St.meld. nr. 22 (1999-2000)

Kjelder til kunnskap og oppleving

Til innholdsfortegnelse

8 Rammevilkår og verkemiddel for arbeidet i arkiv, bibliotek og museum

8.1 Innleiing

Med utgangspunkt i dei einskilde sektorkapitla framanfor vert det i dette kapitlet gjort nærare greie for tiltak og verkemiddel som er naudsynte for å styrkja og utvikla aktiviteten innanfor arkiv, bibliotek og museum. Det er lagt mest vekt på det ein meiner bør endrast, eller som bør utgreiast før det vert teke stilling til eventuelle endringar. Framstillinga er delt inn etter verkemiddel. Kap. 8.2 gjer greie for organisatoriske og strukturmessige grep som bør initierast frå statleg hald når det gjeld finansieringsformer og -ordningar. M.a. vert det gjort framlegg om å setja i verk ein utgreiingsprosess med sikte på å skipa eit nytt samla fagorgan for dei tre sektorane med namnet ABM-utvikling - Kulturdepartementets samordningsorgan for arkiv, bibliotek og museum. Noverande Norsk museumsutvikling og Statens bibliotektilsyn vil i så fall inngå i det nye organet. Kap. 8.3 handlar om konkrete tiltak og styrking som fyrst og fremst avheng av auka tilførsle av ressursar. Kap. 8.4 gjer greie for aktuelle legale verkemiddel; moglege lovendringar og regelverk knytt til statlege løyvingar m.m.

8.2 Organisering, styring og finansiering

8.2.1 Arkiv

Arkivverket som landsomfattande statleg etat under leiing av Riksarkivaren representerer eit godt organisatorisk utgangspunkt for tenleg samordning, styring og ressursutnytting på arkivfeltet. Både leiarstrukturen og det institusjonelle mønsteret med Riksarkivet som sentralorgan og statsarkiva som regionale einingar er no forankra i arkivlova, jf. § 4. Her heiter det òg at Riksarkivaren kan delegera avgjerdsfullmakter til leiarane for statsarkiva, dersom ikkje anna vert uttrykkjeleg fastsett. Departementet ser i dag ikkje noko behov for å vurdera prinsipielle endringar eller andre større omleggingar når det gjeld organiseringa og leiinga av Arkivverket.

Derimot er det naturleg at Riksarkivaren til kvar tid vurderer endringar og tilpassingar i den interne organiseringa og arbeidsdelinga i etaten, m.a. mogelege brigde i leiarfunksjonane. Gjennom dei siste 10 - 15 åra er det stendig gjennomført større og mindre justeringar av dette slaget, heile tida med det siktemålet å finna måtar å organisera aktiviteten på som gjer at ein får optimal nytte av knappe ressursar, at den faglege kvaliteten i arkivarbeidet vert stendig betre, og at ein kan gje eit godt tenestetilbod til publikum. I april 1998 sette Riksarkivaren ned eit internt utval med mandat å sjå på ansvarsdelinga og stillingsstrukturen i etaten i lys av nye utfordringar og behov. Utgreiinga frå dette utvalet er nett lagd fram.

Røynslene frå dei siste 10 - 15 åra har vist at interkommunalt samarbeid ser ut til å vera ein føresetnad for å utvikla meir rasjonelle og tryggare arkivfunksjonar i kommunane. Dette vil vera meir kostnadseffektivt og i mange høve truleg meir føremålstenleg enn dersom kvar einskild kommune skulle finna løysingar på alle arkivoppgåvene sine kvar for seg. Departementet vil difor oppmoda til skiping av interkommunale arkivordningar òg i dei fylka som enno ikkje har eit slikt tilbod. Dette gjeld Østfold, Akershus, Oppland, Hedmark, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Likeins vil departementet oppmoda kommunar i andre fylke som enno ikkje er gått med i den interkommunale arkivordninga, om å melda seg inn, med mindre dei har handfaste planar om å løysa arkivoppgåvene sine på annan måte.

Dei interkommunale arkivordningane har til no ikkje hatt permanente depotoppgåver for medlemskommunane. Ei spørjeundersøking gjennomført av Kommunenes Sentralforbund i 1998 viste at helvta av dei IKA-kommunane som svara, ynskte at den interkommunale arkivordninga dei var medlem av, skulle byggjast ut til ein depotinstititusjon for eldre arkivmateriale. Det er dessutan utarbeidd ein eigen rapport som drøftar dette spørsmålet. Frå Kommunenes Sentralforbund er det òg gjeve uttrykk for at dette vil vera eit godt alternativ for mange kommunar som ikkje har eige spesialrom for arkiv som stettar standarden i arkivforskrifta.

Med tanke på å leggja dei kommunale arkiva til rette for publikum vil òg ei interkommunal depotordning kunna vera eit tenleg tiltak. I arkivforskrifta er det uttrykkjeleg fastsett at kommunar og fylkeskommunar kan overføra depotoppgåver til ei interkommunal depotordning. Det er likevel grunn til å streka under at denne føresegna ikkje fritek den einskilde kommunen og fylkeskommunen frå det ansvaret dei kvar for seg har på dette området. Det er såleis berre reint operative oppgåver som kan overførast til eit interkommunalt organ. Departementet vil oppmoda kommunane til å byggja opp dei interkommunale arkivordningane til depotinstitusjonar.

Som alternativ eller supplement til interkommunalt samarbeid vil departementet peika på dei utvegane som kan opna seg i eit samarbeid med museums- og biblioteksektoren. Eit samarbeid med eitt eller fleire museum vil truleg vera særleg aktuelt for å løysa magasinbehovet, medan ordningar som kan gje publikum tilgang til eldre kommunalt arkivmateriale, mange stader bør kunna opprettast ved å byggja på dei veletablerte publikumsfunksjonane ved eit eksisterande folkebibliotek.

Samarbeid om depotfunksjonar mellom arkiv-, bibliotek- og museumssektoren vil òg kunna førast vidare til å femna om privatarkiv av lokalt eller regionalt opphav. Dette er ikkje minst naturleg på bakgrunn av at mange museum og ein del folkebibliotek alt frå før har teke vare på privatarkiv i tillegg til bok- eller gjenstandssamlingane sine. Fleire av desse institusjonane kan såleis seiast å fungera som arkivinstitusjonar ved sida av primærfunksjonen som bibliotek eller museum. Her kan ein tenkja seg ei vidare utbygging med utgangspunkt i såkalla lokalhistoriske samlingar. Desse vil òg kunna omfatta tradisjonsmateriale av ulikt slag, dvs. innsamla initierte kjelder av ymse immaterielle kulturytringar, jf. omtalen av såkalla tradisjonsarkiv under kap. 4.1.1.

Departementet vil elles ta sikte på å kartleggja betre kva som finst av lokalhistorisk og annan kulturvernbasert aktivitet i norske lokalsamfunn med basis i institusjonar, foreiningar og lag av ymse slag. Siktemålet vil vera å få fram ein situasjonsrapport om vern og formidling av privatarkiv og tradisjonsmateriale av lokalt og regionalt opphav. Departementet vil dessutan skipa til ei statleg støtteordning for vern og formidling av privatarkiv. Dette må sjåast i samanheng med at det er naudsynt med ei noko sterkare satsing på privatarkiv for å unngå at vi vert sitjande att med eit skeivt kjeldegrunnlag for innsikt i norsk samfunnsliv.

Departementet vil elles vidareføra statstilskotet til Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek, som er ein tradisjonsrik og profesjonell arkivinstitusjon på privatarkivfeltet. Institusjonen har òg andre funksjonar, men det er fyrst og fremst arbeidet med vern og formidling av arkiv etter private arkivskaparar med utprega landsomfattande eller nasjonal karakter som tilseier at staten bør ha eit medansvar for å finansiera drifta. Arkiv etter private organisasjonar og institusjonar utan samband med arbeidarrørsla vert til vanleg bevarte og gjorde tilgjengelege for ettertida i Riksarkivet. Dersom Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek ikkje hadde eksistert, er det på det reine at Riksarkivet òg måtte ha teke hand om arkiva etter dei politiske partia og organisasjonane som i dag avleverer til Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek.

Det ligg føre framlegg om å utvikla eit samisk arkiv-, informasjons- og dokumentasjonssenter med utgangspunkt i det som i dag er Samisk arkiv, jf. kap. 4.1.3. Departementet vil i samråd med involverte partar gjera ein samla analyse av situasjonen for Samisk arkiv og aktuelle utviklingsplanar, for å klargjera grunnlaget for framtidige samiske tiltak i grenselandet mellom arkiv- og bibliotekfeltet.

8.2.2 Bibliotek

Når det gjeld meir strukturelle tilhøve, vil departementet som tidlegare nemnt oppmoda til meir bruk av interkommunale løysingar for organisering av folkebibliotektenester. Sterkare vekt på samarbeid mellom bibliotek vil dessutan vera langt enklare å få til etter kvart som ein tek i bruk IKT som organisatorisk endringsfaktor. Vidare vert det vist til at departementet vil endra biblioteklova med sikte på å gje fylkeskommunane større fleksibilitet når det gjeld å organisera dei oppgåvene og funksjonane som fylkesbiblioteka har i dag.

Når det gjeld Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek, vil departementet ta sikte på å få utgreidd nærare spørsmålet om å leggja denne institusjonen inn under Nasjonalbiblioteket. Bakgrunnen for dette er i fyrste rekkje behovet for å knyta arbeidet med å leggja til rette bøker og annan informasjon for synshemma opp til eit sterkare IKT-fagmiljø. Den teknologiske utviklinga vil kunna innebera djuptgripande endringar i måten slikt materiale vert tilrettelagt på. M.a. er det sannsynleg at distribusjon av fysiske dokumenteiningar vil få mindre å seia, medan elektronisk overføring av både lyd- og blindeskriftdokument vil spela ei mykje større rolle.

8.2.3 Museum

8.2.3.1 Delt departementsansvar for museumsdrift

I dag er hovudregelen at dei ulike fagdepartementa har ansvar for museum som fell inn under deira respektive ansvarsområde. Kulturdepartementet har ansvar for langt dei fleste musea, men dei viktige universitetsmusea, som spelar ei hovudrolle på fagfelta arkeologi, etnografi/antropologi og naturhistorie, ligg under Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet sitt forvaltningsansvar. Elles har fleire departement, m.a. Forsvarsdepartementet og Samferdselsdepartementet ansvar for etatsmuseum.

I NOU 1996: 7 (museumsutgreiinga) vart spørsmålet reist om å samla ansvaret for alle statlege eller statsfinansierte museum i Kulturdepartementet. Konklusjonen var at ein framleis burde halda fast på delt departementsansvar for musea. Jamvel om ein kan henda ville få ein samordningsvinst med alt ansvar i eitt departement, ville ein venteleg tapa engasjement og fagleg kompetansegrunnlag dersom etatsmusea eller universitetsmusea skulle gå ut av det forvaltningsfeltet som dei i dag er ein del av.

Dette er ein konklusjon som departementet deler. Den noverande ordninga med delt departementsansvar for musea vert difor ikkje tilrådd skipla. For å sikra god samordning mellom departementa og at arbeidet i alle musea inngår i ein nasjonal kulturvernfagleg heilskap, vil Kulturdepartementet ta initiativ til jamlege møte mellom dei departementa som har ansvar for museum. Delt departementsansvar står heller ikkje i vegen for at Norsk museumsutvikling kan styrkjast som kompetanseorgan for heile museumsfeltet, jamvel om arbeidet andsynes universitetsmusea og museum underlagde andre departement vil måtta ha ein reint rådgjevande karakter.

8.2.3.2 Nasjonalt museum for kunst

På kunst- og kunstindustriområdet er fleire av dei viktigaste institusjonane lokaliserte i Oslo-området. Dei aktuelle institusjonane er Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Riksutstillingar, Kunstindustrimuseet i Oslo, Norsk Arkitekturmuseum og Henie-Onstad Kunstsenter, Høvikodden. Dei tre fyrstnemnde er statsinstitusjonar, Kunstindustrimuseet er knutepunktinstitusjon med delt driftstilskot mellom staten og Oslo kommune, Norsk Arkitekturmuseum er såkalla nasjonal institusjon med driftstilskot frå staten og Henie-Onstad Kunstsenter har størstedelen av det offentlege driftstilskotet frå Bærum kommune, ein del frå staten og litt frå Akershus fylkeskommune.

Desse institusjonane hadde i 1998 eit samla vitjingstal på 640 000 menneske. Arbeidsinnsatsen utgjorde 144 årsverk, og dei forvalta i alt nærare 135 mill. kroner. Av dette vart meir enn 102 mill. kroner løyvde over budsjettet til Kulturdepartementet.

Nasjonalgalleriet

Nasjonalgalleriet, som vart skipa ved stortingsvedtak i 1836, er statsinstitusjon underlagd Kulturdepartementet. Museet har eit styre med seks medlemer oppnemnde av departementet, men tre av styremedlemene vert oppnemnde etter framlegg frå organisasjonen Norske Billedkunstnere, dei kunsthistoriske institutta ved universiteta og personalet ved Nasjonalgalleriet. To nemner departementet opp på fritt grunnlag. I tillegg er styreleiaren ved Museet for samtidskunst styremedlem i Nasjonalgalleriet. Fagleg og administrativt vert museet leidd av ein direktør tilsett på åremål for seks år om gongen. I 1998 var vitjingstalet 291 407 personar, og arbeidsinnsatsen i 1998 utgjorde i alt 37 årsverk. Med unnatak av eit eksternt magasin i leigde lokale er all aktivitet samla i den gamle hovudbygningen på Tullin-løkka frå 1882. Nasjonalgalleriet har eit uomtvisteleg plassproblem.

Museet for samtidskunst

Museet for samtidskunst er statsinstitusjon underlagd Kulturdepartementet. Museet har eit styre på sju medlemer oppnemnde av departementet, men tre av styremedlemene vert oppnemnde etter framlegg frå organisasjonen Norske Billedkunstnere (2) og dei tilsette ved museet. I tillegg er styreleiaren ved Nasjonalgalleriet styremedlem i Museet for samtidskunst. Fagleg og administrativt vert museet leidd av ein direktør tilsett på åremål for seks år om gongen. I 1998 var vitjingstalet 79 441 personar. Arbeidsinnsatsen i 1998 utgjorde i alt 35 årsverk. Museet for samtidskunst held til i det tidlegare hovudsetet til Noregs Bank på Bankplassen. I tillegg leiger museet eit magasinlokale. Lokala eignar seg i liten grad til føremålet.

Riksutstillingar

Riksutstillingar er statsinstitusjon underlagd Kulturdepartementet. Det gamle Riksgalleriet vart ved skipinga av Museet for samtidskunst innlemma i dette, men vart på ny fristilt og reetablert som Riksutstillingar frå 1996. Institusjonen har eit styre på fem medlemer. Av desse oppnemner departementet tre på fritt grunnlag og ein etter framlegg frå Norske Billedkunstnere/Norske Kunsthåndverkere. I tillegg har styret ein representant for dei tilsette. Fagleg og administrativt vert tiltaket leidd av ein direktør tilsett på åremål for seks år om gongen. I 1998 utgjorde arbeidet ved Riksutstillingar 22 årsverk. Dei hadde same året 25 utstillingar på vandring, av desse var 14 eigenproduserte, og samla publikum utgjorde 124 835 personar.

Kunstindustrimuseet i Oslo

Kunstindustrimuseet i Oslo er knutepunktinstitusjon, dvs. at Kulturdepartementet stiller til rådvelde 60 pst. av det samla offentlege driftstilskotet og Oslo kommune dei resterande 40 pst. Dette er den einaste såkalla funksjonsdelingsinstitusjonen som er att i Oslo. Museet er organisert som ei stifting og vert leidd av eit styre på fem medlemer; av desse er to oppnemnde av departementet, ein av Oslo kommune, ein av Foreningen Oslo Kunstindustrimuseums Venner og ein av dei tilsette. I 1997 hadde museet eit vitjingstal på 52 903 personar, men i 1998 gjekk dette ned til om lag 38 000. I 1998 utgjorde arbeidsinnsatsen i alt 23 årsverk. Museet, som vart skipa i 1876, held til i St. Olavs gate 1, og disponerer der ca. 6 000 rutemeter. I tillegg har dei eit fjernmagasin på ca. 500 rutemeter. Samlingane femner om 45 000 gjenstandar som i tid spenner frå mellomalderen til i dag. Hovudkategoriar er biletteppe, sølv, møbel, glas, porselen og keramikk. Vidare har museet samlingar av norsk og utanlandsk design, austasiatisk kunstindustri, og dessutan ei stor draktsamling, inkludert den kongelege draktsamlinga.

Norsk Arkitekturmuseum

Norsk Arkitekturmuseum er tilskotsinstitusjon med tilskot frå Kulturdepartementet over kap. 328 post 70 Nasjonale institusjonar. I 1998 hadde museet 4,5 faste stillingar, men den samla arbeidsinnsatsen var om lag 7,5 årsverk. Vitjingstalet var same året ca. 20 500 personar. Museet, som vart skipa i 1975, held til i Kongens gate 4, dvs. i same huset som Norsk Form, der det disponerer 1 200 rutemeter. I tillegg leiger dei 250 rutemeter i annan bygning til samlingane av teikningar. Dei forvaltar ca. 200 000 arkitekturteikningar, 25 000 foto, dokumentsamling og ca. 100 modellar.

Henie-Onstad Kunstsenter

Henie-Onstad Kunstsenter mottek årleg driftstilskot frå Kulturdepartementet over kap. 322 post 78 Ymse tiltak. Institusjonen er organisert som ei stifting. Stiftinga eig det bygningskomplekset som institusjonen disponerer på Høvikodden, men Bærum kommune eig tomta. Fyrste byggjesteget stod ferdig i 1968. Museet har ein representantskap som øvste organ. Dette har medlemer frå Bærum kommune, Henie-Onstad Kunstsenters Venneforening, Akershus fylkeskommune, Norges Kunstnerråd, Bærum Næringsråd og Universitetet i Oslo. Representantskapen vel eit styre på sju medlemer, der fire vert oppnemnde på fritt grunnlag, to etter framlegg frå Bærum kommune og ein for dei tilsette. Museet har dagleg leiar og dessutan kunstnarleg direktør. Båe er tilsette på åremål. Vitjingstalet var i 1998 nede i ca. 85 000 personar (grunna stenging etter brann), men låg i perioden 1994 - 1997 på mellom 110 000 og 130 000 personar årleg. Arbeidsinnsatsen utgjorde i 1998 nærare 20 årsverk. Talet på utstillingar var 23 i 1997, men noko mindre i 1998 og i 1999.

Tabell 8.1 Utgifter (1000 kr), besøk og årsverk 1998

LønHusleige/drift av bygningarAndre driftsutgifterUtgifter totaltBesøkÅrsverk
Nasjonalgalleriet11 28919 01111 51241 812291 00037
Museet for samtidskunst10 74310 25613 93334 93279 00035
Riksutstillingar7 245111 94919 194125 00022
Kunstindustrimuseet i Oslo7 9741 2784 11613 36838 00023
Norsk Arkitekturmuseum1 8701 5301 8625 26221 0007,5
Henie Onstad kunstsenter7 5493 1947 51118 25486 00019,6
Sum46 67035 26950 883132 822640 000144,1

1 Husleige/drift av bygningar er ikkje spesifisert

2 Talet er justert for å tilpassast nettobudsjettering

3 Finansinntekter/utgifter er ikkje medrekna

Tabell 8.2 Inntekter 1998 (1000 kr)

Løyving/Tilskot KDAndre off. tilskotYmse inntekterBillettinntekterAndre eigeninntekterSamla inntekter
Nasjonalgalleriet38 44423 36841 812
Museet for samtidskunst33 78221 63635 418
Riksutstillingar20 447245720 904
Kunstindustrimuseet i Oslo4 3863 6691 0763 74312 874
Norsk Arkitekturmuseum2 6282 2004 8283
Henie-Onstad kunstsenter2 5207 1852 8276 09718 6293
Sum102 20710 8545 4613 90312 040134 465

1 Husleige/drift av bygningar er ikkje spesifisert

2 Talet er justert for å tilpassast nettobudsjettering

3 Finansinntekter/utgifter er ikkje medrekna

Spørsmålet melder seg om det er den beste løysinga at viktige nasjonale museumsoppgåver på kunstområdet er fordelte på seks institusjonar innanfor eit sterkt avgrensa geografisk område. Når utgangspunktet er såpass fragmentert, kan ei samorganisering gje ei betre plattform for samordning og strategiutvikling. Spørsmål om tenleg arbeids- og oppgåvedeling må då løysast innanfor ein institusjon og ikkje mellom institusjonar, slik som i dag. Det kan dessutan gje betre heilskapstenking å ha ei leiing med eit breitt strategisk ansvar. Både faglege og administrative funksjonar vil kunna gjerast meir robuste, og fleksibiliteten i bruk av samlingar, lokale og personale vil verta større.

Kort formulert kan føremonene med ei samorganisering vera å finna på følgjande felt:

  • Ei samorganisering vil gje eit breiare fagmiljø som både forskings- og formidlingsmessig vil kunna medverka til å løysa opp ein del tradisjonelle grenseliner og resultera i tverrgåande prosjekt og formidling der arkitekturhistorie, designhistorie, kunsthandverk, kunstindustriprodukt og biletkunst vert sett inn i ein heilskap;

  • Ein samla institusjon vil verta meir jambyrdig med kunstmuseum i andre land, som det er viktig å samarbeida med. Dei internasjonale kontaktane vil såleis kunna styrkjast gjennom å skipa ein fagleg tyngre institusjon;

  • Ei samla gjennomtenking av utstillingsplanar og bruken av disponible utstillingslokale vil opna for fleksible løysingar;

  • Ei samla tilnærming til løysing av magasinbehovet vil kunna gje eit meir rasjonelt resultat enn separate tilnærmingar. Det kan òg tenkjast magasinløysing knytt opp mot ei felles konserveringsteneste, jf. nedanfor;

  • Alle institusjonane har behov for tekniske konserveringstenester. Ved ei samordning av denne funksjonen i eitt konserveringsmiljø vil det verta lagd til rette for fagleg kvalitetsheving gjennom spesialisering, breitt fagmiljø og avansert teknisk utstyr;

  • Det vil liggja til rette for ei heilskapleg tilnærming til IKT-oppgåvene, der det hittil har vore vanskeleg å etablera stabil kompetanse. På dette feltet er standardiseringsbehovet berrsynt, og dessutan vil det vera mykje å vinna på å sjå utstyrsbehovet under eitt;

  • Eitt samla kunstfagleg bibliotek og arkiv vil leggja mykje betre til rette for forsking og andre studiar enn den noverande fragmenterte situasjonen med 5-6 fysisk skilde einingar;

  • Fullgod sikring av bygningar og samlingar vil i framtida krevja ein fast tryggingsstab som arbeider med desse problemstillingane. Dette vil lettast kunna gjennomførast innanfor ramma av ein stor institusjon;

  • Organisert som ein stor institusjon i staden for seks mindre vil det verta lagt betre til rette for profesjonell, kvalifisert og mindre sårbar personalforvaltning og budsjett- og økonomistyring. Innanfor ein institusjon vil det opnast for større fleksibilitet i bruken av personalressursane når alle tilhøyrer ein samla stab;

  • For resten av kunst- og kunstindustrimusea i landet vil det kunna vera ein føremon å samhandla med ein sentral part på feltet. Fagleg og prosjektbasert nettverksbygging mellom det nye museet og dei andre kunst- og kunstindustrimusea vil òg kunna verta lettare og meir målretta.

Departementet meiner på denne bakgrunn at det er mykje som talar for å tilrå ei organisatorisk samanslåing av dei seks nemnde institusjonane for på den måten å skapa ei meir slagkraftig eining innanfor museumsarbeidet på kunstområdet.

Integrering av Riksutstillingar i ein ny, samla institusjon krev ein særskild kommentar. Ulikt situasjonen i Sverige er Riksutstillingar i Noreg avgrensa til å gjelda kunstområdet. I museumsutgreiinga vart det teke til orde for at det burde vurderast å utvida ansvarsfeltet til å gjelda heile det museumsfaglege temafeltet og ikkje berre kunst. Departementet meiner det ikkje er grunnlag for å gjera ei endring i den leia. Mykje har endra seg sidan ideane om å spreia kultur over resten av landet frå eit sentralorgan vart materialiserte i tida etter andre verdskrigen. Som integrert del av eit samla kunstmuseum kan derimot kompetansen i Riksutstillingar utnyttast til å vitalisera formidlingsarbeidet både innanfor institusjonen og i høve utstillingsstader elles i landet. Den samordnande turneringsdimensjonen i noverande verksemd skal såleis vera ein viktig del av arbeidsoppgåvene innanfor den nye institusjonen. Dersom Riksutstillingar vert inkorporert i eit nytt nasjonalt kunstmuseum, vil ein mellom anna oppnå følgjande:

  • Riksutstillingar vil kunna spela på eit mykje breiare spektrum av fagkompetanse og dermed planleggja ein både kvalitativt betre og fagleg breiare utstillingsprofil;

  • IKT-utviklinga tilseier at prinsipp og praksis for å formidla kunst, informasjon om og forståing for kunst vert underlagde ei kontinuerleg fagdidaktisk drøfting. Mellom anna lyt spørsmålet til kvar tid stillast om kva som bør sendast fysisk rundt i landet, og kva som kan formidlast meir effektivt gjennom virtuelle utstillingar tilgjengelege via Internett;

  • Riksutstillingar vil vera del av eit fagmiljø med stor fagleg autoritet overfor dei aktørane ein samhandlar med;

  • Riksutstillingar vil ha tilgjenge til store og viktige samlingar;

  • Det nasjonale kunstmuseet vil få ein sterkare formidlingsprofil og eit verkty til å halda god kontakt med og få til eit godt samarbeid med regionale kunstinstitusjonar og andre støttepunkt rundt om i landet.

Ei samorganisering vil òg gje nye perspektiv og løysingsmodellar når det gjeld utbyggingsbehovet for fleire av dei nemnde musea, jf. kap. 9.5.4.

Det kan sjølvsagt reisast innvendingar mot ei samorganisering av noverande seks institusjonar i Oslo-området. Med utgangspunkt i institusjonstradisjon, innarbeidd strukturtenking og ynsket om institusjonelt sjølvstende vil det sikkert kunna hevdast at det er betre å vidareutvikla institusjonane slik dei er i dag. Somme vil ottast for å missa fagleg autonomi for spesialfelt innanfor ein heilskap som skal femna så vidt. Mot dette kan med stor rett hevdast at strukturar og organisatoriske einingar ikkje er mål i seg sjølve. For å motverka tilstivning og fragmentering er det på sin plass å vurdera nye konstellasjonar som fremjar heilskapstenking. Det lèt seg gjera å ivareta ulike faglege perspektiv innanfor ei vidare institusjonell ramme. Departementet vil difor setja i gang ein prosess og dialog med dei aktuelle institusjonane og tilskotspartane med sikte på å samorganisera dei seks tiltaka til eit nytt nasjonalt kunstmuseum. Overfor Bærum kommune vil det frå statleg side måtta leggjast til grunn at kommunen i framtida tek eit samla økonomisk ansvar for drift, vedlikehald og bygningsmessig oppgradering av anlegget på Høvikodden, medan staten gjennom det nasjonale kunstmuseet tek ansvar for dei faglege funksjonane. Overfor Oslo kommune vil staten leggja til grunn at dersom staten gjennom det nasjonale kunstmuseet skal ta på seg det samla ansvaret for offentleg driftstilskot til det noverande Kunstindustrimuseet, bør dette avreknast slik at kommunen tek tilsvarande meiransvar for musea på tilskotsordninga.

Når det gjeld organisasjonsform for eit nytt nasjonalt kunstmuseum, tykkjest det mest naturleg å skipa ei stifting med ansvar for alle driftsoppgåvene, men likevel slik at dei statlege samlingane framleis skal vera statleg eigedom, ein modell som er følgd til dømes ved organiseringa av Norsk museum for fotografi - Preus fotomuseum. Dette vil verta utgreidd nærare som del av den prosessen som må setjast i gang for å realisera intensjonane. Ei rad andre spørsmål vil òg måtta greiast ut undervegs. Det må særleg strekast under at berre tre av dei seks institusjonane er statsinstitusjonar, medan dei tre hine er private rettssubjekt, stiftingar, som berre kan omdannast eller avviklast i samsvar med føresegnene i vedtektene for dei respektive institusjonane og etter vedtak i dei organa som er tillagde slik kompetanse.

Jamvel om det visseleg kan oppnåast ein viss rasjonaliseringsvinst når det gjeld økonomisk-administrative arbeidsoppgåver, er det eit endå viktigare siktemål med denne samorganiseringa å skapa ei meir slagkraftig museumseining både i nasjonal og internasjonal samanheng. For å gje den nye institusjonen eit best mogleg utgangspunkt er regjeringa budd på å gå inn med auka driftsressursar.

Den planen som er skissert ovanom, har vore drøfta med leiinga ved dei respektive institusjonane.

8.2.3.3 Samordning og samarbeid som grunnlag for finansieringsordning

Under kap. 6.2.1. vart det gjort nærare greie for dei ulike gruppene av museum som Kulturdepartementet har ansvar for:

  • statsinstitusjonar (Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Riksutstillingar og Arkeologisk museum i Stavanger)

  • nasjonale institusjonar, for tida femten

  • knutepunktinstitusjonar, for tida elleve

  • museum på tilskotsordninga, for tida 258 tilskotseiningar.

Departementet meiner den noverande inndelinga er utilfredsstillande av fleire grunnar:

  1. Den noverande populasjonen av statlege museum (utanom universiteta) og heilt ut statsfinansierte tilskotsmuseum utgjer alt i alt ein noko tilfeldig totalitet som på ingen måte kan seiast å dekkja opp det spekteret av dokumentasjonsoppgåver som ein nasjonal museumspolitikk må ha omsut for. Viktige område som til dømes fiskeri, sjøfart, kysttrafikk eller kystkultur i breiare meining fell heilt utanom dei saksfelta som desse institusjonane arbeider med. Går ein museumsgruppa kritisk etter i saumane, er det knapt nokon som kan seiast å arbeida med eit skikkeleg nasjonalt perspektiv i den meining at dei dekkjer og verkar i heile landet. I hovudsak er ordninga med nasjonale institusjonar ei statleg finansieringsordning utan definerte faglege oppgåver;

  2. Det kan gjevast mange døme på at institusjonar som høyrer inn under tilskotsordninga, dekkjer museumsfunksjonar som har interesse langt utover den regionen eller det fylket tiltaket er lokalisert i. Sandefjordmuseenes dokumentasjon av norsk kvalfangst, Gjenreisingsmuseet i Hammerfest sin dokumentasjon av den tyske nedbrenninga av Finnmark og Nord-Troms eller dokumentasjonen av kopardrifta på Røros i regi av Rørosmuseet vil det vera nokså meiningslaust å klassifisera som berre lokale/regionale tiltak. Jamvel innanfor saksfelt der eit statleg museum har eit samla dokumentasjonsansvar, vil ein måtta venda seg til ein institusjon på tilskotsordninga for å få fullgod informasjon. Til dømes vil ein ikkje læra særleg mykje om den tysk-russiske krigføringa på Kola-halvøya 1941-44 ved å gå til Forsvarsmuseet i Oslo, men ei vitjing på Grenseland-senteret under Sør-Varanger museum vil ha stor meining;

  3. Jamvel om tilskotsordninga òg femner om mange små einingar, er ei ikkje lita gruppe volummessig på høgde med mange av dei nasjonale institusjonane og knutepunktinstitusjonane. 25 museum på tilskotsordninga hadde i 1998 samla inntekter (summen av offentlege tilskot og eigeninntekter) på meir enn 5 mill. kroner. Det var same året fem nasjonale institusjonar og seks knutepunktinstitusjonar som ikkje nådde opp på dette økonomiske nivået;

  4. Inndelinga i museum etter finansieringskjelde medfører at institusjonar som er lokaliserte same staden, men som har ulike finansieringspartar, i liten eller ingen grad etablerer samarbeid. Med tanke på at dei fleste institusjonane er små, er dette ei dårleg utnytting både av faglege og økonomiske ressursar.

Ei vidareføring av noverande ordningar med ei oppdeling i nasjonale institusjonar, knutepunktinstitusjonar og ei generell tilskotsordning vil etter departementet si vurdering ikkje gje den beste utviklinga vidare. Inndelinga har eit tilstivna preg med for stort innslag av fragmentering og for lite samordning.

I museumsutgreiinga vart det gjort framlegg om følgjande endringar når det galdt inndelinga av museum:

  • Innføring av statlege og fylkeskommunale ansvarsmuseum. Den fyrstnemnde gruppa skulle fastsetjast etter ei vurdering av noverande nasjonale museum og eventuelle andre, med tanke på å vera ei gruppe museum som skulle ha spesielt nasjonalt ansvar, tematisk og/eller når det gjeld museumsfagleg kompetanse. Staten skulle ha det finansielle driftsansvaret. Dei fylkeskommunale ansvarsmusea skulle etablerast etter ei tilsvarande vurdering, men med fylkeskommunalt driftsansvar;

  • Ordninga med knutepunktinstitusjonar burde avviklast og dei aktuelle institusjonane overførast anten til statlege eller fylkeskommunale ansvarsmuseum;

  • Ordninga med øyremerkt museumstilsskot - kap. 328 post 60 - burde avviklast og midlane gå inn i rammetilskotet til fylkeskommunane. Dette framlegget var tufta på at museumsutvalet tilrådde innføring av ei museumslov, og at det då ikkje ville vera trong for øyremerking i tillegg.

I museumsutgreiinga er det formulert mange viktige tankar om samordning og samarbeid i museumssektoren, men det kan stillast spørsmål ved om det er tenkt dynamisk nok. Som utgangspunkt for omgrepet ansvarsmuseum, jf. kap. 12.2 og 15.1.3 i utgreiinga, ligg ein del tankar om nettverksbygging og organisering som tvillaust har mykje føre seg. Men oppdelinga i kategoriane statlege ansvarsmuseum,tufta på noverande statsinstitusjonar og heilt ut statleg finansierte tilskotsinstitusjonar, og ansvarsmuseum på fylkesnivåer ei modellskisse som i for stor grad gjer kulturpolitisk organisering til ein funksjon av forvaltningsnivå. I staden for å sikta mot fleire divisjonar av museum bør fokus setjast på betre strukturering og organisering, m.a. med sikte på å knyta tiltak forvaltningsmessig i hop på ein slik måte at dei kan inngå som aktørar i eit nasjonalt nettverk. Målet bør vera eit dynamisk samspel mellom alle musea som mottek statstilskot frå Kulturdepartementet.

Forvaltningsmessig vil det alltid vera lett å leggja opp til finansieringsordningar der eitt forvaltningsnivå har det heile og fulle ansvaret for eit tiltak. Men departementet meiner prinsipielt at det på museumsområdet berre reint unnataksvis vil vera rett at staten skal ha det samla økonomiske driftsansvaret for eit museum. For det fyrste vil eit slikt tiltak ha direkte og indirekte sysselsetjingseffektar som fyrst og fremst kjem regionen til gode. Dei lokale økonomiske ringverknadene av eit museum med mange tilsette og stort vitjingstal, vil vera monalege. For det andre vil museet som kunnskapsformidlar og kulturinstitusjon i breiare meining vera langt viktigare for dei som kan nå fram dit til dømes innanfor ei reisetid på ein time, enn for folk elles i landet. For det tredje vil innhaldet i museet òg dreia seg om lokal og regional historie, jamvel om det i tillegg har dimensjonar som femner vidare.

Føremonene med ei regional samordning og utvikling av fagleg leveføre museumseiningar vil m.a. vera dei følgjande:

  1. Ein samordna institusjon med eit samla ansvar for kulturvernet innanfor ein region, eit distrikt eller eit fylke vil kunna få ein meir solid budsjettmessig basis. Slike institusjonar vil vera meir robuste, med tilhøyrande evne til å takla skifte av personale i nøkkelposisjonar, til å handtera uventa situasjonar med behov for rask fagleg innsats, til å førestå ei samla planlegging og til å fungera som premissleverandørar i plan- og avgjerdsprosessar på kommunalt, fylkeskommunalt og statleg nivå. I mange delar av landet er t.d. ikkje samarbeidet mellom musea og reiselivsbedriftene så utbygd som det burde vore. Å nytta ut det reiselivspotensialet som eit stort tal museum og andre kulturminne utgjer, krev at reiselivet har ein samhandlingsmotpart som har administrativ og fagleg kapasitet til å leggja fram prospekt, tilbod og opplegg som reiselivet kan ta stilling til;

  2. På konservatornivå vil ein samordna institusjon kunna ha fleire stillingar. Dette opnar for å rekruttera frå eit breiare spektrum av fagutdanningar og for å få på plass eit kvalifisert fagleg miljø ved institusjonen. I nokre tilfelle vil ei regional samordning dessutan innebera ein institusjon som femner over eit breiare fagfelt, med det potensialet for ei vidare formidling av samanhengar som kan liggja i dette;

  3. Medan små institusjonar gjerne kjøper tekniske konserveringstenester no og då for å få behandla einskildgjenstandar, vil eit større museum kunna tilsetja teknisk konservator i full stilling. Dette vil kunna gje kontinuerleg fagleg tilsyn med det samla gjenstandstilfanget som vedkomande museum forvaltar. Vedkomande fagperson vil i tillegg til konkret gjenstandskonservering etter ein samla plan, kunna gje råd og rettleiing om oppbevaring og oppbevaringsvilkår, dvs. driva førebyggjande konservering;

  4. Større institusjonar vil kunna tilsetja museumspedagogar i full stilling. Eit pedagogisk team vil kunna utarbeida fagdidaktiske opplegg tilpassa ulike alderssteg, ikkje berre for utstillingane ved hovudsetet for museet, men òg for dei mindre anlegga og utstillingane som måtte finnast i vedkomande distrikt eller region. Vidare vil det i mange tilfelle kunna vera naturleg å tilleggja dette personalet ansvaret for å formidla faste kulturminne i området;

  5. Både små og store museum forvaltar verneverdige bygningar. Etter kvart som den eldre generasjonen av bygningshandverkarar - som i større eller mindre grad meistrar eldre teknikkar - døyr ut, vert det meir og meir naudsynt for musea å ha tilgang til handverkarar som er særskilt kvalifiserte for antikvarisk bygningsvern. Hittil har det lokale kulturkontoret eller bygdemuseet ofte kunna kontakta ein eldre bygningsmann når konkrete vedlikehaldsbehov melde seg. Ein yngre ferdighusbyggjar kan ikkje forventast å ha dei rette kvalifikasjonane for slike oppdrag. Om ikkje dei om lag 5 000 verneverdige husa ved musea dei komande tiåra skal verta gradvis omskapte til Potemkin-kulissar, lyt sektoren tilførast ein stab av handverkarar som får særskild opplæring i vedlikehald og istandsetjing av eldre bygningar. Dette behovet vil òg gjera seg gjeldande for det endå større talet av verneverdige bygningar i privat eige. Dersom musea har ein stab av dugande handverkarar for slike oppgåver, vil desse kunna spela ein viktig rolle i det antikvariske bygningsvernet i breiare forstand. Dei vil kunna utføra oppdrag både for Riksantikvaren og private;

  6. Musea har etter kvart fått ansvar for ei rad tekniske kulturminne, innretningar og gjenstandar som krev særskild teknisk kompetanse for vedlikehald, drift og demonstrasjon. Tilsyn med og bruk av teknologi som er meir enn 50 år gamal, kan musea ikkje basera seg på å dekkja opp gjennom lause korttidsengasjement. Dersom institusjonen har eit vidt nok ansvarsfelt, vil det vera realistisk å sikra slik kompetanse i eiga stilling ved museet;

  7. Dei eldre gjenstandssamlingane ved små og store museum rundt om i landet speglar av lokale særkjenne i dei materielle kulturytringane. Jamvel om det er mykje overlapping, har variasjonsbreidda eit verde i seg sjølv. Når det gjeld tilfang frå det siste hundreåret, der meir og meir dreier seg om masseproduserte gjenstandar, må det derimot stillast andre og strengare krav til innsamlingsplanar og samordna tiltak. Innanfor ein region er dette meir enn berrsynt, men samordninga må skje på nasjonalt nivå med. Dersom eit museum i fylke A har teke vare på eit nyare fiskefarty av type X, bør kystmuseet i fylke B heller oppmodast til å ta vare på eit farty av type Y. God ressursutnytting vil tilseia at ein i overlag mange tilfelle berre kan leggja opp til å dokumentera eit nærare definert fenomen ein stad i landet, og det bør skje ved den institusjonen og i det området av landet det er mest naturleg. Tørrfiskproduksjon bør fyrst og fremst dokumenterast og formidlast i Lofoten og plogproduksjon på Jæren. Eit storskala sagbruk er verna i Namdalen, og då får dette vera hovudarenaen for dokumentasjon av denne teknologien for heile landet.

På dette feltet har Norsk museumsutvikling ei viktig rolle å spela som overvakar, samordnar og informasjons- og budsjettknutepunkt. Det er rimeleg å leggja til grunn at di sterkare formell posisjon det statlege samordningsorganet vert gjeve i høve dei musea som skal inngå i det nasjonale nettverket, di betre samordning. Organet må kontinuerleg gjera vurderingar om kva for institusjonar og fagpersonar som bør stå i kontakt med kvarandre utover fylkesgrensene, og sjå til at Museumsnett Noreg vert bygd ut med informasjonssider og gjenstandskatalogar, slik at dei ulike institusjonane kan tilførast tilstrekkeleg informasjon om kvarandre. Gjennom agerande bruk av prosjektmidlar, kurs og konferansar vil dei kunna syta for at sektoren heng i hop på tvers av institusjons- og fylkesgrenser og dermed òg medverka til å heva kompetansen åt dei ulike gruppene av fagfolk innanfor musea. For å gje samordningsorganet handlingsrom og kraft til å påverka vil det vera viktig å stilla til rådvelde monalege midlar til utviklingstiltak, gjennomføring av ymse prosjekt og verneplanar.

Ein aktiv statleg strategi med sikte på å få fram ein meir tenleg museumsstruktur med eit nettverk av leveføre einingar vil måtta innebera at Norsk museumsutvikling i samarbeid med dei respektive fylkeskommunane, kommunane og musea drøftar seg fram til tenlege løysingar frå region til region. Der det vert oppnådd semje om konsoliderte institusjonar, må det i samråd med fylkeskommunen vurderast om det som no skal gjevast statleg driftstilskot via fylkeskommunen (på 60-post), og i den grad dette vert resultatet, vil tilskotsordninga halda fram, men med eit strammare regelverk. Alternativt kan det gjerast avtale om statstilskot direkte til institusjonen (på 70-post), men slik at staten dekkjer inntil 60 pst. og regionen minst 40 pst.

I somme unnatakstilfelle kan det verta aktuelt å opna for særskilde øyremerkte tilskot for å ivareta særskilde oppgåver, utan motkrav om regional medverknad. I fyrste rekkje kan dette verta aktuelt i tilfelle der dokumentasjon og formidling av minoritetskulturar er inne i biletet. Arbeidet med å gjennomgå heile landet på denne måten skal gjennomførast i løpet av ein femårsperiode. Denne gjennomgangen skal munna ut i ei kvalitativ oppgradering av musea over heile landet og er den største einskildsatsinga som vert presentert i denne meldinga.

Norsk museumsutvikling bør på statleg nivå vera det faglege og budsjettmessige tilknytingspunktet for alle musea, av di det er eit overordna mål at alle musea som i framtida får statlege driftstilskot, skal inngå i eitt nasjonalt nettverk. Norsk museums-utvikling lyt syta for permanente sambandsliner mellom tematisk nærskylde institusjonar og temporærenettverksrelasjonar ved gjennomføringa av ymse prosjekt.

Norsk museumsutvikling må samhandla nært med fylkeskommunane i høve alle musea der finansieringsansvaret er delt. For desse institusjonane bør oppfølgings-, tilsyns- og kontrolloppgåvene for den einskilde budsjetterminen liggja til fylkeskommunen. Det same gjeld oppnemning av offentleg oppnemnde styrerepresentantar.

8.2.4 Kompetanse- og samordningsorgan

I dei einskilde fagkapitla er det tidlegare i denne meldinga gjort greie for noverande sentrale fagorgan innanfor dei aktuelle saksområda, Riksarkivaren, Statens bibliotektilsyn, Nasjonalbiblioteket, Riksbibliotektenesta og Norsk museumsutvikling. I tillegg skal nemnast Noregs forskingsråd, som har to tiltak med direkte tilknyting til arkiv, bibliotek og museum. Det eine er eit nettverk for museumsforsking. Det har eksistert sidan 1992 som eit tiltak som finansierer seminar og konferansar med tema som har relevans for FoU-aktivitet i musea. Det andre er programmet for bibliotekforsking, som høyrer inn under Noregs forskingsråds område for kultur og samfunn. Programmet vart etablert med verknad frå 1996, då dei fyrste stipenda vart delte ut. Programmet skal vara ut 2001. Målet for programmet er å få fram kunnskap som er tufta på forsking om bibliotek og andre informasjonsformidlande institusjonar i ei tid då politiske og sosiale endringar og den digitale revolusjonen gjer vilkåra annleis for korleis desse institusjonane må fungera i samfunnet.

Den noverande oppdelinga av organ som har ei blanding av samordnings-, utviklings- og forvaltningsansvar innanfor arkiv, bibliotek og museum, har vakse fram over lang tid. Det einaste relativt nye organet er Norsk museumsutvikling, som vart fast etablert i 1994.

I kapittel 3 er det gjort nærare greie for fellesdraga mellom arkiv, bibliotek og museum og dei utviklingstrekka som ser ut til å føra desse sektorane endå tettare saman. Her er det tvillaust eit veksande samarbeids- og samordningspotensial, og for å gje slike utviklingstrekk gode rammevilkår tek departementet sikte på å greia ut grunnlaget for å etablera eit nytt fellesorgan for arkiv, bibliotek og museum. Med dette som utgangspunkt meiner departementet det er overlag viktig å skapa gode rammevilkår for samhandling og samarbeid mellom sektorane. Jamvel om ein kan oppnå ein del med å etablera samarbeidskonstellasjonar mellom eksisterande organ, vil det beste vera å skipa eit nytt fellesorgan slik at strategitenking og utviklingsarbeid kan skje innanfor ein og same organisasjon og ikkje berre vera samhandlingstema mellom separate organisasjonar. Med eit fellesorgan vil det vera mykje lettare å få gjennomarbeidd strategiske retningar og vegval som tek tilstrekkeleg omsyn til dei faktiske fellesinteressene og -oppgåvene på feltet. Både eksisterande og nye utviklingstiltak vil i mykje større mon kunna vurderast i samanheng.

Kulturdepartementet vil i nært samarbeid med dei involverte fagmiljøa og delsektorane setja i gang ein utgreiingsprosess med tanke på å etablera ABM-utvikling - Kulturdepartementets samordningsorgan for arkiv, bibliotek og museum.Eit hovudspørsmål vil vera å få gjort ei vurdering av kva ein kan oppnå ved å integrera noverande Statens bibliotektilsyn og Norsk museumsutvikling i det nye organet. Utgangspunktet vil vera at dei skal ha dei same oppgåvene som i dag, men i tillegg arbeida med samordning mellom felta der dette er naturleg og naudsynt. Vidare vil det vera naturleg å sjå nærare på samhandlinga mellom eit nytt fellesorgan og Nasjonalbiblioteket. Mellom anna vil det vera aktuelt å vurdera om det nye organet bør tilleggjast det innhaldsmessige ansvaret for Kulturnett Noreg.

Når det gjeld dei eksisterande oppgåvene til Riksarkivaren, er det ingen som no peiker seg ut for å verta overførte til eit nytt organ. Men eit fellesorgan for heile ABM-sektoren bør ha arkivoppgåver i tilknyting til klare fellesbehov med bibliotek- og museumssektorane. Det kan gjelda visse funksjonar innanfor privatarkivarbeid, dessutan bevaringsarbeid i høve til spesielle materialgrupper som t.d. foto, film og video. Vidare kan det gjelda fellesløysingar og opplæring innanfor teknisk konservering og løysingar for digitalisering. Arbeidet med arkivoppgåver innanfor eit nytt organ vil i stor mon vera ei nyetablering.

Eit nytt organ vil utgjera ei høveleg fagleg og organisatorisk eining når det gjeld samarbeid med Noregsnettrådet, Riksbibliotektenesta og andre organ når det gjeld spørsmål om arkiv, bibliotek og museum i samspel med høgare utdanning og forsking. Vidare vil samordningsorganet kunna samarbeida med Noregs forskingsråd om overgripande spørsmål som gjeld FoU-aktivitet innanfor arkiv, bibliotek og museum. Eit nytt organ vil dessutan kunna ha oppgåver i høve til Riksantikvaren og dei delane av kulturminnevernet som i fyrste rekkje gjeld museum, men òg delvis arkiv og bibliotek.

Under føresetnad av at utgreiingsfasen endar opp med eit fagleg grunnlag for å setja i verk ei slik nyorganisering, vil Kulturdepartementet dinest etablera ei arbeidsgruppe som skal førebu og gjennomføra etableringa av det nye samordningsorganet. I denne samanhengen vil det òg vera naturleg å sjå nærare på drøftingar og framlegg i tidlegare utgreiingar, mellom anna utgreiinga om organiseringa av samordnande og rådgjevande nasjonale bibliotekfunksjonar frå 1995, der det i den etterfølgjande høyringsruden - særleg frå folkebibliotekhald - vart lagt stor vekt på behovet for å sjå heile biblioteksektoren i samanheng. Arbeidsgruppa vil òg få i oppgåve å vurdera om andre statlege organ enn Norsk museumsutvikling og Statens bibliotektilsyn, eller funksjonar i andre organ, kan høva inn i det nye organet.

8.3 Standardheving og utviklingstiltak for arkiv, bibliotek og museum

8.3.1 Innleiing

Alt i alt skisserer Regjeringa i denne meldinga ei opptrapping av dei statlege driftsløyvingane til arkiv, bibliotek og museum med til saman 414 mill. kroner utover noverande løyvingsnivå i løpet av den komande femårsperioden. Den årlege budsjettmessige oppfølginga vil vera avhengig av den økonomiske utviklinga og budsjettsituasjonen. Det må såleis på vanleg måte takast atterhald om den årlege budsjetthandsaminga.

Planen om eit nytt samordningsorgan for arkiv, bibliotek og museum inneber ikkje at målet er å tvinga fram eit fullstendig organisatorisk samanfall mellom institusjonstypane. Det er heller ikkje meininga å undertrykkja dei sektorspesifikke særdraga for å skapa eit tilsynelatande homogent system. Men i eit overordna, strategisk perspektiv er det så mange føremoner ved å sjå dei tre områda samla at det framstår som rett å gjera ei snarleg utgreiing av eit slikt grep. På den måten kan ein gje samarbeids- og samordningsprosessar på tvers av sektorgrensene gode vokstervilkår. På institusjonsnivå vil nok tilnærmingstendensane mellom arkiv, bibliotek og museum måtta ta ei viss tid før dei materialiserer seg i meir omfattande form. I mange samanhengar vil nok difor nærare samordning mellom institusjonar innanfor sektorane vera mest naturleg.

8.3.2 Kombinert tiltaksmodell for utviklinga innanfor arkiv, bibliotek og museum

museumsfeltet er det m.a. gjennom museumsutgreiinga dokumentert til dels store problem ved musea med å ha oversyn over samlingane sine og med magasin- og lagringstilhøve. Det er rett nok skilnad mellom musea, men mange av dei har dårlege tilstandar på feltet. I museumsutgreiinga er det tilrådd å gjennomføra ein tidsavgrensa revitaliseringsplan, kalla REVITA-planen, for norske museum, med hovudvekt på førebyggjande konservering og etablering av IKT-basert oversyn over samlingane, for på den måten å gjera dei meir tilgjengelege for eit breitt publikum. Planen er òg inspirert av tilsvarande, vellukka aksjonar i Nederland og Sverige, dels òg i Storbritannia.

REVITA-planen galdt registrering, bevaring og revitalisering av museumssamlingar, og bakgrunnen for at museumsutvalet lanserte dette framlegget, var at det både den generelle museumsstatistikken og ei særskild undersøking i Trøndelagsfylka hadde dokumentert store restansar når det galdt registrering av samlingane, dessutan at store delar av samlingane hadde dårlege oppbevaringstilhøve. Det vart vist til at det måtte eit krafttak til for å koma til rette med situasjonen. Museumsutvalet gjorde difor framlegg om eit femårsprogram for betre bevaring av samlingane. Konkret er det tale om ein plan for registrering og førebyggjande konservering, og målet med programmet var at musea skulle få betre oversyn over og sikrare lokalitetar for samlingane, slik at dei kunne revitaliserast og koma betre til sin rett både i intern bruk og overfor publikum. Det vart gjort framlegg om at Kulturdepartementet tok initiativ til eit femårig bevaringsprogram og til å samordna prosjektet vart det gjort framlegg om ein eigen prosjektorganisasjon i Norsk museumsutvikling. Samla kostnadsramme for den statlege innsatsen i planen vert sett til 380 mill. kroner, fordelt over fem år. Summen svarar til dei midlane som i åra 1989-1994 gjekk til musea gjennom ulike former for arbeidsmarknadstiltak.

REVITA-planen skapte stor åtgaum i museumsmiljøa, og høyringsfråsegnene ber tydeleg preg av at musea ventar ein målretta innsats på feltet i samsvar med opplegget i utgreiinga.

Men det kan lett peikast på liknande problem som på museumsfeltet innanfor delar av norsk bokarv og på arkivområdet. Med utgangspunkt i at behova i stor grad er likearta innanfor arkiv, bibliotek og museum, bør difor eventuelle tiltak av REVITA-karakter samordnast.

Mange moment talar likevel imot å organisera innsatsen som tidsavgrensa tiltak. Sjølv om ein tidsavgrensa tiltakspakke slik museumsutvalet gjorde framlegg om, vil ha mange positive verknader, er det eitt vesentleg svakt punkt ved slike opplegg: det er tvilsamt om ein vil makta å løysa alle problema med tidsavgrensa skippertak. Behovet for og ynska om å utvida perioden vil utan tvil dukka opp når prosjektperioden nærmar seg slutten. Dette har ein sett i mange museum som har gjort drifta si avhengig av omframme arbeidsmarknadsmidlar. Dette er òg situasjonen i Sverige og dels i Nederland etter at deira tiltaksplanar er avslutta eller er i ferd med å fasast ut.

Røynslene frå prosjekt som var tufta på dei tidlegare arbeidsmarknadsmidlane, viser òg at kort gjennomføringstid kan innebera ein risiko for at prosessen går litt over stokk og stein, og at den reelle effekten ikkje alltid står i høve til ressursbruken. Dei konkrete behova og oppgåvene er dessutan for viktige til at dei einsidig skal gjerast avhengige av svingingar i arbeidsmarknadstiltaka.

På denne bakgrunnen vil departementet i staden satsa på tiltak med meir permanent karakter. Målet må vera å utvikla institusjonar og miljø som er betre rusta til å løysa oppgåvene sine, og der kompetansen og dermed tenestene overfor samfunnet får eit nivå som kan vara.

Departementet vil følgja to parallelle strategiar for å få best mogleg effekt av satsingane.

Den eine vil vera ei generell styrking av institusjonane, som gjev betre basistenester og samstundes sikrar best mogleg effekt av meir målretta satsingar. I den generelle styrkinga bør òg liggja kompetanseutviklande tiltak for dei tilsette, m.a. når det gjeld utnytting av IKT i bevaringsoppgåver.

Den andre strategien vil vera målretta, tidsavgrensa satsingar, som m.a. tek utgangspunkt i dei behova som REVITA-planen byggjer på, dvs. betre bevaringstilhøve for samlingar og arkivbestand og betre oversyn over og tilgang til materialet med hovudvekt på bruk av IKT.

Den generelle styrkinga vil i stor mon skje sektorvis. Dei målretta satsingane kan det derimot vera føremålstenleg å samordna på tvers av sektorgrensene, for å sikra at det ikkje går bort ressursar i dobbeltarbeid. M.a. kan det vera tale om omfattande digitaliseringsoppgåver som vil krevja kompetanse og teknisk utstyr som det vil vera ressurssløsande å etablera som sektorvise tiltak. I samsvar med dette vil departementet dei komande åra satsa på ein tiltaksmodell som er todelt. Dels er det tale om permanente tiltak som skal gje generell standard- og kompetanseheving, dels er det tidsavgrensa, målretta tiltak, der utvikling og endring vil stå i fokus. For å sikra fleksibilitet og tilstrekkeleg handlingsrom for utviklingsprosjekt innanfor arkiv, bibliotek og museum vil ein setja av ein særskild pott til slike prosjekt. Her vil tema og tiltak kunna skifta over tid, men dei allokerte midlane vil vera tilnærma konstante innanfor dei tilgjengelege budsjettrammene.

Dei ulike tiltaka bør ikkje alle koma samstundes. Departementet legg difor opp til at ein skal fordela oppstart av tiltaka over fleire år, slik at ein i 2005 har kome opp på fullt innsatsnivå. Det vert nedanfor gjort nærare greie for ein del aktuelle tiltak. Ytterlegare konkretisering av tiltaka, m.a. omtale av dei målretta og tidsavgrensa tiltaka, vil koma i dei årlege budsjettproposisjonane.

8.3.3 Fellestiltak

I samband med at departementet vil greia ut grunnlaget for å skipa eit nytt fellesorgan for abm-sektoren, vil det òg vera behov for ein tiltakspakke som skal ta tak i oppgåver som er felles for arkiv, bibliotek og museum og som dermed stimulerer til nærare samarbeid mellom dei einskilde sektorane. Det planlagde fellesorganet er tiltenkt ansvaret for gjennomføringa for slike tiltak, i tillegg til at det skal ha ansvar for eksisterande og nye stimuleringstiltak, jf. nedanfor. Det gjeld utvikling av samarbeidsprosjekt, fellesoppgåver innanfor bruk av digitale medium, både publikumsretta bruk og utfordringane på bevaringssida. Fellestiltaka omfattar òg handlingsplanar for bevaring av lyd, foto og levande bilete. Etter ein femårig opptrappingsplan vil dei skisserte fellestiltaka innebera ei årleg løyving på 74 mill. kroner utover noverande nivå. Den årlege oppfølginga vil vera avhengig av den økonomiske utviklinga og budsjettsituasjonen. Det vil såleis på vanleg måte måtta takast atterhald om den årlege budsjetthandsaminga.

8.3.4 Tiltak på arkivområdet

Det grunnleggjande og største grepet på arkivområdet er å gjennomføra ei omfattande kapasitetsoppbygging innanfor Arkivverket, slik at etaten vert sett i stand til å ta hand om dei nye og arbeidskrevjande oppgåvene med å bevara dei ulike formene for elektronisk arkivmateriale, både slikt som alt er skapt og står i fare for å verta teknologisk utilgjengeleg, og framtidige saksdokument, der forvaltninga no står på terskelen til ei epokegjerande omlegging til elektronisk saksbehandling og arkivering. Etaten har høg fagleg kompetanse og ligg i internasjonal målestokk langt framme når det gjeld utvikling av metodar og verkty for mottak, langtidslagring og tilgjengeleggjering av elektroniske arkiv. Men denne kompetansen er knytt til eit lite fåtal nøkkelpersonar, og ein er difor svært sårbar. Alt i alt har heile etaten i dag berre seks stillingar til å handtera alle slags oppgåver innanfor heile feltet elektroniske arkiv, som omfattar både utviklingsarbeid og operative oppgåver, og både bevarings- og formidlingstiltak. Fem av dei åtte statsarkiva har i dag ikkje ei einaste stilling på området.

Omfattande tilførsle av ressursar til Arkivverket vil vera naudsynt for å ivareta tradisjonelle oppgåver i ei tid med heilt andre teknologiske føresetnader enn tidlegare. Elektronisk lagra informasjon ligg føre i ei flyktig og forgjengeleg form. For arkivfunksjonen, som mellom anna går ut på å ta vare på informasjon i uendra form over lang tid, til dels for ei uavgrensa framtid, er dermed arbeidsgrunnlaget fundamentalt endra både i karakter og omfang. Rett nok er det den føremonen at elektronisk arkivering gjev langt meir kompakt lagring, slik at ein i framtida vil spara mykje magasinplass i høve til det som trengst for å oppbevara papirarkiv. Men på nesten alle andre måtar vil elektroniske arkiv vera meir arbeidskrevjande enn papirbasert arkivmateriale. Det vil såleis vera rett å seia at ein del av den effektiviseringsvinsten som ein oppnår i forvaltninga ved bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi, i røynda må betalast ved høgare kostnader på arkivområdet. Ein lyt i framtida ta dette aspektet med i dei samla kostnadskalkylane når ein legg planar og førebur tiltak for overgang til nye teknologiske løysingar i offentleg forvaltning.

Arkivverket må gjevast kapasitet både til å delta i utviklingsarbeid og til å ta hand om det elektroniske materialet som alt er skapt. Det er i internasjonal arkivtenking eit erkjent prinsipp at omsynet til framtidig bevaring av informasjon må takast med og teknisk innarbeidast i dei nye elektroniske informasjonssystema alt når dei vert utforma. Dermed vil ein spara ressursar i framtida. Det er likevel på det reine at det er operativ kapasitet til å ta hand om eksisterande materiale som vil krevja mest ressursar dei næraste åra. Ein rapport som vart lagd fram for Riksarkivaren i juni 1999, tyder på at arbeidet med å ta hand om bevaringsverdig informasjon frå det store mangfaldet av elektronisk baserte fagsystem i statsforvaltninga vil vera endå meir ressurskrevjande enn det ein tidlegare har hatt grunn til å tru.

Arbeidet med bevaring av elektronisk arkivmateriale i kommunesektoren er i utgangspunktet eit ansvar for kommunane kvar for seg, men i praksis vil det store fleirtalet av dei knapt kunna skaffa seg den kompetansen og det utstyret som skal til for å makta denne oppgåva på eiga hand. Truleg vil difor interkommunalt samarbeid vera den einaste realistiske vegen å gå. Å utvikla dei noverande interkommunale arkivordningane til å ta på seg permanente depotoppgåver for medlemskommunane, jf. kap. 8.2.1, tykkjest såleis å ha mykje føre seg.

Utover dette vil det vera behov for frå sentralt hald å formidla kompetanse og medvit om bevaringsutfordringane for elektronisk arkivmateriale. Dette kan skje som lekk i det ordinære tilsyns- og inspeksjonsarbeidet som Riksarkivaren er pålagd etter arkivlova, men i tillegg vil det krevjast kursverksemd og anna form for rettleiing overfor kommunane. Slike tiltak vil venteleg ha størst effekt dersom dei kan kanaliserast gjennom dei interkommunale arkivordningane. Endeleg vil det frå statleg hald òg kunna syna seg aktuelt å initiera utviklings- og utprøvingstiltak av ulike slag. Eventuell statleg medfinansiering av slike tiltak vil måtta sjåast i samanheng med dei midlane som det planlagde samordningsorganet etter føresetnaden skal disponera. Statleg innsats i form av informasjon og opplæring for å utvikla arkivfunksjonane i kommunesektoren meir generelt vil òg vera eit strategisk viktig verkemiddel frå statleg hald.

Kapasitetsoppbygginga i Arkivverket for arbeidet med elektroniske arkiv vil for det aller meste gå med til å bevara og gjera tilgjengeleg arkivmateriale som er oppstått i elektronisk form, og dette må vera den høgast prioriterte oppgåva. Men i tillegg må ein del av innsatsen rettast inn mot arbeidet med å leggja til rette for formidling av papirbasert arkivmateriale i digital form. Dette vil skje innanfor ramma av Digitalarkivet, som ein mellom anna kan få tilgang til gjennom Arkivnett Noreg, jf. kap. 4.5.5 og 4.6.3. Registrering og konvertering av papirarkiv til digital form vil berre kunna omfatta utvalde delar av arkivseriar som er særleg etterspurde eller der potensialet for utvida formidling er særleg stort. Dette gjeld fyrst og fremst ulike former for demografisk kjeldemateriale. Metoden vil innebera ei effektivisering og demokratisering av tilgangen til viktig arkivinformasjon.

Innanfor feltet digitalisering av kulturarvsmateriale meir generelt er det elles behov for å få betre oversyn over kva som no er situasjonen på dei ulike områda. Her er det mange ulike aktørar og mange slags problemstillingar som reiser seg i eit meir langsiktig nasjonalt perspektiv, både når det gjeld tekniske metodeval, organisering, prioritering og arbeidsdeling. Departementet vil difor ta initiativet til ein statusrapport innanfor dette feltet, slik at ein får eit betre grunnlag for meir heilskapleg tenking og planlegging av vegen vidare. Dette vil elles vera ei naturleg oppgåve for det påtenkte samordningsorganet for arkiv, bibliotek og museum.

Dei nye bevaringsutfordringane i samband med elektronisk arkivmateriale kjem inn med full styrke samstundes med at arkivinstitusjonane enno i mange år vil ha fullt opp med å ta hand om tradisjonelt papirbasert arkivmateriale. Mange statsorgan har i dag unødig store kostnader til oppbevaring og avlevering av eldre materiale som ikkje er avlevert i tide, dels fordi dei ikkje har laga framlegg til eigne kassasjonsreglar, dels fordi Arkivverket ikkje har hatt kapasitet til inspeksjon og rettleiing. Det må dei næraste nærmaste åra koma fortgang i kassasjons- og avleveringsarbeidet for å få bygd ned eit stort avleveringsetterslep i statsforvaltninga. Ein avgjerande føresetnad for dette er at Arkivverket til kvar tid har ledig magasinkapasitet til å ta imot avleveringar i turvande omfang.

Dei skisserte tiltaka på arkivområdet vil etter ei opptrapping over fem år representera ein årleg kostnad på 62 mill. kroner utover noverande løyvingsnivå. Den årlege oppfølginga vil vera avhengig av den økonomiske utviklinga og budsjettsituasjonen. Det vil såleis på vanleg måte måtta takast atterhald om den årlege budsjetthandsaminga.

8.3.5 Tiltak innanfor bibliotekfeltet

Med ca. 21 mill. besøk og 23 mill. utlån pr. år utgjer folkebiblioteka ein kulturinstitusjon med brei kontaktflate. Alle bibliotek går inn i ei omstillingstid, og endringane vil i stor grad vera knytte til utviklinga av IKT-bruken i samband med desentralisert utdanning, fjernlånstenester, innhenting og bearbeiding av informasjon og tilgang til databasar. Folkebiblioteka bør stimulerast til å utvikla nye og alternative samarbeids- og samordningsmodellar for organisering av bibliotektenester. Spesielt er det viktig at dei mange små bibliotekeiningane på kommunenivå kan utvikla samarbeid over kommunegrensene. Det er òg stort behov for etter- og vidareutdanningstilbod for personalet i folkebiblioteksektoren, særleg med tanke på å kunna utnytta IKT-potensialet i bibliotekarbeidet. Departementet legg opp til at det skal ytast ekstra midlar til utviklingsprosjekt for organisering av bibliotektenester. Samstundes skal kriteria for bruk av noverande prosjektmidlar i Statens bibliotektilsyn vurderast.

Den kontinuerlege vurderinga av bibliotektenester i budsjettsamanheng er og skal vera eit tema innanfor kommunar og fylkeskommunar. Det inneber at tiltak med budsjettkonsekvensar for å få til generell standardheving må vurderast av bibliotekeigarane til kvar tid. Det er likevel grunn til å understreka dei mange positive verknadene som kommunar med målmedveten satsing på bibliotek kan visa til. Departementet vil ta initiativ overfor Kommunenes sentralforbund for å vurdera tiltak som kan vitalisera folkebiblioteka si rolle innanfor det kommunale systemet. Den statlege innsatsen når det gjeld folkebibliotek, vil i all hovudsak vera avgrensa til ei vurdering av generelle rammevilkår og ymse tidsavgrensa stimuleringstiltak.

Nasjonalbiblioteket er frå 1. januar 1999 etablert som eininstitusjon. I tida framover er det ei viktig utfordring å rotfesta organisasjonen som ein heilskap med ei operativ avdeling i Rana og ei i Oslo. I tillegg vil bygging av nytt magasinareal og opprusting av den gamle bibliotekbygningen på Drammensveien måtta løysast for å gje dei publikumsretta funksjonane ved Oslo-avdelinga ei funksjonell ramme. Kulturdepartementet og Statsbygg førebur no dette prosjektet, og det er sett av midlar til vidare prosjektering i budsjettproposisjonen for 2000 frå Arbeids- og administrasjonsdepartementet. Kulturdepartementet vil koma attende til saka i ordinær budsjettsamanheng for 2001.

Meir generelle og langsiktige utfordringar knytte til det å fungera som eit moderne Nasjonalbibliotek er behovet for å utvikla depotbiblioteket ved avdelinga i Rana for på den måten å effektivisera delar av fjernlånsfunksjonane mellom biblioteka. Vidare er det eit klårt behov for å videreutvikla digitale bibliotektenester med sikte på å kunna tilby betre og enklare tilgang til dei delane av Nasjonalbiblioteket sine samlingar som høver for digital formidling. Særleg viktige vil slike tenester vera i eit samspel med IKT-satsinga i utdanningssektoren.

Ny informasjons- og kommunikasjonsteknologi kan innebera at Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek i løpet av få år vil måtta leggja til rette heilt andre tenester enn i dag. Behovet for teknologisk kompetanse for å kunna handtera desse omstillingane kan tilseia at tiltaket vert samorganisert med Nasjonalbiblioteket. I den samanhengen må det setjast i gang tiltak for å kopiera og bevara eit omfattande masterarkiv med 17 000 lydbøker på 120 000 masterband. Dei eldste er over 40 år gamle.

Etter ei opptrapping over fem år vil årlege kostnader til dei skisserte tiltaka på bibliotekfeltet vera 72 mill. kroner utover noverande løyvingsnivå. Denne summen inkluderer òg dei tiltaka som er nemnde under kap. 8.3.6 nedanfor. Den årlege oppfølginga vil vera avhengig av den økonomiske utviklinga og budsjettsituasjonen. Det vil såleis på vanleg måte måtta takast atterhald om den årlege budsjetthandsaminga.

8.3.6 Fire nasjonale oppslagsverk

Utgjevinga av fire nasjonale oppslagsverk fell det naturleg å nemna i tilknyting til bibliotekområdet. Det gjeld Norsk Ordbok, Norsk Riksmålsordbok, Norsk Biografisk Leksikon og Historisk-kritisk Ibsen-utgåve. Dette er prosjekt som Kulturdepartemenet tek sikte på skal vera avslutta til tohundreårs-markeringa av Grunnlova i 2014. Det er eit mål som krev auka innsats alt frå 2001.

Norsk Ordbok er i særklasse det tyngste og vanskelegaste av desse prosjekta. Det har hatt statstilskot sidan 1929 og vil med noverande framdrift fyrst vera sluttført i 2060. Hovudkostnadene vert borne av Universitetet i Oslo, men i tillegg yter Kulturdepartementet eit tilskot. Norsk Ordbok er planlagd i tolv band og skal gje ei utfyllande vitskapleg framstilling av ordtilfang og ordbruk i norske målføre og nynorsk skriftmål med utførlege tydingar om staving, bøying, dialektformer og bruksmåtar.

Norsk Riksmålsordbok er eit mykje mindre prosjekt. Det dreier seg om å konvertera den opphavlege utgåva i fire band til elektronisk form, slik at dei to seinare utgjevne supplementsbanda kan implanterast i det samla verket, dessutan anna supplerings- og oppdateringsarbeid med sikte på ei nyutgjeving av heile verket. Norsk Riksmålsordbok inneheld ordtydingar som stør seg tungt på litterære sitat frå det 19. og 20. hundreåret.

Norsk Biografisk Leksikon skal gjevast ut i ti band i perioden 1999-2005. Kulturdepartementet yter årleg tilskot. Det nye biografiske leksikonet vil innehalda om lag 6 000 personbiografiar. Verket skal gje informasjon om personar som har spela viktige roller i utviklinga av Noreg til det landet er i dag.

Historisk-kritisk Ibsen-utgåve er knytt til Senter for Ibsen-studiar ved Universitetet i Oslo. Universiteta både i Bergen og Oslo, og dessutan Noregs forskingsråd, er all innstilte på å medverka med ressursar til prosjektet, men det vil vera påkravd med ei direkte statleg prosjektløyving for å få fullført den vitskaplege delen av arbeidet innan 2006; dinest kjem ein utgjevingsperiode. Prosjektet har som mål å byggja opp, både i bokform og i elektronisk versjon, ei komplett vitskapleg tekstutgåve av alle tekstar førte i pennen av Henrik Ibsen.

8.3.7 Tiltak innanfor museumsfeltet

På museumsområdet vil det vera avgjerande å gjennomføra dei strukturtiltaka som sikrar ei betre plattform for samarbeid og samordning mellom institusjonane. For å sikra heilskapstenkinga i denne omlegginga er det viktig at Norsk museumsutvikling får eit større og meir operativt ansvar som budsjettmessig kontaktpunkt for museum med statstilskot, jf. kap. 8.2.

Museumsutgreiinga frå 1996 dokumenterer eit klart behov når det gjeld tiltak for å få betre oversyn over og oppbevaringstilhøve for samlingane. I tillegg er det utan tvil eit stort uutnytta potensial i formidlingsarbeidet til musea. Regjeringa legg difor opp til ei reell satsing innanfor museumssektoren. Men i staden for å laga eit skippertaksopplegg, slik museumsutgreiinga la opp til med REVITA-planen, vil det verta satsa på tiltak med meir permanent verknad.

Jamvel med ei restrukturering er det tale om mange museumseiningar, og den største økonomiske utteljinga vil difor koma på museumsfeltet. I samband med at Norsk museumsutvikling saman med fylkeskommunane gjennomgår museumsstrukturen i kvart fylke, skal det utviklast tiltak som gjev standardheving og auka kompetanse og aktivitet innanfor dokumentasjons-, bevarings- og vedlikehaldsfunksjonar. Her er det tale om å få til museumsfagleg sterke einingar som òg kan ha eit reelt grunnlag for å ta ansvar for dei mindre museumssamlingane. Eit viktig punkt er å etablera kvalifiserte konserveringstenester i kvart fylke. Det er naturleg å ta eit tak på dette feltet, både for å gjera noko med dei behova som ligg til grunn for REVITA-planen, men òg av di ein i åra framover får kandidatar frå konserveringsutdanninga ved Universitetet i Oslo. Der det ligg til rette for det, vil slike tenester verta skipa i tilknyting til eksisterande fagmiljø.

Det må vidare satsast ekstra på å opparbeida spesiell handverkskompetanse for vedlikehald av dei over 5 000 verneverdige bygningane ved musea og teknisk-industrielle kulturminne. Vidare må kapasitet og kompetanse aukast med tanke på å utarbeida formidlings- og undervisningsopplegg tilpassa ulike aldersgrupper.

Det er naudsynt å oppgradera samiske museum og leggja til rette for museumstiltak for nasjonale minoritetar og innvandrargrupper, jf. kap. 6.11.1. Departementet vil drøfta organiseringa og forvaltninga av dei samiske musea med Sametinget og dei involverte fylkeskommunane og kommunane. Utgangspunktet vil vera ynsket frå Sametinget om å få seg tillagt det samla forvaltningsansvaret for dei samiske musea.

Den skisserte planen for eit samla, nasjonalt kunstmuseum vil i etableringsfasen krevja ein viss auke i tilskota.

Etter ei opptrapping over fem år vil dei skisserte tiltaka på museumsområdet representera ein årleg kostnad på 202 mill. kroner utover noverande løyvingsnivå. Den årlege oppfølginga vil vera avhengig av den økonomiske utviklinga og budsjettsituasjonen. Det vil såleis på vanleg måte måtta takast atterhald om den årlege budsjetthandsaminga.

8.4 Lover og regelverk

8.4.1 Lov om arkiv

Lov om arkiv tok til å gjelda frå 1. januar 1999. Samstundes vart det fastsett ei omfattande forskrift om offentlege arkiv, som samlar og erstattar det meste av det tidlegare regelverket om arkiv i stat og kommune og innordnar dette under den felles lovheimelen som lova representerer. På ein del nærare spesifiserte område er Riksarkivaren anten direkte i lova eller gjennom forskrifta gjeven heimel til å fastsetja meir detaljerte føresegner og til å fatta vedtak i einskildsaker. Ein har med dette fått eit nytt og modernisert regelverk på arkivområdet, og det er i dag ikkje aktuelt å gjera substansielle eller prinsipielle endringar i dette lov- og regelverket. Mindre justeringar og formelle tilpassingar til tilstøytande lov- og regelverk må likevel vurderast kontinuerleg.

Gjennom den nye lova er mange brikker falle på plass på arkivområdet, og ein har ikkje minst fått eit ryddigare og meir oversiktleg regelverk og klårare administrative ansvarsliner. Samstundes har Riksarkivaren fått meir krevjande og omfattande forvaltningsoppgåver enn tidlegare. Det er difor naudsynt å tilføra etaten juridisk kompetanse og i tillegg større kapasitet innanfor generell sakshandsaming. Hjå Riksarkivaren må det òg byggjast opp ein særskild stab til å ta seg av oppgåver innanfor informasjon, planlegging og utgreiing.

8.4.2 Lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument

Gjennom lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument er Nasjonalbiblioteket pålagt ansvaret for å ta vare på eit mest mogleg komplett sett av publiserte norske dokument. Det er her tale om dokument i vidaste forstand, ubunde av informasjonsberar, frå tradisjonelle prent på papir, via foto, film og lydfestingar, radio og fjernsyn til dagens veksande tilbod av digital informasjon, jf. elles kap. 5.2.2.

Pliktavleveringslova vart sett i verk andre halvåret 1990. Lova innebar m.a. at spekteret av avleveringspliktige informasjonsberarar vart utvida. Elektroniske dokument, fjernsynsmateriale, lydfestingar og film vart avleveringspliktige på line med bøker, aviser og tidsskrift.

Etter at lova neste år har verka i ti år, vil det vera naturleg å sjå nærare på korleis ho har fungert. For dei fleste dokumentslaga er hovudinntrykket at røynslene er gode. Eit unnatak tykkjest likevel vera norskproduserte videogram, der innsamlinga av utgjevingar utover det som er laga med tilskot frå statlege stønadsordningar, ser ut til å ha vore fragmentarisk. Den viktigaste grunnen til å sjå nærare på det eksisterande regelverket er likevel den teknologiske utviklinga med den sterke voksteren i elektroniske dokument tilgjengelege ved direktekopling over Internett. Jamvel om gjeldande lov dekkjer slike allment tilgjengelege dokument med, er det ei utfordring å finna praktiske og føremålstenlege ordningar når det gjeld elektroniske dokument. Det vil dessutan vera viktig å sjå denne lova i samanheng med lov om opphavsrett til åndsverk og endringar i denne mellom anna som følgje av den teknologiske utviklinga.

Når det gjeld avlevering av film- og videomateriale, skjer dette etter gjeldande forskrift til Norsk filminstitutt, som så sender verneeksemplaret av videogram til Nasjonalbiblioteket, avdeling Rana. Departementet vil i samarbeid med Norsk filminstitutt og Nasjonalbiblioteket gjera ein samla gjennomgang av føresegnene om pliktavlevering for filmar og videogram. Viktige spørsmål vil vera om gjeldande føresegner er dekkjande for det som bør vera avleveringspliktig innanfor dette feltet, kva som kan gjerast for å betra den faktiske avleveringa av videogram, og kva som bør vera framtidig ansvarsdeling mellom Norsk filminstitutt og Nasjonalbiblioteket for desse dokumentkategoriane.

8.4.3 Justeringar i lovverket for folke- og fylkesbibliotek

I kapittel 5 er det peikt på dei mange utfordringane folkebiblioteka står andsynes. Dels kjem det av stendig sterkare bruk av IKT i samfunnet generelt, og dels vil utfordringane koma i samband med at prinsippet om livslang læring vil konkretisera seg på ulike måtar. I den samanhengen er det viktig å ha som overordna prinsipp at eit samla bibliotekstell, både folke-, fylkes-, fag- og forskingsbiblioteka, skal forma ein best mogleg integrert heilskap for alle som søkjer informasjon i ei eller anna form. For å få det til må ein sikra seg at lovgjevinga tener som ei ramme for rasjonell og fleksibel tenesteyting.

Når det gjeld lovgjevinga for folke- og fylkesbiblioteka, er det to punkt som departementet vil sjå nærare på for å vurdera framlegg til endringar.

Det eine punktet gjeld gratisprinsippet, som er eit hovudgrunnlag for ideen om folkebibliotek. I § 1 i lov om folkebibliotek vert det slege fast at biblioteka skal «stille bøker og annet egnet materiale gratis til disposisjon for alle som bor i landet». Under kap. 5.10.4 er det gjort greie for dei overvegingane som har funne stad dei siste tiåra kring rekkjevidda av dette prinsippet. At utlån frå folkebiblioteka skal vera gratis, er eit hovudprinsipp som det er brei oppslutnad om, og som det ikkje kan vera aktuelt å skipla. Samstundes må ein passa på at lova er tilpassa den røyndomen som folkebiblioteka lever i.

Gratisprinsippet i folkebiblioteka heng nøye saman med eit anna grunnprinsipp for bibliotek, og det er prinsippet om mangebruk. Biblioteket skaffar informasjon og litteratur, dinest skal alle som ynskjer det, få låna dette materialet når dei treng det. I IKT-samanheng vert det meir og meir aktuelt å skreddarsy informasjonstenester etter meir individuelle behov, anten brukaren er ein organisasjon, ein institusjon eller ei næringsverksemd. Behovet for kvalifisert analyse av tilgjengeleg informasjon med omsyn til kvalitet og relevans vil berrsynt verta større m.a. av di aukande informasjonsmengd i seg sjølv stundom kan vera ei effektiv sperre mot å få god og fullnøyande informasjon. Folkebiblioteka vil kunna gjera ein innsats innanfor eit slikt felt, men det er sjeldan aktuelt med mangebruk av dei resultata som brukaren har tinga. Slik sett er det ei spesialteneste som etter gjeldande lov skal ytast gratis. Dermed vert det eit spørsmål om folkebiblioteka i det heile kan sjå seg råd til å utføra slike oppdrag, jamvel om dei har kompetanse til å gjera det.

Departementet meiner at det på ny bør vurderast å justera lova slik at den einskilde kommunen etter eige ynske kan ta betalt for datatenester og informasjonsanalysar når folkebiblioteka skreddarsyr informasjonstenester som ikkje har interesse for andre enn den som tingar tenesta. Strukturen på det norske næringslivet med eit stort tal små verksemder i distrikta kan i mange tilfelle innebera at eit slikt tilbod frå folkebiblioteka vil vera interessant. Ei endring av lova på dette punktet vil òg vera i takt med kva som gjeld for folkebiblioteka i andre nordiske land.

Det andre punktet der departementet vil vurdera ei endring, er organiseringa av dei tenestene som fylkesbiblioteka står føre.

I lov om folkebibliotek kapittel III vert det skissert korleis kvar fylkeskommune pliktar å organisera eit fylkesbibliotek. Arbeidsoppgåvene omfattar i hovudsak organisering av fjernlån, lånesamarbeid og rettleiingstenester. Normalt har ikkje fylkesbibliotek direkte kontakt med einskildbrukarane; det er ei teneste for andre folkebibliotek. Organisatorisk er dei ofte knytte til eit folkebibliotek, gjerne det største biblioteket i fylket.

Organiseringa av fylkesbiblioteka har vore den same sidan 1972. Tenestene som fylkesbiblioteka i dag har ansvar for, vil vera viktige i framtida med, men det kan stillast spørsmål ved om ei lovpålagd ordning med eit fylkesbibliotek i kvar fylkeskommune er den einaste og beste organisatoriske løysinga. Departementet meiner at det er rom for større fleksibilitet, slik at fylkeskommunane sjølve kan avgjera korleis dei vil organisera tenestene. Det kan t.d. vera tale om ei ordning der fylkeskommunen kjøper tenester frå eitt eller fleire av dei store folkebiblioteka utan å organisera eit eige fylkesbibliotek. Rettleiingstenestene kan t.d. organiserast inn i den fylkeskommunale kulturadministrasjonen. Hovudpoenget er at fylkeskommunane får fleksibilitet til å finna organisatoriske løysingar som gjev best samla tenester overfor dei andre folkebiblioteka. Departementet vil på denne bakgrunn vurdera å tilrå ei endring av føresegna om fylkesbibliotek i biblioteklova. Jf. elles utfyllande omtale under kap. 5.10.2.

8.4.4 Opphavsrettslege spørsmål innanfor arkiv, bibliotek og museum

Den drøftinga av opphavsrettslege spørsmål som er gjord under kap. 5.10.6, har i mange samanhengar aktualitet for arkivinstitusjonar og museum med. Til dømes vil forbodet mot digitale kopiar òg gjelda for arkiv og museum i den mon dei forvaltar og brukar opphavsrettsleg verna materiale. Fyrst og fremst gjeld dette fotografisk materiale. For kunst- og kunstindustrimusea vil dessutan store delar av samlingsmaterialet vera omfatta av opphavsretten når det gjeld formidlingsarbeid, ikkje minst i digitale media.

På opphavsrettsfeltet lyt såleis både arkiv, bibliotek og museum halda seg orienterte om dei føresegnene som til kvar tid gjeld. Det påtenkte nye organet ABM-utvikling - Kulturdepartementets samordningsorgan for arkiv, bibliotek og museum er mellom anna tiltenkt oppgåva å gje råd og rettleiing innanfor dette feltet. Trongen for slik rådgjevingsteneste vart òg streka under i Kulturdepartementets handlingsplan for IT på kulturområdet for perioden 1998-2001 Skape Bevare Formidle.

8.4.5 Regelverk for museum som får statstilskot

Departementet vil i samarbeid med Norsk museumsutvikling utarbeida eit standard regelverk for alle dei musea som direkte eller indirekte tek i mot statleg løyving eller tilskot over budsjettet til Kulturdepartementet. Dei krava som hittil har vore stilte til institusjonar som får midlar gjennom den noverande statlege tilskotsordninga for museum, og som er refererte ovanom under kap. 6.2.1, vil vera ein naturleg del av innhaldet i eit slikt regelverk.

I tillegg vil det m.a. måtta stillast krav om at museet skal medverka i eit utviklingsprogram med sikte på å betra institusjonen. Slike program vil verta skreddarsydde av Norsk museumsutvikling på grunnlag av ein konkret gjennomgang, evaluering eller analyse av stoda ved det einskilde museet. Eit slikt utviklingsprogram kan innebera ein prosess som strekkjer seg over fleire år.

Tufta på ein føresetnad om at alle museum som i framtida mottek midlar frå Kulturdepartementet skal inngå i eit nasjonalt nettverk, vil Norsk museumsutvikling dessutan måtta ha høve til å formulera krav til korleis det einskilde museet prioriterer. Dette er naudsynt for å oppnå ei best mogleg utnytting av tilgjengelege ressursar og minst mogleg dublerande innsatsar.

For alle museum der fleire forvaltningsnivå yter driftstilskot, vil det vera naturleg fyrst å drøfta planlagde pålegg frå statleg hald andsynes konkrete museum med dei andre finansieringspartane før pålegga vert sette i verk.

Til forsiden