St.meld. nr. 3 (1999-2000)

Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1999

Til innholdsfortegnelse

1 Hovudtrekk i finanspolitikken

1.1 Innleiing

Finansdepartementet legg med dette fram meldinga om statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1999.

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 1999 var 499,6 mrd. kroner medan utgiftene var på 467,0 mrd. kroner. Inntektene frå petroleumsverksemda var på 44,6 mrd. kroner. Statsrekneskapen viser dermed eit oljekorrigert underskot på 12,1 mrd. kroner. Det vart i samband med nysalderinga av 1999 budsjettet vedteke at 18,5 mrd. kroner av petroleumsinntektene skulle inntektsførast på statsbudsjettet. Statsrekneskapen vart dermed gjort opp med eit overskot på 6,4 mrd. kroner. Den attverande delen av petroleumsinntektene på 26,1 mrd. kroner vert avsett i Statens petroleumsfond.

I denne meldinga vert det óg gjort greie for inntektene og utgiftene til Statens petroleumsfond. Forutan overføringa frå statsrekneskapen viser rekneskapen for fondet 7,3 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte. Statens petroleumsfond viser dermed eit samla overskot på 33,4 mrd. kroner for 1999. Ved utgangen av 1999 var kapitalen i fondet 220,9 mrd. kroner.

Samla sett vert statsrekneskapen og Statens petroleumsfond gjort opp med eit overskot på 39,9 mrd. kroner.

Denne meldinga omfattar statsrekneskapen medrekna folketrygda, rekneskapen for Svalbard, statsgarantiar, tilsegns- og tingingsfullmakter, oppgåve over aksjar og informasjon om rekneskapa for dei offentlege fonda.

I meldinga vert det gjort greie for løyvingane på statsbudsjettet og rekneskapsførde tal. Det vert òg lagt vekt på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap, jf. avsnitt 1.4. I kapittel 2 er det gitt ei oversikt over inntektene og utgiftene. I kapittel 3 er det gitt nærare omtale av ein del utvalde område i 1999-budsjettet. I kapittel 4 er det gjort greie for utgiftene under folketrygda, medan finanspostar og kapitalrekneskapen er tema for kapittel 5. I kapittel 6 er det gjort greie for rekneskapen til Statens petroleumsfond.

1.2 Budsjettpolitikken

Budsjettpolitikken vert brukt aktivt for å jamne ut svingingane i økonomien og til å styrkje sysselsettinga på lengre sikt. Budsjettutviklinga må samstundes vere forsvarleg i eit fleirårleg perspektiv.

Ein viser elles til at budsjettutviklinga gjennom 1999 er omtalt i St.prp. nr. 67 (1998-99) Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet medregnet folketrygden 1999, Revidert nasjonalbudsjett 1999, Gul bok 2000, Nasjonalbudsjettet 2000 og St.prp. nr. 30 (1999-2000) Ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygden 1999.

Tabell 1.1 Inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar på statsbudsjettet og Statens petroleumsfond (Tal i mill. kroner)

  19981999Pst. Vekst
1. Statsbudsjettet
 A Inntekter i alt471 328499 5706,0
 A.1 Inntekter frå petroleumsverksemd72 64975 5894,0
 A.2 Inntekter utan petroleumsinntekter398 678423 9816,3
 B Utgifter i alt443 741467 0095,2
 B.1 Utgifter til petroleumsverksemd27 60830 96212,1  
B.2 Utgifter utan petroleumsverksemd416 132436 0474,8
Statsbudsjettets oljekorrigerte overskot (A.2-B.2)-17 454-12 066-30,9
+ Overført frå Statens petroleumsfond17 05918 4948,4
= Statsbudsjettets overskot før lånetransaksjonar-3956 428-
2. Statens petroleumsfond
Statsbudsjettets netto kontantstraum frå petroleumsverksemda (A.1-B.1 vert overført til Statens petroleumsfond)45 04144 627-0,9
- Overført til statsbudsjettet17 05918 4948,4
+ Renteinntekter og utbyte i fondet6 1837 29618,0
= Overskot i Statens petroleumsfond34 16433 429-2,2
3. Statsbudsjettet og Statens petroleumsfond samla
Overskot33 76939 85718,0

Tabell 1.2 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov (Tal i mill. kroner)

  19981999Pst. Vekst
Utlån, aksjeteikning m.v.52 02267 16229,1
- Tilbakebetalingar43 11954 84827,2
- Statsbudsjettets overskot-3956 428-
= Netto finansieringsbehov9 2985 886-36,7
+ Gjeldsavdrag46 01323 821-48,2
= Statsbudsjettets brutto finansieringsbehov55 31129 707-46,3

Samanlikna med 1998 har inntekter utanom lånetransaksjonar og inntekter frå petroleumsverksemda gått opp med 6,3 pst. Utgifter utanom lån og petroleumsverksemda har auka med 4,8 pst. Det oljekorrigerte underskotet er redusert med 5,4 mrd. kroner frå 1998 til 1999. Samstundes har netto oljeinntekter gått ned med 0,4 mrd. kroner. Statens petroleumsfond sine renteinntekter og utbyte auka med 1,1 mrd. kroner. Statens petroleumsfond sitt overskot er dermed redusert med 0,7 mrd. kroner og samla overskot i statsbudsjettet og Statens petroleumsfond er auka med 6,1 mrd. kroner.

1.3 Nærare om utviklinga av budsjettet for 1999 gjennom budsjettåret

Tabell 1.3 gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene, overskotet på statsbudsjettet og statsrekneskapen og Statens petroleumsfond for 1999, medan tabell 1.4 viser utviklinga i statskassa sitt finansieringsbehov.

Tabell 1.3 Inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar på statsbudsjettet og Statens petroleumsfond 1999 (Tal i mill. kroner)

  Saldert budsjett (Blå bok)Nysaldert budsjettAnslag på rekneskap etter nysalderingRekneskap 1999
1. Statsbudsjettet
 A Inntekter i alt506 164491 413491 413499 570
 A.1 Inntekter frå petroleumsverksemd81 65974 68074 68075 589
 A.2 Inntekter utan petroleumsinntekter424 505416 733416 733423 981
 B Utgifter i alt455 506464 047465 347467 009
 B.1 Utgifter til petroleumsverksemd25 51730 12030 12030 962
 B.2 Utgifter utan petroleumsverksemd429 989433 927435 227436 047
Statsbudsjettets oljekorrigerte overskot (A.2-B.2)-5 483-17 194-18 494-12 066
+ Overført frå Statens petroleumsfond5 48318 49418 49418 494
= Statsbudsjettets overskot før lånetransaksjonar01 30006 428
2. Statens petroleumsfond
Statsbudsjettets netto kontantstraum frå petroleumsverksemd56 14244 56044 56044 627
 (A.1-B.1) vert overført til Statenspetroleumsfond - Overført til statsbudsjettet5 48318 49418 49418 494
+ Renteinntekter og utbyte i fondet6 0766 8006 8007 296
= Overskot i Statens petroleumsfond56 73532 86632 86633 429
3. Statsbudsjettet og Statens petroleumsfond samla
Overskot56 73534 16632 86639 857

Tabell 1.4 Lånetransaksjonar og finansieringbehov 1999 (Tal i mill. kroner)

  Saldert budsjett (Blå bok)Nysaldert budsjettAnslag på rekneskap etter nysalderingRekneskap 1999
Utlån, aksjeteikning m.v.56 75565 66065 66067 162
- Tilbakebetalingar49 77053 67553 67554 848
- Statsbudsjettets overskot01 30006 428
= Netto finansieringsbehov7 00510 68511 9855 886
+ Gjeldsavdrag41 51022 93822 93823 821
= Statsbudsjettets brutto finansieringsbehov48 51533 62334 92329 707

I 1999 har inntektsløyvingane utanom lånetransaksjonar vorte redusert med 14,8 mrd. kroner frå 506,2 mrd. kroner i saldert budsjett (Blå bok) til 491,4 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Utgiftsløyvingane utan lånetransaksjonar vart auka med 8,5 mrd. kroner frå 455,5 mrd. i saldert budsjett til 464,0 mrd. kroner ved nysaldering av budsjettet. Utgifter til petroleumsverksemda auka med 4,6 mrd. kroner. Når ein held lånetransaksjonar og petroleumsverksemda utanom, auka utgiftene med 3,9 mrd. kroner.

Auken i løyvingane utanom inntektsoppgjera vart på 8,3 mrd. kroner når ein held anslag på renter og dagpengar utanom. Auken i løyvingane gjeld meirutgifter i samband med forsvaret sine internasjonale operasjonar på 1,7 mrd. kroner, medan løyvingane til busetting av flyktningar, drift av statlege mottak o.a. auka med 1,2 mrd. kroner. Under kap.195 Fred, forsoning og demokrati auka løyvingane med 0,8 mrd. kroner. Det at flyttinga til nytt Rikshospital vart utsatt, har medført auka løyvingar på om lag 1,0 mrd. kroner, medan auka aktivitet ved sjukehusa har medført auka løyvingar på 0,9 mrd. kroner. Ein del av auken i utgiftene må sjåast i samband med tilsvarande auka inntekter.

Det vart ved salderinga av budsjettet avsett 5,3 mrd. kroner under kap. 2309 Tilfeldige utgifter (Ymse posten). Av dette vart 3,3 mrd. kroner nytta til lønnsoppgjera. Dei resterande 2,0 mrd. kronene dekkjer bare delar av auken i løyvingane på 8,3 mrd. kroner.

Reduserte anslag på renteutgifter på om lag 2,5 mrd. kroner har isolert sett medført lågare løyvingar. Anslaget på utgiftene til dagpengar medførte auka løyvingar på 0,1 mrd. kroner.

Nysaldert budsjett viste eit oljekorrigert underskot som er 11,7 mrd. kroner høgare enn i det opprinnelege salderte budsjettet. Oljeinntektene gjekk ned med 7,0 mrd. kroner og oljeutgiftene auka med 4,6 mrd. kroner, slik at netto inntekter frå oljeverksemda vart 11,6 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett. Anslaget for renteinntekter og utbyte i Statens petroleumsfond vart auka med 0,7 mrd. kroner. Samla sett innebar dette ei forverring i budsjettbalansen på 22,6 mrd. kroner.

I saldert budsjett for 1999 vart løyvingane til arbeidsmarknadstiltak og butiltak redusert grunna høge overførte løyvingar frå 1998 til 1999 under desse utgiftskapitla. Dei reduserte løyvingane gav ikkje lågare utgifter i statsrekneskapen for 1999, men reduserte overførte løyvingar frå 1999 til 2000. Dette vert det teke omsyn til i anslag på rekneskap ved framlegget av budsjettet. Både anslag på rekneskap ut frå saldert budsjett (Blå bok) og ut frå nysaldert budsjett viste difor 1,3 mrd. kroner høgare oljekorrigert underskot enn saldert og nysaldert budsjett. I løyvinga for overføring frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet ved nysalderinga av statsbudsjettet vart det teke omsyn til denne meirutgifta ved at overføringa frå fondet til statsbudsjettet vart auka med 1,3 mrd. kroner utover det som var naudsynt for å dekkje det budsjetterte oljekorrigerte underskotet.

Ei samla oversikt over løyvingsendringane gjennom 1999 er gjeve i St.prp. nr. 30 (1999-2000) Ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygden 1999.

1.4 Hovudtala i statsrekneskapen for 1999 samanlikna med anslag på rekneskap ved nysalderinga av budsjettet

I statsrekneskapen for 1999 er oljekorrigert underskot 6,4 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn ved nysalderinga. Tilbakeføringa frå Statens petroleumsfond til statskassa vart endeleg fastlagt i nysaldert budsjett for å dekkje det oljekorrigerte underskotet som då vart forutsett. På denne bakgrunnen vert statsrekneskapen for 1999 gjort opp med eit overskot på 6,4 mrd. kroner som utgjer avviket i det oljekorrigerte underskotet mellom anslag på rekneskap i nysalderinga og rekneskapen.

På inntektssida er skatte- og avgiftsinntektene auka med 3,7 mrd. kroner. Netto renter og aksjeutbyte er auka med 0,7 mrd. kroner. I tillegg viser rekneskapen meirinntekter på 1,6 mrd. kroner utanom petroleumsinntekter, skattar, renter og aksjeutbyte. Ein har då tatt omsyn til at føringstekniske forhold i rekneskapen gjev meirinntekter på 1,3 mrd. kroner samanlikna med budsjettet. Desse meirinntektene tilsvarar auka utgifter.

Utgiftene utanom petroleumsutgifter og renteutgifter vert redusera med 0,4 mrd. kroner. Dei auka utgiftene må sjåast på bakgrunn av 1,0 mrd. kroner høgare overførte løyvingar til 2000 i høve til overførte løyvingar frå 1998.

Rekneskapen for 1999 viser eit lånebehov på 29,7 mrd. kroner som er 5,2 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn ved nysaldering av 1999-budsjettet.

1.4.1 Auka inntekter

Inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsinntekter viser samla meirinntekter på 7 248 mill. kroner i høve til nysaldert budsjett.

Tabell 1.5 Samla meirinntekter (Tal i mill. kroner)

Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg3 695
Renter og aksjeutbyte656
Avskrivingar og andre inntekter frå forretningsdrifta298
Departementa sine inntekter2 600
Samla meirinntekt7 248

Inntektene under departementa vart 2 600 mill. kroner høgare enn budsjettert i nysaldert budsjett. Rekneskapen vil normalt gje ei meirinntekt for departementa. Mellom anna gjeld dette refusjonar av utgifter til arbeidsmarknadstiltak, fødselspengar og lærlingar som ikkje er inkluderte i løyvingane i budsjettet. I tillegg vert det overført midlar frå dei enkelte fagdepartementa til fylkesmannsembeta. Nokre departement har også høve til å utføre oppdragsverksemd mot refusjon av utgiftene. Slike meirinntekter utgjer samla om lag 1,3 mrd. kroner for 1999. Dei samla meirinntektene på 1,3 mrd. kroner svarar til tilsvarande meirutgifter og inneber dermed ikkje ei styrking av budsjettbalansen.

Den resterande auken i inntekter er på 6,0 mrd. kroner, inkl. 3,7 mrd. i auka skatte- og avgiftsinntekter. Mellom anna vart inntektene under Jernbaneverket, SND og politi- og lennsmannsetaten høgare enn budsjettert. Elles omfattar meirinntektene under departementa ei rekkje gebyr, refusjonar, sals- og leigeinntekter, oppdragsinntekter m.m.

1.4.2 Auka utgifter

Meirutgiftene i rekneskapen i høve til nysaldert budsjett for 1999 er netto på 820 mill. kroner når ein held lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd utanom. Fleire omsyn bidreg imidlertid til høgare utgifter enn budsjettert. Departementa har ein auke i oppdragsinntekter som gjev tilsvarande meirforbruk under driftsutgiftene (jf. pkt. 1.4.1 ovanfor). Føring av refusjonar for utgifter til arbeidsmarknadstiltak og fødselspengar i statleg verksemd gjev både høgare inntekter og utgifter i rekneskapen enn i budsjettet. Ikkje-budsjetterte overføringar frå departementa til fylkesmannsembeta bidreg også til ein auke av både inntekter og utgifter i statsbudsjettet.

Når ein ser bort frå slike rekneskapstekniske forhold, viser rekneskapen 0,4 mrd. kroner lågare utgifter enn lagt til grunn ved nysaldert budsjett.

Dei lågare utgiftene kan tilskrivast høgare overførte løyvingar til 2000. På grunn av endra budsjettering av butiltak og arbeidsmarknadstiltak var det forventa at overførte løyvingar til 2000 skulle verte redusert med 1,3 mrd. kroner til 6,0 mrd. kroner. Rekneskapen viser imidlertid auka overførte løyvingar på andre område. Nedgangen i overført beløp når ein held lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd utanom, var samla sett på berre 282 mill. kroner.

Dei siste fem åra har overføring av unytta løyvingar (inkl. lånetransaksjonar) vore slik (mill. kroner):

  Overført løyvingAuke/Nedgang (-)
1995-199611 7602 671
1996-199711 454-306
1997-19989 810-1 643
1998-19997 334-2 477
1999-20007 050-284

Rekneskapen viser ei reell meirutgift på 0,6 mrd. kroner når ein tek omsyn til høgare overførte løyvingar frå 1999 til 2000. Driftsutgiftene under politi- og lennsmannsetaten, utgiftene til kontantstøtte og utgiftene til drift og vedlikehald under Jernbaneverket vart 173,8 mill. kroner, 169,5 mill. kroner og 404,0 mill. kroner høgare enn i nysaldert budsjett.

Eit reelt mindreforbruk under enkelte kapittel bidreg isolert sett til lågare utgiftsnivå i 1999. Det gjeld mellom anna utgiftene til drifttilskot til barnehagar som vart 253,9 mill. kroner lågare enn budsjettert og lågare utgifter på 262,5 mill. kroner til tilskot til Statens Pensjonskasse.

1.4.3 Redusert finansieringsbehov

Rekneskapen for 1999 viser at utgiftene til utlån vart 1 502 mill. kroner meir enn rekna med ved nysalderinga. Meirutgiftene til lånetransaksjonar er samansett slik (mill. kroner):

Bustadlån til statstilsette554,5
Statens lånekasse for utdanning394,3
Den norske stats husbank676,8
Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, SND-30,1
Statens miljøfond-195,9
Garantiinstituttet for eksportkreditt223,9
Andre utlån-120,9
Samla auke i utlåna1 502,5

I 1999 vart inntektene frå tilbakebetalingar 1 173 mill. kroner høgare enn budsjettert. Dette kjem av endra tilbakebetalingar frå (mill. kroner):

Statens Landbruksbank37,3
Den norske stats husbank821,0
Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, SND149,5
Andre låntakarar165,2
Samla reduksjon i tilbakebetalingane1 173,0

Ved at netto utlån vart 329 mill. kroner høgare enn budsjettert og at statsbudsjettet viste eit overskot på 6 428 mill. kroner, vart statsbudsjettet sitt netto finansieringsbehov 6 099 mill. kroner mindre enn vurdert til ved nysalderinga av budsjettet.

Auka innbetaling av avdrag på statsgjeld med 883 mill. kroner gjorde at brutto finansieringsbehov vart redusert med til saman 5 216 mill. kroner i høve til anslag på rekneskapen i det nysalderte budsjettet.

1.5 Statens petroleumsfond

Oljeskattar og utgifter og inntekter av statleg petroleumsverksemd avvik slik frå nysaldert budsjett (mill. kroner):

Oljeskattar og CO2-avgift-374
+ Inntekter frå statleg petroleumsverksemd1 283
- Utgifter til statleg petroleumsverksemd842
=Netto oljeinntekter i alt67

Netto driftsinntekter frå statleg petroleumsverksemd vart 1,3 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett ved at driftsinntektene i statleg petroleumsverksemd vart 1,8 mrd. kroner høgare medan driftsutgiftene samt leite- og feltutviklingsutgifter vart 0,5 mrd. kroner høgare. Meirutgiftene under statleg petroleumsverksemd kjem i hovudsak av at investeringane vart høgare enn rekna med i budsjettet.

Netto oljeinntekter er rekneskapsført med 67 mill. kroner meir enn rekna med i nysaldert budsjett. Ved at netto kontantstraum vart overført til Statens petroleumsfond er brutto overføring til fondet auka med same beløp, til 44 627 mill. kroner. Overføringa frå fondet til statskassa er slik det var budsjettert, noko som inneber at netto overføring til Statens petroleumsfond er 67 mill. kroner høgare i rekneskapen enn i det nysalderte budsjettet.

Til forsiden