St.meld. nr. 22 (1999-2000)

Kjelder til kunnskap og oppleving

Til innholdsfortegnelse

7 Arkiv, bibliotek og museum i andre land

7.1 Innleiing

Som ei referanseramme for arbeidet med arkiv, bibliotek og museum i Noreg vert det i dette kapitlet presentert eit kort oversyn over dei viktigaste prinsippa for organisering og tiltak i eit utval andre land, og dessutan i UNESCO- og EU-samanheng. Jamvel om det ikkje alltid går å samanlikna tilhøva i dei ulike landa direkte med kvarandre, vil ein ofte kunna få impulsar som kan tena som utgangspunkt for å vidareutvikla arbeidet i norske arkiv, bibliotek og museum. Som på mange andre politikkområde er det stor grunnleggjande prinsipiell likskap mellom dei nordiske landa i utforminga av generell kulturpolitikk. Hovudvekta i gjennomgangen ligg difor på dei. Men når det gjeld arkiv, bibliotek og museum som sektor, er det interessante aspekt å henta i land som Nederland, Storbritannia og Canada med.

7.2 Sverige

Hovudansvaret for arkiv, bibliotek og museum ligg i Kulturdepartementet. Samanlikna med norske tilhøve er det nokre skilnader som står fram. På bibliotekområdet er Kungl. biblioteket,som svarar til Nasjonalbiblioteket, knytt til Utbildningsdepartementet.På den andre sida er heile kulturminnevernet og Riksantikvarieämbetetplassert under Kulturdepartementet.

Arkivverket er på same måten som i Noreg leidd av Riksarkivarien. Riksarkivet tek imot arkiv frå den sentrale statsadministrasjonen, medan eit nett med ti landsarkiv tek imot arkivmateriale frå regionale og lokale statlege organ, på same måten som i Noreg. Ein del län har eigne länsarkiv, og nokre av dei store kommunane har eigne kommunearkiv. Sverige fekk eiga arkivlov i 1990. Lova tok til å gjelda frå 1. juli 1991.

Svensk arkivinformation (SVAR)er ei særskild teneste under Riksarkivet, der publikum mot betaling kan låna eller kjøpa mikrofilmbaserte kopiar av arkivmateriale. Sjølve verksemda er lokalisert til fem stader i Västernorrlands län. SVAR har eksistert sidan 1984. Ei ny eining i Riksarkivet, ARKION, har sidan 1996 arbeidd med å gjera arkivmateriale tilgjengeleg i digital form, fyrst og fremst retta mot utdanning og forsking. Verksemda er fordelt på meir enn 30 stader i Sverige.

Riksarkivet har ei avdeling som arbeider særskilt med privatarkiv, og har sidan 1972 hatt ei eiga nemnd for privatarkiv, som fordeler midlar til institusjonar og organisasjonar. På same måten som i Noreg er Arbetarrörelsens arkiv och bibliotek (ARAB) ein viktig institusjon i arbeidet med privatarkiv. Ulike friviljuge organisasjonar har elles gått saman i Folkrörelsernas Arkivförbund, som har eksistert sidan 1968. Innanfor denne paraplyorganisasjonen er det godt 80 regionale eller lokale arkivinstitusjonar i tillegg til ca. 100 riksdekkjande organisasjonar.

Arkivet för ljud och bild er ein eigen institusjon som har ansvar for radio, TV, film, video, grammofonplater, CD, lydkassettar, multimedia m.m. I Noreg er desse oppgåvene lagde til Nasjonalbiblioteket og Norsk filminstitutt.

Ein spesiell organisasjon er Språk- och folkminnesinstitutet (SOFI),som er eit statleg institutt med oppgåve å samla inn, bevara, bearbeida og gje ut materiale om den immaterielle kulturarven: dialektar, personnamn, stadnamn, folkeminne, og den svenske jazzhistoria. SOFI består av seks arkiveiningar på ulike stader i landet.

Når det gjeld bibliotekfeltet, har Kulturdepartementet ansvar for ei generell biblioteklov som vart innført i 1997. På same måten som i den norske lova er det krav om at kvar kommune skal ha eit bibliotektilbod og at det på länsnivå skal organiserast bibliotektenester med mykje dei same funksjonane som fylkesbiblioteka har her i landet. Tre länsbibliotek fungerer òg som lånesentralar, dit dei andre länsbiblioteka kan venda seg for å få tak i litteratur. Vidare vert det i lova formulert krav om tilgang til bibliotektenester i grunnskulen, i vidaregåande skular og i høgskulane. Lova inneheld i tillegg ein del generelle formuleringar om samarbeid mellom fag- og forskingsbibliotek, folkebibliotek og skulebibliotek. Kommunane har ansvar for folke- og skulebiblioteka, läna for länsbiblioteka og staten for høgskulebibliotek og nokre andre statlege tenester.

Sverige har ein relativt høg bruk av folkebibliotekstenestene. I 1997 vart det registrert godt 80 millionar utlån, og det gjev i medel 9,1 utlån pr. ibuar, nesten to gonger så mykje som i Noreg. Som i andre land er det ein tendens til nedgang for tradisjonelle bøker, medan det er ein klår auke i utlån av andre medium, som plater, kassettar, video og CD-ROM.

Samordningsoppgåver på statleg nivå er fordelte mellom Statens kulturrådog Kungl. biblioteket. I Statens kulturråd ligg ansvaret for utviklingsmidlar til folkebibliotek og for fordeling av statlege midlar til innkjøp av barne- og ungdomslitteratur ved folke- og skulebibliotek. Kulturrådet fordeler dessutan statstilskotet til länsbiblioteka. I viss mon kan arbeidsoppgåvene samanliknast med somme av oppgåvene til Statens bibliotektilsyn i Noreg.

Kungl. biblioteket (KB) har, på same måten som Nasjonalbiblioteket i Noreg, ansvar for pliktavlevert materiale og nasjonalbibliografiske tenester. Grunnlaget for pliktavlevering er Lag om pliktexemplar av dokument. I tillegg er KB eit forskingsbibliotek innanfor humaniora og samfunnsvitskap. KB er dessutan ansvarleg for det felles bibliotekdatasystemet LIBRIS og for samordningsoppgåver mellom fag- og forskingsbibliotek gjennom sekretariatsfunksjonen BIBSAM. Tilsvarande oppgåver i Noreg vert utførte av BIBSYS og Riksbibliotektenesta.

museumsområdet er det eit meir samansett landskap, jamvel om det er noko enklare enn i Noreg. Den største skilnaden er at kvart län har eit länsmuseum som på mange måtar fungerer som eit hovudmuseum innanfor länet. På same måten som i Noreg yter staten tilskot til dei regionale institusjonane, men i Sverige er dei berre 26. Statens kulturråd fordeler statstilskotet til desse musea i samråd med Riksantikvarieämbetet. Med verknad frå 1998 er det innført ei forsøksordning i tre län, der museumstilskotet vert fordelt av länsadministrasjonen.

Det er innført ei ordning med at ein viss prosent av ramma skal gå til særskilt definerte tiltak, og dei aktuelle institusjonane må søkja om tildeling frå desse midlane. I 1997 var denne prosenten 2, i 1999 er prosentsatsen sett til 4. Rekneskapstal for statstilskotet i 1997 var godt 105 mill. kroner. Statstilskotet til dei 26 institusjonane utgjer mellom 10 og 20 pst. av dei samla inntektene deira.

I Sverige med er det organisatoriske landskapet for museum som staten ved Kulturdepartementet har ansvar for, litt komplisert. Kulturdepartementet har driftsansvar for i alt 24 institusjonar i 1999. Ti av desse er statsinstitusjonar («myndigheter»), medan hine i hovudsak er stiftingar.

Det har vore gjort ein del omfattande organisatoriske endringar med dei statlege musea dei seinaste åra. Med nokre unnatak har det vore tale om å samorganisera institusjonar som har eit tematisk slektskap. I 1996 vart ansvaret for fleire museum under Försvarsdepartementet overførte til Kulturdepartementet og har fått namnet Statens försvarshistoriska museer. Ein av institusjonane, Marinmuseet i Karlskrona, vart seinare slegen i hop med Vasamuseet og Statens sjöhistoriske museum til Statens sjöhistoriska museer. Hovudsetet er i Karlskrona. Dei tidlegare Musikmuseet og Statens musikbibliotek har gått saman og formar no Statens musiksamlingar. I 1999 vart Svenskt visarkiv òg overført til denne institusjonen. Same året vart det etablert ein ny institusjon, der ein har slege Folkens museum - etnografiska, Medelhavsmuseet og Östasiatiska museet i Stockholm i hop med Göteborgs etnografiska museum til eit nytt Världskulturmuseum. Institusjonane i Stockholm skal vera der dei er, men det skal byggjast eit stort, nytt museumsbygg i Göteborg, der òg hovudsetet for det samla museet er. Bygget skal vera ferdig i 2002.

Det har òg vore utskiljing av institusjonar frå større organisatoriske einingar. Statens historiska museer vart skild ut frå Riksantivarieämbetet som eigen institusjon med verknad frå 1. juli 1998. I 1998 vart det opna eit stort nybygg for Moderna museet,og med verknad frå 1999 vart institusjonen skild ut frå Statens konstmuseer, der Nationalmuseet er den største institusjonen.

I Kiruna har det sidan 1986 eksistert ein institusjon Stiftelsen föremålsvård,som på oppdrag av Kungl. biblioteket, Riksarkivet og Statens historiska museer utfører konserveringsoppdrag. Andre institusjonar får òg utført arbeid ved dette konserveringsorganet. Den svenske regjeringa har dessutan fastsett at - førebels som eit prøveprosjekt - Stiftelsen föremålsvård skal ha ansvaret for Kulturarvs-IT,eit tiltak der yrkeshemma skal lærast opp til å digitalisera samlingar med foto og dokument. Det skal vera over 120 arbeidsplassar fordelte på Kiruna og to andre stader i Sverige. Tiltaket er finansiert med arbeidsmarknadsmidlar.

Tiltaket er eit framhald av det såkalla SESAM-prosjektet, der fyrst og fremst museum, men òg arkiv innanfor ei økonomisk ramme på 235 mill. svenske kroner sidan budsjettåret 1995-1996 har registrert og digitalisert samlingane sine, samstundes som dei har fått ordna med betre oppbevaringsforhold. Målet har vore å gjera samlingar og kunnskap om samlingane betre tilgjengeleg for allmenta. Gjennom prosjektet har fleire museum fått ordna med delar av etterslepet som gjeld samlingane. Men prosjektet har på langt nær løyst alle problema, og digitaliseringsdelen vert altså ført vidare i det ovannemnde Kulturarvs-IT.

Etter ei tid som prøveprosjekt vart Riksutställningar etablert som ei statleg stifting midt på 1970-talet med oppgåve å produsera og formidla utstillingar til i fyrste rekkje museum og bibliotek, men òg til andre kulturinstitusjonar. I denne perioden vart det lagt stor vekt på eigenproduserte utstillingar innanfor heile museumsfeltet. Med verknad frå 1998 vart stiftinga endra til statsinstitusjon. Hovudvekta ligg no på eksterne produksjonar og samarbeidsprosjekt. I tillegg fungerer Riksutställningar som eit kompetanseorgan i utstillingsarbeid. Medan Riksutstillingar i Noreg berre arbeider med kunst, dekkjer Riksutställningar òg tema som gjeld generell kultur- og naturhistorie.

Ei avdeling i Statens kulturråd har ansvar for museumsspørsmål, m.a. for tildeling av statstilskot til regionale museum.

Sidan 1991 har det eksistert ei samarbeidsgruppe for arkiv, bibliotek og museum med representantar frå dei viktigaste institusjonane. Gruppa har gjennomført prosjekt og elles fungert som rådgjevingsinstans ved tildeling av prosjektmidlar.

Kulturnät Sverige vart etablert som eit forsøksprosjekt i 1996. Målet med kulturnettet er å vera ein inngangsport på Internett til informasjon om og for kultur-Sverige. Vidare skal prosjektet vera ei hjelperåd for kulturinstitusjonar som vil bruka Internett som formidlingsmedium. Informasjon om arkiv, bibliotek og museum utgjer ein viktig del av innhaldet i Kulturnett Sverige. Prosjektet vert frå 2000 etablert som eit permanent tiltak under Statens kulturråd.

7.3 Finland

I Finland er utdanning og kultursaker samla i eitt departement, men med skilde ministrar. Kulturministeren er politisk leiar for den Kulturpolitiska avdelningen. På departementsnivå er det to skilnader samanlikna med Noreg. Både det finske riksarkivet og nasjonalbiblioteket høyrer inn under Utbildnings- och forskningspolitiska avdelningen. Det er Helsingfors universitetsbibliotek som har nasjonalbibliotekfunksjonar. Også ein annan skilnad skal nemnast. I Finland er det eit system med tilskot til kulturverksemd i kommunane. Det gjeld bibliotek, generelt kulturarbeid, idrettsverksemd, ungdomsarbeid, museum, orkester og teater. Tilskota vert rekna ut på grunnlag av såkalla «enhets»-prisar kombinert med folketal og kostnader (bibliotek) eller utførte årsverk (museum).

Riksarkivarien er leiar for Arkivverket, som femner om Riksarkivet og sju landsarkiv. Det finst separate arkivinstitusjonar for Utrikesministeriet og for forsvarsmakta. Finland fekk ei arkivlov i 1981. Lova vart revidert i 1994. Lova gjeld statlege og kommunale styresmakter, forretningsbedrifter i statleg og kommunalt eige, ortodokse kyrkjeorganisasjonar og dessutan private institusjonar i den mon dei utfører offentlege oppgåver. Lova har òg formuleringar som gjeld avlevering og kopiering av privatarkiv til Arkivverket.

Både Riksarkivet og landsarkiva tek imot privatarkiv. Dessutan har ulike politiske parti og fagforeiningsgrupper sine «centralarkiv». Det finst òg eit sentralarkiv for bedrifter og organisasjonar i næringslivet. Finland er kjent for godt utbygde tradisjonsarkiv, m.a. i Finska litteratursällskapet og i Svenska litteratursällskapet. På filmområdet er det eit eige statleg organ, Finlands filmarkiv, som m.a. tek imot pliktavlevert filmmateriale.

bibliotekområdethar som nemnt Helsingfors universitetsbibliotek ansvaret for nasjonalbibliotekfunksjonar. I botnen for desse funksjonane ligg Lagen om friexemplar, som tilsvarar den norske lova om avleveringsplikt av offentleg tilgjengelege dokument. Biblioteket har òg ansvar for eit sekretariat for nasjonal samordning og planlegging på bibliotekfeltet, i fyrste rekkje universitetsbiblioteka.

Folkebiblioteksystemet er sidan 1928 tufta på ei lov som m.a. pålegg kommunane å organisera bibliotektenester. Ei revidert biblioteklov tok til å gjelda frå 1999, og der er m.a. utvikling av nettbaserte bibliotektenester teke inn som eit nytt moment. Alle kommunane har bibliotek (436), mange av dei har bibliotekfilialar (556) og bokbussar (210). Helsingfors stadsbibliotek fungerer som «centralbibliotek» for folkebiblioteka og har i tillegg ansvar for bibliotektenester for innvandrargrupper. I tillegg er det 18 folkebibliotek som fungerer som «landskapsbibliotek» med mykje dei same oppgåvene som dei norske fylkesbiblioteka. Det er eit depotbibliotek i Kuopio som yter tenester til alle typar bibliotek.

Bibliotektilbodet i skulane er i aukande grad tufta på samarbeid med folkebiblioteka.

Alt utlån er gratis, men biblioteka har høve til å ta betaling for andre tenester etter sjølvkostnad. Både folkebibliotek og forskingsbibliotek er opne for eit allment publikum. Det inneber m.a. at studentar bruker båe bibliotekslaga på lik line. Kommunane får statstilskot til bibliotekdrift og til investering i samsvar med definerte retningsliner. I praksis inneber det statstilskot som dekkjer frå 25 pst. til 50 pst. av driftsutgiftene.

Finland høyrer til dei landa i verda som har høgast bruk av folkebibliotektenester. Jamvel om tendensen er svakt fallande, var utlåna på i alt over 102 millionar i 1997. Det gjev ein medel på 20 utlån pr. ibuar. Det er fire gonger så mykje som i Noreg.

Departementet er det sentrale forvaltningsorganet for bibliotekspørsmål, medan «länsstyrelserna» har forvaltningsoppgåver på regionalt og lokalt nivå.

Kulturministeriet har ansvaret for 15 nasjonale museum. Dei to største er Finlands nationalmuseum, som er ei avdeling under Museiverket, og Statens konstmuseum, som femner om tre separate museumseiningar. Dei tretten andre nasjonale musea er spesialmuseum som dekkjer tema som teknikk, arkitektur, kunsthandverk, husflid, glas, sport, arbeidsliv, bilar, jarnbane, fotografi, teater og samisk kultur. Det naturhistoriske museet ved Helsingfors universitet fungerer som nasjonalmuseum i naturhistoriske fag som botanikk, zoologi, geologi og paleontologi.

På det regionale nivået er det 20 landskapsmuseum og 16 kunstmuseum. Alt i alt er det meir enn 900 museum og samlingar i Finland, men berre rundt 140 av dei har profesjonell heilårsdrift.

Som nemnt ovanfor er det eit tilskotssystem som inneber at lokale og regionale institusjonar får statstilskot etter utførte årsverk. Konkret utgjer statstilskotet om lag 40 pst. av dei samla utgiftene i desse musea. Kommunar står for 40 pst. og dei resterande 20 pst. er ulike former for eigeninntekter.

Museiverketer det sentrale organet for dei finske musea. Verksemda er regulert i ei eiga lov. Museiverket har òg kulturminnevernoppgåver som i Noreg ligg under Riksantikvaren. På museumsområdet forvaltar Museiverket midlar til bygg- og anleggsprosjekt. Dessutan er det ei avdeling som arbeider spesielt med utviklings- og samarbeidsspørsmål, i tillegg til koordinering av internasjonalt samarbeid på museumsfeltet.

7.4 Danmark

Danmark har ei organisering av verksemda i arkiv, bibliotek og museum som er svært lik den norske. Den største skilnaden er at også ein del av kulturminnevernet ligg under Kulturministeriet, i og med at Rigsantikvaren samstundes er leiar av Nationalmuseet og den delen av kulturminnevernet som gjeld arkeologiske utgravingar. Ansvaret for fortidsminne in situ, bygnings- og landskapsvern ligg under Skov- og naturstyrelsen, som er eit organ under Miljø- og energiminsteriet.

Danmark har hatt arkivlov heilt sidan 1889, men ei ny lov vart vedteken i 1992 og endra i 1997. Rigsarkivaren er leiar for Statens Arkiversom er samansett av Rigsarkivet, fire landsarkiv (i København, Odense, Aabenraa og Viborg), Erhversarkivet i Århus (arbeider med arkiv frå næringslivet) og Dansk Data Arkiv, som primært samlar inn, arkiverer og formidlar samfunnsvitskapleg datamateriale. Ved eit av landsarkiva finn ein Statens Arkivers Filmningscenter, som står føre mikrofilming av kjeldemateriale for alle institusjonane i Statens Arkiver.

På same måten som i dei andre nordiske landa er hovudfokus på offentlege arkiv, men Statens Arkiver tek òg imot privatarkiv i samsvar med dei reglane som gjeld i arkivlova. Erhvervsarkivet har t.d. sidan etableringa i 1948 retta verksemda si mot det private næringslivet.

Arbeidet med lokalhistoriske og andre privatarkiv har lenge stått sterkt i Danmark. Sidan 1949 har små og store arkivinstitusjonar vore knytte til Sammenslutningen af Lokalarkiver, og i dag har organisasjonen over 430 medlemer.

Det Kongelige Bibliotek (KB)er nasjonalbibliotek i Danmark samstundes som det fungerer som universitetsbibliotek for Københavns Universitets fakultet for humaniora, teologi, samfunnsvitskap og jus. Kulturministeriet har òg ansvaret for Danmarks Natur- og Lægevidenskabelige Bibliotek, Danmarks Blindebibliotek og Statsbiblioteket i Århus. Det sistnemnde deler nasjonalbibliotekoppgåver med KB og er ansvarleg for Statens Avissamling, som er landets hovudsamling av danske aviser, og for Statens Mediesamling, som er senter for innsamling og bevaring av dansk audiovisuelt materiale.

Dansk BiblioteksCenter (DBC)er eit samarbeidstiltak mellom staten, kommunane og Gyldendal. Oppgåvene femner om å vera eit senter for bibliografisk registrering og publisering og dessutan å ha driftsansvaret for ein felles infrastruktur for IKT, gjennom biblioteksystemet DanBib. DBC utfører store delar av dei nasjonalbibliografiske oppgåvene i ei arbeidsdeling med Det Kongelige Bibliotek. I Noreg ligg tilsvarande arbeidsoppgåver til Biblioteksentralen, BIBSYS og Nasjonalbiblioteket.

Det faglege samordningsorganet er Biblioteksstyrelsen.Dette organet vart etablert i 1998 ved å endra det tidlegare organet Statens Bibliotekstjeneste. Oppgåvene for Biblioteksstyrelsen er å fremja samarbeid og utvikling i eit samla dansk bibliotekfelt. Organet forvaltar lov om folkebiblioteker og lov om biblioteksafgift, er rådgjevande overfor Regjeringa i alle bibliotekspørsmål og har rettleiande funksjonar overfor andre styresmakter og andre bibliotek. Biblioteksstyrelsen har formannsskap og sekretariat for Det Faglige Fællesråd for folke- og forskningsbiblioteker. Biblioteksstyrelsen har ansvar for eit viktig utviklingsprosjekt, Danmarks Elektroniske Forskningsbibliotek, som i perioden 1998 til 2002 skal byggja ein samla, elektronisk inngang til kjende og nye bibliotekressursar over Internett.

Også det danske folkebiblioteksystemet er tufta på ei biblioteklov som pålegg kommunane å organisera bibliotektenester. Gratisprinsippet gjeld som hovudregel, men biblioteka kan ta betalt for spesialtenester. I kvart amt har eitt folkebibliotek funksjon som centralbibliotek. Med verknad frå 1994 har staten ansvar for utgiftene til centralbiblioteka. Utlåna i folkebiblioteka låg på godt 86 millionar i 1997, og då er alle medietypar medrekna. Det gjev i medel 16,2 utlån pr. ibuar pr. år. Bokutlånet var 72,3 millonar, dvs. 13,6 utlån pr. ibuar.

museumsområdet er ei museumslov det viktigaste verkemiddelet for dei 152 musea som får statstilskot til drifta. Dei utgjer om lag helvta av musea i Danmark. Mellom dei musea som lova femner om, er sju statlege, sju har amt som eigarar, 26 er kommunale og 112 er sjølveigande eller åtte av organisasjonar. Fordelte etter museumstype er 40 av institusjonane kunstmuseum, 108 er kulturhistoriske museum og fire har naturhistorie som tematisk hovudområde.

Blant dei statlege musea er Nationalmuseetog Statens Museum for Kunst dei dominerande institusjonane. Det fyrstnemnde har ansvaret for arkeologiske funn og generell kulturhistorie, også etnografika, medan det andre er nasjonalgalleri og hovudmuseum for biletkunst. I tillegg til desse to har staten ansvaret for tre kulturhistoriske spesialmuseum og to mindre kunstmuseum.

Museumslova definerer oppgåver for dei statlege musea, set opp ei rekkje krav til dei musea som skal få statstilskot og gjer greie for eit utrekningssystem for statstilskotet.

Statens Museumsnævn er statens organ for samordning blant musea, det gjev råd til departementet og fordeler rådveldemidlar til musea. I kvar amtskommune er det eit museumsråd som skal samordna og fremja museumsarbeidet i amtet.

I perioden 1996-1999 har det vore gjennomført såkalla regionale kulturforsøg, dvs. ei ordning der statsstøtta til ei rekkje kulturtiltak har gått til regionalt forvaltningsnivå for så å verta vidarefordelt til institusjonane. Forsøket er evaluert, og som ei oppfølging har den danske kulturministeren gjort framlegg om at det skal etablerast ei ordning med friviljuge kulturkontraktar mellom ministeriet og amt, einskildkommunar eller fleire kommunar/amt i samarbeid, om finansiering og drift av kulturtiltak. Kontraktane skal gjelda i fire år og m.a. identifisera dei økonomiske pliktene som staten og det regionale/lokale nivået skal ha. I tilknyting til kontraktane skal det skipast lokale/regionale fagråd som skal ha innstillande funksjon overfor dei politiske styresmaktene.

Danmark var det fyrste landet som i 1996 etablerte eit Kulturnet Danmark som inngangsport til Internett-basert informasjon om og for kulturlivet i Danmark. I fyrste omgang har informasjonen vore avgrensa til statlege institusjonar eller institusjonar med statstøtte, med arkiv, bibliotek og museum som viktige bidragsytarar.

7.5 Nederland

I Nederland er ansvaret for arkiv, bibliotek og museum sidan 1995 samla i Ministerie van Onderwijs, Cultuur en Wetenschappen (Ministry of Education, Culture and Science).Internt i departementet finn ein spørsmål som gjeld arkiv og museum i Cultural Heritage Department, og bibliotekfeltet i avdelinga for Media, Language & Literature and Libraries.

I Nederland har det sidan 1988 vore ei lov Wet op het Specifiek Cultuurbeleid (Specific Cultural Policy Act) som identifiserer det ansvaret departementet har for kulturfeltet. M.a. skal ministeren kvart fjerde år leggja fram for nasjonalforsamlinga eit kulturpolitisk dokument som inneheld ei statusvurdering og planlagde tiltak for dei komande fire åra. Dette har m.a. ført til at kulturinstitusjonane må leggja fram langtidsplanar som underlag for budsjettsøknader.

Departementet har eit rådgjevande organ Raad voor Cultuur (Council for Culture) som har teke opp i seg tidlegare separate rådsorgan innanfor kunstfeltet, kulturarv, medium og bibliotek/informasjon.

arkivområdetutgjer Rijksarchiefdienst (Dutch State Archives Services) det samla arkivverket. Algemeen Rijksarchiefer den sentrale eininga i Haag. I tillegg omfattar arkivverket elleve arkiv i provinshovudstadene, og dei har ansvar for arkiva til dei regionale og statlege styresmaktene i dei aktuelle provinsane. Ei ny arkivlov frå 1996 legg m.a. opp til at offentlege organ skal overføra arkiva sine til arkivverket etter 20 år. Tidlegare var tidsgrensa 50 år. Regelen om avlevering etter 20 år skal setjast i kraft frå 2002.

I Nederland med tek arkivverket vare på privatarkiv, og Rijksarchiefdienst har ansvaret for eit sentralregister over privatarkiv.

I tilknyting til den store satsinga på å ordna museumssamlingar i Delta-prosjektet (sjå nedanfor) har òg arkivverket i Nederland sidan 1990 fått ekstra midlar til registrerings- og bevaringstiltak.

Nederland har ikkje eiga biblioteklov, men den ovannemnde kulturlova inneheld retningsliner for folkebiblioteka. Dei fleste kommunane har folkebibliotek, mange har òg eit godt utbygt nettverk av bibliotekavdelingar. Det er såleis over 1100 folkebibliotek og bibliotekavdelingar i landet. I tillegg kjem meir enn 100 bokbussar med ca. 2000 stoggestader. I kvar provins er det eit «provinsbibliotek» (Provinciale Biblioteekcentrale, PBC), som m.a. har ansvar for bokbussane. Provinsane har vidare ansvaret for 13 bibliotek med spesialsamlingar (Wetenschappelijke steunfuntie).

Fram til 1987 vart folkebiblioteka finansierte av staten. Seinare har provinsar og kommunar hatt driftsansvaret.

Dei som skal bruka bibliotek, må registrera seg som brukarar og betala ei medlemsavgift. I underkant av 30 pst. av dei 15,5 millionar ibuarane i landet, dvs. 4,6 millionar, er registrerte bibliotekbrukarar. I gruppa born og unge opp til 17 år er 64 pst. registrerte bibliotekbrukarar. Eit samla utlån på nær 183 millionar einingar i 1994 gjev ein medel på 40 einingar pr. brukar. Reknar ein òg samla utlån pr. ibuar, låg det på i underkant av 12 einingar i 1994, meir enn dobbelt så høgt som i Noreg.

Alle folkebiblioteka er medlemer i Nederlands Bibliotheek- en Lektuur Centrum, NBLC, saman med over sju hundre andre institusjonar som skular, skulebibliotek, vaksenopplæringssentra o.a. Sidan 1993 har NBLC vore delte i to separate einingar: NBLC Foundationarbeider med betalte tenester og produkt, medan NBLC Association arbeider med bibliotekpolitiske spørsmål.

Nasjonalbiblioteket, Koninklijke Bibliotheek, tek imot alt som er publisert på nederlandsk. Avleveringa er tufta på at forlag og utgjevarar friviljug overlet eksemplar til Koninklijke Bibliotheek. Biblioteket spelar òg ei svært sentral rolle innanfor humanistiske fag og er det sentrale biblioteket i fleire store satsingar som gjeld utvikling av digitale bibliotektenester, både nasjonalt og i EU-samanheng.

I Nederland vert det rekna at om lag 750 museum og samlingar er opne for publikum. Dei fleste av desse er drivne av organisasjonar eller stiftingar. Kommunar og provinsar har ansvar for godt 130 museum, medan staten har driftsansvar for godt 50 institusjonar. Ministry of Education, Culture and Science er ansvarleg for 30 av desse, m.a. Rijksmuseum i Amsterdam, med omfattande samlingar både innanfor kunst og generell kulturhistorie. Dei resterande musea er det andre departement som har ansvar for.

I åra 1993-1995 vart alle dei statlege musea omgjorde til frittståande, sjølvstendige organisasjonar. Samlingar og bygningar er framleis statleg eigedom, og det økonomiske ansvaret er framleis statleg. Men som driftsorganisasjonar har dei aktuelle musea fått større ansvar og fridom.

For kunstmusea spelar institusjonen Rijksbureau voor Kunsthistorische Documentatie (The Netherlands Institute for Art History) ei viktig rolle. Instituut Collectie Nederland (ICN) vart etablert i 1997 då ein slo saman tre separate, statlege organ innanfor konserveringsarbeid og -undervisning. Det nye organet driv med FoU på konserveringsspørsmål, gjev råd og opplæring i konserveringsarbeid og har ansvaret for statlege gjenstandssamlingar som ikkje er i museum.

Den nederlandske museumsorganisasjonen De Nederlandse Museumvereniging (NMV)innførte i 1997 ei friviljug registreringsordning for museum etter mønster frå ei tilsvarande ordning i Storbritannia, jf. kap. 8.6 nedanfor. Det er eit opplegg der museum vert evaluerte i høve til ein del krav som gjeld vedtekter, organisering, arbeid med samlingane, formidlingsarbeid, økonomi og utdanning av dei tilsette. Ein kommisjon vurderer dei einskilde institusjonane, og dei musea som stettar krava, får ei form for sertifikat. Institusjonar kan få ei førebels godkjenning, samstundes som dei får hjelp og rettleiing til å møta dei krava som dei ikkje fyller. Ordninga vert gjennomført provins for provins. Pr. februar 1999 hadde 24 museum fått godkjenning, 34 hadde fått førebels godkjenning, og sju institusjonar stetta ikkje krava.

Den store satsinga på museumsfeltet i 1990-åra har vore den såkalla Delta-planen, The Delta Plan for the Preservation of the Netherlands Cultural Heritage. Sidan 1990 har det årleg vore løyvd ca. NLG 28 millionar til omframme tiltak for å tryggja og registrera museumssamlingar. Ein mindre del av midlane har vore nytta på arkivområdet. Delta-planen skal avsluttast i 2000. Opplegget har vore modell for andre aksjonar, m.a. i Sverige.

I 1997 vart det etablert eit prosjekt Erfgoed Actueel som skal betra samarbeidet mellom kulturarvsinstitusjonar og skuleverket med tanke på å få til meir aktiv bruk av informasjon og kunnskap som desse institusjonane forvaltar, i skulesamanheng.

Ministerie van Onderwijs, Cultuur en Wetenschappen har i tillegg ansvar for kulturminnevernet. Sentrale institusjonar er Rijksdienst voor de Monumentenzorg, RDMZ (The Netherlands Department for the Conservation of Historic Buildings and Sites), som tek seg av bygningsvernet og Rijksdienst voor het Oudheidkundig Bodemonderzoek, ROB (State Service for Archaeological Investigations),som er det sentrale fagorganet innanfor den arkeologiske delen av kulturminnevernet. Den seinaste lova frå 1988 legg opp til stor grad av desentralisert mynde på kulturminnevernområdet. Det inneber i praksis at kommunane utgjer det operative nivået i fleire spørsmål, medan dei sentrale organa har rettleiande og rådgjevande funksjonar.

7.6 Storbritannia

I dette oversynet er interessa konsentrert om samordnings- og rådgjevingsorgan innanfor arkiv, bibliotek og museum, m.a. av di det fram til april 2000 pågår ei etter måten omfattande omstrukturering av eksisterande organ.

I Storbritannia er ansvaret for bibliotek og museum i Department for Culture, Media and Sport.Det som tilsvarar vårt Riksarkiv, Public Record Office (PRO),er eit organ under The Lord Chancellor's Department, og har sidan 1992 hatt ein relativt sjølvstendig status med ansvar for arkivmateriale frå Storbritannia, England og Wales. Skottland har sitt eige National Archives of Scotland, og Nord-Irland har òg sitt eige arkivorgan.

Grunnlaget for arbeidet i Public Record Office er Public Records Acts frå 1958 og 1967. Hovudvekta er lagd på sentraladministrasjonen, m.a. med eit system der kvart departement har eigne arkivmedarbeidarar som arbeider under tilsyn frå PRO. To organ har rådgjevande funksjonar i arkivspørsmål. Det eine er Advisory Council on Public Records, som m.a. innstiller i saker som gjeld frigjeving av arkivdokument. Det andre organet er The Royal Commission on Historical Manuscripts (HMC), som gjev rettleiing og driv utviklingsarbeid på arkivmateriale som ikkje er omfatta av PROs ansvar. HMC har ansvaret for The National Register of Archives og arbeider m.a. med å utvikla nettbasert tilgang til arkivmateriale, i tillegg til at dei gjev råd og rettleiing i spørsmål som gjeld arkivlokale og bevaring av arkiv.

bibliotekfeltet er British Library den sentrale institusjonen med nasjonalbibliotekfunksjonar. Pliktavlevering av prenta materiale til British Library er heimla i Copyright Act 1911. Fem andre bibliotek, m.a. nasjonalbiblioteka i Wales og Skottland, får pliktavleveringseksemplar. Eit framlegg til å utvida pliktavlevering til òg å gjelda film, video og elektroniske medium vert no vurdert.

Folkebiblioteka er eit ansvar for lokale styresmakter. I botnen for verksemda ligg ei kombinert bibliotek- og museumslov, Public Libraries and Museums Act 1964. Med verknad frå 1998 har Department for Culture, Media and Sport innført ei ordning der 149 bibliotekstyresmakter skal leggja fram årlege bibliotekplanar. Departementet har vidare varsla at det vil etablera ein minimumsstandard for bibliotektenester i folkebibliotek i 2000.

På rådgjevings- og samordningssida er det to organ når det gjeld bibliotekspørsmål: Advisory Council on Libraries, som i hovudsak arbeider med folkebibliotekspørsmål, og The Library & Information Commission (LIC), som sidan 1995 har arbeidd med generell rådgjeving og utviklingsarbeid som gjeld informasjons- og bibliotekpolitikk. Frå april 1999 overtok LIC forskingsoppgåver og -midlar frå British Library. Eit viktig utviklingsprosjekt innanfor LIC er The New Library Network, som emnar mot å knyta alle folkebibliotek og skular saman i eit nettverk innan utgangen av 2002. M.a. tek ein sikte på å utvikla biblioteka som viktige aktørar i eit samfunn der livslang læring er eit primærgrunnlag for utvikling av velferdssamfunnet.

Det er framlegg om å leggja ned dei to ovannemnde bibliotekorgana og overføra arbeidsoppgåvene til eit nytt, strategisk organ for arkiv, bibliotek og museum, jf. nedanfor.

museumsområdet er Museums and Galleries Commission (MGC)det sentrale rådgjevingsorganet for departementet, samstundes som det forvaltar ein del prosjekt- og utviklingsmidlar. I alt vert det rekna å vera over 2500 museum og samlingar i Storbritannia. Av desse er om lag 1800 registrerte i MGCs registreringsopplegg, som vart innført i 1988 og utvida i 1995. Det er eit relativt einfelt system med spesifikasjon av standardar for museum og galleri. Meininga med opplegget er å betra kvaliteten på institusjonane og arbeidet dei gjer.

Ei gruppe på 17 museum har samlingar og kompetanse som er svært viktig både i nasjonal og internasjonal samanheng, og denne gruppa vert kalla nasjonale museum. Heilt eller delvis er dei finansierte av departementet. Dei seinaste åra er det skipa ei anna gruppe, kalla Designated Museums. Det er ikkje-nasjonale institusjonar med samlingar som er viktige anten i nasjonal eller internasjonal samanheng. I alt er det tale om 51 samlingar i 43 driftseiningar. Med verknad frå 1999 er det sett i gang eit særskilt treårig utviklingsprogram for denne museumsgruppa, kalla The Designation Challenge Fund.

MGC har finansieringsansvar m.a for sju Area Museum Councilsi England og eit organ for etter- og vidareutdanning, Cultural Heritage National Training Organisation, som femner om både museums- og kulturminneverninstitusjonar. Det er framlegg om at MGC skal avviklast som organ og at arbeidsoppgåvene skal overførast til eit nytt organ, jf. nedanfor.

Departement for Culture, Media and Sport har òg ansvar for kulturminnevernet. Fram til april 1999 var English Heritage og Royal Commission on the Historical Monuments of England viktige organ for departementet. No er dei kopla i hop til eitt organ med namnet English Heritage.

Som alt nemnt har departementet etter ein høyringsrunde mellom interessentar i ein samla arkiv-, bibliotek- og museumssektor sett i gang eit arbeid med å skipa eit nytt organ for arkiv, bibliotek og museum, kalla Museums, Libraries and Archives Council (MLAC). Etter planen skal dette organet vera i funksjon i april 2000. Arbeidsoppgåvene i Library and Information Council og i Museums and Galleries Commission skal overførast til det nye organet. I tillegg skal arkivspørsmål òg integrerast i organet.

I bakgrunnsmaterialet for å forma eit nytt organ peiker departementet m.a. på at dei tre sektorane til saman «utgjer eit nasjonalt skattkammer som kan gje alle høve til å oppleva og læra». Det vert vidare peika på korleis bruk av IKT medfører utfordringar og potensial som i aukande grad er likearta for dei tre sektorane. Ei arbeidsgruppe har formulert målsetjingar for det nye organet og legg vinn på at det må arbeida mot a) å betra tilgangen til samlingar, informasjon og opplevingar, b) å utvikla bruken av arkiv, bibliotek og museum i utdanningssamanheng, c) å utvikla kompetanse og framifrå standardar og d) å arbeida for at arkiv, bibliotek og museum kan medverka positivt til økonomisk utvikling.

National Lottery har gjeve økonomisk grunnlag for fleire nye utviklingstiltak og prosjekt innanfor arkiv, bibliotek og museum. Heritage Lottery Fund har vore eit sentralt verkemiddel, det same gjeld New Opportunity Funds,som m.a. finansierer det ovannemnde The New Library Network og opplæring i bruk av IKT for tilsette i bibliotek.

Eit anna sentralt tiltak som har relevans for arkiv, bibliotek og museum, er eit omfattande program i utdanningssektoren, The National Grid for Learning. Det er eit tiltak som fokuserer på læringsressursar på Internett. Gjennom dette programmet og med midlar frå National Lottery har eit interessant samarbeidstiltak for arkiv, bibliotek og museum kunna realiserast i Skottland. Det gjeld The Scottish Cultural Resources Access Network (SCRAN), som arbeider med å digitalisera utvalde delar av samlingar i arkiv, bibliotek, museum og universitet til bruk i utdanningssamanheng.

7.7 Canada

Storparten av aktiviteten i canadisk kulturliv vert finansiert av provinsane og kommunane, dersom ein ikkje reknar med utgifter på føderalt nivå til kringkastingsføremål. I 1994-95 utgjorde dei føderale utgiftene om lag 27 pst. av dei samla offentlege utgiftene til kulturføremål. Department of Canadian Heritage har ansvar for kanadisk kulturpolitikk på føderalt nivå. Innanfor arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet høyrer òg kulturminne- og naturvernet slik det er organisert i Parks Canada.

På føderalt nivå er National Archives of Canada den sentrale institusjonen på arkivfeltet. Verksemda er regulert i National Archives Actfrå 1987. Arkivet har ni regionale avdelingar som tek seg av arkiva frå statlege organ i provinsane. National Archives of Canada har eit særmerke i at dei heilt frå starten i 1872 har hatt sterke innslag av privatarkiv og dessutan anna tilfang som m.a. filmmateriale, video, kunst (både litteratur og biletkunst), filatelisamlingar, fotografi og arkitektteikningar. Hovuddelen av materialet er likevel knytt til dokumentarkiv frå sentraladministrasjonen.

I alt vert det rekna å vera over 800 små og store arkivinstitusjonar i Canada. Eit viktig samarbeidsorgan som er finansiert av National Archives, er Canadian Council of Archives. Organet fordeler m.a. midlar til arkivfaglege utviklingsprosjekt

Heilt sidan National Library of Canada vart etablert i 1953, har institusjonen hatt nært samarbeid med National Archives. Sidan 1967 har båe institusjonane vore delvis samlokaliserte med ein del felles tekniske og administrative funksjonar. National Library har ansvaret for vanlege nasjonalbibliotekoppgåver knytte til avlevering av prenta materiale i Canada, uavhengig av medium. Institusjonen har m.a. ansvar for eit fjernlånsystem med generelle retningsliner for fjernlån mellom bibliotek. National Library har òg ein leiande posisjon i eit samarbeidsltiltak som gjeld utvikling av digitale bibliotektenester, The Canadian Initiative on Digital Libraries.

Både National Archives og National Library har sterke posisjonar i internasjonalt arbeid innanfor arkiv og bibliotek.

I samband med ei evaluering av både National Archives og National Library har Department of Canadian Heritage fastsett at det skal oppnemnast eit felles Advisory Board for dei to institusjonane.

Folkebiblioteknettet er godt utbygd med 1040 organisatoriske einingar med nær 3700 utlånsstader i 1995. Utlånsraten pr. ibuar i 1995 var 8,6. På føderalt nivå er National Library den viktigaste institusjonen for folkebiblioteka.

Det er rekna å vera meir enn 2100 museum og museumsliknande institusjonar i Canada. I ei statistisk undersøking frå 1993-94 utgjorde musea 1240 institusjonar. Viktige føderale organ innanfor sektoren er Canadian Heritage Information Network (CHIN) og Canadian Conservation Institute (CCI). CHIN har eksistert sidan 1972 og har heile tida arbeidd med bruk av IKT i museum. Frå å vera ein databasevert for eit sentralregister over museumsgjenstandar har CHIN utvikla seg til òg å vera eit kompetansesenter for alle kanadiske museum når det gjeld å ta i bruk IKT både i internt arbeid og i eit formidlingsarbeid der digital tilrettelegging av museumsmateriale vert stendig viktigare. CCI er eit sentralorgan innanfor konserveringsfeltet med både FoU-, rådgjevings- og oppdragsfunksjonar.

Department of Canadian Heritage forvaltar stimuleringsprogram på museumsfeltet. Viktigast har vore Museum Assistance Program (MAP) der institusjonar kan få tilskot m.a. til kompetanseoppbygging og opprusting av bygningar. Eit anna program er Young Canada Works in Heritage Institutions som gjev støtte til arkiv, bibliotek og museum som sysselset ungdomar i sommarhalvåret.

7.8 Arkiv, bibliotek og museum i UNESCO-samanheng

UNESCOs mål er å medverka til fred og tryggleik ved å fremja internasjonalt samarbeid innanfor utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. UNESCO har eit nært samarbeid med nasjonale og internasjonale statlege og friviljuge organisasjonar.

UNESCO er både eit forum for utveksling av kunnskapar og idear og ein organisasjon som gjennomfører praktiske samarbeidstiltak innanfor sine arbeidsfelt - særleg i utviklingsland.

Innanfor UNESCO-systemet er arbeidet som er knytt til arkiv, bibliotek og museum, i hovudsak retta mot å utarbeida retningsliner og konvensjonar for medlemslanda og yta prosjektstøtte gjennom ulike program.

Convention for the Protection of Cultural Property in the Event of Armed Conflict. The Hague, 14 May 1954 gjev retningsliner for korleis partane i krigssituasjonar skal unngå å øydeleggja ulike former for kulturminnesmerke. Noreg ratifiserte konvensjonen i 1961. Ein protokoll nummer to til denne konvensjonen vart utarbeidd i mars 1999.

Convention on the Means of Prohibiting and Preventing the Illicit Import, Export and Transfer of Ownership of Cultural Property. Paris, 14 November 1970 er ein freistnad på å koma til rette med all ulovleg eksport og import av materiale som på ulik vis kan seiast å høyra til kultur- og naturarven i eit land. Av dei nordiske landa er det førebels berre Finland som har ratifisert konvensjonen. Eit konkret resultat av arbeidet i tilknyting til konvensjonen er ein privat database over stolne gjenstandar, The Art Loss Register og eit internasjonalt samarbeid gjennom INTERPOL om å finna og tilbakeføra stolne gjenstandar.

The Convention Concerning the Protection of the World Cultural and Natural Heritage (the World Heritage Convention)vart vedteken av generalkonferansen i UNESCO i 1972. Noreg ratifiserte konvensjonen i 1977, som gjev retningsliner for korleis medlemsstatane skal velja ut og etablera vernetiltak for det som kan kallast natur- og kulturarv. I tilknyting til generalkonferansane i UNESCO møtest representantar for dei landa som har ratifisert konvensjonen, til separate generalkonferansar om konvensjonen. Mellom hovudoppgåvene er å fastsetja tilskota frå medlemslanda til World Heritage Fund og å velja medlemer i World Heritage Committee. Denne komiteen fungerer som eit styre med m.a. ansvar for å vurdera nye kandidatar til The World Heritage List. I Noreg har følgjande fått plass på denne lista: Urnes stavkyrkje (1979), Bryggen i Bergen (1979), Røros (1980) og bergskurden i Alta (1985). Sidan 1996 har det på prosjektbasis eksistert eit nordisk verdsarvkontor. Kontoret er skipa etter avtale (som førebels gjeld fram til 2001) mellom den norske regjeringa og UNESCO. Verdsarvkontoret ligg i Oslo. Hovudføremålet er å styrkja det arbeidet som UNESCO World Heritage Centre i Paris gjer for å ta vare på kultur- og naturarven i heile verda, gjennom å implementera konvensjonen i dei nordiske landa, samarbeidsland i Baltikum og den tredje verda.

Det skal òg nemnast at det på generalkonferansen i 1989 vart vedteke ei tilråding som gjeld vern av folkeminne m.a., Recommandation on the Safeguarding of Traditional Culture and Folklore. M.a. har det gjeve som resultat ei handbok i innsamling av tradisjonsmusikk og musikkinstrument. Likeins er det sett i gang eit prosjekt, Living Human Treasures, som tek sikte på å samla inn det ein kan kalla handlingsboren kunnskap innanfor handverk og kunst.

Ein viktig aktør i fleire av UNESCOs initiativ på kulturavsfeltet er International Centre for the Study of the Preservation and Restoration of Cultural Property (ICCROM).Organisasjonen vart etablert av UNESCO i 1956, og 95 land er medlemer. ICCROM er eit FoU- og kompetansesenter innanfor heile konserveringsområdet med stor vekt på dokumentasjon og rådgjeving. Ein annan viktig samarbeidspart når det gjeld arbeidet med bygningsvern, er International Council on Monuments and Sites (ICOMOS).

Arkiv, bibliotek og museum spelar òg ei viktig rolle i det seinaste UNESCO-initiativet på kulturområdet. I perioden 1992-1995 arbeidde ein kommisjon, oppnemnd av UNESCO og SN i fellesskap, med spørsmål som gjeld kultur og utvikling. Denne World Commission on Culture and Developmentla fram ein rapport i 1995, Our Creative Diversity, der det vart peikt på den viktige rolla kulturen har som grunnlag for all utvikling. Som ei oppfølging av rapporten vart det halde ein konferanse i Stockholm våren 1998, der det som eit resultat vart semje om eit handlingsprogram for kultur og utvikling, The Power of Culture. Der vert kulturarv generelt framheva som ein viktig del av kulturgrunnlaget i medlemsstatane, samstundes som det vart streka under kor viktig det er å ha ein god infrastruktur med arkiv, bibliotek og museum.

Når det gjeld UNESCO-oppgåver innanfor arkiv, bibliotek og museum som separate sektorar, skal det nemnast at det er laga manifest som gjeld retningsliner for korleis medlemsstatane skal etablera og driva folkebibliotek og skulebibliotek. Under General Information Programme vert det gjeve støtte til å styrkja oppbygging av bibliotekinfrastruktur eller einskildbibliotek. M.a. vert det gjeve støtte til oppattbygging av nasjonal- og universitetsbiblioteket i Sarajevo etter krigshandlingane i Bosnia. Det store, nye biblioteket i Alexandria får òg UNESCO-støtte.

The Memory of the World Programme har delprosjekt som både inkluderer bibliotek og arkiv. Førebels har 22 land plukka ut godbitar frå bibliotek og/eller arkiv som skal presenterast på Internett i digitalisert form. I Norden er Finland og Danmark med i prosjektet.

Sidan 1979 har UNESCO hatt eit spesielt program for arkivarbeid, Archives - Records and Archives Management Programme. M.a. vert det gjeve råd i samband med lovgjeving på arkivområdet, og ein har saman med International Council on Archives (ICA) utvikla ein standard for korleis arkiv skal beskrivast.

På museumsområdet har ikkje UNESCO nokon særskild aktivitet. Men ein sjølvstendig søsterorganisasjon, International Council of Museums (ICOM), som er samlokalisert med UNESCO i Paris, representerer den internasjonale plattforma for samarbeid og utviklingsprosjekt innanfor museumsfeltet. ICOM er ein organisasjon tufta på institusjons- og personmedlemskap. UNESCO gjev støtte til ICOM og samarbeider med organisasjonen i spørsmål som gjeld museum.

7.9 Arbeidet med arkiv, bibliotek og museum i EU

Før 1990 hadde EU-landa berre sporadisk samarbeid om kultur, media og idrett. Ut over på 90-talet vart det gjort opptak til å skipa eigne program som skulle fremja samarbeidet på desse områda. EU-samarbeidet på kulturområdet er i dag tufta på Maastrich-traktaten, og målet er at Fellesskapen skal stø utviklinga av kulturen i medlemslanda med vørdnad for det nasjonale og regionale mangfaldet og samstundes framheva den felles kulturarven. Fellesskapen skal fremja samarbeid landa imellom og kan m.a. støtta tiltak for å spreia kunnskapen om dei europeiske folks kultur og historie og til å verna og ta vare på kulturarv av særleg europeisk verde.

I 1992 la Kommisjonen fram eit handlingsprogram for kultursamarbeidet som etter kvart munna ut i tre program, Kaleidoskop, Ariane og Rafael. Ariane vart vedteke i 1997 og gjaldt bøker og lesing og støtte til omsetjing av samtidslitteratur, medan Rafael-programmet for perioden 1997 - 2001 gjeld støtte til vern av kulturarven og har ei budsjettramme på 30 millioner ECU, ca. 250 millioner kroner, over fire år.

Sidan 1996 har Noreg vore med i EUs pilotprogram og i dei ordinære programma etter kvart som dei er vedtekne, og samarbeidet er tufta på protokoll 31 i EØS-avtalen, som gjeld samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridomane. Artikkel 13 opnar for at EFTA/EØS-landa kan delta i alle aktivitetar som EU har på kulturområdet. Borgarar frå Island, Liechtenstein og Noreg kan søkja støtte og tevla på lik line med søkjarar frå medlemslanda om midlar frå kulturprogramma.

Rafael-programmet femner om kulturarven i brei meining, og arkiv, bibliotek, museum og samlingar er spesifikt nemnde. Målet er å medverka til at landa tek vare på kulturminna sine ved å utvikla og utveksla røynsler og ekspertise, og ved å oppnå samordningsføremonner gjennom samarbeid. Programmet skal òg medverka til å gjera kulturarven lettare tilgjengeleg for publikum. Det er dessutan ynskjeleg at stønaden kan føra til større sysselsetjing, auka kulturturisme, regional utvikling og betre livskvalitet for folk flest ved at ein rustar opp kulturmiljøet der dei ferdast til dagleg. I 1999 var det særleg invitert til å søkja støtte innanfor tiltaksområdet museum og samlingar.

Norsk Museumsutvikling har vore norsk kontaktorgan for informasjon og rådgjeving om Rafael-programmet, til dels i samråd med Riksantikvaren. I åra etter 1997 har fleire norske miljø fått støtte frå Rafael-programmet, oftast som deltakarar på prosjekt under leiing frå andre europeiske land. Her kan spesielt nemnast Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje, som har fått midlar som europeisk laboratorium for kulturarv både i 1998 og 1999. Slik støtte går til kulturminne av eksepsjonell historisk, arkitektonisk eller kunstnarleg verde. Midlane vert nytta til å etablera eit nettverk mellom forskarar og vitskaplege institusjonar med sikte på å utvikla nye metodar i restaurerings- og sikringsarbeidet ved domkyrkja.

I 1997 kom EU-kommisjonen med framlegg til eit nytt samla program for finansiering og programstyring av kulturstøtte. Dette fyrste rammeprogrammet for kultur i EU vil innebera ei samordning av all kulturstøtte i eit integrert program som kjem i staden for dei tre opphavlege kulturprogramma. Programmet skal etter planen ta til å gjelda frå 1. januar 2000, og Rafael-programmet, som opphavleg skulle vara til 31. desember 2000 , vil såleis gå inn i rammeprogrammet.

Samarbeid om kulturvern er oppført som eit av måla for det nye rammeprogrammet, og av dei overordna målsetjingane er det to som har direkte relevans for kulturvernsektoren:

  • fremja kulturell dialog og gjensidig kunnskap om dei europeiske folks kultur og historie

  • ta del i og kasta ljos over på europeisk nivå den felles kulturarven som er av særleg europeisk verde, og spreia kunnskap og fremja god praksis innanfor bevaring og sikring.

Rammeprogrammet vil femna om kunst, kultur og kulturvern innanfor alle områda som var omfatta av dei opphavlege programma. Generaldirektoratet for Utdanning og kultur har forvaltningsansvaret for det nye programmet. Samanlikna med dei opphavlege programma vil støtta til kvart einskilt prosjekt auka monaleg. Midlar til bevaring av kulturarv av europeisk verde inkluderer museer og samlingar, bibliotek og arkiv på same måten som i Rafael-programmet.

Programmet skal gå over fem år frå 2000 til og med 2004. Ved utgangen av 1999 var det framleis usemje om kor stort budsjettet skulle vera. Europaparlamentet ynskte ei budsjettramme på inntil 250 millioner euro, men Ministerrådet set ei øvre grense på 167 mill. euro. Rammeprogrammet vil i alle høve innebera at samla støtte til kulturelt samarbeid mellom medlemslanda i EU og EFTA/EØS-landa vil auka monaleg. Programmet er ope for EFTA/EØS-landa, og så snart eit formelt vedtak er fatta i EU kan det fremjast proposisjon for Stortinget om norsk deltaking i programmet.

Til forsiden