St.meld. nr. 26 (1999-2000)

Om verdiar for den norske helsetenesta

Til innholdsfortegnelse

5 Medisinsk bruk av bioteknologi

I dette kapitlet blir det gjort greie for hovudlinene i det vidare arbeidet knytt til spørsmål om medisinsk bruk av bioteknologi. Ei meir detaljert framstilling av dette emnet vil bli gjeve i meldinga om evalueringa av bioteknologiloven som blir lagt fram tidleg i 2000.

5.1 Vern om integriteten til mennesket

Djupare innsikt i og kunnskap om molekylærbiologiske og genetiske forhold er eit av dei sentrale kjenneteikna på den medisinske utviklinga i vår tid. Vi får større innsikt i dei biologiske mekanismane som handlar om utvikling av liv. Dette gjev høve til å finne fram til nye medisinske metodar som vil tene livet. Den nye kunnskapen og dei nye metodane vil såleis kunne styrkje respekten for mennesket og menneskeverdet. Føresetnaden for at det skal kunne skje er at ein ved bruk av tilgjengeleg kunnskap og utvikling av nye metodar legg til grunn at integriteten til eit kvart menneske er ukrenkjeleg.

Eit sentralt prinsipp ved utvikling og bruk av medisinske metodar er såleis å unngå å krenke integriteten til menneske. Dette er det sentrale elementet i det etiske grunnlaget for medisinske tiltak og medisinsk forsking i heile verda. Kvart menneske har unike eigenskapar og skal så langt råd sjølv ta avgjerder som påverkar eige liv. Samla sett tilseier desse prinsippa at ein må utvise stor aktsemd ved forsking og gjennomføring av tiltak som rører ved korleis liv oppstår og det genetiske grunnlaget for livet når dette medfører bruk av celler og vev frå foster. Dei nemnde prinsippa kan også nyttast på livet før fødselen.

Når ein legg klåre prinsipp til grunn for handlingane, vil ein stundom kome opp i situasjonar der det blir konflikt mellom ulike prinsipp, eller mellom ulike individ ut frå eit og same prinsipp. I slike situasjonar vil ein måtte vurdere om det finst overordna prinsipp som kan nyttast for å klårgjere konflikten. Når ein legg til grunn prinsippet om at kvart einskild menneske har eit ukrenkjeleg verde kan det såleis ikkje leggjast avgjerande vekt på framtidig samfunnsinnsats eller verdi på ein arbeidsmarknad ved løysinga av slike konflikter. Omsynet til den veikaste parten vil tape om slike prinsipp skulle leggjast til grunn. Respekten for kvart einskild menneske er ukrenkjeleg, også det som ut frå visse kriteria måtte framstå som ikkje fullkome i visse situasjonar.

Omsynet til kvart eit liv, også det ufødde, må takast med i vurderinga av det etiske grunnlaget for forsking og helsetenester. Det kan såleis ikkje vere akseptabelt at ein ved hjelp av tekniske metodar startar eit menneskeliv i vissa om at dette livet berre skal tene som grunnlag for forsking eller medisinsk teknologi, og ikkje ha sitt eige verd. Stortinget sitt vedtak om ikkje å tillate forsking på befrukta egg byggjer på dette prinsippet. Dette prinsippet vil også ha verknader på korleis ein t.d. vil vurdere ulike metodar innanfor kunstig befrukting. Det vil også måtte ha verknad på korleis ein til kvar tid vurderer tilgjengelege tiltak for å førebyggje eller behandle sjukdom hjå fødde eller ufødde menneske.

I dag er det berre mogeleg å sjå byrjinga på dei etiske utfordringane som følgjer ved utvikling og bruk av nye bioteknologiske metodar. Ein del etiske spørsmål er knytte til samfunnsmessige forhold, som t.d. familiens rolle i fortid og framtid, og rører såleis ved verdiar og normer knytt til samhandling menneske i mellom. Andre etiske spørsmål er knytte til biologiske forhold og rører meir ved respekten for integritet og menneskeverd. Stundom vil verdiar og normer frå desse to områda kome i konflikt med kvarandre. Igjen må det overordna prinsippet vere at ein skal leggje prinsippet om kvart menneske sitt ukrenkjelege verde til grunn for vurderinga av eventuelle konfliktar. Uvissa kring kva utfordringar ein vil stå overfor i åra som kjem tilseier at ein skal gå varsamt og langsamt fram før ein godtek bruk av kunnskap eller metodar som vil vere eigna til å rokke ved dei nemnde prinsippa.

Utviklinga medisinsk bruk av bioteknologi skjer så fort at det er vanskeleg ikkje berre for folk flest, men også for helsepersonellet å følgje med slik at ein kan ha kompetente meiningar om bruken av medisinske metodar som byggjer på denne kunnskapen. Då NOU 1999: 20 om gentesting ved arveleg kreft var på høyring kom det inn 62 høyringsfråsegner. Av desse var berre få kritiske til framlegga i innstillinga. Talet høyringsfråsegner er mindre enn vanleg. Berre få hadde kritiske merknader til framlegga. Dette kan tyde på at temaet er vanskeleg tilgjengeleg. Departementet vil difor vurdere behovet for å styrkje informasjonsarbeidet på dette området.

Opplysningar om eigne genetiske eigenskapar

For mange menneske er det sentralt å finne fram til kunnskap om eigen sosial og biologisk bakgrunn. Det er ingen grunn til å tru at dette vil endre seg i åra som kjem etter som dei biologiske metodane for å gje opplysningar om gensettet til kvar einskild blir enklare og betre. Det vil venteleg bli mogeleg gjennom rutinemetodar å få gjort ein analyse av sitt eige gensett. Dette er nærare omtala i NOU 1999: 20 Å vite eller ikke vite.

Spørsmålet t.d. om bruk av sæd og egg frå andre enn dei som til slutt står som foreldre til eit barn, og spørsmål om bruk av organ og genetisk materiale frå eit individ til føremål som står utanfor det aktuelle individet sitt eige liv må også vurderast i lys av dette. Nokre gonger, t.d. ved transplantasjon av organ frå ein avdød til eit anna menneske, har ein allment sett funne dette forsvarleg når det ikkje kan tenkjast å vere i strid med den døde sitt eige syn. I andre tilfelle, t.d. når det gjeld bruk av genetisk materiale til kommersielle føremål, er det enno store variasjonar i korleis ein ser på dette.

Genterapi er ei samlenemning på tiltak som tek sikte på førebygging og behandling av sjukdom eller lyte gjennom å tilføre nye eller endre arvemateriale i pasienten sine eigne celler. Prinsipielt sett er det to ulike former av genterapi. Det eine handlar om å endre arvematerialet gjennom overføring med befrukta egg. Dette er i dag forbode i Noreg og i alle andre land der genterapi er lovregulert. Den andre forma tek sikte på å behandle sjukdom hjå pasienten utan at ein gjer noko med arvematerialet som blir ført vidare gjennom kjønnscellene. Dette er i dag komplisert medisinsk teknologi som enno ikkje er teke i bruk i klinisk arbeid. Mellom anna har ein enno ikkje løyst problem knytte til korleis ein på ein trygg måte skal kunne overføre det nye genmaterialet til pasienten sine celler. Dette kan vise seg å vere aktuelt som terapi ved alvorleg sjukdom i framtida.

Det er difor viktig å følgje aktivt med i forskinga på dette området og sikre at den nye kunnskapen som etter kvart kjem til, blir gjort tilgjengeleg og lagt fram for open debatt. Om så ikkje skjer, kan utviklinga bli styrt åleine av dei som er fagekspertar eller har næringsinteresser på dette området. Regjeringa vil kome attende til ei rekkje av dei meir konkrete problemstillingane som er nemnde ovanfor i stortingsmeldinga om evaluering av bioteknologiloven tidleg i 2000.

Menneskeverdet før fødselen

Internasjonale konvensjonar gjev ikkje direkte bindingar når det gjeld korleis ein gjennom offentleg politikk skal sjå på menneskeverdet før fødselen. Nokon vil meine at menneskeverdet kjem ved befruktninga, medan andre vil hevde at det blir gradvis utvikla gjennom fosterlivet.

Både gjennom den norske lovgjevinga, den allmenne rettsoppfatninga og tradisjonen gjennom mange hundreår, er det stadfesta at også det ufødde livet har eit individuelt verd og såleis rettsvern. Helse- og sosialtenesta utfører tiltak i samband med svangerskap ikkje berre av omsyn til mora, men også av omsyn til fosteret. Avanserte medisinske tiltak er etablerte for å sikre eit forsvarleg tilbod til dei som blir fødde for tidleg. I lov av 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tjenester m.v. er det gjeve heimel for tiltak overfor gravide rusmiddelmisbrukarar mot deira vilje for å førebyggje skade på fosteret.

Førebygging av uønskt svangerskap og abort er eit prioritert område for Regjeringa. Reduksjon i aborttalet er ein viktig del av arbeidet for å verne om livet. Til grunn for Regjeringa sitt arbeid med dette ligg handlingsplanen for førebygging av uønskt svangerskap og abort for åra 1999-2003 som blei lagt fram i mars 1999. Dette arbeidet er ikkje minst viktig i ei tid der ein ser utvikling av metodar for å påvise kjønn, sjukdommar og sjukdomsrisiko så tidleg at det kan påverke til val av svangerskapsavbrot.

Regjeringa vil leggje avgjerande vekt på menneskeverdet før fødselen ved utforminga av tenester og tiltak som byggjer på ny kunnskap i genetikk og bioteknologi der dette inneber bruk av eller verknader på foster. Det er dette som har vore avgjerande for at Regjeringa har fremja eit lovforslag om forbod mot forsking på aborterte foster.

5.2 Vidare oppfølging

  • Regjeringa vil tidleg i 2000 leggje fram ei melding for Stortinget om evalueringa av bioteknologiloven.

  • Departementet vil vurdere korleis ein kan auke kunnskapen om den bioteknologiske utviklinga gjennom styrking av informasjonsarbeidet på dette området.

Til forsiden