Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 35 (2007-2008)

Mål og meining— Ein heilskapleg norsk språkpolitikk

Til innhaldsliste

5 Språk og makt

5.1 Innleiing

5.1.1 Maktperspektivet i språkpolitikken

5.1.1.1 Språk og makt i historisk perspektiv

Historisk har språk og språkutvikling i Noreg vore stridstema i ein sosial, kulturell og politisk maktkamp på ein heilt annan måte og i mykje større grad enn til dømes i dei nordiske nabolanda våre.

Språkpolitikk har handla om rettskrivingsspørsmål, om eventuell tilnærming mellom bokmål og nynorsk, om riksmål og samnorsk, om tilhøvet mellom dialektar og normalisert talemål osv. Den særnorske språkstriden var utslag av ein maktkamp som gjorde at språkpolitikk i periodar stod høgt oppe på den rikspolitiske dagsordenen.

Etter kvart vart dei gamle motsetningane dempa, og språkfred vart eit etterlengta mål hos mange.

Men det betyr ikkje nødvendigvis at språk og språkutvikling har mindre med makt å gjera i dag enn den gongen den gamle språkstriden var på sitt hardaste. Kanskje har skjulte maktmekanismar og maktstrukturar vel så mykje å seia for språksituasjonen vår som det opne maktspelet om språket vi hadde i tidlegare tider.

5.1.1.2 Grunnlag

Dei nordiske språkutgreiingane frå dei siste tiåra er nesten gjennomgåande berre beskrivande. Arbeidsgruppa som stod bak strategirapporten Norsk i hundre!, seier klart ifrå om at ho ikkje har sett det som si oppgåve å laga ein samfunnsanalyse (s. 13). Ein slik analyse har derimot makt- og demokratiutgreiinga presentert ved å drøfta språksituasjonen i Noreg i to kapittel i sluttrapporten. 1 At språk slik blir gjort til tema innanfor maktutgreiingssjangeren, er hittil eineståande.

I innleiinga til kapitlet om språkleg dominans heiter det:

«Språk er makt. Begreper og meningskategorier former oppfatningen av virkelighet, påkaller følelser og gir assosiasjoner. I interessekamp mellom grupper kan noen slå igjennom og oppnå overtak gjennom hegemoniske begreper og kategorier. Kampen om begrepene og ordvalget blir en del av samfunnets maktkamp.

Kamp om makt utspiller seg ikke bare i språket, men er også en kamp om språket. Språket er en del av den meningshorisonten vi lever innenfor. Dette gjelder på alle språklige nivåer, fra variasjoner innenfor en dialekt eller et nasjonalspråk til forholdet mellom nasjonale språk. Karakteristisk for språklig dominans er at språktegn og språktone knyttet til utkantstrøk eller lavere sosiale lag blir nedvurdert innenfor det dominerende språkmiljø. I Norge har dialektene langt på vei overvunnet slike mekanismer de siste tiårene.» 2

Den sentrale bodskapen i maktutgreiinga er at språket er ein del av kulturen, og at det dermed formidlar og avspeglar dominansforholdet i samfunnet. Det kjem til uttrykk i fleire språklege relasjonar, til dømes i

  1. at norsken dominerer over samisk,

  2. at bokmålet dominerer over nynorsken, og

  3. at engelsken i dag dominerer over norsken.

Dominansen gjev seg uttrykk i haldningar og at dei dominerte aksepterer verdiane, prioriteringane og definisjonane til dei dominerande. Dermed kjenner dei dominerte seg underlegne.

Utgreiinga omtaler dette fenomenet som mental kolonisering, og omgrepet refererer til prosessen der medlemmene i ei dominert gruppe blir sosialiserte inn i og lærte opp til å ta for gjeve at deira eigen kultur er mindreverdig, og at dei må ta etter den dominerande kulturen. I dette perspektivet blir språkspørsmåla politisk viktige, og særleg i universitetssamanheng kan vi ikkje oversjå denne samfunnsanalysen.

5.2 Språklege maktmekanismar og maktstrukturar

5.2.1 Makt

5.2.1.1 Språk og makt

Boktittelen Språk er makt av psykologen Rolv Mikkel Blakar frå 1973 opna eit nytt perspektiv på språk og vart raskt eit munnhell. No er det også vorte vanleg å seia at språk er ei viktig kjelde til makt, eller at språk og språkbruk representerer makt. Språk og språkbruk er integrert i samfunnet, «der kontroll, påvirkning og makt er uttrykk for sentrale mellommenneskelege relasjonar», skriv Blakar. 3

Men språk er ikkje alltid makt, og makt dreier seg om mykje meir enn språk og språkbruk.

I det daglege gjev språk makt ved at nokon definerer situasjonar, markerer tilknyting eller avstand, gruppefellesskap eller sosialt overtak. Dette kan gjerast ut frå ein målretta og medviten strategi, eller utan at den som utøver makta, tenkjer over kva som skjer.

Språkmakt kan koma frå språket sjølv, frå det å ha ordet i si makt, eller frå ytre omstende. Den makta som ligg i sjølve språket, har å gjera med både form og innhald i det som blir sagt eller skrive.

Den makta som ligg utanfor språket, kjem særleg frå den som ytrar seg, den gruppa vedkomande høyrer til, eller den status som språksystemet har. Mest språkmakt har gjerne den som både meistrar det språklege uttrykket og har ein sosial posisjon som gjev ekstra respekt eller truverde.

Det som er tema i denne meldinga, er språk og språkbruk i det offentlege rommet, utanfor privatlivet og familiens fire vegger. Vi ser bort frå den typen uformell språkleg makt som ligg i sjølve språksystemet og i det å meistra språklege verkemiddel, med mindre slik makt har eller kan få følgjer for samfunnsutforminga og politiske avgjerder. Den makta som ligg i språket, kjem her i bakgrunnen for den språklege makta som ligg i det å kunna bruka språket og delta i dei demokratiske prosessane i samfunnet.

Drøftinga i dette kapitlet er ordna etter ulike sider i tilhøvet mellom makt og språk. Forholdet mellom dei to offisielle målformene er både formelt og språkleg annleis enn forholdet mellom norsk og samisk, norsk og minoritetsspråk, norsk og engelsk. Men ved at vi her i prinsippet drøftar makt på tvers av slike språkskilje, kan både fellestrekk og skilnader bli tydelegare. Dette kan gje ei meir samla forståing av forholdet mellom makt, språk og demokrati i Noreg.

5.2.1.2 Språk i norske maktutgreiingar

I Noreg er det gjennomført to store maktutgreiingar. Den første vart gjennomført under leiing av Gudmund Hernes i åra 1972–82. Den andre, under leiing av Øyvind Østerud i perioden 1998–2003, er også nemnd ovanfor.

Den første utgreiinga skulle «skaffe til veie et best mulig kjennskap til de reelle maktforhold i det norske samfunn». Ut frå ei forståing av «maktut­øvelse som viljesutøvelse» var utgreiinga konsent­rert om fordeling av økonomisk og politisk makt, og om forholdet mellom statsmakt og marknadsmakt.

I sluttrapporten vart den makt massemedia har, drøfta i eit lengre kapittel, men ikkje forholdet mellom makt og språk. 4 Hernes skreiv i det teoretiske grunnlagsdokumentet Makt og avmakt eit avsnitt som dels bygde på framstillinga til Blakar. Der heiter det:

«Språket har makt over tanken fordi det gjør det vanskeligere å tenke i andre baner. Språket kan også brukes til å utelukke andre fra forståelse, og dermed fra meningsberettigelse og deltakelse. Det språk som er knyttet til flere profesjoner tar til dels sikte på at diskusjonen mellom deres utøvere skal gå over hodene på folk slik at de ikke blander seg inn.»

Ei deloppgåve i mandatet var å «klarlegge grupper som har liten innflytelse over sin egen situasjon», men dette vart i liten grad følgt opp i dei mange bøkene og skriftene frå denne første norske maktutgreiinga.

Perspektiva på makt vart utvida i 1980- og 90-åra, ikkje minst ved at søkjelyset vart retta mot kva rolle kommunikasjon og språk har i samfunnet. Dette viser att i den andre maktutgreiinga. Hovudtemaet i dette utgreiingsarbeidet var «vilkårene for det norske folkestyret og endringer i disse». Her skulle ein mellom anna vurdera kva sosiale, økonomiske og kulturelle skiljelinjer, alder og kjønn kunne ha å seia for høve til å delta og påverka. Utgreiinga skulle på den eine sida avgrensa merksemda til forholdet mellom makt og demokrati, og på den andre sida drøfta dette frå så mange synsvinklar at den samla drøftinga ville bli ganske mykje vidare enn i den første maktutgreiinga.

Sluttrapporten er NOU 2003:19 Makt og demokrati. I tillegg kom det 76 skrifter i ein rapportserie, 51 boktitlar og store mengder fagartiklar og kronikkar. Forholdet mellom språk og makt er drøfta i eit eige kapittel i sluttrapporten og litt i eit anna kapittel, dessutan i nokre av dei andre skriftene.

5.2.1.3 Omgrepet «makt»

Den siste maktutgreiinga definerer makt som evne til å nå eit mål, skapa ein verknad. Makt kan utøvast direkte i tvangs- og avgjerdssituasjonar, eller indirekte gjennom symbol, institusjonar og sosiale strukturar. 5

Utgreiinga skil så vidare mellom politisk, økonomisk og ideologisk makt. Med ideologisk makt meiner utvalet makt over tankar, verdiar, kjensler og sjølvoppfatning. Det heiter vidare:

«Den ideologiske makten – i vid forstand – ligger for det første i de begreper og kategorier som gir mening til verden omkring oss. Kildene til slike meningsgivende kategorier kan være profesjoner og intellektuelle, vitenskap og litteratur, politiske bevegelser og organisasjoner. Slike meningsgivende kategorier dannes gjennom språket; derfor er språk også makt, og derfor er de begrepene som dominerer, viktige for hvilke interesser og synspunkter som har overtaket.»

Ei slik forståing gjer makt til noko meir enn det å nå eit mål eller skapa ein verknad, som ber i seg at nokon handlar for å oppnå noko. Den innleiande maktdefinisjonen blir altså utvida, og det er nødvendig for at språket i makta og makta i språket skal kunna drøftast.

Makt over språket er ei viktig form for kulturell og ideologisk makt og har dermed mykje å seia for ideologiske brytingar og fellesskapar. Gjennom språk blir oppfatningar både forma og haldne ved like. Kva maktbruk språkbruken representerer, er avhengig av korleis noko blir uttrykt, kva ord og uttrykk som er nytta, og i kva grad ein må ta stilling til det som er vorte sagt. Det vil seia at makt verkar inn på all kommunikasjon i samfunnet. Makt kan ha ei eller anna form for kommunikasjon som føresetnad, men treng ikkje ha det, skriv Olof Petersson, som i åra 1985–90 leidde ei svensk maktutgreiing.

Makt kan vera både positivt og negativt. Den eller dei som blir utsette for handlingar eller situasjonar dei ikkje ønskjer, vil ha ei negativ oppfatning av den makta som ligg bak. Eit fleirtal vil som oftast oppfatta si eiga makt positivt. Det vil også ei gruppe eller eit mindretal gjera i dei høva dei maktar å oppnå det dei helst ville.

5.2.1.4 Formell og uformell makt

Maktfrie soner finst knapt. Det er makt til stades i nesten alle former for sosiale relasjonar, men det vil ikkje seia det same som at alt er makt. Makt kan vera formelt forankra i eit system eller basert på uformelle strukturar.

Ofte må den uformelle makta balanserast med formelle ordningar. På eit overordna nivå er det representative demokratiet i seg sjølv eit slikt system for å kunna kontrollera og regulera andre former for makt. Då Norsk språkråd vart skipa i 1972 og i 2005 omdanna til Språkrådet, var det i begge høve eit tiltak for å formalisera den offentlege makta over språk- og språkbruksutviklinga.

Makt er ein viktig faktor både i dei formelle avgjerdsprosessane der forholdet mellom fleirtal og mindretal er avgjerande, og i dei uformelle relasjonane mellom majoritet og minoritetar. Dei relasjonane blir særleg synlege gjennom språket.

I svært mange situasjonar i det moderne samfunnet er det berre gjennom språk, som oftast i form av tekstar, ein møter eller merkar makta.

I strategirapporten frå Språkrådet i 2005 blir domene definert som «et område for menneskelig aktivitet knyttet til bestemte tidspunkter, omgivelser og rollerelasjoner». Undervisning, forsking, kyrkjeliv, kulturliv, forvaltning og næringsliv er døme på slike domene.

5.2.1.5 Marknadsmakt

På same måten som det finst ei marknadsmakt innanfor produksjon og sal av varer og tenester, gjer det seg gjeldande ei ideologisk marknadsmakt som utløyser og verkar inn på kulturelle maktprosessar.

I den norske blandingsøkonomien er det å hevda sine interesser økonomisk vorte ein viktig maktfaktor. Denne marknadsmakta kan forsterka språklege maktposisjonar ved at språk og målformer som er lite brukte, blir endå mindre brukte eller blir oppfatta som eit hinder for å nå ut til alle ein ønskjer å få i tale.

Bokmål har i mange krinsar både høgare sosial status og høgare marknadsverdi enn nynorsk. Dette har tradisjonelt vore det viktigaste argumentet for at så få forlag og mediebedrifter satsar på å bruka nynorsk på den riksdekkjande marknaden. Resultatet er at det språklege mangfaldet både i kulturtilbodet og andre sektorar blir redusert.

5.2.2 Språkleg makt og avmakt

5.2.2.1 Språk som system

Språk er noko alle menneske bruker, og som alle difor veit noko om.

Språk blir utvikla for å etablera kontakt, men er noko meir enn eit teknisk kommunikasjonsmiddel. Omgrepet språk blir i dag brukt i svært mange og nyanserte tydingar – kroppsspråk, biletspråk, verbalspråk, symbolspråk. Særleg biletspråk og visuell kommunikasjon har svært ulik status i ulike kulturar. I denne meldinga er språkomgrepet i utgangspunktet avgrensa til tydinga ’verbale uttrykk’, men i tillegg kjem også teiknspråk, som er eit gestuelt-visuelt språk.

Språk kan definerast som eit system av reglar for danning av ytringar. 6 Desse systema er felles for éi gruppe menneske, og slike grupper kan skilja seg frå kvarandre på ulikt vis – kulturelt, etnisk, sosialt, økonomisk, geografisk.

Få språkgrenser fell saman med nasjonsgrenser; den typiske situasjonen er at ein nasjon er eit samfunn med fleire språk.

Variasjonar innanfor eit språk som følgjer geografiske merke, blir kalla dialektar, medan sosiolektar er variasjonar som følgjer sosiale grenser.

Eitt språksystem er ikkje betre enn eit anna, og éin språkbruk er ikkje språkleg sett betre enn ein annan. Det er når språkbruk og språksyn blir kopla saman med ulike former for ideologisk makt, at visse former og somme språk blir oppfatta som betre enn andre.

5.2.2.2 Språk og samfunn

Språk er system i endring. Språk som er i bruk, endrar seg heile tida, sakte eller raskt. Nokre av desse endringane følgjer av samfunnsendringar, andre har å gjera med maktfordeling.

Språk er sosiale vanar og kulturelle identitetsmerke. Språk ein høyrer eller ser lite til, blir difor uvanleg, merkeleg, rart. Kvinnerørsla stilte frå 1970-åra mange spørsmål ved etablert språkbruk og gjorde mykje for å underleggjera det som til då hadde vore teke for gjeve. Det vart viktigare enn før at kvinnene kom til syne også i det språklege. Over tid har dette representert ei tydeleg språkleg maktendring, og språkbruken har på dette området endra seg mykje.

Det er gjennom språk vi grip og forstår, og delvis formar, den sosiale røynda, skriv Blakar. 7 Den som har kontroll over språket, får dermed også mykje å seia for kva sosial røynd som kan gripast. Gjennom språket forstår vi altså både oss sjølve og andre. Språk er det viktigaste midlet vi har til å oppnå erkjenning og vinna innsikt, men språk kan både tildekkja og avdekkja. Ubehagelege emne og gjerningar kan omskrivast. Språkforma og språkbruken kan bera i seg ein bodskap som ikkje er uttrykt direkte, men som lesaren eller lyttaren oppfattar meir eller mindre bevisst.

5.2.2.3 Ein språkdelt norsk felleskultur i eit fleirkulturelt samfunn

Nasjonale symbol og fellesskapsuttrykk kan verka kulturelt utjamnande, i ein del tilfelle også einsrettande, og dermed dekkja over kulturelle skilnader som likevel finst.

Så seint som i 1970-åra var det vanleg å framstilla Noreg som eit eittspråkleg og eittkulturelt samfunn.

Det ser ut til at langtidsverknadene av den nye ikkje-vestlege innvandringa til landet frå midten av 1960-åra har endra denne oppfatninga. Sjølv om fleire språk enn norsk hadde vore representerte i det norske samfunnet i fleire hundre år, var det først ved inngangen til det 21. hundreåret at det vart ei meir vanleg oppfatning at Noreg no hadde endra karakter og vorte mangespråkleg. Det vart vanskelegare å tala om kultur i bunden form eintal, og det gav meir meining å tala om kulturelle prosessar enn om kulturar.

Noreg som eit fleirkulturelt samfunn er altså ikkje noko nytt. Det nye er heller at dei miljøa som pregar dette fleirkulturelle samfunnet i dag, er meir av ein ideologisk maktfaktor på nasjonalt nivå, ikkje berre i dei miljøa og regionane der dei er mest markerte. Mange fleire etniske nordmenn kjem tettare innpå denne fleirkulturelle situasjonen enn det som var tilfellet i høve til samane og dei nasjonale minoritetane.

I tillegg til å vera eit mangespråkleg samfunn har Noreg ein språkdelt norsk kulturtradisjon. Denne samla språklege og kulturelle variasjonen gjev gode føresetnader for å møta dei utfordringane det fleirkulturelle samfunnet representerer.

I ein del samanhengar blir det at mange barn i Noreg er fleirspråklege, brukt som forklaring på at til dømes ein del elevar slit i skulekvardagen. Ei slik oppfatning inneber at det kan vera uheldig for barn og unge å kjenna og meistra fleire språk. Språkforskinga gjev ikkje dekning for eit slikt synspunkt, og moderne utdanningspolitikk har lenge vore bygd på ein føresetnad om at det er ein fordel å meistra fleire språk.

5.2.2.4 Språkleg makt i kraft av det «naturlege» og «nøytrale»

I all kommunikasjon må noko takast for gjeve, elles blir all form for kontakt så omstendeleg og komplisert at han bryt i hop. Alle tek likevel ikkje det same for gjeve. Den som tek ein viss språkbruk eller dei språklege maktforholda i samfunnet for gjevne, utøver ideologisk makt.

Makt som blir teken for gjeven, blir oppfatta som naturleg og må ikkje grunngjevast. Slik er det også med språkleg makt. Særleg i 1970-åra gjorde den nye kvinnerørsla opprør mot det dei kalla eit mannsspråk. Dei som då ville halda på nedervde tradisjonar, måtte grunngje ein språkbruk det ikkje var stilt spørsmål om før, til dømes nemninga «formann» i staden for «leiar».

Internasjonalt skil det seg om ein markerer kjønn i yrkes- og funksjonstitlar. I Noreg som i resten av Norden er det vorte vanleg å bruka kjønnsnøytrale nemningar som «varamedlem» for «varamann». Først i dei siste tiåra har «stortingsrepresentant» avløyst «stortingsmann», og «reingjeringshjelp» har kome i staden for «vaskekone». No er nemninga «leiar» sjølvskriven og utløyser difor ingen reaksjonar, medan det vekkjer oppsikt at Den norske Forfatterforening framleis held seg med «formann». Kjønnsnøytrale yrkesnemningar kan samstundes skjula skeiv rekruttering av menn og kvinner.

Alt språk er menneskeskapt. Det som er forma gjennom sosiale prosessar og menneskeleg handling, kan aldri vera naturleg i tydinga uavvendeleg eller uunngåeleg. Derimot kan det menneskeskapte bli meir eller mindre typisk, vanleg eller dominerande.

I mange språkdiskusjonar har ei såkalla «naturleg språkutvikling» eller «fri språkutvikling» vore halden fram som eit ideal, til tider jamvel som uunngåeleg. Dei som då har ønskt å påverka språkutviklinga, er gjerne vortne karakteriserte som grupper og miljø som vil bruka tvang, makt. Å framstilla menneskeskapte forhold som naturlege er i seg sjølv ein måte å bruka språkmakt på. Å hevda ei slik oppfatning representerer eit maktmiddel for nokre og skaper avmakt hos andre.

Grunnlaget for at språkbruk og forholdet mellom ulike språk endrar seg, er alltid knytt til maktmekanismar som hegemoni og dominans. Ei fri språkutvikling i tydinga upåverka av økonomisk, politisk eller ideologisk makt er difor utenkjeleg.

Det som blir oppfatta som naturleg, normalt eller nøytralt, er det ikkje nødvendig å legitimera verbalt. Denne typen fleirtalsmakt legg ikkje fleirtalet sjølv merke til.

Både i offentleg sektor og elles i samfunnet vil det i avgjerdsprosessar vera nødvendig å ta ulike omsyn og vega overordna mål mot kvarandre. Den som ikkje tek stilling, eller som ser bort frå visse behov, risikerer at alt blir som før, og at maktforholdet blir verande uendra også på område der endring er nødvendig. Å stilla seg nøytral er eit legitimt standpunkt. Å prøva å nøytralisera eit spørsmål ved å oversjå det eller prøva å gjera det uviktig, er derimot å bruka makt.

Etter stortingsvedtaket i 1885 om jamstilling mellom dei to norske målformene har den offentlege språkpolitikken i Noreg aldri lagt ein slik nøyt­ralitet til grunn. Å ta omsyn til begge sider i denne saka tyder ikkje at det alltid er formålstenleg å ta like mykje omsyn til begge sider. Den offentlege språkpolitikken må justera for følgjene av den språklege marknadsmakta. Difor var det så seint som i 2004 brei semje i Stortinget under handsaminga av kulturmeldinga om at det i visse tilfelle er nødvendig å favorisera tiltak som styrkjer bruken av nynorsk.

5.2.2.5 Språk og identitet

Både språk og identitet er menneskeskapte. I det moderne samfunnet kan eitt menneske ha meir enn ein identitet. Blant desse ulike identitetane kan éin vera viktigare enn dei andre. Den språklege identiteten treng ikkje vera den viktigaste. Ei kvinne frå Pakistan som arbeider på eit sjukehus i Stavanger, kan leggja ulik vekt på dei sidene ved eigen identitet som gjeld kjønn, etnisitet, nasjonalitet, bustad, yrke.

Identitet er ein kulturell og sosial prosess som i prinsippet aldri tek slutt. Ofte vil identiteten vera sterkast når han er knytt til noko som blir oppfatta som eit mindretal. Etnisk kvite nordmenn med standard austlandsk talemål har gjerne ein svakare språkleg identitet enn ein førstegenerasjons innvandrar frå Tyrkia. Å identifisera seg sjølv språkleg inneber å ta stilling til den språksituasjonen ein lever i. Den språkmakta som pregar den situasjonen, får då som regel følgjer for kva språkleg identitet ein formar.

Identitetsprosessar er dynamiske prosessar som på grunnlag av kunnskapar, interesser og verdioppfatningar blir utvikla i samvær mellom menneske. Etnisk identitet vil ofte vera klarare og lettare å observera enn identitet knytt til målform. Identitet og personleg integritet heng saman. Blir medarbeidarar med «eksotiske» namn bedne om å kalla seg noko anna når dei skal ringja til kundar ved til dømes telefonsal, er det å krenkja integriteten deira og dermed å svekkja deira kulturelle identitet.

Språkbruk kan vera med og forma og halda ved like sosiale fellesskapar, ved at nokre er innanfor og andre er utanfor. Fagspråk stadfestar faglege fellesskapar på same måten som slangspråk i ungdomsmiljø både markerer grensene for desse miljøa og uttrykkjer korleis dei oppfattar seg sjølve.

5.2.2.6 Språkleg avmakt

I den første maktutgreiinga var avmakt eit berande omgrep, tydeleg skilt frå det å ha lite makt. Avmakt inneber at «betingelsene for virkningsfull målrettet handling» ikkje er til stades. Det kan sjølv ressurssterke miljø og grupper bli utsette for når dei ikkje maktar å samordna eigne interesser. Presset frå engelsk mot den mest brukte målforma i Noreg, bokmål, kan seiast å utløysa slik avmakt viss dei som ber oppe denne målforma, ikkje greier å gå saman om å styrkja bruken og ta attende domene der bokmål er i ferd med å bli mindre brukt. Å ha lite makt inneber derimot at ein har små eller få ressursar til rådvelde i den aktuelle situasjonen.

I den siste maktutgreiinga blir omgrepet og perspektivet avmakt berre brukt i nokre drøftingar av språkleg avmakt, og i nokre spørsmål som gjeld situasjonen for minoritetar. Då blir avmakt gjerne forstått som det motsette av makt, men avmakt vil ikkje seia det same som lite makt og er noko anna og mykje meir enn fråvær av makt. Avmakt kan resultera i handlingslamming eller maktesløyse. Den som ikkje har språket i si makt, kan vera makteslaus.

Når språkbruk og maktbruk heng saman, inneber det også at språkbruk kan skapa avmakt og gje oss ei kjensle av språkleg avmakt. Blakar peiker på fleire slike typar opplevingar på det personlege planet. Det kan mellom anna dreia seg om at vi ikkje når fram eller får kontakt, at vi ikkje får sagt det vi gjerne vil få fram, og at vi misforstår eller blir misforstått. Også sosiale grupper kan oppleva språkleg avmakt. Det sterkaste uttrykket for dette er når eins eige språk ikkje blir akseptert eller av formelle grunnar ikkje kan brukast. Denne typen språkleg avmakt svekkjer det kulturelle grunnlaget for gruppa.

5.2.2.7 Skrift og tale

Normerte skriftspråk oppstår aldri naturleg, men blir forma gjennom meir eller mindre målretta språkplanlegging og språkstyring. Så lenge eit språk er i bruk, tek slike prosessar aldri slutt.

Svært mange skriftkulturar har bygd på ei oppfatning om at avstanden mellom skriftspråk og det allmenne talespråket skulle vera stor. Standarden for desse skriftspråka har gjerne bygd på overklassens språk og sosiale prestisje. Då debatten om eit norsk språk tok til tidleg på 1800-talet, innebar det generelle kravet om fornorsking at denne avstanden måtte reduserast. Den som gjekk lengst, var Ivar Aasen. Som den første tok han steget fullt og bygde opp eit skriftspråk nedanfrå, basert på talemåla til allmugen.

Demokrati er å delta. Den som vil delta aktivt i eit moderne samfunn, må meistra språket. Då må det språket vera tilgjengeleg for alle. Utgangspunktet for Ivar Aasen var at det ikkje var slik, at skriftspråket var noko eit mindretal brukte. Når fleire kan bruka sitt eige skriftspråk og si eiga stemme, blir språket demokratisert, og med det samfunnet.

Summen av geografiske, sosiale og aldersmessige talemålsskilnader gjer truleg talemålsvariasjonen større i Noreg enn i mange andre land. Meir enn før kan folk flest bruka sine eigne talemål i nær sagt alle situasjonar. Trass i dette mangfaldet finst det fleire typar normer for talemålsbruk, både for kva som høver og ikkje høver, kva som er vakkert eller ikkje vakkert, kva som er sofistikert, og kva som er latterleg.

I eit land som Frankrike kan det å meistra standardfransk reknast som ein føresetnad for å vinna ein offisiell og formell posisjon. Slik er det ikkje i Noreg. Frå det som blir rekna som den fremste talarstolen i landet, Stortinget, har det vore brukt mange ulike talemål iallfall sidan tidleg på 1900-talet. Frå 1913 er representantane refererte på anten bokmål eller nynorsk. I 1930 hadde Ap-politikaren Olav Scheflo merka seg at Venstre-politikaren Torgeir Lund frå Kolvereid snakka «kav innherredsdialekt». «Nu er vi kommet så langt at en mann kan stå i Stortinget og snakke sin egen dialekt og bli hørt på», sa Scheflo.

Finanstalen, der finansministeren legg fram statsbudsjettet, vil i dei fleste land vera ein av dei kulturelt viktigaste talane. I Noreg har den vore framført på tydeleg talemålsgrunnlag. I dag må ingen statsråd eller stortingsrepresentant modifisera det norske talemålet sitt før vedkomande går på talarstolen. Dette er eit viktig signal til allmenta om at eins eige språk er godt nok, og det er med og gjer det vanskeleg å bruka talemål som eit tydeleg maktmiddel andsynes andre.

I Noreg utvikla det seg ein talemålskultur der dialektane til sist – det tok lang tid – vann eit klart hegemoni. Denne talemålskulturen kan forståast som ein historisk nødvendig føresetnad for seinare språkleg demokratisering. Dette dreier seg om prosessar i retning av at jamt fleire frå ulike sosiale sjikt over tid kunne hevda sine interesser, fremja sine behov eller ta del i språkhandlingar på både offentlege og andre arenaer.

At dialektane har fått høgare status samstundes som nye fleirkulturelle former er vortne ein del av den norske kvardagen, har truleg vore med og auka den språklege toleransen andsynes nynorskbrukarar. Likevel er det truleg meir akseptert å bruka dialekt i dag enn å skriva nynorsk. For dei som skriv lite, er dessutan talemålet viktigare enn skriftspråket. Å kunna halda på talemålet sitt er vorte ei særnorsk norm.

I utgangspunktet er normert skriftspråk noko ein lærer best gjennom skulegang. Kor godt ein meistrar dette normerte språket, varierer mykje, og difor kan slike skriftnormer vera med og halda oppe skilnader mellom grupper. For mange kan difor den norske situasjonen med stor skriftleg valfridom innanfor dei to målformene ha visse fordelar.

5.2.3 Samfunnsendringar som flyttar ­språkleg makt

5.2.3.1 Strukturelle prosessar

Makt blir brukt, og maktstrukturar finst. Politisk er det like viktig å forstå korleis makt blir etablert. Innanfor språkfeltet liksom på andre område har organisering av interesser tent til å etablera makt. To døme på dette frå seinare tiår er målrørsla si evne til å gje norske talemål høgare sosiale status, og dei mange endringane i ordbruk som følgde med den nye kvinnerørsla.

Både makt og språk er dynamiske samfunnstrekk. Språk endrar seg, maktfordeling endrar seg; det same gjer språkbruksmønster, gjennom meir eller mindre kontinuerlege prosessar. Nokre av desse er strukturelle prosessar som får følgjer for den språklege makta.

Frå eit språkpolitisk perspektiv er nokre av desse prosessane særleg viktige: globalisering, individualisering, privatisering, institusjonalisering og frivillig organisering.

5.2.3.2 Globalisering

I globalisering ligg ein ny måte å oppfatta samtida på. Omgrepet karakteriserer den prosessen der varer, kapital, personar og informasjon flyttar seg raskt og i stort omfang, og som endrar dei kulturelle og språklege rammevilkåra.

Globaliseringsprosessane ber i seg fleire og djupare språkmøte mellom folk og kulturar. Det endrar språksituasjonen på fleire måtar.

Generelt har globaliseringsprosessen styrkt engelsk som det mest brukte språket i verda, sjølv om det ikkje er det språket som flest har som morsmål.

Ei anna viktig endring er at fleire språk kjem tettare på kvarandre enn før, og at dette gjeld mange fleire menneske enn tidlegare.

Den tredje viktige endringa er at dette auka språkmangfaldet ser ut til å fremja ein generell toleranse for at språk er ulike.

I Noreg kan globaliseringsprosessen difor svekkja norsk språk allment dersom det ikkje blir ført ein aktiv politikk for bruk av norsk.

5.2.3.3 Individualisering

Globalisering og individualisering heng nøye saman.

Aukande individualisering inneber at gruppetilknyting og gruppeidentitet løyser seg opp, og at kollektive trekk smuldrar.

Enkeltpersonar kan i større grad regissera seg sjølv og velja livsløp og karriere, heiter det i den nyaste maktutgreiinga. Det føreset at dei har makt og handlefridom nok til å gjera nettopp det.

Den aukande individualiseringa kan altså gjera det meir krevjande å ta vare på eller styrkja dei kulturelle og språklege identitetane til mindretalsgrupper. Den samiske identiteten for til dømes ein sørsame eller austsame kan smuldra opp viss samar som gruppe kjenner mindre tilknyting seg imellom.

5.2.3.4 Privatisering

Forholdet mellom offentleg og privat sektor er vorte endra. Gjennom fristilling og anna form for privatisering blir oppgåver, funksjonar og ansvar flytta ut frå offentleg sektor.

På språkfeltet inneber dette at også meir av makta over språkbruken blir verande utanfor det området staten, fylka og kommunane sjølve utan vidare kan styra eller regulera.

I den grad dette fører til at fleire tek ansvar for språkbruken, kan det gje visse positive verknader. Skjer ikkje dette, vil skeivfordelinga av språkleg makt berre bli forverra. Fråvær av politisk regulering vil på det språklege området styrkja dei som alt er sterke.

5.2.4 Språklege og kulturelle maktmekanismar

5.2.4.1 Maktmekanismar

Å ha eller utøva makt inneber ikkje alltid formålsretta handlingar eller tiltak for å bruka den makta. Men i det daglege er det likevel mange maktmekanismar som gjer seg gjeldande.

På det språklege feltet dreier det seg mest om sosiale eller psykologiske maktmekanismar. Slike mekanismar kan altså verka uavhengig av intensjonane til enkeltpersonar eller grupper. Uavhengig av demokratiske reguleringar og formelle ordningar verkar fleire slike språklege og kulturelle maktmekanismar inn på språksituasjonen i eit samfunn.

Dei som blir utsette for slike maktmekanismar, blir underlegne på fleire vis. Den nyaste maktutgreiinga peikar på desse ringverknadene:

«Kulturelle uttrykksformer tørker ut, koder i virkelighetsoppfatning forsvinner, nyanser og variasjon i det språket som er knyttet til erfaringsbakgrunn og følelsesliv, går tapt.» 8

Språkleg og kulturell sjølvtillit blir då meir og meir til språkleg og kulturell underordning.

5.2.4.2 Dominans

Dominans viser seg gjerne som ei nedvurdering av språkbruk og språkformer som kan knytast til utkantstrøk, lågare sosiale lag, eller som på anna vis har mindre prestisje hos dei som forvaltar hegemoniet. Denne nedvurderinga kan ofte skje gjennom bagatellisering og latterleggjering, og den som blir utsett for slike mekanismar og verkemiddel, blir underlegen i situasjonen.

«Vellykka» dominans inneber at nokon blir underordna, og slik underordning fører gjerne til at den som er dominert, gradvis går over til det dominerande språket. Verken ein etnisk, sosial eller språkleg minoritet vil ha interesse av å halda ved like relasjonar som er prega av dominans, og vil difor ofte vera oppteken av å avsløra skjulte mekanismar i denne dominansen.

Kva som blir rekna for «naturleg», har å gjera med kven som utøver dominans. Gjennom oppvekst og seinare sosialisering blir mange haldningar forma, og ein veks så å seia inn i den språkbruken som dominerer. Den store skilnaden mellom synet på forholdet mellom kvinner og menn for femti år sidan jamført med i dag, og måtane dette har endra seg på, syner korleis eit språksystem speglar, tek vare på og fører vidare etablerte sosiale maktstrukturar, men også korleis slike maktstrukturar kan endra seg.

Ei tydeleg språkleg-sosial maktendring gjorde seg gjeldande då Stortinget i 1885 vedtok å jamstilla dei to norske målformene. Dei neste tiåra skifta svært mange skular opplæringsmål, både den lokale forvaltninga og kyrkjesokna endra målform i delar av landet, og mange privatpersonar gjekk over til å skriva landsmål, seinare nynorsk. Desse endringsprosessane snudde mange stader opp ned på dominansforholdet utan å endra situasjonen nasjonalt. At norske språkbrukarar er i skiftande fleirtal og mindretal, inneber at den norske språksituasjonen er prega av ulike dominansforhold i ulike delar av landet.

5.2.4.3 Hegemoni

Tenkjemåtar som er med og rettferdiggjer ein bestemt type dominans, representerer eit hegemoni. Å ha eit hegemoni er altså å ha eit strukturelt og definisjonsmessig overtak, ofte nesten umerkeleg slik at dominansen og makta verkar heilt sjølvsagd eller naturleg, og ikkje må grunngjevast. Den som har ei formell fleirtalsmakt, forvaltar element av eit slikt hegemoni gjennom ideologisk makt.

Grupper, miljø, institusjonar som er i ein hegemonisk posisjon, legg premissar for kva som gjeld og kva som er legitimt, og kan gjera det så lenge dei som blir utsette for dette hegemoniet, godtek premissane og underordninga. Ein kamp om hegemoniet vil difor innebera usemje om korleis situasjonar bør forståast, saker sorterast og omgrep definerast. Det vil seia at hegemoni føreset ideologisk makt.

Å ha hegemoniet inneber å kunna seia kva som blir rekna som normalt. Uttrykket «norsk og nynorsk» kan vera ei forsnakking, men er for mange det opplagde uttrykket for «bokmål og nynorsk» fordi bokmål er det normale for dei og dermed berre eit anna ord for norsk.

Den kulturelle og språklege sjølvtilliten er svak hos store grupper av nynorskbrukarar. Temmeleg store grupper særleg av unge nynorskbrukarar er den dag i dag negative til sitt eige språk. Det sjølvbiletet blir langt på veg forma av andre, av dei som utøver det kulturelle hegemoniet i samfunnet.

Måten ei sak blir forstått på, avgjer kva endringar og løysingar som blir vurderte. Diskusjonar om korleis ein situasjon bør forståast, kjem altså ofte til uttrykk som ein kamp om omgrep. Dette er ei definisjonsmakt. I mange former for offentlege ordskifte og på alle saksfelt er det å kontrollera denne definisjonsmakta ein nødvendig føresetnad for å nå fram.

Hegemoniet og definisjonsmakta kjem gjerne til uttrykk gjennom språket. Å prøva å monopolisera eller avgrensa perspektiv er typiske trekk ved slik språkbruk.

5.2.4.4 Marginalisering

I den siste maktutgreiinga blir uttrykket marginalisering brukt om meiningsskapande prosessar som gjer at noko blir sentralt og noko anna blir uviktig. 9 Det kan vera rettare å tala om at noko blir uviktig ved at noko anna blir viktig.

Mykje tyder på at den språklege toleransen overfor nynorskbrukarane har auka i seinare tiår. Etter kvart som det har vorte større merksemd om situasjonen for andre språklege mindretalsgrupper, kan nok samstundes den nynorske sida av den norske språksaka ha vorte mindre relevant for mange.

Marginalisering heng altså saman med prosessar som kan verka i stikk motsette retningar. Når enkelte i seinare år har hevda at spørsmålet om norske domenetap til engelsk gjer forholdet mellom bokmål og nynorsk uviktig, kan det marginalisera situasjonen til nynorskbrukarane. Å bagatellisera er ein måte å gjera eit fenomen, eit behov eller ei sak mindre viktig på, og det kan representera ei vilja form for marginalisering.

Også lovgjeving kan føra til marginalisering. I så godt som alle land i Europa bruker innbyggjarane meir enn eitt skriftspråk. Offisielt er 25 av 37 land eittspråklege. Det inneber at ein del minoritetsspråk og regionale språk ikkje har dei same rettane som dei offisielle språka. Brukarane av desse språka kan oppleva dette som ei marginalisering av deira språk og kulturtradisjon.

5.2.4.5 Ignorering

Også ignorering kan vera ei viktig form for maktutøving. Denne maktmekanismen fører lenger enn den nedvurderinga som ligg i marginalisering.

Den som ignorerer, tek ikkje ei bestemt gruppe, eit behov eller ei side av saka med i vurderinga i det heile.

I mange samanhengar kan det vera ganske lett å rettferdiggjera ei slik ikkje-vurdering for den som ønskjer det.

Ignorering er likevel slett ikkje alltid tilsikta. Når eit hegemoni er vorte svært sjølvsagt og noko blir teke for gjeve, er det fort gjort å sjå bort frå legitime behov og interesser.

5.2.4.6 Stigmatisering og trakassering

Språk er sosiale normer, og nokre av desse normene, og dermed språka, står sterkare enn andre. Å bryta med desse normene kan innebera ei stigmatisering og er til tider vorte det i ganske sterk grad i Noreg. Stigmatiseringa kan slå over i trakassering retta mot det som blir oppfatta som uønskt avvik.

Mange innvandrarar opplever trakassering i ord og handling, retta mot deira språk- og kulturtradisjonar. Slik trakassering har så vel nynorskbrukarar som nasjonale minoritetar også lang røynsle med. Dette er ei uformell form for diskriminering det er vanskeleg å hindra.

Særleg frå 1970-åra vart merksemda retta mot det som vart kalla sexisme i språket. Emnet femner særleg om nemningar for kvinner og menn, pronomenbruk og yrkes- og funksjonstitlar. Variasjonen av synonym for kvinner og menn, særleg dei nedsetjande orda, vart avdekt og dermed gradvis stigmatisert.

Kor sterkt haldningane til og stereotypiane om kvinner og menn kjem språkleg til uttrykk, avdekte danske Jann Scheuer då ho gjekk gjennom 40 millionar ord frå ulike sjangrar i tidsrommet 1938–1992. Her viste det seg at pronomenet hendes hadde fått mest følgje av ord for kropp og kroppsdelar, medan hans stod til ord for åndeleg og offentleg verksemd. Slike språklege skilnader kan ikkje løysast gjennom formelle forbod.

Sexisme og rasisme heng saman, også i språket. Det er dei same sosiale og språklege mekanismane som gjer seg gjeldande når ord som «kvinnfolkarbeid», «fjellfinn» og «negerarbeid» dels blir brukte medvite for å krenkja, eller blir opplevde som krenkjande av dei denne ordbruken blir retta mot. Orda oppstår som uttrykk for sosiale realitetar og er med på å skapa og vedlikehalda eksisterande sosiale maktforhold. I språket er det altså mange samanhengar mellom makt basert på kjønn og makt basert på etnisitet.

5.2.4.7 Assimilering

Assimilering inneber at minoritetar går opp i majoriteten, tek opp i seg dei normene som gjeld i fleirtalsforma for kulturell fellesskap, og at særtrekka deira blir viska ut. Når ein slik maktmekanisme blir omgjord til politisk strategi, kan følgjene bli store.

Fornorskingspolitikken overfor samane var lenge basert på assimilering.

Til skilnad frå assimilering legg moderne integrasjon til grunn at skilnadene mellom grupper og kulturtradisjonar ikkje skal bli borte, og at særtrekk må respekterast. Å integrera grupper står difor ikkje i motstrid til ønsket om å sikra eit kulturelt mangfald.

5.3 Motmakt og demokratisk makt over språket

5.3.1 Motmakt

5.3.1.1 Svar på makt

Dei som blir utsette for maktmekanismar av det slaget som er nemnt ovanfor, kan svara ved å utøva motmakt.

Først og fremst gjeld det å endra oppfatninga om kva som er naturleg og normalt, vinna legitimitet for eigne språk- og kulturtradisjonar, og bli aksepterte som noko som er verdifullt for andre enn dei som sjølve er innanfor desse tradisjonane. For alle som knyter identitet til sitt eige språk, vil det vera viktig å vinna respekt for denne identiteten og at han blir akseptert.

I eit demokrati er det fleirtalet sitt ansvar å sikra rettane og vilkåra for ulike mindretal. Ut over det slike mindretalsgrupper kan oppnå gjennom formell makt i form av demokratiske fleirtalsvedtak, og gjennom formelle rettar, kan dei utfordra den uformelle makta ved å mobilisera tilslutning til institusjonalisering og organisering. Som enkeltpersonar kan dei til vanleg oppnå lite. Ved å organisera eigne fellesskapar kan dei henta styrke til å stå imot det dei opplever som eit uønskt press.

5.3.1.2 Institusjonalisering

Institusjonalisering kan kompensera for mang­lande ideologisk makt og påverka dei språklege maktforholda.

Målfolk bygde frå andre halvdel av 1800-talet opp eigne, alternative institusjonar og verksemder i form av eigne blad og aviser, forlag, overnattingsverksemder, serveringsstader, finansinstitusjonar, skular og yrkesorganisasjonar for journalistar og forfattarar. Dette var med og skilde det nynorske ut frå resten av det norske samfunnet.

Liknande former for institusjonalisering har vore viktige for at samane kunne nå fram med sine interesser og sine språkleg-kulturelle behov. I seinare år har også kvenene vunne fram på denne måten.

Slik institusjonalisering fell gjerne saman med formalisering av rettar i lovform. Lova om målbruk i offentleg teneste er med og regulerer forholdet mellom dei to jamstilte målformene, og § 110a i Grunnlova pålegg den norske staten ei rettsplikt til å verna samisk språk. Demokratiet som styringsform sikrar at slike lovreglar kan brukast aktivt og gjerast om til argument.

5.3.1.3 Frivillig organisering

Frivillig organisering har hatt mange funksjonar. Ein av dei viktigaste har vore å ta vare på viktige politiske funksjonar i samarbeid med det offentlege.

Organisasjonar med eit språkleg-kulturelt formål har tent til å gjera språk til eit viktigare emne i offentleg debatt og for offentleg sektor.

Med Noregs Ungdomslag frå 1896, Riksmålsforbundet frå 1899 og Noregs Mållag frå 1906 vart det norske språkfeltet organisert. For nynorskbrukarane har denne frivillige organiseringa vore ein nødvendig føresetnad for å oppnå den posisjonen som nynorsk skriftkultur har i dag.

Med tida kom det til mange fleire slike frivillige organisasjonar. Den første store ad hoc-organisasjonen på språkfeltet var truleg Foreldreaksjonen mot samnorsk kring 1950.

Mot slutten av 1900-talet vart den vanlege organisasjonsmodellen utfordra av det maktutgreiinga kallar ei «her-og-no»-organisering i form av nettverksbaserte organisasjonsformer. Å handla vart viktigare enn å delta.

Å bidra til ei sak eller støtta ein ideologi er for mange ikkje lenger god nok grunn til vera med i ein organisasjon. Det må vera personleg tilfredsstillande å delta. Dette merkar også dei etablerte språkorganisasjonane.

Dei to største norskdomsorganisasjonane, Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag, har nesten 50 prosent færre medlemmer i dag enn for 25 år sidan. Også andre frivillige organisasjonar har gått sterkt tilbake. Noko av nedgangen for norskdomsorganisasjonane kan bli vegen opp av ei sterkare institusjonalisering av dei interessene desse organisasjonane arbeider for, men på dette området får endringane i organisasjonssamfunnet kulturpolitiske følgjer.

5.3.1.4 Synleggjering og dokumentasjon

Dersom ein tradisjon ikkje er synleg, kan han heller ikkje formidlast. Særleg må mindre brukte språk gjerast synlege, både som språksystem og som språkbruksmønster.

Ved å dokumentera nynorsken og den store mengda av dialektvariasjon i historisk perspektiv og i ulike sjangrar og uttrykksformer blir grunnlaget tryggare for både argumentasjon og handling, kulturelt så vel som politisk og pedagogisk. I dette perspektivet er kunnskap makt, for på kunnskap kviler dei beste argumenta.

Både dei mange dialektane og det nynorske skriftspråket kan vinna auka prestisje ved at dei blir grundig dokumenterte på nett, i databasar eller i bokform. Slik blir språk og målform også meir tilgjengeleg.

5.3.2 Demokratisk makt over språket

5.3.2.1 Språk og demokrati

Demokrati blir gjerne forstått på fire ulike måtar:

Statsform med folkestyre: Allmenn og lik røys­terett gjev veljarane direkte eller indirekte makt over politiske avgjerder

System av rettar og rettsstatlege garantiar: Regulerer makt i den forstand at lov og rett skal vera lik for alle

System for aktiv deltaking: Gjev rom for samtale og høve til å bli høyrd

Felles grunnverdi: Representerer ein grunnleggjande tillit til borgarane si evne til å delta

Desse tydingane kan også seiast å vera ulike sider ved eit demokrati som utfyller kvarandre. I eit slikt system har språkleg makt følgjer for både deltaking, innverknad og dei faktiske avgjerdene.

5.3.2.2 Skiftande fleirtal og mindretal

Noko av det mest særmerkte ved den språkdelte norske kulturen er at nynorskbrukarar og bokmålsbrukarar er i skiftande fleirtal og mindretal. Bokmålsbrukarar som er i stort fleirtal i Oslo-regionen, kjem i mindretal viss dei flyttar til Sunnfjord. Tilsvarande vil nynorskbrukarar som utgjer eit tydeleg fleirtal på Sunnmøre, koma i mindretal viss dei flyttar til Vestfold.

I det fleirkulturelle Noreg blir dei etniske minoritetane verande minoritetar også om dei blir integrerte. Den nyaste maktutgreiinga peiker på at i spørsmål om demokrati og makt er situasjonen ulik for desse minoritetane:

«De nye innvandrergruppene møter makt i spørsmål om adgang og opphold og i premissene for integrasjonspolitikken. De eldre nasjonale minoritetene, som samene, møter makt i spørsmål om hvor vidtgående autonomi og rettigheter de skal ha.»

Minoritetane utgjer eit demokratisk dilemma ved at dei er mindre med i dei demokratiske prosessane eller blir utsette for diskriminerande mekanismar, samstundes som dei krev samfunnsendringar som mange i majoriteten enno ikkje ønskjer. Likevel kan minoritetar avgrensa fleirtalsmakta i den grad dei påverkar måten fleirtalet innrettar seg på i samfunnet. Minoritetane er altså ikkje heilt utan ideologisk makt.

5.3.2.3 Tilgang på makt gjennom språkleg deltaking

Det representative demokratiet, frå val av kasserar i den lokale hornmusikken til val av stortingsrepresentant, representerer ein tilgang på makt.

Den politiske deltakinga har endra seg på to sentrale punkt dei siste tiåra. Kvinner – utanom innvandrargruppene – tek like aktivt del som menn. Særleg gjeld dette yngre kvinner, medan menn med låg utdanning og inntekt er vortne mind­re aktive ved val. For desse representerer ikkje det representative demokratiet ein tilgang på makt som er viktig for dei.

Det gjeld å kunna bli høyrd og faktisk bli høyrd. Den som vil gjera seg gjeldande i det moderne samfunnet, må meistra språket meir enn på eit elementært nivå.

For å verna om sine eigne interesser og å verka inn på avgjerder som blir tekne, blir det jamt viktigare å kunne skriva og uttrykkja seg i dei sjang­rane og uttrykksformene som er relevante i ei sak eller ein situasjon. Dette er viktigare enn å meistra alle detaljar i rettskrivinga, men den som er språkleg usikker, er gjerne også usikker på ordlegging og tekstforming. Språkleg kompetanse i form av ordtilfang og evne til å uttrykkja seg i ei av dei jamstilte målformene i landet er ein føresetnad for å gjera seg gjeldande som samfunnsborgar og delta i meiningsdannande aktivitetar.

5.3.2.4 Forståing og definisjonsmakt gjennom språket

Å kunna forstå er ein nødvendig føresetnad for demokratisk deltaking.

Gjennom språket blir tydingar og vurderingar forma og overførte til neste generasjon. I dette ligg også at oppfatningane om språket og om situasjonen til språket blir overførte. Den vaksne traderer på denne måten noko av si eiga språkforståing til barna sine.

I eit av grunnlagsdokumenta for den nyaste maktutgreiinga heiter det at den som har makt over barndommen til andre menneske, har stor makt over sjølvforståinga og samfunnssynet deira.

På alle område blir sosiale realitetar og kulturelle oppfatningar førte vidare til neste generasjon gjennom språket. Både den språklege sjølvforståinga og oppfatningar om status for det språket ein sjølv bruker, blir prega av dette.

Når språk er makt, følgjer eit ansvar med den makta. Den som har noko å melda, har i prinsippet sjølv ansvaret for å bli forstått av dei vedkomande vender seg til. I to situasjonar fell det ansvaret bort. Den eine situasjonen er når mottakaren ikkje vil forstå, den andre når vedkomande ikkje forstår fordi avsendaren bruker eit språk mottakaren er lite kjend med.

Sjargongspråk innanfor ein generasjon eller ei sosial gruppe, til dømes det nyare kebabspråket, vil av mange bli opplevd slik.

For brukarane av eit mindre brukt språk oppstår jamvel den situasjonen at språkbrukarane sjølve ikkje kjenner mange nok ord og uttrykk i sitt eige språk.

5.3.2.5 Språkmakt og massemedia

Mediesamfunnet har fått preg av ei redigert offentlegheit. Den ideologiske makta som blir utøvd på dette feltet, gjeld både forståing av den norske språksituasjonen og konsekvensar av eigen språkleg praksis.

På leiar- og kommentarplass vil dei fleste medie­bedriftene i dag ha eit romsleg forhold til den språkdelte norske kulturen. Når det kjem til eigen praksis, er det framleis skeivt.

Den som vil gjera seg gjeldande i massemedia, må tilpassa seg forma på moderne journalistikk. Forma femner om meir enn skrivemåte, vinkling, tilrettelegging.

Massemedia er blant dei som bruker og spreier språk mest, men mange mediebedrifter arbeider innanfor tydeleg definerte språkrammer. Redaktøren avgjer kva målform tilsette medarbeidarar skal bruke, medan lesarane etter kvart har kunna stå fritt i val av målform i sine meiningsytringar.

Først i 1999 slutta den siste norske avisa å omsetja lesarbrev frå nynorsk til bokmål før dei kom på prent. Den dag i dag er kvar fjerde avis i Noreg offisielt redigert på nynorsk eller på begge målformer.

Den vanlege rollefordelinga i mediesamfunnet har vore at somme er subjekt, andre objekt. Avstanden mellom den som ytrar seg, og den som lyttar til eller les ytringa, kan rett nok variera, men han er der. Med Internett er dette skiljet på veg til å løysa seg opp. Den nyaste maktutgreiinga peiker såleis på at den digitale medieteknologien endrar samfunnet ved å endra vilkåra for sosial samhandling, endra rammevilkåra for avgjerdssystem som alt finst, og ved å endra vilkåra for skaping og formidling av kunnskap.

Forskingsprosjektet «IKT og lokaldemokratiet» ved Universitetet i Oslo, Høgskolen i Oslo og Norsk institutt for by- og regionforsking har studert nettdebattar i dei fire lokal- og regionavisene Drammens Tidende, Stavanger Aftenblad, Firda og Nordlys. Desse debattane fungerer som eit treningsfelt for deltaking i offentlege ordskifte ved at argument blir prøvde, prioriteringar vurderte og avgjerdsprosessar evaluerte.

Langt på veg er det dei same som skriv i avisene som er med i nettdebattane. Det ser altså ut til at desse nettdebattane i liten grad rekrutterer deltakarar frå miljø som elles ikkje kjem til orde eller ikkje ville ha brydd seg. Derimot kan dei uttrykkja seg meir uformelt enn dei må om dei skal på trykk i avisene. Den språklege terskelen for å vera med blir dermed lågare. Det kan sjå ut til at elevar som tek til å skrive på pc før dei lærer handskrift, og dermed skriv parallelt med at dei lærer å lesa, skriv betre og meir enn elevar som lærer å skriva for hand.

Uttrykksforma blogg vart det store sommaren 2005. Halvtanna år seinare var kvar tiande nordmann med i nettdebattar, ein tredjedel av alle nordmenn er innom og les frå desse debattane, og ein tredjedel av alle unge hadde alt konto på MySpace.

Svært mange opptrer anonymt på nettet, men politikarar og andre møter på denne måten grupper og enkeltpersonar som ikkje ville koma på noko debattmøte. Det er viktig å kunna skriva og å meistra dei sjangrane som blir brukte. Dei som slit med å skriva, vil altså ikkje nå fram her. Å vera sosial på nettet stiller såleis andre krav enn til kvardagens vanlege omfangsformer. Det er blitt endå viktigare å meistra skriftspråket og kunna uttrykkja seg skriftleg.

Teknisk er tilgangen til dei nye internettkanalane lik for alle uavhengig av språk og målform. Fråværet av aktiv redigering og stimuleringstiltak fører til at det språket og den målforma som er mest brukt frå før, blir endå meir dominerande. Mangel på fullgode grammatikkontrollar og tekstmalar for heimesider i begge målformer og på minoritetsspråk forsterkar denne tendensen.

5.3.2.6 Språkpolitisk lokaldemokrati

Den språkdelte norske felleskulturen er forankra i eit direkte demokrati der den språkdelte situasjonen er knytt til formelle språklege val.

I over hundre år er språkleg praksis i offentleg sektor vorten avgjord lokalt. Skulekrinsane og kyrkjelydane held rådgjevande folkerøystingar om kva målform som skal brukast, og dei lokale folkevalde avgjer med fleirtalsvedtak i kommunestyra kva målform kommunen skal krevja av staten. Både i kyrkja og kommunane er det vanleg at slike vedtak står lenge, og at dei sjeldan blir endra.

Det ligg ikkje føre noko oversyn over utfallet av slike røystingar i kyrkja. For tida etter 1964 finst det derimot komplett oversyn for lokale folkerøystingar om opplæringsmålet i skulen. I tidsrommet 1965–2006 har det vore halde 352 slike folkerøystingar om opplæringsspråket i skulen. Ved desse folkerøystingane har over 65 000 personar teke del. 46 prosent av dei har røysta nynorsk, 54 prosent bokmål.

Den typiske skulemålsrøystinga har altså gjeve eit svært jamt resultat. I vedtaks form har likevel resultatet vore oftare bokmål enn nynorsk. I 205 krinsar vart resultatet bokmål, i 144 nynorsk. Det vil seia at bokmålet er vorte utfallet i seks av ti skulekrinsar. Nynorsk vart i si tid gjerne røysta inn med klart fleirtal, men vart så seinare røysta ut att med knappe marginar.

Det lokale folkerøystingsinstituttet vart innført då lov om folkeskulen på landet vart endra i 1892. Då vedtok eit fleirtal i Odelstinget at skulestyra i kommunane skulle avgjera om lærebøkene i skulen «skal være affattede paa Landsmaal eller i det almindelige Bogmaal, og i hvilket af disse Maal Elevernes skriftlige Arbeider i Almindelighed skal affattes». Før skulestyra tok si avgjerd «skal Overtilsynet og derefter Kredsens Erklæring være indhentet». Dette skulle skje i krinsmøte der både foreldra til skulebarna og alle skattepliktige innbyggjarar over 25 år hadde røysterett. I desse lokale, rådgjevande folkerøystingane var det altså allmenn røysterett for begge kjønn. Allmenn røysterett for kvinner ved stortingsval vart først innført over tjue år seinare, i 1913.

Det vart gjort endringar i desse røysteretts­reglane i 1915, 1959 og 1985. Jamt over vart røysteretten verande allmenn, slik han også er i dag. Berre i åra 1971–85 og 1999–2000 var røysteretten avgrensa til foreldre med barn i skulepliktig alder. Det har også variert om røystingane har vore rådgjevande eller bindande. Ei undersøking om oppslutninga om desse folkerøystingane mellom 1965 og 2005 syner at valdeltakinga går noko ned når røystingane berre er rådgjevande.

Desse prosedyrane inneber ei formalisering av språklege avgjerder, er med og allmenngjer demokratiet som styreform og held ved like respekten for vedtak. Dette språklege lokaldemokratiet er difor ein viktig del av det som internasjonalt blir kalla den nordiske modellen for velferdssamfunnet. Innbyggjarane i Noreg har vent seg til korleis svært ulike emne skal avgjerast på demokratisk vis, og kva respekt for demokratiske vedtak inneber.

5.3.2.7 Den demokratiske verdien av usemje

Møte mellom ulike kulturar og verdiar kan både skapa positivt mangfald og konfliktfylte situasjonar. Dei kulturelle møta mellom Vesten og islam har utløyst mange sterke og brutale reaksjonar, og muslimar har markert tydeleg kva dei opplever som krenkjande handlingar.

Den norske språkstriden har til tider vore intens, men til skilnad frå mange språkkonfliktar i andre land har den norske språkstriden aldri ført til at dei som er i mindretal, har brukt ikkje-demokratiske verkemiddel.

I den nordiske velferdsstatmodellen er slike demokratiske konfliktløysingsmodellar ein hjørnestein. Her har mindretalet vist fleirtalet kva verdiar som er viktige. Språkstriden har altså vore med og vist korleis konfliktar kan løysast fredeleg. Usemje er bra for demokratiet, og språkstriden har difor vore eit demokratisk gode.

5.3.2.8 Språkleg diskriminering

Språkleg diskriminering inneber at formelle språklege rettar blir krenkte eller brotne. Der den formelle makta ikkje blir respektert eller når fram, kan uformelle maktmekanismar ta over, og det kan resultera i diskriminerande handlingar eller utsegner. Mest effektiv blir slik diskriminering når nokon er i stand til å nytta den makta dei har i kraft av å vera mange nok eller ha høg nok status.

Dei mange brota på lover og reglar på det språklege området viser at dei språklege rettane ofte ikkje blir respekterte eller følgde, verken i statsforvaltninga eller på andre viktige samfunnsområde.

Tilsvarande viser evalueringa av språkreglane i samelova at dei fleste offentlege organ som er omfatta av språkreglane i lova, ikkje fullt ut oppfyller dei lovfesta krava. Dermed er heller ikkje folk innanfor forvaltningsområdet for samisk språk sikra rett til bruk av samisk i kontakt med offentlege organ i den grad språkreglane legg opp til. 10

Tilfeldige brot på regelverk og rettar vil knapt vera til å unngå. I eit maktperspektiv er det den systematiske, langvarige eller omfattande diskrimineringa som er problemet.

Lovreglar mot diskriminering på grunnlag av etnisitet, kjønn og seksuell legning kan førebyggja diskriminering og redusera omfanget, men ikkje fjerna alle slike handlingar.

Det finst også ord og uttrykk som kan fungera språkleg diskriminerande, særleg når dei blir nytta i ein bestemt samanheng, eller når dei blir tillagde ei viss tyding. Dessutan kan ord som opphavleg har vore nytta som gjengse nemningar, avspegla haldningar frå ei anna tid, haldningar som vi i dag opplever som negative eller nedlatande overfor grupper av menneske. Dermed kan også nemninga i seg sjølv fungera diskriminerande.

Det er difor grunn til å vera varsam med kva ord og uttrykk vi nyttar om andre grupper enn dei vi sjølve høyrer til i, særleg dei som er i mindretal og på den måten skil seg ut frå det som blir opplevd som vanleg eller normalt. Etter kvart som Noreg er vorte eit meir fleirkulturelt samfunn, er det særleg om å gjera at vi legg vekt på å nytta eit språk som er mest mogleg nøytralt, og som på den måten kan fungera inkluderande.

Så raskt som samfunnet og kulturen endrar seg i vår tid, kan det ofte vera vanskeleg for språket å følgja med. Det krevst difor særleg aktsemd av dei som ytrar seg i det offentlege rommet, særleg representantar for offentlege styresmakter, slik at dei ikkje kjem i skade for å nytta ord og uttrykk som kan opplevast som diskriminerande av dei som blir omtalte. 11

5.4 Språkleg makt og sosiale skilnader

5.4.1 Sosiale samanhengar

Språkbruk er regulert av formelle regelverk og uformelle språknormer. Dei formelle regelverka kan gjelda kva status ulike skriftspråk har i statsforvaltninga, ein kommune eller ei bedrift. Kven som har makt til å definera dei uformelle språknormene, varierer mykje. Kva språkbruk som i ein gjeven situasjon verkar som maktspråk, varierer også.

Språk kan forma, halda ved like og forsterka sosiale skilnader. I Noreg som i andre land er språk og språkleg kompetanse ein nøkkel til posisjonar eller integrering. Sosiale skilnader kjem ofte til uttrykk språkleg, men den prestisjen som er knytt til eit språk eller ei målform, er eit resultat av fleire faktorar enn kor mykje økonomisk eller sosial makt brukarane av språket eller målforma har.

Det er altså ingen automatisk samanheng mellom språkleg makt og sosial eller økonomisk posisjon, og auka sosiale skilnader inneber ikkje utan vidare auka språklege skilnader. Likevel kan grupper og miljø som rår over store økonomiske ressursar, ofte utøva meir språkleg makt enn andre.

Uformell språkleg makt kjem gjerne til uttrykk som endringar i bruksområde eller bruksomfang, og i det systemet som språk er. Slike endringar kan skriva seg frå forholdet mellom internasjonale språk og norsk språk. Dei kan også hengja saman med sosiale variablar som etnisitet, yrke, alder, kjønn, sosial status, regionar.

5.4.2 Etnisitet

Dei etniske minoritetane i Noreg har ulike formelle posisjonar, også språkleg, og det er lite som bind dei saman.

Sterkast står samane, som etter kvart har vunne ganske omfattande rettar og vorte anerkjende som urfolk. Å vera urfolk inneber likevel å vera i minoritet, skriv Vigdis Stordahl: Dei kan ikkje «ha noe håp om å ta kontrollen over sine livsvilkår utfra flertallsdemokratiske prinsipper». 12

På visse område kan likevel samane fritt bruka sitt eige skriftspråk, men både samane, andre nasjonale minoritetar og nye innvandrarar møter i praksis dei same krava om språkleg kompetanse i norsk.

Både nasjonale minoritetar og innvandrarar kan knytast til det som i den siste maktutgreiinga blir kalla minoritetsmakt. Der blir det peikt på at styresmaktene si oppfatning og minoritetane si sjølvforståing kan skilja seg mykje frå kvarandre. Dette verkar inn på sjølvkjensla til både enkeltpersonar og grupper.

Tidleg på 1800-talet tok nordmenn i bruk nemninga skoltesame om samane i det norsk-russiske fellesdistriktet på sørsida av Varangerfjorden. Mange samar tok i bruk ordet, men i seinare tid er austsame vorte eit meir brukt avløysingsord fordi det blir oppfatta som meir nøytralt.

Dei siste åra har det vore ganske mange slike grundige diskusjonar om kva nemningar som er rette å bruka om bestemte grupper. Dei har vist kor sterke verdioppfatningar grupper legg i visse omgrep og forståingsmåtar. Diskusjonane har vore prega av at desse minoritetane har kunna utøva større språkleg definisjonsmakt enn før.

I 1946 tok NRK til å senda radioprogram på samisk, og formelt vart det etablert ein samisk radio- og tv-redaksjon i 1976. Etter spede forsøk på avisutgjevingar på samisk frå slutten av 1800-talet har det kome aviser på samisk sidan 1979, og etter kvart er det vorte meir regelmessige sendingar på samisk frå fleire radio- og tv-stasjonar.

Ei undersøking av samisk mediebruk kring tusenårsskiftet avdekte store skilnader som kan knytast til språk og bustad. Den viktigaste skilnaden er mellom samar som bur i Finnmark, og samar som bur andre stader i den norske delen av Sameland. Berre dei som bur i Finnmark, hentar i særleg grad informasjon frå både norske og samiske massemedium.

Det var den nordsamiske dialekten som vart brukt i radiosendingane frå NRK frå 1946. Denne dialekten er også vorten mest brukt i andre massemedium. Dette har vore med og endra forholdet mellom dei ulike samiske dialektane, slik at nordsamisk no er mest brukt.

Innvandrarar møter ein annan språkleg og kulturell situasjon i Noreg no enn i 1970- og 80-åra. I den tidlege fasen av ny innvandring til landet vart det lagt stor vekt på at desse miljøa måtte få ta vare på sine tradisjonar og sine språk. Den omfattande debatten om desse spørsmåla har særleg det siste tiåret ført til at det no er brei politisk semje om at dei som skal leva, bu og arbeida i Noreg, må meist­ra norsk språk og bli integrerte i den norske kulturtradisjonen.

Ved at mange innvandrarar har busett seg i Oslo-området, blir i praksis bokmål deira norske målform som andrespråk. At så mykje som ein tredjedel av innvandrarbefolkninga bur i Oslo, inneber også at kulturtradisjonane deira kjem tettare på dei sentrale maktorgana.

Innvandrarane har lita politisk makt og lite formell makt. Særleg er innvandrarkvinner lite synlege i maktrelasjonar, med svært få formelle maktposisjonar. Mangel på formell makt hos innvandrarane blir ikkje vege opp av uformell makt, sjølv om dei etter kvart har vunne ein del politisk sympati hos det språkleg-kulturelle fleirtalet. Sviktande eller manglande integrering skaper språkleg avmakt, og språkleg avmakt forsterkar fråværet av integrasjon.

5.4.3 Yrke

Nokre former for språkbruk kan gje makt i kraft av dei oppfatningane som rår grunnen om denne språkbruken. Rettsspråket er døme på ein slik språkbruk som gjev makt, fordi han ber i seg oppfatningar om lov og rett. I eit samfunn som vårt er det nødvendig at eit overveldande fleirtal har ei positiv tilslutning til nettopp lov og rett.

Ein jamt større del av innbyggjarane i Noreg tek høgare utdanning og har akademiske gradar. Det ser ikkje ut til å svekkja den posisjonen som vitskapsbasert fagspråk har. Synspunkt og oppfatningar står gjerne sterkare dersom dei kan rettferdiggjerast og sannsynleggjerast ved hjelp av slikt vitskapsspråk. Vitskaplege tekstar blir rekna som dei mest pålitelege av alle, og dei er ofte sentrale premissar i offentlege avgjerdsprosessar.

Nokre fagspråk er meir samfunnsdominerande enn andre. Lenge var det naturvitskaplege språket det mest prestisjefylte og autoritative. På det politiske feltet vart sosialøkonomiens språk dominerande frå dei første etterkrigsåra. I seinare år har bedriftsøkonomiske perspektiv fått stor plass også her.

Di høgare utdanningsnivået blir i samfunnet, di fleire er det som vil meistra det grunnlaget mykje fagspråk byggjer på. Samstundes inneber spesialisert vitskap at fagspråk gjerne blir meir og meir spesifikt på sine område. Difor blir ein avstand mellom fagspråk og allmennspråk halden oppe.

Fagspråk kan brukast som eit maktmiddel som verkar diskriminerande eller skaper avmakt, men kan også letta kommunikasjonen på tvers av andre språkbarrierar. Bruken av fagspråk innanfor ei yrkesgruppe eller mellom fagkollegaer har lite med språkleg makt å gjere. Denne språkbruken blir først eit mogleg problem i kommunikasjonen med personar utanfor faget eller yrkesgruppa.

Fagspråk kan brukast som eit maktmiddel, men er det ikkje i utgangspunktet. Som spesialisert fagspråk representerer språket i oljebransjen ei slik utfordring. Medisinarane sitt fagspråk er av eit anna slag. I møte med pasientar er legar avhengige av å forstå, og av å bli forstått. Lege og pasient er på ulike vis begge ekspertar på kvar sine område.

5.4.4 Kjønn

Forholdet mellom språk og kjønn er viktig fordi det gjev ein nøkkel til synet på kvinner og menn i ulike kulturar og samfunn. I den store mengda av forskingsbasert kunnskap om språk er dette emnet eit av dei nyaste. Med unntak av nokre spreidde enkeltstudiar tidleg på 1900-talet etab­lerte forsking om språk og kjønn seg først i 1970-åra.

Det er ikkje grunnlag for å hevda at det finst eit mannleg og eit kvinneleg språk. Derimot bruker kvinner og menn i mange situasjonar språk ulikt. Måten språk blir brukt på, kan også verka inn på kor sterkt gjennomslag den svakare parten får.

For spørsmålet om forholdet mellom språk og kjønn kan særleg tre perspektiv gjerast gjeldande som ofte glir over i kvarandre: mangel, dominans og skilnad.

I mangelperspektivet går ein ut frå at kvinners språkbruk har manglar og er dårlegare enn menns språkbruk. Det lèt seg knapt gjera å finna nokon som forsvarer eit slikt perspektiv i dag, men ei oppfatning om at kvinner er menn underlegne, får stundom språklege følgjer.

Dominansperspektivet føreset at menns makt og dominans over kvinner viser att i språket på ulike vis. Undersøkingar frå fleire land syner at skulen er ein arena der menn språkleg sett har ein tendens til å dominera over kvinner på den måten at gutane kjem meir til orde enn jentene. Men samstundes slår sosiale skilnader blant gutane sterkare ut enn blant jentene.

På den politiske arenaen, i folkevalde organ, er det vanskeleg å påvisa klare språklege skilnader mellom kvinner og menn som kan knytast til dominans. Derimot kan det sjå ut til at den akademiske arenaen framleis ber preg av mannleg språkleg dominans. Sett under eitt er det offentlege rommet ikkje språkleg kjønnsnøytralt; menns aktive og profilerte framferd blir ofte tilgodesedd.

Skilnadsperspektivet legg vekt på at språket til kvinner og menn skil seg frå kvarandre fordi menn og kvinner utgjer ulike kulturar. Kvinner og menn bruker sjeldan ulike former i språket, til dømes ulik uttale, innanfor det som kan kallast standardspråk, men kvinner nyttar gjerne meir standardspråk og språklege prestisjeformer enn menn.

Før talemåla fekk auka sosial status frå 1970-åra, var det i Noreg ein klar tendens til at kvinner tilpassa seg standard bokmål meir enn menn gjorde. Det kan både vera fordi dei arbeidde meir innanfor sørvisyrke der dei måtte snakka eller skriva meir enn menn gjorde i sine stillingar, og fordi dei sjølve ønskte å leggja om språket sitt for å oppnå ein status dei elles ikkje hadde. Den ideologiske eller symbolske makta dei kunne oppnå språk­leg, kunne eventuelt kompensera for manglande økonomisk eller sosial makt.

I kulturar og samfunn der kvinnene har høg status, treng dei altså ikkje forkasta sitt eige språk eller sitt eige talemål for å vinna fram. Både alder og sosial bakgrunn kan verka inn. Norske undersøkingar tyder på at jenter har sterkare oppfatningar enn gutar om kva språkbruk som passar i ulike situasjonar.

I eldre forsking var ein av konklusjonane at fleire kvinner enn menn som emigrerte, heldt fast ved morsmålet sitt. Kor tospråklege eller fleirspråk­lege dei blir, kvinner og menn som innvandrar til dømes til Noreg, heng saman med fleire faktorar enn kjønn. Den sosiale isolasjonen for mange kvinner i desse miljøa fører iallfall til at mange kvinner meistrar den norske språksituasjonen dårleg.

5.4.5 Sosial status

Den språklege makta følgjer stundom andre strukturar enn sosial status. Det viser att i dei språklege endringane på fleire måtar.

I mange byar er det ikkje talemålet til høgare sosiale grupper som har vunne fram, men det såkalla gatespråket.

Seinast på 1800-talet må til dømes bymålet i Stavanger ha vorte skarpt delt i to, mellom eit høgare talemål og eit gatespråk. Særleg tydeleg var dette skiljet fram mot 1920-åra. Det høgare talemålet i byen «lå skriftsproget i mer eller mindre gjennemført norsk uttale meget nær, kanskje nærmere enn i nogen annen norsk by», skreiv to språkforskarar i 1925.

I andre halvdel av 1800-talet flytta mange til Stavanger, men fleirtalet av desse kom frå nabokommunane. Med hermetikkindustrien kring 1900 vart byen ein sosial smeltedigel som også skipla forholdet mellom dei to talemåla. Iallfall i 1960-åra var skiljet vorte meir flytande.

Ei slik gradvis oppløysing av skiljet mellom gatespråk og høgare talemål har prega talemålsutviklinga i byane dei siste tiåra. I språkmøta mellom by og land kan dette slå ulikt ut. No ser det ut til at unge jenter frå omlandet til Bergen vel den noko mindre dramatiske overgangen til bergensk bymål framfor det høgstatusspråket som kan knytast til bydelen Kalfaret.

Sjølv om dei nye innvandrarkulturane representerer etniske minoritetar med avgrensa sosial og økonomisk makt, har dei alt prega norsk språk. Eit ord som paprika var lite kjent i Noreg før ungarske flyktningar tok denne grønsaka til landet etter opprøret i Ungarn hausten 1956. Seinare er ord som tandoori og kebab gått inn i norsk. Kebabnorsk er språkleg slang som skriv seg frå afrikanske og asiatiske innvandrarmiljø, og som breier seg blant ungdom iallfall i dei større byane.

Nynorsk skriftspråk hadde openbert lågare sosial status i første halvdel av 1900-talet enn bokmål. Trass i dette vart bokmålet fornorska med svært mange ord frå nynorsk, jamvel innanfor økonomi og administrasjon. I dag er ord som vedtak, søknad, trygd, kostnad, merknad, vedlegg, melding ofl. allmenne i bokmål. 13

Mellom 1995 og 2005 vart det gjennomført fire store meiningsmålingar som alle viser dei same hovudtrekka i bruksmønstera for bokmål og nynorsk. Det er få sosiale skilnader mellom bokmåls- og nynorskbrukarar. Det er ein svak tendens til at fleire kvinner enn menn bruker nynorsk privat, og at nynorskbrukarane utgjer ein større del i dei eldre aldersgruppene enn i dei yngre.

Forholdet mellom bokmåls- og nynorskbrukarar er om lag det same blant yrkesaktive i både offentleg og privat sektor, men det blir noko færre nynorskbrukarar di høgare inntekta er. Mange har utdanna seg bort frå nynorsken; med høgare utdanning følgjer også fleire bokmålsbrukarar.

Talet på nynorskbrukarar har i heile etterkrigstida vore høgare blant skuleelevar enn blant dei vaksne.

5.4.6 Regionar

Sterke distriktsinteresser har utfordra riksinstitusjonane. Folkerørsler har sikta seg inn mot innverknad på statlege prioriteringar og avgjerder. Noreg var eit samfunn med eit sterkt nasjonsbyggjande sentrum.

Målrørsla som vart bygd opp frå slutten av 1800-talet, knytte seg til den regionale sjølvhevdinga i opposisjon til hovudstaden og markerte at Noreg både kunne og burde forståast som ein nasjon med fleire sentrum.

Språklege kjerneområde er område der eit mindre brukt språk eller eit minoritetsspråk er særleg mykje brukt og jamvel kan vera i fleirtals­posisjon. Desse områda har vore ei viktig regional kraft både for etniske minoritetar og nynorskbrukarar i Noreg.

I dei samiske fleirtalskommunane Karasjok og Kautokeino utvikla vilkåra for samane seg annleis enn i kyst- og fjordområda. Det var i desse kommunane reformer for å ta vare på samisk språk og kultur først vart sette i verk, og det var der samiske utdanningsinstitusjonar og andre offentlege institusjonar vart etablerte.

På liknande vis har nynorskbrukarane hatt sine kjerneområde. Det var først ein språktradisjon som vart teken i bruk på ulikt vis i ulike delar av landet, og no er Vestlandet det viktigaste kjerneområdet for nynorsk. I eit slikt perspektiv kan også konsentrasjonen av innvandrarar i Oslo-regionen forståast som utvikling av eit kjerneområde for desse etniske gruppene.

5.4.7 Målform

Innanfor ein språkdelt kultur med to formelt jamstilte målformer vil dei faktiske skilnadene i bruksmønsteret for dei to målformene representera ein maktfaktor. Den makta som ligg i det mest brukte språket, viser seg ved at nynorskbrukarar i dag ikkje kan velja bokmål heilt bort, medan mange bokmålsbrukarar anten aktivt vel bort nynorsk eller aktivt må velja inn nynorsk. I ein slik situasjon blir det mindre brukte språket altså mindre viktig for dei som bruker fleirtalsspråket. Dominans kan altså føra til ignorering eller marginalisering.

At eit språk faktisk blir brukt, er med og viser dei enkelte språkbrukarane og heile gruppa av språkbrukarar at språket er viktig. Fråvær av språk i bruk gjer mange språkbrukarar framande for sitt eige språk.

Den norske assimileringspolitikken overfor samane verka på det viset. Samane lærte ikkje korleis dei best kunne bruka sitt eige språk. Den same maktmekanismen gjer seg gjeldande når elevar med nynorsk som hovudmål møter lite nynorsk på ein del av dei typiske ungdomsarenaene, til dømes prategrupper på Internett. Å bli framand for sitt eige språk kan vera å bli språkleg avmektig.

Di meir vanleg pc-en blir som skrivereiskap, di viktigare blir språkrettingsfunksjonane i desse programma, til dømes grammatikkontroll og tekstmalar for heimesider. Også dette handlar om å sjå sitt eige språk i bruk.

Dei som skriv eit mindre brukt språk enn det dominerande, er som regel meir språkleg usikre. For dei er det då ekstra viktig å ha gode språkrettingsprogram på pc-ane sine; elles ser dei ikkje kva som er feil. I dag er mobiltelefonen og pc-en dei to mest brukte skrivereiskapane. Ikkje nokon av desse verktøya gjev brukarane like god språkhjelp på nynorsk som på bokmål.

Dei som er mest språkleg usikre frå før, må gjera meir enn dei andre for å bli språkleg sikrare. Då er faren stor for at dei blir verande språkleg usik­re. I ein slik situasjon vil gjerne den språklege identiteten også rakna.

5.5 Offentleg maktspråk

5.5.1 Uklart språk er urasjonelt og eit ­velferds- og demokratiproblem

Vi må vedgå at det offentlege framleis slit med mykje tungt proposisjons- og utgreiingsspråk, innfløkt lovspråk, innforstått fagspråk og akademisk ekspertspråk.

Tungt og uklart språk er urasjonelt og lite effektivt. Det krev meir strev og dermed meir tid for alle som skal setja seg inn i eit stoff. Dermed påfører også det offentlege seg sjølv større kostnader. Alt tyder difor på at det er samfunnsøkonomisk rekningssvarande å investera i eit betre offentleg språk.

Men mest alvorleg er det dersom publikum – folk flest – har vanskar med å forstå kva som er meint i offentlege dokument og offentleg informasjon.

Det er hevda at truleg så mykje som ein femtedel – om lag éin million menneske i Noreg – har problem med å ta til seg innhaldet i kurante offentlege tekstar. Difor er uklart offentleg språk ikkje berre eit monaleg velferdsproblem, men også eit demokratisk problem.

5.5.2 Språklege maktbarrierar

Både i eit demokratisk perspektiv og eit velferdsperspektiv er det god grunn til å vera på vakt mot det problemet at det offentlege språket, sjølve kommunikasjonsforma, i større eller mindre grad kan tenkjast å fungera som ein barriere overfor den vanlege mann og kvinne.

Særleg for grupper og enkeltindivid som på ulike måtar er ressurssvake, vil ein slik språkbarriere representera eit alvorleg tilleggsproblem og føra til at dei ikkje fullt ut får gjort seg nytte av eksisterande velferdstilbod. Dette vil særleg gjelda meir skreddarsydde tilbod der det krevst større individuell innsats for å få hjelp, enn meir universelle velferdsordningar som verkar automatisk.

Ikkje minst i eit fattigdomsperspektiv er det difor særleg relevant å framheva arbeidet med å byggja ned ulike typar av språkbarrierar.

Noko av det som er med på å byggja språklege barrierar mot folk flest, er bruk av framandord, faguttrykk og annan ugjennomtrengjeleg ord- og omgrepsbruk, anten det er overlagt eller ikkje. Det same gjeld klønete setningsbygnad og innfløkt ordleggingsmåte.

Språket kan også brukast meir eller mindre medvite av ein avsendar som eit instrument for å manipulera mottakarane av ein bodskap. Eit ugjennomtrengjeleg språk kan mellom anna vera eit maktmiddel som blir utnytta på ein meir eller mindre overlagd måte for å skjerma det offentlege mot innsyn og kritikk.

Den som har ordet i si makt, kan lett bruka det til å manipulera ein bodskap og til å herska over andre. På den andre sida kan også språkleg avmakt hos den som formidlar ein bodskap, skapa avstand til mottakarane.

Slik blir språket ein del av maktstrukturen i samfunnet; det aukar avstanden mellom dei styrande og dei styrte. Det kan hindra både innsikt utanfrå og utsikt innanfrå.

5.6 Domenetap, språkskifte og ­målbyte

5.6.1 Reell valfridom eller utslag av ­dominans?

Både det å bevara språk og det å skifta språk er resultatet av kollektive og individuelle val. Slike val er ikkje vilkårlege, men tener til å skapa eller markera identitet. Desse prosessane kan ta lang tid, jamvel strekkja seg over fleire generasjonar.

Summen av dei språkvala kvar og ein språkbrukar gjer i det daglege, har altså mykje å seia for vilkåra for eit bestemt språk eller ei målform over leng­re tid. Den som skiftar språk, blir undervegs gjerne tospråkleg på veg til ei eventuell ny eitt­språklegheit. Slik vil det vera både for enkeltpersonar, grupper og samfunn.

Emnet er for lite granska til at det lèt seg gjera å formulera allmenne reglar for slike språkskifteprosessar. Kulturelle faktorar kan ha meir å seia enn språklege faktorar, sjølv om det alltid vil vera eit element av språkleg makt i slike endringsprosessar. Språkleg makt kan som nemnt ikkje alltid knytast eintydig til faktorar som økonomi, sosial status eller kjønn. Dei studiane som ligg føre, peiker likevel i retning av at kvinner ofte er leiande i slike endringsprosessar.

Både å bevara språk og å skifta språk kan forståast som uttrykk for at nokon ønskjer det dei oppfattar som eit betre liv. Språksituasjonen verkar inn på den samla velferdssituasjonen for enkeltpersonar og grupper. Dei språkvala eit menneske gjer, har å gjera med personens identitet. Den som skiftar til eit meir brukt språk, søkjer mot andre fellesskapar.

Dersom det er slik at nokon har valt å halda på eit språk, er det fordi dei har vore i ein situasjon der dei har måtta velja. Den situasjonen oppstår i Noreg til vanleg berre når presset frå det dominerande skriftspråket av ein eller fleire grunnar blir for sterkt. Dette tek form som eit paradoks, som Ottar Grep­stad i ein av årstalane sine om tilstanden for nynorsk skriftkultur har formulert slik:

«Å tenkje som så at ein som bruker nynorsk gjer det som resultatet av eit val og at vedkomande dermed har brukt den såkalla valfridommen sin, er å stadfeste at vedkomande har vore utsett for eit språkpress som har tvunge fram eit slikt val.»

Dei fleste som bruker bokmål, har aldri hatt noko alternativ. Det same gjeld dei som bruker nynorsk. Å ha rett til å bruka sitt eige språk er ikkje eit spørsmål om valfridom. Det rører ved heilt andre prinsipp.

5.6.2 Språklege domenetap

At mange nok held fram med å bruka eit språk og på den måten bevarer det, er ein nødvendig føresetnad for at språket blir bevart. Det er difor domenetap representerer ei av dei største utfordringane når ein ny språkpolitikk skal formast.

Omgrepet domenetap blir nytta både om prosessen der eit språk gradvis trengjer eit anna til sides innanfor eit domene, og om resultatet der eit språk er gått ut av bruk på eit domene. I ein slik prosess blir parallellspråk den typiske situasjonen: at fleire språk blir nytta om kvarandre. Økonomisk, politisk og ideologisk makt blir avgjerande for utfallet av slike prosessar.

Domenetap er ein svakare variant av språkdød, at eit språk døyr ut. Ved slike domenetap mister vi kulturelle referansar og språklege nyansar, samstundes som den sosiale skilnaden aukar mellom dei som meistrar det nye dominerande språket, og dei som ikkje gjer det. Alt i bruken av norsk er det tydelege sosiale skilnader mellom dei som mei­st­rar norsk godt, og dei som ikkje gjer det. Slike skilnader blir altså større der eit anna språk tek over for norsk. I sluttboka frå Makt- og demokratiutgreiinga blir dette sagt slik:

«Språktap er den ytterste formen for kulturell provinsialisme. Når språket svekkes og forflates, går koder og nyanser tapt, assosiasjonsrikdom tørker inn. Områder som overtar et ­dominerende fremmedspråk, er kulturelt underlegne i generasjoner fordi språkets resonansbunn og kulturelle kontekst mangler. Derfor er makt over språket en sentral form for kulturell og ideologisk makt.»

At det norske samfunnet maktar å utøva kont­roll over språkbruken slik at norsk blir verande det samfunnsberande språket, blir då det overordna målet.

5.6.3 Frå norsk til engelsk

Språkmøte mellom heimemålet og andre språk har prega det norske samfunnet like sidan vikingtida. Med aukande internasjonalt samkvem og handel har engelsk språk fått ein jamt sterkare posisjon som bruksspråk. Engelsk språk er ein kanal for globalisering.

Nokre miljø og grupper som i Noreg har mykje økonomisk makt og høg sosial prestisje, har i skiftande grad gått over til engelsk. Dette er uttrykk for ei språkleg avmakt, forma av mange av dei språklege og kulturelle maktmekanismane som elles råkar svakare grupper og minoritetar.

Å bruka engelsk i staden for norsk der det er nødvendig, har å gjera med kommunikasjon og representerer ikkje i seg sjølv noko kultur- eller språkpolitisk problem. Vanskane oppstår når engelsk språk tek over for norsk på eit område i samfunnet slik at språkleg kompetanse går tapt, og kritisk blir det dersom dette området er eit sentralt og prestisjefylt område. Då vil ikkje norsk utan vidare lenger utvikla seg som eit moderne kulturspråk i all si breidd. Norsk mister ein del av den språklege berekrafta si, og på nokre område risikerer ein at bruken av engelsk skyt fart slik at norsk etter kvart blir eit mindre brukt språk.

I Norsk i hundre! er det lagt til grunn at det førebels er lite som tyder på at engelsk i alarmerande grad blir brukt i næringslivet der det ikkje er nødvendig av omsyn til kommunikasjonen. Det er først og fremst i større bedrifter denne språkbrytinga pregar arbeidskvardagen.

Statens mynde over språkbruken i næringslivet er avgrensa til verksemder som er kontrollerte av staten som eigar.

Innanfor eit anna viktig språkdomene, universitets- og høgskulesektoren, er utgangspunktet annleis, i og med at institusjonane her anten er statlege eller er nær knytte til staten. Dette gjer det mogleg å leggja meir direkte føringar for språkbruken enn det ein kan gjera overfor næringslivet.

5.6.4 Privat og offentleg makt over språkbruk

Den siste maktutgreiinga gjennomførte mellom anna ei stor undersøking av den norske samfunnseliten. Ho viste at middelaldrande menn frå overklassen og øvre middelklasse dominerer toppsjiktet i arbeidslivet. Dei fleste kjem frå Oslo eller andre større byar, få kjem frå bygdene, og nesten ingen av dei har minoritetsbakgrunn.

Offentleg forvaltning er tydeleg og formelt organisert i språklege spørsmål. Dette gjev den enkelte språkbrukaren ganske klare reglar og rettar i arbeidslivet, men av omsyn til publikum er kollektive reglar overordna individets valfridom på offentlege arbeidsplassar både i staten og kommunane. Desse reglane fører i sum til at nynorsk blir meir brukt i offentleg forvaltning enn målforma elles ville vorte.

I det private næringslivet er det bedriftseigarane eller leiinga som fastset reglar for språkbruk, og viss slike reglar ikkje finst, vil uformelle maktmekanismar som sedvane og dominans gjera at bokmål blir føretrekt. Den formelle makta fører til meir bruk av nynorsk i offentleg forvaltning, medan den uformelle makta avgrensar bruken av nynorsk i det private næringslivet.

I det offentlege rommet vart nynorsk først teke i bruk i litteratur, presse og forlag, altså i delar av kulturlivet. Frå 1892 var målforma lovleg å bruka i både skule og kyrkje, og frå dei første tiåra på 1900-talet vart nynorsk vanleg også i offentleg forvaltning, både statleg og kommunal.

Lengst tid tok det å gjera målforma vanleg i næringslivet. Ein sparebank i Nord-Trøndelag var den første private verksemda som forma vedtektene sine på nynorsk, i 1886. Noko av det mest synlege var avisene, som tok i bruk nynorsk både redaksjonelt og administrativt, og transportselskap som Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.

Det som etter kvart vart eit kjerneområde av nynorskbrukarar – Nord-Gudbrandsdalen, øvre Hallingdal, Vest-Telemark og dei fire vestlandsfylka – er i dag dei delane av landet der nynorsk er eit vanleg arbeidsspråk i næringslivet. Dominerer gjer målforma likevel berre i dei regionane der nynorsk også blir brukt mykje på mange andre domene. Då står nynorsk sterkare som målform, og det blir lettare å vera nynorskbrukar.

I delar av næringslivet er altså nynorsk aldri vorte brukt. Det har svekt nynorsk fagterminologi og gjort han mangelfull på mange område.

I dag kan ingen bransje seiast å utgjera eit tydeleg nynorsk domene. Slike har likevel funnest. I 1920- og 30-åra vart den nye pelsdyrnæringa bygd opp med publikasjonar og organisasjonar som jamt over brukte nynorsk.

Språksituasjonen i dag gjev ulike språklege situasjonar for mange kvinner og menn. Ein tredjedel av alle yrkesaktive arbeider i offentleg sektor. Så mykje som halvparten av yrkesaktive kvinner er tilsette i offentleg sektor, og i den kommunale delen er jamvel så mykje som tre av fire tilsette kvinner. Offentleg sektor er altså den viktigaste kvinnearbeidsplassen. For desse gjeld klare reglar fastsette av folkevalde organ. I privat sektor er mennene i fleirtal. Her er dei språklege reguleringane meir uformelle.

5.6.5 Språkmøte for innvandrarar

Dei første såkalla framandarbeidarane frå Tyrkia kom til Drammen i 1965. I dag bur både mange av tyrkarane og ein tredjedel av heile innvandrarbefolkninga i Oslo. Tyrkarane utgjer ei av dei største ikkje-nordiske språkgruppene. I sin kvardag som tospråklege skiftar dei jamleg språkkode, og det gjerne midt inne i samtalane, alt etter emne og situasjon. 14

I prinsippet er dette det same som når vestlendingar tok inn ei rekkje ord frå lågtysk i mellom­alderen, eller når unge i dag flettar inn engelske ord og uttrykk i sitt snakk. Slike språkskifte oppstår mellom anna når tyrkarane treng ord i den norske samanhengen som dei manglar i sitt eige språk, til dømes «matpakke» og «russetid», og dei flettar helst inn verb, substantiv eller adjektiv, men utan at det rokkar ved den tyrkiske grammatikken.

Språkforskaren Emel Türker meiner det gradvis oppstår ein ny variant av tyrkisk, «der kroppen blir verande tyrkisk, men sjela litt etter litt blir norsk». 15

5.6.6 Språkskifte frå samisk og kvensk til fleirtalsspråket

Mange samar og kvener gjekk bort frå sitt eige språk i fornorskingsperioden og i tiåra etterpå. Denne språklege og kulturelle fornorskingsprosessen strekte seg i mange lokalsamfunn over fleire generasjonar. Desse samfunna gjekk gjerne over frå å vera tospråklege (samisk og norsk) eller trespråklege (samisk, kvensk og norsk) til å bli eittspråklege. Majoritetsspråket med høgast status, og med mest formell makt gjennom til dømes skulesystemet, trengde unna eit eller fleire minoritetsspråk.

Ei undersøking frå ei fjordsamebygd i Nord-Troms viser at det som var eit morsmål for eit par generasjonar sidan, er vorte eit framandspråk for mange. Dei som i dag er i besteforeldregenerasjonen i desse samfunna, fekk aldri fullgod språkleg kompetanse; dei kunne snakka samisk, men få av dei kunne lesa eller skriva samisk. Fedrane var gjerne meir stø i norsk enn kvinnene, men det var først og fremst kvinnene som dreiv fram slike språkskifteprosessar. Dei såg at skulegang og utdanning vart jamt viktigare, og då var det sosialt formålstenleg at barna heller lærte norsk.

Liknande undersøkingar frå kvenske og finske miljø stadfestar desse hovudtrekka. I eit lokalsamfunn i Nord-Troms vart kvenske kvinner raskare språkleg integrerte i det norske enn mennene vart, og i område i Nord-Finland der finsk hadde teke over for samisk, var det mennene som tok mest vare på det samiske språket.

Sjølv om det er kvinnene som går i spissen for ein del av desse språkskifteprosessane, blir dei ikkje utan vidare raskare og meir integrerte i det norske samfunnet enn menn. Dei tek gjerne med seg samiske eller samisk-liknande trekk over i det norske språket.

5.6.7 Målbyte mellom bokmål og nynorsk

Byte av målform går som regel frå nynorsk til bokmål. Dette skjer oftast i yngre år, sjeldan i vaksen alder. For kollektive endringar innanfor ein skulekrins eller kyrkjelyd er det som nemnt fastsett regelverk for korleis endring skal skje, og korleis språkbrukarane kan velja ei anna målform. Dei individuelle målbyta kan henga saman med slike prosessar, men vil som oftast vera ganske innfløkte mekanismar.

Særleg for ungdom under utdanning har rollemodellar mykje å seia. Ein lærar som gjev elevar råd om å skifta målform, eller som er ope negativ til den eine målforma, skundar på målbyteprosessar og påverkar dei uheldig. For eit mindre brukt språk kan det aldri bli for mange positive rollemodellar.

Heller ikkje slike målbyte frå nynorsk til bokmål er grundig analyserte. Der målbyta skjer kollektivt gjennom folkerøystingar, ser det ut til at kvinner ofte er dei mest aktive for å få til slike byte. Her gjer nokre av dei same mekanismane seg gjeldande som er vortne observerte i språkskifteprosessen frå samisk til norsk i Nord-Noreg. Å bruka det dominerande språket blir oppfatta som ein fordel for karriere og framtid. Om det verkeleg er det, har aldri vore undersøkt.

Frå 1892 og fram mot 1940 gjekk det store språkskiftet frå bokmål til nynorsk. Dette snudde andre vegen særleg etter 1950. Undersøkingar tyder på at dei som er fødde mellom 1940 og 1970, har halde mindre på det nynorske skriftspråket enn dei som er fødde før 1940 eller etter 1970.

Utbygginga av offentlege arbeidsplassar, leng­re skulegang og generelt meir bruk av skrift gav etter kvart fleire skrivearenaer og fleire høve der nynorsk kunne brukast også utanfor det private rommet. Undersøkingar frå fleire fylke på Aust- og Vestlandet tyder på at unge jenter skiftar lettare og tidlegare enn gutane frå nynorsk til bokmål som skriftspråk, og målbytet skjer jamt over etter ungdomsskulen. Ved inngangen til det 21. hundreåret var det sannsynleg at kvar tredje nynorskelev ville skifta til bokmål før vedkomande er tjue år gammal.

Likevel ser det ut til at ein større del av elevane med nynorsk som hovudmål no blir verande nynorskbrukarar også gjennom den vidaregåande skulen og inn i det vaksne yrkeslivet. Lengre utdanning gjev mindre press frå arbeidsgjevar og andre i retning av målskifte i dei sårbare tenåra. Fleire arbeidsplassar enn før gjev no også rom for å bruka nynorsk – i større eller mindre grad.

5.6.8 Situasjonstilpassa språkskifte

Den utbreidde bruken av dialekt i Noreg har ført til mange situasjonstilpassa språkskifte. Slike språkskifte har dels vore knytte til geografisk flytting, dels til endra sosial status. Ofte innebar språkskifta at personar som før talte tydeleg dialekt, tok til å normera talen sin etter det talemålet eller skriftspråket som dominerte på den staden dei kom til, den arbeidsplassen dei no var ved, eller det sosiale miljøet dei no var vortne ein del av. Desse språkskifta finst det mange negative ord for – til dømes «å knota» og «å språka seg».

Ei undersøking frå Hemnesberget på Helgeland kring 1970 er éin av få dokumentasjonar av situasjonsprega talemålsskifte i Noreg. 16 I skranken på postkontoret gjekk det gjerne på dialekt når familiære spørsmål var på tale, eller når ein helsa, men ved frimerkekjøp og annan handel skifte ein gjerne til normalisert tale, bokmål. I dag er slike talemålsskifte truleg meir unntak enn regel.

Sosiolektar frå arbeidarklassen og lågare sosiale grupper var lenge uglesett. Likeins var dialektar frå bygdene lite aksepterte i byane. Mange måtte leggja om til standard bokmål for å få seg arbeid. Frå slutten av 1960-åra endra denne haldninga seg etter kvart kraftig. Endringa hang saman med dei gjennomgripande diskusjonane som vart knytte til EF-spørsmålet fram mot folkerøystinga i 1972. Utløysande faktor vart store aksjonar som målrørsla sette i gang frå 1975. Resultatet er at talemåla fekk ein sosial prestisje dei knapt nokon gong før hadde hatt i norsk kulturhistorie.

Under ord som «å knota» har det lege ei norm om at det blir rekna som verdifullt å ta vare på språket sitt. I dag står truleg denne norma sterkare i Noreg enn nokon gong før, og generelt forstår truleg nordmenn meir talemålsvariasjon no enn før.

I mange samisktalande miljø ser det ut til å vera ein typisk trekk at samtalespråket blir norsk straks ein ikkje-samisktalande er til stades. Sjølv om eit fleirtal i den aktuelle situasjonen bruker samisk, og ein del av dei samisktalande kan vera mindre stø i norsk, vil det meir allment dominerande språket ta over. I ein del situasjonar går då samisk frå å vera fleirtalsspråket til eit ikkje-brukt språk.

5.7 Strategi for omfordeling av språkleg makt

5.7.1 Rett til å delta

Ein ny språkpolitikk må sikra språkleg og kulturelt mangfald saman med dei best moglege vilkåra for demokrati og deltaking for alle innbyggjarar.

Sett ut frå enkeltpersonar sin rett til demokratisk deltaking er det viktig at

  • alle får høve til å bevara og utvikla morsmålet sitt, slik at dei kan delta som fullverdige medlemmer i den språkgruppa dei høyrer til,

  • alle får læra å skriva og snakka flytande norsk godt nok til å delta på like vilkår i samfunnet både når det gjeld utdanning, arbeid, politikk og kultur, og at

  • alle lærer seg så godt engelsk og eventuelt and­re framande språk at dei kan delta i det globaliserte samfunnet.

Sentrale element i arbeidet for å minska sosial ulikskap og fremja demokrati er retten til å forstå og plikta til å leggja til rette for å bli forstått. Arbeidet for universell utforming skal gjera det mogleg for så mange som råd å delta i samfunnslivet utan å måtta be om hjelp. Dette gjeld også språkleg tilrettelegging av offentleg informasjon, bruksrettlei­ingar, og anna skriftleg og munnleg framstilling som får konsekvensar for samfunnsdeltakinga.

I denne samanhengen er det også grunn til å streka under kor viktig det er at samane kan bruka sitt eige samiske språk i møtet med det offentlege. Dette har å gjera med behovet for å integrera samiske omsyn i politikkutforming og tiltak på alle forvaltningsnivå. Her er det samiske språket grunnleggjande.

5.7.2 Språkleg berekraft

Grunnlaget for ein ny språkpolitikk er at norsk språk har språkleg berekraft også i framtida. Den språklege berekrafta er summen av den status språket har, kor mange samfunnsdomene språket dominerer, og kor aktiv språkrøkt som blir driven. For utvikling av norsk språk er det viktig at både bokmål og nynorsk blir utvikla vidare og får størst mogleg språkleg berekraft.

For at norsk skal ha den nødvendige språklege berekrafta, må begge målformene og dermed den samla språkdelte norske kulturen bli ein kulturell allmenning, eit felleseige. Utan at variasjonane i norsk blir opplevde og aksepterte som eit felles eige, vil det vera vanskeleg å syta for at begge målformene har eit minimum av språkleg makt. Denne språkdelte norske kulturen må også opnast for dei nye innvandrarmiljøa.

Reell valfridom, mangfald og jamstilling bør vera berebjelkane i offentleg språkpolitikk. Dei politiske tiltaka må ta omsyn til at språkbrukarane er ulike, men likeverdige.

5.7.3 Ein reell tospråkspolitikk i eit kulturelt mangfald

I dag må nynorsk og bokmål oppfattast som integrerte delar i ein språkdelt nasjonal felleskultur, og som uttrykk for eit kulturelt mangfald som det ville vera eit stort tap for Noreg som kulturnasjon å gje avkall på. Skal eit språk haldast i hevd, må det brukast. Både praktisk og økonomisk må det leggjast til rette for at nynorsk kan tryggja og styrkja posisjonen sin som eit levande bruksspråk så vel som eit likeverdig offisielt skriftspråk ved sida av bokmål.

Grunnlaget for ein demokratisk språkpolitikk i Noreg bør difor vere ei erkjenning av at Noreg er eit fleirkulturelt og mangespråkleg samfunn der dei to norske målformene utgjer det fellesspråket som norske statsborgarar i utgangspunktet må kunna godt, og som innbyggjarar skal kunna bruka i alle samanhengar. Nødvendige unntak eller tilpassingar må utformast slik at dei ikkje rokkar ved dette utgangspunktet. 17

5.7.4 Prinsippet nynorsk

Nynorsk høyrer i utgangspunktet alltid med der norsk språk blir tematisert eller brukt. I dei tilfella der nynorsk likevel ikkje er ein relevant faktor, må dette legitimerast aktivt og behova til nynorskbrukarane bli dekte. Det normale vil då vera at nynors­ken blir rekna med. Dette er kalla prinsippet nynorsk.

I Noreg har nynorsk vore ein nødvendig føresetnad for at mange nok skal bry seg om den språklege sida av livet. Det gjer prinsippet nynorsk til ein nødvendig føresetnad i moderne kulturpolitikk. I den allmenne forståinga av innhaldet i den språklege delen av norsk kulturarv ligg det no ei erkjenning av at målforma nynorsk har påverka bokmål positivt.

5.7.5 Aktiv lovgjeving

Den svært skeive fordelinga av uformell språkleg makt kan endrast og regulerast gjennom ei aktiv lovgjeving på dei områda der lover og reglar er formålstenlege verkemiddel.

Mellom anna må verkeområdet for mållova avklarast. Det må følgjast opp meir aktivt at lova blir etterlevd, og nye verkemiddel må vurderast.

Anna relevant lovverk bør vurderast i lys av behovet for tydelege reglar og funksjonelle ordningar som styrkjer språklege rettar og fremjar bruken av norsk, både nynorsk og bokmål.

5.7.6 Målretta støtteordningar

Di sterkare redigert offentlegheita blir, og di større mediemakta over kvardagen blir, di viktigare er det at det språklege dominansforholdet i det norske mediesamfunnet blir endra.

Ein ny språkpolitikk må ta med seg vidare dei velprøvde verkemidla som pressestøtta og sterke allmennkringkastarar representerer. Det trengst økonomiske støttetiltak til språkprodusentar som er med og fremjar mindre brukte språk i ulike samanhengar, særleg på Internett. Dette inkluderer støtte til parallellutvikling av syntetisk tale på nynorsk og bokmål.

5.7.7 Lokale folkerøystingar

Lokale folkerøystingar er vortne ein viktig del av det norske demokratiet. Ein ny språkpolitikk vil føra vidare denne verdifulle tradisjonen og framheva dei samfunnsverdiane han representerer.

5.7.8 Minoritetar og mindretal

Ved inngangen til 2008 vart nær 460 000 innbyggjarar i Noreg rekna til innvandrarbefolkninga. Det er denne delen av befolkninga som veks raskast. Når talet på personlege nynorskbrukarar er kring 600 000, inneber det at styrkeforholdet mellom dei som bruker det mindre brukte språket nynorsk, og dei som høyrer til etniske minoritetar og innvand­rarbefolkninga, endrar seg.

Møtet mellom norsk identitet og kulturarv og det nye kulturelle mangfaldet er ein svært verdifull del av den norske kvardagen. Den nye språkpolitikken må sikra gjensidig respekt mellom desse kulturtradisjonane.

Samstundes som vi held oppe og styrkjer det kulturelle mangfaldet i Noreg, er det nødvendig at flest mogleg innbyggjarar meistrar best mogleg det dominerande språket i samfunnet. Difor må også alle innvandrarar få læra norsk og læra det godt.

5.7.9 «Norsk når du kan, engelsk når du må»

Skal eit språk haldast i hevd, må det brukast. Dei fleste lærer openbert best på sitt eige morsmål. Ein uttrykkjer seg som regel best på sitt eige språk, anten ein er forskar, næringsdrivande eller utøver andre yrke. Å kunna tenkja presist på sitt eige morsmål er ein nødvendig føresetnad for å bli god i andre fagspråk.

Så langt denne delen av språkutviklinga kan styrast frå folkevalde organ, må ein ny språkpolitikk leggja til grunn eit prinsipp som litt forenkla kan uttrykkjast gjennom slagordet «norsk når du kan, engelsk når du må». Med dette er meint at engelsk kan brukast når det er nødvendig eller formålstenleg, men at norsk elles er det naturlege språkvalet. Dette er i samsvar med det som er slått fast i Soria Moria-erklæringa, at norsk må bli verande det føretrekte språket i alle delar av norsk samfunnsliv.

Prinsippet må nyanserast og tilpassast til dei behov som finst innanfor kvart enkelt språklege bruksområde, slik at vi tryggjar norsk fagspråk og nasjonal kunnskapsformidling og samstundes fullverdig deltaking og medverknad i alle former for internasjonalt samkvem. Difor er det positivt at fleire universitet og høgskular no har utforma ein eigen språkpolitikk der ein legg til grunn at universitet og høgskular har ansvar for at norsk fagspråk blir utvikla og brukt i alle vitskaplege fag.

5.7.10 Språklege rollemodellar innanfor populærkulturen

Elevar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen treng språklege førebilete i tekstar dei møter til dagleg. I den tekstkulturen ungdom elles er ein del av, er nynorsk skrift så godt som usynleg. Internett er ei av dei språklege hovudscenene for barn og unge, og både her og i populærkulturen trengst slike førebilete.

For eit mindre brukt språk som nynorsk er det viktig at dette språket er tett på ungdommens kvardag og situasjonar. Det vil seia at domenet populærkulturen må bli meir prega av nynorsk.

5.7.11 Jamføring med andre land

Det typiske ved den norske språksituasjonen er at innbyggjarane bruker mange skriftspråk, og at Noreg som andre land dermed er eit mangespråkleg samfunn. Det særmerkte ved den norske språksituasjonen er den språkdelte norske felleskulturen. Dei norske røynslene har stor interesse i andre land.

På same måten er det viktig at norske styresmakter følgjer godt med i det arbeidet andre land driv for å heva statusen og forbetra rammevilkåra for det mest brukte språket i høve til engelsk, for mindre brukte språk i høve til det mest brukte språket i landet og for dei mange minoritetsspråka.

5.7.12 Offentlege informasjonskampanjar

Ein ny språkpolitikk som mellom anna prøver å omfordela språkleg makt, må vera synleg i det offentlege rommet. Verken staten eller andre delar av offentleg forvaltning har gjennomført større prosjekt og informasjonskampanjar som gjeld språk og språkbruk.

Det språklege og kulturelle mangfaldet i Noreg må ha brei plass i både grunnopplæring og vidaregåande opplæring. Effekten av dette blir større dersom det offentlege følgjer opp med tydeleg, avgrensa og målretta haldningskampanjar.

Lovverk og økonomiske midlar er dei mest effektive verkemidla for å endra språklege maktforhold, men informasjon og haldningskampanjar vil stø opp under slike tiltak og gjera dei meir effektive. Samstundes kjem ein til kort med haldningsskapande arbeid som ikkje blir følgt opp av økonomiske prioriteringar og formelle reglar.

Fotnotar

1.

Østerud, Engelstad og Selle 2003: 281–298, jf. også NOU 2003: 19 kap. 10.

2.

Østerud, Engelstad og Selle 2003: 281.

3.

Blakar, Rolv Mikkel 2006: 225.

4.

Petersson, Olof 1987: 121

5.

NOU 2003:19: 11. Formuleringa er litt utvida i Østerud, Engelstad og Selle 2003: 15

6.

Uri, Helene 2004: 13.

7.

Blakar, Rolv Mikkel 2006: 225.

8.

Østerud, Engelstad og Selle 2003: 283.

9.

Benum, Edgeir et al. 1999: 25.

10.

Andersen og Strömgren 2007.

11.

Jf. m.a. Arbeids- og inkluderingsdepartementet 2007.

12.

Broderstad, Else Grete et.al. 1999: 53.

13.

Lomheim, Sylfest 2002: 33.

14.

Türker, Emel 2000.

15.

Türker, Emel 2000: 204.

16.

Blom og Gumperz 1972.

17.

Jf. m.a. reglane om rett til fritak frå opplæring og vurdering sidemål.

Til toppen
Til forsida av dokumentet