St.meld. nr. 45 (2008-2009)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2009 og fisket etter avtalane i 2007 og 2008

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Kvoteavtalane for 2009, deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar

I fiskeriforhandlingane med Russland om ein kvoteavtale for 2009 har partane bestemt ein totalkvote for nordaust-arktisk torsk i 2009 på 525 000 tonn. Kvoten på kysttorsk er sett til 21 000 tonn. Dette betyr at totalkvoten for nordaust-arktisk torsk og kysttorsk er på 546 000 tonn, ein auke av totalkvoten på 95 000 tonn i forhold til 2008.

Hysebestanden er i god forfatning, og totalkvoten er auka frå 155 000 tonn for 2008 til 194 000 tonn for 2009. Den norske kvoten er på 93 050 tonn etter overføring frå Russland, det vil seie 16 500 tonn meir enn i 2008. Forvaltningssamarbeidet om hyse er vesentleg styrka ved at kommisjonen har vedteke ein forvaltningsregel for hyse, som er vurdert av Det internasjonale råd for havforsking (ICES) til å vere i tråd med føre-var-tilnærminga.

Noreg og Russland vart under den 35. sesjonen samde om å forvalte bestanden av kongekrabbe kvar for seg frå og med 2007. Noreg informerte den russiske part om at den norske totalkvoten for 2009 ikkje var fastsett på den tida forhandlingane gjekk føre seg. Kvotefastsetjinga vart utsett til etter Stortinget si handsaming av Stortingsmeldinga om kongekrabbe (sjå kap. 3.2.1). Den russiske part orienterte om ein mogleg russisk kvote på 2 976 000 individ for 2009.

Ei hovudsak for samarbeidet mellom Noreg og Russland om forvaltning og kontroll i Barentshavet i 2008 har vore arbeidet for ein styrka kontroll med uttak og omlasting av fisk i Barentshavet. I samband med forhandlingane om ein kvoteavtale for 2009 vart partane einige om å halde fram arbeidet for å kome overfisket i Barentshavet og Norskehavet til livs, og vidareføre og implementere ei rekkje av dei tiltaka partane tidlegare har vore einige om. Partane vart også samde om å opprette ei arbeidsgruppe for harmonisering av tekniske reguleringar for delte bestandar i Barentshavet, med sikte på å gjere det enklare å overhalde og kontrollere reglane, samstundes som fiskeria er berekraftige og gjev langsiktig rasjonell utnytting.

I forhandlingane om ein kvoteavtale mellom Noreg og EU for 2009 vart det avtalt ei rekkje tiltak for å redusere problemet kring utkast. Kvoten på torsk vart auka noko for 2009, men dette må sjåast i samanheng med arbeidet for å betre beskatningsmønsteret for i praksis å redusere det reelle uttaket av torsk. I tråd med forvaltningsplanane er totalkvoten for hyse redusert til 42 110 tonn og seikvoten til 125 934 tonn. Kvitingkvoten på 15 173 tonn har ein nedgang frå 2008. Kvoten for raudspette vert noko auka frå 2008 til 2009.

I 1999 vart Noreg, EU og Færøyane samde om ein trepartsavtale om forvaltning av makrell i Nordaust-Atlanteren. Med denne avtalen aksepterte Noreg og EU at Færøyane er kyststat til makrellen. Fordelinga av makrell mellom Noreg og EU er eit spørsmål som partane forhandlar om og følgjer opp i dei årlege tosidige forhandlingane. På grunn av at EU tildeler seg sjølve ein eigen sørleg komponent har Noreg og Færøyane for 2009 vorte einige om ein tilsvarande unilateral komponent.

Dei tre kyststatane vedtok ein såkalla «referanse-TAC», som var utgangspunkt for drøftingane i Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn for 2009. På årsmøtet i NEAFC vedtok partane ei regulering av makrell i internasjonalt farvatn som inneber ein kvote for dette området på 57 884 tonn. Island har sett fram formelle reservasjonar mot denne reguleringa.

Noreg har for 2009 inngått kvoteavtalar med EU om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen. Noreg har vidare inngått tosidige kvoteavtalar for 2009 med Færøyane og Grønland. Det er for 2009 også utveksla kvotar med Island i tråd med «Smottholsavtalen» og den tilhøyrande tosidige avtalen, medan også trepartsavtalen er vidareført mellom Noreg, Island og Grønland om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen.

Det vart også i 2008 gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland. 13. november 2008 vart det underteikna ein ny kyststatsavtale for 2009.

Noreg har også vore med i forhandlingane som, etter fleire år, endeleg førte til ein avtale om eit internasjonalt forvaltningsregime for kolmule. Avtalen er vidareført mellom Noreg, Island, Færøyane og EU i 2009, og Russland har i 2009 slutta seg til partane si regulering av kolmule i NEAFC-området.

Partane i NEAFC er einige om reguleringstiltak for fiske av uer i Irmingerhavet i 2009 og har forplikta seg til ikkje å fastsetje større kvotar enn tidlegare år. Den norske kvoten i 2009 er 1961 tonn.

Delar av uerbestanden i Irmingerhavet, som NEAFC forvaltar, har dei seinaste åra vore observert og delvis utnytta i NAFO-området (Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen). Den norske uerkvoten for 2009 er, som i åra 2001 til 2008, ein totalkvote for begge områda.

Rekefisket ved Flemish Cap (NAFO-område) har sidan 1996 vore regulert gjennom grenser for kor mange fartøy som kan delta i fisket, og kor mange døgn dei kan fiske samla. Norske fartøy kan samanlagt fiske 1985 fiskedøgn i 2009, og 32 norske fartøy kan ta del i fangsten.

Noreg har også i 2008 vore representert i ulike møte i globale og regionale forvaltnings- og verneorganisasjonar som IWC (Den internasjonale kvalfangstkommisjonen), NAMMCO (Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen), CCAMLR (Konvensjonen for bevaring av marine levande ressursar i Antarktis), ICCAT (Den internasjonale konvensjonen for bevaring av atlantisk tunfisk) og SEAFO (Den søraust atlantiske fiskeriorganisasjon).

Bestandsutstrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgjevinga frå ICES. Rådgjevinga frå ICES vert utarbeidd av ICES sin rådgjevande komiteen for fiskeriforvaltning, ACOM. ACOM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og arbeidsgruppa i ICES, og gjevgjev årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.

Sidan 1997 har Noreg vore med på å vedta langsiktige forvaltningsplanar for alle fellesbestandane i Barentshavet saman med Russland, dei viktigaste botnfiskbestandane og sild i Nordsjøen saman med EU, makrell i Nordaust-Atlanteren saman med EU og Færøyane, norsk vårgytande sild saman med EU, Russland, Island og Færøyane, og no også for kolmule. Slike planar er ein viktig føresetnad for å oppnå målet om ei berekraftig forvaltning av alle dei kommersielle fiskebestandane som Noreg deler med andre land.

Kontrollordningar

Noreg har i ei årrekkje hatt kontrollavtalar og avtalar om gjensidig satellittsporing med dei viktigaste samarbeidspartane i fiskerisektoren, mellom anna med Russland og EU-landa.

Frå 1. mai 2007 vart reglane om hamnestatskontroll i NEAFC sette i kraft. Desse reglane inneber at fryst fisk som skal landast i land som er omfatta av NEAFC, må stadfeste at fartøyet har kvote for den fangsten som skal landast. I 2009 er tilsvarande reglar innført i NAFO.

Fiskeridepartementet vedtok å innføre satellittovervaking av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 meter frå juli 2000. Denne sporinga gjeld i område både under norsk og utanlandsk fiskerijurisdiksjon. Ved fiske i EU-sona gjeld sporingsplikt fartøy over 15 meter. Tilsvarande har EU-fartøy over 15 meter sporingsplikt i område under norsk fiskerijurisdiksjon. Vidare vert alle norske fartøy, uavhengig av storleik, spora ved fiske i internasjonalt farvatn. For utanlandske fiskefartøy gjeld krav om satellittsporing i Noreg si økonomiske sone, i fiskerisona ved Jan Mayen, i fiskevernesona ved Svalbard og i Svalbards territorialfarvatn og indre farvatn.

Norske styresmakter har dei seinare åra innført ei rekkje tiltak for å hindre ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Eit sentralt tiltak har vore den såkalla «svartelistinga» av fartøy som har drive uønska aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon. Fartøy som har delteke i ulovleg, urapportert og uregulert fiske i internasjonalt farvatn kan nektast lisens i Noreg si økonomiske sone. Ein kan vidare nekte desse fartøya å føre norsk flagg og under visse vilkår også nekte dei å lande fangst.

Norsk utnytting av kvotar

Dei norske fartøya har nytta kvoten på fellesbestandane torsk og hyse nord om 62ºN godt i 2007 og 2008.

I Nordsjøen vart dei norske kvotane av fellesbestandane makrell og sild oppfiska i 2007 og 2008. Seikvoten vart ikkje oppfiska i 2007 og 2008.

I EU sitt farvatn vart den norske kolmulekvoten utnytta godt begge åra, medan norske linefartøy utnytta omlag 75 % av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme i 2007 og om lag 84 % i 2008. I færøyske farvatn har norske fartøy fiska 53 % av botnfiskkvoten i 2008, medan utnyttingsgraden var høgare i 2007 (79 %).

Noreg har kvotar ved Grønland etter dei årlege kvoteavtalane med Grønland og EU. For norske fiskarar er kvotane på blåkveite ved Vest-Grønland og torsk av stor verdi. I tillegg vert kvotane på kveite og reker relativt godt utnytta.

I sesongen 2007/2008 var det norske loddefisket ved Island godt med totalt fiska kvantum på 35 760 tonn. På grunn av for låg gytebestand har det ikkje vore grunnlag for å opne loddefiske for sesongen 2008/2009 ved Island. I Barentshavet vart det i 2009 opna for loddefiske for første gongen på fem år.

Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker og sild i 2007 og 2008.

Rekefisket ved Flemish Cap har vore eit viktig driftsalternativ for rekeflåten, særleg for grønlandsrekeflåten. To fartøy deltok i rekefisket ved Flemish Cap i 2007 og 2008.

I tillegg til fisket innanfor kvoteavtalar med andre land, har norske fartøy sidan 1990 fiska uer i internasjonalt område i Irmingerhavet. Dette fisket nådde ein topp i 1992 og 1993 med om lag 14 600 tonn begge åra. I 2007 fiska norske fartøy om lag 4300 tonn, og i 2008 om lag 486 tonn uer i Irmingerhavet. Den store nedgangen kan forklarast ut frå høge drivstoffprisar og at det vart funne lite uer i dette området.

Utanlandsk utnytting av kvotar

Når det gjeld forvaltninga av norsk vårgytande sild vart kyststatane einige om å innføre kvotefleksibilitet frå årsskiftet til 2008. Det vart opna for å føre over inntil 10 % av ubrukt kvote til neste år. Det vart også gitt tilgang til å forskottere inntil 10 % på neste års kvote. Alt fiske utover kvote skal trekkjast frå kvoten neste år. Noreg og Island har for 2008 nytta seg av høvet til å forskottere kvote, medan EU, Færøyane og Russland fører over ubrukt kvote til 2009.

Når det gjeld utanlandsk utnytting av kvotar er det eit generelt trekk at kvotane av torsk, hyse og sei nord om 62ºN er godt utnytta av dei landa som har kvoterettar i området.

Russland utnytta 31 % av torskekvoten i NØS i 2007, i 2008 utnytta dei 38 %. Russland hadde ei utnytting av sin kvote av hyse i NØS på 66 % i 2007 og på 70 % i 2008. Dei fiska om lag 103 600 tonn (63 %) og 136 000 tonn (70 %) norsk vårgytende sild i NØS i 2007 og 2008.

Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen og i Skagerrak skjer på botnfiskartar (torsk, hyse, sei o.a.), sild, makrell, kolmule og tobis. Grunna dårleg bestandssituasjon har kvotar og fangst av augepål lege lågt i 2007 og 2008. I følgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av torske- og seikvotane sine i Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak har også vore gjennomgåande høg for EU.

I 2007 fiska ikkje færøyske fartøy sei i Nordsjøen, i 2008 fiska dei 115 tonn av kvoten på 487 tonn. I høve til kvotane sine har Færøyane fiska mykje sild i NØS i Nordsjøen i 2007 og 2008. Fangstane på makrell i Nordsjøen har gått ned frå 2007 til 2008. Dei utnytta sildekvoten nord om 62ºN fullt ut i 2008.

Grønland har utnytta torske- og hysekvotane godt i 2007 og 2008. Grønlandske fartøy fiska i 2008 93 % av seikvoten i Nordsjøen mot 66 % i 2007.

Island utnytta både torskekvoten og sildekvoten i NØS nord for 62ºN i 2007 og 2008.

I hovudsak utnyttar Sverige dei bilaterale kvotane sine godt i norsk del av Nordsjøen. Fisket er i stor grad retta mot kvotane deira av torsk, sei, makrell, sild og reker.

Til forsida