Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 35 (2007-2008)

Mål og meining— Ein heilskapleg norsk språkpolitikk

Til innhaldsliste

10 Det mangespråklege Noreg

10.1 Innleiing

10.1.1 Nemningsbruk

10.1.1.1 Mangespråkleg og fleirspråkleg

Ordet mangespråkleg i overskrifta på dette kapitlet reflekterer ein uttrykksmåte som er komen inn i norsk språk via det språkpolitiske grunnlagsarbeidet som er gjennomført som ledd i det nordiske språksamarbeidet dei siste åra.

Såleis heiter det i den norske versjonen av den nordiske språkdeklarasjonen at landa i Norden blir stadig meir mangespråklege, og at mange nordbuar i dag er fleirspråklege, først og fremst dei som har eit anna morsmål enn majoritetsspråket i landet.

Adjektivet mangespråkleg gjeld altså samfunnet, medan fleirspråkleg gjeld individet, og dei er begge ei direkte omsetjing av dei tilsvarande uttrykka mångspråkig og flerspråkig frå den svenske originalversjonen. Den store svenske språkutgreiinga frå 2002 har då også eit eige kapittel om «Det mångspråkiga Sverige».

I norsk samanheng har nok fleirspråkleg vore nytta både om individet og samfunnet. Når vi i denne meldinga har innført eit skilje mellom fleirspråkleg og mangespråkleg, er det fordi dette representerer ein meir presis språkbruk.

Ikkje minst er det behov for å operera med to ulike uttrykk når ein skal omtala dei to tilstandane som eigne omgrep i substantivisk form, såleis mangespråklegheit (om samfunnet) og fleirspråklegheit (om individet).

10.1.1.2 Språkleg og kulturelt mangfald

Når det er samfunnet vi skal karakterisera, kan vi på norsk også bruka uttrykket språkleg mangfald eller språkmangfald. Det første av desse uttrykka står som ein parallell til nemninga på det vidare omgrepet kulturelt mangfald. Men ei rimeleg tolking av uttrykket språkleg mangfald er at det kan omfatta både variasjonar innanfor norsk språk og mellom norsk og andre språk.

Tilsvarande kan kulturelt mangfald omfatta variasjonar både innanfor norsk kultur og mellom den norske kulturen og andre kulturar. For å skilja mellom desse alternativa har Ottar Grepstad innført omgrepet fleirkulturelt mangfald om den sistenemnde variasjonen. 1 Tilsvarande skulle ein då kunna bruka uttrykket fleirspråkleg mangfald når ein ikkje vil inkludera det norskspråklege mangfaldet.

10.1.1.3 Mangespråklegheit i eit fleirkulturelt ­samfunn

I denne meldinga vil vi likevel halda fast ved mangespråkleg og mangespråklegheit når det er samfunnet og ikkje individet vi har i tankane. Det er truleg ikkje på same måte eit behov for å skilja mellom fleir- og mange- når det gjeld kulturelt mangfald generelt. I den samanhengen er det difor mindre problematisk å halda fast ved det innarbeidde omgrepet om eit fleirkulturelt samfunn.

Med uttrykket det mangespråklege Noreg vil vi i denne meldinga streka under at ein ny norsk språkpolitikk må ta omsyn til at det her i landet blir brukt mange andre språk enn norsk. Det som først og fremst skaper den store språklege variasjonen, og som også er med på å gjera mangespråkleg til eit meir presist uttrykk enn fleirspråkleg, er alle dei nyare innvandrarspråka som har kome til som eit markert innslag i det norske samfunnet dei siste tiåra.

10.1.1.4 Kategoriar av språk i det mangespråklege

Framstillinga i dette kapitlet konsentrerer seg om dei språka som har eit meir tradisjonelt fotfeste i landet her, og som også har ein meir formalisert status i det norske samfunnet. For det første gjeld dette samisk, dinest dei tre språka til nasjonale minoritetar, dessutan det norske teiknspråket.

Uttrykket det mangespråklege Noreg vil i prinsippet også omfatta den situasjonen at mange nordmenn i ulike samanhengar bruker særleg engelsk og til dels andre språk som framandspråk. Dette blir ikkje nærare behandla i denne meldinga. Vi viser her i staden til den eigne meldinga frå Kunnskapsdepartementet om språkstimulering og språk­opplæring.

Meldinga frå Kunnskapsdepartementet be­hand­lar også spørsmål som reiser seg når det gjeld språkstimulering og språkopplæring for barn og vaksne med minoritetsspråkleg bakgrunn. Uttrykket minoritetsspråkleg er nytta om alle med eit anna morsmål enn norsk og samisk. Det vil seia at meldinga frå Kunnskapsdepartementet omhandlar sentrale spørsmål som gjeld språksituasjonen også for nordmenn med bakgrunn i dei nyare innvandrarspråka. Det er såleis nemnt at om lag 150 ulike språk er representerte blant førskulebarn og skule­elevar i Noreg.

Utover det deskriptive oversynet over det norske språklandskapet som er gjeve i kap. 4, blir det i meldinga her ikkje gått nærare inn på spørsmål som gjeld nyare innvandrarspråk. Unntaket er drøftinga i kap. 3.5.3 om å gje Språkrådet eit ansvar også for andre språk enn norsk. Spørsmålet om nyare innvandrarspråk vil også koma opp i samband med oppfølginga av framlegget i kap. 3.4.2 om å utarbeida ei allmenn språklov.

I tillegg må her nemnast det som står i den nordiske språkdeklarasjonen om at det i Norden finst nesten 200 morsmål utanom dei språka som frå gammalt av høyrer heime i Norden. I deklarasjonen heiter det at det er ønskjeleg at det finst fagmiljø i Norden som har ekspertise, eller som kan visa til europeisk ekspertise innanfor dei fleste av desse språka.

Departementet vil følgja opp denne tilrådinga ved å gje Språkrådet i oppdrag å byggja opp eit oversyn over nordiske eller europeiske fagmiljø som kan gje nordmenn med minoritetsspråkleg bakgrunn informasjon om språket deira.

10.1.2 Urfolksspråk og språka til nasjonale minoritetar

10.1.2.1 Meir utsette språk

I eit språkvern- og språkstyrkingsperspektiv har naturleg nok urfolksspråk og minoritetsspråk i utgangspunktet ei mykje meir utsett stilling enn dei statsberande nasjonalspråka.

Medan det for nasjonalspråka i Norden er tale om å utforma ein politikk for å motverka domenetap, er språkdød på ein heilt annan måte ein reell fare for andre språk med langvarig fotfeste i Norden.

10.1.2.2 Folkerettslege plikter

Ein nasjonal språkpolitikk for framtida må difor ha som mål ikkje berre å styrkja nasjonalspråket, men også å verna og fremja dei andre språka som høyrer til det tradisjonelle språkmangfaldet i dei nordiske landa, og som statane difor har teke på seg eit særleg ansvar for i medhald av internasjonale konvensjonar.

Som vist i kap. 3 er dette i Noreg urfolksspråket samisk og dei tre språka knytte til nasjonale minoritetar, kvensk, romani og romanes.

10.1.2.3 Nasjonalt og internasjonalt ansvar

Det er slett ikkje berre omsynet til dei språklege minoritetane sjølve og kulturen deira som tilseier eit statleg ansvar for å verna og styrkja desse språka. Dette er også ein del av eit generelt kulturpolitisk ansvar for å sikra språkmangfaldet i verda, og det er ikkje minst også eit ledd i å sikra ein viktig del av den språklege kulturarven i vårt eige land.

I tillegg kjem at urfolksspråket samisk står i ei særstilling som eit offisielt likeverdig og likestilt språk ved sida av norsk innanfor forvaltningsområdet for samisk språk, slik dette er nærare definert gjennom språkreglane i samelova, og ved at det overordna statlege ansvaret for samisk språk, kultur og samfunnsliv er forankra direkte i Grunnlova.

10.1.2.4 Individuelle språkrettar

Den nordiske språkdeklarasjonen frå 2006 slår fast at alle nordbuar har rett til å bevara og utvikla morsmålet sitt og sitt «nasjonale minoritetsspråk».

Deklarasjonen nemner dessutan at det er viktig at også teiknspråka får ei sterk stilling.

Etter denne deklarasjonen er det rett nok ikkje tale om juridisk bindande rettar, men eit slikt dokument som er underskrive av alle dei nordiske regjeringane, må likevel kjennast som sterkt politisk forpliktande.

Når deklarasjonen også nemner morsmålet til alle nordbuar, omfattar dette også alle dei språka som har fått fotfeste i dei nordiske landa gjennom innvandringa dei siste tiåra.

Det må her strekast under at det som er omtalt i deklarasjonen, ikkje omfattar ein rett til morsmålsundervisning som utløyser ei tilsvarande plikt for det offentlege. Uttrykka som er brukte i deklarasjonen, er såleis «bevara» og «utvikla» og omfattar altså ingen opplæringsrett. Dei juridiske rettane som gjeld i så måte, er her i landet regulerte i opplæringslova, jf. omtale i kap. 4.1.6, dessutan i språkopplæringsmeldinga frå Kunnskaps­departementet. 2

Likevel er det eit viktig prinsipp som er slått fast i den nordiske språkdeklarasjonen. Det byggjer på ei erkjenning av den spesielle verdien morsmålet har for den enkelte, og at alle individ og grupper uansett bakgrunn og tilhaldsstad må ha rett til av eige tiltak å verna og dyrka dette morsmålet utan på nokon måte å bli aktivt hindra i det.

Noreg har alltid vore eit mangespråkleg samfunn. I enkelte område har det vore vanleg at folk er fleirspråklege. Trass i dette har Noreg tradisjonelt av mange vore oppfatta som mykje av eit språk­leg og kulturelt einsarta samfunn.

Det er først med innvandringa til landet dei seinare tiåra at dette biletet av Noreg definitivt er vorte endra. Denne innvandringa har gjort språklege behov og tilpassingsproblem meir synlege over heile landet.

10.1.2.5 Verdien av det eigne morsmålet

Eit felles språk er ein av dei viktigaste identitetsskapande faktorane, og dette gjeld ikkje minst for dei språklege minoritetane i eit mangespråkleg samfunn. Bevaring og styrking av språket er ikkje minst av stor verdi for å verna og utvikla den kulturen og den livsforma som særpregar dei nasjonale minoritetane.

For at eit språk skal haldast levande må det vera i aktiv bruk. Det er difor viktig å etablera tospråklege samfunn der det er mogleg.

Norsk politikk overfor både samane og dei nasjonale minoritetane har opp gjennom historia vore prega av krav om fornorsking og einsidig tilpassing til storsamfunnet. Språket og kulturen deira vart i periodar systematisk nedvurdert og til dels forsøkt utsletta.

Gradvis har det skjedd ei endring i denne politikken, og verdien av at Noreg er eit fleirkulturelt og mangespråkleg samfunn har vorte erkjent.

Det er i dag eit uttalt mål for den politikken regjeringa fører overfor nasjonale minoritetar, at personar som tilhøyrer desse gruppene, skal kunna uttrykkja, halda oppe og vidareutvikla sin identitet, sitt språk og sin kultur. 3 Regjeringa vil også sjå til at personar som høyrer til nasjonale minoritetar, får høve til effektiv deltaking i saker som vedkjem dei.

10.1.3 Politisk-administrative ansvarstilhøve

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har samordningsansvaret for den statlege politikken overfor det samiske urfolket og dei nasjonale minoritetane, medan kvart fagdepartement har eit sektoransvar også overfor desse gruppene. I samsvar med dette har Kultur- og kyrkjedepartementet eit generelt kulturpolitisk ansvar og innanfor dette eit særskilt språkpolitisk ansvar både overfor samar og nasjonale minoritetar.

Ein strategisk språkpolitikk som har språkstyrking som sitt fremste mål, vil samstundes vera ein samansett politikk som krev tiltak innanfor ulike samfunnssektorar.

Det språkpolitiske ansvaret under Kultur- og kyrkjedepartementet vil difor vera eit overordna ansvar som ikkje fritek dei andre departementa for det ansvaret dei må ha innanfor sine respektive sektorar for å ta språkpolitiske omsyn ved utforming av eigen sektorpolitikk overfor samane og dei nasjonale minoritetane.

Når det gjeld dei fem nasjonale minoritetane, vil det språkpolitiske ansvaret i hovudsak avgrensa seg til tre av dei, ettersom dei to andre – skogfinnane og jødane – ikkje lenger kan seiast å ha eit særskilt språk i levande bruk.

Den klare overlappinga mellom det generelle samordningsansvaret til Arbeids- og inkluderingsdepartementet og det kultur- og språkpolitiske samordningsansvaret til Kultur- og kyrkjedepartementet krev eit nært samarbeid og god koordinering.

Som språkpolitisk ansvarleg fagdepartement må i alle høve Kultur- og kyrkjedepartementet følgja opp det overordna ansvaret for urfolks- og minoritetsspråklege spørsmål på ein meir systematisk måte innanfor ramma av den nye heilskaplege språkpolitikken som denne meldinga skal leggja grunnlaget for.

Det er nærare omtalt i kap. 3.

10.2 Samisk

10.2.1 Situasjonen for samisk språk

10.2.1.1 Innleiing

I den nyleg framlagde St.meld. nr. 28 (2007–2008) Samepolitikken blir det i kap. 19 gjort meir utførleg greie for samisk språk og dei verkemidla som er tekne i bruk for å tryggja framtida for samisk. Av omsyn til heilskapen i presentasjonen av dei språkpolitiske utfordringane i landet vårt er det likevel nødvendig å gjera greie for samisk språk også i meldinga her.

Jamvel om også det samiske urfolket representerer ein språkleg minoritet i Noreg, står samisk språk i kraft av både offisiell status og meir omfattande bruk i ei særstilling jamført med dei tre språka til nasjonale minoritetar, kvensk, romani og romanes. Det er gjort nærare greie for dette i kap. 4.

Som det er nemnt i kap. 6, er samisk i den nordiske språkdeklarasjonen klassifisert som eit samfunnsberande, men likevel ikkje eit komplett språk. 4 I ei samla gruppering av alle språka i Norden er samisk i så måte plassert i same kategorien som grønlandsk.

Denne grovkategoriseringa indikerer at samisk innanfor det samiske språksamfunnet blir brukt i ulike offisielle samanhengar, i undervisning og i offentleg politikk og administrasjon, men at språket likevel ikkje er i fullverdig bruk innanfor alle delar av samfunnet.

10.2.1.2 Samiske språk er i ulik grad utsette eller truga språk

Uavhengig av om vi ser samisk som eitt eller fleire språk, er det eit mål å sikra framtida for eit størst mogleg spekter av dei samiske språkvarietetane. For norsk del inneber det at vi har eit særleg ansvar for lulesamisk og sørsamisk, i tillegg til nordsamisk, som i utgangspunktet står klart sterkare.

Men også nordsamisk blir i internasjonal samanheng karakterisert som eit truga språk.

I UNESCOs raudbok om truga språk frå slutten av 1990-talet er såleis lulesamisk og sørsamisk, til ­liks med enaresamisk, skoltesamisk og kildinsamisk, klassifiserte som alvorleg truga språk. Eit truga språk var definert som språk med nedgang i talet på barn som kunne tala språket, medan eit ­alvorleg truga språk etter definisjonen er eit språk med nesten berre vaksne brukarar.

I denne raudboka frå UNESCO er dei alvorleg truga språka den tredje svakaste av i alt seks kategoriar som omfattar alle språka i verda frå dei svakaste til dei sterkaste vurderte etter kva overlevingsutsikter dei synest å ha.

Dei truga språka, som altså omfattar nordsamisk, er den fjerde svakaste kategorien. Den aller lågaste kategorien omfattar språk som alt må reknast for utdøydde, og den nest lågaste nesten utdøydde språk. Her finn vi mellom anna umesamisk, pitesamisk, akkalasamisk og tersamisk. 5

Boks 10.1

Regjeringen pekte i Ot.prp. nr. 33 (1986–1987) på at «en folkegruppes rett til kulturutøvelse i dag må anses som en del av de fundamentale menneskerettigheter», og uttalte videre: «Den samiske kultur er en truet kultur. Det foreligger en reell fare for at denne kulturen kan forsvinne som en del av det totale kulturbildet i Norge og i Norden og dermed i hele verdenssamfunnet. Den samiske kultur kan ikke sikres ved myndighetstiltak alene. Myndighetenes ansvar er å legge forholdene til rette for at samene får de nødvendige virkemidler til selv å sikre og videreutvikle sin kultur på egne premisser i den grad de selv ønsker det» (s. 24). 6

10.2.1.3 Tidlegare fornorskings- og assimileringspolitikk

Det er ikkje råd å teikna eit rettferdig bilete av situasjonen for samisk språk i dag utan ei klar erkjenning av den nedvurdering og diskriminering som både samisk språk og kultur har vore utsett for frå storsamfunnet si side heilt opp til ganske nær fortid. Kravet har vore at samane skulle leggja av seg sitt eige språk og bli norske i sinn og skinn.

Den offisielle fornorskingspolitikken tok rett nok slutt i 1950-åra, men dei positive enkelttiltaka som kom i staden, var ikkje tilstrekkelege til at samane kunne bevara og utvikla den kulturelle eigenarten sin.

I tillegg var skulen framleis sterkt prega av norske verdiar og kulturoppfatningar, og fråværet av samisk innhald i massemedia gjorde også sitt til å bryta ned samisk språk og samisk identitetskjensle. Ikkje minst førte innføringa av fjernsynet til eit sterkt aukande press på samisk språk.

I vår tid må samisk språk finna vern i andre faktorar enn dei tradisjonelle. Her vil ikkje minst skulen spela ei sentral rolle, men administrative ytringar, litteratur og massemedia og dei generelle teneste- og sørvistilboda må også sikra samiske språkinteresser. 7

10.2.1.4 Den nordiske domenerapporten frå 2002

I 2001 undersøkte Nordisk Samisk Institutt situasjonen for samisk språk i Norden innanfor ulike språklege domene. 8 Arbeidet var ledd i den samla status- og domeneutgreiinga for alle dei samfunnsberande språka i Norden som er omtalt i kap. 1.2.2.5.

I det følgjande refererer vi nokre hovudpunkt om den generelle situasjonen for samiske språk i Norden, henta frå samanfatninga av den meir omfattande rapporten. 9

Her blir det først vist til at situasjonen for folk i område der samisk blir nytta som daglegspråk, ikkje kan samanliknast med tilhøva for majoritetsspråka. For dei samisktalande vekslar mellom å bruka samisk og majoritetsspråket avhengig av behov og situasjon.

Allmenn erfaring viser at val av språk i eit slik tospråkleg samfunn som oftast skjer til ugunst for det minste språket. Dette får oftast ei rolle som andrespråk, og dette verkar negativt inn på språkets status og prestisje. Til dømes tek samisk ofte opp lånord frå majoritetsspråket, medan det sjeldan skjer tilsvarande lån den andre vegen.

Dei områda der samisk språk har fått ein særskild status, omfattar dei kommunane som i Noreg og Sverige blir kalla forvaltningsområdet og i Finland hembygdsområdet, jf. nærare omtale i kap. 4.2.4.

Ikkje minst utanfor desse områda er det mange med samisk bakgrunn som ikkje lenger meistrar samisk språk. Jamvel i trakter der samisk er kvardagsspråket, er det mange som ikkje har fått lært seg å lesa og skriva på sitt eige morsmål. Det heiter i rapporten at meir enn 10 000 personar i Norden som taler og forstår samisk, ikkje kan lesa og skriva språket.

I stor grad er samisk avgrensa til den private sfæren og blir først og fremst brukt i dei nære omgjevnadene, i heimen, hos foreldre og slektningar, venner og kjende og ikkje minst i reinnæringa. I mindre grad blir samisk nytta ved til dømes legebesøk, innanfor helsevesenet elles eller i andre offentlege institusjonar.

Utanfor forvaltningsområdet for samisk språk er stillinga for samisk relativt svak, ofte også innanfor, men her er det store variasjonar. Rapporten slår fast at situasjonen trass alt er best i Noreg, og at dette gjeld innanfor dei fleste domene.

Det vart vist til at det i Noreg takk vera stor interesse for å søkja offentlege midlar til språkutvik­lingsprosjekt var klare teikn på at samisk hadde hatt framgang i geografiske område der språket hadde vore nær på å forsvinna. Rapporten konkluderte med at røynslene frå Noreg viste at samiske institusjonar som får økonomisk støtte, kan berga språket.

10.2.2 Oppfølging av relevant lov- og regelverk

10.2.2.1 Krav til samisk i allmennkringkastinga

I den nye NRK-plakaten heiter det at NRK skal bidra til å styrkja norsk og samisk språk, identitet og kultur. I vedtektene for NRK er det fastsett at det skal vera daglege sendingar for den samiske befolkninga og jamlege program for barn og unge på samisk, dessutan program for nasjonale og språk­lege minoritetar.

Konsesjonen for TV2 krev eigne program eller programinnslag for den samiske befolkninga, og at dei som hovudregel skal vera på samisk. TV2 skal også ha eigne program eller programinnslag for etniske minoritetar.

I konsesjonen for P4 er det krav om minst to daglege nyheitssendingar på samisk, medan det for Kanal 24 (no: Radio Norge) heiter at dei dagleg skal tilby nyhendesendingar på samisk, og at dei i tillegg skal samarbeida med samiske institusjonar om å presentera daglege analysar og kommentarar om samiske tilhøve på norsk språk.

10.2.2.2 Evaluering av språkreglane i samelova

Nordisk Samisk Institutt har i 2007 på oppdrag frå Kultur- og kyrkjedepartementet gjennomført ei evaluering av språkreglane i samelova. Bakgrunnen for oppdraget var at Sametinget og departementet meinte det var grunn til å sjå nærare på korleis språkreglane fungerer sett i høve til formålet med lova.

I tråd med føresetnadene i mandatet er evalueringa basert på tilgjengelege data, særleg Sametinget sine språkbruksundersøkingar frå 2000 og 2004. I tillegg er det nytta andre evalueringar og utgreiingar, og det er innhenta noko supplerande materiale.

Rapporten konkluderer med at dei fleste offentlege organa som er omfatta av språkreglane, ikkje oppfyller krava i lova fullt ut. Dermed er heller ikkje innbyggjarane innanfor forvaltningsområdet for samisk språk sikra rett til bruk av samisk i kontakt med offentlege organ i den grad språkreglane legg opp til.

Hovudgrunnen til dette synest å vera at det skortar på kompetanse i samisk språk blant offentleg tilsette i dei aktuelle etatane. Språkkompetansen varierer både mellom kommunane i forvaltningsområdet og mellom etatane innanfor ein kommune. Dermed er det også store skilnader når det gjeld ein av dei viktigaste føresetnadene for å kunna følgja opp dei krav som ligg i språkreg­lane.

Innanfor offentleg sektor sett under eitt synest det også å vera store skilnader i korleis oppfølginga av språkreglane blir prioritert, og kor mykje innsats som blir lagt ned.

Av rapporten går det fram at jamvel om samisk og norsk enno ikkje er likestilte språk innanfor forvaltningsområdet, blir likevel dei to språka i større grad enn tidlegare oppfatta som likeverdige. Dette har truleg svært mykje å seia for identitet og sjølvvørdnad, ikkje minst i område der samisk språk og identitet har vore særleg utsett for nedvurdering.

Språkreglane i samelova har også ført til at det er gjort eit omfattande og i stor grad også nyskapande arbeid for å oppnå målet om tospråklege samfunn og oppbygging av samiskspråklege tenester. Dette gjeld både kommunale, fylkeskommunale og statlege etatar. Det har altså skjedd positive endringar med omsyn til språklege rettar og språkleg status, men ikkje i tilstrekkeleg grad.

Materialet som ligg til grunn for denne evalueringa, viser at samisk språk framleis er i ein utsett posisjon. Særleg blir det uttrykt uro for sør- og lulesamisk, men også nordsamisk blir i rapporten karakterisert som eit truga språk.

Rapporten vurderer om språkreglane oppfyller dei internasjonale pliktene Noreg har teke på seg, særleg pliktene i minoritetsspråkspakta. Språkreg­lane i samelova gjennomfører ikkje alle føresegnene i denne pakta, som er eit svært omfattande og presist dokument. Rapporten konkluderer difor med at det er behov for å tilpassa språkreglane til internasjonale plikter.

Rapporten gjer framlegg om at styresmaktene vurderer å utvida verkeområdet for språklege rettar, og at det blir satsa på å revitalisera samisk språk. Det blir foreslått at omgrepa samiske dist­rikt, verksemder og eventuelt også samiske verksemder bør danna utgangspunkt for eit slik arbeid. Rapporten foreslår at det blir sett ned eit vitaliseringsutvalg for samisk språk.

Rapporten legg vidare vekt på behovet for språksamarbeid over landegrensene i samiske busetjingsområde.

10.2.2.3 Stadnamnlova

Lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn har som formål å ta vare på stadnamn som kulturminne, gje dei ei skriftform som er praktisk og tenleg, og medverka til kjennskap til og aktiv bruk av namna. Lova skal også sikra omsynet til samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar.

Lova vart endra i 2006, mellom anna for å for­enkla saksbehandlingsreglane og samstundes sikra ei grundig og fornuftig saksbehandling for samiske og kvenske stadnamn.

Lovendringa er i 2007 følgd opp gjennom endring i den tilhøyrande forskrifta. Arbeidet med forskriftsrevisjonen har skjedd i tett samarbeid med Sametinget og namnekonsulenten for samiske stadnamn, slik at ein skulle vera trygg på at det vart teke tilstrekkeleg omsyn til samiske stadnamn. Forslaga frå Sametinget er i hovudsak lagde til grunn.

Både i lova og forskrifta er det teke inn endringar som inneber at bruken av samiske namn kan styrkjast. Mellom anna blir det no stilt krav til bruk av korrekt stavemåte og bruk av samiske teikn. I medhald av føresegnene i lova skal det samiske namnet no alltid vera det første namnet som står oppført på skilt i det samiske forvaltningsområdet. I forskrifta er det foreslått å opna for at kommunen kan velja at det samiske namnet skal vera oppført først også på skilt i område utanfor det samiske forvaltningsområdet.

Bruken av samiske namn er ytterlegare styrkt ved at det i § 9 i lova er fastsett at samiske stadnamn som blir nytta av folk som bur fast på staden, eller som til vanleg har si næring knytt til staden, skal nyttast av det offentlege på skilt, kart osv. Føresetnaden er at stadnamnet blir nytta av eige tiltak.

Dessutan er det i § 10 i lova opna for å klaga over manglande bruk av fastsett samisk stadnamn. Klagenemnda kan gje Sametinget høve til å uttala seg. Etter § 11 har Sametinget fullmakt til å nemna opp konsulentar for samiske stadnamn.

10.2.3 Samisk språk og IKT

10.2.3.1 Generelt

Regjeringa har som mål at all teknologisk utvikling innanfor informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i offentleg sektor skal byggja på prinsippet om universell utforming. Det er likeins eit mål å motivera og leggja praktisk til rette for at alle skal kunna tileigna seg nødvendig kompetanse for å gjera seg nytte av ny teknologi og nye tenester på best mogleg måte.

I Ot.prp. nr. 44 (2007–2008) om ny diskriminerings- og tilgjengelegheitslov er det foreslått at all ny informasjons- og kommunikasjonsteknologi retta mot allmenta frå 1. juli 2011 skal vera universelt utforma, dvs. vera lagd slik til rette at tilbodet kan nyttast av flest mogleg. For eksisterande IKT-løysingar er det foreslått at den endelege fristen for dette skal vera 1. januar 2021.

I samisk samanheng handlar universell utforming av IKT først og fremst om å kunna bruka samisk språk, at samiske namn kan skrivast korrekt i offentlege register, og at det kan utviklast programvare støttar samisk språk. For dei fleste vil ny teknologi, til dømes automatisering av tenester ved bruk av Internett, gjera kvardagen enklare.

Å sikra tilgang til den nye teknologien også for samiskspråklege har mykje å seia både for å kunna delta i samfunnet og for at samisk språk skal kunna utviklast. Offentleg sektor har eit klart ansvar for å sjå til at dei ulike IKT- og nettbaserte tenestene ikkje fører til at det byggjer seg opp nye barrierar mellom dei styrande og dei styrte.

10.2.3.2 Bruk av samisk teiknsett – samisk i offentlege register

Dei samiske språkgruppene har i alt 15 spesielle teikn i tillegg til dei ordinære teikna som eksisterer i det angloamerikanske systemet. Det byr på utford­ringar når samisk skal nyttast i IKT-løysingar av ulike slag, men det har dei siste åra vore ei positiv utvikling når det gjeld å leggja til rette for samisk teiknsett.

Enkelte produsentar har implementert samisk språk i operativsystema sine. Den europeiske telekom-standardiseringa (ETSI) har dessutan fastsett ein felles standard for korleis samisk teiknsett kan gjerast tilgjengeleg i mobiltelefontastatur. Jamvel om standarden vart fastsett i 2003, er det ingen mobiltelefonar i marknaden i dag som støttar alle samiske teikn. Framleis står difor ein del att å gjera.

Europarådsresolusjon frå juni 2007 om korleis Noreg etterlever Minoritetsspråkpakta, oppmodar Noreg om å sikra at folkeregisteret og andre offentlege register og institusjonar kan støtta bruk av samisk teiknsett. Det er då også eit mål for regjeringa at alle offentlege register skal kunna bruka samiske teikn, og at datautvekslinga mellom registra skal fungera med samiske teikn. Samiske namn, stadnamn, adresser osv. må kunna registrerast korrekt, slik det er nedfelt i namnelova og stadnamnlova.

Jamvel om situasjonen no i hovudsak er tilfredsstillande når det gjeld samiske teikn i personlege datamaskiner, står det framleis att ein del arbeid før dei store, offentlege registra kan handtera alle dei samiske teikna fullt ut.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet vurderer no om det skal etablerast eit obligatorisk krav for etatar og kommunar om bruk av ein felles teiknsettstandard (ISO/IEC10646 (Unicode)), som mellom anna vil sikra korrekt handtering av diakritiske teikn, inkludert samiske teikn, på offentlege nettsider og i grenseflatene til offentlege register. Dette vil mellom anna gjelda Folkeregisteret, Einingsregisteret i Brønnøysund og register over stadnamn og adresser i Statens kartverk.

Alle statlege etatar skal vurdera behovet for å ta i bruk programvare/plattformer som gjer det mogleg å bruka samisk teiknsett etter kvart som eksisterande programvare blir skifta ut. For å gjera det enklare for offentlege verksemder å ta i bruk samisk teiknsett finansierer Arbeids- og inkluderingsdepartementet ein kompetansebase og ein eigen nettstad for samisk teiknsett og IT – www.samit.no. Formålet er at offentlege verksemder skal kunna venda seg dit for å få bistand. Det er Standard Norge som driv kompetansebasen på oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

10.2.3.3 Samisk korrekturprogram

Sametinget har frå 2004 drive eit prosjekt med utvikling av samisk korrekturprogram for elektronisk tekstbehandling. Prosjektet er finansiert av Sametinget og fleire departement. Ein stavekont­roll til brukarar av nordsamisk og lulesamisk vart utarbeidd i løpet av 2007. Denne teknologien vil vera eit svært viktig hjelpemiddel for å ta vare på og utvikla samisk språk.

Målet er at stavekontrollen skal gjera sitt til at dei som elles ikkje er trygge på at dei meistrar samisk rettskriving, skal kunna bruka samisk skriftleg i fleire samanhengar. Ein del vaksne samar fekk ikkje opplæring i å skriva samisk då dei gjekk på skulen. Dei vil truleg kunna ha stor nytte av ein slik stavekontroll. Stavekontrollen vil også vera ein verdifull reiskap i skulen og i ulike former for språkopplæring.

I 2008–2010 vil stavekontrollen for nordsamisk og lulesamisk liggja føre i ferdig, fullstendig utgåve. Det er likevel naturleg å sjå på dei første åra som ein prøveperiode. Det er behov for ein prosjektorganisasjon som kan ta imot feilmeldingar og retta feil i programvara, rettleia brukarar som skal implementera løysinga, og tilpassa stavekontrollen til nye versjonar av programvare som kjem ut. Det sørsamiske språket er under sterkt press, med berre nokre hundre brukarar. Eit viktig tiltak for å styrkja sørsamisk språk vil vera å gje også dei sørsamiske språkbrukerane IT-reiskapar som ei rettskrivingshjelp.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Sametinget finansierer eit framhaldsprosjekt, «Divvun 2», som både skal stå for vedlikehald og prøvedrift av stavekontrollen for nordsamisk og lulesamisk, og dessutan utvikling av ein stavekontroll for sørsamisk. Prosjektet går over tre år, og målet er at ein sørsamisk stave­kontroll skal liggja føre innan utgangen av 2010.

10.2.3.4 Talesyntese

Stadig fleire tenester blir i dag elektronisk baserte, og mykje informasjon blir gjord tilgjengeleg i digital form, mellom anna i bibliotek. Fleire har peikt på at det trengs ytterlegare innsats frå det offentlege for å kunne gje alle tilgang, og mange aktørar har peikt spesielt på behov for tilgang til verktøy for talesyntese.

Tale har vist seg å vera ein effektiv måte å presentera informasjon på, anten den blir brukt åleine, saman med teksten, eller er synkronisert med teksten ved at markøren viser kva ord som blir lese. Taleprogram kan gje menneske med lese- og skrivevanskar tilgang til ulike typar tekst, frå fagbøker til aviser. Menneske som skal læra norsk, vil også kunna få god nytte av slik funksjonalitet.

Sametinget har greidd ut om det er råd å utvikla talesyntese for samiske språk. Talesyntesen er tenkt brukt som tilleggsverktøy i kombinasjon med ordinære korrekturprogram. Erfaring viser at bruk av talesyntese støttar både lese- og skriveprosessen. I tillegg vil talesyntese kunna bli brukt som grunnlag for å utvikla eit moderne tenestetilbod på mange felt.

10.2.4 Samisk terminologiutvikling

10.2.4.1 Generelt om terminologi

Utvikling av samiske termar er sentralt for å kunna bevara og styrkja bruken av samisk språk. Føresetnaden for at samisk kan brukast i faglege samanhengar, er at det finst fagterminologi og faglege omgrep på samisk.

Utviklinga av samisk terminologi er eit arbeid som går føre seg heile tida. Det skjer i form av omsetjing, gjennom media og gjennom saksbehandling i dei samiske institusjonane. Det er stort behov for å utvikla terminologi i lule- og sørsamisk, ikkje minst etter at kommunane Tysfjord og Snåsa vart innlemma i forvaltningsområdet for samisk språk.

Sametinget har ansvaret for normering av samisk språk og godkjenning av samiske termar i Noreg. Det er Samisk språknemnd som godkjenner samiske termar. I Samisk språknemnds langtidsplan for 2007–2009 er termarbeid eit av tre hovudsatsingsområde. Språknemnda har som mål å koordinera terminologiprosjekt, også over landegrensene, slik at knappe ressursar blir brukte fornuftig. Vidare er koordinering og kartlegging av ord viktig for å unngå ordforvirring. Dei ulike landa kan ha ulike termar for dei same omgrepa.

Sametinget har oppretta ordbasen www.risten.no. Over 14 000 ord er no registrerte i databasen. Basen er søkbar på norsk og samisk. Orddatabasen inneheld samiske termar på sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk. I tillegg til databasen inneheld den nemnde nettstaden også ei grammatikkside med informasjon om sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk grammatikk. Det er Sametinget i Norge som driftar risten.no.

Terminologiutvikling og normering er viktig i samband med omsetjing av mellom anna lover, forskrifter og skjema til samisk. Det er ei utfordring for offentleg forvaltning, ikkje minst for arbeidet med omsetjing av lover, at godkjenninga av samiske termar går sakte.

Det er eit mål at alle dokument som blir omsette av statlege organ, skal vera språkfagleg kvalitetssikra, og at ny terminologi er godkjend av rett instans. Arbeids- og inkluderingsdepartementet vil vurdera korleis ein best kan kvalitetssikra bruk av samisk språk ved omsetjing av lover og andre offentlege dokument.

10.2.4.2 Spesielt om samisk juridisk terminologi

For å vareta rettstryggleiken for samane er det viktig å unngå språklege mistydingar. Etter § 3–2 første ledd i samelova skal lover og forskrifter av særleg interesse for heile eller delar av den samiske befolkninga omsetjast til samisk. Men det er eit problem at mange juridiske termar ikkje finst på samisk.

For å bøta på dette gjekk Justisdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Sametinget, Finnmark fylkeskommune og Tana kommune i 2004 saman om å finansiera prosjektet «Samisk juridisk terminologi». Målet var å utvikla nordsamisk rettsterminologi. Samisk nærings- og utgreiingssenter (SEG) hadde leiinga av prosjektet.

Å utvikla samiske termar er eit vanskeleg og tidkrevjande arbeid. Det gjeld spesielt juridiske termar, fordi desse krev særleg stor presisjon. Prosjektet «Samisk juridisk terminologi» utvikla ei rekkje termar på samisk, mellom anna innanfor strafferett, straffeprosess og sivilprosess. Dess­utan vart innhaldet av termane forklart, og det vart vist korleis uttrykka kan brukast i uttrykk og setningar. Termane blir lagde ut på nettstaden www.risten.no etter kvart som Samisk språknemnd har godkjent dei.

Nemnast skal også at Tana kommune er i gang med eit toårig prosjekt kalla «Samisk lovspråk». Første del av prosjektet er ferdigstilt i 2007, og det er produsert ei liste som inneheld 691 samiske juridiske termar. Språkfagleg og juridisk kompetanse har vore representert i termutviklingsarbeidet. Tana kommune tek sikte på å driva prosjektet i eitt år til. Når prosjektet er avslutta, er det opp til Samisk språknemnd å vurdera godkjenning av termane.

10.2.5 Sametinget sitt arbeid for samisk språk

10.2.5.1 Innleiing

Sametinget behandla i 2004 ei melding om samisk språk (sak 24/04). Meldinga skisserer ei rad tiltak for samisk språk, mellom anna bruk av samisk i media, stoda for dei ulike samiske språka, samisk og IT og opplæring i samisk på alle nivå.

I samband med plenumsbehandlinga av språkundersøkinga for 2004 (sak 09/05) peikte Sametinget på ei rad utfordringar i språkarbeidet på ulike sektorar. Sametinget vedtok også mellom anna å arbeida for at fleire kommunar vart innlemma i forvaltningsområdet for samisk språk, å skipa til fleire språksenter, å påverka kommunane når det gjeld grunnopplæringa, og å auka læremiddelproduksjonen, særleg for sør- og lulesamisk. Sametinget legg vekt på det grenseoverskridande samarbeidet i språkarbeidet. Vi viser elles til årsmeldingane for Sametinget for 2006 (punkt 6) og 2007 (punkt 7).

I samarbeidsavtalane med fylkeskommunane er språkarbeidet eit sentralt punkt. Samarbeidsavtalane omtaler mellom anna arenaer for samarbeid, tilskot frå Sametinget til samisk språk i fylkeskommunane og målsetjingar i språkarbeidet. I Finnmark har til dømes partane plikta seg til å motivera kommunane og regionale statsetatar til å prioritera samisk språk også utover minimumsføresegnene om språk i samelova. I sørsamisk område er partane samde om å arbeida fram eit språkutviklingsprogram som skal tryggja eit heilskapleg og kvalitativt språktilbod.

I 2008 fordeler Sametinget 54 mill. kroner til ulike tiltak for å ta vare på, styrkja og utvikla samisk språk (jf. sak 60/07). Midlar til Sametingets språktiltak blir løyvde over budsjettet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

10.2.5.2 Samefolkets fond – språkutviklingstiltak

I 2008 fordeler Sametinget 10 mill. kroner av avkastinga frå Samefolkets fond. 5,8 mill. kroner vil bli fordelte etter søknad. Av dette er 2 mill. kroner sette av til prosjekt som stimulerer til fleire aktive språkbrukarar og 0,8 mill. kroner til dokumentasjons- og formidlingsprosjekt innanfor tradisjonell kunnskap. 3 mill. kroner skal gå til å auka talet på utgjevingar av samiskspråkleg litteratur. 4,2 mill. kroner er i 2008 sette av til utviklings-, utgreiings- og dokumentasjonsformål, av dette 3 mill. kroner til utvikling av språkprogram og 1,2 mill. kroner til dokumentasjon og formidling av tradisjonell kunnskap.

10.2.5.3 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar i forvaltningsområdet

Midlane til tospråklege tiltak er det mest sentrale verkemidlet for å oppfylla språkreglane i samelova. Midlane skal medverka til å tryggja eit tospråkleg tenestetilbod i forvaltningsområdet for samisk språk. Sametinget i plenum fastset fordelinga av desse midlane.

Ordninga vart etablert av Kommunaldepartementet i 1985 som ei tilskotsordning til samisk tolketeneste med ei løyving på 0,6 mill. kroner. Løyvinga vart stegvis auka, og tilskotet vart utvida til også å femna om tospråkleg forvaltning. Ved innføringa av språkreglane i samelova i 1992 var det sett av 16,35 mill. kroner til tilskot til tolketeneste og tospråklege tiltak i kommunane og fylkeskommunane innanfor forvaltningsområdet for samisk språk. Ordninga vart overført til Sametinget frå 1993. Tilskotet har auka monaleg dei siste åra. Ved utvidinga av forvaltningsområdet til også å femna om Tysfjord i 2006 auka regjeringa løyvinga med 5 mill. kroner. Tilsvarande auke i budsjettet har skjedd frå 2008 når no også Snåsa kommune inngår i forvaltningsområdet for samisk språk. Sametinget fordelte i 2008 om lag 43 mill. kroner til tospråkleg forvaltning.

Samtinget sitt siktemål med tilskotet til to­språklege tiltak er at det skal vera råd å nytta samisk språk på alle nivå og innanfor alle sektorar i samfunnet. Dette skal ein oppnå mellom anna gjennom dialog med kommunar og fylkeskommunar om korleis samisk språk skal fremjast og gjerast synleg. Sametinget gjennomfører faste møte med kommunane og fylkeskommunane i forvaltningsområdet for samisk språk.

Eit vilkår for utbetalinga av tilskotet frå Sametinget er at kommunane og fylkeskommunane utarbeider ein språkutviklingsplan. Kommunen skal også utarbeida ein rapport med vurderingar av effekten av verkemidla i kommunen i tillegg til å utarbeida rekneskap over bruken av midlane føregåande år.

10.2.5.4 Samiske språksenter

I 2008 er det ni samiske språksenter som får tilskot frå Sametinget. Sentra er spreidde over eit stort geografisk område og ligg i Porsanger, Kåfjord, Tysfjord, Evenes, Nesseby, Tana, Ullsfjord, Røros og Alta. Formålet med språksentra er å fremja samisk språk og styrkja bruken av samisk. Sentra arrangerer språkkurs, gjennomfører ulike prosjekt og andre aktivitetar der språket står i sentrum.

Dei samiske språksentra er viktige språkarenaer, særleg der samisk språk står svakt. Skipinga av språksentra er initiert av lokale aktørar, og ideen attom har vore behovet for å samla ressursane og skapa språkarenaer.

I samarbeidsavtalane mellom Sametinget og fylkeskommunane inngår språkutviklingsarbeid som ein del av avtalen. Dei samiske språksentra er nødvendige og tenlege arenaer for utvikling og bevaring av samisk språk. Difor ønskjer samarbeidspartane at det blir skipa fleire funksjonelle samiske språksenter i dei ulike områda.

10.2.5.5 Andre språktiltak

Sametinget gjev tilskot til språkprosjekt både innanfor og utanfor forvaltningsområdet for samisk språk. Dei siste åra har Sametinget lagt særleg vekt på innsamling, utvikling og registrering av terminologi og innsamling av samiske stadnamn. Sametinget har også funne det viktig å satsa på alternative språkarenaer for barn og unge utanom skule og barnehage. Éin strategi er å utvikla arenaer for barn og unge der samisk blir høyrt, er synleg og gjev positive relasjonar.

Sametinget har skipa ei tilskotsordning for samiskspråklege publikasjonar. Det blir no gjeve ut publikasjonar som vender seg til barn, unge og kvinner. Sametinget tildeler også midlar til det tradisjonsrike religiøse magasinet Nuorttanáste.

Sametinget vil framleis arbeida for å styrkja tilbodet og samarbeida på nordisk nivå for å fremja samiske publikasjonar. Samiskspråklege publikasjonar er viktige for å styrkja samiskspråklege lesevanar, for å stimulera til skapande skrivekunst særleg mellom barn og unge og for å synleggjera og stimulera mangfaldet i samisk kultur og identitet.

10.2.5.6 Samisk språknemnd

Samisk språknemnd er underlagd Samisk parlamentarisk råd og er eit vedtaksorgan i felles samiske språkspørsmål. Formålet med Samisk språknemnd er å vareta og utvikla den kulturarven som knyter seg til det samiske språket, og slik fungera som eit fag- og sakkunnig organ, samordna og tilpassa oppgåver ved bruk og røkt av samisk språk, driva formidling mellom nasjonale samiske språkorgan og koordinera samisk språkarbeid. Eit viktig felles mål er at samisk språk får same status i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Samisk språknemnd samarbeider med språkråda i dei nordiske landa og med terminologifaglege institusjonar.

Språknemnda har tolv medlemer oppnemnde av Samisk parlamentarisk råd etter framlegg frå sametinga i nordiske land og sameforeiningane i Russland. Sekretariatet, som for tida er to personar, er samlokalisert med Sametingets kontor i Kautokeino. Samisk språknemnd blir finansiert av sametinga i Finland, Sverige og Noreg.

I langtidsplanen for Språknemnda for 2007-2009 blir det lagt særskild vekt på termarbeid, bevaring og utvikling av samisk språk og samarbeidet mellom Samisk språknemnd og språkorgana til sametinga.

10.2.6 Oppfølginga av Noregs tredje rapport til Europarådet

Den tredje rapporten frå Noreg vart lagd fram i mars 2005. Her vart det gjort greie for det arbeidet som blir gjort innanfor ulike sektorar for å verna og odla samisk språk, mellom anna skipinga av Indre Finnmark tingrett, innlemminga av Tysfjord kommune i forvaltningsområdet for samisk språk og Elgå-prosjektet.

Ekspertkomiteen uttrykkjer lovord overfor norske styresmakter for det vidare arbeidet med å gjennomføra pakta i Noreg og viser til at Noreg har etterkome tilrådingane frå ministerkomiteen i samband med dei to første rapportane. Komiteen augnar ei monaleg betring i etterlevinga av den europeiske pakta om region- og minoritetsspråk.

Ekspertkomiteen slår fast at innlemminga av Tysfjord kommune i forvaltningsområdet er eit rett steg for å ta vare på og utvikla det lulesamiske språket, men dette språket er likevel i ein utsett posisjon. Komiteen ser behov for strakstiltak for å bevara lulesamisk, særleg på område som utdanning, rekruttering av lærarar og utvikling av eigna læremateriell.

Ekspertkomiteen er også uroleg for det sørsamiske språket, som er i ein særs sårbar posisjon. Det er difor behov for strakstiltak som kan tryggja at sørsamisk blir eit levande språk i Noreg, særleg innanfor utdanning. Komiteen oppmodar til auka samarbeid mellom norske og svenske styresmakter om dette.

Det går fram av rapporten frå ekspertkomiteen at det er gjort store framsteg i arbeidet med å verna og utvikla nordsamisk, særleg ved skipinga av Indre Finnmark tingrett. Noreg oppfyller artik­lar som pliktar styresmaktene innanfor område som utdanning, medium og kulturelle aktivitetar. Det står likevel att somme område der det lyt arbeidast vidare. Dette gjeld særleg samiskspråklege tilsette og skort på kvalifiserte tolkar innanfor helsesektoren. Dessutan er det framleis uråd å skriva samiske namn korrekt i nasjonale register, til dømes folkeregisteret.

På møtet i Ministerkomiteen 16. mai 2007 vart rapporten frå ekspertkomiteen behandla og europarådsresolusjon om Noregs etterleving av pakta om minoritetsspråk vedteken. Vedtaket inneheldt konkrete tilrådingar på følgjande punkt:

Noreg må styrkja innsatsen sin for å tilby læremateriell og opplæring av lærarar i lule- og sørsamisk.

Noreg må tryggja at sosial- og helsinstitusjonar innanfor det samiske forvaltningsområdet tilbyr tenester på samisk.

Noreg må tryggja at folkeregisteret og andre offentlege register og institusjonar stør bruk av samisk teiknsett.

10.2.7 Oppsummerande vurdering

Samisk språk er ein av berebjelkane i samisk kultur og er svært viktig for å halda oppe det samiske samfunnet. Språket er kulturberar og meiningsberar og er difor eit kjernepunkt i arbeidet med å vidareføra samiske verdiar og samisk samfunnsforståing.

Samisk språk er framleis i ei utsett stilling. Truleg er avgangen av samiske språkbrukarar større enn tilveksten. Spesielt er dette tilfellet utanfor forvaltningsområdet for samisk språk, der majoriteten av samane i Noreg bur. Over tid er dette ikkje kulturelt berekraftig og representerer eit av dei største trugsmåla mot den felles kulturarven vår.

Austsamisk/skoltesamisk språk er ikkje lenger eit levande daglegspråk i Noreg. Sørsamisk og lulesamisk står overfor trugsmålet om å lida same skjebne. Også nordsamisk er i ei utsett stilling i kyst- og fjordområda. Til dømes er det berre om lag 500 elevar som årleg får opplæring i samisk språk på vidaregåande skule. Av desse har under halvparten samisk som førstespråk.

Eit levande samisk språk er ein sentral del av samisk kultur. Utan eit tilstrekkeleg tal av samiske språkbrukarar og språkarbeidarar er det vanskeleg å sjå føre seg eit levande samisk samfunn. Då vil det ikkje vera råd å gje opplæring i samisk språk i barnehagar, i grunnopplæringa, innanfor vidaregåande opplæring eller i høgare utdanning. Helse- og sosialtenestene vil ikkje kunna tilby kvalitativt gode tenester til samiskspråklege brukarar.

Samisktalande brukarar vil ikkje kunna nyta godt av offentlege tenester på samisk. Det offentlege samiske ordskiftet er ikkje mogleg utan journalistar med god kunnskap i samisk språk. Regjeringa vil difor leggja til rette for ein sterkare innsats for samisk språk.

Det må bli lettare å få opplæring i samisk for alle aldersgrupper.

For at samisk språk skal vera eit levande språk, er det også heilt avgjerande at det finst eit godt barnehage- og skuletilbod. Vi viser her til nærare omtale i språkopplæringsmeldinga frå Kunnskapsdepartementet og i meldinga om samepolitikken frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

I enkelte nordsamiske område, spesielt i Indre Finnmark, står det samiske språket sterkare. I andre nordsamiske område, som sjøsamiske bygder, blir det lagt ned mykje arbeid for å styrkja det samiske språket. Også innanfor forvaltningsområdet for samisk språk er det mange utfordringar i arbeidet med å styrkja samisk både som kommunikasjonsspråk og forvaltningsspråk.

Dei små samiske språka, austsamisk, lulesamisk og sørsamisk, er i ein kritisk situasjon og treng snarlege tiltak. Desse språkgruppene har tilsvarande språkgrupper på andre sida av grensa i Sverige, Finland og Russland. For at innsatsen for desse små språka skal vera berekraftig, er det nødvendig å samarbeida over grensene, både på kommunalt, regionalt og statleg nivå.

At kommunane Tysfjord og Snåsa har vorte ein del av forvaltningsområdet for samisk språk, har mykje å seia for å styrkja samisk språk i desse områda. I lulesamiske og sørsamiske område står det samiske språket i utgangspunktet spesielt svakt. Det er difor nødvendig med ein dialog med desse miljøa for å finna ut meir om kvar det bør gjerast ein spesiell innsats for at desse språka skal få ein sterkare posisjon både i det private og i det offentlege rom. 

Gjennom dei siste tiåra er det sett i gang ei rekkje tiltak for å styrkja og utvikla samisk språk innanfor mange sektorar i dagens samfunn. Mange av desse tiltaka har ført til at det samiske språket på mange vis har fått ein sterkare posisjon i både det norske og det samiske samfunnet. Det er uklart om desse tiltaka har ført til at det samiske språket har styrkt posisjonen sin i kvardagslivet for den enkelte same, og om dette såleis i tilstrekkeleg grad kan vera med å sikra framtida for det samiske språket.

Dei enkelte tiltaka for samisk språk er utforma innanfor ulike sektorar og er i liten grad vortne sedde i samanheng. For at det samiske språket skal få ei trygg framtid i Noreg, er det nødvendig å sjå innsatsen for samisk språk i samanheng.

Ei meir heilskapleg tilnærming til samisk språk vil kunna avdekkja veike punkt. Det er mellom anna nødvendig å sjå nærare på i kva grad ulike tiltak har nådd fram til dei målgruppene dei har vore retta mot. Det er i denne samanhengen behov for å skaffa fram meir kunnskap og dokumentasjon om stillinga for samisk språk i det samiske samfunnet.

Regjeringa vil arbeida for å leggja grunnlaget for ein ny samisk språkpolitikk med eit strategisk og heilskapleg perspektiv på samisk språk og samfunn.

Eit sentralt utgangspunkt for det vidare arbeidet med en slik samisk språkpolitikk vil vera å arbeida fram ein handlingsplan for samisk språk. Regjeringa vil raskt setja i gang arbeidet med ein slik plan. Handlingsplanen vil bli utvikla i samarbeid med Sametinget, samiske miljø og aktuelle departement.

Regjeringa vil følgja opp evalueringa av språkreglane i samelova i samarbeid med Sametinget. Den evalueringsrapporten som ligg føre, vil vera eit viktig grunnlag for arbeidet med ein handlingsplan for samisk språk.

10.3 Kvensk

10.3.1 Situasjon og status for kvensk språk i dag

10.3.1.1 Innleiing

Kvensk innvandring og busetjing i Noreg er ein del av ei omfattande koloniseringshistorie til finske bønder. Det var i periodar tale om nærast ei masseflukt frå dei eldre jordbrukssamfunna i Finland og Nord-Sverige.

Utvandringa heldt fram i fleire hundre år, frå 1600-talet og fram til første halvdel av det 19. hund­reåret. Seinare følgde i sterkare grad ei moderne arbeidsinnvandring.

Kvensk språk er i dag i ein svært utsett situasjon. Det er få aktive talarar att, og dei fleste av desse er middelaldrande og eldre menneske. Det er få språkbrukarar under 40 år. 10

Situasjonen må sjåast i samanheng med ein assimilasjonspolitikk som har gått føre seg gjennom generasjonar, med omfattande språkskifte frå kvensk til norsk som resultat.

I dag er politikken frå storsamfunnet si side ein annan, og saman med ei minoritetspolitisk og språkpolitisk oppvakning blant kvenene sjølve kan dette vera med på å gje kvensk språk ein renessanse gjennom ny bruk. Dette blir omtalt som språk­leg revitalisering, og det er ein slik revitaliseringsfase som også kvensk språk no er på veg inn i.

10.3.1.2 Revitalisering av kvensk

Språkleg revitalisering inneber eit bevisst strev for å ta tilbake eit truga språk.

På individplanet kan dette skje til dømes ved at folk som er vortne einspråklege i majoritetsspråket, lærer seg det minoritetsspråket som kunne ha vore førstespråket deira dersom ikkje språkleg assimilering og språkskifte hadde skjedd.

På samfunnsplanet kan revitalisering skje ved at minoritetsspråket får tilgang til språkdomene der majoritetsspråket har vore einerådande, til dømes innanfor massemedia, utdanning og i litteratur.

Eit truga språk kan likevel ikkje seiast å vera berga jamvel om det har kome inn i ein revitaliseringsfase. Det som ofte går føre seg med slike språk, er eigentleg eit kappløp mellom assimilasjon og revitalisering, og det er vanskeleg å vita kva som blir resultatet.

Inntil nyleg har kvensk vore eit språk som stort sett berre vart brukt munnleg og i private og lokale samanhengar innanfor ei til dels undertrykt språkgruppe. Dette er ein situasjon som no er på veg til å endrast. Kvensk byrjar å bli teke i bruk også på andre språkdomene.

Hausten 2004 kom til dømes den første romanen på kvensk, Elämän jatko 1. Kuosuvaaran takana av Alf Nilsen-Børsskog, og det er seinare kome endå ein roman frå den same forfattaren.

Det er også laga ein del læremiddel på kvensk, og språket blir nytta i gudstenester, i song og musikk, i omsetjingar, i annonsar i lokalaviser osv. Likevel er bruken av kvensk både skriftleg og munnleg heller marginal.

Ei av utfordringane i det kvenske revitaliseringsarbeidet er sjølve geografien, dei lange avstandane mellom små og skjøre språksamfunn. Difor å det viktig å byggja nettverk mellom desse.

10.3.1.3 Aktiv språkplanlegging

Aktiv språkplanlegging er ein avgjerande føresetnad for at kvensk skal vinna ny vitalitet.

Slik språkplanlegging kan seiast å ha to hovudelement eller fasar.

Den første fasen er statusplanlegging, den andre korpusplanlegging. Statusplanlegging omfattar formalisering av rettar for språkbrukarane og arbeid for å gje språket ein utvida samfunnsfunksjon.

Den andre fasen, korpusplanlegginga, gjeld slikt som terminologiarbeid, tradisjonelt språkrøkt­arbeid og ikkje minst standardisering. Standardisering er ein føresetnad for etablering av eit levande skriftsspråk, og i vår tid kan eit språk knapt overleva utan skriftkultur.

Kvensk kan i dag seiast å stå på overgangen mellom statusplanlegging og korpusplanlegging, og det store arbeidet med å standardisera det kvenske språket er berre så vidt kome i gang.

I dag må all skriving framleis skje på kvenske dialektar. Men den skriftlege aktiviteten som på denne måten går føre seg, representerer eit godt grunnlag for standardisering. Det er elles ein stor fordel for dette arbeidet at det finst ein etablert ortografi for kvensk, nemleg den finske. Også det nærskylde minoritetsspråket meänkieli (tornedalsfinsk) i Sverige nyttar finsk ortografi.

Den aller viktigaste føresetnaden for at eit språk skal overleva, er likevel aktiv handling frå språkbrukarane si side, og at språket blir overført til nye generasjonar. Dersom det ikkje skjer, vil det ikkje kunna overleva som eit levande språk, og det vil då ikkje kunna få noko anna enn ein symbolsk verdi.

10.3.1.4 Godkjenninga av kvensk som eige språk

Innanfor finsk språkforsking har både kvenske dialektar og dialektar av meänkieli vore sedde på som randdialektar i det finske dialektområdet. Det er då også mange felles dialekttrekk mellom nordfinske dialektar, meänkieli og kvensk. Det lèt seg heller ikkje gjera på språkvitskapleg grunnlag å fastslå kor ulik ein språkleg varietet må vera ein annan for at varieteten skal få status som eige språk.

Som regel er territoriale språkskilnader kjenneteikna av små skilnader mellom nabodialektar, medan dei blir meir ulike kvarandre med aukande geografisk avstand. Det er såleis glidande overgangar, og språkvitarane snakkar difor om eit dialektkontinuum. I ytterkantane av eit slikt dialektkontinuum kan dialektane vera gjensidig fullstendig uforståelege. Dei kvenske dialektane utgjer ein del av eit større austersjøfinsk dialektkontinuum.

Blant nordmenn med kvensk bakgrunn har det då også vore noko ulikt syn på forholdet mellom kvensk og finsk. Blant dei som har tilhald i ytterkantane av det kvenske busetjingsområdet, og blant dei som har vore engasjerte som finsklærarar i grunnskulen, har det også vore større identifikasjon med det finske språket. Mange har på dette grunnlag sett på kvensk som ein finsk dialekt, og i offisielle norske dokument har ein difor tidlegare nytta dobbeltnemninga kvensk/finsk.

Gjennom høyringa og den etterfølgjande behandlinga av den utgreiinga som vart gjennomført i 2003, er dette endra, jf. nærare omtale under kapittel. 3.3. Endringa vart formalisert ved at kvensk i kongeleg resolusjon av 24. juni 2005 vart godkjent som eige språk. Med dette er det klargjort at kvensk ikkje berre skal behandlast som ein dialekt av finsk, men at det har status som eit sjølvstendig språk som skal stå på eigne bein.

Trass i godkjenninga av kvensk som eige språk er likevel ikkje diskusjonen om forholdet mellom kvensk og finsk avslutta blant språkbrukarane sjølve. Frå regjeringa si side vil språkpolitikken overfor kvener ta utgangspunkt i det språket som denne minoriteten taler, uavhengig av kva språket blir kalla, eller kva skriftspråk kvar enkelt språkbrukar ønskjer å nytta. Gjennom godkjenninga av kvensk som eige språk er det likevel slått fast at det skal leggjast til rette for å utvikla eit eige kvensk skriftspråk, til skilnad frå riksfinsk.

Vi veit elles at delar av minoriteten ikkje ønskjer å kalla seg kvener, men føretrekkjer nemningar som norsk-finsk, finskætta eller «etterkomarar av finske innvandrarar». I St.meld. nr. 15 (2000–2001) Om nasjonale minoritetar i Noreg vart det likevel slått fast at ein i offisielle samanhengar vil nytta nemninga kvener om denne minoriteten. Det er ein praksis som vil bli vidareført i offentlege dokument. Frå departementshald har ein ingen merknader til at medlemmer av gruppa vil nytta andre nemningar om seg sjølv, anna enn at vi uavhengig av nemning oppfattar dette som ei og same minoritetsgruppe.

I samband med godkjenninga av kvensk som eige språk, vart det elles vurdert om vernet av kvensk etter minoritetsspråkpakta skulle hevast frå nivå II til nivå III. Men det vart konkludert med at Noreg ikkje ville vera i stand til å oppfylla alle dei bindande plikter som eit slikt sterkare vern ville innebera, først og fremst fordi kvensk enno mang­lar ein grunnleggjande språkleg infrastruktur.

Her vart det særleg peikt på behovet for standardisering og det å få utarbeidt ordbøker og normativ grammatikk, dessutan lærebøker og anna undervisningsmateriell. I føredraget til resolusjonen vart det erklært at regjeringa i dei årlege statsbudsjetta ville vurdera eventuelle økonomiske tiltak for å stimulera utviklinga av kvensk språk.

10.3.2 Grunnleggjande tiltak for styrking av kvensk

10.3.2.1 Kvensk institutt

Erkjenninga av at det var nødvendig å koma i gang med standardisering av kvensk vart følgd opp ved at det i budsjettet for 2006 vart lagt inn ein auke på om lag 1,5 mill. kroner i statstilskotet til Kvæntunet – Norsk senter for kvænsk språk og kultur, som ligg i Børselv i Porsanger kommune i Finnmark.

I desember 2005 vart senteret omorganisert gjennom etablering av ei stifting med namnet Kvensk institutt (Kainun institutti), og etter auken i 2006 er det samla tilskotet i 2008 kome opp i vel 3,5 mill. kroner.

Kvensk institutt skal vera eit nasjonalt senter for kvensk språk og kultur, og det samla driftstilskotet frå staten skal gå til utvikling, dokumentasjon og formidling av kunnskap og informasjon om kvensk språk og kultur. Tilskotet omfattar også driftsutgifter til administrasjonsbygningen på Kvæntunet, som stod ferdig i 2005, i hovudsak finansiert gjennom eit statleg investeringstilskot på 12 mill. kroner.

10.3.2.2 Kvensk språkråd

Ein del av den nemnde tilskotsauken frå 2006 skulle gå til arbeidet med å etablera ei språknemnd for kvensk. Denne nemnda vart konstituert på ein startkonferanse i Alta i april 2007 og fekk namnet Kvensk språkråd.

Til å sitja i rådet har styret i Kvensk institutt valt fem medlemmer og tre varamedlemmer med sterk språkfagleg kompetanse og innsikt i ulike kvenske dialektvariasjonar. Rådet er altså ei faggruppe som først og fremst skal arbeida med å utforma dei prinsipielle retningslinjene for etablering av eit felles kvensk skriftspråk.

Det er også meininga at det skal dannast eit breiare forum, førebels omtalt som eit språkting, der det skal vera med språkbrukarar frå fleire ulike miljø enn dei som har fått plass i sjølve rådet. Språktinget er meint å vera eit vedtaksorgan; det skal gjera vedtak i prinsipielle spørsmål etter forslag og tilråding frå Kvensk språkråd.

10.3.2.3 Grunnlaget for standardiseringsarbeidet

I 2006 starta eit heilt nytt studium i kvensk språk og kultur ved Universitetet i Tromsø. Til dette studiet er det utarbeidt eigne tekstar, ei ordliste og forslag til ein grammatikk som i hovudsak byggjer på dialekten i Børselv. Det meste av det som finst av skriftleg kvensk, er frå denne staden.

Det finst også hundrevis av timar med lydopptak av finske dialektar frå Lyngen i Troms til Pasvik i Finnmark. Kvensk institutt er i gang med å skriva ut dette materialet, og det vil utgjera eit viktig grunnlagsmateriale for arbeidet med skrift­språket.

Det er også meininga å leggja vekt på å forma det kvenske skriftspråket slik at ein tek vare på det som kan kallast interfinsk språkforståing. Dette inneber at utviklinga av kvensk til skriftspråk også bør skje i samråd med nabospråka meänkieli og finsk. Samstundes skal det nye skriftspråket også vareta sentrale identitetsskapande trekk i kvensk ordtilfang og grammatiske former.

Eit viktig prinsippspørsmål er om skriftspråket skal ta utgangspunkt i éin dialekt, eller om det skal ha fleire dialektar som grunnlag.

10.3.2.4 Kvensk i barnehagen

Tospråkleg stimulering i barnehagen er truleg eit grunnleggjande tiltak for å kunna fremja ei minoritetsspråkleg utvikling hos barn med kvensk bakgrunn. Dette vil dermed vera med og leggja til rette for at kvensk språk kan overførast til komande generasjonar.

I dette arbeidet kan det trekkjast vekslar på røynslene frå samiske barnehagar. Dei viser at barna blir tospråklege dersom ein maktar å organisera minoritetsspråklege barnehagar.

Føresetnaden for å få dette til er at ein maktar å skaffa til vegar tospråkleg barnehagepersonell og kan utvikla nødvendige læremiddel. Då vil det kunna leggjast til rette for såkalla språkreirprosjekt i barnehagar for barn med kvensk bakgrunn.

Det generelle målet i eit språkreir er å verna og revitalisera eit truga minoritetsspråk. Gjennom naturleg kommunikasjon i barnehagen vil barnet læra seg minoritetsspråket, samstundes som den tilhøyrande kulturen også blir ein naturleg del av barnehagekvardagen. Dette vil vera med og styrkja den kulturelle og språklege identiteten.

10.3.2.5 Kvenskundervisning i skulen

For å følgja opp ei større satsing på kvensk i barnehagesektoren bør det også arbeidast med å leggja til rette for at kvenske barn kan halda fram innlæringa av minoritetsspråket sitt også når det kjem over i vanleg skule. På denne måten vil det vera mogleg å overføra det kvenske språk til ein ny generasjon ved at barn i alle fall i dei kvenske kjerneområda vil bli tospråklege ved å læra seg å meistra både kvensk og norsk.

Etter opplæringslova har elevar med kvensk-finsk bakgrunn ved grunnskulen i Troms og Finnmark rett til opplæring i finsk. Vilkåret er at det minst er tre elevar som krev det. I dag blir det undervist i finsk i grunnskule og vidaregåande skule. Det er ca. 1000 personar som nyttar dette tilbodet i dag.

Ved godkjenninga av kvensk som eige språk var det ein føresetnad at undervisning i kvensk skulle skje innanfor rammene til det eksisterande finskfaget.

I læreplanane for finskfaget er det lagt stor vekt på kunnskap i kvensk og på at undervisninga skal ta utgangspunkt i den lokale kvenske dialekten. Det er lagt til grunn at undervisning i kvensk framover vil kunna skje innanfor den eksisterande finsk­undervisninga. Det er viktig at dette blir følgt opp også i praksis, slik at dei som har kvensk bakgrunn, får den kvenskopplæringa dei ønskjer.

Vi viser elles til omtalen av kvensk i språkopplæringsmeldinga frå Kunnskapsdepartementet. 11

10.3.2.6 Vaksenopplæring i kvensk

Det er i dag berre eit fåtal av kvenskspråklege vaksne som også er i stand til å lesa og skriva språket sitt. Det er difor behov for eit alfabetiseringsprogram, slik at språket går over frå å vera eit passivt språk til eit levande språk som kan brukast i det daglege. Lese- og skriveopplæring må difor vera eit grunnelement i den kvenske revitaliseringsprosessen.

10.3.2.7 Høgare utdanning og forsking i kvensk

På Universitetet i Tromsø har det vore undervist i eit 60-poengskurs i kvensk språk og kultur på 1000-nivået og eit 30-poengskurs på 2000-nivået. Til dette har det vore nytta ressursar frå finskfaget, og kvensktilbodet har vore avhengig av eit særskilt engasjement frå entusiastiske enkeltpersonar.

Det er no nødvendig å arbeida for at det kan lata seg gjera å byggja opp eit fast studietilbod i kvensk språk og litteratur på universitetsnivå. Saman med dette må det også skapast grunnlag for å utvikla eit universitetsmiljø for forsking i kvenske kultur- og samfunnstilhøve. Dette må omfatta både språk, litteratur, kultur, historie og tilhøyrande disiplinar.

Det er også behov for å utvikla eit undervisningstilbod i kvensk for allmennlærarar, og det må arbeidast for å organisera eit etterutdanningstilbod for finsklærarar som ønskjer å leggja større vekt på kvensk i undervisninga. Vidare er det behov for å etablera kvensk som eit fag som kan inngå i den ordinære adjunkt- og lektorutdanninga.

10.3.2.8 Tiltak innanfor kultur- og mediesektoren

Kvensk litteratur er ikkje omfatta av eksisterande innkjøpsordningar eller av forlagsstøtte. I tillegg er det lite marknadspotensial for kvenske bøker. Det har difor vist seg vanskeleg å få sikra finansiering av kvensk litteratur innanfor gjeldande regelverk. Samstundes vil støtte til ein kvenskspråkleg roman ha stor språkpolitisk verdi.

I St.meld. nr. 48 (2002–2003) Kulturpolitikk fram mot 2014 heiter det at Norsk kulturråd nettopp ønskjer å stimulera eit skriftspråk som ikkje har offisiell rettskriving og grammatikk. I St.meld. nr. 17 (2005–2006) 2008 som markeringsår for kulturelt mangfald heiter det at det skal leggjast vekt på å utvikla det fleirkulturelle perspektivet innanfor etablerte tiltaks- og tilskotsordningar på kulturfeltet.

Det har elles vore arbeidt med å leggja til rette for at den einaste kvenskspråklege avisa i Noreg – Ruijan Kaiku (Gjenklang frå Noreg) – kan utviklast til ei vekeavis. At det på denne måten blir skapt eit fast offentleg forum for kvensk språk og kultur, vil kunna ha overlag mykje å seia for å gje kvensk ein synleg plass i det offentlege rommet. I dag kjem avisa ut med ei utgåve på om lag 20 sider ti gonger i året. Opplaget var i 2006 på 610 eksemplar.

På same måte som ymse andre publikasjonar fekk den kvenske avisa tidlegare tilskot direkte frå departementet over ein eigen budsjettpost under pressestøtteordninga. Med verknad frå 2007 er ansvaret for denne særskilde støtteordninga til namngjevne aviser overført til Norsk kulturråd. Grunngjevinga var at det skjønnet som avgjer kva for aviser som skal få slik støtte, bør skje på armlengds avstand frå politiske styresmakter.

Dette var basert på allmenne mediepolitiske vurderingar om at media skal vera frie og uavhengige av styresmaktene i redaksjonelle spørsmål. Men ei avis som er det einaste mediet i landet som blir utgjeve av og for ein nasjonal minoritet, lever ikkje først og fremst på ein konkurrerande meiningsmarknad slik som dei norskspråklege avisene.

Her dreier det seg meir om å sikra ein nødvendig infrastruktur for ein språkleg og kulturell minoritet som Noreg har teke på seg eit særskilt ansvar for å verne og fremja.

I tildelingsbrevet til Norsk kulturråd for 2007 har departementet difor, med underforstått referanse til den kvenske avisa, streka under at Kulturrådet ved tildeling av midlar skal leggja vekt på at tilskotet skal vera med på å oppfylla dei internasjonale pliktene Noreg har både etter FN-konvensjonen om politiske og sivile rettar og etter den europeiske rammekonvensjonen for vern av nasjonale minoritetar. Begge desse konvensjonane legg vekt på den retten minoritetane må ha til å bruka og dyrka mellom anna eigen kultur og eige språk.

Denne føresetnaden er ikkje teken med i tildelingsbrevet for 2008, men departementet legg likevel til grunn at føresetnaden står fast, og at Kulturrådet vil prioritera støtte til den kvenske avisa. I dei årlege statsbudsjetta kan dessutan departementet øyremerkja ein talfesta auke i den aktuelle løyvinga til Norsk kulturråd til prioriterte formål.

Departementet vil på denne måten ta sikte på å trappa opp tilskotet til den kvenske avisa dersom det elles kan liggja til rette for overgang til veke­avis.

NRK har kvar onsdag sending på finsk i Nordland, Troms og Finnmark. Kvar sending varer i 12 minutt. Sendinga er også tilgjengeleg på Internett.

10.3.2.9 Innsamling og registrering av kvenske stadnamn

I kulturmeldinga frå Bondevik II-regjeringa varsla departementet eit initiativ for å kartleggja kva som er innsamla av gamle stadnamn her i landet, og vurderte behovet for eit meir systematisk innsamlingsarbeid. Det vart også vist til at finske/kvenske og samiske stadnamn er særleg utsette, og at det her står att særleg mykje innsamlingsarbeid.

Som nemnt under kap. 8.3.3.5 er ikkje dette initiativet følgt opp. Rett nok har stadnamn­sekretæren for kvensk med midlar frå Språkrådet dei seinare åra gjennomført eit par mindre innsamlingsprosjekt i nokre Finnmarks-kommunar, men det er stort behov for eit supplerande innsamlingsprosjekt på meir systematisk grunnlag.

Dessutan er det nødvendig å kvalitetssikra mykje av det materialet som er samla inn tidlegare med tanke på dagens namnebruk, innplassering på kart osv.

Det blir også arbeidt med å utvikla ein kvensk stadnamnbase og eit stadnamnleksikon.

Stadnamn er ein av dei viktigaste kulturelle markørane for den kvenske minoritetsbefolkninga og har difor stor symbolverdi. Men dei kvenske stadnamna er også en del av kulturarven i Noreg som bør vernast og gjerast kjend som ein del av den allmenne kulturarven vår.

Det hastar med å samla inn kvenske stadnamn både i Troms og Finnmark. Minst like viktig er det å formidla det kvenske namnematerialet som alt er samla inn, og som i dag i liten grad er tilgjengeleg for den kvenske befolkninga og alle andre namneinteresserte. Det er elles behov for å vidareutvikla den kvenske stadnamnbasen gjennom teknisk-fagleg assistanse.

Som ein del av forvaltningsapparatet etter stadnamnlova finst i dag ein eigen namnekonsulent for kvensk som arbeider halv stilling. Det er behov for å utvida den halve stillinga, mellom anna slik at det også blir tid til å arbeida meir med innsamling og registrering.

Etter at stadnamnlova vart endra i 2005, fekk lova ein formålsparagraf der sikring av kvenske stadnamn er spesielt nemnd. Det same gjeld samiske stadnamn. Etter ordlyden skal stadnamna sikrast i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar, og i merknadene til føresegna heiter det at lova skal dokumentera, bevara og synleggjera språkleg og kulturelt mangfald slik det manifesterer seg i samiske, kvenske og skogfinske stadnamn.

Skrivemåten av kvenske stadnamn skal basera seg på finske rettskrivingsprinsipp fram til det eventuelt er utarbeidt eigne rettskrivingsprinsipp for kvensk.

10.3.2.10 Trespråkleg kulturbakgrunn

Fleire kommunar i Troms og Finnmark har innbyggjarar som høyrer til i både norsk, samisk og kvensk/finsk kultur. Storfjord kommune i Troms erklærte seg i mai 2007 som ein trespråkleg kommune.

Kommunen har sett i gang eit pilotprosjekt – Mangfold styrker – der målet er å synleggjera og likestilla norsk, samisk og kvensk/finsk kultur og språk.

I prosjektet skal det mellom anna utviklast ei opplæringspakke for dei tilsette i kommunen, og ein skal sjå om det er mogleg å oppretta eit språksenter som dekkjer både samisk og kvensk/finsk språk. Arbeids- og inkluderingsdepartementet gav i 2007 eit tilskot på 100 000 kroner til forprosjektet.

10.3.3 Merknader til oppfølging av Minoritetsspråkpakta

10.3.3.1 Oppmodingar frå ekspertkomiteen i ­Europarådet

Ekspertkomiteen i Europarådet som har gjennomgått den tredje rapporten frå Noreg om etterleving av Minoritetsspråkpakta, la fram vurderingane og merknadene sine i ein eigen rapport 16. mai 2007.

Komiteen oppmodar her norske styresmakter til å vidareføra og styrkja dialogen med dei kvenske språkbrukarane no som kvensk er godkjent som eige språk.

Komiteen viser til at han under vitjinga si i Noreg vart informert om at denne formelle godkjenninga ikkje har endra den reelle situasjonen for det kvenske språket, og at dette framleis er svært utsett. Ekspertkomiteen meiner det er behov for meir resolutt handling, ettersom kvensk i hovudsak berre er eit talespråk, og fordi det berre finst nokre hundre talarar som kan lesa språket.

Ekspertkomiteen oppmodar norske styresmakter til å auka innsatsen for å følgja opp godkjenninga av kvensk som eige språk, særleg ved å leggja til rette for arbeidet med standardisering, ved å støtta grunnleggjande forsking i kvensk språk, og ved å skipa organ med ansvar for å fremja språket.

Komiteen meiner at den logiske konsekvensen av den nye formelle status som kvensk har fått, er at norske styresmakter set i verk snarlege tiltak for å styrkja bruk av kvensk språk i det offentlege livet. Her er nemnt auka støtte til kvensk litteratur, både gjennom generelle og spesielle støtteordningar.

Komiteen er også oppteken av behovet for å få på plass eit radiotilbod på kvensk, særleg for barn og ungdom som i dag får undervisning i kvensk på skulen. I dag har NRKs distriktskontor i Tromsø ei tolv minutts radiosending kvar veke med det kvenske samfunnet som målgruppe, men etter det ekspertkomiteen har fått vita, går dette for det meste føre seg på standard finsk. Programmet går dessutan på eit tidspunkt av dagen då det er få som har høve til å høyra på. Komiteen viser i tillegg til at sendinga er altfor kort til å kunna møta behovet hos ulike delar av eit kvensk publikum.

Ekspertkomiteen tek også til orde for at norske styresmakter i samarbeid med dei kvenskspråk­lege får utvikla ein eigen læreplan i kvensk. I dag heiter det seg at kvensk språk skal tilleggjast vekt innanfor læreplanen i finsk.

Ekspertkomiteen oppmodar også styresmaktene til å setja i verk tiltak for å betra situasjonen for kvensk språk på alle relevante utdanningsnivå, under dette ikkje minst utvikling av læremiddel på kvensk. Vidare peiker komiteen på behovet for å fremja forskingsprosjekt for å utvikla det kvenske språket og for å støtta eit permanent studietilbod i kvensk på universitetsnivå.

Komiteen legg avslutningsvis vekt på at godkjenninga av kvensk som eige språk bør leggja til rette for ein betre dialog mellom styremaktene og representantar for kvenene, og vonar at dette vil bli organisert gjennom jamlege møte.

10.3.3.2 Tilråding frå Ministerkomiteen i Europa­rådet

Som avslutning på behandlinga av den tredje norske rapporten til Europarådet om korleis Noreg etterlever Minoritetsspråkpakta, gjorde Ministerkomiteen på møte 16. mai 2007 vedtak om å tilrå at Noreg i samarbeid med dei kvenskspråklege utformar ein systematisk politikk for å verna og styrkja kvensk språk.

Som særleg viktige tiltak innanfor ein slik heilskapleg politikk vart nemnt behovet for standardisering av kvensk, betre undervisning både i og på kvensk på alle aktuelle nivå, dessutan auka bruk av kvensk i det offentlege rommet. 12

Ved tilsvarande behandling av korleis Noreg etterlever rammekonvensjonen til vern av nasjonale minoritetar, vedtok Ministerkomiteen på møte 20. juni 2007 å tilrå at Noreg vidarefører og styrkjer arbeidet med å fremja og støtta opplæringa i kvensk språk.

10.3.4 Oppsummerande vurdering

Departementet legg til grunn at kvensk er eit svært utsett språk, men at det blant kvenene sjølve finst så mange språkberarar og ressurspersonar og så stort medvit om verdien av å sikra språket og kulturen at grunnlaget for nødvendig revitalisering er til stades.

Departementet legg samstundes til grunn at ein aktiv statleg medverknad er ein nødvendig føresetnad for at arbeidet skal føra fram.

For at ambisjonen om revitalisering skal lykkast og kvensk språk skal overleva på lengre sikt, er det behov for å satsa sterkare på standardisering som kan leggja grunnlaget for ein kvensk skriftkultur. Det trengst i tillegg ulike særordningar som kan stimulera til bruk av kvensk på så mange språkbruksarenaer som råd er, og som kan sikra at barn med kvensk bakgrunn får meir systematisk språkstimulering og språkopplæring i kvensk frå og med barnehagealderen.

Skal kvensk sikrast som eit levande språk på lengre sikt, må det setjast inn adekvate tiltak. Forholdet mellom finsk og kvensk i opplæringa vil heile tida bli vurdert i dialog med brukarane og med utgangspunkt i lokale ønske og behov.

Departementet vil særleg peika på det Minis­terkomiteen i Europarådet uttalte om behovet for ein systematisk politikk for kvensk språk. Dette krev ein heilskapeleg tankegang, slik at ein kan sjå ulike tiltak i samanheng, og slik at ein frå sentralt hald i samarbeid med representantar for kvenene kan gjera målretta og strategiske prioriteringar for å sikra at kvensk språk kan styrkja seg monaleg.

Til grunn for ein slik politikk må det liggja som eit overordna mål og ein klart uttrykt vilje å skapa grunnlag for at kvensk skal utvikla seg vidare som eit eige språk og dermed kunna bestå som eit levande språk også på lang sikt.

Systematisk styrking av kvensk språk må difor inngå som ein integrert del av ein heilskapleg norsk språkpolitikk.

Departementet vil vurdera å invitera representantar frå kvenene, alle dei aktuelle departementa og representantar for relevante fagmiljø til ein større konferanse om revitalisering av kvensk språk.

I tillegg til samordningsarbeid overfor dei andre aktuelle departementa vil Kultur- og kyrkjedepartementet innanfor eige sektoransvar i første omgang prioritera to konkrete tiltak.

For det første vil departementet ved vurdering av rammevilkåra til Kvensk institutt leggja vekt på behovet for å få fortgang i arbeidet med å standardisera kvensk språk.

For det andre vil departementet vurdera kva som kan gjerast for å leggja til rette for innsamling og registrering av kvenske stadnamn.

Utover dette vil departementet innanfor eige ansvarsfelt vurdera kva som kan gjerast i samarbeid med NRK for å få til eit monaleg betre radiotilbod på kvensk enn det som er tilfellet i dag.

Departementet vil også drøfta med dei ansvarlege kva som skal til for å vidareutvikla og styrkja den kvenske avisa Ruijan Kaiku.

Det langsiktige målet for arbeidet med å styrkja kvensk språk må elles vera at ein etter kvart kan skapa grunnlag for å gje kvensk vern på det høgaste og mest forpliktande nivået i den europeiske minoritetsspråkpakta. Føresetnaden er at det skjer ei utvikling der kvensk språk får ei stadig sterkare stilling. Då vil det kunna vera grunnlag for vern på høgaste nivå utan at ei slik formell statusheving i seg sjølv vil innebera nye plikter for norske styresmakter.

10.4 Romani og romanes

10.4.1 Bakgrunn og noverande situasjon

10.4.1.1 Opphavet til romani og romanes 13

Moderne språkforsking legg i dag til grunn at begge dei minoritetane som i Noreg har nemningane romanifolket og romfolket, stammar frå eit folk som utvandra frå Nord-India i retning av Europa for tusen år sidan eller meir. Språket deira var i nær slekt med sanskrit.

Omkring 1300 var dei nådd så langt som til Balkan og reiste omkring i fleire land. Nokre av dei kom til Norden omkring 1500. Desse vart kalla tatarar, eit omgrep vi hadde fått frå tysk alt før 1350. Det språket som desse snakka, som opphavleg var eit seint mellom-indoiransk språk, utvikla seg under innverknad av nordiske språk til å bli eit nordisk indoiransk språk, kalla romani.

Langt seinare, på 1800-talet, då det osmanske riket var i oppløysing, byrja ei ny stor vandring blant dei av romfolket som hadde slått seg ned lenger sør i Europa, der dei vart kalla sigøynarar. Nokre av desse kom også til Norden.

Jamvel om det noverande romanifolket og romfolket frå byrjinga av hadde hatt eit felles opphav, levde dei i mange hundreår under sterkt ulike vilkår. I Norden tyder utviklinga av språket til romanifolket på at dei har blanda seg meir med den bufaste befolkninga. Mellom anna bruker dei norsk syntaks og norske bøyingsmønster.

Det språket romfolket ute i Europa snakka, var eit meir moderne indisk språk, ulikt romani. Truleg fordi denne gruppa var mindre integrert i dei samfunna dei levde i enn dei nordiske frendane sine, heldt dei oppe meir av det opphavleg indiske i språket sitt.

10.4.1.2 Norsk romani og romanes i dag 14

Norsk romani, språket til romanifolket, og romanes, språket til romfolket, høyrer til to ulike greiner av europeisk romani, det første til nordleg romani, det andre til valakisk romani. Jamvel om norsk romani og romanes er språk i nær slekt, er dei i høg grad to separate språk. Dei har hatt minst 600-700 år på å utvikla seg i ulike retningar.

Begge språka har halde ved lag eit stort felles ordtilfang av indoarisk, iransk, armensk og gresk opphav. Norsk romani har teke opp ein del slaviske og tyske lånord som ikkje finst i romanes, medan romanes på si side har teke opp mange rumenske ord som ikkje finst i norsk romani.

Grammatisk har dei to språka utvikla seg svært ulikt. Norsk romani har teke til seg eit meir eller mindre reint norsk-svensk grammatisk system, både når det gjeld ordbøying og syntaks. Romanes derimot har halde fast ved store delar av eit indo­iransk grammatisk system, men også rumensk har sett tydelege grammatiske spor etter seg.

Dei to språka har elles ulike bruksområde. Romanes er førstespråket til det norske romfolket, og mange av dei eldre snakkar romanes betre enn norsk. Det norske romanifolket snakkar derimot ulike norske dialektar til dagleg, og ganske mange av dei har liten kunnskap om romani.

10.4.1.3 Nærare om romani i dag

Langvarig undertrykking og forsøk på assimilering av romanifolket har gjort sitt til at få personar i dag meistrar det opphavlege språket sitt. Jamvel om kulturen til romanifolket i dag held på å bli akseptert av storsamfunnet, er difor språket likevel på veg til å forsvinna. Nesten alle som i dag meist­rar språket, er eldre menneske, og det hastar difor med å få teke vare på den språkkunnskapen som desse sit inne med.

Romani har overlevd som eit delvis hemmeleg språk, eit språk nytta som eit internt gruppespråk. Dette må sjåast i samanheng med at det tidlegare ikkje var nokon fordel å identifisera seg sjølv som tatar. Dette har også gjort at få utanforståande har vore klar over kor mykje av språket som faktisk er bevart og delvis i bruk. Mange har trudd at språket var på det næraste utdøydd.

Som eit delvis hemmeleg språk vart norsk romani først og fremst brukt når det var praktisk at ikkje dei fastbuande, buroane, forstod det som vart sagt. I dag har synet på eigen identitet og det eigne språket i stor grad endra seg, og det er stor interesse blant romanifolket for å revitalisera språket.

Som dei fleste språk i verda er norsk romani framleis ikkje eit skriftspråk, og ein del av revitaliseringa går nettopp ut på å ta det i skriftleg bruk. I samband med dette kan det vera ulike oppfatningar om korleis språket skal skrivast. Slik variasjon i skrivemåte har ikkje å gjera med variasjon i uttalen, men handlar om at det ikkje finst ei eintydig oppfatning blant dei romanitalande om korleis lydane i språket skal skrivast.

Romani blir elles ofte brukt i kombinasjon med norsk. Det er svært vanleg i fleirspråklege samfunn over heile verda at språkbrukarane uttrykkjer seg ved hjelp av setningar som hentar element frå to språk. Det er dette språkforskarane kallar kodeveksling, jf. også omtale i kap. 7.1.4.5, men det kunne også kallast språkveksling. I Noreg er dette fenomenet kjent ikkje berre frå romanimiljø, men også frå samisk og kvensk og frå innvandrarmiljø.

Ved kodeveksling er det vanleg at dei to språka speler litt ulik rolle i ei setning. Det eine språket fungerer som ei grammatisk ramme som element frå det andre språket blir sette inn i. I romani-norsk kodeveksling er det norsk som fungerer som grammatisk ramme, noko som kjem til uttrykk gjennom norsk ordstilling og ved at dei grammatiske småorda er norske.

Men det lèt seg også gjera å snakka reint romani, utan å blanda inn norske ord. I 1993 gav den kjende predikanten Ludvig Karlsen (1935–2004) ut Romani-folkets ordbok. Der finst også ein god del setningar på rein romani.

10.4.1.4 Tiltak for styrking av romani

Departementet gav i 2007 eit tilskot på 278 000 kroner til eit språkprosjekt i regi av Taternes landsforening. Det er her tale om eit forprosjekt som ledd i arbeidet for å reetablera romani som eit meir fullverdig språk, mellom anna som skriftspråk.

Det er for det første tale om eit viktig innsamlingsarbeid. Det består i å gjera lydbandopptak med gamle tatarar som kan språket godt. For det andre skal lydmaterialet skrivast ned. Frå før har Taternes landsforening i samarbeid med Dronning Mauds Minne i Trondheim fått utarbeidt fleire hefte med historier der gamle tatarar fortel om kultur og levesett, og dei skal omsetjast til romani.

Målet er at det etter kvart skal kunna lagast lærebøker som kan gje grunnlag for mormålsundervisning i romani i skulen.

Ikkje minst også i regi av Landorganisasjonen for romanifolket går det føre seg eit arbeid for å utvikla eit grunnlag for språkopplæring i romani. Prosjektet fekk i 2005 økonomisk støtte på 50 000 kroner frå dei tilskotsmidlane Arbeids- og inkluderingsdepartementet disponerer til nasjonale minoritetar.

Arbeidet i regi av Landorganisasjonen for romanifolket har teke sikte på å få unge medlemmer til å læra seg språket. Organisasjonen viser til at mange av dei som for første gong hadde stått fram som tilhøyrande romanifolket, har eit sterkt ønske om å læra språket.

Arbeidet i regi av Landorganisasjonen for romanifolket har vore organisert gjennom studieringar.

Det har vore fleire mål med det arbeidet Landorganisasjonen for romanifolket har drive dei siste åra. Prosjektskissa frå 2004 peikte på behovet for ein konstruktiv diskusjon om romanispråket for å motverka mytar om språket og usemje om kva som er det korrekte språket. Vidare var målet å skapa forståing for og kunnskapar om nyansar og dialektar i romanispråket.

Det var også eit mål å samla røynslene frå studieringane for å koma fram til gode og tilpassa metodar for vidare arbeid, dessutan å utvikla rettleiingsmateriell for leiarar av slike studieringarog å utarbeida kompendium med ord som eit supp­lement og etter kvart til erstatning for den eksisterande ordboka av Ludvig Karlsen.

Det viktigaste målet var å koma i gang med å utvikla materiell til bruk i språkopplæring, i form av ordliste, grammatikk, kassettband og ei meir utdjupande rettleiing både for studieringar og sjølvstudium.

Eit anna viktig bidrag på dette feltet er arbeidet med romanifolkets kultur og historie ved Glomdalsmuseet. Romani-avdelinga ved Glomdalsmuseet vil bli ein viktig stad med tanke på presentasjon av språket og kulturen til romanifolket.

10.4.1.5 Nærare om romanes i dag

Romanes er altså språket til romfolket i Noreg. Omkring 400 personar av romfolket har hatt tilhald i Noreg dei siste ti åra, hovudsakleg i Oslo-området. Det blir lagt til grunn at alle har romanes som morsmål.

I løpet av dei siste ti åra har det også kome enkeltpersonar til Noreg som flyktningar frå Bosnia og Kosovo. Sidan det ikkje finst statistikk over språkleg eller etnisk tilhøyrsel (med unnatak av den samiske vallista), vil det eksakte talet på personar som tilhøyrer denne folkegruppa, vera usikkert.

I januar 2007 vart det i Sverige arrangert ein stor språkkonferanse, organisert av Kultursenteret for romfolket i Stockholm (the Roma Cultural Centre in Stockholm). Mottoet for konferansen var «eit språk utan grenser».

Formålet med konferansen var mellom anna å drøfta måtar å finna fram til ein metode for å standardisera språket.

10.4.2 Merknader om oppfølging av Minoritetsspråkpakta

10.4.2.1 Vurderingar frå ekspertkomiteen i Europarådet

I rapporten sin frå 2007 om korleis Noreg etter­lever Minoritetsspråkpakta, la ekspertkomiteen i Europarådet vekt på at norske styresmakter har demonstrert vilje til – i samarbeid med representantar for dei respektive språkbrukarane – å støtta både romani og romanes og den kulturen som desse språka er eit uttrykk for.

Det blir likevel peikt på at det ikkje er sett i verk spesifikke legale tiltak for å sikra utvikling og vern av romani og romanes. Komiteen meiner difor at det er meir som kan gjerast for å betra situasjonen, og ser fram til å få meir informasjon om dette i den neste rapporten frå Noreg.

Komiteen oppmodar norske styresmakter til å intensivera innsatsen for å verna og fremja romani og romanes, i samarbeid med dei respektive representantar for språkbrukarane, særleg innanfor utdanningsområdet.

Komiteen konstaterer vidare at det ikkje finst mediepolitiske tiltak som er spesifikt innretta mot romani og romanes, at bruk av desse språka i det offentlege rommet bli hemma av ei motvilje mot å bruka språket anna enn i privat samanheng, og at tilhøva heller ikkje ligg til rette for dette. Komiteen oppmodar norske styresmakter til å ta initiativ til tiltak som kan fremja bruk av romani og romanes i det offentlege rommet.

Komiteen oppmodar vidare norske styresmakter til å intensivera arbeidet med å gje barn frå omreisande familiar eit fast og regelmessig undervisningstilbod. Det blir her peikt på behovet for å finna alternative måtar å organisera undervisninga på for barn av romfolket, under dette fjernundervisning og stipend for potensielle rettleiarar i Noreg eller utanlands, dessutan produksjon av tilpassa læremiddel.

Komiteen har elles notert seg at det i regi av Noregs forskingsråd er initiert eit treårig forskingsprogram om romani-språket og det lingvistiske opphavet til språket. Dessutan viser komiteen til opplysningar frå Noregs forskingsråd om at det er initiert fleire prosjekt for å utvikla romani-språket, men at desse førebels ikkje har gjeve nemnande resultat.

Det blir i den samanheng vist til informasjon komiteen har fått om at det manglar kvalifiserte personar til å gjennomføra nødvendige forskingsaktivitetar. Komiteen oppmuntrar norske styresmakter til å finna alternative løysingar for å gjera noko med denne situasjonen.

10.4.2.2 Tilråding frå Ministerkomiteen i Europa­rådet

Som avslutning på behandlinga av den tredje norske rapporten til Europarådet om korleis Noreg etterlever Minoritetsspråkpakta, vedtok Ministerkomiteen på møte 16. mai 2007 å tilrå at Noreg styrkjer innsatsen for å skaffa til vegar undervisningsmateriell og utdanning av lærarar for undervisning både i kvensk, lule- og sørsamisk og romani og romanes.

10.4.3 Oppsummerande vurdering

Innanfor ramma av denne meldinga har det ikkje vore råd å koma langt nok i arbeidet med å analysera grunnlaget for ein framtidig språkpolitisk strategi for romani og romanes.

Departementet vil difor i dialog med språkbrukarane ta initiativet til ein dialog med sikte på å utforma tiltak for å sikra vern og utvikling av desse språka, mellom anna med utgangspunkt i merknadene frå Europarådet.

10.5 Norsk teiknspråk

10.5.1 Språkbrukarar i ei særstilling

10.5.1.1 Utgangspunkt

Dei typiske teiknspråkbrukarane, dei døve eller sterkt høyrselshemma, står i ei særstilling jamført med andre språkbrukarar, fordi det i utgangspunktet ikkje er noko alternativ for dei å kunna kommunisera på eit auditivt språk.

Dei er normalt ikkje fysisk i stand til å kommunisera via eit verbalt språk anna enn i skriftleg form, og er difor avhengige av eit visuelt språk – teiknspråket – for i det heile å kunna oppnå primær språkkontakt med andre menneske.

Men dette utgangspunktet gjeld ikkje for alle, for det finst varierande gradar av nedsett høyrsel, og mange teiknspråkbrukarar kan i større eller mindre grad nyttiggjera seg talespråk. Dei kan likevel vera heilt avhengige av teiknspråket for å oppnå fullgod interaksjon med andre.

Dette kan også gjelda menneske som høyrer normalt, men som har ulike former for språkvanskar som gjer at dei likevel ikkje kan gjera seg nytte av talespråket.

10.5.1.2 Medisinsk-tekniske framskritt

Dei siste par tiåra har elles medisinsk-teknologiske framskritt gjort det mogleg å gjenvinna høyrsla for heilt døve personar og betra høyrsla hos dei som i utgangspunktet høyrer så dårleg at høyreapparat ikkje hjelper. Ved å få operert inn såkalla koklea-implantat kan også dei som er fødde som døve, bli i stand til å oppfatta lyd. Mange av dei blir gjennom opptrening i stand til å kommunisera i større eller mindre grad ved hjelp av talespråk.

Resultatet er likevel individuelt. Dei som blir opererte på denne måten, går ikkje automatisk over frå å vera døve til å bli høyrande. Behovet for teiknspråk vil framleis vera til stades, for dei aller fleste, i større eller mindre grad.

10.5.1.3 Ulike perspektiv på teiknspråk

Den særstillinga dei døve og sterkt tunghøyrde tradisjonelt har hatt som språkbrukarar, heng i utgangspunktet saman med den nedsette funksjonsevna dei har. For dei som er fødde som døve, har det visuelle språket vore det einaste språket dei kunne bruka.

Men også for dei som heilt eller delvis har mista høyrsla på ulike stadium i livet, gjeld det at teiknspråket i større eller mindre grad er nødvendig for å overvinna ei nedsett funksjonsevne.

Spørsmål som gjeld teiknspråk, må framleis sjåast som ein del av politikken overfor menneske med nedsette funksjonsevner. Det handlar om å leggja tilhøva til rette for at alle delar av samfunnet skal bli så tilgjengeleg som råd er også for menneske med eit bestemt funksjonshinder.

Dette er i neste omgang ein føresetnad for at dei også skal kunna delta i samfunnet på same vilkår som andre. På den måten må tilrettelegging for bruk av teiknspråk i tillegg sjåast i eit demokratiperspektiv.

Alt i alt kan vi slå fast at for dei som er meir eller mindre avhengige av dette språket, er tilgangen til informasjon på teiknspråk og at dei skal ha sjanse til å gjera seg forstått på teiknspråket, ein grunnleggjande føresetnad for tilgjenge til og deltaking i samfunnet.

10.5.1.4 Teiknspråk i eit språkpolitisk perspektiv

Men i forlenginga av dette ligg det også i høg grad ein språkpolitisk dimensjon. Det grunnleggjande innhaldet i denne dimensjonen handlar om formelle rettar og reelle sjansar til å kunna bruka teiknspråket, dessutan at ingen skal diskriminerast på grunn av det språket dei bruker.

Fordi teiknspråket i utgangspunktet er eit språk som er utvikla til bruk for menneske med ei nedsett funksjonsevne, kan det elles vera ein fare for at språket blir sett på som eit erstatningsspråk. Eit slikt syn kan truleg også forklara at dei som har nytta teiknspråk, ofte har vore sedde ned på av majoritetssamfunnet.

Gradvis har det likevel vakse fram større innsikt i at teiknspråk er eit fullverdig språk på linje med andre språk. Teiknspråk må ikkje sjåast på som ein kommunikasjonsmetode for menneske med nedsette funksjonsevner, men som eitt av fleire språk som blir nytta i eit mangespråkleg samfunn.

I denne meldinga – som skal leggja grunnlaget for ein heilskapleg og sektorovergripande språkpolitikk – er det naturleg nok dette språkpolitiske perspektivet på teiknspråk som står i framgrunnen.

Med utgangspunktet i eit slikt perspektiv må vi slå fast at teiknspråk har ein grunnleggjande verdi i seg sjølv, mellom anna som identitetsmerke og ekte kulturuttrykk for ein språkleg minoritet i det norske samfunnet. Det norske teiknspråket er også eit genuint norsk språk, ein del av den norske kulturarven og ikkje minst ein del av det språklege mangfaldet i landet som vi alle har ei særleg plikt til å ta vare på.

10.5.2 Tilhøvet mellom teiknspråk og ­ tale­språk

10.5.2.1 Likt og ulikt talespråk

Teiknspråk og talespråk er skilde språk, men dei ulike teiknspråka som finst i verda, er innanlandske språk som i hovudsak formidlar den same kulturen som talespråket eller talespråka i vedkomande land.

Eit teiknspråk består av eit system av konvensjonelle symbol, eit ordtilfang og eit system av reglar for korleis symbola skal brukast, ein grammatikk. I så måte er ikkje teiknspråka annleis enn talte språk, og dei oppfyller på den måten alle krav som kan stillast til sjølvstendige språk.

Det som derimot skil eit teiknspråk frå eit talt språk, er at det blir formidla manuelt gjennom gestar, ikkje gjennom tale, og at det blir teke imot visuelt, via synet, ikkje via høyrsla. Det er også den skilnaden at teiknspråka saknar eit skriftspråk.

10.5.2.2 Teiknspråk som førstespråk og andrespråk

Ulikt talte språk blir teiknspråk som regel ikkje overført frå foreldre til barn, frå generasjon til generasjon. Fleirtalet av døve barn blir fødde inn i familiar der foreldra er høyrande og bruker tale­språk.

Dei som har teiknspråk som morsmål i snever meining, er dermed svært få. Dei omfattar berre barn, døve eller høyrande, av døve foreldre. For å dekkja inn også det fleirtalet av døve barn som har høyrande foreldre, bruker ein gjerne i staden for morsmål den meir generelle termen førstespråk om det teiknspråket desse barna tileignar seg.

For dei fleste døve barn er altså situasjonen den at foreldra i utgangspunktet ikkje meistrar førstespråket deira, dvs. det teiknspråket som er det einaste språket barnet i utgangspunktet kan ta til seg.

Foreldra må med andre ord i kommunikasjonen sin med barnet bruka eit språk som for dei sjølve er nytt og framandt, og som dei difor må tileigna seg parallelt med at dei overfører det til det døve barnet. Dette fører naturleg nok til at språkutviklinga hos teiknspråkavhengige barn er noko annleis enn for dei fleste andre barn.

Foreldre med døve barn må altså læra seg teiknspråket som andrespråk.

Også sysken til døve barn kan tileigna seg teiknspråk som andrespråk. Og ikkje minst vil teiknspråket utgjera eit andrespråk for mange høyrselsskadde personar som har behov for eit språkleg alternativ til talespråket.

Teiknspråk vil også vera andrespråk for tolkar og andre som i yrkessamanheng heilt eller delvis har dette som arbeidsspråk.

10.5.2.3 Teiknspråkbrukarar som tospråkleg ­minoritet

Her i landet reknar Noregs Døveforbund med at det finst ca. 5000 døve. I tillegg reknar dei med at det er om lag dobbelt så mange – 10 000 personar – som sjølve er høyrande, men som bruker teiknspråk fordi dei er i familie med eller er venner til døve. Anslaget frå Døveforbundet omfattar dessutan 1500 fagfolk som bruker teiknspråk i yrkesutøvinga si.

Det totale talet på teiknspråkbrukarar i Noreg blir etter dette ca. 16 500.

I alle land utgjer teiknspråkbrukarar ein minoritet blant ein talespråkleg majoritet. På same måten som andre språklege minoritetar må difor teiknspråkbrukarar vera tospråklege dersom dei skal ha sjanse til å delta i samfunnslivet på ein tilnærma fullverdig måte.

Dette behovet for tospråkleg kompetanse vil vera til stades jamvel om samfunnet blir lagt mykje betre til rette for teiknspråkbrukarar enn i dag.

I utgangspunktet er likevel døve og mange høyrselshemma tospråklege på ein annan måte enn det som er tilfellet for talespråklege minoritetar. Teiknspråkbrukarar blir ikkje på same måten spontant tospråklege.

For dei døve vil dessutan teiknspråket og majoritetsspråket fylla heilt ulike funksjonar. Teiknspråket har funksjonen som instrument for innlæring av kunnskapar som blir brukte i direkte kommunikasjon med andre, medan majoritetsspråket primært fyller ein rein lese- og skrivefunksjon.

10.5.2.4 Verknader av koklea-implantat

Det at om lag 90 prosent av alle døve barn i dag får operert inn koklea-implantat, vil gjera at mange av dei kan veksla mellom teiknspråk og talespråk, dvs. at dei blir tospråklege på ein annan måte enn dei som vekslar mellom teiknspråk og skriftspråk.

Når det gjeld språkutviklinga for slike barn, kan det elles variera i kva grad ein bør leggja vekt på talespråkleg stimulering eller tospråkleg tilnærming med teiknspråk. Dette er spørsmål som blir nærare behandla i meldinga frå Kunnskapsdepartementet om språkstimulering og språkopplæring.

Det som må strekast under i denne meldinga, er at det medisinsk-teknologiske framsteget som koklea-implantat representerer, ikkje vil gjera teiknspråk overflødig.

For det første er det mange nolevande døve som aldri vil bli opererte på denne måten, både barn og vaksne, og som vil nytta teiknspråket som kommunikasjonsmiddel i heile levetida si.

Dei som blir opererte, får heller ikkje fullgod høyrsel; dei må i regelen klassifiserast som tunghøyrde.

I den offentlege utgreiinga om teiknspråk som vart lagd fram i Sverige i 2006, er det streka under at koklea-implantat ikkje gjenskaper naturleg høyrsel, men at det er tale om ei form for kunstig høyrsel. Det blir også vist til medisinske evalueringar og språkvitskaplege studiar som alle peiker i retning av at det er viktig for opererte barn å ha tilgang til teiknspråket for at dei skal vera sikra ei god språkutvikling. 15

Også den nyleg framlagde svenske språklov­utgreiinga strekar under tilsvarande synspunkt. 16

Her blir det vist til at koklea-implanat ikkje fungerer like effektivt for alle, at ein del rett nok får hjelp til å tolka lyd slik at dei blir i stand til å kommunisera på talespråk, men at det for andre fungerer mindre bra. Det kan koma av at barnet ikkje trivst med implantatet sitt, at det ikkje fungerer reint teknisk, eller at det ganske enkelt ikkje gjev så god høyrselseffekt som føresetnaden var.

Utgreiinga strekar under at barn med koklea-implantat difor ikkje bør klassifiserast som høyrande, at dei treng teiknspråket for alle dei situasjonar i livet der høyrsla ikkje strekk til.

Det blir her vist til at det kan vera vanskeleg for barnet å forstå og uttrykkja det behovet det har for i visse situasjonar å ha tilgang til teiknspråk. Dette er noko barnet til vanleg lærer etter kvart som det blir eldre, men i mellomtida kan det ha gått glipp av mykje kunnskap og sosial kontakt.

Den svenske utgreiinga peiker på at den tiltrua som omgjevnadene kan ha til effekten av koklea-implantatet, ikkje alltid stemmer med den situasjonen barnet opplever, og at dette kan føra til at barnet ikkje får tilfredsstilt det behovet det har for ei tospråkleg utvikling der både talespråket og teiknspråket blir stimulert.

Norsk teiknspråk er og vil i framtida vera ein del av det språklege mangfaldet i Noreg. Det må behandlast som andre fullverdig språk og få den status som naturleg følgjer av dette.

10.5.3 Offisiell status for teiknspråk

10.5.3.1 Initiativ frå Norges Døveforbund

I tråd med dette har Norges Døveforbund i mange år arbeidt for å gje norsk teiknspråk høgare status.

Ein resolusjon som vart vedteken på forbundskongressen i 2001, tok til orde for å gjennomføra ei utgreiing med sikte på å lovfesta dei døves rett til teiknspråk. Det heitte at ei teiknspråklov måtte sikra retten for dei døve til å delta på alle område i samfunnet, så som retten til bruk av teiknspråk til utdanningsformål, i arbeid og religionsutøving og i samband med helsetenester, for informasjons- og kulturformål og i kultur- og fritidsaktivitetar.

I oversendingsbrev til fleire departement vart dette omtalt som eit arbeid for å lovfesta norsk teiknspråk som «offentlig» språk i Noreg, og seinare har saka vore omtalt som eit spørsmål om å lovfesta norsk teiknspråk som «offisielt» språk.

I brev frå Døveforbundet i mars 2002 vart Kultur- og kyrkjedepartementet bedt om å utgreia kva form ei teiknspråklov skulle ha, og kva konsekvensar det ville ha at teiknspråk vart offisielt språk i Noreg.

10.5.3.2 Utgreiinga frå ABM-utvikling

I 2003 gav departementet ABM-utvikling i oppdrag å gjennomføra ei utgreiing som mellom anna skulle drøfta kva verkemiddel som kan sikra at teiknspråkbrukarar får delta i samfunnslivet, og at dei får nødvendig informasjon og hjelp i dagleg­livet.

Det gjekk fram av premissane frå departementet at det måtte vurderast nærare om lovfesting av teiknspråk som offisielt språk var den beste måten å oppnå dette på. Som mogleg alternativ til ei eiga lov om teiknspråk vart det vist til ei løysing med å sikra språklege rettar for døve gjennom eksisterande lovverk.

Resultatet av dette utgreiingsarbeidet vart i juni 2004 lagt fram i ein eigen rapport med tittelen «Norsk tegnspråk som offisielt språk».

Her finst nyttig bakgrunnsinformasjon og ei god kartlegging av dagens situasjon. Rapporten konkluderte med å tilrå at departementet utarbeidde eit lovforslag om at norsk teiknspråk blir offisielt språk i Noreg, men gjorde det ikkje særleg klart kva ein tenkte seg at dette i praksis skulle innebera.

10.5.3.3 Uttrykket «offisielt språk»

I Budsjett-innst. S. nr. 2 (2005–2006) vart regjeringa bedt om å halda fram arbeidet med spørsmålet om teiknspråk som offisielt språk.

Både rapporten og den måten saka elles har vore behandla på til no, synest å byggja på ei førestelling om at omgrepet «offisielt språk» i seg sjølv har eit nokolunde fast innhald som det automatisk følgjer visse konsekvensar av.

Men at noko er offisielt, tyder eigentleg ikkje noko anna enn at det er formelt autorisert, eller at det er godkjent av ansvarlege styresmakter. Uttrykket gjev ikkje utan vidare svar på i kva funksjon, for kva formål, til kva bruk det er autorisert eller godkjent.

Alle språk kan difor seiast å ha offisiell status dersom dei direkte eller indirekte er omfatta av eit eller anna slags tiltak som det offentlege er ansvarleg for å tilby i medhald av lov, forskrift eller på anna formelt grunnlag. Norsk teiknspråk er mellom anna omfatta av føresegner i opplæringslova som gjev rett til opplæring i og på teiknspråk for elevar som har dette som førstespråk. 17 Også i vidaregåande opplæring har teiknspråklege elevar nærare definerte rettar etter lova.

Likevel blir uttrykket offisielt språk kanskje oftast brukt om språk som i kraft av vedtak eller sedvane har rettsleg status som offentleg administ­rasjonsspråk i eit land. Dette er som regel identisk med majoritetsspråket i landet, såleis norsk i Noreg, svensk i Sverige og dansk i Danmark.

Her i landet blir dessutan samisk rekna som offisielt språk i kraft av den særskilde grunnlovs­føresegna og gjennom føresegna i samelova som seier at samisk og norsk er likeverdige språk, og at dei skal vera likestilte språk etter dei nærare reglane i den same lova. Gjennomgåande har likevel ikkje samisk og norsk same funksjonar som administrasjonsspråk i det norske samfunnet. Jamført med norsk er det offisielle bruksområdet for samisk avgrensa gjennom dei nærare språkreg­lane i lova.

Det at Noreg har ratifisert den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk, og at ratifikasjonen i tillegg til samisk er gjort gjeldande også for kvensk, romani og romanes, har gjeve desse språka ein særskild folkerettsleg status. Dermed har Noreg teke på seg visse plikter overfor desse språka, og også desse har på den måten fått ein offisiell status her i landet.

Vi ser av dette at uttrykket «offisielt språk» kan nyttast om språk med svært ulik formell og reell status, og at tydinga av uttrykket og dei substansielle følgjene av det kan variera mykje.

Det typiske for den offisielle status som ulike språk kan seiast å ha, er at han har ulik innretning og ulik styrke for dei ulike språka, og at også rettsgrunnlaget kan vera ulikt.

Slik sett blir uttrykket offisielt språk diffust, og det representerer dermed ikkje noko godt utgangspunkt for arbeidet med å betra stillinga for norsk teiknspråk og norske teiknspråkbrukarar.

Utgangspunktet er at norsk teiknspråk frå før kan seiast å ha ei form for offisiell status, primært gjennom føresegnene i opplæringslova. Departementet ser likevel eit klart behov for å gje språket høgare offisiell status. Ein slik status må byggja på eit meir generelt språkpolitisk grunnlag.

10.5.3.4 Svensk og finsk jamføring

Her er det mellom anna grunn til å visa til situasjonen i Sverige. Her gjorde Riksdagen alt i 1981 eit vedtak som godkjende («erkände») det svenske teiknspråket som dei døve sitt førstspråk.

I den offentlege utgreiinga om svensk teiknspråk frå 2006 heiter det om denne avgjerda at ho gav teiknspråket offisiell status som språk og stilling som undervisningsspråk ved undervisning av døve og høyrselsskadde. Gjennom at det svenske teiknspråket på denne måten vart offisielt godkjent som eit fullverdig språk, heiter det vidare, vart det lettare for dei teiknspråklege å hevda språket sitt og interessene sine i ulike samanhengar. 18

Det er grunn til å merka seg at den sterke status teiknspråket har i Sverige, ikkje har grunnlag i lov. I Finland derimot er det fastsett i grunnlova frå 2000 at rettar for dei som bruker teiknspråk, og for dei som på grunn av handikapp treng tolkings- og omsetjingsstøtte, skal sikrast gjennom lov.

Denne grunnlovsføresegna er følgd opp gjennom ulike føresegner om teiknspråk i relevante særlover. Også i Sverige finst ulike føresegner om teiknspråk i særlovgjevinga. Ingen av landa har eigne lover om teiknspråk, verken generelle overordna lover eller lover som meir i detalj samlar dei ulike rettane teiknspråkbrukarane har til å få informasjon på teiknspråk eller til å bruka teiknspråk i ulike situasjonar på ulike samfunnsområde.

Likevel er Sverige og Finland på teiknspråkområdet lyfta fram som førebilete for andre land i ein rapport frå 2003 utarbeidd på oppdrag av komiteen for juridiske spørsmål og menneskerettar i den parlamentariske forsamlinga i Europarådet. 19

10.5.3.5 Offisiell godkjenning av norsk teiknspråk

Departementet finn heller ikkje her i landet at det vil vera formålstenleg å ta som utgangspunkt at det bør utarbeidast ei eiga lov om teiknspråk, og i alle fall ikkje ei lov som meir i detalj skal regulera kva rettar teiknspråkbrukarar har eller skal ha i ulike samanhengar. Dette bør regulerast i særlovgjevinga. Desse rettane bør også sjåast i samanheng med rettar for menneske med andre kommunikasjonshandikapp.

Departementet vil likevel gå inn for ei løysing som inneber at norsk teiknspråk får høgare offisiell status gjennom ei generell lovforankring. Det kan best skje ved at norsk teiknspråk blir omfatta av ei allmenn språklov, slik det er gjort framlegg om i kap. 3 i denne meldinga.

Grunngjevinga for ei allmenn språklov er først og fremst behovet for å gje eit sterkare fundament for arbeidet med styrking av norsk språk.

Men departementet legg til grunn at ei slik lov også bør innehalda tilpassa og oppdaterte føresegner om samisk, gamle og nye minoritetsspråk og om norsk teiknspråk. Målet vil vera å koma fram til ei lov som gjev eit samla uttrykk for den norske språksituasjonen, og som nærare definerer kva status og rolle også andre språk enn norsk skal ha innanfor denne totaliteten.

For norsk teiknspråk vil ei slik løysing i seg sjølv innebera ei klar statusheving gjennom overordna lovforankring, og dessutan ei tydeleg markering av at omsynet til norsk teiknspråk og norske teiknspråkbrukarar for framtida skal inngå som ein integrert del av ein samla språkpolitikk i Noreg.

Departementet tek også sikte på at Språkrådet, som statens fagorgan i språkspørsmål, skal få eit utvida ansvar for andre språk enn norsk, og at dette også skal omfatta norsk teiknspråk. Ei tenkjeleg løysing vil då vera at det i Språkrådet blir oppretta ei eiga stilling som teiknspråkkonsulent. Også dette er nærare omtalt i kap. 3.

Ei løysing med ei allmenn språklov som også omfattar teiknspråk, vil i prinsippet vera i samsvar med det forslaget som vart lagt fram i den svenske språklovutgreiinga 18. mars i år. Dette lovframlegget omfattar i alt 16 paragrafar, og to av dei inneheld føresegner om teiknspråk.

Departementet vil arbeida vidare med spørsmålet om utforming av ei norsk språklov slik som skissert i kap. 3.

10.5.3.6 Tilhøvet til Minoritetsspråkkonvensjonen

I tillegg til å gje norsk teiknspråket høgare status i Noreg er det også behov for å arbeida internasjonalt for å gje teiknspråk generelt ei sterkare folkerettsleg stilling.

Mellom anna har det i samband med ein gjennomgang av den nordiske språkkonvensjonen vore vurdert om teiknspråk så langt råd er kan likestillast med talte språk. 20

Under behandling av den nordiske språkdeklarasjonen hausten 2006 vedtok Nordisk råd ein rekommandasjon 23/2006, som mellom anna oppmodar Nordisk ministerråd å gje teiknspråk den same stillinga som lovfesta minoritetsspråk.

Det har også vore spørsmål om teiknspråk kan koma inn under den europeiske pakta om regions- og minoritetsspråk.

Kravet til minoritetsspråkstatus er at eit språk tradisjonelt blir brukt innanfor ein stat av ei gruppe borgarar av denne staten som i tal er mindre enn resten av folket i staten, og at språket er forskjellig frå det offisielle administrasjonsspråket i staten. Desse kriteria gjer at dialektar og nyare innvand­rarspråk fell utanom. For å kvalifisera som minoritetsspråk må språket også talast av så mange personar at det rettferdiggjer statlege tiltak for å verna og fremja språket.

I utgangspunktet tilfredsstiller dei nasjonale teiknspråka desse krava, og slik sett kunne det liggja til rette for at teiknspråk fekk status som ikkje-territoriale minoritetsspråk etter konvensjonen.

Som motargument har det vore vist til at språkkonvensjonen er ein kulturkonvensjon som tek sikte på å støtta historiske språk som er ein del av den europeiske kulturarven, og at den funksjonen teiknspråket har, ikkje først og fremst er kulturell. Det er då lagt vekt på at teiknspråk først og fremst er eit kommunikasjonsmiddel. 21

Også minoritetsspråkkomiteen i Europarådet har lagt til grunn eit slikt synspunkt, dvs. at den europeiske språkkonvensjonen er ein kulturkonvensjon som tek sikte på å verna og utvikla historiske minoritetsspråk, ikkje språklege minoritetar.

I den svenske teiknspråkutgreiinga frå 2006 blir ein del av grunnlaget for denne tolkinga avvist:

«Jag delar inte minoritetsspråkkomitténs bedömning att teckenspråkets funktion inte i första hand kan ses som kulturell. I likhet med andra språk är teckenspråk både ett kommunikationsmedel och ett medel att skapa kulturell gemenskap; der är över huvud taget mycket vanskligt att skilja på dessa uppgifter. Svensk teckenspråk uppfyller mycket väl de grundläggande kriterierna for territorielt obundna minoritetsspråk enligt Euroaprådets ramkonvention. Det har använts av hävd i Sverige, det skiljer sig påtagligt från majoritetsspråket och det används av ett så stort antal individer att det motiverer olika åtgärder för skydd och främjande.» 22

I utgreiinga blir det likevel vedgått at den tospråklege kompetansen som dei døve oppnår, i større grad er monokulturell enn det som er situasjonen når det gjeld talte minoritetsspråk. For teiknspråket formidlar i store trekk den same kulturen som det svenske nasjonalspråket, i og med at dei fleste teiknspråkbrukarar er fødde i Sverige av svensktalande foreldre.

Difor er det oftast den kulturarven og dei tradisjonane som høyrer til majoritetssamfunnet, teiknspråkbrukarane får formidla gjennom familie og nærmiljø. Dette gjer at det høver mindre bra å gje teiknspråket minoritetsstatus med grunnlag i ein konvensjon som har som hovudformål å fremja språk som eit uttrykk for ein særskild kulturarv.

Den svenske teiknspråkutgreiinga legg i tillegg vekt på at språkkonvensjonen heller ikkje elles er skriven med tanke på teiknspråk. Difor er fleire av føresegnene i konvensjonen ikkje utan vidare relevante for teiknspråk.

Det blir her vist til at teiknspråket for dei døve på ein heilt annan måte enn talte minoritetsspråk er tufta på eit grunnleggjande behov, og at teiknspråkbrukarar i mykje større grad har behov for tolk og for å få informasjon på sitt eige språk.

Dette inneber at fleire av rettane i språkkonvensjonen er inadekvate eller utilstrekkelege for teiknspråkbrukarar.

Utgreiinga legg difor til grunn at dei formåla som språkkonvensjonen har, ikkje fell saman med og ikkje er godt nok tilpassa dei behov som er dei mest påtrengjande for teiknspråket og for dei språkbrukarane som er avhengige av dette språket. Skilnadene er for store.

Konklusjonen er at teiknspråket treng eit vern som er sterkare og annleis enn det som ville følgja av minoritetsspråkstatus, og at det bør få ei folkerettsleg stilling som ikkje er identisk med, men som tilsvarer det som gjeld språka til nasjonale minoritetar.

Det heiter at dette siktemålet bør liggja til grunn for det vidare arbeidet med svensk språklovgjeving, ved revisjon av den nordiske språkkonvensjonen og i samband med utforming av nordisk språkpolitikk. Det heiter avslutningsvis at Sverige i Europarådet bør arbeida for ein konvensjon som gjev dei europeiske teiknspråka ein status som tilsvarer minoritetsspråkpakta.

Frå norsk side vil det vera viktig å følgja nøye korleis dette blir følgt opp internasjonalt.

10.5.4 Anna arbeid for norsk teiknspråk

10.5.4.1 Eksisterande rettar for teiknspråkbrukarar

Parallelt med arbeidet for å gje norsk teiknspråk ein høgare status på eit overordna språkpolitisk grunnlag må det arbeidast vidare med å leggja tilhøve praktisk til rette for teiknspråkbrukarar på ulike samfunnsområde. I dette inngår også spørsmålet om i kva grad det er grunnlag for å byggja vidare ut dei rettar som teiknspråkbrukarane har gjennom særlovgjevinga.

I dag er det føresegnene i opplæringslova som er grunnleggjande.

Utgangspunktet er elles at det er mangelen på kompetanse i teiknspråk som representerer det viktigaste hinderet for å kunna kommunisera på teiknspråk utanfor døvemiljøa sjølve. Svært få ikkje-døve kan teiknspråk. Det gjeld også tilsette i offentleg forvaltning.

Folketrygdlova gjev difor dei som ikkje kan kommunisera på talespråk, rett til gratis tolk for at dei skal kunna fungera i dagleglivet, i utdanning og arbeid og i samband med polikliniske helsetenester. Tolkeordninga blir administrert av Nav Hjelpemiddelsentral.

Vidare blir forvaltningslova tolka slik at eit forvaltningsorgan har plikt til å skaffa tolk for høyrselshemma som treng det. Tolk kan tingast frå Nav Hjelpemiddelsentral. Utgiftene skal dekkjast av forvaltningsorganet. Tilsvarande gjev domstollova rett til tolk for dei som skal forklara seg i retten.

Den høyrselshemma må sjølv sørgja for å tinga folketrygdfinansiert tolk. Det er opp til brukaren å avgjera til kva formål i dagleglivet vedkomande vil bruka tolk eller ha følgje av tolk, og også på kva tidspunkt tolkinga skal skje.

Problemet er at det ikkje finst god nok tilgang på tolkar. Behovet for tolk blir ofte ikkje forstått, heller ikkje den praktiske tilrettelegginga som krevst for at ein høyrselshemma skal kunna bruka tolk til dømes på eit politisk møte. Dessutan synest det heller ikkje i offentleg forvaltning å vera godt nok kjent at dei har plikt til å tinga og betala for tolk.

Føresegnene i folketrygdlova om rett til tolkehjelp står i kapitlet om ytingar under medisinsk rehabilitering. Tolkehjelp er ei teneste på linje med tekniske hjelpemiddel for menneske med nedsett funksjonsevne.

10.5.4.2 Pågåande arbeid og vidare initiativ

Regjeringa vil ta initiativ til å få utgreidd vidare kva rettar teiknspråkbrukarar skal ha, og kva plikter offentlege styresmakter og andre instansar skal ha overfor teiknspråkbrukarane og utviklinga av teiknspråket og teiknspråkkulturen.

Utgreiinga må også vurdera i kva grad og på kva måte dette treng forankring i lovverket. I dette arbeidet må det takast omsyn til kva som vil vera råd å gjennomføra både på kort og på lang sikt. Her er det særleg tilgangen på teiknspråktolkar som er den kritiske faktoren.

Noko av det som må vurderast, er kva plikter som kan følgja av ratifikasjon av FN-konvensjonen om rettar for menneske med nedsett funksjonsevne.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet bad i oktober 2007 Arbeids- og velferdsdirektoratet om å laga en rapport med eit samla og framtidsretta oversyn over området tolking og kommunikasjons­tenester. I samband med dette har det vore arbeidt med å laga ein heilskapleg plan for vidareutvikling av tenenestetilbodet. Brukarperspektivet blir teke vare på gjennom ei referansegruppe som er breitt samansett. Rapporten vart avlevert til Arbeids- og inkluderingsdepartementet våren 2008.

Stortinget har nyleg vedteke ny diskriminerings- og tilgjengelegheitslov for menneske med nedsett funksjonsevne, jf. Ot.prp. nr. 44 (2007–2008) og Innst. O. nr. 68 (2007–2008). Mellom anna vil kravet i lova om universell utforming kunna føra til betre tilhøve også for teiknspråkbrukarar. Som nemnt i proposisjonen vil regjeringa arbeida vidare med å greia ut spørsmålet om rettskrav på tilgang til informasjon, varer og tenester.

Kyrkje- og kulturdepartementet skal greia ut om det bør innførast generelle krav til teksting og teiknspråktolking for digitale medium på fjernsynsområdet.

10.6 Oppsummering av prioriterte tiltak

  • 1 Kultur- og kyrkjedepartementet har eit overordna språkpolitisk ansvar også overfor ­samisk, språka til nasjonale minoritetar, norsk teiknspråk og elles andre minoritetsspråklege grupper i Noreg.

  • 2 Regjeringa vil følgja opp merknader og tilrådingar frå ekspertkomiteen og ministerkomiteen i Europarådet om korleis Noreg etterlever konvensjonen om regions- og minoritetsspråk.

  • 3 Regjeringa vil setja i gang eit arbeid med sikte på å utvikla ein handlingsplan for samisk språk.

  • 4 Regjeringa vil følgja opp rapporten frå 2007 om evaluering av språkreglane i samelova i sam­arbeid med Sametinget, også som eit viktig grunnlag for handlingsplanen for samisk språk.

  • 5 Regjeringa legg til grunn at det er viktig å skipa tospråklege samfunn der dette lèt seg gjera, og er positiv til ei ytterlegare utviding av forvaltningsområdet for samisk språk.

  • 6 Departementet vil halda fram arbeidet med å verna og styrkja kvensk språk.

  • 7 Departementet vil vurdera å invitera representantar frå kvenene, alle dei aktuelle departementa og representantar for relevante fagmiljø til ein større konferanse om revitalisering av kvensk språk.

  • 8 Departementet vil drøfta med dei ansvarlege kva som skal til for å vidareutvikla og styrkja den kvenske avisa Ruijan Kaiku.

  • 9 Departementet vil leggja til rette for å intensivera arbeidet med innsamling og registrering av samiske og kvenske stadnamn.

  • 10 Departementet vil ved vurdering av rammevilkåra til Kvensk institutt leggja vekt på behovet for å få fortgang i arbeidet med å standardisera kvensk språk.

  • 11 Relevante departement vil vurdera kva som kan gjerast for å tryggja minoritetsspråka romani og romanes.

  • 12 Departementet tek sikte på å forankra det overordna ansvaret det offentlege har for norsk teiknspråk, i den generelle språklova som er nærare drøfta i kap. 3 i denne meldinga.

  • 13 Det vil bli vurdert å oppretta ei stilling som teiknspråkkonsulent i sekretariatet i Språk­rådet.

  • 14 Departementet vil også i internasjonal samanheng arbeida for å gje teiknspråk ei sterkare stilling.

  • 15 Regjeringa vil vurdera situasjonen for teiknspråkbrukarane med omsyn til praktisk tilrettelegging for bruk av teiknspråk på ulike samfunnsområde og dei formelle rettar og plikter som er knytte til dette.

  • 16 Departementet vil gje Språkrådet i oppdrag å byggja opp ei oversikt over nordiske eller europeiske fagmiljø som kan gje nordmenn med ­minoritetsspråkleg bakgrunn informasjon om språket deira.

  • 17 Departementet vil vurdera kva konkrete opp­gåver Språkrådet kan vareta når det gjeld dei nyare innvandrarspråka i Noreg.

Fotnotar

1.

Grepstad, Ottar (2002), s. 26.

2.

St.meld. nr. 23 (2007–2009): 14.

3.

St.prp. nr. 1 (2007–2008) AID: 279.

4.

Karakteristikken «samfunnsberande» om samisk språk må her oppfattast å gjelda nordsamisk.

5.

Salminen, Tapani, jf. seinare utgåve omtalt av Walton, Stephen J. 2004.

6.

Andersen og Strömgren 2007: 37.

7.

NOU 1985:14: 158.

8.

Eira, Inger Marie Gaup 2001.

9.

Höglin, Renée 2002: 67–71.

10.

2006/04040-72

11.

St.meld. nr. 23 (2007–2008): 69-70.

12.

«... adopt a structures policy for the protection and promotion of the Kven language in co-operation with the speakers, in particular concerning the standardisation of Kven, the improvement of teaching in/of Kven at all appropriate stages, and the increase of the use of Kven in the public sphere.»

13.

Sogner, Sølvi 2003 band 1: 360-361.

14.

Framstilinga her byggjer på Theil, Rolf 2008.

15.

SOU 2006:54: 51-52.

16.

SOU 2008:26: 121-122.

17.

Stortinget vedtok 23. mai 2008 å utvida retten til teiknspråkopplæring for elevar i grunnskulen ved at lova opnar for at fleire barn får rett til opplæring i og på teiknspråk, jf. Besl. O. nr. 82 (2007-2008).

18.

SOU 2006:54: 78.

19.

Bruce, Malcolm 2003. Her referert etter SOU 2006:54: 78.

20.

SOU 2008:26: 98.

21.

SOU 2006:54: 83-85.

22.

SOU 2006:54: 90.

Til toppen
Til forsida av dokumentet