St.meld. nr. 26 (1999-2000)

Om verdiar for den norske helsetenesta

Til innholdsfortegnelse

12 Administrative og økonomiske følgjer

Denne meldinga gjev eit systematisk oversyn over verdigrunnlaget for den norske helsetenesta slik det er i dag, og slik Regjeringa meiner det bør vere i tida som kjem. Utgangspunktet er gjeldande lovgjeving og praksis i helsetenesta, og tiltak som alt i dag blir gjennomført med grunnlag i offentlege løyvingar. Tiltaka som blir føreslegne pålegg ikkje staten, kommunane eller fylkeskommunane oppgåver eller plikter ut over det som alt ligg i gjeldande lovgjeving eller som likevel må gjennomførast som oppfølging av den nye helsetenestelovgjevinga.

Fleire av tiltaka som blir drøfta som oppfølging av NOU 1999: 2 Livshjelp, er av ein slik art at det er naturleg å følgje dei opp ved seinare budsjettframlegg overfor Stortinget. Dette er kommentert ved dei ulike framlegga tidlegare i meldinga.

Framlegget om oppretting av kliniske etikk-komitear ved dei større sjukehusa, er så marginalt ressurskrevjande at departementet reknar med at dei sjukehusa det gjeld over ei viss tid vil kunne finne rom for dette som del av den vanlege organisasjonsutviklinga. Framlegget om oppretting av eit sentralt samordningsorgan for dei kliniske etikk-komiteane vil krevje noko ekstra utlegg for departementet. Det er teke høgde for dette i budsjettet for 2000. Oppbygginga av ulike kvalitetsregister er også omtala i statsbudsjettet for 2000.

Framlegget om eit nasjonalt prioriteringssystem, vil føre til visse endringar i rådsorganiseringa kring Sosial- og helsedepartementet og Statens helsetilsyn. Desse endringane kan gjennomførast ved omdisponering av ressursane som er tilgjengelege. Ei nærare kopling mellom prioriterings- og kvalitetsarbeidet vil snarare vere kostnadssparande og effektivitetsaukande for helsetenesta samla sett.

Ei vurdering av dei administrative og økonomiske følgjene av endringar i lovgjevinga om alternativ medisin vil ein kome attende til når ein fremjer eit lovforslag for Stortinget.

Til forsiden