Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 35 (2007-2008)

Mål og meining— Ein heilskapleg norsk språkpolitikk

Til innhaldsliste

11 Nordisk språkfellesskap og språksamarbeid

11.1 Nordisk språksamarbeid

11.1.1 Historisk forankring

Den kulturelle og språklege fellesskapen i Norden var ein grunnleggjande føresetnad for opprettinga av Nordisk råd i 1952 og utviklinga av samarbeidet mellom dei nordiske landa.

Språkfellesskapen var også ein viktig faktor då det nordiske samarbeidet vart formalisert gjennom Helsingfors-avtalen i 1962 og Nordisk ministerråd vart oppretta som det formelle forumet for samarbeid mellom dei nordiske regjeringane i 1971. Same året kom også den nordiske kulturavtalen som hadde som mål å vidareutvikla den nordiske kulturfellesskapen og auka den samla effekten av landa sine satsingar på utdanning, forsking og anna kulturell verksemd.

Det nordiske språksamarbeidet har ei lang historie, med røter heilt tilbake til 1800-talet. I mellomkrigstida fekk språksamarbeid eit oppsving, og det vart halde nordiske språkmøte både i 1937 og i 1938.

I 1950-åra, då det vart oppretta språknemnder i alle dei nordiske landa, fekk samarbeidet fastare former. Det første nordiske språkmøtet i regi av språknemndene vart arrangert i 1954. Etter dette har det vore slike møte kvart einaste år, og arrangementsansvaret har gått på omgang dei nordiske landa og sjølvstyreområda imellom. Ved sida av desse formelle møta var det i det minste i 1970-åra møtekontaktar på sekretariatsnivå for behandling av praktiske spørsmål.

Etter kvart voks det fram eit behov for eit fast nordisk samarbeidsorgan på språkområdet, og språknemndene vart samde om å foreslå etablert eit nordisk språksekretariat. Etter behandling i Nordisk råd vart Nordisk språksekretariat oppretta i 1978 som eit organ under Nordisk ministerråd. Sekretariatet fekk sin base i Oslo, med først to og seinare tre fast tilsette.

Nordisk språksekretariat fungerte ikkje berre som eit samarbeidsorgan for språknemndene. I tillegg arrangerte sekretariatet kurs og konferansar og hadde ansvaret for ei rekkje aktivitetar for å fremja nabospråkundervisning og gjensidig språkforståing, mellom anna Nordenundervisning i utlandet, lektorsamarbeid og samarbeidstiltaket Nordspråk.

Språksekretariatet stod for fleire konferansar og gav også ut ulike skrifter og rapportar, mellom anna årboka Språk i Norden.

Boka Nordens språk kom seinare ut også på japansk og engelsk. Sekretariatet gav vidare ut ein publikasjon om Nordens språk i EUs Europa og eit hefte med tittelen Att förstå varandra i Norden, som på den tida vart delt ut gratis til alle deltakarar på nordiske møte.

I 1996 vart språksekretariatet lagt ned, i samband med omorganiseringar i Nordisk ministerråd.

Etter nedlegginga av språksekretariatet var det nordiske språksamarbeidet i Nordisk ministerråd ei stund meir fragmentert. Dei nordiske språknemndene skipa på eige initiativ samarbeidsorganisasjonen Nordisk språkråd og heldt fram med nettverkssamarbeidet og dei nordiske språkmøta.

I 1999 etablerte Ministerrådet ei språkpolitisk referansegruppe, som i tillegg til å fungera som rådgjevande organ i språkpolitiske spørsmål fekk ansvar mellom anna for forvaltninga av eit program for nordisk språkforståing, kalla Nordmål.

I 2004 vart både Nordisk språkråd og den språkpolitiske referansegruppa lagde ned. I staden oppretta Nordisk ministerråd det rådgjevande organet Nordens språkråd. Det uttalte formålet var å samordna den språkpolitiske innsatsen i det nordiske samarbeidet.

Nordens språkråd fekk ansvaret for språkpoli­tikken i regi av Nordisk ministerråd, for forvaltninga av støtteprogrammet Nordmål, seinare Nordpluss språk, dessutan for samarbeidet mellom språknemndene og for Samarbeidsnemnda for nordenundervisning i utlandet.

11.1.2 Organisatorisk forankring

Språksamarbeidet i Nordisk ministerråd har sidan starten vore organisert under dei nordiske utdanningsministrane, som ein del av det forskings- og utdanningspolitiske samarbeidet. Språk og språkpolitikk er likevel eit tverrgåande samarbeidsområde, og for det nordiske språksamarbeidet er difor programma og verkemidla både på utdanningsområdet og på kulturområdet aktuelle.

I 2006 vart det sett ned eit utval under Nordisk ministerråd for å vurdera den framtidige organiseringa av det nordiske samarbeidet på språkområdet. Rapporten frå utvalet vart levert hausten 2007 og konkluderte med at ansvaret for språkpolitikken i framtida bør knytast til samarbeidsområdet for kultur.

Ei sentral grunngjeving for dette er at dei overordna problemstillingane i språkpolitikken først og fremst høyrer heime i kulturpolitikken. Dessutan blir det vist til at ansvaret for dei ulike fagområda i Ministerrådet bør følgja ansvaret nasjonalt. Ansvaret for språkpolitikken i alle dei nordiske landa ligg i dag i kulturministeria, eller i kulturdelen av ministeria i dei tilfella der det er felles kultur- og utdanningsministerium. 1

Det er førebels ikkje teke noka avgjerd i spørsmålet om å overføra ansvaret for språkpolitikken frå det utdanningspolitiske til det kulturpolitiske samarbeidsområdet.

Den deklarasjonen om nordisk språkpolitikk som vart vedteken av Nordisk råd hausten 2006, er eit godt grunnlag for å fornya det nordiske språksamarbeidet og for å gje språkpolitikk ein meir framskoten plass også i det nordiske samarbeidet, jf. nærare omtale under kap. 1.2.2.6, kap. 4.4 og kap. 6.3.3.

Språkdeklarasjonen føreset også oppfølging gjennom tiltak på nasjonalt plan. Slik sett vil dette dokumentet kunna tena som inspirasjon også for dei enkelte landa og dei enkelte sjølvstyrte område i Norden i deira eige språkpolitiske arbeid.

11.1.3 Den nordiske språkfellesskapen

Språkdeklarasjonen bør også vera ei påminning for alle i Norden om å ta vare på den umistelige verdien som den nordiske språkfellesskapen representerer.

Det blir ofte hevda at denne språkfellesskapen er noko einståande i verdssamanheng, og at det unike består i at skandinavar kan nytta sitt eige morsmål i kommunikasjon med alle som taler eit av dei to andre skandinaviske språka. Men slik kommunikasjon mellom språkbrukarar med nærskylde morsmål er tvert imot ganske vanleg rundt om i verda.

Det som har gjort den nordiske språkfellesskapen spesiell, er den politiske viljen til å halda han ved like.

Det er denne politiske viljen som er stadfesta og styrkt gjennom vedtaket i Nordisk råd om ein eigen språkdeklarasjonen. Dette dokumentet er nettopp ei politisk viljeserklæring som særleg strekar under behovet for å styrkja arbeidet med å vedlikehalda og utvikla den gjensidige språkforståinga i Norden.

Med dei mange nye språkpolitiske utfordringane vi møter i ei globalisert verd, er denne språkforståinga i dag endå mindre enn før noko vi kan ta for gjeve.

I dag har dessutan ein fjerdedel av dei nordiske innbyggjarane eit anna morsmål enn dansk, svensk og norsk. Mange finnar forstår ikkje svensk, trass i at svensk er eit offisielt nasjonalspråk i Finland, og endå mindre forstår dei norsk og dansk. 2

11.2 Internordisk språkforståing

11.2.1 Nabospråkforståing

Fleire granskingar dei siste tiåra har gong etter gong påvist at nordmenn kjem best ut når det gjeld å forstå dei andre skandinaviske språka. Dette bør heller ikkje overraska.

Den geografiske plasseringa Noreg har saman med Sverige på den skandinaviske halvøya, gjer det naturleg at talemålet i dei to landa våre er svært likt. Vi har i store drag den same uttalen. Dansk uttale derimot skil seg på mange viktige punkt klart ut både frå norsk og svensk.

På den andre sida, når det gjeld ordtilfanget, er det svenskane som skil seg ut. Nordmenn og dans­kar har i stor grad eit felles ordtilfang. Dette har sjølvsagt samanheng med at vi har ei firehundre­årig felles historie i union med Danmark, og at svært mange av kulturorda i dei to landa våre dermed er dei same.

Den spesielle språkhistoria vår har altså gjort at vi har spesielt gunstige føresetnader for å forstå nabospråka, i og med at vi har uttalen felles med svenskane og orda felles med danskane, medan svenskar og danskar må slita med skilnader både i uttale og ordtilfang når dei skal tala saman.

I tillegg til dette kjem at Noreg har to norske målformer, medan danskar og svenskar har eitt nasjonalspråk. I Noreg har vi dessutan ein dialektflora som er langt meir levande og kan høyrast i fleire språkbrukssituasjonar enn tilfellet er i grannelanda. Der er dei tradisjonelle dialektane anten på det næraste utrydda, eller dei kan berre høyrast i levande bruk i lokalmiljøet.

Fordi nordmenn er så mykje meir vane med variasjon, både i tale og skrift, har vi også mykje betre føresetnader for å meistra den variasjonen vi opplever i møtet med dansk og svensk.

11.2.2 Undersøkingane i 1972 og 2005

Den første undersøkinga av den internordiske språkforståinga vart gjennomført i 1972. Under­søkinga stadfesta at nordmenn forstår nabospråka best, at mindre enn halvparten av svenskane og finlandssvenskane har god forståing av munnleg dansk, og at få finnar forstår kva danskane seier. 3

I 2005 vart det gjennomført ei ny, stor under­søking av den internordiske språkforståinga. Prosjektet handla særleg om korleis danske, svenske og norske ungdommar forstår nabospråka.

Også denne undersøkinga viste at nordmenn er klart betre enn svenskar og danskar til å forstå nabospråka. Danskane er noko betre på nabospråkforståing enn svenskane, og dei forstår også svensk og norsk betre når dei les, enn når dei lyttar.

Bokmål er lettare å lesa enn nynorsk for danskar, men for svenskane er det motsett.

Svenskar og finlandssvenskar er omtrent like gode på lytteforståing og leseforståing, medan dei forstår dansk mykje betre når dei les, enn når dei lyttar. Nordmenn klarer svensk lytte- og leseforståing omtrent like godt, medan dei er klart betre på dansk leseforståing enn lytteforståing.

Samanlikna med undersøkinga frå 1972 tyder resultata på at nabospråkforståinga i Danmark og Sverige er svekt, medan situasjonen for Noreg stort sett er uendra. I Sverige er det først og fremst danskkunnskapane som er vortne dårlegare, særleg forståinga av talt dansk, medan det i Danmark ser ut til å ha vorte ei dårlegare forståing av både svensk og norsk.

Undersøkinga viste elles at ungdommane i Norden er dyktige i engelsk. Dei er nesten gjennomgåande betre i engelsk enn i nabospråka. Færøyingane er dei einaste som er betre i eit skandinavisk språk enn i engelsk. Danskane og finnane har noko dårlegare engelskkunnskapar enn dei andre nordbuane. 4

11.2.3 Intern språkkontakt og eksternt ­språkpress

Kjerneområdet for den skandinaviske språkfellesskapen, Noreg og Sverige, samhandlar generelt godt og kommuniserer med sine eigne språk. Den norsk-svenske arbeidsmobiliteten er god og er med på å styrkja språkforståinga mellom landa. I ytterkantane ser vi derimot klare tendensar til at mange fjernar seg frå det nordiske ved i større grad å nytta engelsk. Island har nyleg skifta frå dansk til engelsk som første framandspråk i skulen. Finland har tidlegare gjort det same for finnar som før hadde svensk som sitt første framandspråk. Denne utviklinga fører mellom anna til at stadig færre islendingar og finnar kan kommunisera med sine nordiske naboar på eit skandinavisk språk.

Språkkontakten mellom dei nordiske landa har gjennom tidene vore avgjerande for utviklinga av dei nordiske språka. I dag er det særleg kontakten med engelsk som har innverknad på språkutviklinga. I perioden 2002–2006 finansierte Nordisk ministerråd eit stort fellesnordisk forskingsprosjekt om behandling av moderne importord i dei nordiske språka. 5

Dei nordiske landa har valt ulik strategi for å møta påverknaden frå engelske importord. Danmark er truleg det minst puristiske landet i Norden, medan Island kan plasserast på den andre ytterkanten. Innlånet av engelske og amerikanske ord på område som forsking, medium, handel og teknologi i dei nordiske landa er generelt stort.

I dag ser ein tendensar til at engelsk i aukande grad blir nytta som kommunikasjonsspråk mellom unge nordiske språkbrukarar. 6 Engelsk ser også ut til å ta over som bruksspråk både innanfor høgare utdanning og innanfor nærings- og arbeidslivet. Domenetap på fleire område er difor ei reell utford­ring for alle dei nordiske språka.

11.3 Verkemiddel i det nordiske språksamarbeidet

11.3.1 Verkemiddel på utdanningsområdet

Den viktigaste aktøren på språkområdet i det nordiske samarbeidet i dag er Nordens språkråd. Nordens språkråd skal arbeida for å fremja internordisk språkforståing og språkmeistring, styrkja den nordiske språkfellesskapen og kunnskapen om språk i Norden. Nordens språkråd skal også fremja ein demokratisk språkpolitikk og styrkja dei nordiske språka si stilling i og utanfor Norden. Nordens språkråd skal ta utgangspunkt i dei politiske prioriteringane som kjem til uttrykk i Nordisk ministerråds overordna strategiar og handlings­planar.

Nordens språkråd har fire hovudoppgåver. Dette er for det første å fungera som eit sakkunnig organ for Nordisk ministerråd i saker som gjeld nordiske språkspørsmål og nordisk språkpolitikk. For det andre skal det ha ansvaret for samarbeidet med dei nordiske språknemndene, og for det tredje skal Nordens språkråd ta eigne initiativ og løyva midlar til alle former for innsats som er med på å nå dei språkpolitiske måla. For det fjerde skal Nordens språkråd administrera støtteprogrammet Nordpluss språk og kultur.

Nordens språkråd har 14 medlemmer. Det er to representantar for kvart av dei nordiske landa Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige, ein representant frå kvart av dei sjølvstyrte områda Grønland, Færøyane og Åland og ein samisk representant. Det blir halde minst to møte i året, og ord­førarskapen følgjer det landet som har ordførarskapen i Ministerrådet.

Hovudmålsetjingane for det tverrgåande støtteprogrammet Nordpluss språk og kultur er å styrkja språkforståinga og særleg nabospråkfor­ståinga (dansk, norsk og svensk) og å stimulera interessa for, kunnskap om og forståinga for nordiske kulturar, språk og levevilkår. Nordens språkråd har ansvaret for programmet og ansvaret for den innhaldsmessige utviklinga av programmet. Gjennom programmet blir det gjeve støtte til etablering av nettverk, opplysningsarbeid, forskingsprosjekt, konferansar, kurs, språkteknologisk samarbeid, ordbokprosjekt, utvikling av læremiddel og undervisningsmateriale på språkområdet. I åra 2004–2007 har det vore om lag 8 mill. danske kroner årleg til utdeling, medan det i perioden er søkt om støtte for det tredobbelte. I 2008 er den samla løyvinga til programmet 10,027 mill. danske kroner.

Nordpluss rammeprogram 2008–2011 er Nordisk ministerråds mobilitets- og nettverksprogram på utdanningsområdet. Rammeprogrammet er delt i dei tre sektorprogramma Nordpluss junior, Nordpluss høgare utdanning og Nordpluss vaksen og i ein tverrsektoriell del – Nordpluss horisontal. Nordpluss språk og kultur som er omtalt ovanfor, ligg utanfor rammeprogrammet.

Overordna målsetjingar for Nordpluss rammeprogram er mellom anna å fremja nordisk språk og kultur, kulturell forståing, kvalitet og innovasjon i utdanningssystema og livslang læring. Ei spesifikk målsetjing for Nordpluss horisontal er å støtta tverrsektorielle nettverks- og prosjektaktivitetar og å støtta innovative språkprosjekt. Samla løyving for Nordpluss rammeprogram i 2008 er 63,7 mill. danske kroner.

11.3.2 Verkemiddel på kulturområdet

Frå 1. januar 2007 vart det innført ein ny struktur for Nordisk ministerråds kultursamarbeid. Hovudkomponentane i den nye strukturen er dei tre rammeprogramma Nordisk dataspelprogram, Kunst- og kulturprogrammet og Mobilitets- og residensprogrammet.

Dataspelprogrammet skal i første rekkje stimulera til auka kvalitet og fleire tilbod av nordiskproduserte dataspel for barn og unge. Kunst- og kulturprogrammet skal gje støtte til produksjonsretta verksemd og formidling, kompetanseutvikling, kritikk og kunnskapsformidling. For alle prosjekta er utviklingsarbeid sett opp som eit viktig kriterium. Mobilitets- og residensprogrammet skal styrkja mobiliteten og nettverka for nordiske kunstnarar. Programmet er ope for alle kunstartar, kunstnarar og profesjonelle utøvarar, kulturprodusentar, dist­ributørar og formidlarar.

Dei tre programma skal vera innretta mot utvikling, kompetanseheving, kunnskapsdeling og nettverksbygging. Rammeprogramma gjev aktørane eit tydeleg rom for å utvikla prosjekt med utgangspunkt i prioriteringar og økonomiske rammer for programma. Programma er opne for initiativ frå heile Norden, og det er aktiviteten hos aktørane som vil forma det konkrete innhaldet i dei. Samla løyving til dei tre programma på kulturområdet er i 2008 om lag 43,4 mill. danske kroner.

Rammeprogramma på kulturområdet blir administrerte av knutepunktet for det nordiske kultursamarbeidet – Kulturkontakt Nord – som vart etablert i Helsingfors i 2007. I tillegg til å administrera rammeprogramma skal den nye organisasjonen ha ansvar for å informera, gje råd og profilera nordisk kultursamarbeid i og utanfor Norden.

I tillegg til rammeprogramma på kulturområdet er Nordisk kulturfond ei viktig finansieringskjelde for nordisk kultursamarbeid. Kulturfondet er eit nordisk samarbeidsorgan som støttar kulturprosjekt i Norden eller nordiske prosjekt utanfor Norden. Ein gjennomgang av tildelingane i kulturfondet i perioden 1966–2004 viser at berre 2,4 prosent eller 12 mill. kroner har vorte tildelte til språkområdet. 7 Avsetninga for kulturfondet i 2008 er 31,3 mill. danske kroner. Det blir arbeidt med å avklara rollene mellom dei nye programma på kulturområdet og kulturfondet.

På filmområdet gjev Nordisk Film- og TV-fond støtte til produksjon og distribusjon av audiovisuelle verk (film og tv), med særleg omsyn til produksjonar retta mot barn og unge. Fondet skal også inspirera og styrkja det kreative samarbeidet på filmområdet i Norden og styrkja og spreia nordisk barnefilm av høg kvalitet. Budsjettet i 2008 er på om lag 23,8 mill. danske kroner.

11.4 Oppfølging av den nordiske språkdeklarasjonen

11.4.1 Bakgrunn og innhald

11.4.1.1 Innleiing

Den nordiske språkdeklarasjonen har sin bakgrunn i dei overordna utviklingstrekka i samfunnet og dei utfordringane for nordisk språkfellesskap og språkforståing som er dokumenterte gjennom fleire undersøkingar og rapportar dei siste åra.

Deklarasjonen konkretiserer fire hovudtema som kulturministrane og utdanningsministrane skal arbeida med for å nå dei skisserte måla, jf. kap. 6.3.3. Det er språkforståing og språkkunnskap, parallellspråksbruk, det mangespråklege og fleirspråklege, og Norden som språkleg føregangsregion.

11.4.1.2 Språkforståing og språkkunnskap

For å oppnå betre språkforståing og betre språkkunnskap seier deklarasjonen at ein bør styrkja nabospråkundervisninga, styrkja undervisninga i skandinaviske språk som hjelpespråk og som fra­mandspråk i skulen. Det er viktig at Nordens samfunnsberande språk er synlege i det offentlege, til dømes på tv og på film. Ein bør oppmuntra til betre tilgjenge til bøker på Nordens samfunnsberande språk og utvikla internordiske ordbøker både på papir og i elektronisk form. Ein må utvikla både maskinomsetjingsprogram for dei samfunnsberande språka i Norden og program for fleirspråk­leg søk i nordiske databasar.

11.4.1.3 Parallellspråksbruk

Med parallellspråksbruk meiner ein det å nytta fleire språk parallelt innanfor eitt eller fleire samfunnsområde, til dømes utdannings- og fors­kingssektoren. Språka blir nytta parallelt, og ikkje slik at eitt språk blir erstatta med eit anna, jf. elles nærare drøfting i kap. 7.1.8. Deklarasjonen seier at nordbuane, med sine internasjonalt sett gode kunnskapar i engelsk, har gode føresetnader for å utvikla parallellspråksbruk mellom engelsk og dei nordiske språka på visse område. Deklarasjonen legg til grunn at ein konsekvent politikk for parallellspråkbruk mellom engelsk og dei nordiske språka inneber

  • at ein bør nytta både Nordens samfunnsberande språk og engelsk som vitskapleg språk

  • at formidling av vitskaplege resultat på Nordens samfunnsberande språk bør vera meritterande

  • at det blir gjeve undervisning i vitskapleg fagspråk, særleg i skrift, både på engelsk og på Nordens samfunnsberande språk

  • at universitet, høgskular og andre vitskaplege institusjonar kan utvikla langsiktige strategiar for språkval, parallellspråksbruk, språkutdanning og omsetjing innanfor sine verksemder

  • at nordiske terminologiorgan kan halda fram med å koordinera terminologien på nye område

  • at ein bør oppfordra føretak og arbeidsmark­nadsorganisasjonar til å utvikla strategiar for parallellspråksbruk

Parallellspråksbruk handlar ikkje berre om jamstilling mellom engelsk og dei nordiske samfunnsberande språka. I den nordiske språkdeklarasjonen handlar det også om

  • at den nordiske språkkonvensjonen skal gje god juridisk grunn for dei som snakkar dei samfunnsberande språka i Norden

  • at nordbuar med eit ikkje-nordisk språk som morsmål både har behov for ei godt utbygd utdanning i landets samfunnsberande språk og høve til å nytta og utvikla sitt eige morsmål

11.4.1.4 Det mangespråklege og fleirspråklege

I dei nordiske landa er det etter kvart mange som har eit anna morsmål enn eit nordisk språk, og mange nordbuar er i dag fleirspråklege. Dette gjeld i første rekkje samar og nasjonale minoritetar.

Den nordiske språkdeklarasjonen understrekar at nordisk språkpolitikk har eit ansvar for at dei språka som ikkje er nasjonalspråk, vil overleva, utviklast og kan halda fram med å eksistera. Språkdeklarasjonen understrekar at det er viktig at også teiknspråk blir tilkjent ei sterk stilling.

I tillegg kjem at nærare 200 andre framandspråk er morsmål for nordbuar i dag. Ifølgje deklarasjonen er det ønskjeleg at det finst fagmiljø i Norden som har ekspertise, eller som kan visa til europeisk ekspertise innanfor desse språka.

Grønlandsk står i ei særstilling. Grønlandsk er majoritetsspråk på Grønland, men har relativt få talarar. Grønlandsk bør få støtte, slik at det kan halda fram med å fungera som samfunnsberande språk.

11.4.1.5 Norden som språkleg føregangsregion

Deklarasjonen understrekar at Norden blir sett på som ein føregangsregion når det gjeld språkspørsmål. Nordisk språkfellesskap er prega av ønske og vilje til å forstå og respektera morsmålet til kvarandre. Nordisk språksamarbeid er demokratisk, ope for innsyn og i all hovudsak offentleg finansiert. Det finst ein politisk vilje til å bevara den nordiske språkfellesskapen, mellom anna gjennom den nordiske språkkonvensjonen. Den nordiske modellen for språkfellesskap bør lyftast fram i internasjonal samanheng. Norden skal vere leiande på klarspråkarbeid, det vil seia å gjera styresmaktene sitt språk klarare og tydelegare.

11.4.2 Generelt om oppfølgingsarbeidet

I Nordisk ministerråds strategi for utdannings- og forskingsområdet 2008–2010 er det lagt til grunn at Ministerrådet skal arbeida for å oppfylla måla i den nordiske språkdeklarasjonen. For å nå desse måla må ein styrkja nabospråkundervisninga, under­visninga i skandinaviske språk og i framandspråk. Ein skal prioritera språkteknologi fordi dei enkelte nasjonale forskingsmiljøa er små, og fordi det er nødvendig med ein felles nordisk innsats for å styrkja den språkteknologiske utviklinga.

I handlingsplanen for nordisk kultursamarbeid 2007–2009 er det lagt til grunn at kultursamarbeidet under Nordisk ministerråd skal fremja og verna om eit mangfald av kulturuttrykk i Norden og den nordiske dimensjonen i kulturlivet i landa.

Departementet vil følgja opp den nordiske språkdeklarasjonen både gjennom samarbeidet i Nordisk ministerråd og gjennom prioriteringar og satsingar i utdannings- og forskingspolitikken og i kulturpolitikken. Nasjonalt vil arbeidet med å følgja opp deklarasjonen inngå som ledd i den nye og heilskaplege språkpolitikken som denne meldinga legg grunnlaget for. Ved koordinert innsats på nasjonalt plan i dei nordiske landa og ei vidare utvikling av det nordiske språksamarbeidet kan Norden styrkja sin posisjon som ein språkleg føregangsregion i verda.

11.4.3 Språkforståing og språkkunnskap

11.4.3.1 Språk og kultur

Å styrkja den internordiske språkforståinga og språkkunnskapen er eit grunnleggjande mål i det nordiske språksamarbeidet. På utdanningsområdet har dette tradisjonelt vore kopla til å styrkja nabospråkundervisninga i dei nordiske landa, danna nettverk og støtta ulike prosjekt med undervisning som formål.

Språk og kultur heng nøye saman. Når nabospråkforståinga går tilbake, blir også dei kulturelle banda og opplevinga av ein nordisk identitet svekt. Verdien av auka mobilitet og samkvem mellom dei nordiske landa på utdannings- og kulturområdet kan ein difor ikkje vurdera høgt nok. Dei nordiske språka må vera godt synlege både i utdanningssystemet og i media, gjennom læreplanane i skulen, i lærarutdanninga, i tv, film og andre audiovisuelle medium. Nordiske språk bør bli lettare tilgjengelege i skrift og tale, i litteratur og i utøvande kunst.

11.4.3.2 Nabospråkundervisning

Gjennom det nordiske samarbeidet er det teke mange initiativ for å styrkja den nordiske nabospråkundervisninga. Det er mellom anna arrangert fleire konferansar om relevante tema i serien Nordmålforum og gjeve ut fleire bøker som ein kan nytta i språkundervisninga. Gjennom Nordens språkråd finansierer Nordisk ministerråd dessutan Nordspråk, som er ein samarbeidsorganisasjon for lærarar som underviser i nordiske språk som morsmål, nabospråk eller som framandspråk.

Eit viktig nettverksprosjekt for å styrkja nabospråkundervisninga er Nordiske språkpilotar 2007–2008. Prosjektet har som mål å styrkja nabospråkundervisninga i grunnskulane i Norden gjennom å byggja nettverk for lærarar som har rettleiingsansvar i praksisdelen av lærarutdanninga. Språkpilotane skal rettleia kollegaer og studentar og vera pådrivarar for utviklinga av ei betre og meir effektiv nabospråkundervisning. Prosjektet er initiert av Nordens språkråd og har fått støtte frå Fondet for dansk-norsk samarbeid, Nordisk kulturfond og Nordisk ministerråd gjennom Nordens språkråd.

Auka tilgang til bøker på nabospråka er viktige tiltak for å styrkja den internordiske språkforståinga og språkkunnskapen. Nordisk ministerråd har gjeve støtte til å utarbeida ein felles nordisk litteraturkanon som ein kan nytta i nabospråkundervisninga i dei nordiske landa. Bokverket er publisert både på nettet og i trykt utgåve med tittelen Nordisk litteratur til tjeneste.

Gjennom støtteprogrammet Nordpluss språk yter Nordisk ministerråd årleg støtte til internordiske språkkurs. På denne måten får elevar og læra­rar kortvarige opphald i eit anna nordisk land og kontakt med ungdom frå andre delar av Norden. Det blir også arrangert nabospråkkurs for lærarstudentar i regi av dei bilaterale nordiske samarbeidsfonda.

I Kunnskapsløftet og det nye læreplanverket for grunnopplæringa i Noreg er nabospråkforståing og undervisning i nordiske språk inkludert i kompetansemålet. Læreplanen for norskfaget slår fast at hovudområdet Språk og kultur handlar om norsk og nordisk språk- og tekstkultur, men med internasjonale perspektiv. Kompetansemåla for det same hovudområdet konkretiserer korleis ein skal følgja opp nabospråkforståing og nabospråkundervising i opplæringa av elevane på dei ulike trinna.

I gjeldande rammeplan for allmennlærarutdanninga er ikkje nordiske språk og nabospråkforståing spesifikt nemnde som eit målområde for undervisninga. Rammeplanen tek utgangspunkt i at studentane skal utvikla eit fagleg og didaktisk grunnlag for undervisninga i norskfaget i samsvar med det gjeldande læreplanverket og dei kompetansemåla som er fastsette for dei ulike nivåa i grunnopplæringa.

11.4.3.3 Språkdimensjonen i kultursamarbeidet

Mange tiltak og satsingsområde på medie- og kulturområdet i det nordiske samarbeidet er viktige også i eit språkperspektiv. Kultursamarbeidet gjer sitt til at nordisk språk og kultur blir synleg i det offentleg rom. Litteratur- og biblioteksamarbeid, mobilitetsordningar, film- og tv-samarbeid og satsingar på å utvikla nordiske dataspel kan såleis vera med på å styrkja den internordiske språkkunnskapen og språkforståinga. Den nye strukturen på kulturområdet legg tilhøva godt til rette for mange og breie initiativ frå kulturfeltet i Norden, også når det gjeld satsingar som direkte eller indirekte kan styrkja det nordiske språksamarbeidet.

Gjennom Nordisk kulturforum ønskjer Nordisk ministerråd å arrangera konferansar, seminar og arbeidsgrupper for å drøfta tema og problemstillingar som ein bør gripa fatt i innanfor det nordiske kultursamarbeidet. I 2007 arrangerte Nordisk kulturforum eit seminar der mellom anna litteratursamarbeid, samarbeid om digitalisering, litteraturfestival, nettportal og nordisk nettbokhandel vart drøfta. Slike seminar og konferansar kan gjera sitt til at idear blir lyfta opp som politiske satsingsområde, og at det blir utforma konkrete prosjekt som kan få støtte gjennom dei nordiske kulturprogramma.

Under kulturområdet i Nordisk ministerråd er det avsett ein særleg pott som er øyremerkt støtte til omsetjing av nordiske bøker. Det at nordiske lesarar blir kjende med forfattarskap frå eit anna nordisk land, kan vekkja ei interesse som gjer at dei i neste omgang kanskje vil lesa fleire bøker av same forfattar sjølv om dei ikkje er omsette, på nasjonalspråket. Ordninga med omsetjing av nordiske bøker kan vera med på å betra den internordiske kulturelle utvekslinga og forståinga. Også dei nordiske prisane i litteratur, musikk og film er med og synleggjer det nordiske kultursamarbeidet og marknadsfører nordisk kultur både internt i Norden og i utlandet.

Sett frå norsk side er det særleg grunn til å framheva den auka satsinga på norsk filmproduksjon. Dette vil kunna styrkja formidlinga av norsk film i Norden og føra til at eit filminteressert publikum i dei andre nordiske landa i større grad blir eksponert for variantar av norsk talemål, på same måte som vi i Noreg særleg ser danske og svenske filmar og tv-produksjonar. Auka formidling av film- og tv-produksjonar i Norden kan difor vera med og styrkja den nordiske språkforståinga og kulturkunnskapen.

Ei auka satsing på nordiske samproduksjonar kan også ha innverknad på den nordiske språkforståinga.

Nordisk film kan ein også i større grad nytta i nabospråkundervisinga i Norden. Med støtte frå Nordisk ministerråd har Nordspråk og Nordisk Film Vision utarbeidt ein Nordisk Filmpakke som kan gje eit nordisk perspektiv i undervisninga på eldste ungdomstrinn. Filmpakken omfattar seks nyare nordiske filmar og eit nettbasert undervisningsmateriale. Filmpakken blir distribuert via Nordisk Film Vision og kan nyttast lovleg i undervisninga.

Gjennom utviklinga av Den kulturelle skulesekken er det etablert eit omfattande kunst- og kulturtilbod til barn og unge i Noreg dei seinare åra. Med inspirasjon frå ordninga i Noreg har også Sverige (Skapande skola) og Færøyane (Listaleypurin) no etablert sine variantar av Den kulturelle skulesekken. I Danmark har både Herlev kommune og Varde kommune etablert Den Kulturelle Rygsæk. Desse satsingane vil kunna leggja til rette både for utveksling av røynsler på tvers av dei nordiske landa og også noko utveksling av kunst- og kulturprosjekt mellom landa.

11.4.3.4 Dataspel

I 2004 vart det utarbeidt ein rapport om dataspel i dei nordiske landa på oppdrag frå Nordisk ministerråd. Ifølgje rapporten var berre éin prosent av spela som vart omsette i Norden i 2003, heilt nordisk. Grunnlaget for rapporten var om lag 5500 spel.

Grunnlaget for undersøkinga var at dataspel etter kvart har vorte eit viktig element i barn og unge sitt kulturforbruk, og at det difor var ønskjeleg å auka produksjonen og utbreiinga av dataspel med eit klart nordisk innhald for barn og unge.

På grunnlag av dette oppretta Nordisk ministerråd i 2006 eit eige program for dataspel som skal vara fram til 2012. Programmet gjev tilskot både til spelutvikling, marknadsføring, konkurransar og festivaldeltaking, utdanning og forsking, infrastrukturtiltak, informasjon og nettverksbygging. Det er eit krav for å få støtte at det ferdige produktet blir lansert på minst eitt av dei nordiske språka.

I Noreg forvaltar Norsk filmfond ei norsk støtteordning til dataspel. Det er eit krav for å få støtte at det også må lanserast ei norsk utgåve, sjølv om spelet også blir gjeve ut på engelsk. Eit døme er spelet Dreamfall/Drømmefall som det norske firmaet Funcom har gjeve ut på både norsk og engelsk.

11.4.3.5 Nabolandsfjernsyn

Tilgjenge til tv-kanalar frå dei nordiske landa er eit viktig instrument for både språkleg og kulturell forståing i dei nordiske landa. I dag er tilgjenget til nordiske tv-kanalar hos dei nordiske kabeloperatørane under press på grunn av eit stigande tal kommersielle kanalar med i hovudsak amerikansk-produsert innhald.

Spørsmålet om auka tilgjenge til nabolandsfjernsyn er teke opp ei rekkje gonger dei siste åra, mellom anna gjennom eit framlegg frå Nordisk råd i 2003. Som ei oppfølging av dette framlegget fekk Nordisk råd utarbeidt ein rapport som vart levert Ministerrådet i 2004. 8 Ministerrådet oppnemnde deretter ei arbeidsgruppe som gjennomgjekk denne rapporten og andre tilgjengelege rapportar og hadde møte med fleire fagfolk. Konklusjonen til gruppa var at eit samarbeid om nabolands-tv vil føra til så høge kostnader at det ikkje er tilrådeleg.

Med overgangen til digitale sendingar for radio og tv i dei nordiske landa er problemstillinga om nabolandsfjernsyn aktualisert på nytt. I 2006 tok Nordisk råd opp spørsmålet i eit nytt framlegg til dei nordiske regjeringane. Nordisk råd bad regjeringane sikra at dei nordiske offentleg finansierte kanalane blir inkluderte i programtilbodet når digital-tv blir innført, og at det blir arbeidt med å harmonisera tekniske standardar for digital-tv. I sitt svar til Nordisk råd gjorde Nordisk ministerråd greie for i kva grad nabolandsfjernsyn vil vera tilgjengeleg i dei digitale tv-netta i dei ulike landa i tida framover. Utgreiinga viste at dei nordiske landa har valt ulike måtar å innføra digitalt sendenett på, og at det vil variera i kva grad dei nordiske offentleg finansierte tv-kanalane blir tilgjengelege i dei nordiske landa.

I Noreg er utbygging og drift av det digitale bakkenettet gjeve til selskapet Norges Television som NRK, TV2 Norge og Telenor eig i lag. Selskapet er ikkje pålagt å tilby nabolandsfjernsyn. Gjennom selskapet RiksTV vil det bli tilbode ulike kanalpakkar mot betaling. Det er no klart at nabolandsfjernsyn ikkje blir ein del av tilbodet i det norske digitale bakkenettet i første omgang, men at svensk fjernsyn vil bli vurdert når kapasiteten blir større.

11.4.4 Språkteknologi

11.4.4.1 Generelt

Innanfor ramma av det nordiske samarbeidet har språkteknologi vore eit sentralt språkpolitisk arbeidsområde i fleire år. I perioden 2000–2004 vart det på initiativ frå Nordisk ministerråd gjennomført eit nordisk språkteknologisk forskingsprogram, med ei årleg løyving på 5 mill. danske kroner. Måla var å skapa større kontakt og betre samarbeid mellom nordiske forskarar innanfor språkteknologi, å betra samarbeidet innanfor utdanning av forskarar og å etablera eit dokumentasjonssenter som kunne garantera tilgangen til og spreiinga av forskingsresultat og innsamla data.

I 2005 vart det halde ein nordisk språkteknologikonferanse i Pargas i Finland. Konferansen førte til at Nordens språkråd oppnemnde ei språkteknologisk arbeidsgruppe og tok initiativet til ein vismannsrapport om språkteknologi. Visjonen var å leggja til rette for at Norden i den næraste tiårsperioden skulle utvikla seg til ein leiande region innanfor språkteknologi.

Vismannsrapporten om språkteknologi vart utarbeidd av tre ekspertar frå Noreg, Finland og Sverige og offentleggjord i 2007. 9 I rapporten er det peikt på at det mest påtrengjande behovet for å koma vidare er å investera i ein nødvendig infrastruktur av tilpassa språkressursar for dei aktuelle språka i Norden. Det blir streka under at dette må vera ressursar som er tilgjengelege for bruk både i forsking og undervisning og for kommersiell produktutvikling. Rapporten slår dessutan fast at dei viktigaste tekst- og taleressursane må samlast på nasjonalt nivå, medan ein kan samarbeida på nordisk nivå med å utvikla viktige språkuavhengige reiskapar og metodar.

Språkteknologi har vore eit sentralt arbeidsområde innanfor ramma av det nordiske samarbeidet dei siste åra. Nordens språkråd har utpeikt språkteknologi som eit prioritert område i arbeidet med å følgja opp den nordiske språkdeklarasjonen. Nordens språkråd meiner at Norden har gode føresetnader for å bli ein føregangsregion på det språkteknologiske området, fordi ein svært stor del av folket har høg it-kompetanse, fordi språkteknologisk forsking har etter måten lang tradisjon og ligg på eit høgt internasjonalt nivå, og fordi det er eit velutvikla samarbeid mellom forskarar innanfor språkteknologi dei nordiske landa imellom.

Nordens språkråd peiker likevel på at den mest avanserte språkteknologien framleis berre finst primært for dei store språka, særleg engelsk, men også for språk som fransk, tysk og spansk. Enno finst det ikkje tilfredsstillande resultat for noko av dei nordiske språka innanfor språkteknologien.

Å utvikla nordisk språkteknologi vil kunna fremja den fellesnordiske språkforståinga. Ei slik satsing kan gjera det enklare å søkja på tvers av dei nordiske språka, ein kan utvikla tverrnordiske ordbøker, termbasar og program for omsetjing mellom dei nordiske språka. Effektiv språkteknologi kan også vera med på å fremja parallellspråksstrategien.

Nordens språkråd meiner difor at regjeringane i dei nordiske landa no må gjera sitt til å få på plass ein betre infrastruktur, dels i form av grunnleggjande språkressursar og modular som kan danna grunnlag for utvikling av avanserte program, dels ved forsking i ny språkteknologi for dei nordiske språka.

Nordens språkråd erkjenner at språkteknologi krev etter måten store økonomiske ressursar, og at eit nordisk, eventuelt også eit nordisk-baltisk samarbeid, er absolutt nødvendig. Dersom desse basisressursane blir produserte som nasjonale ressursar som er fritt tilgjengelege for forskarar og produktutviklarar, vil det bli økonomisk langt meir attraktivt å utvikla språkteknologi for dei nordiske språka og å innarbeida større språkleg intelligens i mange fleire kunnskapsteknologiske innretningar.

11.4.4.2 Ein nordisk språkbank

Dersom dei nordiske landa klarer å få på plass den nødvendige underliggjande infrastrukturen for ei språkteknologisk satsing, vil det vera mogleg å samarbeida på tvers av dei nordiske landa for å etab­lera ein nordisk språkbank. Ein nordisk språkbank kan fungera ved at dei nasjonale språkbankane tilbyr sine ressursar til andre gjennom ein felles nettportal. Eit anna alternativ er å etablera ei felles distribusjonseining for den nordiske språkbanken som også tek hand om dei respektive nasjonale språkressursane.

Den siste løysinga vil krevja eit meir formelt juridisk samarbeid på nordisk nivå. Den første løysinga vil berre krevja samarbeid om ei nettside, medan alt praktisk arbeid inklusive oppdateringar, drift og vedlikehald blir utført i dei respektive nasjonale språkbankane. Eit samarbeid mellom land i Norden vil kunna redusera delar av utgiftene til utvikling av verktøy fordi fleire språkbankar kan nyttiggjera seg dei.

Det er ikkje laga noko oversyn over kva ein nordisk språkbank vil kosta. Den språkteknologiske vismannsrapporten peiker på at det vil lønna seg for dei nordiske landa å gjera innsamlinga omtrent samstundes, og dei bør følgja same standardar når det gjeld lagring, merking og kontraktar.

11.4.4.3 Satsing på språkteknologi

I den nordiske språkdeklarasjonen er det konkret nemnt at ein bør utarbeida internordiske ordbøker både i papirform og i elektronisk form, i tillegg til maskinomsetjingsprogram for dei samfunns­berande språka i Norden og program for fleir­språkleg søking i nordiske databasar.

Nordisk ministerråd har via Nordens språkråd gjeve støtte til fleire språkteknologiske prosjekt som kan vera med på å styrkja den internordiske språkforståinga, og som kan motverka domenetap for dei nordiske språka på språkteknologifeltet.

Det er til dømes gjeve støtte til å utvikla ei internordisk nettordbok som har som mål å gi tilgjenge til leksikalske, parallelle ordbokressursar på Internett. Nordisk ministerråd har også gjeve støtte til å utvikla ein fleirspråkleg søkjemotor. Målet med ein fleirspråkleg søkjemotor er å gjera det enklare for nordbuar å finna informasjon på nabospråka. Nordbuar kan ofte lesa informasjon, men vil ha store vanskar med å finna den, dersom dei ikkje kjenner til det eksakte ordet på nabospråket.

11.4.5 Oppsummerande vurdering

Nasjonal oppfølging av nabospråkundervising blir grundigare omtalt i stortingsmeldinga frå Kunnskapsdepartementet om språkopplæring. I meldinga blir det gjort framlegg om å kartleggja status for undervisning i og om nabospråk i grunnopplæringa og allmennlærarutdanninga.

På nasjonalt plan vil departementet informera og oppfordra aktørar på kulturområdet til å delta aktivt i det nordiske samarbeidet. Nettverksarbeid og samarbeidsprosjekt på tvers av dei nordiske landa vil gje verdifull fagleg inspirasjon og styrkja samanhengen mellom det nordiske samarbeidet og utviklinga av nasjonal kultur- og språkpolitikk.

Departementet vil vurdera å etablera eit fleirårig formidlingsprogram i folkebiblioteka og gjennom dette mellom anna leggja til rette for auka formidling av nabolandslitteratur både for barn og vaksne. Ein kan tenkja seg at litteraturopplesingar og forfattarbesøk i norske bibliotek kan få eit større nordisk nabospråksperspektiv. For­midlingsprogrammet vil bli nærare omtalt i den k­omande bibliotekmeldinga.

Den kulturelle skulesekken skal tilby eit mangfald av kunst- og kulturtilbod innanfor alle sjangrar til barn i grunnskulen og vidaregåande opplæring. Departementet ønskjer å oppmuntra til at Den kulturelle skulesekken også kan vera open for noko formidling av kunst og kultur på nordiske nabospråk.

Departementet vil arbeida for å styrkja norsk film- og tv-produksjon og formidlinga av denne i Norden. Det vil vera viktig å leggja tilhøva til rette for fleire nordiske samproduksjonar for film og tv.

Utvikling av dataspel er grundig omtalt i St.meld. nr. 14 (2007–2008) Dataspill. Departementet meiner at det er behov for å utvikla fleire dataspel med eit norsk og nordisk innhald. Dette er viktig for å skapa gode alternativ til dei mange dataspela som kjem på engelsk språk. Både den nasjonale og den nordiske støtteordninga for dataspel gjev betre høve til å utvikla spel med norsk og nordisk innhald. Departementet vil arbeida for å vidareføra begge ordningane. For å auka tilgangen til norske dataspel vil regjeringa også vurdera ei utlåns- og innkjøpsordning gjennom folkebiblioteka.

Frå eit kulturpolitisk og språkpolitisk synspunkt vil det vera positivt om nabolandsfjernsyn kan vera ein del av tilbodet i det norske digitale bakkenettet.

Som nærare omtalt i kap. 7 vil departementet oppretta ein norsk språkbank. Språkbanken vil også få i oppgåve å leggja tilhøva til rette for eit utvida nordisk samarbeid om språkressursar.

11.5 Oppsummering av prioriterte tiltak

  • 1 Departementet vil oppmoda og stimulera aktørar på heile kulturområdet til å delta aktivt i nordisk samarbeid og nordiske samarbeids­prosjekt.

  • 2 Departementet vil vurdera å etablera eit fleir­årig formidlingsprogram i folkebiblioteka som skal leggja til rette for formidling av nabolands­litteratur for barn og vaksne.

  • 3 Departementet vil leggja til rette for at Den kulturelle skulesekken formidlar kunst og kultur også på nordiske nabospråk.

  • 4 Departementet vil leggja til rette for å styrkja formidlinga av norske film- og tv-produksjonar i Norden og for fleire nordiske samproduksjonar for film og fjernsyn.

  • 5 Departementet vil leggja til rette for at aktuelle støtteordningar for dataspel også kan bidra til å utvikla og formidla dataspel på andre nordiske språk enn norsk.

  • 6 Departementet vil halda fram arbeidet for å finna løysingar som kan bidra til betre gjensidig tilgang på nabolandsfjernsyn i Norden.

  • 7 Som ledd i arbeidet med å byggja opp ein norsk språkbank vil det bli lagt til rette for eit utvida nordisk samarbeid om språkressursar.

  • 8 Regjeringa vil aktivt bidra til å fremja og følgja opp mål og tiltak i den nordiske språkdeklarasjonen, mellom anna alle tiltak som kan styrkja den nordiske språkfellesskapen.

Fotnotar

1.

Heder, Eivind et al. 2007.

2.

Mikkelsen og Sørensen 2004.

3.

Maurud, Øivind 1976. Undersøkinga vart gjennomført i 1972 og publisert fire år seinare

4.

Delsing och Åkesson 2005.

5.

Prosjektet Moderne importord ved Helge Sandøy, Universitetet i Bergen.

6.

Sletten (red.) 2004: 9.

7.

Kortlægningen af Nordisk Kulturfonds støtte til spogprosjekter i perioden 1966–2004.

8.

Norrback, Olle 2004.

9.

Koskenniemi, Lindén og Nordgård 2007.

Til toppen
Til forsida av dokumentet