St.meld. nr. 41 (2006-2007)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Regjeringa prioriterer det nordiske samarbeidet. Norden, nabo- og nordområda dannar eit solid utgangspunkt for politiske hovudprioriteringar i norsk internasjonal politikk. Soria Moria-erklæringa slår fast at regjeringa vil utvikle det potensialet som ligg i det nordiske samarbeidet gjennom ein nær dialog med nordiske naboar. I ei verd i rask endring vert det skapt nye behov, òg for regionalt samarbeid, og det er med på å gje det nordiske samarbeidet ein ny dimensjon.

Det nordiske regjeringssamarbeidet legg vekt på klare målsetjingar, relevans og fornying. Nordisk Ministerråd tydeleggjer og spissar verksemda si kontinuerleg for å gjere ho meir aktuell og profilert og for at ho skal ha større gjennomslagskraft. På denne måten tek ein vare på den nordiske nytten, dvs. den meirverdien innbyggjarane i Norden får gjennom det nordiske samarbeidet i tillegg til det gode bilaterale samarbeidet landa imellom.

Samarbeidet er eit verkemiddel for å oppnå resultat av felles verdi, og slik er dei roterande eittårige formannskapa svært viktige. Den norske formannskapen i 2006 la særleg vekt på å løfte fram nordområda og den nordiske velferdsmodellen, og vidareutvikla samarbeidet om utdanning, forsking og innovasjon, nedbygging av grensehindringar og budsjettreform. Dei nordiske innsatsane vart auka i samarbeidet med Nordvest-Russland, Arktis, Vest-Norden, Barentsrådet, Kviterussland og den nordlege dimensjonen. Dessutan skal Ministerrådet til sesjonen i Nordisk Råd i 2007 leggje fram forslag til å styrkje deltakinga til dei sjølvstyrte områda i det nordiske samarbeidet.

Den finske formannskapen i 2007 legg mellom anna vekt på EU-dimensjonen i det nordiske samarbeidet og vil styrkje Norden ved å nytte seg av regionalt samarbeid i ei globalisert verd. Dei nordiske statsministrane bad på møtet sitt i juni 2007 samarbeidsministrane om å vurdere ei rekkje konkrete forslag som gjennom eit nærare samarbeid på strategiske område kan medverke til å gje Norden ei meir sentral stilling i global samanheng.

Det internt nordiske vil alltid vere det viktigaste i det nordiske samarbeidet. Dette vert støtta opp av det omfattande frivillige samarbeidet mellom organisasjonar og institusjonar i Norden.

Dei seinare åra har det òg vore lagt stor vekt på samarbeidet med Norden sine naboar. Det er utvikla eit nærare samarbeid med dei andre regionalråda (Arktisk råd, Barentsrådet, Austersjørådet). Den nordlege dimensjonen, der òg Nordisk Ministerråd har ei rolle i utforminga og gjennomføringa av politikken, gjev endå eit høve til å utvikle eit forsterka nordisk samarbeid.

Frå 1. januar 2007 overtok tidlegare statsminister Halldór Ásgrímsson som ny generalsekretær i Nordisk Ministerråd etter Per Unckel.

Etter samråd med den norske delegasjonen til Nordisk Råd har regjeringa lagt vekt på å lage ei kortare og meir poengtert og overordna stortingsmelding.

Meldinga orienterer i kapittel 2 om særleg aktuelle problemstillingar, dvs. dei utfordringane Norden står overfor i ei globalisert verd og grensehindringar. I kapittel 3 vert det gjort greie for samarbeidet med Norden sine naboar, medrekna statar, regionale råd og den nordlege dimensjonen. Kapittel 4 gjev eit oversyn over det faglege og det tverrsektorielle samarbeidet gjennom dei ulike ministerråda, og kapittel 5 orienterer om det uformelle nordiske samarbeidet utanfor Nordisk Ministerråd.

Rapporten frå den norske formannskapen i 2006 følgjer meldinga som utrykt vedlegg.

Den norske delegasjonen til Nordisk Råd utarbeider ein eigen rapport som eit separat dokument.

Til forsida