St.meld. nr. 26 (1999-2000)

Om verdiar for den norske helsetenesta

Til innholdsfortegnelse

2 Samandrag

Dette kapitlet gjev eit kort oversyn over innhaldet i meldinga. Ved slutten av kvart av dei etterfølgjande kapitla er det gjeve eit oversyn over sentrale vurderingar og tiltak som skal følgjast opp.

Kapittel 1 presenterer grunnlaget for meldinga. Dei prinsipielle politiske utfordringane knytt til verkemiddelbruken i helsepolitikken blir omtala saman med ein samla strategi for den statlege styringa av helsetenesta. Eit hovudpoeng er å sikre at den norske helsetenesta blir organisert slik at det einskilde mennesket, som pasientar og pårørande, blir sett og møtt med grunnlag i deira eigne føresetnader av tenesteytarane.

Kapittel 3 handlar om helsepolitikken som ein del av velferdssamfunnet. Viktige drag ved utviklinga gjennom det siste hundreåret blir presentert, saman med nokre sentrale utfordringar for tida som kjem. Lovnadene frå velferdssamfunnet blir drøfta ut frå gjeldande norsk lovgjeving. Sentralt står lovnaden om allmenn og likeverdig tilgang til helsetenester.

Kapittel 4 handlar om verdigrunnlaget for helsetenesta og visse tiltak som kan sikre dette ytterlegare i tida som kjem. Det blir lagt avgjerande vekt på menneskeverdet som ein ukrenkjeleg eigenskap, saman med kravet om at tenesteytinga skal vere prega av nestekjærleik og ansvarleg ressursforvaltning. Sentralt står sikringa av tryggleiken for dei som til ei kvar tid er mest sårbare eller har det vanskelegast, likeså vel som kravet til helsetenesta om å sikre medverknad frå kvar einskild pasient og pårørande.

Kapittel 5 handlar om grunnleggjande synspunkt på medisinsk bruk av bioteknologi. Dette vil bli nærare drøfta i ei eiga melding med evaluering av røynslene med bioteknologiloven som kjem tidleg i 2000.

Kapittel 6tek opp sentrale element i folkehelsearbeidet, m.a. prinsipp for det vidare arbeidet. Framhald av lokalsamfunnstilnærminga, og tilrettelegging av dei statlege ordningane for å støtte opp om dette står sentralt her. Ei nærare drøfting av dette vil kome i ei stortingsmelding om folkehelsearbeidet i 2001.

Kapittel 7 handlar om livshjelp. Utgangspunktet er å sikre menneskeverdet mot slutten av livet, og når helsetenesta ikkje har eigentlege behandlingstiltak å stille opp med. I kapitlet går ein gjennom dei ulike framlegga frå NOU 1999: 2 Livshjelp. Viktig her er styrking av det faglege innhaldet i tilboda, m.a. gjennom utvikling av dei ulike utdanningsordningane. Prinsippet om at også livshjelp skal vere ein del av tilbodet frå den vanlege helsetenesta på alle nivå blir lagt til grunn.

Kapittel 8 handlar om prioritering i den norske helsetenesta. Dei sentrale framlegga frå NOU 1997: 18 Prioritering på ny blir drøfta og i hovudsak følgde opp. Til grunn ligg prinsippet om at prioritering er eit lineansvar som skal byggje på faglege vurderingar av alvorsgrad, klinisk nytte av det aktuelle tiltaket og kostnadseffektivitet. Fastlegen og nødmeldetenesta sine oppgåver som portopnarar blir drøfta, likeins ordningar for å styrkje samarbeidet mellom første- og andrelinetenesta. For å sikre eit føreseieleg grunnlag for prioriteringane, støttar ein framlegga frå NOU 1997: 18 om å gjere seg nytte av faggrupper innan prioriterte område og om å opprette eit nasjonalt rådgjevingsorgan i prioriteringsspørsmål.

Kapittel 9 handlar om kunnskapsgrunnlaget for helsetenesta. Aldri før har ein hatt så mykje kunnskap å forhalde seg til. Dette stiller skjerpa krav til korleis ein forvaltar denne kunnskapen. Prinsipp for det vidare arbeidet med faglege spørsmål i helsetenesta blir tekne fram. Sentralt står utfordringane som ligg på dei ulike faggruppene til sjølv å medverke ved utviklinga av eit tydeleg grunnlag for fagleg forsvarleg arbeid.

Kapittel 10 handlar om helsetenesta og forholdet til alternativ medisin, og korleis ein vil følgje opp NOU 1998: 21 Alternativ medisin. Sentralt står behovet for meir kunnskap og eit endra rammeverk for dette arbeidet.

Kapittel 11 tek opp visse særlege moment knytt til den vidare utviklinga av helsetenesta som er av ein slik art at dei fortener særleg merksemd. Dette gjeld ikkje minst kjønns- og aldersperspektivet på helsetenesta, og dei særlege behova som menneske med funksjonshemjingar har i møte med helsetenesta. Avsnittet om kjønnsperspektivet er byrjinga på oppfølginga av NOU 1999: 13 Kvinners helse i Norge. Sentralt i dette arbeidet står sikringa av likestilling og likeverd mellom kjønna som norm også i helsetenesta.

Visse sider ved kvalitetsarbeidet blir også drøfta, saman med det behovet pasientane har for kjennskap til kvalitet i helsetenesta. Forhold knytt til tilsynsordningane, beredskapsarbeid og internasjonalt arbeid blir også teke opp. Dette blir gjort for å synleggjere at også desse sidene ved den norske helsetenesta skal byggje på same menneskeverd og verdigrunnlag som helsetenesta elles.

Kapittel 12 drøftar administrative og økonomiske konsekvensar av framlegga i utgreiinga. Det er i liten grad behov for ytterlegare ressurstilførsle for å følgje opp tiltaka i denne meldinga. Det vil derimot bli nødvendig med visse omdisponeringar og omorganiseringa m.a. for å sikre eit heilskapleg prioriteringssystem. Innanfor livshjelp kan det vere nødvendig med ressurstilførsle. Dette vil bli teke opp gjennom det vanlege budsjettarbeidet.

Til forsiden