St.meld. nr. 34 (2004-2005)

Om Noregs deltaking i den 59. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 58. generalforsamling

Til innhaldsliste

1 Samandrag

1.1 Allment

Dei sameinte nasjonane si 59. ordinære generalforsamling vart på mange måtar eit mellomår. På den eine sida vart Høgnivåpanelet (HLP) sin rapport og førebuingane til toppmøtet i 2005 tonegjevande for diskusjonen i plenum og i komiteane. På den andre sida vart det klart at røynslene FN har gjort i Irak, og situasjonen i landet generelt, framleis pregar organisasjonen. Det skal likevel understrekast at det har vore ei rekkje viktige utviklingstrekk i dette mellomåret.

Frå norsk side er det grunn til å vere nøgd med at prosessen fram mot toppmøtet i 2005 er komen godt i gang gjennom vedtakinga av resolusjonen om rammene for sjølve toppmøtet. Etter oppmoding frå presidenten for den 59. generalforsamlinga hjelpte Noreg og Nicaragua til med framforhandlinga av resolusjonen.

Debatten om rolla og arbeidsoppgåvene til Tryggingsrådet har spissa seg til i år. Generaldebatten var eit nesten unisont uttrykk for at samansetjinga må spegle dei geografiske realitetane i dag på ein betre måte.

På utviklingssida vart opninga av generalforsamlinga i år prega av ei rekkje høgprofilerte arrangement. Størst blest fekk toppmøtet om svolt og fattigdom, som vart arrangert av presidenten i Brasil, Lula da Silva, saman med presidentane i Frankrike og Chile og statsministeren i Spania. Eit anna møte som trekte mange statsleiarar, var presidentane i Finland og Tanzania sitt møte om den sosiale dimensjonen ved globalisering (den såkalla Somavia-rapporten). Dei to møta sette begge fokus på trongen for nye politiske grep på globalt plan for å møte utfordringane ved globaliseringa. Begge arrangementa vart møtte med skepsis frå USA, som gjennom heile generalforsamlinga framheva den avgjerande rolla til den private sektoren, mellom anna ved å vise til den såkalla Martin/Zedillo-rapporten «Unleashing Entrepreneurship».

Den britiske utanriksministeren kalla inn til eige møte om statsminister Blair sin Afrika-kommisjon. Like fullt var det ikkje mange store saker frå utviklingssida på dagsordenen på sjølve generalforsamlinga. Det er ei klart avventande haldning framfor 2005, når status skal gjerast opp med omsyn til å nå tusenårsmåla. Eit unnatak i denne samanhengen representerte vedtaket av ein resolusjon om FNs operasjonelle utviklingsaktivitetar (TCPR).

For FNs generalsekretær har det vore eit vanskeleg år, med skuldingar og undersøkingar om korrupsjon i samband med Olje-for-mat-programmet som eit absolutt botnpunkt. Saka slit svært sterkt på leiinga i FN, særleg i tilhøvet til USA, sjølv om ei rekkje statsleiarar, mellom andre statsminister Bondevik, kom med støtte til Annan. Bombeaksjonen mot FNs hovudkvarter i Bagdad i august 2003 pregar framleis verksemda i organisasjonen. Det har vore svært vanskeleg å få medlemslanda til å stille til rådvelde dei naudsynte finansielle midla til tryggingstiltak.

1.2 Generaldebatten

Sjølv om generaldebatten i år i stor grad vart dominert av spørsmålet om reform av Tryggingsrådet, var debatten mykje breiare enn i 2002 og 2003, då Irak overskygde dei fleste andre tema. Utviklings- og miljøspørsmål fekk meir fokus og tyngd i denne debatten enn tidlegare. Likestillingsspørsmål var om mogeleg endå mindre på dagsordenen i denne generaldebatten enn i dei to føregåande.

Generaldebatten gav klart til kjenne det synet at samansetjinga av Tryggingsrådet må spegle dei geografiske realitetane i dag på ein betre måte. Japan og Tyskland held begge ein høg profil på kandidatura sine til Rådet. Når det gjeld arbeidsoppgåvene til Tryggingsrådet, har den viktigaste debatten vore om det kollektive ansvaret for vern av sivile. Usemja mellom dei vestlege landa og den alliansefrie rørsla (NAM) går på «humanitær intervensjon» kontra «ikkje-innblanding», der landa i nord støttar det kollektive ansvaret for å verne sivilfolket mot overgrep, medan store land i sør framhevar ikkje-innblanding. Situasjonen i Darfur medverka til å klargjere landa sine posisjonar, men viste òg kor vanskeleg det er å einast om konkrete tiltak.

Tusenårsmåla vart nemnde av eit overveldande fleirtal av talarane. Det er knytt store forventingar til gjennomgangen i haust. Sjølv om enkelte utviklingsland uttrykte stor skepsis til om det ville vere mogeleg å nå måla innan 2015, og la hovudansvaret på manglande finansiering frå dei rike landa, var ikkje dette ei eintydig haldning. Fleire rike land annonserte at dei aukar hjelpa, mellom andre USA og EU.

Terrorisme har vorte eit hovudtema i FN. I motsetning til tidlegare år var dette eit tema som vart teke opp av dei aller fleste landa.

Gjennombrotet i Doha gjorde at haldninga til handelsspørsmål var meir optimistisk i år enn i tidlegare år. Gjeld vart framleis oppfatta som eit alvorleg problem.

Utanriksminister Jan Petersen heldt det norske innlegget i generaldebatten. Innlegget fokuserte på den sentrale rolla FN har når det gjeld å møte dei globale utfordringane. Hovudtema elles var terrornedkjemping med fokus på årsakene til terrorisme, Midtausten-konflikten, Darfur og situasjonen i Sudan, økonomisk vekst og trongen for auka innsats på miljøområdet.

1.3 Komitéarbeidet

Igjen stod reformarbeidet sentralt i 1. komité. I 2. komité var det, med unnatak av gjennomgangen av FNs utviklingsaktivitetar, få store saker på utviklingssida. Haldninga var generelt avventande som følgje av at status skal gjerast opp med omsyn til tusenårsmåla i 2005. I 3. komité var debatten politisert og polarisert i år òg. Det er først og fremst familiepolitiske saker og motstanden mot landresolusjonar som medverka til dette. I 4. komité var det situasjonen i Midtausten som fekk mest merksemd. Debatten og resolusjonsforhandlingane vart prega av Israels bygging av tryggingsgjerdet og Arafats bortgang. I 5. komité vart budsjettforhandlingane vanskeleggjorde av auka aktivitet og meir fokus på tryggleiken for FN-personell. I 6. komité vart debatten prega av spørsmålet om kloning. I tillegg vart det vedteke ein konvensjon om juridisk immunitet for statar og eigedomen deira. Det er framleis tautrekking om korleis FN skal stille seg til Den internasjonale straffedomstolen.

1.4 Nokre viktige saker

Humanitære spørsmål

Den påtrengjande trongen for å styrkje tryggleiken for humanitært hjelpepersonell og framlegget frå Generalsekretæren om å oppgradere FNs tryggingsapparat og finansieringa av dette, prega den humanitære debatten. Generalsekretæren karakteriserte framlegget sitt som kanskje det viktigaste framlegget han nokon gong hadde presentert. Noreg støtta aktivt opp om framlegget frå Generalsekretæren.

Respekten for dei grunnleggjande prinsippa om at humanitær innsats skal vere uavhengig, upartisk og nøytral reiser særlege utfordringar for FNs integrerte operasjonar. Det er brei støtte for ytterlegare satsing på å betre samordninga av den humanitære hjelpa i krise- og konfliktområde.

Skiljelinene frå debatten om finansieringa av utgiftene til betre tryggingstiltak prega den humanitære debatten òg. Positivt var det likevel at ein kunne ane ei vagt forbetra innstilling til å handsame temaet «vern av sivile», medan medlemsmassen enno ikkje synest mogen for å handsame omgrepet kjønnsbasert vald.

FN-reform

Den såkalla treårsgjennomgangen (TCPR) av FNs utviklingsaktivitetar var ei av dei viktigaste sakene i år. Noreg hadde, saman med dei andre landa i Utstein-gruppa, gjennomført eit omfattande arbeid i framkant av TCPR. Ein rapport med framlegg om reform av FNs arbeid på landnivå vart overlevert Generalsekretæren i juni 2004. Utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson vart òg invitert av Generalsekretæren til å halde eit foredrag om dette under FNs eksekutivråd (heile FNs toppleiing) sitt halvårlege møte i slutten av oktober. Noreg sin hovudbodskap under TCPR-forhandlingane var at FN må verte i stand til å svare på den trongen og dei planane som utviklingslanda har, på ein heilskapleg måte. Forhandlingane om TCPR-resolusjonen vart svært omfattande, men ein lukkast med å kome fram til eit resultat som gjev reformprosessen om eit heilskapleg FN på landnivå eit mellomstatleg godkjenningsstempel.

Reformspørsmål prega òg debatten i 1. komité. Noreg spela ei aktiv rolle, mellom anna ved å arrangere eit seminar i New York om reform av 1. komité dagen før arbeidet i komiteen byrja. Statssekretær Kim Traavik opna seminaret. I fokus for reformdiskusjonen i komiteen stod effektivisering av arbeidet i komiteen. Ein lukkast med å kome fram til ei resolusjonstekst om reform som kunne vedtakast med konsensus.

Rapporten frå Høgnivåpanelet for trugsmål, utfordringar og endring (HLP) vart framlagd i byrjinga av desember. Debatten på generalforsamlinga i haust hadde sterk karakter av forpostfektingar med tanke på rapporten. Dette gjeld særleg i høve til spørsmålet om utviding av Tryggingsrådet. Det er brei semje om at samansetjinga i dag ikkje speglar geografiske realitetar på ein tilfredsstillande måte. Men frontane står steilt mot kvarandre i spørsmålet om kva modell som skal leggjast til grunn for utviding. I begge dei to modellane for utviding som er presenterte i HLP-rapporten, kjem små europeiske statar vesentleg dårlegare ut enn det dei gjer med den noverande ordninga. Frå norsk side vart det arbeidd for at andre viktige tema òg skulle få tilstrekkeleg merksemd, mellom anna styrking av FNs arbeid med førebygging.

Toppmøtet i 2005

Noreg vart, saman med Nicaragua, gjeve oppdraget med å leggje til rette arbeidet med ein resolusjon om organiseringa av toppmøtet i 2005. I resolusjonen, som vart vedteken med konsensus, vert det slått fast at toppmøtet skal finne stad 14.–16. september 2005 i New York, med deltaking på statsleiarnivå. Det vil vere ein omfattande prosess utover våren å kome fram til agenda og substans for toppmøtet. Sentralt i denne samanhengen står Generalsekretærens rapport til møtet, basert mellom anna på rapporten frå Høgnivåpanelet og rapporten frå FNs tusenårsprosjekt («Sachs-rapporten»), om status for oppnåing av tusenårsmåla. Noreg er bede om å vidareføre rolla si som tilretteleggjar for dei organisatoriske spørsmåla i samband med toppmøtet.

Terrorisme

Terrorisme har vorte eit hovudtema i FN i den meininga at både store og små, fattige og rike land tok opp problemet på allment grunnlag. Ein kan seie at ideen om 11. september som ein merkedato for verdssamfunnet no har sokke inn hjå alle og terrortrugsmålet er no breitt akseptert som ei stor kollektiv utfordring. Russland understreka i eit svært kjensleladd innlegg at kampen mot terrorisme no vil verte president Putins viktigaste prioritet i internasjonalt arbeid. Temaet vart nemnd i mange samanhengar, til dømes når det gjaldt utviklingshjelp, menneskerettar, Midtausten-konflikten, sivilisasjonsdialog osb. Diskusjonen heldt likevel fram om underliggjande årsaker, vern om menneskerettar og utviklingstiltak kontra tryggingstiltak for å nedkjempe terrorisme. Noreg la i innlegget sitt vekt på at FN må spele ei sentral rolle i den globale kampen mot terrorisme, at terrornedkjempinga må gå føre seg i tråd med folkeretten og med respekt for menneskerettane, og at demokrati og politisk modernisering er dei viktigaste byggjesteinane når det gjeld å fjerne årsakene til terrorisme.

Havrett

Under havrettsdebatten vart spørsmålet om botntråling det viktigaste. Noreg gjekk i spissen for å regulere denne typen aktivitet ved oppretting av regionale regime. Etter vanskelege forhandlingar vart resultatet ei oppmoding til medlemene om å vurdere eit mellombels forbod mot skadelege fiskeripraksisar som botntråling.

1.5 Samarbeidet med andre land og grupper

Noreg legg stor vekt på samarbeidet med andre land og grupper som EU. Det nordiske samarbeidet vert stadig mindre omfattande på grunn av samordninga i EU. Frå norsk side vert det samarbeidd godt med EU, som er ein sentral aktør i generalforsamlingssamanheng. Relativt ofte er det naturleg for Noreg å stå tilslutta EUs innlegg. I tillegg deltek Noreg aktivt i JUSCANZ (vestgruppa utanom EU).

EU har utvikla seg til eit tyngdepunkt i Generalforsamlinga. EU kontrollerer i realiteten 40–50 røyster når medlemslanda opptrer samla, og har dermed betydeleg forhandlingstyngd i mange saker.

Til forsida