St.meld. nr. 46 (2000-2001)

Om samarbeidet i Atlanterhavspakt-organisasjonen i 2000

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Det allierte forsvarssamarbeidet og dei transatlantiske banda utgjer berebjelkane i NATO og er føresetnaden for evna til å handtere dei utfordringane dagens tryggingspolitiske bilete stiller alliansen og medlemslanda overfor. Samarbeidet i NATO er forankra i ein kollektiv og løpande konsultasjonsprosess, understøtta av ein einskapleg og integrert militær struktur som blir halden ved like gjennom felles øvingar og trening. Den tryggingspolitiske utviklinga har medført ei kontinuerleg vidareutvikling av NATO-samarbeidet, ikkje minst i form av deltaking i ulike typar fredsoperasjonar og utvida samarbeid med aktørar utanfor alliansen i Partnarskap for Fred ( Partnership for Peace - PfP), det særlege samarbeidet med Russland og Ukraina og det framveksande samarbeidet med Den europeiske unionen. I tillegg er alliansen utvida med nye medlemmer ein gong, og står overfor ytterlegare utvidingsrundar i åra som kjem. Det ligg ei stor utfordring i at det nye og utvida NATO skal famne om eit stadig breiare spektrum av oppgåver innanfor ein samla struktur, samtidig som nasjonale forsvarsbudsjett vert reduserte og det er liten vilje til å auke bidraga til NATO sitt fellesbudsjett. Regjeringa har i denne samanhengen lagt stor vekt på at det omforma NATO må ha balanse mellom evna til å handtere nye utfordringar og evna til å vareta dei tradisjonelle kjernefunksjonane, i særleg grad evna til kollektivt forsvar.

Forsvarsplanleggingingskomiteen ( Defence Planning Committe - DPC) heldt i 2000 fram arbeidet med å tilpasse forsvarsstrukturane i alliansen til den nye tryggingspolitiske situasjonen, i samsvar med det reviderte strategiske konseptet for alliansen som vart vedteke på Washington-toppmøtet i 1999. DPC står sentralt i arbeidet med å integrere toppmøte-initiativet for forbetra forsvarsevne ( Defence Capabilities Initiative - DCI) i den årlege styrkeplanprosessen. Medlemslanda vart i 2000 vurderte opp mot styrkemåla for perioden 1999-2004 som vart vedtekne i 1998. Oppsummeringa konkluderte med at måla i stor grad kunne seiast å vere oppfylte, men det vart samtidig uttrykt bekymring over at ei rekkje allierte ikkje har oppfylt viktige styrkemål, særleg med tanke på behovet for modernisering på ei rekkje område. Dette kan få alvorlege konsekvensar for alliansen si evne til å løyse dei oppgåver han står framfor i framtida. Det vert no arbeidd med å innlemme mange av dei påviste manglane i den generelle forsvarsplanlegginga i alliansen som DCI-relaterte styrkeforslag.

Også i det norske forsvaret er DCI ein viktig katalysator for naudsynt modernisering og endring. Etter regjeringa sitt syn må DCI ikkje berre forståast som krav som bør oppfyllast på kort sikt, men også som ei langsiktig rettesnor for utvikling av medlemslanda sine forsvarsstrukturar. Målet er å gjere det mogeleg for dei einskilde allierte å medverke til styrking av den felles tryggleiken og å bevare NATO som ein truverdig og effektiv forsvarsallianse og krisehandteringsorganisasjon.

Også i 2000 var krisa i Kosovo ei stor utfordring for NATO. For den NATO-leidde internasjonale tryggingsstyrken ( Kosovo Force - KFOR) vart året prega av ei gradvis stabilisering av situasjonen, samtidig som utviklinga viste at det vil ta tid å skape eit klima i provinsen der dei ulike befolkningsgruppene kan leve fredeleg saman og arbeide mot felles mål. Dei meir enn 40.000 soldatane fortsette arbeidet for å tryggje Kosovo og befolkninga mot indre og ytre truslar, slå tilbake organisert kriminalitet og å støtte FN-administrasjonen (UNMIK) i innsatsen for å gjennomføre dei sivile aspekta av tryggingsrådsresolusjon 1244. Etnisk motiverte valdshandlingar og drap på medlemmer av minoritetsgruppene, saman med uro i delar av Kosovo og i Presevodalen aust for Kosovo, var blant dei største utfordringane for tryggingsstyrken.

Dei demokratiske endringane i Beograd etter opposisjonssigeren i presidentvalet i oktober, var ein milepæl i utviklinga mot eit stabilt og fredeleg Balkan. Som ei følgje av endringane i Jugoslavia såg ein mot slutten av året starten på eit nytt og konstruktivt tilhøve mellom Jugoslavia og NATO. Den nyvalde presidenten Kostunica kontakta mellom anna generalsekretær Robertson for å ta opp den felles utfordringa i det sørlege Serbia. Dette viste at ein ny æra var innleidd i forholdet mellom alliansen og Jugoslavia, og for Balkan som eit heile. På den andre sida førte ikkje utviklinga i Beograd umiddelbart til større endringar i den indre situasjonen i Kosovo. Den serbiske minoriteten var framleis sterkt skeptisk til det internasjonale samfunnet sine mål og innsatsen for å stabilisere provinsen. Ein kunne òg merke aukande motsetningar i høve til den albanske majoriteten. Dette hadde nok mellom anna si årsak i at fleire på kosovoalbansk side frykta at den økonomiske og politiske støtta frå det internasjonale samfunnet kunne bli svekt når Jugoslavia vart teke inn i varmen. Og framfor alt frykta mange på albansk side at tilnærminga mellom Beograd og det internasjonale samfunnet ville føre til at håpet om eit sjølvstendig Kosovo ville forsvinne.

I løpet av 2000 såg alliansen med aukande uro på aktivitetane til dei væpna albanske gruppene i separasjonssona mellom Kosovo og resten av Jugoslavia. Det var etter kvart fleire teikn på at desse gruppene hadde som mål å framprovosere jugoslaviske reaksjonar som kunne føre til forverring i forholdet mellom Jugoslavia og det internasjonale samfunnet. Alliansen helsa difor velkommen dei initiativa som vart tekne på jugoslavisk side for å komme i dialog med moderate albanske leiarar og setje i verk tillitsskapande tiltak retta mot den albanske minoriteten i området. Frå NATO si side vart det streka under at alliansen var klar til å bidra til ei positiv utvikling.

På våren spurde FNs miljøprogram (UNEP) NATO om detaljerte opplysningar om bruken av granatar med utarma uran under luftkampanjen mot Jugoslavia våren og sommaren 1999. NATO la fram oversikt over mengda av slike granatar som var brukt og koordinatane til måla. Mot slutten av året auka bekymringa i fleire medlemsland for at desse granatane var årsak til kreft og andre helseskader. Materialet NATO hadde kjennskap til, gav ikkje grunnlag for å slutte at det var ein slik årsakssamanheng, og dette blei gjort klart av alliansen i ulike samanhengar. Men samtidig vart det understreka av alliansen at ein var interessert i å avdekkje alle sider av dette spørsmålet. UNEP vart difor oppmoda om å setje i verk ytterlegare undersøkingar i Bosnia og Kosovo. Militærmedisinske ekspertar frå alliansen fekk òg i oppdrag å vurdere alt materiale som låg føre om bruken av denne typen stridsmiddel.

Det norske bidraget til KFOR var i 2000 ein mekanisert infanteribataljon på omkring 1200 soldatar. Den norske kontingenten har utgjort eit solid bidrag til operasjonen og er blant dei desidert største sett i forhold til folketal og militære ressursar. Dei norske styrkane er i hovudsak utplasserte i området sørvest for Pristina, hovudstaden i Kosovo, men Noreg har som ein av få KFOR-deltakarar gitt KFOR- sjefen (COMKFOR) løyve til å disponere dei norske styrkane over heile Kosovo. Dette oppfyller eit generelt ønske frå KFOR-sjefen om fleksibilitet i disponeringa av dei styrkane han har til rådvelde. Noreg har oppmoda dei andre KFOR-deltakarane om å komme COMKFOR i møte på dette området.

Hausten 2000 vart det vedteke at NATO-hovudkvartera i Stavanger og Karup i Danmark skal utgjere kjernen i hovudkvarteret til KFOR frå april til oktober 2001. Etter dansk-norsk tilråding vert sjef for KFOR i denne perioden den norske generalløytnanten Thorstein Skiaker. Etter regjeringa sitt syn vil oppdraget gje verdifull erfaring militært sett. Det er ein fin sjanse til å gjere vårt internasjonale engasjement og bidrag til europeisk krisehandtering ytterlegare kjent, og til å streke under at Noreg tek sin del av ansvaret for europeisk tryggleik.

NATO vidareførte i 2000 også sitt engasjement i Bosnia-Hercegovina. Stabiliseringsstyrken ( Stabilization Force - SFOR) medverka til gjennomføring av Dayton-avtalen for Bosnia-Hercegovina på fleire område. Styrken har sytt for at krigshandlingane ikkje er vortne tekne opp att, samtidig som han har spela ei avgjerande rolle i arbeidet med å leggje til rette for gjenoppbygging av det sivile samfunnet. På den sivile sida har det vore viktige framsteg i arbeidet med å utvikle fungerande sivile institusjonar, med retur av flyktningar, sivil gjenoppbygging, reduksjonar innanfor alle våpenkategoriar og ei auka rolle for den faste militærkomitéen ( Standing Committee on Military Matters - SCMM). Vidare har det vore framsteg i tingingane om rustningskontroll og åtgjerder for å skape tillit innanfor ramma av Dayton-avtalen. Etter ei totalvurdering av tryggingssituasjonen har NATO gradvis redusert SFOR slik at styrken no er nede i drygt 20 000 soldatar. På grunnlag av prinsippet om konsentrasjon av den norske innsatsen på Balkan til Kosovo, er den norske SFOR-kontingenten redusert. Ein tek sikte på å avvikle deltakinga i løpet av 2001.

Utviklinga på Balkan viser etter regjeringa si vurdering til fulle at det er viktig å arbeide vidare med å byggje ned skiljelinjene i Europa. Dette er ei utfordring NATO har engasjert seg sterkt i sidan den kalde krigen tok slutt. Eitt element i dette er alliansen si opne haldning til nye medlemsland. Polen, Den tsjekkiske republikken og Ungarn vart tekne opp som medlemmer i 1999. Toppmøtet i Washington dette året konkretiserte den vidare utvidingsprosessen gjennom ein eigen tiltakspakke for dei ni andre søkjarlanda ( Membership Action Plan - MAP) for å førebu dei på framtidig medlemskap. Gjennomføring av MAP har stått i fokus i 2000. Programmet vil i vesentleg grad bidra til å styrkje kandidatlanda si evne til å ta på seg det ansvaret medlemskap inneber. Men avgjerda om å ta opp nye medlemmer i alliansen vil likevel til sist vere ei politisk avgjerd som må fattast på eit breitt grunnlag, der ein tek omsyn til dei overordna konsekvensane for europeisk trygging. Frå norsk side ser ein det som viktig at alliansen framleis må vere open. Regjeringa har lagt særleg vekt på at dei baltiske statane må målast etter same målestokk som alle dei andre kandidatlanda.

NATO-medlemslanda har hatt eit nært politisk og militært samarbeid med partnarlanda i Sentral- og Aust-Europa sidan Det nordatlantiske samarbeidsrådet ( North Atlantic Cooperation Council - NACC) og PfP vart oppretta i 1991 og 1994. Samarbeidet har kontinuerleg vorte utvida og styrkt. I mai 1997 vedtok utanriksministrane i NATO å gje partnarlanda ei meir direkte rolle i utforminga av samarbeidet, og at sjølve det militære samarbeidet skulle utvidast til å omfatte nye område.

PfP har etter regjeringa si vurdering vist seg som eit fleksibelt samarbeidsinstrument. Det enkelte partnarland står fritt med omsyn til korleis det vil engasjere seg. Frå NATO si side er viktige mål mellom anna å løyse uteståande utanrikspolitiske konfliktspørsmål, fjerne etniske motsetningar, støtte politiske, økonomiske og militære reformer, bidra til større openheit rundt forsvarsplanlegging og forsvarsbudsjett, sterkare demokratisk kontroll med dei væpna styrkane, sivil beredskapsplanlegging og å forbetre evna til å delta i NATO-leidde fredsoperasjonar. Etter norsk syn har partnarane si deltaking i fredsoperasjonar som SFOR og KFOR vore direkte prov på at PfP kan yte konkrete bidrag til bygging av europeisk tryggleik.

Den politiske dimensjonen i partnarskapen vart styrkt i og med at NACC vart erstatta av Det euroatlantiske samarbeidsrådet ( Euro-Atlantic Partnership Council - EAPC) i 1997. Ved sida av å fungere som eit koordinerande styringsorgan for PfP, er EAPC også den viktigaste plattforma for konsultasjonar mellom NATO-landa og partnarane. EAPC er både inkluderande og sjølvdifferensierande. Det vil seie at medlemslanda sjølve kan bestemme korleis og på kva samarbeidsområde dei vil engasjere seg. Kvart år vert det halde to utanriksministermøte og to forsvarsministermøte innanfor ramma av EAPC. I 2000 var fokus retta mot situasjonen på Balkan, inkludert oppretting og vidareføring av KFOR og vidareføring av SFOR. Konsultasjonar med partnarlanda i regionen gjekk inn som ein viktig del av NATO si handtering av krisa i Kosovo.

For regjeringa har det vore viktig å trekkje partnarstatane inn i utforminga av det politiske og militære samarbeidet generelt og fredsoperasjonane på Balkan spesielt. Ein har difor lagt stor vekt på at EAPC må nyttast som eit reelt forum for politiske konsultasjonar, og streka under at NATO så langt som mogeleg bør unngå å presentere partnarane for vedtak som allereie er fatta i alliansen. Det gjeld i særleg grad i spørsmål der partnarane er direkte engasjerte, inkludert SFOR og KFOR. Noreg har arbeidd aktivt for full utnytting av det såkalla politisk-militære rammeverket ( Political-Military Framework - PMF) til reelle konsultasjonar før dei formelle vedtaka vert fatta av NATO. Ein har òg arbeidd for at militære representantar for partnarstatane skal trekkjast tett inn mot dei militære planstabane i NATO. På norsk side er ein nøgd med at det no er konsensus i NATO om desse spørsmåla.

I tillegg til desse multilaterale organa har NATO sidan 1997 hatt særskilde samarbeidsordningar med Russland og Ukraina og eit lausare samarbeid med ei rekkje land i Middelhavsområdet.

Samarbeidet med Russland står i ei særstilling, og er basert på den omfattande samarbeidsavtalen frå 1997. I 2000 var alliansesamarbeidet med Russland prega av ein viss framgang etter at mykje av dialogen vart suspendert då NATO i mars 1999 sette i verk luftkampanjen mot Jugoslavia (FRJ). Dei månadlege møta i det permanente samarbeidsrådet mellom NATO og Russland ( Permanent Joint Council - PJC) vart tekne opp att og tilnærma normaliserte. Under utanriksministermøtet i Brussel i desember vart det også oppnådd semje om vilkåra for opninga av eit informasjonskontor for NATO i Moskva. Kontoret skal opnast i februar 2001 og vil ha stor symbolverdi for forholdet mellom NATO og Russland. Av meir tragisk karakter var ulykka med ubåten Kursk i august 2000, der 118 russiske sjømenn miste livet. Den tragiske ulykka førte likevel til at eit nytt kapittel blei opna i det militære samarbeidet med Russland. Under forsvarsministermøtet i desember vart eit særskilt samarbeidsprogram vedteke om søk og redning til havs. Den norske innsatsen i redningsaksjonen etter ulykka og engasjementet vårt overfor Russland i nordområda vart eit naturleg utgangspunkt for Noreg si rolle som pådrivar i denne saka.

Regjeringa har lagt avgjerande vekt på at PJC må nyttast til å knyte ein tett politisk og praktisk partnarskap mellom alliansen og Russland. Det er ved fleire høve streka under at europeisk tryggleik berre kan sikrast i samarbeid med Russland, og at PJC har ein viktig politisk og militær tillitsskapande funksjon. Rådet må difor nyttast til reelle konsultasjonar om spørsmål av felles interesse. Det praktiske samarbeidet innanfor PJC utfyller det tosidige samarbeid mellom Noreg og Russland på ei rekkje felt av stor verdi for Noreg, mellom anna miljøvern og militær reform og omskolering. Ein har òg på norsk side lagt vekt på at samarbeidet i SFOR og KFOR viser at Russland og NATO saman kan bidra på ein konkret måte til europeisk tryggleik og stabilitet.

Gjennom 2000 heldt samarbeidet mellom NATO og Ukraina fram innanfor ramma av avtalen om oppretting av NATO-Ukraina-kommisjonen ( NATO-Ukraine Commission - NUC), som vart inngått i 1997. Arbeidet med forsvarsreformer og alliert støtte til desse stod i fokus. Det forsvarsrelaterte samarbeidet mellom NATO og Ukraina har i ei viss tid vore prega av heller lita framdrift. Dette skuldast hovudsakleg manglande ukrainsk vilje og evne til å gå inn ein substansiell og open dialog, noko som igjen har ført til minkande interesse mellom dei allierte landa. I løpet av hausten 2000 vart det frå NATO si side teke initiativ til å revitalisere dialogen. I NATO har ein vore nøgd med den ukrainske deltakinga i dei NATO-leidde fredsoperasjonane på Balkan. Noreg har vore med på å finansiere ei ukrainsk helikopteravdeling i KFOR.

Gjennom middelhavsdialogen har alliansen følgt opp kommunikeet frå toppmøtet i Washington i 1999 om å utdjupe og styrkje dialogen med middelhavslanda. Dialogen omfattar sju land etter at Algerie slutta seg til i juli 2000. NATO sin fredsinnsats på Balkan dei seinare åra medverkar til ei meir positiv haldning og større kjennskap til alliansen sitt arbeid i fleire av dialoglanda.

NATO-toppmøtet i Washington gav eit politisk mandat til å utvikle vidare dei vedtaka som blei fatta av utanriksministrane i NATO i Berlin i 1996 om å styrkje den europeiske pilaren i alliansen. Washington-kommunikeet viser til dei praktiske tiltaka som blei initierte i Berlin om at Vestunionen (VEU) skulle kunne leie operasjonar med tilgang til NATO-ressursar, tufta på prinsippet om at NATO-ressursane skulle vere «delelege men ikkje skilde». Eit viktig element i kommunikeet er omsynet til den raske politiske utviklinga i EU, som inneber at det politiske fokuset for arbeidet med den europeiske tryggings- og forsvarsidentiteten ( European Security and Defence Identity - ESDI) i NATO må dreiast frå samarbeid med VEU til direkte samarbeid med EU.

ESDI er eit vidt omgrep som famnar drøftingar over fleire år om auka europeisk ansvar i tryggings- og forsvarspolitikken, særleg om ei auka europeisk rolle i krisehandtering. Nøkkelspørsmålet i alliansen har vore korleis ei betre oppgåvedeling mellom USA og Europa kan realiserast utan at det amerikanske nærværet i Europa og dei transatlantiske banda vert svekte og utan at ressursar vert dupliserte. Noreg har heile tida vore positiv til tanken om eit auka europeisk fokus og ansvar i tryggings- og forsvarspolitikken. Det er etter regjeringa sitt syn naturleg at dei europeiske landa no tek større ansvar for eigen tryggleik og større ansvar når det gjeld krisehandtering i Europa. I denne samanhangen er det ikkje minst viktig at større europeisk vilje til å ta ansvar vil styrkje USA sin motivasjon for å halde oppe eit aktivt amerikansk engasjement i NATO og for tryggleiken i Europa. Frå norsk side har det vore viktig å framheve behovet for eit så nært samarbeid mellom NATO og EU som mogeleg, ikkje minst for å sikre NATO sin sentrale posisjon og levande transatlantiske band.

EU-toppmøtet i Nice i desember 2000 var ein viktig milepæl for utviklinga av den felles tryggings- og forsvarspolitikken i EU ( European Security and Defence Policy - ESDP). Ei rekkje viktige avgjerder vart tekne i Nice. Desse vil gje ramma for den vidare utviklinga. EU skal opprette permanente strukturar for den felles tryggings- og forsvarspolitikken, og det vart definert nærmare korleis desse strukturane skal fungere. Vidare vart det vedteke ein struktur for kontakt, samarbeid og konsultasjonar med tredjeland, og for samarbeidet med NATO. Styrkebidragskonferansen i EU i november la det første grunnlaget for utvikling av ei sjølvstendig krisehandteringsevne. Også tredjeland var inviterte til å melde inn sine bidrag til EU-leidd krisehandtering. Det norske bidraget er eit personell på 3500 basert på forsvarets internasjonale innsatsstyrke.

Ein viktig del av oppfølginga av Nice-vedtaka i alliansen har vore drøftinga av ordningar som skal gjere at EU kan nytte NATO sine kollektive ressursar og evner under eigne krisehandteringsoperasjonar. Meir konkret skal det utmeislast eit tilbod til EU om bruk av alliert operativ planlegging og forsvarsplanlegging, allierte kommandostrukturar og kollektive ressursar som EU ikkje sjølve har eller vil skaffe seg. Intensjonen er at EU skal ha «sikra tilgang» til slike NATO-ressursar utan krav om godkjenning frå NATO-rådet frå gong til gong.

På bakgrunn av EU-vedtaket i Nice og kommunikeet frå utanriksministermøtet i NATO i desember vart det bestemt å etablere permanente konsultasjonsordningar mellom EU og NATO gjennom ei brevveksling. Denne brevvekslinga er den første formaliserte avtalen om samarbeid mellom dei to organisasjonane og representerer etter regjeringa sitt syn eit velkomme skritt vidare på ESDI/ESDP-agendaen. Utanriksministermøtet i NATO streka under trongen for gode samarbeidsordningar mellom EU og NATO og for at allierte ikkje-EU-land kan knytast til dei framtidige krisehandteringsorgana i EU gjennom jamleg dialog, konsultasjonar og praktisk militært samarbeid. Behovet for ein brei dagsorden vart òg understreka. Debatten viste ei brei erkjenning av at utviklinga i EU påverkar samarbeidet i alliansen. Etter EU og NATO sine ministermøter i desember har både EU- og NATO-medlemmene vist at dei ønskjer at det skal leggjast til rette for best mogeleg samarbeid.

Av di dei militære styrkane som må til for å realisere dei nye EU-måla innanfor krisehandtering for ein stor del fell saman med dei allierte EU-landa sine styrkebidrag til NATO, grip EU-vedtaket direkte inn i alliansen sine eigne målsetjingar og evner til å vareta sine kjernefunksjonar. Regjeringa legg difor avgjerande vekt på å bevare NATO som det sentrale forum for tryggingspolitiske konsultasjonar og som ramme for effektiv krisehandtering og ein heilskapleg militær struktur.

Men Noreg har òg heile tida støtta sterkt opp om utviklinga av ESDP. Frå norsk side er det streka under at tilbodet frå alliansen til EU må utformast så generøst som mogeleg. Målet må etter regjeringa sitt syn vere ein nær partnarskap mellom dei to organisasjonane. Då vil ein sikre at EU får ei truverdig evne til krisehandtering og at NATO sin sentrale posisjon ikkje vert svekt. Ein vil unngå at EU byggjer opp parallelle militære strukturar. I tillegg vil ein unngå at ressursar vert dupliserte unaudsynt. Disse synspunkta vert langt på veg delte av våre allierte.

Ei nærare spesifisering av tilbodet til EU vil i høg grad vere innretta på kva EU sjølv ønskjer. Tilbodet om bruk av alliansen sine ressursar kan ikkje definerast nærare utan i tett samarbeid med EU. Eit sentralt spørsmål er korleis ein skal stille seg til ikkje-allierte og ikkje-EU-land som deltakarar i operasjonar under leiing av kvarandre. NATO-landa er samstemte i at det må vere tett kontakt med EU om forsvarsplanlegginga. Men ingenting er vedteke i alliansen utanom prinsippavgjerda om at EU skal få nytte alliansen sine ressursar i EU-leidde krisehandteringsoperasjonar. Ein viktig grunn til dette er at det enno ikkje er konsensus om vilkåra for deltaking i ESDP for dei seks NATO-landa som ikkje er medlemmer av EU. Dette spørsmålet famnar om tema som deltaking i breie tryggingspolitiske konsultasjonar, deltaking i vidare utforming av evnene til krisehandtering, deltaking i generisk og operativ planlegging og deltaking i øvingar. Ei viktig føring på debatten har såleis vore NATO og NATO-landa sitt prinsipp om at ein ikkje er samd om noko før ein er samd om alt.

Under VEU-ministermøtet i Marseille i november vart overføringa av dei operative oppgåvene til EU i løpet av 2001 formelt vedteken. Arbeidet i 2000 var prega av at organisasjonen er inne i ein omstillings- og nedbyggingsfase. Dette har også påverka posisjonen til assosierte land som Noreg. For Noreg er det eit mål å vidareføre deltakinga i dei VEU-aktivitetane som vert overførte til EU, m.a. satellittsenteret i Spania og tryggingsinstituttet i Paris. Frå norsk side er det også lagt vekt på å vidareføre parlamentarikarforsamlinga i VEU. EU har så langt ikkje ønskt å ta over den gjensidige tryggingsgarantien som er nedfelt i artikkel V i traktaten. Eit rest-VEU vil difor framleis vareta forpliktingane i artiklane V og IX i den modifiserte Brusseltraktaten.

Det har vore brei semje i alliansen om behovet for å styrkje innsatsen mot spreiing av masseøydeleggingsvåpen ( Weapons of Mass Destruction - WMD) og leveringsmidla for slike våpen. Toppmøtet i Washington vedtok eit initiativ for å sikre at alliansen hadde den nødvendige politiske og militære evna til å handtere dei utfordringane som spreiing av slike våpen og leveringsmiddel representerer. Initiativet er retta mot tiltak som kan styrkje den felles forståinga blant dei allierte av desse utfordringane og av måtar å møte dei på, og mot styrking av den militære og sivile beredskapen mot slike våpen. Toppmøtet vedtok òg å ta til med ein generell gjennomgang av NATO-arbeidet for å styrkje alliansen sitt bidrag til tillits- og tryggingsskapande verksemd, verifikasjon, ikkje-spreiing, rustingskontroll og nedrusting. I 2000 har ein frå norsk side bidrege aktivt til realisering av dette initiativet.

Til forsida