St.meld. nr. 26 (2004-2005)

Kredittmeldinga 2004

Til innhaldsliste

1 Innleiing

1.1 Oversikt over meldinga

Finansdepartementet legg med dette fram Kredittmeldinga 2004.

I kapittel 2 blir det gitt generell informasjon om finansinstitusjonane og om utviklinga i finansmarknaden. I kapitlet omtalar ein vidare den finansielle stabiliteten. Kapittel 3 handlar om hovudtrekka i regelverksutviklinga og dei viktigaste enkeltsakene som departementet og Kredittilsynet behandla på finansmarknadsområdet i 2004. Kapittel 4 omtalar verksemda til Noregs Bank i 2004, og inneheld mellom anna ei vurdering av utøvinga av pengepolitikken. Omtalen av verksemda til Noregs Bank er pålagd ved lov, jamfør sentralbanklova § 30. Kapittel 5 inneheld ein omtale av verksemda til Kredittilsynet i 2004. Omtalane i kapittel 4 og 5 byggjer i stor grad på årsmeldingane frå institusjonane. Kapittel 6 tek opp verksemda til Folketrygdfondet i 2004. Kapittel 7 omtalar verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF). Årsmeldingane frå Noregs Bank, Kredittilsynet og Folketrygdfondet for 2004 følgjer som utrykte vedlegg til meldinga.

Til forsida