St.meld. nr. 26 (2005-2006)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Dei nordiske samfunna og dei nordiske landa opplever at omgjevnadene deira er i kontinuerleg endring. Dette stiller stadig nye krav til tilpassing og proaktiv reform i det nordiske samarbeidet. Difor har Nordisk Ministerråd i det året som har gått, vore prega av forandring og reform på heilt sentrale og overordna område. Føremålet er å fokusere og tydeleggjere det nordiske regjeringssamarbeidet for å gjere det endå meir relevant og effektivt. På denne måten blir det heile tida arbeidd for å auke den nordiske nytten slik at landa opplever at dei er godt tente med det nordiske samarbeidet.

Tematisk legg det nordiske samarbeidet særleg vekt på mellom anna innsats for å sikre dei nordiske landa auka konkurranseevne, både når det gjeld utdanning, forsking, innovasjon, grensehindringar og utvikling av det nordiske velferdssamfunnet. Vidare blir kultursamarbeidet prioritert for å styrkje den nordiske identiteten og ei berekraftig utvikling og eit berekraftig miljø. Det same gjeld samarbeidet med naboland og naboregionar.

Omlegginga frå 18 til 11 ministerråd er gjennomført på ein positiv måte. Prosessen innebar at ministerråd anten vart slegne saman eller omgjorde til uformelt samarbeid. Det er naturleg at det framleis vil ta noko tid før alle dei organisatoriske ordningane er på plass og alle ministerråda og det uformelle samarbeidet finn si nye form. I tida framover skal det òg vurderast korleis ministerråda skal prioritere innanfor sin sektor. Utdannings- og forskingssamarbeidet er langt på veg ferdig med denne omstillinga, og kulturområdet gjennomfører under den norske formannskapen i år ei svært djuptpløyande sektorreform. Det er grunn til å forvente at den samla effekten av desse prosessane blir eit styrkt nordisk samarbeid.

Av dei tidlegare formelle ministerråda var det forbrukarområdet som disponerte det største budsjettet. For å vidareføre aktivitetar har forbrukar­samarbeidet teke imot midlar frå budsjettet til ministerrådet òg etter at dei gjekk over til eit uformelt samarbeid.

Det uteståande hovudområdet i den samla strukturelle reformprosessen i Nordisk Ministerråd gjeld budsjettet. Ministerrådet har si eiga budsjettekspertgruppe som er sett saman av representantar frå finansdepartementa i landa. Dei har under den norske formannskapen fått mandat til å sjå nærare på budsjettoppstilling og budsjettlayout, prisjustering, likviditet, prosjektadministrasjon (inkl. treårs-disposisjonsregelen) og budsjettet som eit politisk styringsverktøy. Ambisjonen er at arbeidet skal leie fram til eventuelle endringar allereie i ministerrådsbudsjettet for 2008.

Men det er allereie gjort tiltak for å medverke til at budsjettet blir meir fleksibelt og eigna til omprioriteringar. Den viktigaste tilpassinga i så måte i budsjettet for 2006 var at det vart etablert ei såkalla omprioriteringspulje underlagd samarbeidsministrane. Denne budsjettposten vart finansiert ved ein proratareduksjon på 2 % i ministerrådsbudsjetta og var totalt på 16,3 mill. DKK. Desse midlane vart undervegs i budsjettprosessen fordelte til område som var særleg prioriterte, mellom anna etter at fagministerråda vart bedne om å søkje midlar frå budsjettposten. I fordelinga av midlane fekk NordForsk 10 mill. DKK, Nordisk Atlantsamarbeid (NORA) 1,5 mill. DKK og det språkpolitiske samarbeidet 1 mill. DKK. Mindre beløp vart disponerte til auka innsats i den sivile kriseberedskapen og i telemedisin. Det er forventa at ei liknande ordning med ein omfordelingspost vil bli ein del av Ministerrådet sitt budsjett for 2007. I dei politiske budsjettilvisingane for Ministerrådet sitt budsjett for 2007 blir særleg kultur, forsking og innovasjon, samarbeidet med Nordvest-Russland og Arktis framheva som prioriterte område. Tilvisingane er drøfta med Nordisk Råd.

Arbeidet med grensehindringar held fram under den norske formannskapen. Den særskilde representanten for samarbeidsministrane, den tidlegare danske statsministeren Poul Schlüter, avslutta oppdraget sitt 1. januar 2006. Modellen med ein eigen representant for heile Ministerrådet synest å ha nådd mettingspunktet, og formannskapen har søkt ei ny arbeidsform som kan syte for den politiske og administrative dynamikken som er naudsynt i det nordiske samarbeidet om grensehindringar. Regjeringa og samarbeidsministrane er komne fram til at det no vil vere føremålstenleg å etablere eigne ordningar i nokre utvalde ministerråd. Dette vil gjere det mogeleg å trengje djupare inn i dei einskilde fagområda og på denne måten finne spesifikke løysingar på konkrete grensehindringar. Ordninga kan eksempelvis omfatte ein eller fleire personar med den naudsynte politiske og faglege tyngda. Det er opp til fagministerråda sjølve å utarbeide detaljane på grunnlag av eit overordna mandat frå samarbeidsministrane. Dei mest relevante områda for auka innsats synest å vere næringslivet, sosial- og helseområdet, finans- og skatteområdet og utdanningsområdet.

Det siste året har i stor grad vore prega av førebuingane til og gjennomføringa av den norske formannskapen i Nordisk Ministerråd og det nordiske regjeringssamarbeidet i 2006. Formannskapsprogrammet vart utarbeidd på grunnlag av ein nær dialog med dei berørte partane, og vart presentert på sesjonen i Nordisk Råd i Reykjavik 25. oktober 2005. Dei tre hovudsakene i formannskapsprogrammet er dei europeiske nordområda, den nordiske velferdsmodellen og kunnskap, fornying og verdiskaping.

Nabosamarbeidet i Ministerrådet endra seg vesentleg i perioden. I samarbeidet i Vest-Norden er det ei aukande fokusering på Nordisk Atlantsamarbeid (NORA) og kva denne institusjonen kan tilføre av ytterlegare tyngd i området. I Arktis tok eit nytt samarbeidsprogram til å gjelde 1. januar 2006, samtidig med det nye Russlandsprogrammet til Ministerrådet. Russlandsprogrammet utgjer ei operasjonalisering av Ministerrådet sine retningslinjer for samarbeidet med Nordvest-Russland. Samarbeidsministrane godkjende i juni 2006 eit program for kunnskaps- og nettverksbygging med Nordvest-Russland på ca. 30 mill. DKK som kvart år vil gje minst 500 russarar høve til å opphalde seg kortare eller lengre tid i dei nordiske landa gjennom utvekslingsordningar. Programmet skal tre i kraft 1. januar 2007. På denne måten aukar innsatsen i Nordvest-Russland og blir monaleg meir fokusert og målretta. I tillegg vil det faktum at Ministerrådet har opna eit kontor i Kaliningrad, innebere ei ytterlegare forsterking av samarbeidet med Nordvest-Russland.

Nordisk Ministerråd har dessutan engasjert seg i eit samarbeid som gjeld Kviterussland ved å stå som ansvarleg for eit prosjekt i EU-kommisjonen med støtte til European Humanities University i Vilnius som tilbyr utdanning til kviterussiske eksilstudentar. Ministerrådet deltek òg i prosjektet med eigne midlar, forresten saman med ei rekkje bilaterale gjevarar – òg nordiske land. Prosjektet kan både bli eit nyttig fellesnordisk tilskot til demokratiseringa i Kviterussland og stimulere til eit samarbeid med EU på fleire område av gjensidig interesse.

Arbeidet med å vidareutvikle dialogen og det konkrete samarbeidet med dei andre nordlege regionale råda (Barentsrådet, Arktisk råd, Austersjørådet) held fram jamt og trutt. Norden er ei viktig drivkraft i det regionale samarbeidet i nordområda. I perioden har det særleg vore ei positiv utvikling i samarbeidet med Barentsrådet, der det no, òg i samarbeid med Barentssekretariatet, er i ferd med å bli utvikla konkrete fellesprosjekt.

Den reviderte strategien for ei berekraftig utvikling har teke til å gjelde, og i juni 2006 vart òg dei reviderte indikatorane fullførte og oversende til EU. Neste leddet i det arbeidet samarbeidsministrane kontinuerleg gjer med sikte på ei berekraftig utvikling, blir å sjå nærare på røynslene med å følgje opp og gjennomføre strategien med tanke på eventuelle justeringar av verkemidla. I den samanhengen er det viktig å ta omsyn til trongen for å samkøyre dette med dei nasjonale strategiane for ei berekraftig utvikling.

På oppdrag frå statsministrane har samarbeidsministrane bede generalsekretæren i Nordisk Ministerråd om å kartleggje dei sjølvstyrte områda si deltaking i det nordiske samarbeidet. Rapporten frå generalsekretæren vart lagd fram i mai 2005, og omhandlar juridiske og praktiske spørsmål som er avgjerande for i kor stor grad dei sjølvstyrte områda kan delta. Rapporten vil i første omgang bli handsama i landa og deretter diskutert av samarbeidsministrane.

I stortingsmeldinga orienterer regjeringa i kapittel 2 og 3 om høvesvis den norske formannskapen i 2006 og det nordiske samarbeidet med Norden sine naboar, medrekna Austersjørådet, Barentsrådet og Arktisk råd. Kapittel 4 gjev eit oversyn over arbeidet for å byggje ned grensehindringar mellom dei nordiske landa. Kapittel 5 gjev eit oversyn over dei viktigaste tverrfaglege samarbeidsområda. I kapittel 6 blir det faglege samarbeidet i dei ulike ministerråda omtala, og kapitlet gjev eit oversyn over det formelle sektorsamarbeidet. Kapittel 7 orienterer om det nordiske samarbeidet utanfor Ministerrådet, dvs. det uformelle nordiske regjeringssamarbeidet.

Den norske delegasjonen til Nordisk Råd utarbeider ein eigen rapport som eit separat dokument.

Til forsida