St.meld. nr. 22 (1999-2000)

Kjelder til kunnskap og oppleving

Til innholdsfortegnelse

9 Kulturbygg

9.1 Innleiing

I St.prp. nr. 1 (1998-99) opplyste Kulturdepartementet at ein står overfor ei lang rekkje uløyste oppgåver når det gjeld statlege, nasjonale og andre kulturbygg. Departementet viste til at berre eit fåtal av byggjeprosjekta kan verta realiserte i oversynleg framtid med dei avgrensa ressursane som hittil har vore avsette til slike investeringar. I St.prp. nr. 1 (1999-2000) varsla departementet ei utgreiing om planar, prosjekt og behov i stortingsmeldinga om arkiv, bibliotek og museum, og at det dessutan ville verta utarbeidd ein investeringsplan for kulturbygg.

Kulturbygningane har tvillaust vore viktige i forminga av det offentlege rommet i by og bygd, men hovudfunksjonen har sjølvsagt vore å tena som arena for kunst og kultur, både til bevaring og formidling av kulturuttrykk. Utforminga av kulturbygningane skal i tillegg presentera kva oppgåver og verdiar kunsten og kulturen har.

Dei overordna måla for kulturpolitikken er:

  • å gjera kunst og kultur av høg kvalitet tilgjengeleg for så mange som råd,

  • å leggja tilhøva til rette for at einskildkunstnarar skal vera med på å skapa eit mangfaldig og nyskapande kulturliv,

  • å samla inn, bevara og gjera tilgjengeleg materiale som gjer kulturarven synleg og aktuell.

Staten har eit særleg ansvar for at eigne bygg og anlegg framstår som gode døme på høg arkitektonisk kvalitet. Det er utarbeidd ei rettleiing - Estetikk i statlige bygg og anlegg frå 1996 - som skal peika ut tiltak og elles gjera sitt til at ein går fram på måtar som fremjar høg arkitektonisk kvalitet i alle statlege byggje- og anleggssaker. Denne rettleiinga skal nyttast i statsfinansierte byggje- og anleggssaker og i saker der private aktørar fører opp bygningar for statlege leigetakarar.

Målet om tilgjenge for dei mange krev at kulturbygningane er plasserte slik at dei er lette å nå for publikum. For å presentera kultur og kunst av høg kvalitet trengst bygningar som funksjonelt og teknisk er tilpassa den kulturytringa som skal presenterast.

Biblioteka er avgjerande for at folk flest skal ha lett tilgang til litteratur uavhengig av økonomisk evne. Formidlinga av scenekunst krev tilrettelagde teaterbygningar, konserthus eller fleirbrukshus med scene og sal. Utstillingsromma i museum og galleri er den fremste arenaen for formidling av biletkunst. Konsert- og teaterhusa må særleg stetta krav til god akustikk og sikt, medan utstillingslokala krev tilpassa lyssetjing.

For kunstlivet trengst òg lokale for øving, produksjon, utøving og framsyning. Teaterbygningane, konserthusa, kunstmusea, galleria og fleirbrukshusa er avgjerande for eit mangfaldig og nyskapande kulturliv. Bygningane må ta omsyn til at formene for kunstproduksjon og kunstformidling stendig er i endring. Dette krev ein viss mon av fleksibilitet.

Innsamling, avlevering og bevaring av kulturarvsmateriale krev magasin- og konserveringslokale. Bygningar som vert tekne i bruk til magasin, må som regel ha tilpassa klimatilhøve. Kulturarven vert gjord tilgjengeleg, synleg og aktuell i lesesalar, utstillingslokale, undervisningsrom og dokumentasjonssenter.

Produksjon, bevaring og formidling av kunst og kultur går føre seg i mange typar lokale som har andre funksjonar som hovudføremål, til dømes skular, kyrkjer, idrettsarenaer og serveringsstader. Desse bygningane fell ikkje inn under det vi elles forstår med kulturbygg i denne meldinga. Mange kulturbygg vert finansierte med offentlege løyvingar og/eller private tilskot. Ofte vert kulturbygg realiserte med tilskot frå fleire partar. I omtalen av kulturbygg i 1990-åra har vi valt å avgrensa temaet til kulturbygg som vert finansierte med tilskot frå Kulturdepartementet og bygningar til statsinstitusjonar som får driftsløyvingar frå Kulturdepartementet. Omtalen av prosjekt som er komne i gang og planar og prosjekt som enno ikkje er realiserte, femner om nasjonale kulturbygg, utpeikte tusenårsstader og statlege kulturbygg.

9.2 Kulturbygg i historisk perspektiv

9.2.1 Kulturbygg i Noreg

Oppføringa av kulturbygningar i perioden mellom 1814 og 1905 må oppfattast som eit uttrykk for auka interesse for kunst og kultur, men har òg samanheng med utvikling og formidling av ein nasjonal identitet gjennom skiping av eigne norske institusjonar. Institusjonaliseringa av kulturfeltet framheva elles dei delane av kulturen som anten vart sett på som særleg verdfulle eller felles for nasjonen.

Fleire av dei teater- og museumsbygningane vi i dag har i dei største byane og i landet elles, er eit resultat av oppbygginga av den kulturelle infrastrukturen i den nasjonsbyggjande perioden.

Eit hovudmotiv for avgjerda om organisering av eit norsk riksarkiv i 1817, jf. kap. 4.1.2, var å sikra dei gamle arkiva på Akershus festning tryggare oppbevaring ved å flytta dei til ein tidlegare militær depotbygning. Omfattande overføring av arkivsaker frå Danmark i 1820 og 1822 gjorde at denne bygningen snart vart full, og Akershus festning vart verande hovudsete for Riksarkivet inntil 1866, då heile verksemda vart samla i den nye stortingsbygningen. I 1914 overtok så Riksarkivet den gamle bygningen til Noregs Bank. Særskild tilpassa bygning med klimastyrte magasin fekk Riksarkivet fyrst ved flyttinga til Kringsjå i 1978.

I perioden fram til hundreårsskiftet vart det etablert kulturhistoriske museum i fleire byar. Utbygginga av folkemusea i slutten av førre hundreåret og fram til fyrste verdskrigen fekk mykje å seia for utviklinga og formidlinga av nasjonal kulturell identitet.

Parallelt med at kulturinstitusjonane fekk tak over hovudet, oppførte dei friviljuge organisasjonane i perioden fram til fyrste verdskrigen forsamlingslokale som Folkets Hus, ungdomshus, bedehus og fråhaldslokale.

I siste helvta av dette hundreåret er det etablert statlege tilskotsordningar for lokale og regionale kulturhus, biblioteklokale, museum, teater, konserthus og fleirbrukshus, jf. omtale under kap. 9.3.

Dei fyrste tjue åra etter andre verdskrigen gjekk mesteparten av den statlege innsatsen i kulturbygg med til å byggja samfunnshus. Desse skulle vera fleksible og fylla ei rolle som lokale kultursenter.

Frå Norsk kulturråd vart skipa i 1964 og fram til 1975, gjekk 30 prosent av dei årlege fondsløyvingane til kulturbygg. Seinare har prosentdelen vorte gradvis redusert og er no nede i om lag 5 prosent.

I 1987 vart den statlege tilskotsordninga for samfunnshus lagd om til ei tilskotsordning for «lokale og regionale kulturhus». Større inntekter frå statlege spel, særleg Lotto, finansierte auken i løyvinga frå 16,8 mill. kroner i 1986 til 42 mill. kroner i 1987. For 2000 er det løyvt 49,3 mill. kroner; av dette er 9 mill. kroner øyremerkt fleirbrukshallar.

I 1990-åra er dei viktigaste kulturbygga Oslo Spektrum, Trøndelag Teater, Nasjonalbiblioteket (avdeling Rana), Olavshallen, Norsk Teknisk Museum, OL-prosjektet på Maihaugen og magasinutvidinga ved Riksarkivet.

9.2.2 Kulturbygg i andre nordiske land

Alt på 1700-talet vart det reist teater- og operabygg i Danmark og Sverige. Det fyrste offentlege teateret i København vart opna i 1722, medan Det kongelige Teater i København, som omfatta både teater, ballett og opera, vart opna 26 år seinare. Gustav IIIs operahus i Stockholm vart innvigd i 1782. I København vart det på byrjinga av 1800-talet etablert museum for naturhistorie og oldsaker. Det vart bygd store kulturhus tidlegare i desse byane enn i norske storbyar, og fleire av dei store kulturbygga ein i dag har i Sverige og Danmark, vart oppførte på 1800-talet. Stora teatern i Gøteborg stod ferdig i 1859. I Stockholm vart Nasjonalmuseet opna i 1866 og Kungliga Biblioteket i 1878. Statens Museum for Kunst og kunstmuseet Glyptoteket i København er frå 1890-talet. Som ein lekk i forminga av Helsingfors vart Universitetsbiblioteket sluttført i 1844.

Også i mellomkrigstida var Sverige langt meir aktivt enn Noreg med å oppføra store kulturbygg. På 1930-talet vart det reist kunstmuseum, teater og konserthus i Gøteborg. Teatret i Malmö med 1600 sitjeplassar vart innvigd i 1944.

Dei seinare åra har byggjeverksemda på kulturområdet i Danmark, Sverige og Finland vore prega av både ombygging av eksisterande institusjonar og realisering av store nye kulturbygg og dessutan av prosjekt som har vore ein kombinasjon av ombygging og nybygg.

I Finland er det bygd nytt operahus, nytt samtidskunstmuseum (Kiasma) og eit samisk museum (Siida). I tillegg er Nasjonalbiblioteket utvida, og det er sett i gang ei omfattande ombygging av Nasjonalmuseet og kunstmuseet i Helsingfors.

I Stockholm er det bygd nytt samtidskunstmuseum og arkitekturmuseum. Ved operaen, nasjonalbiblioteket og Kungliga Dramatiska Teatern i Stockholm er det gjennomført store ombyggingar. I tillegg er det reist nytt operabygg i Gøteborg og marinemuseum i Karlskrona.

København har hatt mange store byggjeprosjekt: Nasjonalmuseet (ombygging og modernisering), Statens museum for kunst (utviding), samtidskunstmuseet Arken (nytt), kunstmuseet Glyptoteket (utviding) og Det kongelige bibliotek (stort nybygg).

9.3 Statlege økonomiske verkemiddel

Statsinstitusjonane på kulturbudsjettet leiger lokale, anten av Statsbygg eller av private utleigarar. Midlar til planlegging og finansiering av statlege kulturbygg vert løyvde over budsjettet til Arbeids- og administrasjonsdepartementet, kap. 2445 Statsbygg og kap. 1580 Bygg utanfor husleigeordninga. Arbeids- og administrasjonsdepartementet finansierer altså byggjekostnadene, medan kostnader til husleige for kulturinstitusjonane vert dekte over budsjettet til Kulturdepartementet. Dei fleste ikkje-statlege kulturinstitusjonane eig som regel sjølve dei lokala der dei held til.

Over Kulturdepartementets budsjett vert det løyvd tilskot til følgjande ordningar for investeringar i kulturbygg:

Tabell 9.1 Kulturdepartementets økonomiske verkemiddel

Kap./postNemningInnhald
320/50Norsk kulturfondLokale og regionale spesielle kulturbygg som museum, konserthus, teaterbygg og kunstgalleri
320/60Lokale og regionale kulturbyggLokale kulturbygg, dvs. samfunnshus, grendehus, allaktivitetshus, bydelshus, o.l. Regionale kulturhus som i funksjon og storleik tek sikte på å dekkja behov over kommunegrenser.
326/60Bibliotek-lokaleNybygg, tilbygg og ombygging av biblioteklokale.
320/73Nasjonale kulturbyggKulturbygg som har ei nasjonale oppgåve, ein landsomfattande funksjon eller ein viktig landsdelsfunksjon. Samisk og fylkesvise tusenårsstader.

Kulturbyggtilskota som vert forvalta av Norsk kulturfond, tilskot til lokale og regionale kulturbygg og til biblioteklokale gjeld mindre prosjekt eller små statlege tilskot, medan tilskota til nasjonale kulturbygg i hovudsak gjeld større prosjekt. Dei regionale kulturbygga er som regel store bygg med mange kulturfunksjonar, og kostnadene kan ofte vera på over 50 mill. kroner. Når eit bygg har fleire funksjonar, kan prosjektet få støtte frå ulike ordningar, til dømes både som regionalt kulturbygg og bibliotekbygg, men likevel vil det statlege tilskotet ofte utgjera ein mindre del av dei samla kostnadene.

Då Samisk kulturråd vart oppretta i 1993, vart avsetningane til samiske kulturbygg innanfor Norsk kulturfond overførte til Samisk kulturråd. Dei hine tre tilskotsordningane gjeld for samiske kulturbygg med.

9.4 Løyvingar til kulturbygg som er sluttførte, påbyrja eller vedtekne i 1990-åra

9.4.1 Sluttførte prosjekt

Løyvingane til kulturbygg i 1990-åra går fram av tabell 9.2. I tillegg kjem 205 mill. kroner til OL-kulturbygg og 362 mill. kroner til statlege kulturbygg.

Tabell 9.2 Løyvingar til kulturbygg i perioden 1990-99 (i mill. kr)

ÅrNasjonale kulturbyggLokale og regionale kulturbyggNorsk kulturfondBiblioteklokaleSum
199037,543,810,67,799,6
199136,341,28,57,393,3
199277,341,28,57,3134,3
199347,050,48,58,9114,8
199453,356,520,28,3138,3
199588,944,89,28,2151,1
199675,440,18,87,7132,0
199751,925,18,87,793,5
199851,335,19,57,7103,6
199921,836,39,53,971,5

Dei samla løyvingane over statsbudsjettet i perioden 1990-99 til nybygg, anlegg og andre større investeringar (dvs. postane 30-49 på statsbudsjettet) har vore på 406 milliardar kroner. Investeringstilskotet til kulturbygg utgjorde om lag 0,4 prosent av dei samla statlege løyvingane til nybygg og anlegg.

9.4.2 Pågåande nasjonale kulturbygg og fylkestusenårsstader

I tillegg til prosjekt som er gjennomførte på 1990-talet, er det sett i gang prosjekt som ikkje er ferdige. Fleire av dei pågåande prosjekta har teke lengre tid enn føresett. På grunn av sterk auke i byggjeprisane og andre uventa faktorar (m.a. grunntilhøve og tilstanden i eksisterande bygningar) har det vore naudsynt å revidera kostnadsrammene og tidsplanane for fleire av prosjekta.

Under kap. 320 Allmenne kulturformål post 73 Nasjonale kulturbygg i St.prp. nr. 1 (1999-2000) vart følgjande igangsette prosjekt presenterte:

Tabell 9.3 Igangsette nasjonale kulturbygg og fylkestusenårsstader (løyvingar i mill. kroner)

Planlagt ferdigSamla kostnadTilskot frå KDTidlegare løyvdFramlegg til løyving 2000Står att til seinare
Ivar Aasen-tunet200052,630,718,012,7
Eidsvoll 1814 - Rikspolitisk senter200156,028,05,322,7
Sørlandets Kunstmuseum199942,021,016,05,0
Rogaland Teater200152,328,45,08,415,0
Kunstnernes Hus200120,020,012,9-2,910,0
Norsk museum for fotografi - Preus fotomuseum200030,015,05,010,0
Nytt operahus20081,03,0
Jugendstilsenteret200010,01,58,5
Nes Verk20027,03,04,0
Folketeaterbygningen20005,05,0

I 2001 og 2002 vil desse prosjekta ha eit samla tilskotsbehov på 51,7 mill. kroner.

Det nye operahuset vert finansiert over budsjettet åt Arbeids- og administrasjonsdepartementet, jf. kap. 9.4.3 nedanfor. Løyvinga over Kulturdepartementets budsjett gjeld utgifter Den Norske Opera vil ha til brukarmedverknad og kjøp av konsulenttenester for å tryggja ei fullgod deltaking frå brukaren si side i styringa av prosjektet.

9.4.3 Statlege byggjeprosjekt

To statlege kulturbyggprosjekt er for tida i gang, Depotbibliotek II ved Nasjonalbibliotekavdelinga i Rana og magasinutviding ved Statsarkivet i Tromsø.

Magasinutvidinga ved Statsarkivet er ein del av ei større utbygging ved Universitetet i Tromsø. Venta sluttkostnad er rekna til 37,2 mill. kroner. Bygget vil vera ferdigstilt medio 2002. Prosjektet vil gje 2,8 mill. kroner i auka husleige og 0,4 mill. kroner i auka kostnader til bygningsdrift for Statsarkivet.

Ved Nasjonalbiblioteket, avdeling Rana er det sett i verk ei utviding av det såkalla depotbiblioteket. Lite etterspurde bøker, tidsskrift og anna materiale frå store og små bibliotek over heile landet er sende til Rana, slik at eitt eller fleire eksemplar framleis vil vera tilgjengelege gjennom fjernlån, samstundes som andre bibliotek får frigjort hylleplass til nytt tilfang. Depotet har dessutan brukseksemplar av nyare pliktavlevert materiale, mikrofilmar av aviser m.m. For Nasjonalbiblioteket er dette ein ressurskrevjande funksjon både drifts- og investeringsmessig, men for det norske bibliotekstellet som heilskap er det ei særs tenleg løysing. Den årlege husleigeauken som følgje av dette prosjektet vil verta om lag 8,3 mill. kroner. I tillegg kjem 2,3 mill. kroner i auka utgifter til drift.

Etter mange tiårs utgreiingsarbeid vedtok Stortinget 15. juni 1999 å føra opp ny bygning for Den Norske Opera med eit kostnadsanslag pr. 1. januar 1999 på 1800 mill. kroner. For 2000 er det lagt inn 15 mill. kroner til dette føremålet på budsjettet til Arbeids- og administrasjonsdepartementet.

9.5 Behov, planar, prosjekt og prioriteringar

9.5.1 Innleiing

Departementet vil her gjera greie for behov, planar, prosjekt og prioriteringar for bygg. Siktemålet er å gje eit oversyn over naudsynte økonomiske rammer for å dekkja dette behovet. Gjennomføringa vil seinare verta drøfta i ein investeringsplan.

Det vert gjort nærare greie for dei bygningsmessige behova innanfor kvar av sektorane eller delsektorane nedanfor. Dei kjende investeringsbehova er av mange ulike slag:

  • Gamle bygningar som bør rehabiliterast og oppgraderast.

  • Gamle bygningar som gjev for tronge fysiske rammer for brukarinstitusjonen, slik at det bør førast opp påbygg eller nytt tilstøytande bygg.

  • Gamle bygningar som bør byggjast om for å verta betre eigna for noverande brukarinstitusjon.

  • Nyare bygningar som bør utbetrast grunna uheldige tekniske løysingar.

  • Nyare bygningar der tekniske installasjonar må oppgraderast eller skiftast ut for å stetta arbeidsmiljøkrav e.l.

  • Nyare bygningar og anlegg i fjell som bør utvidast for å dekkja behov for meir magasinareal.

  • Kulturinstitusjonar og tiltak som i større eller mindre grad er utan høvelege bygningar.

  • Kulturinstitusjonar med tilhald i fleirbrukshus, som gjev vanskelege arbeidsvilkår, og der det vil vera naudsynt med tiltak for å utvikla institusjonen kvalitativt.

  • Nye institusjonar og tiltak som krev bygningsmessige rammevilkår.

I fleire tilfelle vil det vera tale om ein kombinasjon av dei situasjonane som er skisserte ovanom.

I somme tilfelle vil leige av lokale frå private utleigarar vera eit adekvat alternativ til å føra opp nybygg.

Ordinært og periodisk vedlikehald, rehabilitering og kjøp av utstyr skal dekkjast innanfor driftsrammene for institusjonane. I unnatakstilfelle vil det likevel kunna vera aktuelt å yta tilskot frå budsjettposten for nasjonale kulturbygg til omframme rehabiliteringstiltak og utstyrskjøp.

Det ligg føre mange framlegg om nye kulturbyggprosjekt. Framlegga varierer mykje med omsyn til graden av utgreiing, bearbeiding og avklaring, frå idear som er sette fram i det allmenne ordskiftet utan at det ligg føre nærare planar eller kostnadsoverslag, til ferdig prosjekterte tiltak som berre ventar på endeleg vedtak om løyving. Departementet gjer merksam på at dei behova, planane og prosjekta som vert presenterte nedanfor, ikkje er ferdig handsama som byggjesaker og følgjeleg heller ikkje tilrettelagde for løyvingsframlegg.

I tillegg til dei prosjekta som vert nemnde her, finst det tvillaust mange planar der det førebels ikkje er søkt om statleg investeringstilskot. Det lèt seg neppe gjera å gje eit fullstendig oversyn. Departementet lyt såleis ta atterhald om at det kan vera ytterlegare prosjekt som kunne vore tekne med i gjennomgangen nedanfor.

I tillegg til dei prosjekta det vert gjort greie for nedanfor, er departementet kjent med ytterlegare eit tosifra tal meir eller mindre handfaste prosjekt. Somme av desse har eit så avgrensa omfang at det vil vera naturleg å koma attende til dei som lekk i arbeidet med dei årlege budsjettproposisjonane utan ein nærare presentasjon her. I andre tilfelle dreier det seg om planar og prosjekt som departementet ikkje tek sikte på å prioritera i det komande tiåret; planar og framlegg som departementet ikkje har funne grunnlag for å stø; og idear, ynske og behov som må konkretiserast nærare før det er tenleg å gjera greie for dei.

9.5.2 Arkivbygg

Som nemnt i kap. 4.4.2 må magasinkapasiteten i Arkivverket etter kvart aukast for at statsforvaltninga skal få avlevert dei eldre arkiva sine slik arkivlova krev. Avlevering skal normalt skje når arkivmaterialet er 25 - 30 år gamalt, og store delar av dei arkiva som Arkivverket må ta hand om fram til 2025, er såleis papirbasert arkivmateriale som alt er skapt. Den planlagde overgangen til elektronisk arkivering av saksdokument som er omtalt i kap. 4.4.1 og 4.4.5, vil i framtida føra til langt meir kompakt lagring, men det er altså tidlegast i åra etter 2025 at dette vil gje seg utslag i redusert magasinutviding i Arkivverket.

Dei tala for tilvokster og avleveringsetterslep som det er gjort greie for i kap. 4.4.2, inneber eit samla avleveringsbehov i åra fram til 2025 på 190 000 hyllemeter, medan den ledige magasinkapasiteten ved utgangen av 1998 var 64 000 hyllemeter, dvs. ein differanse på 126 000 hyllemeter. I tillegg må det setjast av plass til mottak av privatarkiv, slik at det alt i alt er realistisk å kalkulera med eit tilleggsbehov på 145 000 hyllemeter. Dette svarar til om lag 14 500 rutemeter nettoareal til reine magasinføremål. I tillegg kjem ein del tilhøyrande arealbehov til m.a. ordnings- og mottaksrom.

Oversynet nedanfor viser kva år dei noverande magasina vil vera fulle ved dei ulike arkivanlegga innanfor Arkivverket. Føresetnaden er at det årlege avleveringsomfanget svarar til tilvoksteren og i tillegg det som skal til for å byggja ned avleveringsetterslepet i løpet av 25 år, jf. kap 4.4.2 og tabell 4.1. Det er òg rekna med eit tillegg for mottak av privatarkiv, men dette gjev ikkje nemnande utslag i denne samanhengen.

1. Statsarkivet i Stavanger 2000

2. Statsarkivet i Bergen 2002

3. Statsarkivet i Trondheim 2003

4. Riksarkivet og Statsarkivet i Oslo 2006

5. Statsarkivet i Hamar 2008

6. Statsarkivet i Kristiansand 2014

7. Statsarkivet i Kongsberg 2015

8. Statsarkivet i Tromsø 2044

Dei næraste ti åra trengst altså inga magasinutviding i Kristiansand, Kongsberg og Tromsø. Vi ser då bort frå den pågåande utbygginga ved Statsarkivet i Tromsø, som etter planen vil vera fullført i 2002. Dette vil derimot gje ein auke i kostnadene til husleige og bygningsdrift seinast frå 2003 på om lag 3,2 mill. kroner.

Statsarkivet i Stavanger held til i lokale som dei leiger av privat utleigar, og noverande magasin er på det næraste fullt. Men her vil magasinbehovet verta stetta ved å auka leigearealet, og ein reknar såleis ikkje med noka utbygging så langt fram som ein i dag kan sjå. Statsarkivet vil derimot få auka kostnader til husleige og bygningsdrift seinast frå 2001.

Statsarkivet i Bergen reknar med å kunna utvida både magasin-, lesesals-, og kontorarealet ved å overta den såkalla Konserveringsbygningen som i dag vert disponert av Historisk Museum ved universitetet. Dette vil òg gje auka kostnader til husleige og bygningsdrift seinast frå 2003. Med dette vil magasinbehovet vera dekt i vel ti år framover, slik at ny utbygging kan utstå til om lag 2010. Med tanke på denne framtidige utbygginga har statsarkivaren i Bergen bede om å få utgreidd ei løysing med magasinhall i fjell som alternativ til tilbygg på eksisterande tomt, der det er avgrensa plass.

Statsarkivet i Trondheim har sidan 1992 leigd tilleggsmagasin frå privat utleigar i den gamle tyske ubåtbunkeren Dora om lag fem km frå hovudanlegget i Trondheim sentrum. Leigearealet i Dora er meir enn fordobla på desse åra, og det noverande magasinarealet vil vera heilt fullt i 2003, dersom ein maktar å auka avleveringsomfanget slik det er naudsynt for å koma i gang med å byggja ned det store avleveringsetterslepet i dette statsarkivdistriktet, jf. kap. 4.4.2.

Leigearealet i Dora kan utvidast, men Riksarkivaren har peikt på at den todelte løysinga i Trondheim er svært ressurskrevjande både reint økonomisk og ved at drifta er tungvinn for personalet og gjev dårleg sørvis til publikum. I brev til departementet i 1997 gav difor Riksarkivaren uttrykk for at den todelte ordninga burde avviklast i løpet av 4 - 6 år, og det er no gjort framlegg om å samla heile verksemda ved hovudanlegget i sentrum.

Statsarkivet treng dessutan utvida areal til m.a. kontor og publikumsfasilitetar, og i bygningen frå 1927 er det elles eit generelt rehabiliteringsbehov. Riksarkivaren har oversendt framlegg til romprogram for eit prosjekt på 7 720 rutemeter netto, som omfattar utviding, omdisponering og totalrenovering av eksisterande bygning. Prosjektet har eit kostnadsestimat på 94 - 116 mill. kroner, og den årlege utgifta til husleige og bygningsdrift kan reknast til 12 - 13 mill. kroner. I dag er dei tilsvarande kostnadene for Statsarkivet i Trondheim om lag 4,3 mill kroner.

Heilt nyleg har Riksarkivaren teke til orde for å redusera tenestedistriktet til Statsarkivet i Trondheim ved å leggja Nordland inn under Statsarkivet i Tromsø. Dette vil i så fall gjera utbyggingsbehovet i Trondheim noko mindre i fyrste omgang.

Riksarkivet og Statsarkivet i Oslo har vore samlokaliserte på Kringsjå i Oslo sidan 1978. Her er det sprengt ut magasinhallar i fjellet i fire høgder, og magasinreserven ved utgangen av 1998 var 34 800 hyllemeter. Dersom ein maktar å innfri dei moderate ambisjonane om ei langsiktig nedbygging av avleveringsetterslepet som det er gjort greie for i kap. 4.4.2, og dessutan set av plass til eit visst mottak av privatarkiv, vil reserven vera oppbrukt i 2006. Då anlegget på Kringsjå vart bygd på 1970-talet, vart det lagt til rette for seinare magasinutvidingar, og det vart i 1992 skissert eit byggjeprogram på 16 500 rutemeter netto, som eventuelt kunne delast i fire byggjesteg. Det fyrste av desse byggjestega vart fullført i 1997 til ein totalkostnad av 84,7 mill. kroner, og det må i dag leggjast til grunn at eit prosjekt av om lag tilsvarande storleik bør gjennomførast i løpet av dei næraste 6-7 åra.

Det mest akutte og høgast prioriterte utbyggingsbehovet i Arkivverket er likevel å få utvida administrasjonsbygningen ved anlegget på Kringsjå. Her har det gått føre seg ei kontinuerleg fortetting sidan innflyttinga i 1978, og det trengst både kontorarbeidsplassar, undervisningsrom, permanente rom for IKT-opplæring, lokale for utstillingsføremål, eigen mikrofilmlesesal, større bibliotekmagasin og utvida publikums- og ekspedisjonsareal. Bygningen er alt i dag i knappaste laget, og med den mannskapsauken særleg innanfor feltet elektroniske arkiv som er skissert i kap. 4, vil ei monaleg utviding av kontorarealet ikkje vera til å koma utanom. Det ligg føre framlegg til eit romprogram for ei utviding på i alt 2 460 rutemeter netto, noko som grovt rekna vil svara til ein kostnad på 50 mill. kroner.

Statsarkivet i Hamar held til i eit anlegg som dei leiger av privat utleigar, og magasinreserven her vil venteleg vera oppbrukt kring 2010. Her er det ikkje plass til særleg utvida leigeareal i eksisterande bygning, og det kan difor verta aktuelt å vurdera om det skal byggjast nytt statsarkivbygg, som i så fall må stå ferdig kort tid etter 2010.

Det gjeld elles som ein generell merknad at det i eit tiårsperspektiv òg kan verta behov for utvida kontorplass m.m. andre stader enn dei som eksplisitt er nemnde ovanfor. I alle fall vil dette vera aktuelt ved Statsarkivet i Tromsø. Elles vil dette måtte sjåast i samanheng med storleiken på og fordelinga av den mannskapsauken som det er lagt opp til i kap. 4.

9.5.3 Bibliotekbygg

Statsbygg tok 1. januar 1999 over den gamle hovudbygningen for Universitetsbiblioteket i Oslo, som no vert disponert av Nasjonalbiblioteket. Forelda tekniske og bygningsmessige løysingar har saman med forsømt vedlikehald og manglande teknisk oppgradering gjennom fleire tiår skapt eit akkumulert og presserande rehabiliteringsbehov. Tilhøva er ugreie både for samlingane, brukarane og dei tilsette. Statsbygg er i ferd med å prosjektera eit byggje- og utbetringsprosjekt med to hovudkomponentar: a) nytt underjordisk magasin for dei eldre, unike samlingane av norsk litteratur og ymse spesialsamlingar og b) ombygging og rehabilitering av den eksisterande bygningen frå 1914 med magasinfløyar frå 1933 og 1946. I statsbudsettet for 2000 er det under Arbeids- og administrasjonsdepartementets budsjettkapittel 2445 sett av 5 mill. kroner til dette prosjekteringsarbeidet.

I Rapport fra arbeidsgruppen som skal vurdere bygningsmessige og organisatoriske løsninger for nasjonalbibliotekfunksjonene i Oslo avgjeven 30. april 1992 vart det lagt til grunn at heile arealbehovet for Oslo-avdelinga av Nasjonalbiblioteket ville kunna løysast innanfor ramma av den eksisterande bygningen, men seinare vurderingar tilseier at det vanskeleg vil lata seg gjera å skapa fullnøyande trygging for dei eldre samlingane i dei noverande magasina, og at det vil vera mest forsvarleg å plassera desse i nytt, eldfast underjordisk magasin. Eit brutto magasinareal på 4000 rutemeter vil dekkja dette behovet. Dette prosjektet vil måtta gjennomførast fyrst, slik at den eksisterande bygningen kan tømmast for verdfulle samlingar før rehabiliteringa tek til, med dei faremomenta som slike prosjekt fører med seg.

Brukseksemplar av eldre publikasjonar og materiale nyare enn 1990 vil det derimot vera forsvarleg å oppbevara i oppgraderte delar av dei noverande magasina. Frå iverksetjinga av den nye lova om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument frå 1. juli 1990 er det innført eit skilje mellom brukseksemplar og tryggingseksemplar ved at eitt eksemplar av alle dokument vert plassert i fjellmagasinet i Rana, dvs. at tryggings- og bevaringsansvaret for alt materiale utgjeve etter dette tidspunktet ligg til Nasjonalbiblioteket, avdeling Rana.

Å få ferdigstilt nytt underjordisk magasin for Nasjonalbiblioteket, avdeling Oslo er ei hastesak. Med startløyving i 2001 vil dette vonleg kunna ferdigstillast i 2002. Dette inneber at rehabiliteringa av eksisterande bygning fyrst vil kunna ta til i 2003, men i løpet av det næraste året må det fastleggjast eit endeleg romprogram for dette prosjektet, slik at all planlegging og prosjektering er unnagjord i løpet av 2002. Endeleg kostnadsoverslag ligg ikkje føre.

For Nasjonalbiblioteket, avdeling Rana er det i tillegg til den igangsette utvidinga av depotbiblioteket lagt fram eit mindre prosjekt for å gje betre arbeidsvilkår for dei tilsette i lyd- og biletarkivet. Statsbygg er budd på å gjennomføra dette som såkalla kurantprosjekt med etterfølgjande husleigeauke på 0,9 mill. kroner pr. år. Dersom Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek vert knytt i hop med Nasjonalbiblioteket, kan det liggja til rette for å byggja ut ein del, særleg tekniske, funksjonar på dette området i Rana, men dette lèt seg ikkje detaljera nærare på dette tidspunktet.

Investeringar i folkebiblioteksektoren er i fyrste rekkje eit ansvar for kommunal sektor, men den avgrensa statlege tilskotsordninga til slike føremål er eit viktig signal frå statleg hald. Ordninga vil følgjeleg verta vidareført, og departementet tek sikte på å byggja løyvinga opp att til et nivå på ca. 10 mill. kroner.

9.5.4 Kunstmuseum i hovudstaden

Av dei institusjonane som vart nemnde under kap. 8.2.3.2 om eit nasjonalt kunstmuseum, har både Kunstindustrimuseet, Museet for samtidskunst, Nasjonalgalleriet og Norsk Arkitekturmuseum problematiske bygningsmessige rammevilkår. Desse institusjonane har alle klart dokumenterte behov for nye eller utvida lokale.

Fyrst og fremst må nemnast Nasjonalgalleriet med eit årleg vitjingstal på om lag 300 000 menneske. Fasilitetane for publikum er umoderne og ikkje dimensjonerte for ei så stor tilstrøyming. Det finst til dømes ingen kafeteria, toaletta er vanskeleg tilgjengelege, garderobetilhøva er kummerlege og museumsbutikken er ein liten disk med særs avgrensa vareutval. Tilgjengeleg utstillingsareal gjev berre plass for delar av samlingane, magasina er overfylte og konserveringsverkstaden har for små og lite tenlege lokale. Undervisningsrom finst heller ikkje.

Museet for samtidskunst held no til i ein bygning som er lite eigna for formidling av visuell kunst frå samtida. Den monumentale arkitekturen i Noregs Bank sitt tidlegare hovudsete på Bankplassen 1 verkar i mange tilfelle forstyrrande inn på presentasjonen av nye kunstverk. Til dette kjem at bygningen har få store og mange små rom som gjer det ugreitt å plassera inn store, plasskrevjande utstillingskonsept der samanhengar og heilskap er viktig. Samtidskunsten krev ein stor, open arena der det òg kan vera plass for grensesprengjande eksperiment og samvirke på tvers av tradisjonelle grenseliner mellom kunstformer, slik som tradisjonell biletkunst, film og video, digitale kunstverk, teater, musikk o.a. Museet for samtidskunst har dessutan peikt på at dårlege klima- og transporttilhøve i noverande bygning fører til skader på kunstverka.

Kunstindustrimuseet i Oslo har i mange år stridd med plassmangel. Utstillingsarealet, konserveringsatelieret og magasina er for små. Til dette kjem eit ynske om å byggja opp ei designavdeling ved museet. Norsk Form utarbeidde i 1994 ei utgreiing om å skipa ei samling av industridesign:

«Utredningen konkluderer med at det bør opprettes en samling av industridesign i Norge.

Opprettelsen av samlingen vil bestå av to oppgaver:

  1. Det opprettes en permanent designhistorisk samling av industridesign som gir grunnlag for dokumentasjon, forskning og formidling av de lange linjene i utviklingen av faget både nasjonalt og internasjonalt.

  2. Samtidig arbeides det med å bygge opp den samtidige delen av samlingen som tar for seg dokumentasjon av industridesign fra 1970-årene og fremover og som suppleres og oppdateres kontinuerlig.

Det kan herske liten tvil om at det beste utgangspunktet for opprettelsen av en designhistorisk samling ligger i å bygge videre på den samlingen som Kunstindustrimuseet i Oslo allerede har. Dette fordi museet har den beste kunnskap om den historiske delen av virksomheten og fordi det allerede har en betydelig samling av norsk og internasjonalt industridesign.»

Norsk Arkitekturmuseum konkluderte alt i strategiplanen sin frå 1998 med at det ikkje ville vera mogleg å utvikla museet vidare i Kongens gate 4, der dei no held til:

«Det fins ikke kontorarealer nok. Det er ikke nok plass til den permanente utstillingen. De skiftende utstillingene har trange og uhensiktsmessige rom. Det mangler undervisningsrom, og ikke minst vil samlingen komme til å kreve store nye arealer i tiden fremover.»

I budsjettsøknaden for 2000 uttrykkjer Norsk Arkitekturmuseum seg slik:

«Det vil være en hovedoppgave i tiden som kommer å arbeide videre med mulige løsninger for at Norge kan få et arkitekturmuseum på et nivå som tilsvarer byggekunstens samfunnsmessige betydning.»

Spørsmålet melder seg om det kan vera råd å sjå dei føreliggjande vanskane og behova i samanheng på ein slik måte at det for alle involverte partar vert oppnådd ein monaleg positiv synergieffekt både for bevaringsoppgåver, dokumentasjon og forsking og ikkje minst for formidlingsarbeidet.

Under kap. 8.2.3.2 er det gjort nærare greie for kvifor det vil vera tenleg å samorganisera eksisterande kunstinstitusjonar til eitt nasjonalt kunstmuseum. Ei nyorganisering kan vera tenleg jamvel om den fysiske plasseringa av dei ulike einingane er som no. Likevel vil resultatet både fagleg og publikumsmessig verta eit langt meir slagkraftig nasjonalt kunstmuseum dersom dette får ein hovudbase konsentrert til området ved Tullinløkka. Det vil seia eit museumskompleks som strekkjer seg frå det noverande Nasjonalgalleriet via nybygg på Tullinløkka, Historisk museum, Frederiks gate 3 (Universitetets gamle kjemibygning) til Statens kunstakademi (tidlegare Norges Geografiske Oppmåling). Fristilling av bygningane Historisk museum og den gamle kjemibygningen vil vera avhengig av nybygg for Universitetets kulturhistoriske museum på/ved Sørenga. Tilsvarande vil fristilling av bygningen der Statens kunstakademi no held til, vera avhengig av at eit samlokaliseringsalternativ for Kunsthøgskolen i Oslo vert realisert.

Jamvel om det realistisk rekna vil ta overslagsvis 15 år før ei samla tilrettelegging av lokale for ein nasjonal kunstinstitusjon kan vera gjennomførd, er det likevel avgjerande viktig å ha ein samla plan slik at bit for bit kan leggjast på plass på ein slik måte at resultatet vert ein stendig betre heilskap. Eit overordna prinsipp for lokaliseringa av eit nasjonalt kunstmuseum i Oslo må vera lett tilgjenge for publikum. Tiltaket skal formidlingsmessig vera innretta mot folk frå heile landet, og dessutan vil det vera sentralt i formidlinga av kunst- og kulturinformasjon overfor utlendingar som vitjar landet vårt.

Dei tilgjengelege areala bør i størst mogleg grad nyttast til utstillingar og andre publikumsretta funksjonar.

Dersom Statens kunstakademi vert samlokalisert med resten av Kunsthøgskolen i Oslo og nybygg for Universitetets kulturhistoriske museum står ferdig på/ved Sørenga til 200-årsjubileet for Universitetet i Oslo i 2011, kan følgjande framdrift for utviklinga av eit samla nasjonalt kunstmuseum antydast:

  • 2001-2005: Planlegging, prosjektering og bygging på Tullinløkka.

  • 2005: Nybygg på Tullinløkka kan takast i bruk.

  • 2007-2009: Rehabilitering av NGO-bygningen der Kunstakademiet no held til.

  • 2009: NGO-bygningen kan takast i bruk.

  • 2011-2013: Rehabilitering av Historisk museum og den gamle kjemibygningen.

  • 2014: Historisk museum og den gamle kjemibygningen kan takast i bruk.

Spørsmålet om kva for samlingar og museale funksjonar som skal plasserast kvar i det framtidige museumskomplekset, må greiast nærare ut av den nye institusjonen. Det er likevel berrsynt at det fyrste byggjesteget, nybygget på Tullinløkka, fyrst og fremst må siktast inn på å løysa dei mest akutte problema for Nasjonalgalleriet og dessutan leggja til rette for å overføra samlingane av samtidskunst frå Bankplassen 1. Denne delen av prosjektet må realiserast snarast råd.

Det vil verta sett ned ei arbeidsgruppe med deltaking frå Kulturdepartementet, Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, Miljøverndepartementet og Oslo kommune som i samarbeid med dei respektive institusjonane og fagmiljøa skal konkretisera den planen som er skissert her.

9.5.5 Andre kunstmuseumsbygg

Ei utgreiing frå 1995 streka under behovet for eit samisk kunstmuseum. Det ligg alt føre ei samling på om lag 600 kunstverk med tilknyting til samisk område og samisk kulturtradisjon. Dels er dette innkjøp gjorde av De Samiske Samlinger i Karasjok frå 1971, dels innkjøp av Norsk kulturråd i perioden 1974-1992, dels innkjøp av Samisk kulturråd frå 1993 og dels innkjøp av Samisk Kunstnersenter i 1993 frå prosjektet Arts from the Arctic. Siktemålet med eit eige museum vart i utgreiinga formulert slik:

«Samisk Kunstmuseum må ha som mål å øke interessen for og kunnskapen om bildende kunst og kunsthåndverk, duodji/dáidda og dáidda/duoddji, innenfor og utenfor det samiske samfunnet. .. Den spesielle oppgaven for Samisk Kunstmuseum må være å bygge opp en samling av samisk kunst fra alle deler av det samiske området fra eldre tid til dagens kunstuttrykk. Videre må Samiske Kunstmuseum komplettere samlingen med betydelige verk som viser utvekslingen av ideer og impulser mellom kunsten i de samiske og andre ikke-samiske områder. Dette gjelder så vel kunst fra andre urbefolkninger som kunst fra andre samfunn.»

Saka har vore handsama av Sametinget som i eit vedtak i 1996 slo fast at «det er en viktig nasjonal samisk oppgave å ha en samling av samisk billedkunst og kunsthåndverk som gjøres tilgjengelig for publikum.»Det er elles lagt til grunn at tiltaket bør utviklast som ein integrert del av De Samiske Samlinger i Karasjok.

De Samiske Samlinger har skissert eit romprogram på heile 3800 rutemeter, men departementet legg til grunn at tiltaket bør planleggjast monaleg mindre.

Nordenfjeldske Kunstindustrimuseumi Trondheim har søkt om midlar til å forprosjektera eit tilbygg på 1500 rutemeter bruttoareal til dei noverande lokala i Munkegata. Det tilhøyrande kostnadsoverslaget frå 1994-95 er på 30 mill. kroner. Dei nye lokala skal etter planen i fyrste rekkje hysa samlingar av tekstilkunst.

Etter den faglege samarbeidsavtala som dei tre kunstindustrimusea i Bergen, Oslo og Trondheim har inngått, skal sistnemnde museum ha eit særskilt ansvar for moderne tekstilkunst. Pr. datum har Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum ikkje fysiske rammevilkår for å syna fram anna enn små bitar av samlingane sine innanfor norsk og internasjonal tekstilkunst. Ei større samling arbeid av tekstilkunstnaren Synnøve Anker Aurdal, som har vore ei føregangskvinne innanfor abstrakt biletvev, er mellom det tilfanget som ventar på høvelege utstillingslokale.

Galleri F 15på Jeløya ved Moss er ein viktig formidlingsarena for samtidskunst med eit vitjingstal på 28 000 i 1998. Institusjonen arbeider med planar om å føra opp eit nybygg på 2 500 rutemeter bruttoareal. Departementet har motteke søknad om tilskot på 30 mill. kroner til tiltaket. Det ligg førebels ikkje føre pliktande vedtak på kommunalt eller fylkeskommunalt nivå om å medverka til å realisera prosjektet. Dersom dei regionale partane vil leggja til grunn eit statleg investeringstilskot på 60 pst. av dei samla kostnadene, dvs. tilsvarande den statlege delen av det offentlege driftstilskotet, lyt prosjektet etter departementets vurdering reduserast ein del.

Østfold fylkeskommune har sett i gang ei utgreiing om fylkesgalleri for Østfold. Fylkeskommunen har lagt til grunn at utgreiingsarbeidet må skje parallelt med planlegginga av utbygginga av Galleri F 15.

9.5.6 Bygg for kultur- og naturhistoriske museum

Museumsverksemd har ein karakter som tilseier at samlingane stendig veks. Avhending eller kassasjon førekjem sjeldan og vil i mange tilfelle stå i motstrid til museumsetiske prinsipp. Undersøkingar har synt at oppbevaringstilhøva i norske museum og samlingar bør betrast monaleg. At rom for oppbevaring av gjenstandar har rett og jamn temperatur og råme, er ein viktig del av den førebyggjande konserveringa. Likeins må museumsbygningar vera tryggja mot tjuveri, brann og naturskader. Skorten på klimastyrte magasin i eldfaste bygningar er påtakeleg.

Mange museum har heller ikkje utstillingsareal av rimeleg storleik, og basisutstillingane er ofte dårleg tilpassa moderne formidlingsprinsipp. Til dette kjem nye dokumentasjonsoppgåver med tilhøyrande plassbehov.

Maihaugen, Norsk Folkemuseum og Norsk Teknisk Museum har søkt om tilskot til planlegging av eit fellesmagasin for gjenstandar. Magasinet er tiltenkt ein storleik på 10 000 rutemeter og skal etter planen førast opp på ei tomt som tilhøyrer Norsk Teknisk Museum i Gjerdrum i Akershus. Prosjektet er førebels ikkje kostnadsrekna, men bygningen vil måtta gje plass til a) mottaksapparat med fullgodt utstyr for tekniske konservatorar og konservatorar, registratorar og fotografar, b) fryserom og c) magasinareal med eigne klimasonar for tre- og metallgjenstandar.

Magasinet skal i fyrste rekkje vera for å lagra plasskrevjande tilfang og gjenstandar som krev særskild konservering og oppbevaring. På litt lengre sikt er det tanken at all ny tilvokster ved dei tre institusjonane skal verta tilstandsvurdert, registrert, fotografert og magasinert i det nye fellesmagasinet.

Dei tre musea er nykkelinstitusjonar i det norske museumslandskapet innanfor dokumentasjonsområdet nyare kultursoge. Alle har overlag store samlingar og magasinbehovet er uomtvisteleg og aukande.

Ei samla løysing vil både investerings- og driftsmessig kunna verta eit rimelegare alternativ enn separate magasinbygg for kvart av dei tre musea. Minst like viktige er dei museumsfaglege føremonene. Tanken om eit fellesmagasin er ei vidareføring av det felles registrerings- og handteringssystemet dei tre musea (og Norsk Telemuseum) utvikla i perioden 1996-98.

Det vil gje faglege stordriftsføremoner å integrera gjenstandssamlingar i eitt fellesmagasin, der gjenstandane vil verta plasserte etter kategori og ikkje etter kva museum dei formelt tilhøyrer. Alle musea vil ha tilgang til ein samla gjenstandsdatabase, noko som vil letta oversynet over tilfanget av dokumentasjonsmateriale innanfor ulike område og betra samordninga av all innsamling, dokumentasjon og konservering.

Mange museum har meir eller mindre handfaste planar om tiltak for å betra magasintilhøva. Modellen med fellesmagasin kan vera aktuell fleire stader, særleg for institusjonar som ligg geografisk nær kvarandre.

Jærmuseeter regionmuseum for sju kommunar med om lag 130 000 ibuarar. Fyrste byggjesteg av hovudsetet for museet i Hå stod ferdig i 1995. Når andre byggjesteget står ferdig i 2001, vil museet disponera om lag 1 000 rutemeter utstillingsplass. Dei to byggjestega har (eks. utstillingar) ei investeringsramme på om lag 37 mill. kroner. Av dette er 7 mill. kroner (19 pst.) løyvde frå statleg hald. Dei arkitektoniske løysingane har fått mykje og god omtale i arkitektfagleg samanheng.

Det faglege siktemålet med institusjonen er å formidla brei og allsidig kunnskap om og forståing for samanhengane mellom natur, kultur, landskap, teknologi og miljø. Museumsområdet er ca. 750 dekar, inkludert eit fornminne- og landskapsvernområde og to gardsbruk med eldre bygningar frå 1700- og 1800-talet. Som forvaltar og formidlar av eit landskapsvernområde har museet ei dobbeltrolle som både kulturvernar og naturvernar.

Museet har søkt departementet om 11 mill. kroner i tilskot til basisutstillingar som «vitensenter» eller science center, dvs. interaktive utstillingar som oppmodar publikum til handling og deltaking, jf. elles omtale under kap. 6.11.6. Ei realisering av desse planane vil innebera ein nyskapnad innanfor museal formidling i Noreg.

Det årlege vitjingstalet er om lag 25 000 menneske, av desse 5 000 skuleelevar i organisert undervisning. Fagdidaktisk legg museet særleg vinn på å nå fram til born og unge frå 6. til 10. klassesteget. Museet ligg i ein folkerik region med overslagsvis 280 000 menneske som har mindre enn ein times reisetid til institusjonen.

Agder naturmuseum og botaniske hage i Kristiansand er eit av særs få naturvitskaplege museum som ikkje er knytt til eit universitet. Museet har planar om utvidingar for å betra formidlinga av store samlingar naturhistoriske objekt frå Agder. Eit fyrste byggjesteg vart realisert i 1990 til ein kostnad av 14,3 mill. kroner. Av dette var 1,2 mill. kroner statleg tilskot, medan Kristiansand kommune dekte resten.

Eit andre byggjesteg er kostnadsrekna til om lag 20 mill. kroner og skal gje plass til skiftande temautstillingar, aktivitetsrom og auditorium. Gjennom denne utbygginga vil tilhøva verta lagde mykje betre til rette for å nå fram overfor born og unge. Etter dette er det òg planlagt eit tredje byggjesteg kostnadsrekna til om lag 18 mill. kroner, og som skal femna om magasin, konserveringsatelier og verkstad.

Norsk Industriarbeidermuseum har til føremål å fremja forståing for og kunnskap om arbeidarkultur, vasskraft og andre energikjelder, elektrokjemisk og annan kraftkrevjande industri. Dessutan har dei utstilling om sabotasjeaksjonen mot produksjonen av tungtvatn under andre verdskrigen.

Tufta på eit kostnadsoverslag frå 1995 har Norsk Industriarbeidermuseum i Tinn søkt om 13 mill. kroner til rehabiliteringsarbeid i reservestasjonen og hovudkraftstasjonen på Vemork. Museet vil dermed få eit større areal tilgjengeleg for formidling o.a.

Ved å setja i stand dei eksisterande bygningane vil museet gjera tilgjengeleg lokale som i seg sjølv har fagleg relevans for føremålet og formidlingsarbeidet ved museet.

9.5.7 Kultur- og museumsbygg for minoritetar og urfolk

Glomdalsmuseetpå Elverum har arbeidd med planar om å skipa eit kulturhistorisk dokumentasjons- og formidlingssenter for taterkulturen i Noreg som ei ny avdeling ved museet. Siktemålet er å dokumentera og formidla soga og kulturen åt eit folk som har budd i Noreg i fleire hundre år, men som i liten grad har vore påakta i positiv meining. Den planlagde utstillinga skal fokusera på romanifolket, dei reisande eller taterfolket sin eigen kultur og soge, medan ein mindre del av utstillinga vil dreia seg om storsamfunnet sine haldningar til og åtgjerder andsynes denne minoriteten.

Museet vil få fram kva ein minoritet er, og medverka til auka medvit kring overgrep og undertrykking, toleranse og forståing for det som er annleis. I så måte er planane godt i samsvar med Europarådet sin rammekonvensjon for vern av minoritetar frå 1. februar 1995.

Ein forprosjektrapport for byggjeprosjektet ved Glomdalsmuseet låg føre hausten 1998. Planen er å byggja om og på ein tidlegare danserestaurant, eit byggverk som i si tid vart påskjøna med ein arkitekturpris. Tiltaket er kostnadsrekna til overslagsvis 40 mill. kroner. Departementet har teke kontakt med fylkeskommunen og kommunen for å drøfta lokal og regional medverknad, men det er pr. datum inga avklaring på dette spørsmålet.

Kvæntuneti bygda Børselv i Porsanger er eit prosjekt initiert av Porsanger kommune. Dei kvænske røtene er sterkare i dette området enn nokon annan stad i landet, og det er tale om kulturtradisjonar og eit språk som framleis er levande i området.

Kvæntunet skal verta eit senter for kvænsk språk og kultur. Siktemålet er å dokumentera, atterreisa og vidareføra kvænske tradisjonar og kultur ved å aktivisera lokalsamfunnet til å ta vare på og utvikla vidare eigen bakgrunn og eige særpreg. Det er elles eit mål å synleggjera og formidla denne kulturen overfor storsamfunnet.

Prosjektet er todelt. Dels er det tale om å føra opp to tun med bygningar som skal syna kvænsk tunskipnad og levemåte i eldre tid, og dette vert søkt finansiert lokalt og regionalt, og den fyrste av bygningane er alt oppført. Dels er det tale om å føra opp eit kulturbygg på 350 rutemeter som skal vera det faglege, administrative og aktivitetsmessige senteret i Kvæntunet. Til dette siste er det forventa statleg finansiering. Kostnaden kan reknast til ein stad mellom 5 og 7 mill. kroner.

I utgreiinga KVÆNTUNET. Norsk senter for kvænsk språk og kultur frå 1998 er denne delen av prosjektet omtala slik:

«Det er behov for en ny hovedbygning på tunet som gir plass for Kvæntunets ansatte og kontor til gjestende forskere. Det er viktig at lokalene på Kvæntunet brukes av bygdas folk i forbindelse med kurs i husflid og håndverk, og rommene både i hovedbygningen og i de andre bygningene må kunne stå til rådighet for ulike kurs og arrangement. Hovedbygningen skal inneholde et sentralt arkiv. Hovedbygningen reises mellom de to nevnte tun og binder dem naturlig sammen. hovedbygningen må inneholde en foredrags- og seminarsal, bl.a. med plass for skiftende utstillinger.»

Over Kulturdepartementet sitt budsjett vert det ytt statleg driftstilskot til Kvæntunet, i 2000 vil dette utgjera om lag kr 750.000.

Aja samiske senter i Kåfjord i Troms er eit kystsamisk nærings-, kultur- og utdanningssenter som skal dokumentera, ta vare på og formidla samisk språk, kultur og samfunnsliv.

Eit første byggjesteg til 4,2 mill. kroner er alt realisert. Dette gjev plass for NRK Sameradioen, Samisk språksenter, basseng, ungdomsklubb, lokale for lag og foreiningar, museumskontor/-arkiv og administrasjonslokale.

Den planlagde utvidinga av senteret skal gje plass for utvida lokale for ungdomsklubben, bibliotek, garasje for bokbussen, helsesenter, utvida plass for språksenteret, kontor m.m. for Samisk kulturminneråd, utleigelokale for handverkarar, møterom, kontor, sal, kantine, barnehage og museumslokale.

Prosjektet er høgt prioritert av Sametinget. Over Kulturdepartementet sitt budsjett vart det i 1998 løyvd 0,5 mill. kroner til planlegging av prosjektet. Statsbygg reknar med at tiltaket vil kunna gjennomførast innanfor ei kostnadsramme på om lag 35 mill. kroner. Det ligg ikkje føre tilsegner om medverknad frå lokalt eller regionalt nivå. Fylkeskommunen har i brev til departementet 16. mars 1999 lagt til grunn at tiltaket må definerast som eit nasjonalt prosjekt «som i all hovedsak finansieres med nasjonale midler.»

9.5.8 Bygg for scenekunstinstitusjonar

For bygningar og lokale som skal nyttast til ulike former for scenekunst, må det stillast spesielle krav både av kunstnarleg og teknisk karakter. Eit moderne teater må vera tilpassa ei stor spennvidde av scenografiske løysingar og vera funksjonelt både med tanke på tradisjonelle framsyningar og nyare, eksperimenterande dramatikk. Fleksibilitet i bygningsmessig utforming og dei tekniske løysingane vil difor ha mykje å seia for at den levande teatertradisjonen stendig skal kunna utvikla seg vidare. Fleire av dei største teatra held til i gamle bygningar som treng rehabilitering og meir funksjonelle publikumsareal.

Både for å gje gode utviklingsvilkår for scenekunsten utanfor institusjonane og for å formidla teater- og danseframsyningar til stader utan faste teaterinstitusjonar, må ein nytta det som finst av fleirbrukshus og andre lokale for kombinerte føremål. Men i fleire av desse kulturhusa rundt om i landet vil det vera behov for investeringar som gjer dei betre eigna til å ta imot ulike scenekunstproduksjonar. Ikkje minst vil det tilbodet Riksteatret kan gje, vera avhengig av ei tidsmessig utvikling av kulturhusa våre, slik at dei vert meir mottakelege for sceniske framsyningar. Det staten vil kunna yta for å hjelpa til med å stetta desse behova, må primært innordnast under tilskotsordningane til lokale og regionale kulturhus og avsetjinga til kulturbygg i Norsk kulturfond.

Styringssystem for scenetekniske anlegg er i dag i stor grad databaserte. Den snøgge teknologiske utviklinga har ført med seg at systema vert utdaterte og avlegs, og at heile system lyt skiftast ut etter ganske få år i drift, av di komponentar ikkje lenger er i handelen.

Departementet legg vekt på at institusjonane legg planar for utskifting av utstyr og vedlikehald av lokale og set av midlar til dette innanfor driftsbudsjettet. Det er naudsynt å løysa utbetringsbehova etter kvart og ikkje akkumulera dei over tid, slik at det oppstår driftsstans grunna mangelfullt utstyr.

Fleire av teaterinstitusjonane har behov for å oppgradera det tekniske utstyret og for å fornya og utbetra lokala ut over det dei kan dekkja innanfor dei årlege driftsbudsjetta. Familie-, kultur- og administrasjonsnemnda i Stortinget synte òg til dette i Budsjett-innst. S. nr. 2 (1998-99), der det heitte at

«flere av landets teatre har behov for fornyelse og utbedring av sine lokaliteter ut over det som må påregnes dekket over de årlige driftsbudsjettene, men har forståelse for at man på grunn av den økonomiske situasjonen ikke har kunnet prioritere omfattende rehabiliteringsarbeid i forbindelse med neste års budsjett.»

Den Norske Opera og Det Norske Teatret har søkt departementet om midlar til å skifta ut delar av det scenetekniske utstyret.

Den Norske Opera skal etter planen flytta inn i nytt operahus i 2008. Hausten 1998 gjennomførte Operaen ei kartlegging av kva som trengst av investeringar for at verksemda i mellomtida skal kunna halda fram i Folketeaterbygningen. Scenegolvet, transportheisane, orkesterheisane, lysreguleringsanlegget, ventilasjonssystemet og inspisientanlegget kan teoretisk halda i nokre år til, men for alle dei nemnde elementa einskildvis er det ein reell fare for samanbrot innan stutt tid. Operaen reknar desse tiltaka som naudsynte og har kostnadsrekna dei til om lag 11 mill. kroner, og Kulturdepartementet har gjort framlegg om 5 mill. kroner i tilskot i 2000. I tillegg kjem andre ynskjelege tiltak som Den Norske Opera har kostnadsrekna til 11 mill. kroner.

Ved Det Norske Teatret trengst det rehabilitering og utskifting av teknisk utstyr, m.a. lys- og lydutstyret og styresystemet for maskineriet til scene og snorloft. Det elektronisk baserte utstyret var nytt og moderne då det nye teaterbygget stod ferdig i 1984, men er i dag forelda og ute av produksjon. I 1998-99 vart det utarbeidd tre konsulentrapportar for Det Norske Teatret om investeringar i tidbolken 2000-2016. Behova knyter seg til sceneteknisk utstyr, andre lyd- og lystiltak og Enøk-tiltak. Av det samla behovet vert ein del rekna som heilt naudsynte for å førebyggja mogleg samanbrot i det tekniske utstyret med avbrotne eller avlyste framsyningar som følgje. Dei føreliggjande rapportane må underleggjast nærare vurdering før det kan takast stilling til omfanget av naudsynte og sterkt ynskjelege investeringar.

Ved Nationaltheatretskal den noverande Amfiscena byggjast om, slik at teatret får ei meir fleksibel scene betre tilpassa nye uttrykksformer. Ombygginga tek sikte på å gjera publikumsplassane flyttbare og dei scenetekniske fasilitetane meir fleksible. I tillegg vil Amfiscena verta oppgradert ved ei generell oppussing av sjølve salen og tilkomstvegane. Det skal òg skaffast til vegar nytt utstyr, og ventilasjonsanlegget skal utbetrast. Branntekniske tilhøve og krav til lagringsplass har gjort ombygginga meir omfattande og kostbar enn det ein fyrst trudde. Heile prosjektet er kostnadsrekna til om lag 25 mill. kroner. Nationaltheatret har søkt departementet om ca. 15 mill. til gjennomføring av byggjesteg 2 og 3. Byggjesteg 1 er finansiert gjennom ei privat gåve.

Teaterbygningen til Den Nationale Scene i Bergen er ein av dei fremste eksponentane for jugendstilen her til lands. Store delar av publikumsarealet vart øydelagde i ein granateksplosjon under andre verdskrigen. På grunn av knappe ressursar vart ikkje salongen og publikumsområda pussa opp til den standarden dei hadde før øydelegginga. Teatret har dei seinare åra og fram til i dag gjennomført eit omfattande rehabiliteringsarbeid både ute og inne. M.a. er vestibylen og foajeen ført attende til den opphavlege stilen, og taket og fasaden er reparert. Dette er finansiert innanfor det ordinære driftsbudsjettet. Det som no står att, er å rehabilitera teatersalongen og føra han attende til den utsjånaden han hadde då teatret vart opna i 1909. Dessutan trengst det å utbetra ventilasjonsanlegget i salen og dei tekniske anlegga. Heile rehabiliteringa er estimert til mellom 30 og 35 mill. kroner.

I dag leiger Hålogaland Teater lokale i Kulturhuset i Tromsø, i lag med andre aktivitetar. Bygget fyller ikkje dei behova teatret har i dag. Departementet meiner Hålogaland Teater treng nytt bygg. Eit nytt teaterhus vil gje betre drift og rom for utvikling av institusjonen. Det har vore planar om nybygg sidan 1990. I 1997 og 1998 er det løyvd til saman 2 mill. kroner til prosjektering og arkitekttevling. Det ligg føre eit byggjeprogram til om lag 150 mill. kroner, eksklusive tomtekostnader. I og med at Troms fylkeskommune har gjeve prosjektet status som tusenårsstad, vil departementet etter ei samla vurdering tilrå at staten dekkjer 70 prosent av den kostnadsramma som vert fastsett. Byggjeprogrammet må gjennomgåast av departementet, dei lokale og regionale tilskotspartane og teateret. Dei lokale og regionale finansieringspartane har sagt seg viljuge til å løyva sine delar før staten. Det vil likevel verta vanskeleg å koma i gang før 2002/2003.

9.5.9 Fredsprissenter

Den Norske Nobelkomite har bede om at staten stiller til rådvelde ein høveleg bygning for eit fredsprissenter, og at dette vert ein realitet innan 2005. Dei forventar at staten dekkjer rehabiliteringskostnader og årleg driftstilskot på 2,5 mill. kroner til tiltaket. I samband med handsaminga av operaproposisjonen uttalte eit komitefleirtal at Regjeringa burde vurdera Vestbanebygningen til fredsprissenter, jf. Innst. S. nr. 213 (1998-99). Tidlegare har Nobelkomiteen uttrykt interesse for Bankplassen 3, der Nasjonalt læremiddelsenter no held til, men dei prefererer no fyrstnemnde alternativ.

Norsk museumsutvikling (NMU) uttalte mellom anna følgjande om dette prosjektet i ei fråsegn dagsett 27. juni 1995:

«NMU mener det er en god idé å knytte innholdet i et fredsmuseum til fredsprisen samtidig som det fokuseres på dagsaktuelle tema rundt fred og konfliktløsning. I prinsippet mener NMU at man skal være forsiktig med å opprette nye museer, men fredsarbeid og konfliktløsning er sentrale og viktige tema i global sammenheng.»

Med tilvising til drøftinga av eit nasjonalt kunstmuseum under kap. 9.5.4 framstår det som naturleg å peika på ei anna mogleg løysing: Ved å flytta samtidskunsten til eit nybygg på Tullinløkka vil Bankplassen 1, der Museet for samtidskunst no held til, kunna fristillast til bruk som fredsprissenter.

Museet er tenkt organisert kring fire hovudtema: a) Alfred Nobel og nobelprisane, b) Fredsprisvinnarane, c) Dagens konfliktar og d) Særutstillingar.

På grunnlag av ei ytterlegare konkretisering av planane frå Nobelkomiteen si side bør det gjerast ei fagleg, funksjonell, teknisk og økonomisk vurdering av prosjektet og moglege lokaliseringsalternativ.

9.5.10 Tusenårsstader

I samsvar med handsaminga av St.prp. nr. 55 (1997-98) Om markering av tusenårsskiftet 2000-2005er det lagt til grunn at det skal gjevast statstilskot til såkalla tusenårsstader, for slik å medverka til å ta vare på og markera på særskild måte eit utval av anlegg, institusjonar, kulturmiljø, naturområde m. v. av stort historisk, kulturelt og miljømessig verde. Tusenårsstadene i fylka skal spela ei nasjonal kulturell og miljømessig rolle som peiker ut over det einskilde fylket. Det er ein føresetnad at fylkeskommunane tek ansvaret for gjennomføringa og fullfinansieringa av prosjekta.

Sogn og Fjordane, Rogaland og Vest- Agder fylkeskommunar har førebels ikkje peikt ut nokon fylkestusenårsstad.

Sametinget, Oslo kommune og dei andre fylkeskommunane har valt dei tusenårsstadene som går fram av tabell 9.4:

Tabell 9.4 Tusenårsstader

TusenårsstadTiltak
SametingetØstsamisk museum i NeidenNytt museum for dokumentasjon og formidling av austsamisk kultur
OsloOslo MiddelalderbyOpparbeiding av ruinpark og etablering av mellomaldermuseum
ØstfoldFredriksten festning
AkershusEidsvoll 1814 - Rikspolitisk senterSoga om utviklinga av demokratiet i Noreg
HedmarkDomkirkeodden med vernebygget og domkyrkjeruinenArkeologisk utgraving, overbygg over ruinar, og formidling
OpplandHundorpRestaurering av bygningar for å kunna nytta dei til formidling av norrøn mytologi og folkehøgskulehistorie
BuskerudVeienEtablering av museum og oppføring av langhus etter 2000 år gamle hustufter
VestfoldBorrehaugene/Borre Nasjonalpark og Midgard - historisk senterTiltak i samband med utvikling av historisk senter
TelemarkTelemarkskanalen
HordalandNasjonalromantisk senter for kunst og kultur i Hardanger
Møre og RomsdalJugendstilsenteretDokumentasjon og formidling av arkitektur
Sør-TrøndelagTrøndelag FolkemuseumVidareutvikling av uteområda ved museet
Nord-TrøndelagNorveg - Senter for kystkultur og kystnæringEtablering av nytt opplevingssenter med kulturhus- og museumsfunksjonar
NordlandPetter Dass-museetTrygging og istandsetjing av museumsbygningar og oppføring av nybygg
TromsHålogaland TeaterNytt teaterbygg

9.5.11 Prioritering og oppfølging

Det går fram av framstillinga ovanom at det har utvikla seg eit akkumulert behov for auka kulturbygginvesteringar. Løyvingane har vore små i ei årrekkje, og innslaget av store kulturbygg har vore særs lite i lang tid. Dei statlege kulturbygginvesteringane i 1990-åra har utgjort ca. 0,4 pst. av utgiftene i statsbudsjettet til investeringar. Ei rad store prosjekt er urealiserte og vil med noverande løyvingsnivå ikkje lata seg gjennomføra i oversynleg framtid. Frå og med budsjetterminane 2003 og 2004 vil operabygget krevja store løyvingar. Dei mellomliggjande åra bør nyttast til byggjetiltak som alt no er overmogne, og som risikerer ytterlegare lang utsetjing i kjølvatnet av løyvingsbehova for operaprosjektet.

Kulturdepartementet skal som nok ei grunngjeving for vokster i byggjeløyvingane nemna dei endringane i ytre krav og vilkår som kultursektoren står andsynes. Voksteren i folks kjøpekraft, den generelle standardauken i samfunnet, som er særleg tydeleg innan bygningsmassen i privat sektor, og ikkje minst auka fritid med tilhøyrande høve til utvida kulturaktivitet og bruk av kulturtilbod, skjerpar krava til fasilitetane i kulturlivet, men representerer samstundes nye utfordringar. Kulturlivet må setjast i stand til å møta desse utfordringane, og det krev høgare nivå på byggjeløyvingane til kultursektoren.

Jamvel med den auka løyvingsramma som er skissert nedanfor, vil det vera naudsynt med ei stram og planmessig prioritering mellom prosjekta og ei kritisk vurdering av kva for element eller funksjonar innanfor dei einskilde prosjekta som bør koma i fyrste rekkje.

Løyvingar til alt igangsette prosjekt må sjølvsagt ha høgast prioritet dei fyrste åra framover. Til alt vedtekne nasjonale kulturbygg - og dessutan nye prosjekt som det er gjort framlegg om i budsjettproposisjonen for 2000 - er løyvingsbehovet i 2001 og 2002 til saman 51,7 mill. kroner. Over budsjettet åt Arbeids- og administrasjonsdepartementet må det førast opp løyvingar til nytt operahus, magasinutvidingane ved Statsarkivet i Tromsø og ved Nasjonalbiblioteket, avdeling Rana. Byggjearbeida i Tromsø og Rana vil ha eit løyvingsbehov på 100 mill. kroner i 2001 og 20 mill. kroner i 2002.

Av nye statlege prosjekt lyt nytt magasin og rehabilitering av den eksisterande bygningen for Nasjonalbiblioteket, avdeling Oslo ha høgste prioritet.

Kostnadsoverslaget (pr. 1. januar 1999) for nytt operahus lyder på 1800 mill. kroner med gjennomføring av byggjearbeida i perioden 2003-2008.

Av nye ikkje-statlege prosjekt vil fylkesvise tusenårsstader og samisk tusenårsstad verta prioriterte i perioden fram til 2005. Framlegg om løyving til slike og andre prosjekt vil koma når omfang og kostnad er tilpassa ei forsvarleg tilskotsramme, og når ansvaret for fullfinansiering, framdrift og drift er avklara.

Som oppsummering følgjer her eit oversyn i tabell 9.5 over aktuelle prosjekt det komande tiåret. Tusenårsstadene vil koma i tillegg til denne lista.

Tabell 9.5 Aktuelle prosjekt det komande tiåret

Institusjon:Prosjekt:Fylke
RiksarkivetUtvida administrasjonsbygg og magasinOslo
Statsarkivet i Trondheim.Utvida magasin m.mSør-Trøndelag
NasjonalbiblioteketNytt magasin, rehabilitering av hovudbygningOslo
Nytt nasjonalt kunstmuseumNybygg og rehabilitering av eldre bygningarOslo
De samiske samlingerSamisk kunstmuseumFinnmark
Nordenfjeldske KunstindustrimuseumNybygg for tekstilsamlinganeSør-Trøndelag
Galleri F 15Nybygg for utstillingar m.m.Østfold
Maihaugen, Norsk Folkemuseum og Norsk Teknisk MuseumNytt fellesmagasinAkershus
JærmuseetVitensenter i nybyggRogaland
Agder naturmuseum og botaniske hageUtvida utstillingsareal m.m. i nybyggVest-Agder
Norsk IndustriarbeidermuseumRehabilitering av bygning til utstillingsføremålTelemark
GlomdalsmuseetOmbygging for dokumentasjon av taterkulturenHedmark
KvæntunetNybygg til senter for kvænsk språk og kulturFinnmark
Aja samiske senterUtvida eksisterande bygningTroms
Den Norske OperaSceneteknisk o.a. utstyrOslo
Det Norske TeatretSceneteknisk o.a. utstyrOslo
NationalteatretUtbetringar og ombyggingOslo
Den Nationale SceneRehabilitering av teatersalongenHordaland
Hålogaland TeaterNybyggTroms
Nobel-instituttetFredsprissenterOslo

Den samla trongen til løyvingar til dei statlege byggjeprosjekta i perioden 2001 til 2010 kan overslagsvis reknast til om lag 2800 mill. 1999-kroner. Av dette utgjer det nye operahuset 1800 mill. kroner.

I St.prp. nr. 1 (1999-2000) er det gjort framlegg om 52,7 mill. kroner i løyvingar til ikkje-statlege nasjonale kulturbygg og samisk og fylkesvise tusenårsstader. Ei vidareføring av dette løyvingsnivået vil altså utgjera 527 mill. kroner i tiårsperioden 2001-2010. Dersom ein skal gjennomføra dei prosjekta som no ligg føre, vil det vera behov for ytterlegare 800 mill. kroner. I tillegg må det takast høgde for andre, mindre og ikkje føresette prosjekt, jf. kap. 9.5.1, med overslagsvis 10 mill. kroner pr. år. eller 100 mill. kroner i tiårsperioden. Fordelt over ein tiårsperiode vert dette 90 mill. kroner pr. år. Dette inneber ein auke på nærare 40 mill. kroner utover nivået i 2000 dersom løyvingane i perioden 2001-2010 skal dekkja det akkumulerte investeringsbehovet til nasjonale kulturbygg og samisk og fylkesvise tusenårsstader. Dvs. at behovet alt i alt vil vera nærare 1430 mill. kroner til nasjonale kulturbygg i tiårsperioden.

Vidare vil ordninga med statleg tilskot til biblioteklokale måtta aukast med 6 mill. kroner for å koma opp på eit årleg nivå på 10 mill. kroner, jf. tabell 9.2, der det går fram at det statlege tilskotet til biblioteklokale tidlegare på 1990-talet har vore om lag 8 mill. kroner årleg.

Dei samla behova for løyvingar og tilskot kan summerast opp slik:

Nybygg for Den norske Opera1800 mill. kroner.
Andre statlege bygg1000 mill. kroner
Ikkje-statlege nasjonale kulturbygg og biblioteklokale1530 mill. kroner
Til saman4330 mill. kroner

Den årlege budsjettmessige oppfølginga vil vera avhengig av den økonomiske utviklinga og budsjettsituasjonen. Det må såleis takast atterhald om den årlege budsjetthandsaminga.

Departementet vil i budsjettsamanheng arbeida ut ein meir detaljert investeringsplan for dei komande ti åra. Som ein lekk i dette arbeidet vil òg forvaltningsregima for kulturbygga og moglege endringar for å betra bygg- og eigedomsforvaltninga verta vurderte.

Til forsiden