St.meld. nr. 26 (2002-2003)

Om samarbeidet i Atlanterhavspakt-organisasjonen i 2002

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Terroråtaka mot USA i september 2001 gjorde det klart at trusselbiletet har endra seg radikalt etter den kalde krigen. I staden for ein klar og hovudsakleg militær trussel, står vi no overfor ei rekkje truslar frå internasjonal terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen. 2002 var prega av arbeidet med å tilpasse NATO til desse nye utfordringane.

Kampen mot internasjonal terrorisme har vist kor mykje eit sterkt internasjonalt samhald har å seie. Berre ved å stå saman i ein brei global koalis­jon lukkast det å fjerne det brutale Talibanregimet frå makta i Afghanistan og å vidareføre kampen mot terroristorganisasjonen al-Qaida. Ei rekkje av kandidatlanda til NATO har teke aktivt del i kampen mot internasjonal terrorisme. Desse bidraga forklarer langt på veg den største utvidinga i historia til Alliansen. 2002 vart òg kjenneteikna av eit styrkt samarbeid med Russland og dei andre partnarlanda, og av eit gjennombrot i utviklinga av ein strategisk partnarskap mellom NATO og EU.

Vedtaket om utviding under NATO-toppmøtet i Praha i november innebar at Bulgaria, Estland, Latvia, Litauen, Romania, Slovakia og Slovenia gjekk inn i tiltredingsforhandlingar om medlemskap i Alliansen. Saman med utvidinga av Den europeiske unionen er dette eit avgjerande steg i retning alleuropeisk samarbeid og stabilitet. Dei nye medlemmene skal etter planen tre inn i Alliansen innan mai 2004.

Det har vore ei langsiktig utanrikspolitisk målsetjing for Noreg at alle land skal stå fritt til å velje tryggingspolitisk ståstad. Noreg arbeidde aktivt for at utvidinga skulle verte så omfattande som mogleg. Det var særleg gledeleg at dei tre baltiske landa vart inviterte.

Opprettinga av NATO-Russland-rådet (NRC) på toppmøtet i Roma i mai 2002 trekte Russland enda nærmare det euroatlantiske samarbeidet. President Putin sitt val av samarbeid med Vesten har gjort Russland til ein konstruktiv medspelar i møtet med dei nye tryggingspolitiske utfordringane. Det rår no ein ny og konstruktiv tone i både politiske konsultasjonar og praktisk samarbeid. For første gong er det etablert eit felles tryggingspolitisk råd mellom Russland og NATO der avgjerder vert tekne ved konsensus, og der dei allierte og Russland møter på lik line.

Noreg spela òg frå første stund ei pådrivarrolle for å få NATO-Russland-rådet på plass. For Noreg er styrking av samarbeidet med Russland viktig i møtet med dei nye utfordringane, og for å byggje tillit på tvers av dei gamle skiljelinene. NRC har òg eit stort potensiale når det gjeld handteringa av dei særlege utfordringane vi står overfor i våre nærområde. Noreg har difor arbeidd for at handtering av kjernefysisk materiale vert sett på dagsordenen til NRC. Vidare har trygging av sivilbefolkninga mot effektane ved bruk av masseøydeleggingsvåpen vore teke opp i NRC på initiativ frå Noreg.

Toppmøtet i Praha kom med ei fråsegn som slo fast Alliansen si haldning til Irak-konflikten. Tryggingsrådet sin resolusjon 1441 fekk full støtte, og Irak vart oppfordra til umiddelbart og fullt ut å rette seg etter vedtaket. Av omsyn til Tyrkia si utsette stilling vart det i februar 2003 vedteke visse defensive tiltak og støtte til sivil beredskap. Både usemja i samband med dette spørsmålet og den vidare handsaminga av Tryggingsrådet sin resolusjon 1441 har fått følgjer for samarbeidsklimaet i Alliansen.

Toppmøtet i Praha vedtok ytterlegare tilpassing og styrking av samarbeidet med dei 27 partnarlanda i Det euroatlantiske partnarskapsrådet (EAPC) og i Partnarskap for fred (PFP). Det vart mellom anna vedteke ein eigen handlingsplan om kampen mot internasjonal terrorisme. NATO-Ukraina-kommisjonen (NUC) vedtok under toppmøtet i Praha eit handlingsprogram som legg til rette for intensivert dialog og samarbeid. Den politiske dialogen med Ukraina vart diverre svekka etter at skuldingane om eksport av forsvarsmateriell til Makedonia og Irak vart kjend. Middelhavsdialogen, som omfattar NATO sitt samarbeid med Algerie, Egypt, Israel, Jordan, Marokko, Mauritania og Tunisia, vart utdjupa i året som gjekk.

Som eit viktig tiltak i møtet med dei nye utfordringane vart det under toppmøtet likeins fatta vedtak om nye og betre militære kapasitetar. Prahatilsegna om kapasitetar inneber styrking av den militære evna til forsvar mot kjemiske, biologiske, radiologiske og kjernefysiske våpen, forbetringar innan kommando, kommunikasjon, informasjon og operativt samarbeid, i tillegg til rask utplassering og effektivitet og uthald i kamp. Fleirnasjonalt samarbeid vil stå i fokus. Som eit ledd i dette arbeidet har Noreg forplikta seg til å gjere sine militære styrkar meir fleksible, flyttbare og uthaldande, samstundes som evna til å verke saman med styrkar frå andre land må verte betre.

Toppmøtet vedtok òg opprettinga av ein eigen reaksjonsstyrke, den såkalla NATO Response Force. Denne skal kunne rykkje ut på kort varsel etter vedtak i NATO sitt råd. Styrken skal vere fleksibel, uthaldande og teknologisk avansert, og skal raskt kunne setjast inn der det måtte vere påkravd. Auka evne til reaksjon betyr òg auka relevans. Noreg har slutta aktivt opp om denne prosessen.

Den tryggingspolitiske utviklinga har gjort det naudsynt å vidareutvikle forsvarssamarbeidet i NATO. Sentralt her står deltaking i fredsoperasjonar og utvida samarbeid med aktørar utanfor Alliansen. Det vil i tida framover vere viktig med god samordning mellom norske forsvarsplanar og planar hos nærståande allierte i NATO.

NATO sin innsats for fred og stabilitet på Balkan heldt fram i 2002. Ei betring i tryggingssituasjonen tillét i 2002 ein reduksjon av KFOR-styrken i Kosovo og av SFOR-styrken i Bosnia-Hercegovina. Noreg har peika på at vidare reduksjonar må finne stad i takt med ei betring av tryggleiken i området, og ikkje tvingast fram før situasjonen tilseier det. Noreg har valt å konsentrere innsatsen sin om Kosovo. Den norske kontingenten i KFOR er med eit personell på om lag 800 blant dei største sett i forhold til folketal og militære ressursar.

Dei militære operasjonane på Balkan og i Afghanistan har understreka behovet for ei betre byrdefordeling mellom USA og dei europeiske allierte. Det er i eit slikt perspektiv ein må sjå ønsket om eit europeisk tryggings- og forsvarspolitisk samarbeid. Under EU-toppmøtet København i desember 2002 tok NATO og EU eit langt steg framover i dette arbeidet. EU vil no få tilgang til NATO-ressursar ved militære EU-operasjonar.

Samarbeidet mellom NATO og EU, og mellom EU og allierte ikkje-EU-land, er med dette inne i ein ny fase. Noreg sine interesser i tilhøvet til EU blir mellom anna varetekne gjennom samarbeidet mellom NATO og EU. I tillegg opnar eigne deltakarordningar for ytterlegare kontakt og samarbeid mellom EU og dei europeiske, allierte ikkje-EU-landa. For Noreg og dei andre landa i denne kategorien blir det ei særskild utfordring å gjere innhaldet i desse ordningane meir konkret. Her må vi sjølve vere aktive overfor EU.

Som følgje av gjennombrotet i samarbeidet mellom dei to organisasjonane, overtek EU i 2003 ansvaret for operasjonen i Makedonia frå NATO. Gjennombrotet opnar òg for ei EU-overtaking av operasjonen i Bosnia-Hercegovina, truleg i første halvdel av 2004.

Til forsida