Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 22 (1999-2000)

Kjelder til kunnskap og oppleving

Til innholdsfortegnelse

1 Innleiing

I eit breitt kulturpolitisk perspektiv spelar arkiv, bibliotek og museum ei viktig rolle gjennom å velja ut, ta vare på og leggja til rette ulike former for kunnskapskjelder og informasjon. I eit slikt perspektiv er ingen av institusjonstypane mål i seg sjølve. Dei representerer ulike organisatoriske løysingar og hjelperåder som eit samfunn på ein medveten måte etablerer for å oppnå ein del samfunnsverdiar som det er allmenn semje om bør finnast. Kort kan desse samfunnsverdiane formulerast som like rettar til informasjon og kunnskapskjelder som set einskildindividet i stand til å vera deltakar i eit levande demokrati og som kan vera grunnlag for at samfunnet kan tilby einskildindivida like høve til å utvikla seg som aktive samfunnsdeltakarar.

Arkiv, bibliotek og museum har til felles at dei skal forvalta materiale frå, og formidla kunnskap om, både fjern og nær fortid. Samla rår dei over eit tilfang som gjer det mogleg å setja notida inn i eit historisk perspektiv og såleis fremja ei forståing av at samfunnet i vår tid byggjer på det tidlegare generasjonar har etterlate seg.

Fellesskapen mellom dei tre sektorane er vorten endå sterkare gjennom aukande bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) både i ordning og forvaltning av samlingar og materiale og i formidlingsarbeidet overfor publikum. Dessutan handterar dei tre institusjonstypane i aukande grad digitalt materiale, anten i form av digitalisert representasjon av anna originalmateriale, eller materiale som berre eksisterer i digital form. Dette kan føra til at arbeidsmåtane vil verta meir likearta, og det er naturleg å vurdera nærare korleis samordningspotensialet kan utviklast slik at brukarane kan få lettast mogleg tilgang til kombinerte tenester.

Målet med stortingsmeldinga er såleis å forma rammevilkår som kan gje grobotn for å trekkja full nytte av det potensialet for samordning og samarbeid som ligg føre mellom arkiv, bibliotek og museum, samstundes som det vert lagt til rette for å utvikla dei sektorspesifikke sidene. Samla skal dei kunna yta betre tenester overfor samfunnet.

I samband med utarbeidinga av denne meldinga har det både frå bibliotek- og museumshald vorte sett spørjeteikn ved om det vil vera rett å behandla desse sektorane under eitt. Dei har mange års historie som separate fag- og yrkesfelt og har såleis etablert sjølvforståing og oppfatningar om «dei andre» som i stor monn er tufta på det som skil meir enn det som samlar. M. a. vert det peikt på at bibliotek høver dårleg saman med arkiv og museum, av di biblioteka ikkje har vern av kjeldemateriale som si oppgåve, men å formidla informasjon om sakstilhøve, tufta på relevant og tilgjengeleg materiale, anten det er å finna i tradisjonelle, prenta publikasjonar, i elektronisk form eller i AV-media.

Samanlikningar som i fyrste rekkje festar seg med sektorspesifikke kjennemerke, fører i dette tilfellet på avvegar. Å hevda at hovudkjennemerket ved museums- og arkivarbeid er bevaringsfunksjonane, er like feil som å hevda at bibliotekarbeid berre er å arbeida med den aller nyaste litteraturen i prenta form, eller at museumsarbeid i hovudsak er utstillingsproduksjon. Hovudoppgåvene er å leggja til rette informasjons- og meiningsinnhald med utgangspunkt i ulike typar informasjonsberarar. Kjenneteiknande er systematisk analyse, tolking, tilrettelegging og vidareformidling av meiningsinnhald som ligg i informasjonsberarane, anten det er ein publikasjon, eit kunstverk eller eit arkivstykke. At ein i arkiva og musea arbeider med unika, og difor òg har som oppgåve å tryggja materialet for ettertida, endrar ikkje på den felles tilnærminga til det å handtera meiningsinnhald overfor brukarar. Bevaring er ikkje eit mål i seg sjølv, det er eit naudsynt tiltak som skal tryggja at informasjonsberarane kan tolkast på ny av framtidige generasjonar. Heller ikkje i bibliotekverda er det slik at ein berre fokuserer på det aller nyaste. Relevans og kvalitet er det avgjerande, anten informasjonsberarane er av ny eller eldre dato. Sidan bibliotek i hovudsak arbeider med masseproduserte informasjonsberarar, har ein kunna sentralisera bevaringsarbeidet på feltet gjennom pliktavlevering til Nasjonalbiblioteket og resirkulering av tilsynelatande uaktuelt materiale gjennom Nasjonalbibliotekets depotbibliotek.

Frå eit brukarsynspunkt vil det ofte vera naudsynt å oppsøkja både arkiv, bibliotek og museum for å få fullnøyande kunnskap om eit spesielt tema. I eit slikt perspektiv er det særs viktig for styresmaktene å leggja til rette for god samhandling mellom sektorane og samstundes stimulera til kritisk vurdering av hegemoniserande båsoppfatningar for å tryggja at samfunnet/brukarane kan få best mogleg glede og nytte av arkiv, bibliotek og museum som levande samfunnsinstitusjonar.

Til toppen
Til dokumentets forside