St.meld. nr. 34 (2003-2004)

Om samarbeidet i NATO i 2003

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Det tryggingspolitiske biletet i 2003 var framfor alt prega av vidtgåande usemje over Atlanterhavet og innanfor NATO i samband med handsaminga av Irak-krisa. Det var i første rekkje i Tryggingsrådet i FN at Irak-spørsmålet vart drøfta. Tryggingsrådet var dermed også hovudarena for den transatlantiske spliden vi var vitne til. Mens amerikanarar og britar gjekk inn for ein ny FN-resolusjon som gav eit klart mandat til bruk av makt i Irak, gjekk særleg Frankrike og Tyskland, med støtte frå fleire av dei valde medlemmene av Tryggingsrådet, sterkt imot. Eit sentralt spørsmål var om våpeninspektørane FN hadde sendt til landet, skulle få meir tid til å avdekkje det ein meinte at Irak hadde av program for masseøydeleggingsvåpen. På norsk side var haldninga klar. Ein støtta konsekvent FN sin strategi for ei avvæpning av Irak og gjekk inn for at FN-inspektørane skulle få halde fram med arbeidet sitt. Ein meinte at det ikke lå føre tilstrekkeleg folkerettsleg grunnlag for å gå til ein militær aksjon mot Irak. Eit nytt vedtak om dette i Tryggingsrådet ville være naudsynt.

Dei norske militære bidraga til stabiliseringa av Irak har heile tida vore i samsvar med tryggingsrådsresolusjon 1483 av 22. mai 2003. Bidraga er av ein slik karakter at dei folkerettsleg ikkje medfører at Noreg får status som okkupasjonsmakt. Premissane for dei norske bidraga er òg komne klart til uttrykk i avtaleverket som ligg til grunn for deltakinga i britisk og polsk ansvarsområde.

Spliden i Irak-spørsmålet skapte stor forbitring både på europeisk og amerikansk side. Usemja fekk òg mykje å seie for arbeidet i NATO, noko som blant anna kom til syne under drøftingane av allierte defensive tiltak til støtte for Tyrkia. Dette spørsmålet sette samhaldet mellom dei allierte og sjølve tiltrua til NATO på ein alvorleg prøve. Med norske auge var striden om Tyrkia alvorleg nettopp fordi enkelte av medlemslanda ikkje fann å vilje støtte opp om ein alliert som bad om hjelp.

Motsetningane mellom dei allierte som kom til syne under Irak-konflikten, dreia seg til sjuande og sist om ulike oppfatningar av korleis internasjonale tryggingspolitiske spørsmål bør handterast. Det er ikkje noko nytt at det er ulikt syn mellom USA og enkelte av dei europeiske landa når det gjeld haldninga til internasjonalt samarbeid, til bruk av enkeltståande koalisjonar av villige og til aleinegang eller bruk av multilaterale fora, til grad av tolmod i internasjonale forhandlingar og til rollene til FN, Tryggingsrådet og NATO. Eit stadig veksande gap i evne og vilje til å utvikle militære kapasitetar som kan setjast inn i kriseområde, er heller ikkje noka ny transatlantisk bekymring. Desse underliggjande problemområda er då heller ikkje borte no, sjølv om Irak-spørsmålet er komme over i eit anna leie. Dette er ikkje noko nytt, men alvorlegare no på grunn av ein annan internasjonal strategisk situasjon.

Det transatlantiske ordskiftet er likevel klart betra i løpet av dei siste månadene. Ikkje minst har samarbeidet i NATO utvikla seg positivt, noko som blei understreka under utanriks- og forsvarsministermøta i desember. Det som vil vere viktig i tida framover, og som vi frå norsk side legg stor vekt på, er å overvinna forskjellane i syn mellom USA og dei ulike europeiske landa gjennom dialog. Truleg må ein framleis leve med ulike strategiske vurderingar innan Alliansen, men utnytte betre dei eksisterande mekanismar, særleg dialog og konsultasjon, som gjer at vi unngår ei tilspissing lik den vi så i 2003. Erfaring gjennom tiår har vist at dei allierte godt kan einast om kraftfull samhandling sjølv om dei prinsipielle utgangspunkta er ulike. Og ein samla og godt koordinert innsats frå det internasjonale samfunnet er i dag meir naudsynt enn nokon gong for å møte truslane vi står overfor.

Ein samla innsats og tett internasjonalt samarbeid er heilt nødvendig for å løyse dei oppgåvene vi står overfor i Afghanistan, i Bosnia-Hercegovina, i Kosovo og i Irak. Størstedelen av vår deltaking i internasjonale operasjonar i 2004 vil vere knytt til Afghanistan, Kosovo og Irak. I Afghanistan vil vi bidra til den NATO-leidde internasjonale stabiliseringsstyrken i landet, ISAF, og til dei regionale stabiliseringslaga som blir etablerte ettersom ISAF vert utvida. I Kosovo er vi framleis med i KFOR. I Irak deltek vi med eit ingeniørkompani fram til 1. juli i år. Eventuell militær deltaking utover dette vil ein måtte komme tilbake til, vurdert opp mot utviklinga i landet, kva slags rolle FN får og ei eventuell utvida rolle for NATO.

Eit godt og nært forhold mellom EU og NATO er viktig for å bevare eit aktivt amerikansk engasjement i Europa med NATO som det sentrale tryggingspolitiske forumet. Difor er det positivt at EU no tek eit større ansvar for krisehandtering i Europa. Også frå norsk hald ser ein det som naturleg at EU no tek over etter den militære NATO-operasjonen i Bosnia. Det som er viktig, både for oss og for fleire andre allierte, er at samarbeidet mellom EU og NATO byggjer på eit ope partnarskap. Dette ligg til grunn for det rammeverket for krisehandtering som EU og NATO vart samde om i mars, og som inneber at NATO kan støtte opp om krisehandteringsoperasjonar utførte av EU. Eit ope samarbeid og høve til deltaking for allierte utanfor EU er viktig for Noreg, både i planlegginga og gjennomføringa av ein operasjon.

Når Alliansen 29.mars vart utvida med sju nye medlemmer, og EU i mai vert utvida med ti nye medlemmer, tek ein eit langt skritt vidare mot eit heilt og fritt Europa. Noreg var det første landet som ratifiserte tiltredingsprotokollane med parlamentsbehandling. Frå norsk side har ein ytt støtte til førebuingsarbeidet i dei inviterte landa. Mange av dei har framleis eit stykke igjen når det gjeld reformer og modernisering, ikkje minst på forsvarspolitisk og militær side. Det vil vere viktig både for landa sjølve og for Alliansen at dei nye medlemslanda følgjer opp dei forpliktingar dei har teke på seg, og at dei arbeider vidare med reformer også etter at dei blir medlemmer av Alliansen.

Samarbeidet i NATO-Russland-rådet (NRC) har utvikla seg i positiv retning. Det er framleis eit stykke igjen til rådet fyller dei forventningane ein hadde på alliert side då det vart oppretta i 2002. Men det synest som om Russland støttar meir aktivt opp om samarbeidet enn før. Ei rekkje konkrete prosjekt er sette ut i livet for å samordne tilnærminga til felles tryggingspolitiske utfordringar. På det militære området har ein retta arbeidet inn mot å styrkje evna til militært samvirke. Men NRC står framleis overfor store utfordringar - særleg på den politiske sida. Som følgje av utvidinga av Alliansen vil partnarsamarbeidet måtte leggjast ytterlegare om. Dei gjenverande partnarlanda vil bli færre og meir ulike innbyrdes. Dette skaper behov for ytterlegare tilpassing av partnarsamarbeidet til det enkelte land. Alliansen er også i ferd med å leggje større vekt på kampen mot internasjonal terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen i samarbeidet med partnarane. Det vil bli fokusert sterkare på landa i Sentral-Asia og Kaukasus. Frå norsk side har ein samstundes teke til orde for styrkt samarbeid med dei vesteuropeiske partnarlanda, med Sverige og Finland i spissen. Desse landa har mykje å bidra med både i forhold til andre partnarland og i forhold til krisehandteringsoperasjonane i Alliansen.

NATO har i løpet av 2003 gjennomgått store endringar, både når det gjeld si eiga militære organisering, nye operasjonar og samarbeidet med andre organisasjonar. Bakgrunnen er ei rad nye utfordringar i samband med internasjonal terrorisme, spreiing av masseøydeleggingsvåpen og område prega av politisk oppløysing. Den nye kommandostrukturen er enklare og betre tilpassa dagens oppgåver. Reaksjonsstyrken NATO Response Force (NRF) er under etablering. Denne er allereie førebels operativ, og vil vere fullt operativ i 2006. Arbeidet med styrkte militære forsvarsevner held fram i tråd med vedtaka frå Praha-toppmøtet i 2002. Samla sett er ein på denne måten i ferd med å gjere Alliansen godt i stand til å handtere dei oppgåvene vi står overfor, anten det er i Europa, i Afghanistan eller andre stader.

Til forsida