St.meld. nr. 26 (1998-99)

Økonomien i den statlege høgskolesektoren

Til innhaldsliste

1 Innleiing

1.1 Bakgrunn for meldinga

I Budsjett-innst S nr 12 (1996-97) uttrykkjer fleirtalet i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen uro over den vanskelege økonomiske budsjettsituasjonen for dei statlege høgskolane, og fryktar at underbudsjettering dei seinare åra kan vere ei årsak til dette. Fleirtalet understrekar departementet sitt ansvar for å fremje budsjettforslag som sikrar forsvarleg drift ved institusjonane i høve til omfanget av verksemda. Dette fleirtalet ba Regjeringa om å føreta ein gjennomgang av institusjonane sin økonomiske situasjon i samband med framlegging av Revidert nasjonalbudsjett for 1997, og fremja følgjande forslag:

«Stortinget ber Regjeringen foreta en gjennomgang av de statlige høyskolenes økonomiske situasjon ved fremleggelsen av Revidert nasjonalbudsjett for 1997»

I St prp nr 63 (1996-97) blir det i samband med dette opplyst at Regjeringa har bedt Kostnadsberekningsutvalet om å gjennomgå den økonomiske situasjonen for dei statlege høgskolane. Kostnadsberekningsutvalet vart valt som eit kompetent og uhilda utval. Tilleggsmandatet, som Kostnadsberekningsutvalet fekk frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Finans- og tolldepartementet i fellesskap, er gjengitt i kapittel 2.

Kostnadsberekningsutvalet la fram si utgreiing 12. mars 1998:

NOU 1998:6 Økonomien i den statlige høgskolesektoren

1.2 Departementet sitt arbeid

NOU 1998:6 vart sendt på høyring til institusjonane i universitets- og høgskolesektoren 16. mars 1998 med høyringsfrist 1. mai 1998. Institusjonane vart bedne om å gje generelle vurderingar av utgreiinga, og å kommentere dei einskilde punkta i mandatet til Kostnadsberekningsutvalet.

I arbeidet med denne stortingsmeldinga har departementet lagt vekt på å framstille dei ulike syna som har kome fram i høyringsrunda, og å gje ei brei og nyansert framstilling av den økonomiske utviklinga i sektoren.

Stortingsmeldinga er ein teknisk gjennomgang av dei statlege høgskolane sin økonomiske situasjon. Meldinga må sjåast i samband med mellom anna forskingsmeldinga, dimensjoneringsmeldinga og oppfølgjinga av Mjøs-utvalet sitt arbeid.

I samband med høyringsprosessen har det kome fram at Kostnadsberekningsutvalet og høgskolesektoren, representert ved Det norske Høgskolerådet, har ulik oppfatning av den økonomiske utviklinga i sektoren.

På bakgrunn av dette vart Kostnadsberekningsutvalet i brev 7. oktober 1998 bedt om å vurdere Det norske høgskolerådet si høyringsfråsegn. Kostnadsberekningsutvalet la fram si vurdering 20. oktober 1998.

1.3 Innhaldet i stortingsmeldinga

I kapittel 2 blir Kostnadsberekningsutvalet sine vurderingar og konklusjonar gjengitt. Departementet viser elles til Kostnadsberekningsutvalet si utgreiing NOU 1998:6 Økonomien i den statlige høgskolesektoren.

I kapittel 3 følgjer ein presentasjon av høyringsfråsegnene. Her blir vurderingar og konklusjonar frå sektoren drøfta, då særleg frå Det norske høgskolerådet.

I kapittel 4 blir Kostnadsberekningsutvalet si vurdering av høyringsfråsegna til Det norske høgskolerådet gjengitt i korte trekk.

I kapittel 5 gir departementet si vurdering av den økonomiske utviklinga i høgskolesektoren. Det blir her lagt særskilt vekt på å drøfte skilnader mellom utvalet og sektoren når det gjeld tilnærmingsmåte og metode.

Til slutt i kapittel 6 følgjer ei drøfting av administrative og økonomiske konsekvensar.

Til forsida