St.meld. nr. 37 (2003-2004)

Kredittmeldinga 2003

Til innhaldsliste

1 Innleiing

1.1 Oversikt over meldinga

Finansdepartementet legg med dette fram Kredittmeldinga 2003.

I kapittel 2 blir det gitt generell informasjon om finansinstitusjonane og om utviklinga i finansmarknaden. Vidare omtalar ein i kapitlet den finansielle stabiliteten. I kapittel 3 blir oppretting av eit fripoliseregister omtala. Kapittel 4 handlar om hovudtrekka i regelverksutviklinga og dei viktigaste enkeltsakene som departementet og Kredittilsynet behandla på finansmarknadsområdet frå 1. juni 2003 fram til 31. desember 2003. Kapittel 5 omtalar verksemda til Noregs Bank i 2003 og inneheld mellom anna ei vurdering av utøvinga av pengepolitikken. Omtalen av verksemda til Noregs Bank er pålagd ved lov, jf. sentralbanklova § 30. Kapittel 6 inneheld ein omtale av verksemda til Kredittilsynet i 2003. Omtalen i kapittel 5 og 6 byggjer i stor grad på årsmeldingane frå institusjonane. Kapittel 7 tek opp verksemda til Folketrygdfondet i 2003, og kapittel 8 omtalar verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF).

Sjølv om meldinga gjeld for år 2003, er omtalen på nokre punkt utvida til også å ta med utviklinga i første del av 2004. Årsmeldingane frå Noregs Bank, Kredittilsynet og Folketrygdfondet for 2003 følgjer som utrykte vedlegg til meldinga. Tidlegare år har Kredittmeldinga blitt lagd fram i september/oktober. Frå og med i år blir meldinga lagd fram tidlegare slik at ho blir meir dagsaktuell når ho blir presentert.

Til forsida