsamling som generalsekretær freista å profilere seg på saker som klimaendring og Darfur, men arbeidet med å finne ein brei og identifiserbar dagsorden er framleis under utvikling. Som forgjengarane sine er presidenten i Generalforsamlinga, dr. Srgjan Kerim, på si side hemma av eit lite støtteapparat og av at dagsordenen er sett av andre. Dette har gjort det vanskelegare for presidentskapet å øve innverknad.

Sjølv om dei underliggjande konfliktane mellom nord og sør og mellom Tryggingsrådet og Generalforsamlinga utvilsamt har spela seg ut også på sesjonen i haust, har det samtidig vore tendensar til ei viss oppmjuking av dei tradisjonelle skiljelinene, og nye alliansar på tvers av regionane har oppstått. Dette, saman med at USA etter skifte av FN-ambassadør – i alle fall i form – står fram som noko mjukare og meir konsensussøkjande, har ført til eit meir dempa konfliktnivå enn på tidlegare sesjonar.

1.2 Viktige saker

Klima

Klimatoppmøtet samla mange statsleiarar og viste at klimaendring no er sett øvst på den internasjonale dagsordenen. Samtidig viste møtet og den følgjande generaldebatten i Generalforsamlinga òg at medlemslanda har ulike og til dels uforlikelege syn på korleis ein skal løyse dei problema vi står overfor. Innlegga viste at det finst ein politisk vilje til handling, men samtidig òg at det er sterk usemje om kva som må prioriterast, og korleis ansvaret skal fordelast. I påvente av tingingane på Bali hende det, som venta, lite substansielt i Generalforsamlinga på dette området.

Fredsbyggingskommisjonen

Arbeidet i fredsbyggingskommisjonen (PBC), der ambassadør Løvald leier Burundi-formatet, har gått i rett retning. Fredsbyggingskontoret har fått eit endeleg budsjett med stillingsheimlar, og det vert dermed lettare å planleggje på personellsida. Fredsbyggingsfondet har nådd målet på USD 250 millionar i bindande tilskot. Kommisjonen er framleis i etableringsfasen, men det er ei utbreidd oppfatning at kommisjonen har klart å leggje eit godt grunnlag for å endre FN og andre aktørar si handtering av postkonfliktland. Utviklinga av landspesifikke fredsbyggingsstrategiar (rammer for fredsbygging) gjennom samråd på landnivå og mellom landnivå og New York har sett ein nytt standard for korleis eit mellomstatleg FN-organ kan stille seg til eit medlemsland. Sentrale utfordringar framover vil verte å vise resultat på landnivå. Det vert òg ei utfordring å forankre kommisjonen og fredsbyggingskontoret sitt arbeid i FN-systemet, og blant eksterne aktørar, medverke til framleis fokus på og støtte til landa på dagsordenen, og utvikle ­fredsbyggingskommisjonen sine arbeidsmetodar vidare.

Reform

Det var påfallande stillstand på sesjonen i haust når det gjaldt reformprosessen og oppfølginga av reformpanelet (Stoltenberg-panelet) sine tilrådingar. Framlegga i rapporten har vorte oppfatta som kontroversielle og har medverka til store spenningar i G77. Ei rekkje sentrale utviklingsland hevdar at framlegga vil innebere ein ny kondisjonalitet i FNs utviklingssamarbeid, særleg i høve til menneskerettar, men òg for miljøaktivitetar og humanitære intervensjonar. Det er òg skepsis til framlegga til eit samordna, einsarta og sterkt FN på landnivå. Tanken om éin FN-leiar vert av mange sett på som opptakta til ei ordning med FN-ambassadørar. Skepsisen er grunna på frykt for at ein FN-ambassadør med makt og mynd vil verte oppfatta som ein motspelar i staden for ein medspelar for nasjonale styresmakter. Drøftingane om panelet sine tilrådingar kom seint i gang, og medlemslanda har ikkje klart å verte samde om korleis den mellomstatlege forhandlingsprosessen skal takast vidare. Sjølv på område som det burde ha vore mogeleg å ta ut av pakken, til dømes likestillingsarkitekturen, har det ikkje vore mogeleg å få framgang.

Det er likevel viktig å merke seg at FN-systemet har fanga opp dei delane av reformpanelet sine framlegg som ikkje krev mellomstatlege avgjerder. Desse framlegga vert no gjennomførde. FN-organisasjonane arbeider tett saman for å harmonisere og forenkle dei administrative rutinane og framgangsmåtane sine på utviklingsområdet. På landnivå har FN sett i gang viktige reformer i eit utval land for å samordne innsatsen under éin leiar, eitt landprogram og eitt budsjett. Dette skjer med full tilslutning frå styresmaktene i landa. Stadig fleire utviklingsland ønskjer å gjennomføre tilsvarande reformer fordi ein ser ein gevinst i høve til auka ressursar, relevans, effektivitet og betre resultat av FNs samla innsats. Med dette ser vi konturane av noko nytt; ein reformprosess som finn fotfeste på landnivå i utviklingslanda, og som i neste omgang vil kunne medverke til å tvinge fram meir gjennomgripande reformer av heile FN-systemet i tråd med tilrådingane frå reformpanelet.

Når det gjeld spørsmålet om reform av Tryggingsrådet, var det stor aktivitet i haust. Fleire rapportar har vorte utarbeidde med framlegg til mogelege måtar å endre samansetjinga av rådet på. Sjølv om det store fleirtalet nok vil kunne slutte opp om trongen for å sjå på overgangsordningar, er framleis hovudfrontane like steile, og det momentumet mange meiner å ha sett i seinare tid, har så langt ikkje utkrystallisert seg til nokon konkret framgang.

Finansiering for utvikling

FNs generalforsamling har gjeve Noreg, saman med Egypt, ansvaret for å førebu ein internasjonal konferanse i Doha i Qatar i november/desember 2008, der den internasjonale plattforma for utviklingspolitisk samarbeid som vart vedteken i Monterrey i Mexico i 2002 («Monterrey-konsensusen») skal gjennomgåast. På generalforsamlinga i haust vart det gjort eit vedtak om organiseringa av dette arbeidet og om målsetjingane for konferansen, der det mellom anna skal drøftast nye former for finansiering og utvikling. Konferansen vil vere ein viktig milestolpe i arbeidet med å nå tusenårsmåla i 2015.

Menneskerettar

I tillegg til vedtaket av dødsstraffresolusjonen, som utvilsamt var eit høgdepunkt på generalforsamlinga, er det verdt å merke seg at ein ny resolusjon, introdusert av USA, om nedkjemping av valdtekt og andre former for seksuell vald som instrument for å oppnå politiske og militære mål, vart vedteken. Resolusjonsframlegget møtte i utgangspunktet motstand, ikkje minst frå afrikanske land, som såg på framlegget som eit åtak på særskilde land (Sudan og DR Kongo), og gjorde raskt ikkjeinnblandingsargumentet gjeldande. Resolusjonen vart vedteken etter at amerikanarane viste fleksibilitet.

At det enno ein gong lukkast for Noreg å oppnå konsensus om resolusjonane om menneskerettsforsvararar og internt fordrivne, må ein sjå som positivt, då det ikkje lenger kan takast for gjeve at resolusjonar av denne typen framleis oppnår konsensus.

Terrorisme

Heller ikkje i haust var det mogeleg å bringe forhandlingane om terrorismekonvensjonen og definisjonen av terrorisme vidare. Dette understrekar ytterlegare at denne prosessen neppe vil finne ei løysing i Generalforsamlinga med det første, og at eventuelle initiativ difor må takast i andre fora.

Havretts- og fiskerispørsmål

Som i tidlegare år deltok den norske delegasjonen aktivt i forhandlingane om desse tema. Frå norsk side er det grunn til å vere godt nøgd med resultata – særleg når det gjeld arbeidet mot ulovleg, uregulert og urapportert fiske, men òg fordi klimaspørsmål har fått ein langt breiare omtale enn tidlegare.

Budsjettet

Sett med norske augo er det positivt at FN-operasjonen i Afghanistan vert styrkt med nærare 40 %, noko som inkluderer 69 stillingar, innkjøp av fleire køyrety, større aktivitet i provinsane og større fokus på internasjonal samordning. Som tidlegare nemnt vart også FNs fredsbyggingskontor styrkt, og UNRWA fekk seks nye stillingar over det regulære budsjettet. Det ligg også inne ein auke av ressursane på menneskerettsområdet.

1.3 Samarbeidet med andre land og grupper

Den brubyggjarrolla Noreg har hatt på einskilde område mellom G77 og dei vestlege landa, er vidareførd. Denne rolla har ikkje vorte mindre viktig i ein situasjon der ein ser tendensar til ei oppløysing av G77. Utsiktene til fleire tverregionale initiativ gjer at delegasjonane sitt arbeid på tvers av skiljelinene vert stadig viktigare. Samtidig har det nordiske samarbeidet vorte intensivert. Arbeidet med å konkretisere område for nordisk samarbeid held fram, og for første gong vart det halde eit felles nordisk innlegg i debatten om reform av Tryggingsrådet. Delegasjonen konstaterer at det også blant dei andre nordiske delegasjonane er klar interesse i å vidareutvikle det nordiske FN-samarbeidet.

1.4 Oppsummering av komitéarbeidet

1. komité: Årets sesjon stadfesta trenden med at resolusjonar som tidlegare har vore konsensusresolusjonar, no vert voterte over. Frontane er som tidlegare. USA held fram å røyste mot resolusjonar som tidlegare vart vedtekne utan votering. I år som tidlegare var det kjernevåpenkonvensjonane som fekk mest merksemd. Debatten om kjernevåpen vart som tidlegare prega av mange klagar over at det multilaterale maskineriet framleis står stille.

2. komité: Arbeidet og forhandlingsklimaet var som i tidlegare år krevjande, men hadde gjennomgåande ein betre tone enn i førre sesjon. I fleire saker var spenningane og interessekonfliktane sterkare internt i G77 enn mellom nord og sør. Det vart gjort framsteg på fleire viktige utviklingspolitiske område, til dømes auka krav til effektivitet og resultat i FNs hjelpeaktivitetar og sterkare fokus på kvinner og likestilling.

3. komité: 3. komité styrkte posisjonen sin som den mest konfrontatoriske arenaen på generalforsamlinga. Trass i at dødsstraffresolusjonen viste verdien av tverregionale initiativ, heldt dei grunnleggjande motsetningane mellom Vestgruppa (nord) og G77 (sør) fram.

4. komité: I 4. komité er det tradisjonelt Midtausten og palestinarane si sak som dominerer dagsordenen. Marokko og Algerie vart i år samde om ein felles resolusjon om Vest-Sahara. Dette vart sett på som eit framsteg frå i fjor, då resolusjonen ikkje fekk støtte av Marokko og vart vedteken med eit fleirtal avståingar. PLO viste i år vilje til kompromiss i forhandlingane med EU om resolusjonane om Midtausten og palestinarane sin situasjon. Resolusjonane vart vedtekne i tråd med røystemønsteret frå tidlegare sesjonar.

Debatten om FNs fredsoperasjonar var prega av den vedvarande auken i omfanget av operasjonane, med fokus på mellom anna omorganiseringa av FNs avdeling for fredstryggjande operasjonar, utfordringar knytte til mangelfull vertslandsstøtte, ivaretaking av kjønnsdimensjonen og førebygging og handtering av seksuelle overgrep.

5. komité: FNs toårige budsjett var den store saka i denne komiteen, og dei fem største tilskotsytarane (USA, Japan, Storbritannia, Tyskland og Frankrike) gjorde det tidleg klart at dei ville gå langt for å få til eit nullvekstbudsjett for 2008-2009. Trugsmåla frå dei store tilskotsytarane medverka til at det etter lange forhandlingar vart lagt fram eit budsjett med berre 5 % vekst. USA kravde votering og røysta mot som einaste medlemsland. G77 og EU såg med uro på dette, som dei meinte undergrov budsjettprosessen, som fram til den siste dagen hadde vore god.

6. komité: Forhandlingane om dei ulike spørsmåla i 6. komité gjekk føre seg i ein god og konstruktiv tone og har ikkje skilt seg vesentleg frå tidlegare år. Komiteen vedtok alle resolusjonane med konsensus. Vanskelege spørsmål er ikkje handsama fullt ut, men utsett til komande arbeidsgrupper.

Til forsida