Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 29 (2008-2009)

Entra Eiendom AS

Til innhaldsliste

1 Innleiing og samandrag

Ved behandlinga av dokument nr. 3:2 (2006–2007) frå Riksrevisjonen bad Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité om ei utgreiing for Entra Eiendom AS (Entra) som eiga sak til Stortinget. Vi viser til innst. S. nr. 124 (2006–2007), der komiteen skriv:

Komiteen understreker at selv om Stortinget har fått flere redegjørelser om Entra Eiendom AS, ber komiteen om en redegjørelse som egen sak til Stortinget. Det vil etter komiteens mening være naturlig, gitt utviklingen i Entra Eiendom AS og Riksrevisjonens rapport. I tillegg viser komiteen til at nærings- og handelsministeren i kontrollhøringen 17. januar 2007 syntes at det var naturlig å legge fram en egen sak om Entra Eiendom AS med utgangspunkt i den forhistorien saken har.

I tråd med det legg regjeringa i denne meldinga fram ei utgreiing om verksemda i Entra og utviklinga i selskapet.

Sidan Entra blei etablert i 2000, har Riksrevisjonen fleire gonger spurt om strategien og utviklinga til selskapet ligg innanfor rammene som blei trekte opp ved opprettinga. Det gjeld mellom anna prosentdelen private leigetakarar og selskapet sitt engasjement i nye utviklingsprosjekt. Dersom det er noko som er uklart om rammevilkåra til selskapet, er det uheldig og kan hemme ei god forretningsutvikling av selskapet. Meldinga gjer nærmare greie for korleis departementet vurderer dei framtidige rammene for selskapsverksemda, basert på erfaringane sidan selskapet blei danna sommaren 2000.

Då Entra blei oppretta, blei formålet med selskapet, og enkelte føringar for drifta, behandla i St.prp. nr. 84 (1998–1999), jf. innst. S. nr. 81 (1999–2000). Hovudformålet til selskapet skulle vere å dekkje statlege behov for lokale, men selskapet skulle òg kunne drive tilknytt eigedomsverksemd – også utleige av lokale til andre. Eit mål med å skilje Entra ut frå statsforvaltninga var å skape større fleksibilitet når det gjaldt å møte behovet statlege aktørar har for lokale. Gjennom å skilje ut statlege utleigebygg i eit eige selskap blei det etablert ein leverandør som hadde eit breitt tilbod av lokale basert på vanlege vilkår i ein konkurranseutsett marknad. Selskapet fekk dermed nødvendig fleksibilitet når det gjaldt å finansiere og gjennomføre prosjekt som skulle komme statlege brukarar til gode.

Eit vesentleg utgangspunkt for å vurdere Entras forretningsdrift er Stortingets føresetnader om at selskapet skal ha rammevilkår og skal stillast overfor tilsvarande avkastingskrav som private eigedomsbedrifter, jf. St.prp. nr. 84 (1998–1999) pkt. 7.1 og 7.5.4 følgjande:

Det legges til grunn at det nye selskapet gis forretningsmessige rammevilkår på linje med private aktører i bransjen.

Avkastningskrav til det nye selskapet bør være på samme nivå som for sammenlignbare eiendomsselskaper, både når det gjelder egenkapital og totalrentabilitet.

Selskapet har vist ei solid verdiutvikling sidan etableringa. I femårsperioden 2003–2007 hadde selskapet ei gjennomsnittleg årleg avkasting som var 1,1 prosentpoeng høgare enn ein norsk indeks for eigedomsselskap, utarbeidd av Investment Property Databank. Nøkkeltalanalysar viser at selskapet har redusert kostnadene målt per m2 , auka inntektene per m2 og redusert prosentdelen ledige lokale i porteføljen.

Kjerneverksemda til Entra og den viktigaste kompetansen deira ved etableringa var knytte til det å møte behovet statlege leigetakarar har for lokale, både i samband med utforming og drift. I kontorsektoren, som er det dominerande området til Entra, er det ingen prinsipielle forskjellar på utforming av og krav til effektiv arealbruk mellom statlege og andre offentlege kundar eller private kundar. Ved å arbeide mot ein kommersiell privat marknad òg har Entra kunna hente erfaringar frå effektiviseringsløysingar som òg har vore til nytte i leigemarknaden for offentlege brukarar. Meir omstilling i offentleg sektor, slik vi i dag ser det til dømes gjennom NAV-reforma, aukar behovet Entra har for å kunne handtere eigedommane sine på ein fleksibel måte i marknaden.

Nærings- og handelsdepartementet meiner at staten vil vere best tent med ei vidare utvikling av Entra der selskapet på eit kommersielt grunnlag konkurrerer om å møte behovet statlege og andre offentlege verksemder vil ha for å skaffe seg lokale i marknaden. Innanfor eit statleg eigarskap bør Entra kunne vidareutvikle seg med utgangspunkt i å utnytte kompetansen sin så lenge verksemda over tid støttar opp under hovudformålet om å dekkje statlege behov for lokale. Gjennom verksemda si dei siste åra har Entra auka arealet som blir leigd ut til staten og offentlege leigetakarar vesentleg, samtidig som selskapet har vist tilfredsstillande økonomiske resultat. Kunnskap om og erfaring med offentlege leigetakarar er framleis kjernekompetansen til Entra. Det å møte behovet for lokale frå offentlege leigetakarar vil vere ein sentral og attraktiv forretningsidé for selskapet, uavhengig av prosentdelen private leigetakarar.

Både teori og erfaring tilseier at Entra må ha tilgang til eigedommar og formålstenlege lokale for å kunne konkurrere effektivt om tilbod til statlege kundar. Ei rekkje statlege leigetakarar har arealbehov som dei dekkjer ved å leige delar av bygningar der andre delar blir leigde ut til offentlege verksemder og private. Departementet meiner derfor at Entra bør ha høve til å utvikle eigedommar utan at det på førehand er fylt opp med statlege leigetakarar. Entra bør såleis kunne vidareutvikle seg som eit selskap for utleige av lokale med vekt på kontor og undervisning, utan spesielle andre bindingar. Høvet til å tilpasse seg ein konkurranseutsett dynamisk marknad var ein hovudtanke ved etableringa av Entra, slik at selskapet skulle kunne møte statlege behov for lokale på ein fleksibel måte.

Til toppen
Til forsida av dokumentet