St.meld. nr. 3 (1998-99)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1998

Til innholdsfortegnelse

1 Hovudtrekk i finanspolitikken

1.1 Innleiing

Finansdepartementet legg med dette fram meldinga om statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1998.

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 1998 var 471,3 mrd kroner medan utgiftene var på 443,7 mrd kroner. Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemd var på 45,0 mrd kroner. Statsrekneskapen syner dermed eit oljekorrigert underskott på 17,5 mrd kroner. Det vart i samband med nysalderinga av 1998 budsjettet vedteke at 17,1 mrd kroner av petroleumsinntektene skulle inntektsførast på statsbudsjettet. Statsrekneskapen vert dermed gjort opp med eit underskott på 0,4 mrd kroner. Den attverande delen av petroleumsinntektene på 28,0 mrd kroner vart avsett i Statens petroleumsfond.

I denne meldinga vert det og gjort greie for inntektene og utgiftene til Statens petroleumsfond. Forutan overføringa frå statsrekneskapen viser rekneskapen for fondet 6,2 mrd kroner i renteinntekter og utbytte. Statens petroleumsfond viser dermed eit samla overskott på 34,2 mrd kroner for 1998. Ved utgangen av 1998 var kapitalen i fondet 164,6 mrd kroner.

Samla sett blir statsrekneskapen og Statens petroleumsfond gjort opp med eit overskot på 33,8 mrd kroner.

Denne meldinga omfattar statsrekneskapen medrekna folketrygda, rekneskapen for Svalbard, statsgarantiar, tilsegns- og tingingsfullmakter, oppgåve over aksjar og informasjon om rekneskapen for dei offentlege fonda.

I meldinga vert det gjort greie for løyvingane på statsbudsjettet og rekneskapsførde tal. Det blir òg lagt vekt på å forklare årsakane til avvik mellom budsjett og rekneskap. Avvik mellom hovudtala i budsjett og rekneskap blir nærare kommentert i avsnitt 1.4. I kapittel 2 blir det gitt ei oversikt over inntektene, medan utgiftene er omtala i kapittel 3. I kapittel 4 er det gitt nærare omtale av særskilde satsingsområde i 1998-budsjettet. I kapittel 5 er det gjort greie for utgiftene under folketrygda, medan finanspostar og kapitalrekneskapen er tema for kapittel 6. I kapittel 7 vert det gjort greie for rekneskapen til Statens petroleumsfond.

1.2 Budsjettpolitikken

Budsjettpolitikken vert brukt aktivt for å jamne ut svingingane i økonomien og til å styrkje sysselsettinga på lengre sikt. Budsjettutviklinga må samstundes vere forsvarleg i eit fleirårleg perspektiv.

Ein viser elles til at budsjettutviklinga gjennom 1998 er omtalt i St prp nr 65 (1997-98) Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet medregnet folketrygden 1998, Revidert nasjonalbudsjett 1998, Gul bok 1999, Nasjonalbudsjettet 1999 og St prp nr 30 (1998-99) Ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygden 1998.

Tabell 1.1 Inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar på statsbudsjettet og Statens petroleumsfond (tal i mill kroner)

  19971998Vekst i pst
1. Statsbudsjettet
 A Inntekter i alt440 189471 3287,1
 A.1 Inntekter frå petroleumsverksemd*69 82472 6494,1
 A.2 Inntekter utanom petroleumsinntekter370 365398 6787,6
 B Utgifter i alt373 449443 74118,8
 B.1 Utgifter til petroleumsverksemd*-16 98427 608-262,6
 B.2 Utgifter utanom petroleumsverksemd390 433416 1326,6
Statsbudsjettets oljekorrigerte overskot (A.2-B.2)-20 068-17 454-13,0
+ Overført frå Statens petroleumsfond22 78917 059-25,1
= Statsbudsjettets overskot før lånetransaksjonar2 721-395-114,5
2. Statens petroleumsfond
Statsbudsjettets netto kontantstraum frå petroleumsverksemda (A.1- B.1) blir overført til Statens petroleumsfond86 80845 041-48,1
-Overført til statsbudsjettet22 78917 059-25,1
+Renteinntekter og utbytte i fondet3 3436 18384,9
= Overskot i Statens petroleumsfond67 36234 164-49,3
3. Statsbudsjettet og Statens petroleumsfond samla
Overskot70 08333 769-51,8

* Endringa frå 1997 til 1998 skuldast ny føringsmåte i 1998 ved at driftsresultat er flytta frå

utgiftssida til inntektssida. Driftsresultatet var på 19,0 mrd kroner i 1998.

Tabell 1.2 Lånetransaksjoner og finansieringsbehov (tal i mill kroner)

  19971998Vekst i pst
Utlån, aksjeteikning m.v.49 32752 0225,5
- Tilbakebetalingar46 13143 119-6,5
- Statsbudsjettets overskot2 721-395-114,5
= Netto finansieringsbehov4769 2981 855,4
+ Avdrag på gjeld26 50046 01373,6
= Statsbudsjettets brutto finansieringsbehov26 97655 311105,0

Samanlikna med 1997 har inntekter utan lånetransaksjoner og inntekter frå petroleumsverksemd gått opp med 7,6 prosent. Utgifter utanom lån og petroleumsverksemd har auka med 6,6 prosent. Det oljekorrigerte underskotet er redusert med 2,6 mrd kroner frå 1997 til 1998. Samstundes har netto oljeinntekter gått ned med 41,8 mrd kroner. Statens petroleumsfond sine renteinntekter og utbytte auka med 2,3 mrd kroner. Statens petroleumsfond sitt overskot er dermed redusert med 33,2 mrd kroner og samla overskot i statsbudsjettet og Statens petroleumsfond er redusert med 36,3 mrd kroner.

Statsbudsjettets brutto finansieringsbehov auka vesentleg frå 1997 til 1998. Hovudårsaka er 19,5 mrd kroner i auka avdrag på uteståande gjeld. Auken skuldast førtidig tilbakekjøp av statsobligasjonar og førtidig innfriing i Folketrygdfondets langsiktige kontolån.

1.3 Nærare om utviklinga av budsjettet for 1998 gjennom budsjettåret

Tabell 1.3 gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene og overskotet på statsbudsjettet og statsrekneskapen og Statens petroleumsfond for 1998, medan tabell 1.4 viser utviklinga i statskassens finansieringsbehov.

Tabell 1.3 Inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar på statsbudsjettet og Statens petroleumsfond 1998 (tal i mill kroner)

  Vedteke budsjett (Blå bok)Nysaldert budsjettAnslag på rekneskap etter nysalderingRekneskap 1998
1. Statsbudsjettet
A Inntekter i alt498 990468 554468 554471 328
A.1 Inntekter frå petroleumsverksemd112 24073 02073 02072 649
A.2 Inntekter utanom petroleumsinntekter386 750395 534395 534398 678
B Utgifter i alt430 100438 787439 884443 741
B.1 Utgifter til petroleumsverksemd25 08927 28927 28927 608
B.2 Utgifter utanom petroleumsverksemd405 011411 498412 595416 132
Statsbudsjettets oljekorrigerte overskot (A.2-B.2)-18 260-15 964-17 061-17 454
+ Overført frå Statens petroleumsfond18 26017 05917 05917 059
= Statsbudsjettets overskot før lånetransaksjonar01 096-2-395
2. Statens petroleumsfond
Statsbudsjettets netto kontantstraum frå petroleumsverksemd (A.1-B.1) blir overført til Statens petroleumsfond87 15145 73145 73145 041
-Overført til statsbudsjettet18 26017 05917 05917 059
+Renteinntekter og utbytte i fondet5 0005 6005 6006 183
= Overskot i Statens petroleumsfond73 89134 27234 27234 164
3. Statsbudsjettet og Statens petroleumsfond samla
Overskot73 89135 36834 27133 769

Tabell 1.4 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov 1998 (tal i mill kroner)

  Vedteke budsjett (Blå bok)Nysaldert budsjettAnslag på rekneskap etter nysalderingRekneskap 1998
Utlån, aksjeteikning m.v.51 46854 77454 77452 022
- Tilbakebetalingar44 92745 67345 67343 119
- Statsbudsjettets overskot1 096-2-395
= Netto finansieringsbehov6 5418 0059 1039 298
+ Avdrag på gjeld19 55738 75438 75446 013
= Statsbudsjettets brutto finansieringsbehov26 09846 76047 85755 311

I 1998 har inntektsløyvingane utan lånetransaksjonar blitt redusert med 30,4 mrd kroner frå 499,0 mrd kroner i vedteke budsjett (Blå bok) til 468,6 mrd kroner i nysaldert budsjett. Utgiftsløyvingane utan lånetransaksjonar vart auka med 8,7 mrd kroner frå 430,1 mrd i vedteke budsjett til 438,8 mrd kroner i nysaldert budsjett. Denne endringa må m a sjåast i samanhang med at utgiftene til petroleumsverksemda auka med 2,2 mrd kroner. Det blir også vist til St prp nr 65 (1997-98) Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet 1998 kor det m a framgår at utgifter til kjøp av jernbanestrekninga Gardermoen-Eidsvold på 1,7 mrd kroner ikkje vert foreslått dekka inn.

Nysaldert budsjett viste eit oljekorrigert underskot på 16,0 mrd kroner, som er 2,3 mrd kroner lågare enn i vedteke budsjett. Oljeinntektene gjekk ned med 39,2 mrd kroner og oljeutgiftene auka med 2,2 mrd kroner, slik at netto inntekter frå oljeverksemda vart 41,4 mrd kroner lågare enn i vedteke budsjett. Samla sett innebar dette ei forverring i budsjettbalansen på 39,1 mrd kroner. I tillegg vart anslaget for renteinntekter i Statens petroleumsfond auka med 0,6 mrd kroner.

I vedteke budsjett for 1998 vart løyvingane til arbeidsmarknadstiltak redusert grunna høge overførte løyvingar frå 1997 til 1998 under desse utgiftskapitla. Den reduserte løyvinga skulle ikkje gitt lågare utgifter i statsrekneskapet for 1998, men reduserte overførte løyvingar frå 1998 til 1999. Både anslag på rekneskap ut frå vedteke budsjett (Blå bok) og ut frå nysaldert budsjett viste derfor 1,1 mrd kroner høgare oljekorrigert underskott enn dei vedtekne budsjetta. I løyvinga for overføring frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet ved ny salderinga av statsbudsjettet vart det teke omsyn til denne meirutgifta ved at overføringa frå fondet til statsbudsjettet vart auka med 1,1 mrd kroner utover det som var naudsynt for å dekke det budsjetterte oljekorrigerte underskotet.

Ei samla oversikt over løyvingsendringene gjennom 1998 er gjeve i St prp nr 30 (1998-99) Ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygda 1998.

1.4 Hovudtala i statsrekneskapen for 1998 samanlikna med nysaldert budsjett

I statsrekneskapen for 1998 er oljekorrigert underskot 0,4 mrd kroner høgare enn lagt til grunn ved nysalderinga. Tilbakeføringa frå Statens petroleumsfond til statskassa vart endeleg fastlagd i nysaldert budsjett for å dekkje det oljekorrigerte underskotet som då vart forutsatt. På denne bakgrunnen vert statsrekneskapen for 1998 gjort opp med eit underskot på 0,4 mrd kroner som utgjer avviket i det oljekorrigerte underskotet mellom anslag på rekneskap i nysalderinga og rekneskapen.

På inntektssida er skatte- og avgiftsinntektene auka med 0,7 mrd kroner. Netto renter og aksjeutbytte er redusert med 1,0 mrd kroner. Utgiftene utanom petroleumsutgifter og renteutgifter er auka med 1,9 mrd kroner. Ein har da tatt omsyn til at føringstekniske forhold i rekneskapen gjev meirutgifter sammenlikna med budsjettet. Dei auka utgiftene må sjåast på bakgrunn av 1,3 mrd kroner i lågare overførte løyvingar til 1999 i forhold til overførte løyvingar frå 1997 enn lagt til grunn ved nysalderinga av budsjettet. Dei øvrige meirutgiftene er i stor grad dekka av meirinntekter. Samla syner rekneskapen meirinntekter på 1,9 mrd kroner utanom petroleumsinntekter, skattar, renter og aksjeutbytte. Utgiftene aukar med 395 mill kroner meir enn inntektene, og budsjettbalansen er difor svekka tilsvarande.

Rekneskapen for 1998 syner eit lånebehov på 55,3 mrd kroner som er 7,1 mrd kroner høgare enn lagt til grunn ved ny saldering av 1998-budsjettet. Dette skuldast større avdrag på innanlandsk statsgjeld enn forutsatt ved nysalderinga av budsjettet.

1.4.1 Auka inntekter

Inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsinntekter viser samla meirinntekter på 3 144 mill kroner i forhold til nysaldert budsjett. Hovudkomponentane er (mill kroner):

Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg664
Renter og aksjeutbytte395
Avskrivingar og andre inntekter frå forretningsdrifta-471
Departementa sine inntekter2 556
Samla meirinntekt3 144

Inntektene under departementa vart 2 556 mill kroner høgare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett. Mellom anna vart inntektene under Jernbaneverket, statssjukehusa, Statsbygg, SND og politi- og lennsmannsetaten høgare enn budsjettert. Elles omfattar meirinntektene under departementa ei rekke gebyr, refusjonar, sals- og leigeinntekter, oppdragsinntekter m m.

Rekneskapen vil normalt gje ei del meirinntekt for departementa. Mellom anna gjeld dette refusjonar av utgifter til arbeidsmarknadstiltak, fødselspengar og lærlingar som ikkje er inkluderte i løyvingane i budsjettet. I tillegg vert det overført midlar frå dei enkelte fagdepartementa til fylkesmannsembeta. Nokre departement har også høve til å utføre oppdragsverksemd mot refusjon av utgiftene. Slike meirinntekter utgjer samla om lag 1,1 mrd kroner for 1998. Dei samla meirinntektene på 1,1 mrd kroner vert motsvara av tilsvarande meirutgifter og innebær dermed ikkje ein styrking av budsjettbalansen. Den resterande auken i inntekter er på 2,3 mrd kroner, inkl 0,7 mrd i auka skatte- og avgiftsinntekter.

1.4.2 Auka utgifter

Dei siste fem åra har overføring av unytta løyvingar (inkl lånetransaksjonar) vore (mill kroner):

  Overført løyvingAuke/Nedgang (-)
1992-9310 5222 351
1993-949 617-905
1994-959 089-528
1995-9611 7602 671
1996-9711 454-306
1997-989 810-1 643
1998-997 334-2 477

I nysaldert budsjett var det lagt til grunn at overførte løyvingar til neste budsjettår ville verte redusert frå 1997 til 1998. Hovudårsaka var ein forventa reduksjon på om lag 1,1 mrd kroner i overførte beløp til arbeidsmarknadstiltak. Rekneskapen syner at reduksjonen i overført beløp under arbeidsmarknadstiltak vart 1 228 mill kroner.

Nedgangen i overførte beløp når ein held lånetransaksjoner og statleg petroleumsverksemd utanom, var på 2 406 mill kroner.

Meirutgiftene i rekneskapen i forhold til nysaldert budsjett for 1998 er netto på 2 267 mill kroner når en held lånetransaksjoner og statleg petroleumsverksemd utanom. Fleire forhold har bidratt til det høgare utgiftsnivået.

Driftsutgiftene under politi- og lensmannsetaten vart 200,5 mill kroner høgare enn budsjettert, driftsutgiftene under Rikshospitalet vart 248,4 mill kroner høgare enn budsjettert og utgiftene til drift og vedlikehold under Jernbaneverket vart 436,5 mill kroner høgare enn i nysaldert budsjett. Desse meirutgiftene er i stor grad fulgt av auka inntekter av om lag same storleik. Investeringane under Statsbygg var 184,1 mill kroner høgare enn budsjettert, jf at også inntektene gjennom Statsbygg sine avsetningar til investeringsformål og sal av eiendommer er auka med 184,0 mill kroner.

Utgiftene til renter på innanlandsk statsgjeld er auka med 544,3 mill kroner i forhold til løyvinga i det nysalderte budsjettet.

Reduserte overførte løyvingar frå 1998 til 1999 i forhold til overførte løyvingar frå 1997 til 1998 gjev ein meirutgift i rekneskapen for 1998.

Departementa har og hatt stor auke i oppdragsinntekter som dei kan bruke og som derfor gjev meirforbruk under driftsutgiftene (jf. pkt. 1.3.1 ovanfor).

Føring av refusjonar for utgifter til arbeidsmarknadstiltak, fødselspengar og lærlingar gjev både høgare inntekter og utgifter i rekneskapa enn i budsjetta. Ikkje-budsjetterte overføringar frå departementa til fylkesmannsembeta bidrar også til å forklare auken.

Eit reelt mindreforbruk under enkelte kapittel bidreg isolert sett til lågare utgiftsnivå i 1998. Det gjeld mellom anna utgiftene til dagpengar som vart 137,4 mill kroner lågare enn budsjettert, lågare rentestønad under Statens lånekasse for utdanning med 96,6 mill kroner, lågare utgifter til driftstilskot til barnehagar med 93,1 mill kroner, lågare utgifter til tilskot til dekning av tap under frikommuneforsøk med 107,7 mill kroner, samt 186,5 mill lågare utgifter til tilskot til Statens Pensjonskasse.

1.4.3 Redusert finansieringsbehov

Rekneskapen for 1998 viser at utgiftene til utlån vart 2 753 mill kroner mindre enn rekna med ved nysalderinga. Mindreutgiftene til lånetransaksjonar er samansett slik (mill kroner):

Lån til Oslo Lufthavn AS-305,0
Bustalån til statstilsette-127,0
Statens lånekasse for utdanning101,4
Den norske stats husbank832,5
Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, SND-2 645,0
Statens miljøfond-250,0
SIVA-70,0
Garantiinstituttet for eksportkreditt-339,9
Andre utlån50,3
Samla reduksjon i utlåna-2 752,8

I 1998 vart inntektene frå tilbakebetalingar 2 555 mill kroner lågare enn budsjettert. Dette kjem av endra tilbakebetalingar frå (mill kroner):

Norsk Jetmotor-140,8
Statens lånekasse for utdanning570,3
Den norske stats husbank-62,2
Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, SND-2 879,4
SIVA-60,0
Andre låntakarar17,4
Samla reduksjon i tilbakebetalingane-2 554,7

Ved at netto utlån vart 198 mill kroner lågare enn budsjettert, og at statsbudsjettet synte eit underskot på 395 mill kroner, vart statsbudsjettet sitt netto finansieringsbehov 196 mill kroner høgare enn vurdert til ved nysalderinga av budsjettet.

Auka innbetaling av avdrag på innanlandsk statsgjeld med 7 259 mill kroner gjorde at brutto finansieringsbehovet auka med til saman 7 455 mill kroner i forhold til det nysalderte budsjettet.

1.5 Statens petroleumsfond

Det går fram av tabell 1.3 at oljeskattar og utgifter og inntekter av statleg petroleumsverksemd avvik slik frå nysaldert budsjett (mill kroner):

Oljeskattar og CO2-avgift-49,4
+Inntekter frå statleg petroleumsverksemd-321,3
-Utgifter til statleg petroleumsverksemd319,4
=Netto oljeinntekter i alt-690,2

Meirutgiftene under statleg petroleumsverksemd kjem i hovudsak av at investeringane vart høgare enn rekna med i budsjettet. Driftsresultatet i statleg petroleumsverksemd vart 1,1 mrd kroner lågare i forhold til nysalderinga av budsjettet. Dette har særleg sammenheng med at avskrivingane vart omlag 790,0 mill kroner høgare enn budsjettert. Årsaka til dette er ekstraordinære nedskrivingar på einskilde felt som følge av lågare oljepris. Avskrivingane vert førde som inntekt på statsbudsjettet slik at netto nedgang i petroleumsinntektene frå nysaldert budsjett vart på 0,3 mrd kroner.

Netto oljeinntekter er rekneskapsført med 690,2 mill kroner mindre enn forutsatt i nysaldert budsjett. Ved at netto kontantstraumen vert overført til Statens petroleumsfond er brutto overføring til fondet redusert med same beløp, til 45 041 mill kroner. Overføringa frå fondet til statskassen er slik det var budsjettert, noko som inneber at netto overføring til Statens petroleumsfond er 690,2 mill kroner lågare i rekneskapen enn i det nysalderte budsjettet.