St.meld. nr. 45 (1999-2000)

Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 1999

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Regjeringa legg med denne stortingsmeldinga fram ei oversikt over eksporten av forsvarsmateriell i 1999. Sidan 1996 har det vore lagt fram årlege stortingsmeldingar om slik eksport. Oversikta gjeld utførsle i 1999 på forsvarsmateriellområdet av varer, tenester og reparasjonar for utanlandske oppdragsgjevarar, basert på oppgåver frå bedriftene om fakturerte sal.

Opplysningane om eksporten kjem fram i sju tabellar som omfattar oversyn over mottakarland, eksporten fordelt på varegruppene, på land og på regionar, tenesteytingar for utanlandske oppdragsgjevarar, reparasjonar av forsvarsmateriell utførte i Noreg for utanlandske oppdragsgjevarar, forutan ei samanlikning mellom eksporttala for dei seinaste åra. I alt 32 bedrifter har rapportert om utførsle.

Den samla eksporten av forsvarsmateriell i 1999 var om lag 1,3 milliardar kroner. Dei seinaste åra har verdien vore vel 1,1 milliardar. Ein auke på om lag 165 millionar i høve til tala for 1998 kan forklårast med auka eksport til Sverige og med nokre større einskild-leveransar. Delar og komponentar representerer største delen av eksporten.

NATO-landa og dei nordiske landa er dei største mottakarane av forsvarsmateriell frå Noreg, med om lag 75 prosent. Kategori A-materiell (våpen og ammunisjon) vert i hovudsak levert til NATO-allierte og nordiske land. I tillegg har Australia, Brasil, Chile, Irland, Japan, Latvia, New Zealand, Singapore, Sveits, Sør-Korea og Thailand teke imot A-materiell. NATO-landa og dei nordiske landa var også dei største mottakarane av kategori B-materiell (anna militært materiell) i 1999. I tillegg er slikt materiell levert til Argentina, Austerrike, Bulgaria, Dei sameinte arabiske emirata, Egypt, Litauen, Oman, Saudi-Arabia og Taiwan. Det er òg levert noko materiell til FN-styrkar.

Stortingsmeldinga gjev vidare eit oversyn over lovgrunnlaget, varelistene og retningslinjene for korleis Utanriksdepartementet behandlar eksportsøknader for forsvarsmateriell med utgangspunkt i regjeringserklæring og stortingsvedtak av 11. mars 1959. Forskriftene om eksportkontroll-reguleringa er nyleg endra for m.a. å presisere språkbruken og tydeleggjere at lisensar kan kallast tilbake dersom grunnlaget for løyvinga vert vesentleg endra.

Forsvarsindustrien i Noreg og mange andre land er i rask omstilling. Det fører med seg eit alt nærare internasjonalt samarbeid om nyutvikling av forsvarsmateriell. Eit døme på denne utviklinga er opprettinga av ammunisjonsselskapet Nammo som har sitt hovudsete i Noreg, og har produksjonseiningar i m.a. Finland, Noreg og Sverige. Flytting av produksjon mellom dei tre landa og eit tettare produkssjonssamarbeid fører med seg nær kontakt mellom eksportkontrollstyresmaktene i dei tre landa.

Meldinga gjer greie for samarbeidet mellom Utanriksdepartementet og andre nasjonale etatar. Ho gjer òg greie for det omfattande internasjonale samvirke på dette området. Noreg er aktivt med i dei fem internasjonale samarbeidsfora om ikkje-spreiing og eksportkontroll som er viktige instrument i arbeidet for å hindre ukontrollert spreiing av konvensjonelle våpen og masseøydeleggingsvåpen. I tillegg til verksemda i eksportkontrollregima har Noreg nære kontaktar med dei nordiske landa og med andre nærståande land.

Meldinga omtalar relevante FN-vedtak og EU-vedtak Noreg har slutta seg til. Det vert opplyst om dei våpenembargoane Noreg følgjer i dag.

Noreg har stått sentralt i å fremje internasjonale tiltak for å hindre spreiing og ulovleg omsetnad av handvåpen. Saka sto på dagsorden for ein konferanse i Oslo i desember 1999 (Oslo II-møtet).

Ei forkorta utgåve av denne Stortingsmeldinga vil verta omsett til engelsk og omdelt i FN og andre relevante internasjonale fora som eit norsk bidrag til større innsyn i våpenhandelen.