St.meld. nr. 47 (1996-97)

Kunstnarane

Til innholdsfortegnelse

4 Statlege verkemiddel i kunstnarpolitikken

4.1 Bakgrunn og prinsipp

Som nemnt i avsnitt 3.8 representerte St.meld. nr. 41 (1975-76) Kunstnerne og samfunnet ei klar stadfesting av at staten har eit vesentleg ansvar for utvikling av kunstlivet i Noreg og for arbeidsvilkåra for kunstnarar. Meldinga presenterte eit samla og systematisert grep på kunstnarpolitikken, og ho har forma eit viktig grunnlag for kunstnarpolitikken i alle åra sidan.

Meldinga hadde tre viktige føresetnader:

  • Ei brei nyorientering i den allmenne kulturpolitikken med stor vekt på desentralisering, eigenaktivitet og styrking av kulturadministrasjonsfunksjonar (jf. kulturmeldingane frå 1972 og 1973).

  • Innstillinga frå Kunstnarstipendkomiteen, NOU 1973: 2 Kunstnerstipend, kom med ei rekkje framlegg som tok sikte på å betra økonomi og arbeidsvilkår for kunstnarar.

  • Kunstnarmiljøa organiserte Kunstneraksjonen 1974, som med utgangspunkt i NOU 1973: 2 formulerte det såkalla tre-punktskravet:

    1. reelt vederlag for bruk av det arbeidet skapande kunstnarar utfører;

    2. auka bruk av kunst i samfunnet;

    3. garantert minsteinntekt til dei yrkesaktive kunstnarane som av ulike grunnar ikkje fekk dekt inntektsbehovet ved å selja det dei produserte.

Prinsippa som låg til grunn for dei ordningane som vart innførde for stipend, vederlag og inntekter, vart oppsummerte slik i St. meld. nr. 61 (1991-92) Kultur i tiden:

«Samfunnet erkjenner behovet for en fri og mangfoldig kunstproduksjon.

Staten har et ansvar for å tilby kunstnerene alminnelige trygge arbeidsforhold og levevilkår og muligheter for fordypning og utvikling.

Når samfunnet bruker kunstneriske verk og prestasjoner i ulike sammenhenger, har opphavsmennene et rettmessig krav på vederlag.

Markedet alene vil ikke kunne gi alle kunstnere tilstrekkelige arbeids- og inntektsmuligheter, og det offentlige må derfor gjennom ulike tiltak bidra til en viss utjevning, basert på aktivitets- og kvalitetskriterier.»

Sjølv om kunstnarmeldinga i hovudsak konsentrerte seg om sosiale og økonomiske sider ved kunstnarlivet, vart det også peika på dei grunnleggjande funksjonane som kunst har i samfunnet (jf. kap. 3 framanfor). Det vart også framheva at det var viktig å bruka kunstkompetanse på andre område i samfunnet, utan at det gav seg uttrykk i konkrete tiltak frå statens side. Det var først og fremst ei prinsipiell understreking av at kunstkompetanse har eit breiare nedslagsfelt enn det som berre er knytt til den «reine» kunstutøvinga eller -skapinga.

Dei verkemidla som vart introduserte med St.meld. nr. 41 (1975-76) Kunstnerne og samfunnet, utgjer hovudgrunnlaget for dei noverande ordningane. I hovudtrekk kan dei karakteriserast på følgjande vis:

Allmenne kulturpolitiske verkemiddel:

  • tiltak for å fremja breiare publikumskontakt og auka bruk av kunst

  • utbygging av institusjonar for kunstnarleg skaping og formidling.

Verkemiddel retta direkte mot arbeidsvilkår og inntektsforhold for kunstnarane:

  • etablering av nye og utbygging av eksisterande kollektive vederlagsordningar der kunstnarar og andre med opphavsrett skal få kompensasjon for at samfunnet bruker arbeida deira

  • etablering av nye og utbygging av eksisterande individuelle ordningar i form av stipend og garantiinntekter

  • formell forhandlingsrett for kunstnarar og andre rettshavarar innanfor område som gjeld prestasjonane og arbeidet deira.

Eit vesentleg kjenneteikn ved kunstnarpolitikken sidan 1970-åra har vore etablering av ei rekkje fonds- og vederlagsordningar. Formålet med ordningane vart uttrykt slik i St.meld. nr 41 (1975-76) Kunstnerne og samfunnet:

«Målet må være å fremme en politikk som på den ene siden maksimalt stimulerer den kunstneriske skaping og produksjonen av kunstneriske åndsverk, og som på den andre siden maksimalt stimulerer formidlingen og distribusjonen av verkene til et bredest mulig publikum uten unødvendige hindringer av formell eller praktisk art.»

I utforminga av ordningane har ein lagt vekt på to hovudomsyn. Det første prinsippet er å unngå vederlagsordningar som er urimeleg kompliserte eller som vil føra til forholdsvis store administrasjonskostnader. Det andre prinsippet er at det ikkje skal vera avgjerande at eit vederlag kan knytast til bruk av arbeid til ein einskildkunstnar, men at kunstnarane som ei samla gruppe skal kunna sikrast rimeleg vederlag frå bruk av arbeida deira. Midlane blir delvis kravde inn som avgifter, delvis løyvde over statsbudsjettet, avhengig av kva ordning det er tale om.

I den vidare gjennomgangen av ulike tiltak og ordningar er det gjort ei tredeling: lovfesta økonomiske verkemiddel (avsnitt 4.2), økonomiske verkemiddel utan lovfesting (avsnitt 4.4) og kunstinstitusjonar (avsnitta 4.6 og 4.7). Utdanning kan også vurderast som eit statleg verkemiddel i eit breitt perspektiv på kunstnarpolitikk, og dette feltet får ein omtale i avsnitt 4.8.

4.2 Lovfesta økonomiske ordningar

Ein del av dei verkemidla staten rår over i kunstnarpolitikken, er heimla i lovverk. Det gjeld for det første generelle lover og reglar som omfattar alle borgarar (avsnitt 4.2.1). Dette er rammevilkår som har relevans for kunstnarar som gruppe i den grad dei t.d. har særvilkår i høve til lover og regelverk.

For det andre kjem kunstnarar inn under lovverk som er skipa for å ta omsyn til deira interesser. Det gjeld spørsmål som er knytte til opphavsrett og åndsverk, og som også har internasjonale lover og reglar å forhalda seg til (avsnitt 4.2.2 og 4.2.3). I tillegg har kunstnarar lovfesta ordningar som er baserte på kulturpolitiske målsetjingar om å sikra kunstnarar spesielle rammevilkår (avsnitt 4.2.4). Begge desse to rammeverka har viktige funksjonar overfor kunstnarane som yrkesgruppe.

4.2.1 Generelt lovfesta rammeverk

På generelt nivå er kunstnarar omfatta av rammeverk til liks med andre borgarar. I denne samanhengen gjeld det først og fremst lover og reglar for skatt, avgifter og trygdeytingar. I forhold til dette rammeverket utgjer kunstnargruppene få og ofte marginale yrkeskategoriar i den forstand at dei i liten grad tener som premissgjevande utgangspunkt når lover og regelverk skal lagast. I den grad dei generelle reglane har særreglar som er retta mot delar av eller heile kunstnargruppa, kan ein karakterisera dette som verkemiddel i ein allmenn statleg kunstnarpolitikk. Det finst døme på slike særreglar, og stundom kan særreglar i forhold til allmenne rammeverk vera ein føremålstenleg måte å skapa rammevilkår på. Samstundes er det berrsynt at det å laga særreglar for ei spesifikk gruppe kan ha ein utilsikta dominoeffekt i form av krav frå andre grupper. Dessutan vil det vera vanskar med særreglar når det ikkje er mogeleg å gje eintydige avgrensingar av kva t.d. ein «kunstnar» er i skatte- og avgiftsspørsmål. Kunstnarar er svært samansett som gruppe, og det gjer det vanskeleg å fanga opp alle dei omsyn som ein ideelt sett burde få med dersom ein skal laga særreglar.

Gjennomgangen av skatte-, avgifts- og trygdesystemet er avgrensa til dei delane som har innverknad på kunstnargrupper på eit eller anna vis. I stor monn er avsnittet basert på ei utgreiing som Norsk kulturråd fekk laga i 1996, «Kunstneres skatte- og trygdeforhold».

4.2.1.1 Skattereglar

I Kulturdepartementets undersøking av økonomiske levekår for kunstnarar (seinare kalla INAS-undersøkinga 1) stadfesta 18 % av dei svarande at dei var fast tilsette i arbeidet sitt som kunstnarar 2. Det betyr at dei er arbeidstakarar med avtalefesta arbeidsforhold til ein arbeidsgjevar som trekkjer opp retningsliner for arbeidet og som gjennom ulike former for avtaler fastset når, korleis og for kva løn den einskilde arbeidstakaren skal utføra oppgåvene sine.

Det er stor skilnad mellom dei ulike kunstnargruppene når det gjeld fast tilsetjing. Det er dei utøvande kunstnarane med skodespelarar, musikarar og scenografar som har høgast svarprosent når det gjeld fast tilsetjing. I den andre enden av lista kjem skapande kunstnargrupper som forfattarar, komponistar, omsetjarar, kunstfotografar, kunsthandverkarar og biletkunstnarar. Dette er eit bilete som i stor grad heng saman med at skapande kunstnarar i liten grad har arbeidstakarforhold til ein arbeidsgjevar. Som yrkesutøvande er dei i hovudsak sjølvstendig næringsdrivande.

I skattesamanheng kjem kunstnarar som arbeidstakarar i same stilling som andre lønsmottakarar. Det er for så vidt heller ingen prinsipiell skilnad mellom fast tilsetjing eller engasjement i skattesamanheng. Det er arbeidsgjevar som har eit overordna ansvar for at regelverket blir følgt, og det er arbeidsgjevar som disponerer arbeidstakarens tid.

Ei stor gruppe av kunstnarane kan karakteriserast som oppdragstakarar. Dei er lønsmottakarar i den forstand at ein arbeidsgjevar har arbeidsgjevaransvaret i høve til det generelle regelverket i arbeidslivet. Slik sett er det tale om ikkje-tilsette arbeidstakarar. Løn er avtalt for eit konkret arbeid innanfor ein definert arbeidsperiode, men oppdragstakar avgjer sjølv korleis og når han/ho bruker tida si for å bli ferdig. Ein oppdragstakar kan ha fleire oppdrag parallelt for ulike arbeidsgjevarar. Ein ikkje uvanleg kombinasjon er at ein kunstnar kan ha eit fast arbeidsforhold, ev. ei deltidsstilling, samstundes som han/ho tek oppdrag for andre. Oppdragstakar har litt større fridom enn den «reine» arbeidstakaren, men tilhøvet til løn, skatt og pensjons- og trygderettar er i prinsippet det same som for andre lønsmottakarar. I skattelovgjevinga er oppdragstakar ikkje nytta som omgrep, og inntektene kjem under reglane for lønsinntekt.

Ein del av oppdragstakarane fell inn under dei som med eit samlenamn blir kalla frilansarar,3 dvs. dei kan ha fleire tidsavgrensa oppdrag for ulike arbeidsgjevarar. Dei fleste frilansarane er truleg likevel sjølvstendig næringsdrivande, dvs. dei opererer som eigne firma, oppdrag og oppdragsgjevarar kan vera mange, og i skattesamanheng har dei næringsinntekter. I INAS-undersøkinga har dei skapande kunstnargruppene ei stor overvekt av frilansarar. Det er elles verd å merkja seg at i alle kunstnargrupperingar er frilansarar den største kategorien ( jf. avsnitt 5.5).

Som sjølvstendig næringsdrivande skal kunstnarar oppfylla tre hovudvilkår i forhold til skattelovgjevinga:

  • aktiviteten må ha eit visst omfang og vara ei tid,

  • aktiviteten må over tid skapa økonomisk, rekneskapsmessig overskot (for ikkje å bli rekna som hobby), og

  • arbeidet må drivast for eiga rekning og eigen risiko.

I kvart tilfelle vil det vera ei skjønnsmessig vurdering av om den kunstnarlege aktiviteten totalt sett kan reknast som næringsverksemd.

Som næringsdrivande vil kunstnarar også vera pliktige til å føra rekneskap i samsvar med rekneskapslovgjevinga. Biletkunstnarane har her fått eit særvilkår med forenkla rekneskapsplikt. Dessutan har dei fått ei særordning når det gjeld verdisetjing av varelager, dvs. kunstverk som er ferdige, men ikkje selde. Medan skattereforma av 1992 og rekneskapslova legg realisasjonsprinsippet til grunn for verdisetjing av varelager, har biletkunstnarane fått ei ordning som byggjer på kontantprinsippet, og som inneber at tilverkingskostnader ikkje skal aktiverast, men dei skal kunna førast til frådrag samstundes som dei belastar kunstnarens økonomi.

Etter gjeldande rett vil kunstnarar som næringsdrivande ha rett til frådragspostar i samsvar med regelverket. I Norsk kulturråds utgreiing om skatte- og trygdespørsmål blir det peikt på at skjønnsvurderingar av kva som kan reknast som næringsmessige utgifter for kunstnarar, stundom kan vera for strenge. Samstundes er det klart at kravet til dokumentasjon av og argumentasjon for frådragspostar vil vera det same for alle typar næringsdrivande. Plikta for personlege næringsdrivande til å føra rekneskap i samsvar med rekneskapslovgjevinga er under utgreiing i Finansdepartementet i samband med framlegga i NOU 1995: 30 om ei ny rekneskapslov.

Kjenneteiknande for mange kunstnarar som driv som næringsdrivande, er at dei har ujamne inntekter. I produksjonsperiodar kan inntektene vera små, men når verka er ferdige, kan vedkomande gjera eit stort inntektshopp. For å gje ein utjamnande effekt for store svingingar i inntekt inneheld skattelova ein spesiell periodiseringsregel for åndsverksinntekt. Regelen inneber at dersom nokon eit inntektsår har årsverksinntekt som er vesentleg høgare enn inntektene dei to føregåande åra, kan han/ho få den samla inntekta fordelt på dei tre åra med likt beløp på kvart år. I den samanhengen har kunstnargrupper peikt på den ordninga som toppidrettsutøvarar har, der dei kan fordela inntekter over lengre tidsrom enn tre år. Skilnaden mellom kunstnarar og idrettsfolk er likevel vesentleg på dette feltet: idrettsutøvarar har ein svært kort innteningsperiode, medan kunstnarar normalt har ein lengre, yrkesaktiv innteningsperiode.

Det normale er at alle inntekter som kunstnarar får, anten som arbeidstakar/oppdragstakar eller næringsdrivande, skal telja med ved utrekning av skatt. Nokre unntak har relevans for kunstnargruppene. Den tidlegare Statens kunstnarløn, æres- og kulturprisar som blir utdelte av stat, fylkeskommunar og kommunar er å rekna som skattefrie inntekter. Tanken bak slike prisar vil ofte vera ønskje om å gje ei påskjøning for framifrå innsats. Vanlege stipend eller garantiinntekter er derimot normal lønsinntekt og skal skattast for i samsvar med regelverket.

4.2.1.2 Meirverdiavgift

Omsetning frå opphavsmannen (kunstnaren) av eigne originale kunstverk er etter § 5 i meirverdiavgiftslova første ledd nr. 1 bokstav a utanfor det avgiftspliktige området. Det same gjeld omsetning ved mellommann når det skjer i opphavsmannens namn. Kunstnaren har såleis ikkje frådragsrett for inngåande avgift på innkjøpa sine og skal ikkje betala utgåande avgift på det han sel. Det skal heller ikkje betalast meirverdiavgift ved innførsel av kunstnarens eigne kunstverk. Kva som er meint med «originale kunstverk» i denne samanhengen, er å finna i tolltariffposisjonane 97.01-97.03 og 58.05 (den harmoniserte tolltariffen).

Etter gjeldande reglar er det ein viss skilnad mellom biletkunst og kunsthandverk ved at kunsthandverksprodukt normalt fell innanfor det avgiftspliktige området. I Sverige har dei relativt nyleg (1994) endra meirverdiavgiftslova på dette punktet i samsvar med EU-direktiv 77/388 supplert med rådsdirektiv 94/5 av 14. februar 1994. Det medfører m.a. unntak for individuelle keramiske arbeid når dei heilt og fullt er handlaga og signerte av kunstnaren. Det same gjeld handlaga, signerte arbeid utførte i emalje på kopar og når dei føreligg i maksimum åtte eksemplar. (Smykke-, sølvsmed- og gullsmedarbeid er derimot avgiftspliktige slik som i Noreg). Unntaka gjeld dessutan signerte kunstfotografi med opplag på maksimalt 30. Desse reglane gjev etter alt å døma likare behandling av biletkunst og kunsthandverk, samstundes som dei avgrensar mot den masseproduserande delen av kunsthandverket.

I Ot prp nr 17 (1996-97) Om lov om endringar i lov 19. juni 1969 nr 66 om merverdiavgift, blir det gjort framlegg om å halda på noverande unntak frå lova når det gjeld kunstverk. Vidare er det framlegg om å innføra reglar om lågare berekningsgrunnlag for meirverdiavgift ved omsetning av brukte varer, kunstverk, samleobjekt og antikvitetar (avansesystemet). I den nærare avgrensinga av kva «kunstverk, samleobjekt og antikviteter» som får rett til til å bruka avansesystemet, vil ein følgja den harmoniserte tolltariffen og ta det inn i forskrift. Definisjonen av kunstverk står i dag i § 5 første ledd nr 1 a, med tilvising til tolltariffen. Denne definisjonen skal no takast inn i forskrift.

I Innst O nr 54 (1996-97) bed komiteen Finansdepartementet i samband med forskriftsarbeidet å vurdera grensedraginga mellom ulike kunstnarlege uttrykksformer i relasjon til omgrepet «kunstverk». Avgiftsstyresmaktene vil om kort tid senda til allmenn høyring eit utkast til forskrifter som m.a. inneheld definisjon av kunstverk i avgiftssamanheng.

Kulturdepartementet vil elles etter mønster frå Danmark vurdera nærare ei ordning med rådgjevingsteneste i skatte- og rekneskapsspørsmål overfor kunstnarar.

4.2.1.3 Pensjonsforhold

For kunstnarar i faste stillingar vil det normalt vera pensjonsordningar som er regulerte i arbeidsforholdet mellom arbeidsgjevar og tilsett.

Fleire gonger tidlegare, seinast i NOU 1993: 14 Evaluering av Statens stipend- og garantiinntektsordninger for kunstnere, har det vore reist spørsmål om eiga pensjonsordning for kunstnarar, i første rekkje frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande. Så langt har det ikkje kome fram konkrete løysingar, truleg fordi det er vanskeleg å finna spesielle løysingar innanfor noverande rammeverk. På prinsipielt grunnlag finn Regjeringa det vanskeleg å arbeida med særløysingar for spesielle grupper når det gjeld generelle velferdsordningar som pensjon. Det finst mange andre sjølvstendig næringsdrivande enn kunstnarar som har dårleg inntening, og som dermed har dårleg grunnlag for pensjonsordningar utover det som folketrygda gjev. I den samanhengen skal det understrekast at f.o.m. år 2007 vil alle ha 40 års oppteningstid i forhold til tilleggspensjon i folketrygda. Det gjer at grunnlaget for å krevja særordningar etter kvart fell bort.

4.2.2 Opphavsrett og kunst

4.2.2.1 Opphavsrettens betydning for kunstnarleg aktivitet

Lov om opphavsrett til åndsverk av 12. mai 1961 nr. 2 (åndsverklova) inneheld grunnleggjande føresegner som har innverknad på yrkesutøvinga til kunstnarar. Opphavsretten sikrar grunnlag for kontroll med bruken og for økonomisk utbyte av skapande og utøvande prestasjonar, og vernar dei ideelle rettane til kunstnarane, dvs. retten til å bli namngjeven og til å hindra krenkjande bruk. Åndsverklova er meint å skapa motivasjon for kunstnarleg verksemd og gjev grunnlag for økonomiske investeringar i utnyttinga av verk og prestasjonar. Slik sett er lova avgjerande for den kulturelle utviklinga i samfunnet og har såleis eit klart kulturpolitisk motivert grunnlag.

Dei økonomiske rettane åndsverkslova gjev, er knytte til eineretten til å laga eksemplar av verket, og eineretten til å gjera verket tilgjengeleg for allmenta, t.d. til å framføra verket utanfor det private området.

Rettane til utøvande kunstnarar, produsentar av fonogram og kringkastingsselskap vert oftast kalla nærståande rettar, og er også tekne inn i åndsverkslova.

Omsynet til allmenta kjem til uttrykk i andre kapittel i lova, der det blir gjort ei avgrensing av opphavsretten. Desse reglane kviler på eit like sjølvstendig og sikkert grunnlag som opphavsmannens einerett, og åndsverklova freistar å vega omsyna mot kvarandre og såleis finna ein rimeleg balanse mellom dei.

Den teknologiske utviklinga, og særleg det auka høvet digitaliseringsteknologien gjev til å framstilla og spreia verk og prestasjonar, har ført til endå større fokusering på opphavsretten. I denne samanhengen har det vore hevda at åndsverklova må endrast betydeleg for å tilpassast ny teknologi. Kulturdepartementet meiner likevel, i tråd med den rådande oppfatninga også internasjonalt, at gjeldande opphavsrettslege reglar er brukande i forhold til den nye teknologien og at det berre er naudsynleg med mindre tilpassingar.

4.2.2.2 Opphavsretten i nordisk, europeisk og internasjonalt perspektiv

Opphavsrettens karakter gjer det naudsynleg med samordning av regelverk i forhold til andre land. Den raske teknologiske utviklinga, irekna digitalisering, viser at dette er viktigare no enn før.

Kulturdepartementet meiner det er viktig å bevara den nordiske rettseininga, som har lange tradisjonar. Dei nordiske departementa har difor møte med jamne mellomrom, der ein diskuterer nye initiativ på den internasjonale arenaen. Å koma fram til felles nordiske synspunkt er viktig for å kunna ha innverknad internasjonalt.

Noreg er gjennom EØS-avtala forplikta til å gjennomføra opphavsrettslege direktiv i norsk rett. Opphavsretten er såleis harmonisert med EU på dei områda der det følgjer av dei EØS-rettslege pliktene. EØS-rettens ikkje-diskrimineringsprinsipp inneber at opphavsrettsbaserte rettar ikkje kan reserverast eigne borgarar, men må gjelda alle borgarar innanfor heile EØS-området.

Noreg har slutta seg til fleire internasjonale konvensjonar som stiller krav til utforming av den nasjonale opphavsretten og som såleis set grenser for kva endringar som kan gjerast i vårt nasjonale lovverk. Noreg slutta seg til Bernkonvensjonen allereie i 1896. Pr. 1. februar 1997 var 121 statar tilslutta Bernkonvensjonen, som er den grunnleggjande internasjonale konvensjonen om opphavsrett. Noreg har vidare slutta seg til Verdskonvensjonen om opphavsrett, Romakonvensjonen om rettar for utøvande kunstnarar, Den europeiske konvensjon om vern av fjernsynssendingar og Fonogramkonvensjonen.

Den siste internasjonale reguleringa av opphavsretten og nærståande rettar er TRIPS-avtala under Avtale om etablering av Verdas Handelsorganisasjon (WTO) om dei handelsmessige sidene ved immaterielle rettar. Avtala byggjer for ein stor del på Bernkonvensjonen og Romakonvensjonen.

4.2.2.3 Vidare utvikling av opphavsretten

Ei utfordring for rettshavarane i tida framover vil vera å leggja forholda endå betre til rette for rettsklarering. Dette vil vera ein føresetnad for auka bruk av rettsbelagt materiale som inneber realisering av eit sannsynleg inntektspotensial for kunstnarar. Eit første steg på vegen kan vera ein informasjonssentral som kan gje rettleiing.

EU har allereie engasjert seg på nye felt som vil kunna få konsekvensar for opphavsrettslovgjevinga.

EUs grønbok om opphavsrett og nærståande rettar i informasjonssamfunnet har vore på høyring, og Kommisjonen vil ta initiativ som oppfølging av dette arbeidet.

Departementet ser det som viktig å halda seg orientert om og delta aktivt i den internasjonale utviklinga på området, for slik best mogleg å ta vare på norske interesser.

4.2.2.4 Revisjon av åndsverklova

Våren 1995 vart det fremja to odelstingsproposisjonar for Stortinget med forslag om omfattande endringar i åndsverklova, jf. Ot.prp. nr 15 og Ot.prp. nr. 54 for 1994-95. Lovendringane vart sette i kraft 30. juni 1995. Dei gjennomførte EU-direktiva satellitt- og kabeldirektivet (93/83/EØF), utleigedirektivet (92/100/EØF) og vernetidsdirektivet (93/98/EØF), som Noreg i medhald av EØS-avtala var forplikta til å gjennomføra i norsk rett. I samband med at Noreg gjekk inn i EØS-avtala, vart også datamaskinprogramdirektivet (91/250/EØF) gjennomført i norsk rett.

Det vil i åra framover bli naudsynt med delendringar, fremst som følgje av den europeiske og internasjonale harmoniseringa og EØS-avtala. Departementet tek også sikte på ein full gjennomgang av lova, m.a. av redaksjonelle omsyn.

4.2.2.5 System og hovudreglar i lov om åndsverk

Som utgangspunkt gjeld at opphavsmannen sjølv rår over verket og utnyttinga av det. Inntektene frå bruk av verket utgjer ein del av dei samla inntektene til kunstnaren.

Døme på dette er når ein forfattar overfører retten til å gje ut ei bok til eit forlag, mot vederlag, eller ein dramatikar tillet at eit teaterstykke blir framført.

Visse rettar, t.d. retten til å framføra eller lydfesta musikk eller retten til å tillata kopiering, er det vanskeleg for den einskilde opphavsmannen å forvalta sjølv. Det same gjeld rett til utnytting av biletkunst i andre samanhenger, t.d. reklame. I slike tilfelle har rettshavarane etablert forvaltningsorganisasjonar, jf. nedanfor.

Visse rettar tek slutt når opphavsmannen gjev allmenta tilgang til verket, m.a. kan han ikkje lenger nekta privat kopiering. Blir eksemplar av verket seld, kan det seljast vidare, og som hovudregel lånast ut i bibliotek.

For visse typar bruk av beskytta verk gjeld ein såkalla tvangslisens.

Tvangslisens inneber at lova tillet ein viss type bruk utan rettshavars samtykke, mot at det blir gjeve vederlag for bruken. Lova opererer berre med tvangslisens på felt der viktige samfunnsmessige eller praktiske omsyn tilseier det, som t.d. ved eksemplarframstilling for funksjonshemma i § 17 og sekundærbruk av fonogram i kringkastingssending eller vidaresending av slik sending i § 45b. Innkrevjing og fordeling av vederlaget skjer av eigne organisasjonar (sjå nedanfor). Tvangslisens er eit sterkt inngrep i interessene til rettshavarane. Dei internasjonale konvensjonane set grenser for på kva område det kan gjevast tvangslisens for bruk av verk og prestasjonar.

Nokre typar bruk av verk er samfunnsmessig viktige, samstundes som det kan vera vanskeleg å få til einskild avtale med opphavsmannen. I slike tilfelle har ein i dei nordiske landa skipa ei eiga ordning, såkalla avtalelisens.

Den nordiske avtalelisensordninga inneber at ein rettshavarorganisasjon, som er representativ på det området avtala gjeld, inngår avtale på vegner av dei aktuelle rettshavarane om bruk av rettsbelagt materiale. For rettshavar som er medlem av organisasjonen, vil avtala gjelde direkte på grunn av ei underliggjande forvaltningsavtale mellom organisasjonen og rettshavaren eller medlemsorganisasjonen hans. Avtalelisensreglane i lova medfører at avtala får verknad også for rettshavarar som ikkje er medlem av organisasjonen, og avtala omfattar dermed alle verk og arbeid på det området avtala gjeld. Avtalelisens gjeld særleg på område der individuell rettsklarering ville vera komplisert fordi svært mange rettshavarar er involverte, og der kostnadene med slik klarering elles ville vera svært høge, slik som ved vidaresending av kringkastingssendingar i kabel i § 34. Denne modellen er til føremonn både for brukarar og rettshavarar.

4.2.3 Vederlag bygd på opphavsretten

Som det er gjort greie for, gjev åndsverkslova kunstnarar grunnlag for å få inntekter frå det dei skaper eller yter. Dei opphavsrettslege løysingane får konsekvensar for organiseringa av korleis vederlag til brukarane blir kravde inn og fordelte.

Til forvaltning av eineretten til visse typar utnytting har opphavsrettshavarane funne det rett å etablera eigne forvaltningsorganisasjonar. Desse blir omtala under pkt. 4.2.3.1 og 4.2.3.2 og 4.2.3.3.

Der lova gjev ein avtalelisens for utnytting av eineretten på eit område, krevst det i alle høve ein organisasjon på feltet som kan inngå avtale. Dei organisasjonane som er skipa særskilt med omsyn til dette, er omtala nedanfor under pkt. 4.2.3.4. og 5. Der lova har gjeve ein tvangslisens for utnytting av verk eller prestasjonar, har det også i nokre tilfelle blitt etablert særskilte organisasjonar for innkrevjing og fordeling av vederlag. Dette blir omtala under pkt. 4.2.3.6.

Fordelinga av inntektene er i nokre tilfelle individuelle i høve til bruken, i andre tilfelle gjev inntektene grunnlag for stipend eller anna støtte til kunstnarane.

For visse typar utnytting av verk har ein i Noreg funne det rimeleg at det blir betalt for bruken, men utan at ein har ønskt å etablera ordningar som ein del av opphavsretten. I nokre tilfelle har ein skipa vederlagsordningar betalt av staten for bruk som etter åndsverkslova er fri. Dei lovfesta vederlagsordningane som fell utanom opphavsretten, er omtala i pkt. 4.2.4. Dersom ei ordning er opphavsrettsleg, skal ein som hovudregel gje opphavsmenn frå andre land som er knytte til dei internasjonale konvensjonane, same rettar som dei norske. Dersom ei ordning fell utanom opphavsretten, gjeld ikkje dette, men EØS-forbodet mot å diskriminera på grunnlag av borgarskap må respekterast.

4.2.3.1 BONO

BONO forvalter rettar på biletkunstområdet, t.d. bruk av kunstverk som illustrasjon. Organisasjonen vart etablert i 1992. Til liks med TONO opererer BONO på området der opphavsmannen har einerett, og det er følgjeleg avtaler mellom rettshavarane og organisasjonen som legg grunnlag for BONOs forvaltning av rettar. Innkravd vederlag blir fordelt individuelt til rettshavarane. I 1995 utgjorde totalinntektene til BONO 2,367 mill kroner. Av dette vart om lag 130 000 kroner avrekna til utanlandske søsterorganisasjonar, medan 1,55 mill kroner gjekk til norske rettshavarar.

4.2.3.2 TONO

TONO representerer opphavsrettar i musikkverk. Sidan desse rettane inneber einerett etter åndsverklova, er TONOs verksemd basert på forvaltningsavtaler med opphavsmennene om framføring og lydfesting av musikk og tekstar til musikk. Retten til lydfesting er lagt til NCB (Nordisk Copyright Bureau).

I 1995 var det innkravde avgiftsbeløpet i Noreg 105,4 mill kroner, med radio/TV som den klart største avgiftsbetalaren. Inntekter frå utlandet utgjorde 6,6 mill kroner, medan finansinntektene var på 8,2 mill kroner. Dette gav ei totalinntekt på 117,5 mill kroner.

Hovudavrekninga for Noreg i 1995 var på ca. 70,3 mill kroner. Av dette gjekk 50,4 % til utanlandske rettshavarar. Det betyr at 34,8 mill kroner (49,6 %) vart utbetalte til norske rettshavarar i 1995. Tilsvarande fordeling i 1994 av ein totalsum på ca 61,3 mill kroner var 52,3 % til norske rettshavarar, 47,7 % til utanlandske.

Med heimel i § 3 i lov 9. april 1965 nr. 1 om avgift til Det norske komponistfond og forskrift av 25. juni 1971 nr. 3800, har departementet gjeve TONO løyve til å driva som mellommann for å krevja opp vederlag til opphavsmenn for lydfesting og offentleg framføring av musikkverk. Slikt løyve har dessutan Nordisk Copyright Bureau (NCB) fått. TONO og NCB har difor i samsvar med denne lova plikt til å betala avgift til Komponistfondet, jf. avsnitt 4.2.4.4 nedanfor.

4.2.3.3 LINO

Lino er eit nytt organ for klarering av rettar for skribentar. Lino vart skipa i 1996 av Norsk Faglitterær Forfatter- og Oversetterforening, Norsk Journalistlag, Norsk Oversetterforening, Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere, Norske Dramatikeres Forbund og De norske kritikerlagenes fond. Den norske Forfatterforening er førebels berre observatør i Linos styre. Verksemda starta opp 1. januar 1997.

Lino vart skipa m.a. som følgje av den nye teknologien og utviklinga av nye media, som gjer det naudsynt med enklare metodar for klarering av rettar. Organisasjonen baserer verksemda si på avtaler med skribentane.

Lino skal ta hand om rettar som ikkje allereie er overdregne, t.d. til forleggjar. Innkravd vederlag blir fordelt individuelt til rettshavarane.

4.2.3.4 KOPINOR

Kopinor opererer på området for fotokopiering og liknande eksemplarframstilling som opphavsmannen har einerett til. Forvaltningsorganisasjonen har medlemsorganisasjonar som representerer opphavsmenn og forlag. Verksemda er basert på avtaler med medlemsorganisasjonane og avtalelisensreglar i åndsverkslova. I tillegg til avtala om kopiering til bruk i undervisningsverksemd har Kopinor inngått avtaler med blant anna staten om kopiering i statsadministrasjonen, og med Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) om kopiering i NHOs medlemsorganisasjonar. Fordelinga av vederlaga som Kopinor krev inn, skjer på bakgrunn av statistiske undersøkingar.

Forhandlingane om vederlag for kopiering i undervisningsverksemd og i statsadministrasjonen tok til i slutten av 70-åra. Kunstnarmeldinga var ein viktig del av bakgrunnen for dette, av di ein såg at dette vederlaget ville vera ei viktig inntektskjelde for mange kunstnarar. Etter lova blir vederlaga til norske rettshavarar som hovudregel nytta kollektivt, dvs. til stipend og andre ytingar.

I 1995 utgjorde totalinntektene i Kopinor godt 113 mill kroner. Av dette vart godt 83 mill kroner utdelte til ulike fond, slik det går fram av oversyn i tabell 4.1. Jf. også avsnitt 4.3.

Tabell 4.1 Tilskot frå Kopinor til diverse fond 1995. Kroner

FondKopivederlag
Billedkunstnernes vederlagsfond3 414 271
Grafill4 267 103
Norsk Fotografisk Fond197 167
Norske Fagfotografers Fond616 723
Norske Kunsthåndverkeres Vederlagsfond27 139
Tekstforfatterfondet1 602 330
Komponistenes Vederlagsfond2 481 010
Norsk Musikkfond875 651
Norsk Forfatter- og Oversetterfond4 312 878
Norsk Litteraturkritikerlag221 053
Det faglitterære fond20 342 943
Norsk journalistlag7 104 987
Norsk Redaktørforenings Kollektive Vederlagsfond1 705 462
Norsk musikkforleggerforening3 761 541
Den Norske Fagpresses Forening red og utg4 317 819
Den norske Forleggerforening24 687 730
Norske Avisers Landsforening3 203 534
Norsk Ukepresse573 742
Sum83 713 083

4.2.3.5 NORWACO

Norwaco klarerer rettar i samband med vidaresending av kringkastingssendingar i kabel i samsvar med avtalelisensføresegna i § 34 i åndsverklova. Norwaco har forvaltningsavtaler med organisasjonar for opphavsmenn, utøvande kunstnarar og produsentar, og opptrer på vegner av rettshavarane på dei områda der dei har mynde til det. Vederlaga som gjeld norske rettshavarar, blir fordelte kollektivt til medlemsorganisasjonane som gjev stipend eller liknande støtte til rettshavarar, eller blir fordelte individuelt av dei.

I 1995 vart godt 12 millionar kroner fordelte til fond som medlemsorganisasjonane forvaltar, jf. tabell 4.2 4.

Tabell 4.2 Fordeling 1995 frå Norwaco til fond i norske medlemsorganisasjonar. Kroner.

FondVederlag
Billedkunstnernes vederlagsfond38.674
Grafill38.674
Norske Fagfotografers Fond1.551
Norsk Filmforbunds Kabelfond246.778
Revyforfatterfondet54.622
Norsk Forfatter- og Oversetterfond789.469
Musikkutøvernes vederlagsfond1.938.747
Norsk Ballettforbunds vederlagsfond91.013
Norsk Skuespillerforbunds vederlagsfond516.781
Norske Scenografers vederlagsfond18.289
Norsk Regifond97.009
Det faglitterære fond439.915
FONO92.741
IFPI Norges vederlagskonto1.410.796
Norsk journalistlag840.535
Norsk Redaktørforenings Kollektive Vederlagsfond71.500
Norske Film- og Videoprodusenters Forening85.403
TONO5.675.000
Sum12.447.497

4.2.3.6 GRAMO

GRAMO krev inn vederlag med heimel i åndsverklova § 45b for sekundærbruk av lydopptak i kringkastingssendingar. På dette området gjeld som nemnt ovanfor, tvangslisens. GRAMO representerer organisasjonar for utøvande kunstnarar og fonogramprodusentar. Det er nærare bestemt i lova og i forskrifter kva fonogram som er vederlagspliktige.

I 1995 var innkravt vederlag i underkant av 43 millionar kroner, i all hovudsak i Noreg. Tabell 4.3 viser fordelinga av vederlaget mellom utøvarar og produsentar i 1995. I Noreg er det produsentane som får den største tildelinga, medan utøvarane får det meste av det som blir fordelt til utlandet.

Tabell 4.3 Fordeling av vederlag for bruk av lydopptak i kringkasting 1995. Kroner

Vederlag for bruk av lydopptak fordelt i NoregVederlag for bruk av lydopptak fordelt til utlandet
UtøvarProdusentUtøvarProdusent
6.176.00016.965.00013.318.0002.340.000

4.2.3.7 Utstillingsvederlag

I samsvar med ei avtale frå 1982 5 mellom staten og kunstnarorganisasjonane skal det betalast utstillingsvederlag til opphavsperson når eit kunstverk i opphavspersonens eige er med på utstilling som staten har gjeve tilskot til, eller når staten yter generelt driftstilskot til den som arrangerer utstillinga. Ordninga kan best sjåast som ei form for tariffavtale som forpliktar staten til å sikra visse honorar når desse vilkåra ligg føre.

Utstillingsvederlaget er basert på avtale mellom staten og Forbundet Frie Fotografer, Landsforeningen Norske Malere, Norges Fotografforbund, Norsk Billedhuggerforening, Norske Billedkunstnere, Norske Kunsthåndverkere og Tegnerforbundet.

Det blir ikkje gjeve eigne, øyremerkte løyvingar til utstillingsvederlag. Det er føresetnaden at utstillar dekkjer utstillingsvederlag innanfor ramma av det statstilskotet den aktuelle utstillingsarrangøren får. Kvart år er det ca. 150 arrangørar som får tilskot frå Kulturdepartementet til utstillingar, og som dermed er pliktige til å betala utstillingsvederlag til dei aktuelle kunstnarane. I tillegg er det arrangørar som får tilskot frå Utanriksdepartementet og Norsk kulturråd til utstillingar og som dermed også har plikt til å betala utstillingsvederlag til rettshavarar.

Etter gjeldande regelverk er godtgjersla samansett av fleire delar: a) det skal betalast ein fast sum pr. verk pr. månad (p.t. kr 127); b) det skal betalast ein kompensasjon for at kunstnaren sjølv ikkje kan disponera verket med ein fast sum pr. verk pr. månad (p.t. kr 134); c) det skal betalast 1,5 % pr. verk pr. månad av den verdien som overstig kr 2 000 av marknadsverdien = påført salsverdi.

Det er dei einskilde utstillingsstadene som betalar dei aktuelle rettshavarane etter kvar utstilling. Som døme på kva det kan innebera for ei av dei største utstillingane, den årlege Haustutstillinga, kan nemnast at for åra 1994, 1995 og 1996 var ustillingsvederlaget på høvesvis 196 700, 296 100 og 278 200 kroner.

Den totale verdien på vederlaget som går til kunstnarar i form av utstillingsvederlag, er det umogeleg å gje heilt sikre tal for. Men det er tale om ca. 3,5 mill kroner pr. år.

I lys av det faktum at langt dei fleste som «bruker» biletkunst, ikkje kjøper kunstverka, men opplever kunsten som tilskodarar på utstillingar, er det rimeleg at kunstnarar får eit vederlag for denne forma for allmenn «bruk». Departementet vil gjennomgå avtala med dei aktuelle organisasjonane for å sjå korleis ordninga med utstillingsvederlag kan utviklast.

4.2.4 Lovfesta kulturpolitiske ordningar

Ordningane for kunstnarvederlag i det føregåande punktet er tufta på den eineretten til utnytting som opphavsmannen har etter åndsverklova. Det betyr at identifisert bruk skaper vederlag for den konkrete skaparen/utøvaren, i nokre tilfelle for grupper av rettshavarar.

I tillegg har ein lovfesta vederlagsordningar som er baserte på kulturpolitiske målsetjingar. Sett frå eit opphavsrettsleg synspunkt er det tale om fri bruk av åndsverk. Når ein likevel har innført dei aktuelle vederlagsordningane, er det fordi ein har funne det rimeleg å gje eit vederlag for utnytting av verka, og gjennom det kunna styrkja dei konkrete kunstfelta. Slik sett representerer ordningane samfunnets ønskje om å oppnå effektar som ein meiner er viktige. For å sikra ordningane ei fast forankring har ein brukt lovreguleringar som reiskap. Kjenneteiknande for desse ordningane er at dei er tufta på aktuell, identifisert bruk av individuelle verk eller prestasjonar, men midlane som blir skapte av ordningane, blir i hovudsak kollektivt fordelte, og gjev grunnlag for inntekter for kunstnarar og for nye prosjekt.

4.2.4.1 Bibliotekvederlag

Etter åndsverklova kan ein fritt låna ut åndsverk i form av bøker, tidsskrift, plater og videogram som er selde. I dei nordiske landa har det lenge vore tradisjon at det likevel skal ytast eit vederlag til beste for skapande kunstnarar for bruken av verka i biblioteka.

Vederlag til rettshavarar for lån og bruk av bøker og andre medium i bibliotek vart etablert i 1947 som del av biblioteklova. Den gongen var vederlaget knytt til ein 5 % sats av storleiken på bibliotekløyvingane til innkjøp, og midlane gjekk til skjønnlitterære forfattarar og omsetjarar. I 1977 vart vederlaget fastsett til minst 5 % av løyvingane til bøker og andre medium i folke- og skulebibliotek. Seinare vart storleiken på vederlaget fastsett etter tingingar i samsvar med Regelverksavtala, jf. avsnitt 4.5.

I samband med tilpassing til nytt inntektssystem for fylkeskommunar og kommunar vart biblioteklova endra i 1986, m.a. vart det slutt på øyremerking av midlar. Dermed fall grunnlaget for utrekning av bibliotekvederlag bort.

I 1987 kom det ei eiga lov om bibliotekvederlag, (lov om bibliotekvederlag av 29. mai nr. 23. 1987). Lova fastset både at det skal betalast vederlag og kva det skal betalast vederlag for: «Opphavsmenn til verk som disponeres til utlån i offentlige bibliotek, skal ytes vederlag gjennom årlige bevilgninger over statsbudsjettet.» I prinsippet utgjer heile bokstamma og alle typar medium grunnlaget for utrekning av vederlag. Det betyr at i tillegg til «vanlege» bøker blir det teke med notar, fonogram, mikroformer, artotek m.m. Vederlaget gjeld også materiale i alle typar bibliotek. Alle bøker utan omsyn til alder gjev grunnlag for vederlag, så framt det er utgjeve i Noreg. Det er same sats pr. eining, og det er ikkje skilnad på norsk og omsett litteratur. Vederlagssatsen blir fastsett ved forhandlingar mellom staten og opphavsrettsorganisasjonane.

Meininga er m.a.o. at opplysningar om bestanden etter bibliotekstatistikken skal danna grunnlag for utrekninga av vederlaget, men førebels har ikkje partane oppnådd semje om det statistiske grunnlaget. Det er i gang eit eige evalueringsprosjekt for å etablera eit statistisk grunnlag som partane kan bruka i forhandlingane om bibliotekvederlaget. Dei seinaste avtalene har vore 3-årige, og dei har fastsett ein samla vederlagssum. Det er i gang eit eige evalueringsprosjekt for å etablera eit statistisk grunnlag som partane kan bruka i forhandlingane om bibliotekvederlaget. I 1997 blir det forhandla om ny avtale, m.a. basert på resultatet av det nemnde statistikkprosjektet.

Bøker utgjer framleis det viktigaste grunnlaget for utrekninga, og ca. 82 % (1995) av det samla vederlaget går til fag- og skjønnlitterære forfattarar og omsetjarar.

Bibliotekvederlaget blir fordelt til ei rekkje fond som ulike organisasjonar fordeler til stipend, prosjektstøtte o.a., jf. oversyn tabell 4.4. Berre dei skjønnlitterære organisasjonane nyttar vederlaga både som kollektive ytingar og som individuelle utbetalingar til einskilde opphavsmenn. Vederlagslova set eit «tak» for utbetalingar til den einskilde opphavsmannen. Det årlege beløpet kan ikkje vera større enn fire gonger grunnbeløpet i Folketrygda.

Departementet godkjenner vedtektene for dei ulike fonda, og i tildeling av midlar kan det ikkje gjerast skilnad på medlemer og ikkje-medlemer av organisasjonane som forvaltar fonda. Dessutan skal det ikkje diskriminerast på grunnlag av statsborgarskap så lenge boka er utgjeven på norsk, eller kunstnaren har verksemda si knytt til Noreg.

Tabell 4.4 Fordeling av bibliotekvederlaget 1995. Kroner

FondBibliotekvederlag
Norske Grafikeres Fond646.400
Norsk Illustrasjonsfond1.407.009
Grafill1.053.613
Norsk Fotografisk Fond461.030
Norske Fagfotografers Fond474.784
Norske Kunsthåndverkeres Vederlagsfond220.051
Tekstforfatterfondet235.331
Komponistenes Vederlagsfond1.716.755
Norsk Forfatter- og Oversetterfond21.652.279
Samiske kunstnere og forfatteres v. fond410.000
De norske kritikerlagenes fond311.676
Det faglitterære fond12.232.352
Den Norske Fagpresses Forening red. og utg.178.721
Sum41.000.000

Eit EØS-direktiv (92/100) gjev som utgangspunkt rettshavarar einerett til å tillata utlån av verka deira. Denne retten kan det gjerast unntak frå dersom det blir ytt bibliotekvederlag i alle fall til dei skapande opphavsmennene. Dette er gjort i Noreg og dei andre nordiske landa. Det er opp til det einskilde EØS-landet å avgjera korleis ein ut frå kulturpolitiske omsyn vil skipa bibliotekvederlagsordninga, kva kriterium ein legg til grunn og kor vidt ho skal femna. I 1997 skal det utarbeidast ein rapport om ordningane i EØS-landa.

Spørsmålet har vore reist om bibliotekvederlaget skulle gjerast opphavsrettsleg, dvs. byggja på einerett til utlån, og med individuelle vederlag. Dette ville m.a. innebera at også utanlandske rettshavarar, og dei med overførde eller ervde rettar, ville ha krav på vederlag.

Departementet legg stor vekt på framleis å tufta ordninga på kulturpolitisk grunn.

Sjølv om ordninga er basert på opphavspersonars rett til vederlag for bruk av verk i offentlege bibliotek, botnar den kulturpolitiske argumentasjonen i like stor grad i eit ønskje om å leggja grunnlag for vidare skaping, og særleg stimulera til bruk av norsk språk i ein litterær samanheng. Dette kjem klart til uttrykk ved at midlane i hovudsak blir kollektivt fordelte. Saman med innkjøpsordningane for norsk litteratur (jf. avsnitt 4.7.1) utgjer bibliotekvederlaget det viktigaste offentlege stimuleringsverkemiddelet i så måte. I ei tid då presset på norsk språk er stort og vil bli endå større, vil departementet slå vakt om ordningar som kan stimulera til bruk av norsk språk innanfor litterære rammer.

4.2.4.2 Bildende Kunstneres Hjelpefond

I medhald av lov 4. november 1948 blir det kravd inn 3 % avgift på all offentleg omsetnad av biletkunst. Lova har bakgrunn i prinsippet om «droit de suite» (følgjerett), som inneber at opphavsmannen til eit kunstverk har rett til ein viss del av salssummen også etter at kunstverket har kome i framand eige og blir selt vidare. I utgangspunktet er dette ein subjektiv rett der den einskilde kunstnaren skal ha rett til individuelt vederlag på grunnlag av verdistiging på eigne verk når dei blir selde vidare. Slike individuelle ordningar som gjev kunstnaren og rettsetterfølgjaren ein subjektiv rett, er tekne inn i åndsverklovene i fleire land.

Sjølv om den norske 3 %-avgifta er basert på den same rettspolitiske grunngjevinga som for følgjerettsprinsippet, er det ei kollektiv avgiftsordning utanfor åndsverkslova. Dette er for så vidt i samsvar med hovudtendensen i norsk vederlagspolitikk, der dei kollektive ordningane står sterkare enn dei individuelle. Samstundes gjev dette ei sterk administrativ forenkling i høve til opphavsrettslege løysingar.

Midlane i fondet blir forvalta av eit eige styre som er oppnemnt av Kulturdepartementet for fire år om gongen. Departementet fastset også korleis midlane skal nyttast. I gjeldande reglar skal midlane brukast til støtte til biletkunstnarar som er eller har vore verksame i Noreg, og etterlatne etter slike personar. Det blir også gjeve stønad til andre formål som kan fremja norsk biletkunst. Fondet kan også gje lån til institusjonar med tilknyting til biletkunstnarar. Pr. 31.12.95 var uteståande krav i underkant av 3 mill kroner.

Utviklinga av avgiftsinngangen går fram av figur 4.1. Med unntak av 1990, som hadde eit uvanleg høgt omsetningsgrunnlag, har det vore ein jamn stigande tendens i avgiftsinngangen.

Figur 4-1 Utvikling av avgiftsinngangen for Bildende Kunstneres Hjelpefond 1986-95

Figur 4-1 Utvikling av avgiftsinngangen for Bildende Kunstneres Hjelpefond 1986-95

Kilde: Kjelde: Årsmelding 1995

Bruken av fondsmidlane går fram av tabell 4.5. Hovuddelen går som varig støtte til eldre kunstnarar og etterlatne etter kunstnarar, og tendensen er at ein aukande del av midlane går til dette formålet. Ordninga fungerer slik sett som ei form for pensjonsordning.

Tabell 4.5 Fordeling av støtte/stipend frå Bildende Kunstneres Hjelpefond. 1000 kroner

1991Prosent1992Prosent1993Prosent1994Prosent1995Prosent
Eldre/etterlatne4.480695.234755.552765.766765.89478
Stipend1.710261.476211.481201.406191.40619
Anna28642323232337052173
Sum støtte/stip.6.476996.9421007.2651007.5421007.517100

Kilde: Kjelde: Årsmelding 1995

I NOU 1993: 14 blir det peikt på at med andre pensjonsordningar for biletkunstnarar ville større del av midlane kunna gå til å dekkja eit aukande behov for stipendmidlar til denne kunstnargruppa. Regjeringa meiner også at det vil vera rett å bruka større del av midlane til stipend for aktive kunstnarar. Ein tek difor sikte på å endra lova slik at støtte til kunstnarar som har nådd pensjonistalder, og til etterlatne, blir teke ut. Det vil likevel bli gjort slik at dei som no får midlar i samsvar med dette punktet, ikkje misser dei, men ein vil ikkje ta inn nye f.o.m. det tidspunktet lova blir endra. I den samanhengen skal det understrekast at f.o.m. år 2007 vil alle ha 40 års oppteningstid i forhold til tilleggspensjon i folketrygda. Det gjer at grunnlaget for slike statlege særordningar som er retta mot eldre, pensjonerte yrkesutøvarar, etter kvart fell bort.

EU-kommisjonen har kome med framlegg om eit nytt direktiv om økonomiske rettar for biletkunstnarar ved vidaresal av arbeid (droit de suite). Dersom direktivforslaget blir vedteke, vil det bli naudsynleg med ei vurdering av forholdet mellom den individuelle vederlagsretten direktivframlegget omhandlar, og den kollektive løysinga som lov om avgift på omsetning av biletkunst (3 %-lova) representerer. Regjeringa tek i alle høve sikte på å behalda den kollektive delen av 3 %-ordninga, dvs. den delen som er knytt til førstegongssal av kunstverk og til omsetjing som fell utanfor verkefeltet til direktivet.

Regjeringa vil også vurdera å la administrasjonen av dette fondet gå inn i eit ev. nytt organ, Statens kunstfond (jf. avsnitt 8.10).

4.2.4.3 Fond for utøvande kunstnarar

Fond for utøvande kunstnarar vart skipa i medhald av lov 14. desember 1956 om avgift på offentlig framføring av utøvende kunstneres prestasjoner m.v. Dermed fekk utøvande kunstnarar vederlagsrett også til såkalla sekundærbruk av prestasjonane og ikkje berre til dei levande framføringane som er sikra i lov om opphavsrett. Den nye lova fastsette plikt til å betala avgift for «erhvervsmessig» bruk av grammofonplater, lydband, lydkassettar og andre tekniske opptak, og for overføring av kringkastingssendingar, der det medverkar utøvande kunstnarar og når slik overføring er del av «erhvervsvirksomhet». Lova var mellombels fram til 1965, men vart då permanent.

Det skal svarast avgift for offentleg framføring av lydopptak av prestasjonar til utøvande kunstnarar. I tillegg skal det betalast avgift for offentleg framføring av utøvande kunstnarars prestasjonar ved hjelp av radio- eller fjernsynsmottakar. Avgift skal vidare betalast når det skjer ny lydfesting av eit opptak av utøvande kunstnarars prestasjonar. Unntaket er når utøvande kunstnarar har fått vederlag for nødvendig samtykke til overføringa. Kulturdepartementet fastset storleiken på avgifta, som varierer for ulike bruksområde.

Fram til 1990 vart avgiftsinntektene henta inn frå diskotek (40 % i 1989), NRK (27 % i 1989) og hotell, restaurantar, kafear m.m. (18 % i 1989). I samband med revisjon av lova vart avgiftsplikta for sekundærbruk i kringkasting ført over til åndsverkslova som ein særskild vederlagsrett. Organisasjonen GRAMO vart etablert av rettshavarar for fonogramprodusentar og utøvande kunstnarar, og departementet godkjende GRAMO som innkrevjings- og fordelingsorganisasjon for desse midlane (jf. avsnitt 4.2.3.6).

Etter lovendringa i 1990 vart Fond for utøvande kunstnarar ei reindyrka kollektiv fondsordning.

Fondet blir forvalta av eit styre som blir oppnemnt av Kongen, og fondet har eigen administrasjon. Fondsmidlane skal brukast som stønad til utøvande kunstnarar som bur og i hovudsak er verksame i Noreg, og til tilskot til innspelingar som blir gjorde i Noreg, hovudsakleg med norske utøvande kunstnarar. Fonogramprodusentane får indirekte nyta godt av fondsmidlane gjennom innspelingstilskota. Delar av fondsmidlane kan også brukast som stønad til etterlatne etter norske, utøvande kunstnarar.

Avgiftsinngangen har i perioden 1990-1996 stige frå 10,2 mill kroner til 17,4 mill kroner, dvs. ein auke på 71 %. Bruken av utdelte midlar i 1995 går fram av tabell 4.6. Også dette fondet fungerer i viss monn som ei ordning med pensjonstilskot og tilskot til etterlatne (12 % av utdelingane i 1995), sjølv om den sosiale profilen vart litt redusert ved lovendringa i 1990.

Tabell 4.6 Utdeling frå Fond for utøvande kunstnarar 1995. Kroner

FormålSum
Stønad1.466.250
Stipend2.167.000
Reisestøtte631.856
Debutstøtte37.174
Støttetiltak9.550
Yrkesutøving for kunstnarar3.492.477
Personleg konsertverksemd47.572
Kurs, seminar256.314
Innspeling4.102.233
Rolf Gammleng-prisen235.000
Sum12.445.426

Kilde: Kjelde: Årsmelding 1995

Fondsordninga er for tida til revisjon i departementet som følgje av EUs utleigedirektiv, artikkel 8.2, som har føresegner om den retten utøvande kunstnarar og produsentar har til individuelt vederlag for offentleg bruk. Departementet tek sikte på å halda på ei kollektiv ordning for den musikkbruken som fell utanom direktivet sitt verkefelt, samstundes som ein legg til rette for enklast mogelege administrative løysingar.

I samband med at Regjeringa vil vurdera å etablera eit Statens kunstfond, kan det bli aktuelt å overføra administrasjonen for Fondet for utøvande kunstnarar til dette nye fondsorganet (jf. avsnitt 8.10).

4.2.4.4 Det norske komponistfond

Med heimel i lov 9. april 1965 vart det skipa eit fond som skal brukast som stønad til komponistar som bur og som i hovudsak er verksame i Noreg. Inntektene til fondet kjem frå avgift som skal betalast av «selskap eller annen sammenslutning ... som utøver virksomhet i Norge som mellommann for opphavsmenn ved oppkreving av vederlag til opphavsmenn for lydfesting eller offentlig fremføring av musikkverk» (§ 3). Slike selskap må ha løyve frå Kongen, og i dag har to selskap fått slikt løyve: Norsk Komponistforenings Internasjonale Musikkbyrå (TONO, jf. avsnitt 4.2.3.2) og Nordisk Copyright Bureau (NCB), eit selskap som er eigd av dei norske, svenske og danske TONO-selskapa. TONO forvaltar og vernar framføringsrettane til musikkverk i Noreg for norske og utanlandske opphavsmenn, medan NBC forvaltar lydfestingsrettane. Avgifta til komponistfondet er ein særskatt som dei skal betala for løyvet om å kunna driva verksemda si i Noreg. I 1994 og 1995 var samla avgifter frå desse organisasjonane høvesvis 3,577 mill og 3,926 mill kroner.

Kongen oppnemner eit styre for fondet på fem personar. Fondet har eigen administrasjon i deltidsstilling.

Bruken av midlane går fram av tabell 4.7. Dei seinaste åra har fondet ikkje ytt tilskot til etterlatne etter komponistar sjølv om vedtektene opnar for det.

Tabell 4.7 Utdeling frå Det norske komponistfond 1994 og 1995. Kroner

1994Prosent1995Prosent
Tingingsverk2.303.250693.589.57572
Organis./ foreiningar1.055.500311.000.00028
3.358.7501003.589.575100

Kilde: Kjelde: Årsmelding 1995

I samband med at Regjeringa vil vurdera å etablera eit Statens kunstfond, kan det bli aktuelt å inkorporera administrasjonen for komponistfondet i dette nye fondsorganet (jf. avsnitt 8.10).

4.2.4.5 Norsk kassettavgiftsfond

Dei seinaste tiåra har opplevd ei teknologisk utvikling på medieområdet som har opna for privat kopiering av verk og framføringar, særleg av fonogram og audiovisuelle verk. Dette er i og for seg lovleg, og gjev difor ikkje vederlag for den aktuelle bruken. For å kompensera for tap som rettshavarar har p.g.a. privat kopiering, vedtok Stortinget i lov nr. 69 av 12. juni 1981 ei særavgift på utstyr for opptak eller attgjeving av lyd og bilete. Avgifta gjeld uinnspelte (blanke) lyd- og videokassettar. I perioden 1987 t.o.m. 1992 galdt avgifta også innspelte videoband.

På grunnlag av avgiftsinntektene vart Norsk kassettavgiftsfond etablert i 1983 med eige styre oppnemnt av Kulturdepartementet. Ulikt dei andre kunstrelaterte fonda går ikkje avgiftsinntektene frå kassettsal direkte til fordeling. Avgiftene går inn i statskassen, medan storleiken på Kassettavgiftsfondet blir fastsett av Stortinget i den årlege budsjettbehandlinga.

Vedtekter blir fastsette av Kulturdepartementet som også oppnemner styret på sju medlemer. Seks av styremedlemene blir oppnemnde etter innstilling frå rettshavarorganisasjonane; av desse blir fire innstilte av Norges Kunstnerråd og to av produsentorganisasjonane.

Midlane skal brukast til beste for norske rettshavarar og utøvande kunstnarar som "bor og hovedsakelig har sitt virke i Norge, og til støtte til produksjon og formidling av fonogrammer (grammofonplater og lydkassetter) og videogrammer ( videokassetter og videoplater) innspilt i Norge fortrinnsvis med utøvende kunstner som er nevnt ovenfor og/eller produsent som hovedsakelig har sitt virke i Norge."

Den statlege løyvinga har lege på ca. 30 mill kroner pr. år sidan 1992. Styret skal kvart år fastsetja fordelinga mellom dei ulike interessegruppene som fondet skal tena. Den aktuelle bruken av midlane går fram av tabell 4.8. Med unntak av midlane til disposisjon for styret har den innbyrdes fordelinga av midlane vore relativt konstant.

Tabell 4.8 Tildeling frå Norsk kassettavgiftsfond 1993-95. 1000 kr.

1993Prosent1994Prosent1995Prosent
Fonogr./produsentar4.500174.843174.89917
Fonogr./kunstnarar2.842113.199123.18411
Video/film7.105278.240308.22529
Musikk4.617175.142195.03918
Tekst1.64961.85371.8556
Scene2.956113.330123.31612
Til disp. for styret2.725101.13742.1107
26.39410027.74410028.628100

Kilde: Kjelde: Årsmelding 1995

Når det gjeld forholdet mellom opphavsrettshavarar, utøvande kunstnarar og produsentar, har fordelinga vore 30,67 % av tildelte midlar til kvar av dei tre partane.

Inntektene frå kassettavgifta har sidan ho vart innført, vore monaleg større enn løyvingane til fondet. Frå fleire hald, m.a. i NOU 1993: 14, blir det ytra ønskje om at alle midlane frå avgifta blir brukt til kulturformål slik dei andre kunstrelaterte avgiftene blir. Departementet kan konstatera at inntektene frå kassettavgifta har vist ein sterkt fallande tendens sidan 1991. I åra 1991-95 har inntektene frå avgifta gått ned med 45 %, frå ca. 70 mill kroner i 1991 til ca. 38 mill kroner i 1995. Dette kjem av at tomkassettar taper marknad som resultat av innføring av CD/digitale media. Det er grunn til å tru at nedgangen for kassettavgifta vil halda fram. Regjeringa vil likevel halda oppe løyvinga til kassettavgiftsfondet utifrå ei vurdering av at fondet spelar ei viktig rolle på sine felt, og at det har ein vital funksjon i den totale statlege innsatsen på kunstfeltet.

I samband med at Regjeringa vil vurdera å etablera eit Statens kunstfond, kan det bli aktuelt å inkorporera administrasjonen for Kassettavgiftsfondet i dette fondsorganet (jf. avsnitt 8.10).

4.2.4.6 Visingsvederlag

I medhald av lov 28. mai 1993 om vederlag for visning av billedkunst og kunsthåndverk m.v. blir det kvart år over statsbudsjettet løyvt midlar til vederlag for offentleg vising av biletkunst, kunsthandverk og fotografiske verk i offentleg eige eller i institusjonar som får stønad frå det offentlege. I tida mellom 1986 og til lova vart vedteken, var visingsvederlaget basert på avtale mellom staten og dei aktuelle kunstnarorganisasjonane, Norske Billedkunstnere, Norske Kunsthåndverkere, Forbundet Frie Fotografer og Samiske Kunstneres Forbund. Også etter at lova vart vedteken, fastset ein storleiken på vederlaget i forhandlingar mellom staten og organisasjonane. Fordelinga mellom organisasjonane er ei sak mellom dei aktuelle organisasjonane, og dei fordeler midlane vidare til ulike stipend, prosjekt o.l.

Bakgrunnen for denne lova ligg i det forholdet at når biletkunstnarar og nærskylde kunstnargrupper sel eit kunstverk, har dei ikkje etter lov om åndsverk krav på vederlag ved vidaresal av verket, om verket blir vist fram offentleg e.l. Visingsvederlaget er såleis ei reint kulturpolitisk støtteordning som tek sikte på å gje kompensasjon til kunstnargrupper som produserer unika eller få eksemplar, og som dermed ikkje har tilgang til royaltyinntekter o.l. på same måten som somme andre kunstnargrupper har.

Bruken av midlane frå visingsvederlaget i 1995 går fram av tabell 4.9, med 84 % av tildelinga til biletkunstnarane.

Tabell 4.9 Fordeling av visingsvederlaget 1995. Kroner.

FondVisingsvederlag
Billedkunstnernes vederlagsfond12.132.371
Norsk Fotografisk Fond320.939
Kunsthåndverkernes Fond1.794.670
Samiske kunstnere og forfatteres vederlagsfond143.920
Sum14.391.900

Visingsvederlaget representerer ei ordning som tek vare på prinsippet om at bruk av kunstverk skal honorerast og er slik sett i samsvar med intensjonane i den førre kunstnarmeldinga.

4.2.4.7 Vederlag for statens bruk av kortfilm

Med grunnlag i vederlagsavtala vart det i 1978 gjort avtale mellom staten og Norsk filmforbund om kompensasjon for statens bruk av norsk kortfilm. Norsk filmforbund skipa eit eige fond, Norsk kortfilmfond, for å forvalta desse kollektive vederlagsmidlane. Styret i filmforbundet behandlar søknadene. Storleiken på vederlaget blir fastsett i dei årlege statsbudsjetta med utgangspunkt i forhandlingar mellom staten og filmforbundet.

Storleiken på løyvinga var i underkant av 1, 2 mill kroner i 1995, jf. også avsnitt 6.18.

4.2.4.8 Andre ordningar

Også på nokre andre felt gjeld det ordningar som sikrar kunstnarar vederlag for bruk. Det gjeld m.a. når litterære verk blir lesne inn på band til utlån for synshemma. Åndsverkslova gjev her ein tvangslisens. Opphavsmannen får individuelt vederlag etter satsar som blir avtalte med dei relevante organisasjonane.

Åndsverkslova opnar også for at avtaler om bruk av kringkastingsprogram i undervisning kan utløysa avtalelisens.

4.3 Økonomisk verdi av vederlags- og fondsordningar

Ovanfor er dei ulike vederlags- og fondsordningane presenterte kvar for seg. For å konkretisera meir oversiktleg kva ordningane samla sett inneber for kunstnarsamfunnet, er det i tabell 4.10 sett opp inntektene av dei ulike ordningane i 1995. Felles for dei individuelle vederlaga (pkt. C) er at dei går til identifiserte opphavsrettshavarar, medan dei andre går til kollektiv fordeling.

Den delen av vederlaga, avgiftene og fonda som går til kollektiv fordeling, er det gjort greie for i tabell 4.11. Tabellen illustrerer kva økonomiske storleikar ein snakkar om når det gjeld dei kollektive vederlags- og fondsordningane. Alt går ikkje til kunstnarar, men storparten kjem ulike kunstnargrupper til gode.

I tillegg til dei nemnde vederlags- og fondsordningane skal også nemnast to andre som på ein indirekte måte har tilknytingspunkt til kunstnarverda, nærare bestemt film og video. Det gjeld Audiovisuelt produksjonsfond som har som oppgåve å styrkja film- og videoproduksjon og Norsk kino- og filmfond (NKFF) som er finansiert av ei lovfesta avgift på 2,5 % av bruttoomsetninga «ved framsyning og sal og utleige av film og videogram i næring.» NKFF blir forvalta og administrert av Kommunale Kinematografers Landsforbund (KKL).

Oversynet viser elles at det er bygt ut eit velfungerande sett av vederlagsordningar, der bruk av kunstverk- og kunstframføringar i aukande grad blir honorert. Dette er heilt i samsvar med intensjonane i den første kunstnarmeldinga. Samanlagt utgjer ordningane eit vesentleg inntektsgrunnlag for kunstnarsamfunnet. Departementet vil i framtidig vurdering av statlege verkemiddel for kunstnarar ta omsyn til korleis desse vederlagsordningane har utvikla seg for dei ulike kunstnargruppene.

Tabell 4.10 Fonds- og vederlagsordningar 1995. Kroner

Inntekt 1995Merknader
A. Kollektive vederlagsordningar
Bibliotekvederlag41 000 000Statsbudsjettet kap 326, avtalesum
Visingsvederlag14 391 900Statsbudsjettet kap 322, rekneskap
Vederlag for statens bruk av kortfilm1 183 000Statsbudsjettet kap 334, rekneskap
Kopieringsvederlag - KOPINOR95 243 000Summen er justert med det som gjekk til utanlandske rettshavarar. Innkravd vederlag + andre inntekter gav bruttoinntekt på 113 mill kroner
NORWACO-vederlag10.800.000Summen er eit estimat relatert til norske rettshavarar. Brutto innkravd vederlag var 45,4 mill kroner, ekskl. vederlag til kringkastingsselskapa
Sum kollektive vederlagsordningar (A)162.617.901
B. Kollektive fondsordningar
Bildende kunstneres hjelpefond8 990 8333 % avgift + andre inntekter inkl. netto renteinntekt
Fond for utøvende kunstnere18 107 000Driftsinntekt og renteinntekt (kr 648 000)
Norsk Kassettavgiftsfond30 700 000Statsbudsjettet kap 320, løyving
Det Norske komponistfond4 159 000Inntekter frå TONO er skilde ut i TONO-oversynet nedanfor
Sum kollektive fondsordningar (B)61 956 833
C. Individuelle vederlag
Vederlag for bruk av lydopptak i kringkasting - GRAMO33 739 000Vederlagsinntekter
Vederlag for framføring/lydfesting - TONO67 672 000Summen er justert med det som gjekk til utanlandske rettshavarar. Brutto inntekter var ca. 112 mill kroner, inkl. finansinntekter, men ekskl. tilskot frå NORWACO
Lydfestingsrettar - NCB18 800 000Til norske rettshavarar (tot. 96,3 mill kroner innkravd i Noreg)
Vederlag for framføring ved gudstenesterInkludert i TONO-beløpet (kr 1 013 000 )
Vederlag for lydbøker for funksjonshemma480 000Frå staten, blir utbetalt individuelt via NFOF
Utstillingsvederlag3 500 000Ca. sum
Vederlag for bruk av biletverk - BONO2 238 000Fakturert på vegner av rettshavarar, fråtrekt utbetaling til utanlandske søsterorganisasjonar.
Sum individuelle vederlagsordningar (C)126 429 000
Totalsum (A+B+C)351 003 733

Kilde: Kjelder: årsmeldingar og opplysningar direkte frå fonda/organisasjonane.

Tabell 4.11 Utdeling av vederlagsmidlar til ulike kunstnarfond og andre fond i 1995. Kroner.

FondBibliotekvederlagVisingsvederlagKopivederlagKabelvederlag*AvgiftLøyvingSum
Bildende kunstn. hjelpefond8.398.1868.398.186
Billedkunstn. vederlagsfond12.132.3713.414.27138.67415.585.316
Norske Grafikeres Fond646.400646.400
Norsk Illustrasjonsfond1.407.0091.407.009
Grafill1.053.6134.267.10338.6745.359.390
Norsk Fotografisk Fond461.030320.939197.167979.136
Norske Fagfotografers Fond474.784616.7231.5511.093.058
Norsk Kortfilmfond1.183.0001.183.000
Norsk Filmforb. Kabelfond246.778246.778
Kunsthåndverkernes Fond1.794.6701.794.670
Norske Kunsth.v. Vederl.fond220.05127.139247.190
Tekstforfatterfondet235.3311.602.3301.837.661
Det Norske Komponistfond3.927.2003.927.200
Komponistenes Vederlagsfond1.716.7552.481.0104.197.765
Norsk Musikkfond875.651875.651
Revyforfatterfondet54.62254.622
Norsk Forf.- o Oversetterfond21.652.2794.312.878789.46926.754.626
Fond for utøvende kunstnere17.459.88117.459.881
Norsk Kassettavgiftsfond30.000.00030.000.000
Samiske kunstn. o forf. v.fond410.000143.920553.920
Musikkutøvernes v.lagsfond1.938.7471.938.747
Norsk Ballettforb. v.lagsfond91.01391.013
Norsk Skuesp.forb. v.lagsfond516.781516.781
Norske Scenogr. v.lagsfond18.28918.289
Norsk Regifond97.00997.009
De Norske Kritikerlagene311.676311.676
Norsk Litteraturkritikerlag221.053221.053
Det faglitterære fond12.232.35220.342.943439.91533.015.210
FONO92.74192.741
IFPI Norges vederlagskonto1.410.7961.410.796
Norsk journalistlag7.104.987840.5357.945.522
Norsk Redaktørforenings Kollekt. V. fond1.705.46271.5001.776.962
Norske Film -og Videoprod. Forening85.40385.403
TONO5.675.0005.675.000
Norsk musikkforl.forening3.761.5413.761.541
Den Norske Fagpresses Forening red og utg178.7214.317.8194.496.540
Den norske Forleggerforening24.687.73024.687.730
Norske Avisers Landsforening3.203.5343.203.534
Norsk Ukepresse573.742573.742
Sum41.000.00114.391.90083.713.08312.447.49729.785.26731.183.000212.520.748

* Utbetalt i 1995 for 1993. På bakgrunn av tvist om fordeling for 1993 var utbetalinga for 1995 berre a konto utbetalingar (ca. 90 %) av forventa vederlagsandelar.

4.4 Kulturpolitiske, økonomiske ordningar utan lovfesting

4.4.1 Individuelle, direkte ordningar

Eit av dei markante kjenneteikna med den nye kunstnarpolitikken i 1976 var styrking av ordningar som støttar einskildkunstnarar med stipend og garantiinntekter. Hovudsiktemåla med ordningane kan uttrykkjast på følgjande måte:

  • Ordningane skulle stimulera til fordjuping, fornying og kvalitetsutvikling hjå kunstnarane. Dei skulle kunna bli betre kunstnarar gjennom dei statlege tiltaka.

  • Ordningane hadde ein viss sosial rettferdsprofil ved at dei skulle vera «hjelp til selvhjelp» og «...skape trygghet for flest mulig kunstnere, samtidig som man sørger for at støtten først og fremst går til kunstnere som trenger den mest, og at støtten likevel ikke myntes ut i så små beløp at den forfeiler sin hensikt», som det står i Kunstnarmeldinga.

  • Kunstnarsamfunnet sjølv kom sterkt med i forvaltninga av ordningane i samsvar med det som somme forskarar kallar den «korporative samhandlingsmodellen» mellom stat og kunstnarorganisasjonane. For mange av støtteordningane set Kulturdepartementet opp retningsliner, medan kunstnarorganisasjonane har innverknad på den konkrete tildelinga gjennom innstillingskomitear.

På mange måtar har desse ordningane blitt rekna som ryggrada i den norske kunstnarpolitikken, både gjennom måten dei fungerer på overfor kunstnarane og gjennom måten dei blir administrerte på. Dette heng også saman med at ordningane er kulturpolitisk grunngjevne og slik sett representerer statens syn på kva som er rimelege støtteordningar for kunstnarar.

Historisk sett er arbeidsstipenda ei ordning som fanst lenge før den nye kunstnarpolitikken i 1970-åra, medan garantiinntektene var ei nyskaping. Samstundes supplerer ordningane kvarandre og blir difor ofte vurderte i samanheng.

4.4.1.1 Stipend

Statlege stipendordningar har lange tradisjonar som kunstnarpolitiske verkemiddel i Noreg. Det er 160 år sidan Stortinget løyvde dei første stipenda til kunstnarar i 1836, då målarar og bilethoggarar kunne få reisestipend. Seinare vart det også gjeve stipend til forfattarar og komponistar. I tillegg til reisestipenda fekk ein også eit system med kunstnarløner. Den første varige kunstnarløna fekk Andreas Munch i 1858 då han fekk statsløn som lektor ved Universitetet i Oslo. I 1863 innførte Stortinget årleg diktarløn til Bjørnstjerne Bjørnson. Seinare fekk også andre enn diktarar kunstnarløn. I budsjettåret 1900-01 vart det utdelt kunstnarløner til fire forfattarar, ein pianist og ein songar/komponist. Fram til 1962 hadde talet på mottakarar auka til 56.

I 1962 presenterte Kyrkje- og undervisningsdepartementet ei ny kunstnarstipendordning. Det vart m.a. gjort framlegg om å erstatta ordninga med kunstnarløn med eit system med arbeidsstipend, som ein meinte ville vera ei meir føremålstenleg ordning enn kunstnarlønene. På det prinsipielle planet var det ein overgang frå ei premierande ordning til ei stimulerande. Vona var at stendig fleire kunstnarar skulle kunna leva av yrkesutøvinga si, ved at fleire, både private og offentlege instansar, ville kjøpa t.d. biletkunst fordi folk flest ville få auka sans for verdien av kunstnarlege uttrykk i samfunnet. Det vart vidare rekna med at større kunstnargrupper med tilknyting til orkester og teater etter kvart skulle få fleire stillingar å gå inn i. Sjølv med desse vonene rekna ein i 1962 med at det i lang tid framover måtte vera ein del kunstnarar som ikkje kunne få ei skikkeleg inntekt gjennom sal av verk og prestasjonar til eit publikum. For desse kunstnarane ville det vera aktuelt med arbeidsstipend som skulle gje dei høve til å konsentrera seg om kunstnarleg utfalding.

Det første året vart det løyvt midlar til 60 treårs stipend, 30 såkalla «store» og 30 «mindre» arbeidsstipend. I tillegg vart det halde på faste stipend til eldre, fortente kunstnarar fordi spørsmålet om pensjonsordning for kunstnarar var innfløkt. I 1976 hadde stipendordninga utvikla seg til 110 «store» og 26 «mindre» arbeidsstipend, 60 reise- eller studiestipend og 29 andre stipend, i alt 225 stipend. I tillegg hadde 124 kunstnarar (1975) statens stipend til eldre, fortente kunstnarar.

Ordninga med treårs arbeidsstipend var det viktigaste statlege stipendpolitiske verkemiddelet fram til ordninga med garantiinntekter vart innført i 1977, sjå avsnitt 4.4.1.2. I samband med innføringa av garantiinntekter var det eit siktemål å gradvis redusera talet på arbeidsstipend og å retta dei meir mot yngre kunstnarar og særskilde arbeidsprosjekt. No har det ikkje blitt færre arbeidsstipend, derimot er det fleire kunstnargrupperingar som har eigne kvotar av arbeidsstipenda, jf. avsnitt 4.4.1.3.

I 1997 får 168 kunstnarar arbeidsstipend, jf. tabell 4.12. For 1997 er det 73 ledige stipend, og då er det rekna med ein auke på ti stipend. F.o.m. 1994 vart det høve til å utvida stipendperioden til fem år, men førebels er det få som har søkt og fått slike langtidsstipend.

Tabell 4.12 Oversyn over arbeidsstipend 1997

KunstartTotaltalSøkjarar
Biletkunst411456
Kunsthandverk16279
Skjønnlitt. forf.32226
Barne- og ungd. forf.460
Drama460
Omsetjarar336
Faglitt. forf.327
Musikk/song13330
Komponistar556
Skodespelarar4164
Sceneinstruktørar336
Scenografar035
Teatermedarbeidarar016
Ballett6125
Kritikarlaga045
Journalistar018
Fotografar5165
Filmkunst963
Arkitekt025
Interiørarkitekt024
Diverse717
Samiske kunstnarar434
Folkekunstnarar426
Populærkomponistar544
Sum1683367

Tabell 4.12 viser også at det jamt over er stor søknad til desse arbeidsstipenda. Det er ein klar indikasjon på at denne forma for støtte er svært viktig for mange kunstnargrupper.

I 1997 er kvart arbeidsstipend sett til kr 104.000. I tillegg betaler staten arbeidsgjevaravgift på arbeidsstipenda. Tabell 4.13 viser at medan verdien av einskildstipendet i faste prisar har blitt redusert frå 1977 til 1997, har totalløyvinga, også i faste prisar, auka med 43 % sidan 1977. Dette kjem av at talet på stipend har auka i same tidsrommet, frå 110 i 1977 til 168 i 1997.

Tabell 4.13 Utviklinga av arbeidsstipendet 1977-1997 i løpande og faste prisar. 1979 = 100.

ÅrPrisindeksArbeidsstipendFaste prisarIndeksLøyvingsramme*Faste prisarIndeks
197788,238 50043 6511054 235 0004 801 587105
197895,441 50043 5011054 565 0004 785 115105
197910041 50041 5001004 565 0004 565 000100
1980110,945 50041 028995 005 0004 513 07599
198112648 00038 095925 280 0004 190 47692
1982140,356 00039 914967 000 0004 989 309109
1983152,161 00040 105978 052 0005 293 886116
1984161,664 00039 604958 448 0005 227 723115
1985170,867 00039 227958 844 0005 177 986113
1986183,167 00036 592888 844 0004 830 147106
1987199,177 50038 9259411 082 5005 566 298122
1988212,480 00037 6659111 440 0005 386 064118
1989222,183 00037 3719012 284 0005 530 842121
1990231,286 00037 1979013 158 0005 691 176125
1991239,189 50037 4329013 693 0005 726 893125
1992244,794 00038 4149314 852 0006 069 473133
1993250,394 00037 5559014 852 0005 933 680130
1994253,894 00037 0378914 852 0005 851 852128
199526094 00036 1548714 852 0005 712 308125
1996263,397 50037 0308915 405 0005 850 741128
1997267,8104 00038 8359417 472 0006 524 272143

* Arbeidsgjevaravgift er ikkje medrekna.

Arbeidsstipenda utgjer økonomisk sett den viktigaste statlege stipendforma, men det er også ei rekkje andre statlege stipendformer slik det går fram av tabell 4.14. Det gjeld reise-, studie-, vikar-, etablerings- og materialstipend, etableringsstipend for forfattarar og omsetjarar og filmrekrutteringsstipend. F.o.m. 1995 kan kvar stipendkomite disponera tildelte midlar fritt mellom dei ulike stipendkategoriane (med unntak av arbeidsstipend) og innanfor dei reglane som gjeld til ei kvar tid.

Tabell 4.14 Andre stipend 1997. Oversyn over tildelte midlar og talet på søknader.

Tal søknader
KunstgruppeTildelt sumReise/stud.stip1Vikarstip2Etabl.stip3Mater.stip4Etabl.forf5Filmrek.6
Biletkunst1.993.7501014158431945
Kunsth.v.1.371.800722770171
Skjønnl. forf.1.221.400146191024783
Barne- og u.forf.433.5004651620
Drama395.50038127181
Omsetjarar309.00030218
Faglitt. forf.42.00014122
Musikk/song925.500248406749
Komponist.289.25020511101
Skodesp.497.500144519161
Sceneinstr.167.000271541
Scenogr.126.000294672
Teaterm.arb.52.500142
Ballett496.25010121332
Kritikarlaga84.00035232
Journalistar68.2501611
Fotografar275.5001301146
Filmkunst405.0003714616
Arkitekt84.0001612
Int.arkitekt73.5001263
Diverse254.2509562
Samiske kunst.174.750202791
Folkekunstn.155.5001932
Populærkomp.309.250172114
Sum10.204.9502254288718128113130

1 Maksimalsum pr stipend kr. 60.000.

2 Maksimalsum pr stipend kr. 50.000.

3 Maksimalsum pr stipend kr. 50.000.

4 Maksimalsum pr stipend kr. 30.000.

5 Maksimalsum pr stipend kr. 50.000.

6 Tre stipend, kvar på kr. 30.000.

Ser ein nærare på korleis dei ulike kunstnargruppene bruker og fordeler reisestipenda, finn ein at i høve til maksimalsatsen ligg dei fleste midt på treet for på den måten å kunna gje midlar til flest mogeleg av søkjarane.

I tillegg har ein ordninga med stipend til eldre fortente kunstnarar, som i 1996 galdt 281 personar. Summen på stipendet er kr 20.000 pr. kunstnar pr. år. I retningslinene heiter det m.a. at stipend normalt skal gjevast til kunstnarar over 60 år som ikkje har fast arbeid med løn, eller som er med i anna fast, statleg støtteordning. Faglege kriterium for tildeling blir fastsett av dei einskilde kunstnarorganisasjonane. Stipenda blir ikkje kunngjorde, men det kjem framlegg om kandidatar frå organisasjonane. Endeleg skal også nemnast ordninga med æresstipend og æresløn som i 1997 har fem mottakarar.

Ein del kunstnarar, f.o.m. 1997 er det 15 personar, får statsstipend, dels etter ordninga for fast sum pr. år og dels med stipendsum knytt til lønssteg. Når det gjeld statsstipend til kunstnarar, vil departementet framleis tilrå dette når ein meiner at det er den mest høvelege ordninga. Departementet vil elles få til ein fullstendig gjennomgang av heile statsstipendiatordninga.

Samla sett utgjer dei statlege stipenda over kapittel 321 i Kulturdepartementets budsjett 37,268 mill kroner i 1997.

Med verknad frå 1994 vart det innført ei ordning med utstillingsstipend. Ordninga gjeld biletkunstnarar, kunsthandverkarar og frie fotografar. For 1994 vart det løyvt kr 2,5 mill kroner, og midlane skulle gå til utstillingsverksemd i kommunar og fylke. Meininga var å styrkja kvalitet og profesjonalitet i utstillingsarbeidet, og dessutan prioritera utstillingar i område der det manglar utstillingstilbod. Ordninga vart i 1994 og 1995 administrert av Kunstnernes Informasjonskontor (KIK). Sidan hausten 1996 har Norsk kulturråd det administrative ansvaret for utstillingsstipenda.

Med 15 regionale kunstnarsentra som sekretariat er det etablert like mange regionale innstillingskomitear som vurderer og innstiller søknader som gjeld dei ulike regionane. Ein nasjonal tildelingskomite står så for den endelege avgjerda. Stipenda er avgrensa oppover til kr 50.000. I 1994 var det 360 søkjarar og 86 tildelingar, i 1995 var tilsvarande tal 235 og 71.

I regi av Norsk kulturråd er det gjennomført ei evaluering av ordninga. Konklusjonen er at retningslinene bør gjerast klarare og at den nasjonale komiteen bør knytast til ein fast sekretariatsfunksjon, jf. avsnitt 8.4.

Kulturdepartementet forvaltar ei rekkje private fond og legat, som primært omfattar reisestipend for kunstnarar. Stipend frå desse fonda og legata blir lyste ut samstundes med dei statlege kunstnarstipenda, og ein søkjer på same søknadsskjema. Stipenda blir tildelte av departementet etter innstilling frå stipendkomiteane.

Ikkje alle stipenda blir lyste ut kvart år. Enkelte fond og legat har svært låg avkastning. For å bøta på dette og for å redusera administrasjonskostnadene har Kulturdepartementet fått løyve til å slå saman 13 fond/legat til eitt større legat. I samband med samanslåinga vil dei administrative oppgåvene som er knytte til legata, bli overførte til sekretariatet for Utvalet for statens stipend og garantiinntekter for kunstnarar. Utvalet vil bli oppnemnt som styre og tildela stipenda. Departementet tek sikte på å fullføra samanslåinga i 1997, slik at det nye legatstipendet blir lyst ut for første gong i 1998.

4.4.1.2 Garantiinntekter

Med utgangspunkt i den vanskelege økonomiske situasjonen for mange kunstnarar presenterte Kunstnarstipendkomiteen av 1971 i NOU 1973: 2 framlegget om å skipa ei ordning med garantiinntekter. Komiteen sette som eit mål å nå flest mogeleg kunstnarar med stønad for å skapa økonomisk tryggleik og betra arbeidsvilkåra for dei.

«Komitéen har funnet at disse mål vanskelig kan realiseres på annen måte enn gjennom en støtteform der et relativt stort antall kunstnere gis tilsagn om varig støtte, men hvor støtten kommer til utbetaling bare i de perioder i kunstnerens liv hvor han trenger dem, og bare med det beløp han trenger i tillegg til egeninntekten for å oppnå et rimelig samlet inntektsnivå. Den foreslåtte garantiinntektsordningen vil virke på den måten.» (s. 91).

I kunstnarmeldinga vart innføringa av garantiinntekt grunngjeven med at ordninga:

  1. «vil gi langt større trygghet for den enkelte kunstner enn ordningen med arbeidsstipend, og dermed kunne stimulere til økt produksjon og økte egeninntekter,

  2. innebærer en reduksjon i utbetalingene ved økende egeninntekt slik at ordningen innenfor en gitt bevilgningsramme når flere kunstnere enn de faste arbeidsstipendene gjør, dessuten overflødiggjør behovsprøving,

  3. vil koordinere den direkte støtten bedre med bevilgninger til innkjøp, bibliotekvederlag, bestillingsverk, honorar m.v. idet slike inntekter for en kunstner vil redusere garantiinntektsutbetalingen» (s.11).

Det er Stortinget som kvart år fastset dei økonomiske rammene for garantiinntektsordninga som del av budsjettbehandlinga. Stortinget godkjenner også vedtektene for garantiinntektsordninga. Framlegg til og endringar av vedtekter blir forhandla fram av departementet og kunstnarorganisasjonane. Departementet har på si side ansvar for å handheva regelverket m.a. gjennom utforming av retningsliner.

Både i forhold til garantiinntektene og stipenda spelar organisasjonane ei sentral rolle. Dei oppnemner to av medlemene til Utvalet for statens stipend og garantiinntekter for kunstnarar (jf. avsnitt 4.4.1.6), som har ansvaret for tildelinga. Organisasjonane har forhandlingsrett som gjeld prosedyrar og innhald både når det gjeld garantiinntekt og stipend. Dessutan har dei ulike kunstnarorganisasjonane stipendkomitear (27) som vurderer og innstiller søkjarane til stipend og garantiinntekter.

Alle komiteane har kunstnarleg kvalitet og fagleg utviklingspotensiale for den einskilde søkjaren som hovudkriterium for innstilling. I tillegg blir det teke omsyn til økonomisk totalsituasjon, kva felt i eit fagområde som har stipend/inntekter frå før, og geografisk spreiing. Etter retningslinene skal ein ikkje leggja vekt på alder ved tildeling av garantiinntekter.

Søkjarar som får garantiinntekt, skal kvart år senda rapport om yrkesaktivitet og økonomiske tilhøve til sekretariatet for Utvalet for statens stipend og garantiinntekter. Etter fem år skal kvar mottakar vurderast på nytt med omsyn på om han/ho tilfredsstiller kriteria for tildeling. Deretter skal det gjerast ei evaluering kvart tredje år.

Eit sentralt punkt i ordninga var at garantiinntekta skulle vera hjelp til sjølvhjelp i den forstand at kunstnaren skulle få ro til å skapa kunstverk og prestasjonar som i neste omgang skulle gje større inntekter. Då ordninga vart innført, hadde ein ei von om at gjennomsnittsuttaket etter kvart ville bli ca. 50-55 % av maksimalbeløpet. Som reknedøme seier St.meld. nr. 41 (1975-76) Kunstnerne i samfunnet at i 1979 reknar ein med at 285 maksimale garantiutbetalingar skulle rekkja til 550-600 kunstnarar. Med det som føresetnad vart det sett opp eit mål om at «600 skapende kunstnere skal kunne ha sitt kunstneriske arbeid som helårsyrke i 1979 med rimelig inntekt, . . .» (s.125).

Allereie i St.meld. nr. 23 (1981-82) vart det konstatert at gjennomsnittlege eigeninntekter for kunstnarane ikkje utvikla seg slik som ein hadde trudd i kunstnarmeldinga. Løyvingane rakk difor ikkje til så mange kunstnarar som ein hadde vona. Tendensen har vore at mottakarane har teke ut stadig høgare del av garantibeløpet. Sagt på ein annan måte: eigeninntektene for dei som får garantiinntekter, har relativt sett gått ned.

Ordninga har heile tida hatt såkalla avkortingsreglar, dvs. at garantiinntekta blir redusert i takt med at eigeninntektene aukar. Etter gjeldande reglar blir garantiinntekta redusert med 65 % av eigeninntekta som mottakar hadde to år før garantiinntektsåret. Med utgangspunkt i maksimalsum for 1996, kr 127 631, betyr det at kunstnarar med meir enn kr 196 000 i eigeninntekt, ikkje kunne få garantiinntekt. Maksimalsummen er bunden opp mot lønssteg 1 i statens lønsregulativ, og staten betaler arbeidsgjevaravgifta.

Oversyn viser at medan innehavarane av garantiinntekt i 1981 i gjennomsnitt tok ut 55 % av maksimalbeløpet, var gjennomsnittsuttaket i 1987 77 %, i 1994 83 % og 1995 84 %. Gjennomsnittsuttaket i 1996 var på 78,5 %, men det er vanskeleg å seia om dette representerer ein ny tendens.

Etter ein viss verdinedgang midt på 1980-talet har maksimalsummen for garantiinntekter i faste prisar hatt ein viss realauke sidan 1990, jf. tabell 4.15. Fastprisverdien av dei totale løyvingane har auka monaleg, ca. 50 % samanlikna med 1979. Det kjem først og fremst av at talet på mottakarar auka frå 180 i 1977, til 436 i 1979 og til 512 i 1996. Dersom vonene frå 1970-åra om sterk auke i eigeninntektene for dei som får garantiinntekter, hadde slått til, ville 930-1000 kunstnarar ha fått tildeling med det totalnivået som var i 1996.

Tabell 4.15 Utvikling av garantiinntektene 1977-97 i løpande og faste prisar. 1979 = 100.

PrisindeksMaks GIMaks GI faste prisarIndeksLøyvingsramme*Løyvingsramme faste prisarIndeks
197788,241 76747 3551035 379 0006 098 63937
197895,445 94448 15910510 517 00011 024 10968
197910045 94445 94410016 279 00016 279 000100
1980110,948 93044 1219617 362 00015 655 54696
198112654 45943 2219419 931 00015 818 25497
1982140,362 35644 4459723 410 00016 685 674102
1983152,167 53244 4009726 059 00017 132 807105
1984161,667 53241 7909128 178 00017 436 881107
1985170,873 91143 2739429 221 00017 108 314105
1986183,177 12642 1229230 324 00016 561 442102
1987199,190 86345 6379939 439 00019 808 639122
1988212,495 67445 0449843 506 00020 483 051126
1989222,1100 29145 1569846 300 00020 846 466128
1990231,2107 44146 47110149 600 00021 453 287132
1991239,1111 37846 58210151 198 00021 412 798132
1992244,7119 91149 00310758 038 00023 718 022146
1993250,3119 91147 90710457 725 00023 062 325142
1994253,8122 01148 07410557 557 00022 678 093139
1995260124 20047 76910460 112 00023 120 000142
1996263,3127 80048 53810662 731 00023 824 915146
1997267,8133 80049 96310965 463 00024 444 735150

* Arbeidgjevaravgift inkludert.

I dei 20 åra garantiinntektordninga har fungert, har ho utan tvil gjeve mange kunstnarar høve til å konsentrera seg om kunstnarleg arbeid. Hovudintensjonen med ordninga har såleis blitt oppfylt. Derimot har førestellingane om at kunstnarane etter kvart skulle få monaleg større inntekter og dermed bli meir uavhengige av garantiinntekter, vore klart overdrivne. Ordninga har fungert som ei basisløyving for dei kunstnarane som har blitt godkjende. I gjeldande vedtekter § 7 «skal det, når det har gått fem år fra tildelingen av garantiinntekt til en kunstner og seinere hvert tredje år, foretas en vurdering av om vedkommende fortsatt kan anses som yrkesaktiv norsk kunstner». Samstundes heiter det i § 6 at «en kunstner som er tildelt statens garantiinntekt for kunstnere, beholder retten til denne inntekt inntil vedkommende når folketrygdens pensjonsalder, med mindre retten til garantiinntekt tapes etter reglene i § 7», dvs. om vedkomande kan seiast å vera yrkesaktiv eller ikkje etter vurderinga til innstillingskomiteane.

Auken i talet på garantiinntekter kom i perioden 1978-88. Seinare har talet vore relativt stabilt med ca. 500 garantiinntekter pr. år. Det betyr at hovudtyngda av noverande mottakarar kom inn i ordninga for 10 år sidan. I perioden 1986-96 har avgangen kvart år i snitt lege på 26 stipend pr. år (varierande frå fem til 50), som har blitt fordelte til nye kunstnarar. Det betyr at med ein stor vekst i talet på yrkesaktive kunstnarar, har det blitt stadig vanskelegare for nye kandidatar å koma inn i ordninga.

4.4.1.3 Kvotefordelinga

I samband med endringa av den statlege stipendpolitikken i 1963 vart det innført ei ordning der Kulturdepartementet samrådde seg med eit kontaktutval oppnemnt av Norges Kunstnerråd før tildeling. Ordninga vart formalisert i St.prp. nr. 39 (1967-68) Om skiping av eit utval til vurdering og utdeling av statens kunstnarstipend. Ordninga vart vurdert svært positivt i utgreiinga frå Kunstnarstipendkomiteen:

«Fordelingen av stipendene på de forskjellige kunstartene er på forhånd foretatt av Kirke- og undervisingsdepartementet i samråd med Norges Kunstnerråd.

Det synes for komiteen å herske en gjennomgående tilfredshet med denne utdelingsordningen, og komiteen har antatt at den bør opprettholdes og at den bør gjelde også for garantiinntektene.» (NOU 1973: 2, s. 98).

I samsvar med dette vart retningslinene for utvalet endra i 1977, og utvalet fekk namnet «Utval for statens stipend og garantiinntekter for kunstnarar». Kulturdepartementet fastset retningslinene. Gjeldande reglar frå 20. desember 1985 seier at utvalet skal ha fem medlemer, tre oppnemnde av Kongen og to av Norges Kunstnerråd. Leiar og nestleiar skal oppnemnast av Kongen. Funksjonstida er fire år (jf. avsnitt 4.4.1.6).

Eit viktig grunnlag for den kvotefordelinga som vart vedteken i 1977, var eit sterkt ønskje om å betra dei økonomiske arbeidstilhøva for skapande kunstnarar, og i særleg grad for biletkunstnarane. Ei undersøking av tilhøva for biletkunstnarane utgjorde eit vesentleg underlagsmateriale. Ordninga har heile tida teke mest omsyn til dei skapande kunstnarane, sjølv om andre grupper har fått litt sterkare innpass i samband med nye tildelingar. Biletkunstnarane har heile tida hatt ein klart dominerande posisjon, jf. tabell 4.16. I 1983 fekk dei 57 % av garantiinntektene og i 1995 52 %. Dei tre gruppene biletkunstnarar, kunsthandverkarar og skjønnlitterære forfattarar hadde i 1983 84,5 % av dei tildelte garantiinntektene og i 1996 80 %.

Tabell 4.16 Fordeling av garantiinntekter 1996.

Biletkunstnarar280
Kunsthandverkar96
Skjønnlitterære forfattarar47
Musikk/song21
Ballett19
Komponistar13
Barne- og ungdomsbokforfattarar9
Fotografar9
Skodespelarar8
Faglitterære forfattarar5
Dramatikarar3
Interiørarkitektar3
Diverse3
Omsetjarar2
Scenografar2
Filmkunstnarar2
Sceneinstruktørar1
Arkitektar1
Sum524

Også når det gjeld arbeidsstipenda, har dei tre nemnde skapande kunstnargruppene hatt ein dominerande posisjon, men i mindre grad enn når det gjeld garantiinntekter. I 1995 og 1996 hadde biletkunstnarane 24 % av arbeidsstipenda, medan dei tre gruppene hadde godt 53 % av dei samla arbeidsstipenda, jf. tabell 4.17.

Tabell 4.17 Fordeling av arbeidsstipend 1997.

Biletkunstnarar41
Skjønnlitterære forfattarar32
Kunsthandverkarar16
Musikk/song13
Filmkunstnarar9
Diverse7
Ballett6
Komponistar5
Fotografar5
Populærkomponistar5
Barne- og ungdomsbokforfattarar4
Dramatikarar4
Skodespelarar4
Samiske kunstnarar4
Folkekunstnarar4
Omsetjarar3
Faglitterære forfattarar3
Sceneinstruktørar3
Sum168

Totalt sett betyr dette at den opphavlege kvotefordelinga har verka i 20 år berre med små endringar.

I utgreiinga frå Kunstnarstipendkomiteen vart det foreslått at «en fastsatt fordeling blir tatt opp til revurdering med jevne og ikke for lange mellomrom», men dette vart ikkje ein del av ordninga. Tidleg fekk kunstnarorganisasjonane gjennomslag for eit syn om at ein ikkje burde endra etablerte kvotar ved omfordeling mellom gruppene. Det har gjort at departementet ikkje har nytta retten sin til å fastsetja den endelege fordelinga mellom kunstnargruppene. Dei fleste endringane har difor vore avhengige av volumauke i tildelingane. Det har såleis aldri vore gjort ei grunnleggjande vurdering av om premissane for gjeldande kvotefordeling er den same på slutten av 1990-talet som dei var i 1970-åra.

Slik kvotefordelinga fungerer i dag, sementerer ho ein tilstand slik han vart oppfatta på slutten av 1970-talet. For å få til ein større fleksibilitet og dynamikk i ordningane med stipend og garantiinntekter vil Regjeringa foreslå at Kulturdepartementet i samråd med Utvalet for statens stipend og garantiintekter kvart år vurderer dei «frie» stipenda og garantiinntektene på tilnærma fritt grunnlag. I tillegg til reint inntektspolitiske omsyn skal ein også kunna styrkja dei kunstfelta der det trengst ei fagleg oppgradering og stimulering, jf. avsnitt 8.5.

4.4.1.4 Søkjarane til stipend og garantiinntekter

I INAS-rapporten blir det gjort ei kartlegging av kven som søkjer tildelingar frå statens stipend og garantiinntekter. I 1994 var det 3 139 søknader om tildeling av stipend og/eller garantiinntekt. Sidan mange søkjer på fleire typar stipend, var den totale søknadsmassen 7 246 søknader.

For 1997 hadde talet på søkjarar auka til 3 367. Den totale søknadsmassen var 8 430. Figur 4.2 viser at biletkunstnarane utgjer klart den største gruppa. Slik sett kan ein seia at søkjarmassen på somme måtar avspeglar kvotefordelinga i den forstand at dei som har størst voner om å få tildeling, også utgjer den største søkjargruppa.

Figur 4-2 Talet på søkjarar til stipend og garantiinntekter i 1997

Figur 4-2 Talet på søkjarar til stipend og garantiinntekter i 1997

Når det gjeld utviklinga frå 1980 til 1994, var auken i talet på stipendsøkjarar 850 personar, dvs. 38 %. Storparten av auken er blant biletkunstnarane. Deira del av auken i søkjarmassen er 45 %. Prosentvis er det fotografar, filmkunstnarar og forfattarar som har den største auken i søkjarar samanlikna med 1980.

Av utviklingstrekka skal ein leggja merke til følgjande:

  • Både i 1980 og 1994 utgjorde biletkunstnarar den største søkjargruppa, ca. 43 % av alle søkjarar begge åra.

  • Talet på søkjande kunsthandverkarar har blitt mindre trass i at denne kunstnargruppa etter alt å døma er mellom dei som har hatt størst auke i yrkesaktive sidan 1979/80.

  • I 1980 var fleirtalet av søkjarane menn (60 %); i 1994 var noko over halvparten kvinner (53 %).

  • I 1980 var fleirtalet av søkjarane busette i Oslo-området; dette gjeld i mindre grad i 1994, sjølv om Oslo-området framleis dominerer som bustadadresse for søkjarane

  • Det er påtakeleg færre søkjarar i den yngre aldersklassen i 1994 enn i 1980. I 1980 var 36 % av søkjarane under 31 år, medan denne gruppa utgjorde 14 % i 1994. Medan 50 % av søkjarane var mellom 31-50 år i 1980, hadde denne gruppa auka til 66 % i 1994. I 1980 var 13 % av søkjarane over 51 år, i 1994 hadde deira del stige til 21 %.

Dette siste punktet er ein ny illustrasjon på at garantiinntekter og stipend i aukande grad er verkemiddel for dei kunstnarane som er ferdig med etableringsperioden. Dette er truleg også ein refleks av at unge kunstnarar veit at dei vil ha mindre sjansar til å nå fram. Skulle søkjarmassen ha vore eit spegelbilete av det totale kunstnarsamfunnet, burde delen av unge søkjarar truleg ha vore høgare. Ein indikasjon på dette er m.a. at i perioden 1985-1993 vart det uteksaminert omlag 3 200 kunstfaglege kandidatar innanfor biletkunst, kunsthandverk, design, scenekunst og musikk.

4.4.1.5 Inntektsverdien av garantiinntekter og stipend

I INAS-undersøkinga blir det også sett nærare på kor stor rolle garantiinntekter og stipend spelar i det økonomiske totalbiletet for kunstnarane. I gjennomsnitt utgjorde inntekter frå garantiinntekt og ulike statlege stipend 13 % av det totale inntektsgrunnlaget for dei godt 2 500 yrkesaktive kunstnarane som sende inn svar på spørjeskjemaet. Ser ein på dei som er heiltidskunstnarar (dvs. som har meir enn 1 500 arbeidstimar pr. år med kunstnarleg arbeid), stig stipend- og garantiinntekts-delen til 17 %. Men det er store skilnader mellom kunstnargruppene. I fem av gruppene utgjer stipend- og garantiinntekt-delen 20 % eller meir av totalinntekta: biletkunstnarane (29 %), koreografar (26 %), forfattarar (26 %), kunsthandverkarar (23 %) og komponistar (20 %). Ser ein på heiltidskunstnarane, får ein følgjande liste for den relative verdien av stipend- og garantiinntekter, rekna av totalinntekta: forfattarar (42 %), biletkunstnarar (38 %), kunsthandverkarar (33 %) og komponistar (28 %).

Samanliknar ein den relative verdien av stipend og garantiinntekter i 1993 med 1979, viser INAS-rapporten at tilhøva er dei same: i snitt 13 % av inntektene kjem frå denne inntektskjelda. Blant dei ulike kunstnargruppene er det også små endringar: ein liten auke hjå ein del grupper på 3 og 2 prosenteiningar, medan det er ein markert nedgang hjå kunsthandverkarar (frå 36 % til 25 %) og ballettdansarar (frå 11 % til 4 %). Det generelle utviklingstrekket i den same perioden er at den relative inntektsverdien av kunstnarleg arbeid har gått ned, medan verdien av arbeid med kunstnarleg tilknyting har relativt sett blitt større, (jf. også avsnitt 5.6.2).

Undersøkinga viser også at stipend og garantiinntekter blir viktigare etter som kunstnarane blir eldre. I gjennomsnitt fekk kunstnarar over 50 år meir enn kr 30 000 i stipend- og garantiinntekter, medan snittet for kunstnarar under 36 år var under kr 5 000.

I samband med INAS-undersøkinga vart det sett litt nærare på mottakarane av garantiinntekter for å finna ut kvifor eigeninntektene for denne gruppa er såpass låg. Eitt av utgangspunkta i rapporten var påstandar om at ordninga har verka passiviserande på mottakarane fordi dei var sikra ei basisinntekt. På dette punktet slår rapporten fast at det ikkje er noko grunnlag for å hevda at mottakarar av garantiinntekter er mindre kunstnarleg aktive enn andre. Tvert imot viser undersøkinga at mottakarane av garantiinntekter bruker meir av arbeidstida si til kunstnarleg aktivitet enn kunstnarar 6 utan garantiinntekter. Slik sett fungerer ordninga i samsvar med intensjonane.

I rapporten blir det peikt på at hovudårsaka til det låge inntektsnivået ligg i det faktum at garantiinntektmottakarane representerer låginntektsgruppene blant kunstnarane, dvs. i hovudsak biletkunstnarar og kunsthandverkarar. Det er likevel nokre trekk ved inntektstilhøva som rapporten framhevar. Det viser seg at netto eigeninntekter frå kunstnarleg arbeid utgjer berre ca. 60 % av det kunstnarar utan garantiinntekter har. Stipend- og garantiinntektdelen meir enn veg opp dette. Undersøkinga viser dessutan at garantiinntekt-mottakarar (med unntak av forfattarar) har gjennomsnittleg noko høgare brutto næringsinntekter enn kunstnarar utan garantiinntekt. Aktiviteten som genererer inntekter, er difor på ingen måte mindre hjå garantiinntekt-mottakarar enn hjå andre kunstnarar.

Den største skilnaden finn ein likevel når det gjeld næringsfrådraga, der garantiinntekt-mottakarar har nesten dobbelt så mykje i slike frådrag, samanlikna med kunstnarar utan garantiinntekter. Driftsresultatet er difor klart mykje lågare for garantiinntekt-mottakarane enn for kunstnarar utan garantiinntekter. I rapporten blir det peikt på to delforklaringar på dette tilhøvet. Den eine er at garantiinntekter gjev høve til større og dristigare investeringar enn det kunstnarar utan garantiinntekter kan tillata seg. Den andre forklaringa peiker på at avkortingsreglane kan tena som incitament til aktiv reduksjon av eigeninntektene. Reduksjon av netto eigeninntekter forhindrar at garantiinntekt-mottakarar får reduksjon av garantiinntektssummen.

4.4.1.6 Utvalet for statens stipend og garantiinntekter for kunstnarar

Som nemnt ovanfor vart det i samband med endringa av den statlege stipendpolitikken i 1963 innført ei ordning der Kulturdepartementet samrådde seg med eit kontaktutval oppnemnt av Norges Kunstnerråd før tildeling av kunstnarstipend. Ordninga vart formalisert i St.prp. nr. 39 (1967-68) Om skiping av eit utval til vurdering og utdeling av statens kunstnarstipend.

Retningslinene for utvalet vart endra i 1977, og utvalet fekk namnet «Utval for statens stipend og garantiinntekter for kunstnarar». Kulturdepartementet fastset retningslinene for arbeidet i utvalet.

Utvalet står for tildelinga av stipend og garantiinntekter til kunstnarar etter innstilling frå ei rekkje innstillingskomitear, ein komite for kvar ulik kunstartgruppe, dvs. 27 innstillingskomitear. I tillegg til å avgjera dei konkrete tildelingane skal utvalet sjå til at departementets retningsliner for tildeling av stipend og garantiinntekter blir følgde.

Fram til 1992 vart sekretariatsfunksjonane utførte av departementet. Etter den tid har sekretariatet vore samlokalisert med Norges Kunstnerråd som også har det daglege administrative ansvaret.

Frå utvalet har det blitt peikt på behovet for å få eitt felles reglement for stipend og garantiinntekter. Sidan ordningane kom i 1977, har dei hatt skilde regelverk.

I samband med at Regjeringa no gjer framlegg om å endra ordningane med stipend og garantiinntekt noko, vil det vera naudsynleg å justera regelverket. Dette inneber også endringar som heng saman med nytt økonomireglement, jf. avsnitt 8.2.

Ordninga med eit eige utval med oppgåve å dela ut stipend og garantiinntekter har i hovudsak fungert etter intensjonane, og ordninga bør difor halda fram. Regjeringa er samd med vurderinga i NOU 1993: 14 om at Utvalet for statens stipend og garantiinntekter bør kunna spela ei endå meir sentral rolle i forhold til denne delen av kunstnarpolitikken. I og med at ein vil vurdera å skipa eit nytt Statens kunstfond (jf. avsnitt 8.10), meiner Regjeringa at det er naturleg å leggja sekretariatsfunksjonane for utvalet til dette nye organet. Det vil vera av stor verdi å kunna samla dei administrative funksjonane for statens engasjement på dette feltet under ein hatt. Det vil også vera ei viktig endring med tanke på å skapa eit betre grunnlag for å styrkja funksjonane til Utvalet for stipend og garantiinntekter. Regjeringa vil på dette punktet understreka at dette ikkje inneber endring av systemet med stipendkomitear som er oppnemnde av kunstnarorganisasjonane. Endringa betyr berre at forvaltninga av stipend og garantiinntekter blir integrert i ein felles administrasjon for statlege tiltak som er retta mot kunstnarane som yrkesgruppe.

4.4.2 NOU 1993: 14

I tilknyting til utarbeidinga av St.meld. nr. 61 (1991-92) Kultur i tiden oppnemnde Kulturdepartementet eit utval som fekk i oppdrag å evaluera statens stipend- og garantiinntektsordningar. Resultatet vart presentert i NOU 1993: 14 Evaluering av Statens stipend- og garantiinntektsordninger for kunstnere.

I mandatet for utgreiinga vart det kravt at utvalet skulle:

  1. «Foreta en gjennomgang og vurdering av ordningene med statlige stipend og garantiinntekter for kunstnere. Hovedvekten skal legges på ordningene med garantiinntekt og treårige arbeidsstipend.

  2. Det skal gis en beskrivelse av utvikling av de ulike ordningene; dvs grunnlag for ordningene, formål, tildelingskriterier og -praksis, fordeling på grupper, kvotefordeling, administrasjon osv.

  3. Videre skal det vurderes i hvilken grad de ulike ordningene har fungert etter formål og intensjon, og i hvilken grad ordningene bør sees i sammenheng med fonds- og vederlagsordningene, særskilt garantiinntektsordningen.

  4. Gruppen skal innenfor det totale beløp som er avsatt til formålet under gruppens mandat, videre legge fram eventuelle forslag til omlegging av ordningene; både når det gjelder hvilke kunstnergrupper og eventuelle andre grupper ordningene bør omfatte, systemet for kvotefordelingen, varigheten av flerårige arbeidsstipend, krav til yrkesaktivitet, kontrollrutiner for ordningene osv.

  5. Gruppen skal ha tilgang til alle nødvendige opplysninger og data gjennom Kulturdepartementet og Utvalget for statens stipend og garantiinntekter for kunstnere.

  6. De økonomiske og administrative kostnader ved gruppas enkeltforslag skal beregnes.»

Når det gjeld dei einskilde ordningane, kan konklusjonar og tilrådingar frå Evalueringsutvalet oppsummerast slik:

Stipendordningane

Utvalet konkluderte med at stipendforma hadde verka i samsvar med intensjonane.

«Det er således stor konsensus om at arbeidsstipendordningen stimulerer til nyskaping. Ordningen gir stipendmottakerne tid til fordypning over lengre perioder og til grundigere planlegging og gjennomføring av større prosjekt. Arbeidsstipend gir mulighet for mer resultatorientert innsats på kunstnernes egne premisser. Ordningen stimulerer til sterkere konsentrasjon om det kunstneriske uttrykk, uten å måtte skjele til økonomiske hensyn. Det er også mye som tyder på at arbeidsstipendordningen har bidratt til kunstnerisk nivåhevning, selv om andre faktorer (bl. a. utbygging av utdanning og etterutdanning) også har vært medvirkende» (s. 24).

Samstundes blir det hevda at noverande ordning er for lite fleksibel i forhold til dei behova kunstnargruppene har. Utvalet meiner også at ordninga i for liten grad fangar opp ulikskapar mellom ulike kunstnargrupper når det gjeld eigenart og aktivitet. Utvalet gjer difor framlegg om endringar som kort skissert er følgjande:

  • bruk av samleløyvingar til organisasjonane, dvs. garantiinntekter og stipendmidlar slått saman til ein pott, som organisasjonane kan nytta i samsvar med behovet, likevel slik at intensjonane med ordningane skal haldast fast ved

  • større fleksibilitet når det gjeld tidsperiode og bruk av midlane. F.o.m. 1991 er det høve til å nytta arbeidsstipenda også til reiser, studiar, etablering o.l. Denne fleksibiliteten bør bli meir omfattande, meiner Evalueringsutvalet

  • arbeidsstipendsummen bør vera 70 % av lønssteg 21 i 1992, dvs. ca. kr 170.000

  • ordning med øyremerkte midlar til vikarstipend bør avviklast, slike stipend skal gjevast etter behov frå samleløyvinga

  • fjerning av maksimalsum pr. søknad på reise- og studiestipend

  • utgreiing om pensjonsordning for frilanskunstnarar og avvikling av stipend for eldre, fortente kunstnarar når ei slik ordning ev. er ein realitet.

Garantiinntekter

Når det gjeld ordninga med garantiinntekter, er evalueringsutvalet i hovudsak nøgd med situasjonen:

«Det kan konstateres at hovedformålet med garantiinntektsordningen - å gi økt økonomisk trygghet og derved stimulere til økt kunstnerisk produksjon - fortsatt motsvarer et konkret behov.» (s. 23).

Utvalet understrekar også at det berande prinsippet for ordninga er at mottakarane skal kunna sikrast eit supplement til inntektene sine over lengre tid.

Samstundes peiker utvalet på ein del sider ved ordninga som etter deira meining ikkje fungerer i samsvar med dei opphavlege intensjonane. M.a. blir det vist til at målet om 600 kunstnarar under garantiinntektsordninga innan 1979, ikkje har blitt nådd. Vidare meiner utvalet at storleiken på garantiinntekta er for låg i høve til lengda på utdanninga som dei fleste søkjarane har. Utvalet vil også ha større fleksibilitet når det gjeld å tilpassa ordninga til ulike behov i ulike kunstnargrupper. Endeleg meiner utvalet at reglane om avkorting skaper problem for kunstnarar som har ein ujamn inntekts- og utgiftssituasjon frå til år.

Utvalets framlegg til endringar inneheld følgjande element:

  • fjerna avkortingsregelen

  • innføra fast beløp for garantiinntekt, tilsvarande 40 % av lønssteg 21, dvs. ca. kr 100.000 i 1992 (då var maksimalbeløpet for garantiinntekt kr 119.911)

  • auka talet på garantiinntekter til 600

  • tildela garantiinntekt for fem år om gongen med ny vurdering av mottakaren kvart femte år. Utvalet vil likevel halda på hovudprinsippet om at mottakarar skal få garantiinntekter til pensjonsalder dersom dei tilfredsstiller krava.

Utvalet sjølv berekna dei årlege meirutgiftene som ville følgja med endringane, til 25-30 mill 1993-kroner. Dette ville utvalet finansiera ved å bruka større del av inntektene frå kassettavgifta, som på det tidspunktet gav større inntekter til staten enn det som vart brukt til kunstformål (jf. avsnitt 4.2.4.5).

4.4.3 Departementets vurdering

Utvalet som stod bak NOU 1993: 14 fann ikkje å kunna foreslå endringar av dei statlege ordningane innanfor dei økonomiske rammene som eksisterte i 1992-93, slik pkt. 4 i mandatet var formulert. Dei vesentlege endringane var såleis baserte på ein monaleg auke av dei statlege tilskota til stipend- og garantiinntektsordningane. Eventuell gjennomføring av framlegga vart dermed eit spørsmål om ressursauke meir enn organisatoriske tilpassingar.

I St. prp. nr. (1994-95) kunne departementet konstatera at å gjennomføra framlegga frå utvalet ville medføra ein årleg meirkostnad på ca. 30 mill kr utan at talet på mottakarar av stipend og garantiinntekter ville auka i nemnande grad. Departementet slo då fast at «det er ikkje realistisk å vurdere nye eller endra tiltak som vil medføre ein så radikal auke i dei statlege utgiftene på dette området.» Derimot meinte departementet at som ei viktig oppfølging av NOU 1993: 14 var det naudsynleg med ei ny og omfattande inntektsundersøking blant kunstnarar, m.a. for å gå vidare med ein del av dei spørsmåla som NOU 1993: 14 reiste, men ikkje gav svar på. Denne undersøkinga vart ferdig våren 1996, og går under nemninga INAS-undersøkinga, jf. kapittel 5.

Ein del av tiltaka i NOU 1993: 14 har departementet gått vidare med. Når det gjeld arbeidsstipend, har det blitt høve til å gje fem års arbeidsstipend, og pr. 1996 hadde tre av 158 stipendmottakarar fått stipend med den lengste tidsramma. Når det gjeld andre stipend enn arbeidsstipenda, har auka fleksibilitet blitt innfridd f.o.m. 1994 ved at alle kunstnargrupper no kan bruka den totale potten til diverse stipend fritt, men likevel slik at alle stipendtypar bør vera representerte i den årlege tildelinga.

Fleire av framlegga i NOU 1993: 14 finn departementet det vanskeleg å gå vidare med. Å slå saman midlane til stipend og garantiinntekter til ein pott som organisasjonane disponerer fritt, vil skapa unødige problem når det gjeld å ha oversyn over kva midlane går til, og vil på sikt undergrava grunnlaget for å halda oppe garantiinntekter og stipend som separate ordningar med litt ulikt siktemål. Spesielt ville det vera uheldig sidan garantiinntekter har ei funksjonstid som kan gå til pensjonsalder, medan stipenda er tidsavgrensa stimuleringsmidlar.

Departementet vil derimot vurdera å la arbeidsstipend vera knytt til same lønssteget som garantiinntektene.

Framlegget om å ta bort avkortingsregelen ved tildeling av garantiinntekt finn heller ikkje departementet grunnlag for å effektuera. Rett nok ville ei slik endring gjera sjølve forvaltningsarbeidet enklare og mindre tidkrevjande. Men hovudeffekten ville vera at berre dei som har best inntektsgrunnlag frå før, ville tena på det. Dermed ville solidaritetstanken, som heile tida har vore eit sentralt element i ordninga, falla bort. Departementet vil difor halda på avkortingsregelen som prinsipp. Jf. elles avsnitt 8.3.

4.5 Regelverksavtala

I samsvar med dei retningslinene som var gjevne i St. meld. nr. 41 (1975-76) Kunstnerne og samfunnet og Innst. S. nr. 40 for 1976-77, slutta staten og «landsomfattende organisasjoner som er representative for de berørte kunstnergrupper», ei avtale om reglar for forhandlingar mellom staten og kunstnarorganisasjonar. Avtala har seinare gått under namnet «regelverksavtala».

I § 2 blir grunnlaget for forhandlingane skissert slik:

«Etter retningslinjer ... har staten og de til enhver tid forhandlingsberettigede kunstnerorganisasjoner gjensidig plikt til etter krav fra den annen part å oppta forhandlinger om inngåelse av avtaler for vederlag for bruk av arbeider som kunstnerne har opphavsrett til, eller for fremstilling og bruk av materiell som inneholder utøvende kunstneres prestasjoner som disse har rettigheter til etter åndsverkloven. Samtlige rettigheter og plikter gjelder også i forholdet mellom staten og organisasjoner som er forhandlingsberettiget på vegne av rettighetshavere etter fotografiloven.

Tilsvarende rettigheter og forpliktelser gjelder krav om

  • forhandlinger om kompensasjon for bruk av kunstneriske verk og prestasjoner som skjer vederlagsfritt og/eller avgiftsfritt i henhold til lov.

  • forhandlinger om regler eller retningslinjer for statlige stipendordninger, garantiinntektsordninger og liknende ordninger som grunnlag for kunstnerisk virksomhet.

  • forhandlinger om godtgjørelse for arbeidsoppgaver»

Forhandlingane gjeld berre statens eigen bruk av kunst eller annan offentleg bruk med direkte statleg tilskot. Det betyr at regelverksavtala ikkje omfattar avtaler med fylkeskommunar, kommunar eller Norsk Rikskringkasting. Avtala gjeld heller ikkje avtaler om løns- og arbeidsvilkår i arbeidstakarforhold.

Avtala inneheld elles reglar om mekling i tilfelle forhandlingane ikkje fører fram.

Regelverksavtala har tent som grunnlag for fleire av dei noverande vederlagsordningane, t.d. visingsvederlaget (avsnitt 4.2.4.6), utstillingsvederlag (avsnitt 4.2.3.7) og delvis også for bibliotekvederlaget (avsnitt 4.2.4.1) og kopieringsvederlag (avsnitt 4.2.3.4). M.a. har tvistemålsreglane vore nytta i forhandlingar i tilknyting til somme av dei nemnde vederlagsavtalene. Slik sett har regelverksavtala fungert etter intensjonane.

Både under forhandlingane om avtala i 1977-78 og seinare har kunstnarorganisasjonane reist spørsmålet om ein meir omfattande forhandlingsrett enn det kunstnarmeldinga av 1975 la opp til. Kunstnarane ønskjer ikkje berre å forhandla om vederlag o.l. for statens bruk av kunst, men også om omfanget av denne bruken. Kunstnarorganisasjonane har i den samanheng vist til statens avtaler med bønder og fiskarar, og hevdar at dei vil få reell forhandlingsrett først når dei får tilsvarande avtaler.

I St. meld. nr. 23 (1981-82) Kulturpolitikk for 1980-åra blir det gjort ei grundig vurdering av kravet om utvida forhandlingsrett for kunstnarane. Det vart peikt på at skulle kunstnarane få innfridd ønskja sine på dette feltet, ville det i praksis innebera forhandlingar om store delar av statens kulturbudsjett. Det ville også innebera særrettar for kunstnarane som andre yrkesgrupper ikkje har. Det ville vera eit brot med Kunstnarmeldinga, der ein av hovudintensjonane var å likestilla kunstnarar med andre yrkesgrupper, ikkje å gje dei særrettar framfor andre.

I meldinga heiter det elles m.a.:

«I forholdet mellom staten og kunstnarane ser departementet mange trekk som kan minne om forholdet mellom staten og bønder og fiskarane. Men det er også vesentlege skilnader. Dei varer og tenester som kunstnarane kan tilby samfunnet, er t.d. langt meir ueinsarta og vanskelege å måle og prissetje enn jordbruksvarer. Dette avspeglar seg m.a. i det store mangfaldet av kunstnarorganisasjonar. Det er eigentleg tale om ei rad ulike yrke som tilbyr enda fleire ulike varer og tenester, med eitt einaste felles trekk - ein kunstnarleg og kvalitativ dimensjon som ikkje kan kvantifiserast og talfestast.

Det er også andre skilnader. Jordbruksavtalen regulerer først og fremst vareprisar. Forbruksstimulerande tiltak utgjer berre ein svært liten del av desse forhandlingane. Prisfastsetjinga har også kunstnarane til vanleg forhandlingsrett om. Men for dei er det langt viktigare å auke etterspurnaden eller bruken av deira kunst. Det er ei sentral kulturpolitisk oppgåve, og staten vil gjerne høre kunstnarane om slike spørsmål. Men det er eit vanskeleg forhandlingstema, vanskelegare enn å fastsetje prisane på jordbruksvarer slik at bøndene jamt over kjem opp på eit rimeleg inntektsnivå (s. 238).»

Både den gongen, og seinare når spørsmålet har vore reist, har såleis departementet avvist kravet både på prinsipielt og praktisk grunnlag.

Også i samband med utarbeiding av denne meldinga har kravet om utvida forhandlingsrett blitt reist på nytt. I første rekkje er det Norske Billedkunstnere (NBK) og Norske Kunsthåndverkere (NK) som har kome med slike krav, og dei gjeld m.a. ønskje om forhandlingar om omfanget for stipend og garantiinntekter.

Fleire av dei prinsipielle motførestellingane som departementet viste til i St. meld. nr. 23 (1981-82), er gyldige også i dag. Det er Regjeringas klare syn at statens rolle i kunstpolitikken skal vera å stimulera og støtta kunstnarleg aktivitet utifrå eit overordna kulturpolitisk syn om at eit rikt kunstliv er eit vesentleg element i eit velferdssamfunn. Det inneber at staten skal syta for å ha høvelege verkemiddel for å nå kulturpolitiske mål på kunstområdet. Storleiken på og økonomiske rammer for slike verkemiddel er og skal vera eit statleg, kulturpolitisk ansvar, eit ansvar som inneber at tiltaka til ei kvar tid skal vurderast i eit overordna, økonomisk perspektiv for velferdspolitikken i landet. Eit slikt ansvar vil det vera feil å overføra til eit forhandlingsinstitutt, der reine inntektspolitiske omsyn vil spela ei hovudrolle.

Departementet vil på dette grunnlaget ta initiativ til å gå gjennom regelverksavtala i lag med organisasjonane med sikte på å oppdatera avtala i samsvar med den utviklinga som det samla kunstfeltet har hatt sidan slutten av 1970-talet. Men, som nemnt ovanfor, framleis skal regelverksavtala omfatta forhandlingar om vederlag for bruk og om reglar og retningsliner for stipend og garantiinntekter.

Som tidlegare vil departementet sjølvsagt vera ope for drøftingar og samråd med kunstnarorganisasjonane. Dei vil også, slik dei gjer no, kunna presentera ønskjemål og synspunkt i tilknyting til den ordinære budsjettbehandlinga. Det vil vera ei meir fleksibel og føremålstenleg ordning for både kunstnarorganisasjonane og departementet.

4.6 Kunstinstitusjonar

4.6.1 Innleiing

Internasjonalt er det vanlege samhandlingsmønsteret mellom det offentlege og kunstnarverda at det offentlege med grunnlag i ein allment akseptert kulturpolitikk yter økonomisk stønad til institusjonar og/eller ordningar som syter for at innbyggjarane har tilgang til ulike kunstnarlege uttrykksformer. Konkret gjeld det offentlege tilskot t.d. til orkester, teater, film- og tv-produksjon, festivalar, kunstmuseum, utstillingsarrangement, kunstnarsenter, ulike typar innkjøpsordningar o.l. Deira oppgåve er først og fremst å skapa møtestader der innbyggjarane i eit samfunn kan møta kunstytringar.

I denne samanhengen blir det stundom peikt på at institusjonane i stor grad er innretta mot utøvande kunstnargrupper, t.d. orkester, teater, festivalar o.l., i den forstand at dei utøvande kunstnarane har desse som dei viktigaste arenaene sine. Dette er nok rett framstilt. Det er færre institusjonar og ordningar som rettar seg mot dei skapande kunstnarane, sjølv om innkjøpsbudsjetta til kunst- og kunstindustrimusea og ikkje minst Utsmykkingsfondet for offentlege bygg og innkjøpsordningar for litteratur og musikk er viktige faktorar for denne kunstnargruppa.

Sett frå kunstnarsynsstad er desse offentlege tilskota til kunstformål å rekna som indirekte stønadsordningar fordi kunstnarane som gruppe får nyta godt av dei i den grad dei får oppdrag og/eller stillingar i tilknyting til institusjonane/ordningane. Samstundes er det berrsynt at dei aktuelle institusjonane og ordningane utgjer ryggrada i den offentlege kunstpolitikken. Det ville vera utenkjeleg å ikkje ha sterke kunstinstitusjonar dersom ein skal kunna ha ein meiningsfull kunstnarpolitikk. Gjennom møtestadfunksjonen sin representerer dei det viktigaste grensesnittet mellom kunstnarverda og resten av samfunnet.

4.6.2 Orkester

Nedanfor følgjer det eit oversyn over dei orkestra som staten gjev økonomisk driftsstønad til, anten som eineansvarleg eller med delfinansiering. Aktivitetsnivå og budsjettsituasjon går fram av tabell 4.18.

Tabell 4.18 Aktivitets- og økonomital for symfoniorkestra 1994-95.

Talet på konsertarBesøkInntekter 1995 Tusen kroner
OrkesterStatus1994199519941995TotaltStats- tilskotReg./lokaltEigeninnt.
Oslo FilharmonienNasjonal10410810700011000065 04653 53111 014
Musikkselskabet «Harmonien»Nasjonal7288586667970152 62646 3226 223
Trondheim symfoniorkesterR/L5866300283079244 90426 15211 2996 827
Stavanger SymfoniorkesterR/L7475490185250738 33123 0569 8814 945
Kristiansand SymfoniorkesterR/L525397081202413 1958 4553 6241 128
Tromsø SymfoniorkesterR/L1511562328683 1211 713714285
375401260043287892217 223159 22925 51830 422

I tillegg til dei orkestra som er nemnde i tabell 4.18, kjem Kringkastingsorkesteret, orkesteret ved Den Norske Opera, militærmusikarar og landsdelsmusikarar. I INAS-undersøkinga blir det rekna som sannsynleg at det eksisterer 650-700 faste heiltidsstillingar for musikarar og songarar i Noreg. Tek ein med deltidsstillingar, kan talet vera ca. 830 musikarstillingar. Same undersøking har eit estimat på mellom 1520 og 1670 yrkesaktive, organiserte musikarar.

Dei nemnde symfoniorkestra saman med Kringkastingsorkesteret og orkesteret ved Den Norske Opera utgjer dei viktigaste arbeidsplassane med faste musikarstillingar, til saman om lag 460 stillingar. Utskifting av personale dei seinaste åra har vore relativt stabil, med i gjennomsnitt 20 nytilsetjingar og 10 avgangar pr. år i perioden 1990-1996. Sjølv om perioden viser ein vekst i stillingar, betyr det nok at det er relativt vanskeleg for nyutdanna musikarar å få tilsetjing i dei norske symfoniorkestra. I tillegg har ein det forholdet at arbeidsmarknaden for orkestermusikarar i stor grad er internasjonal. Naturleg nok blir det sett på som eit kvalitetsaspekt å kunna rekruttera frå eit internasjonalt musikarmiljø. Dette gjer konkurransen om orkestermusikarstillingane endå hardare.

INAS-undersøkinga viser også at no er storparten av musikarane frilansarar, dvs. dei har ikkje faste arbeidsforhold. Tala frå undersøkinga 7 indikerer at 34 % er i faste stillingar 8, 46 % er frilansarar 9. Tidlegare høyrde musikarane til dei kunstnargruppene som hadde størst innslag av fast tilsetjing. Forklaringa er i hovudsak at det er større tilgang på nye musikarar enn det er faste stillingar. Somme vel nok frivillig å arbeida som frilansarar, både fordi det gjev større fridom og fordi det kan gje større inntekter for det mindretalet som har mange og godt betalte oppdrag. Men for dei aller fleste er tilveret som frilansmusikarar ein lagnad som dei ikkje kjem utanom, dersom dei i det heile skal vera aktive som musikarar, jf. avsnitt 5.5.

Som del av ein satsingspakken for unge kunstnarar vil Regjeringa setja i gang ei aspirantordning, der orkester og andre kunstinstitusjonar kan søkja om støtte til lønsutgifter til tidsavgrensa aspirantstillingar. Ein vil koma tilbake til ei nærare konkretisering av ordninga i budsjettsamanheng jf. elles avsnitt 8.6.

4.6.3 Distrikts- og landsdelsmusikarordningar

Etter ein prøveperiode frå 1968 til 1972 med Rikskonsertane som ansvarleg for eit opplegg med skulekonsertar basert på regionale musikkrefter, vart det frå 1972 og utover etablert ei rekkje regionale musikargrupper i regi av Rikskonsertane. Kvar regiongruppe inneheldt fire musikarar. 20 % av stillinga for kvar av musikarane var reservert utøvande musikkaktivitet, medan 80 % vanlegvis vart brukt til undervisningsoppgåver i grunnskule eller musikkskule.

I 1974-76 kom det i gang ei forsøksordning med regionmusikarar i Nord-Noreg, der kvar av dei tre fylkeskommunane engasjerte tre eller fire fylkesmusikarar. Samstundes vart det sett i gang forsøk med regionmusikargrupper. Desse stillingane hadde 20 % av arbeidstida retta mot skulekonsertar, 20 % til instruksjonsverksemd og resten av tida i hovudsak til undervisning.

I 1979 vart ordningane permanente. I Nord-Noreg fekk dei tidlegare fylkesmusikarane status som landsdelsmusikarar. I tillegg hadde ein ordninga med regionmusikarar, ei ordning som elles fanst i heile landet. I 1982 var det ca 90 stillingsheimlar med regiongrupper i ni fylke. Etter ein evalueringsrapport i 1985 fekk regionmusikarordningane den forma som vi finn dag, med distriktsmusikarstillingar finansierte og organiserte av fylkeskommunar og/eller kommunar, og landsdelsmusikarordning i Nord-Noreg, finansiert av staten med ca. 75 % av driftsutgiftene og resten lokalt/regionalt.

På Kulturdepartementets budsjett utgjer utgiftene til landsdelsmusikarordninga i Nord-Noreg godt 9,8 mill kroner i 1997. Norsk kulturråd har stått for ei evaluering av ordninga, og departementet har enno ikkje sluttført drøftingane med dei tre nordnorske fylkeskommunane om korleis ordninga skal organiserast og drivast i framtida. Regjeringas intensjon er at ansvaret for denne ordninga etter kvart skal overtakast av fylkeskommunale og kommunale styresmakter, til liks med distriktsmusikarordninga.

Totalt omfattar dei regionale musikarordningane ein stad mellom 160 og 180 stillingar fordelte på 10 fylkeskommunar. Kjenneteiknande er at det desentraliserte ansvaret har ført til stor variasjon både når det gjeld stillingsinnhald og organisering. Det er likevel klart at ordninga har hatt og har ein positiv verknad når det gjeld profesjonell musikkutøving og dermed også som plattform for yrkesutøving innanfor musikk. Kombinasjonen utøving og instruksjon/undervisning har også hatt ein svært positiv effekt på rekrutteringa via musikkskulesystemet, sjølv om det sikkert kan vera ulike syn på kor stor del av arbeidstida til musikarane som skal gå med til slike gjeremål. I eit vidare samfunnsperspektiv er ordninga eit godt døme på korleis kunstfagleg kompetanse kan brukast på ein positiv måte slik at samfunnet får nytte og glede av denne kompetansen utover den reine musikkutøvinga

Regjeringa vil sterkt understreka det ansvaret som kommunar og fylkeskommunar har når det gjeld å halda ved like og vidareutvikla dei regionale musikarordningane. Saman med musikkskulane utgjer ordninga berebjelken når det gjeld regional rekruttering til musikklivet, og når det gjeld kunnskap om og forståing for verdien av profesjonell musikkutøving. Departementet og Rikskonsertane vil sjå nærare på korleis dei sentrale funksjonane i dette mønsteret kan utviklast i forhold til og tilpassast eit stadig sterkare regionalt musikkliv, slik det gjev seg uttrykk i dei regionale musikarstillingane.

4.6.4 Andre musikkordningar

Musikkformer som folkemusikk, jazz og rock er i liten grad knytte til faste institusjonar slik klassisk musikk er, jamvel om Rikskonsertane har regelmessig konsertverksemd med folkemusikk, jazz og rock. Dei statlege støtteordningane til desse musikkformene er i hovudsak knytte til ulike former for prosjekt- og konsertstøtte og med fleire aktørar som forvaltar ordningane, m.a. Norsk kulturråd og Rikskonsertane.

Det er eit sterkt behov for å styrkja formidlinga av jazz og rock, både ved å etablera høvelege spelestader og ved å utvikla nettverk mellom lokale arrangørar. Innanfor Noregsnettet er det sidan 1995 utvikla ei rekkje spelestader for rock. Norsk kulturråd har, med utgangspunkt i Kulturdepartementets tildelingsbrev for 1997, løyvt midlar til etablering og drift av tre spelestader for jazz.

Det er viktig at ein kan få til forvaltningsopplegg for statlege støtteordningar som ikkje resulterer i unødig fragmentering av musikk- og kunstformidling i Noreg. Nettverk og samarbeid mellom ulike arrangørar og institusjonar er eit viktig verkemiddel i den samanhengen. I St meld nr 4 (1996-97) Langtidsprogrammet 1998-2001 understrekar ein behovet for å skapa "formidlingsarenaer med regional og lokal forankring. De tre R-ene må videreutvikles slik at de sammen med lokale aktører kan ivareta denne oppgaven. Det legges opp til å overdra mer ansvar til lokale aktører. Det tas sikte på å utvikle potensialet for arrangørutvikling på kultur- og kunstfeltet gjennom et bedre samarbeid mellom institusjonene på området."

4.6.5 Festspel og festivalar

Festspel og festivalar utgjer ei veksande utøvingsplattform, i første rekkje for dei utøvande kunstnarane, men også i viss monn for dei skapande. På mange måtar utgjer festspel og festivalar ei aktivitetsramme der dei fleste kunstartane møter kvarandre og eit stort publikum over ein kort og hektisk tidsperiode. Samstundes representerer festivalar ei aktivitetsform som fremjar nyskaping og endring: somme vil bli borte og andre koma til etter som åra går.

Festspela i Bergen og Festspillene i Nord-Norge har frå og med 1995 status som knutepunktinstitusjonar med eigne postar på Kulturdepartementets budsjett. I 1997 utgjer det statlege tilskotet 7,4 mill kroner til dei to festspela.

Med utgangspunkt i St. meld. nr. 61 for 1991-92 Kultur i tiden og Budsjett-innst. S nr. 115 for 1992-93 gjekk eit utval på oppdrag av departementet gjennom den statlege støtta for festivalar og festspel på musikkområdet. I St prp nr 1 for 1996-1997 presenterer departementet opplegget for korleis statstøtte til festivalar skal handterast.

«Føremålet med ei statleg tilskotsordning for festivalar er å sikre festivalar som kultur- og kunstmarkeringar på eit høgt kvalitativt nivå, å sikre eksistens av kvalitativt gode ikkje-kommersielle festivalar og å stimulere til nyskaping og fleksibilitet. Regional støtte er ein viktig, men ikkje tilstrekkeleg føresetnad for statleg tilskot til festivalar.

Departementet foreslår at det blir oppretta to tilskotsordningar for festivalar. Festivalar som er sentrale i eit nasjonalt kulturpolitisk perspektiv, kan få driftsstøtte. Andre festivalar kan få prosjektstøtte. Prosjektstøtte er tre-årig, og skal som hovudregel ikkje vidareførast ut over dei tre åra. Festivalar som i det vesentlege er lokale, fell utanom ordninga.

Departementet går ikkje inn for å opprette ei eiga etableringsstøtte for festivalar. Dette er ei lokal/regional oppgåve.

Departementet tilrår at tilskotsordninga blir delegert til Rikskonsertane, der ein allereie har nødvendig kompetanse til å vurdere festivalane på musikkfagleg grunnlag.»

For budsjettåret 1997 er det sett av godt 16,4 mill kroner til festivalstøtte.

Sett frå ein kunstnarpolitisk synsstad representerer festspel og festivalar eit viktig supplerande element, med eit mangfald av arenaer som kan gje ulike kunstnargrupper høve til å eksponera seg for eit mangslunge publikum, ofte andre grupper enn dei som soknar til den meir institusjonaliserte delen av kunstlivet.

4.6.6 Teater, opera og dans

Oversynet ovanfor, tabell 4.19, viser aktivitets- og økonomiopplysningar for dei teatra som staten gjev økonomisk støtte til, anten som eineansvarleg eller som delansvarleg. Teater- og operafeltet utgjer den relativt sett største utgiftsdelen av det statlege kulturbudsjettet. Ser ein på utgiftene til det samla kulturområdet under kategori 8.20 i Kulturdepartementets budsjettet, utgjer tilskota til teater- og operaformål 28,6 %. Rekna av dei samla utgiftene til kunstfeltet på departementets budsjett, står teater- og operaformål for i overkant av 40 %.

Tabell 4.19 Aktivitets- og økonomital for teatra 1994 og 1995.

Tal på framsyningarPublikumsbesøkØkonomi 1995. 1000 kr
Institusjon1994199519941995DriftsutgifterStatstilskotRegiontilskotEigeninntektResultat
Riksteatret831748132.544115.29583.20083.200
Den Norske Opera171159108.699121.900173.771141.62226.315-5.834
Nationaltheatret498589151.811181.822108.10377.9778.00022.404278
Det Norske Teatret528621169.517188.53099.07677.97321.20198
Den Nationale Scene673558110.83666.01860.90354.3976.970464
Beaivvas Sami Teather72786.4666.2059.2248.016870493155
Oslo Nye Teater650639163.212163.24266.28533.39615.23320.1882.532
Hedmark teater32012023.12624.54011.3235.9132.9772.369-64
Teater Ibsen20720221.22817.76515.7979.7754.1991.727-96
Agder Teater14320126.63727.36414.1756.2594.4743.729287
Rogaland Teater42346271.88092.01342.48223.1239.90910.066616
Haugesund Teater441357.09511.6783.5522.0678866056
Hordaland Teater32930935.2844.5067.2243.9411.6881.807212
Nye Carte Blanche1268320.52611.20614.2759.2903.981960-44
Sogn og Fj. Teater21418719.50018.15412.6698.1933.511757-208
Teatret Vårt14329313.01831.73116.5238.8303.7922.604-1.297
Trøndelag Teater33942648.32646.76239.05824.82610.6403.982390
Nordland Teater19714817.06324.51317.13310.2624.3981.552-921
Hålogaland Teater21318341.27019.10419.98213.1385.6311.566353
612161411.188.0381.212.348821.150602.19880.189129.295-3.073

Dei seinaste 10-15 åra har representert ein auke i talet på institusjonar, der styrking av dei regionale einingane har vore det mest markante trekket. Bruker ein talet på kunstnarleg tilsette som indikator, viser det ein svak tilbakegang for dei nasjonale institusjonane i perioden 1992-95 og ein liten auke for region- og landsdelsinstitusjonane, slik at det totalt har vore ein liten auke, jf. tabell 4.20.

Dei faste institusjonane utgjer den viktigaste arbeidsarenaen for kunstnarane på teater-, opera- og dansefeltet, fordi der finst dei fleste sjansane til å få arbeid i faste stillingar. Tradisjonelt har utøvarar i faste stillingar vore det dominerande mønsteret innanfor teatersektoren. Men også her er det ein klar tendens til fleire frilansutøvarar. I INAS-undersøkinga blir det estimert at ca. 43 % av skodespelarane arbeider i faste stillingar, medan 57 % har ulik grad av frilanstilvære i si yrkesutøving. Skodespelarane er då den kunstnargruppa som har det desidert største innslaget av utøvarar i faste stillingar. Av sceneinstruktørane er 23 % i faste stillingar og av scenografane 28 %.

Tabell 4.20 Talet på kunstnarleg tilsette i teater-, opera- og danseinstitusjonar 1992-95

Institusjon1992199319941995
Riksteatret27252824
Den Norske Opera200197204204
Nationaltheatret53545652
Det Norske Teatret77807776
Den Nationale Scene45474036
Beaivvas Sami Teather4433
406407408395
Oslo Nye Teater39394740
Hedmark teater5109
Teater Ibsen121197
Agder Teater13
Rogaland Teater25272730
Haugesund Teater222
Hordaland Teater242
Nye Carte Blanche131414
Sogn og Fj. Teater6664
Teatret Vårt91039
Trøndelag Teater38293236
Nordland Teater6546
Hålogaland Teater11121111
146161170173
Samla sum552568578568

Går vi over på andre kunstnargrupper som høyrer til i denne samanhengen, viser INAS-undersøkinga eit endå større innslag av frilansutøvarar: blant ballettdansarane og songarane er berre 16 % i faste stillingar og tilsvarande 7 % av koreografane. I dette biletet har ballettdansarar det største problemet, fordi dei faste stillingane er avgrensa til Den norske nasjonalballetten ved Den Norske Opera og Nye Carte Blanche i Bergen med til saman i underkant av 60 stillingar. Det gjer at dei langt fleste må utøva profesjonell dans på prosjektbasis, jf. også avsnitt 5.5.

Mønsteret er heile tida det same: ein aukande tendens til at fleire og fleire utøvande kunstnarar på sceneområdet må arbeida som frilansarar, også i dei yrkeskategoriane som tidlegare hadde relativt stort innslag av faste stillingar. Den store tilveksten av nye utøvarar er nok hovudforklaringa på dette tilhøvet.

Samstundes vil ein i institusjonane også finna tendensar til større grad av prosjekttenking i gjennomføring av ulike oppsetjingar på den måten at ein tek inn dei kunstnarane ein treng til ulike prosjekt, delvis uavhengig av kva krefter som er i det faste ensemblet. Dette er eit felt som i hovudsak er tema i samhandlinga mellom institusjonar og arbeidstakarorganisasjonane i samsvar med avtaleverket.

Som del av ein satsingspakke for unge kunstnarar vil Regjeringa setja i gang ei aspirantordning, der kunstinstitusjonar kan søkja om støtte til lønsutgifter til tidsavgrensa aspirantstillingar. I den samanhengen vil ein visa til ordninga ved Den Norske Opera med aspirantstillingar i ballett og song. Ein vil elles koma tilbake til ei nærare konkretisering av ordninga i budsjettsamanheng, jf. elles avsnitt 8.6

Når det gjeld utviklinga av operafeltet, blir det vist til at departementet arbeider med ei eiga stortingsmelding. I St meld nr 4 (1996-97) Langtidsprogrammet 1998-2001 blir det konstatert at ein manglar eit tidsmessig bygg til opera/musikkteater, og at Regjeringa vil ta på seg det kulturpolitiske løftet det er å byggja ny opera. Realiseringa av nytt fleirbrukshus for opera og andre musikkformer i Oslo vil ha ein klart positiv effekt når det gjeld tilgjengelege arenaer for opera og musikk.

4.6.6.1 Frie grupper

Sidan slutten av 1970-talet har det vakse fram mange frie, sceniske grupper. Dels har dei kome som supplement og nyskapande element i forhold til dei etablerte institusjonane, stundom i protest, dels har dei oppstått som resultat av at for mange utøvarar har dei frie gruppene vore einaste alternativet, dersom dei i det heile skal kunna verka innafor feltet sitt.

I avsnitt 4.7.1 er det gjort greie for korleis den statlege støtta til dei frie gruppene i dag er administrert av Norsk kulturråd. Dei fleste av gruppene, dvs. eit 40-tal, er organiserte i Danse- og Teatersentrum som fungerer som ein interesse- og paraplyorganisasjon for gruppene. Sekretariatfunksjonane har årleg støtte frå Kulturdepartementet.

I 1995 rapporterte desse gruppene at dei viste i alt 107 oppsetjingar med 1804 framsyningar for eit publikum på godt 163 000 personar.

Utan tvil fungerer dei frie sceniske gruppene som eit nyskapande og kreativt element i det totale biletet for scenekunst. Eit viktig poeng er at desse gruppene meir enn nokon andre sceneinstitusjonar, fangar opp dei unge og nyutdanna scenekunstnarane. Slik sett er dei frie gruppene svært viktige både når det gjeld vitalitet på scenekunstområdet og i eit kunstnarpolitisk perspektiv. Samstundes vil departementet understreka det positive i at dei faste institusjonane og frie grupper i aukande grad kan samhandla om fleire prosjekt. Departementet vil i åra som kjem prioritera støtte til dei frie gruppene, og vil konkretisera dette i dei årlege budsjettproposisjonane, jf. avsnitt 8.6.

Utviklinga innanfor scenekunst tilseier at feltet blir gjennomgått på ny for å tryggja leveføre institusjonar og for å ta vare på mangfaldet utanfor institusjonane. Departementet vil alt i år setja i gang eit slikt arbeid.

4.6.7 Museum

I forhold til kunstnarsamfunnet er det kunst- og kunstindustrimusea som har interesse. Musea er ein av dei offentlege innkjøpsaktørane for biletkunst og kunsthandverk. På biletkunstfeltet gjeld det dei statlege kunstmusea Nasjonalgalleriet og Museet for samtidskunst, det gjeld knutepunktinstitusjonane Nordnorsk kunstmuseum, Nordnorsk Kunstnersentrum, Trøndelag Kunstgalleri, Bergen kommunes kunstsamlinger, Lillehammer kunstmuseum, Rogaland Kunstmuseum, Sørlandets Kunstmuseum og Galleri F 15. På kunsthandverksområdet gjeld det knutepunktinstitusjonane Vestlandske Kunstindustrimuseum og Kunstindustrimuseet i Oslo, dessutan den nasjonale tilskotsinstitusjonen Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum. I tillegg har ein nokre andre museum som spelar ei viktig rolle, t.d. Oslo Kommunes Kunstsamlinger, Henie-Onstad Kunstsenter, det private Astrup-Fearnley museet og eit tital mindre kunstmuseum og faste galleri hjå kunstforeiningar.

I 1995 rapporterte eit 40-tal kunst- og kunstindustrimuseum at dei hadde totale inntekter på 219 mill kroner. Av dette var 166 mill kroner offentlege løyvingar og 53 mill kroner var eigeninntekter og gåver. Kor stor del av midlane som gjekk til innkjøp av biletkunst, veit vi ikkje. Men det er grunn til å tru at det var små summar som gjekk til slike formål. Av eit totalbudsjett for Nasjonalgalleriet og Museet for Samtidskunst i 1997 på godt 63 mill kroner, er 6,7 mill kroner avsett til innkjøp av kunst. Dei musea representerer heilt sikkert ein stor del av dei samla midlane som blir brukte til kunstinnkjøp i kunst- og kunstindustrimusea i 1997. Når det gjeld kunsthandverk, har departementet ei ordning med eit innkjøpsfond på ca. 1,1 mill kroner som blir administrert av Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i samarbeid med dei andre kunstindustrimusea.

Den viktigaste funksjonen som desse musea har i forhold til biletkunst og kunsthandverk, er som formidlingsaktørar med utstillingar og andre aktivitetar der kunstuttrykk og kunsttema blir presenterte for publikum. På den måten utgjer musea eit vesentleg element når det gjeld å skapa forståing for biletkunst både i eit historisk og samtidig perspektiv. Regjeringa ser behovet for at institusjonane kan bruka meir av midlane sine til innkjøp av kunst til samlingane. Regjeringa tek difor sikte på å auka rammene for innkjøp av biletkunst og kunsthandverk frå samtida. Konkretisering vil ein koma tilbake til i årlege budsjettproposisjonar. Samstundes vil departementet understreka behovet for at innkjøp av kunst kan ha eit vidare geografisk grunnlag enn det som ofte skjer i dag.

4.6.8 Kunstnarsenter og utstillingar

Etter at det første kunstnarsenteret vart etablert i Bergen i 1976, har det vakse fram 14 regionale kunstnarsentra. Kjenneteiknande for institusjonane er at dei er drivne og styrte av kunstnarorganisasjonane, og at dei i all hovudsak har offentleg finansiering. Oppgåvene deira omfattar å formidla arbeidsoppdrag for kunstnarane, særleg gjeld det utsmykking av offentlege bygg, det kan gjelda konsulentoppdrag, eigne utstillingar, mottak av vandreutstillingar, sal og utleige av kunst, og elles skal kunstnarsentra vera eit serviceorgan både for kunstnarane i dei ulike regionane og andre brukarar av kunst. Sidan 1994 har også kunstnarsentra hatt oppgåver i samband med vurdering av kandidatar til utstillingsstipend, jf. avsnitt 4.1.1.

Til 1995 var kunstnarsentra, Nordnorsk Kunstnersentrum unnateke, driftsfinansierte etter ein fordelingsnøkkel på 60 % statleg tilskot og resten frå regionalt og/eller lokalt hald. Etter at funksjondelingsprinsippet vart gjennomført i 1995, er tilskotsordninga til kunstnarsentra delegert til fylkeskommunane. Kulturdepartementet overfører statstilskot til fylkeskommunane som så fastset dei endelege rammene. Det er ein føresetnad at dei regionale styresmaktene framleis tek på seg sin del av finansieringa, og at det blir utbetalt utstillingsvederlag etter gjeldande reglar og satsar.

Til dei 14 kunstnarsentra og fem landsdelsutstillingar har Kulturdepartementet i 1995 og 1996 løyvt høvesvis 8,5 og 8,7 mill kroner, (post 61 på kap. 322).

Ein kan observera at kunstnarsentra søkjer samarbeid eller samlokalisering med fylkesgalleri og andre institusjonar som det er naturleg å samarbeida med. Departementet ser det som ei positiv utvikling. Departementet tek elles sikte på å overføra løyvingane til kunstnarsentra til det generelle rammetilskotet til fylkeskommunane utifrå omsynet til at ein på regionalt nivå bør stå fritt når det gjeld å utvikla ordninga med kunstnarsentra. Ikkje minst er dette viktig sidan desse institusjonane har ein regional og lokal hovudfunksjon.

Eit viktig innslag i den statsstøtta formidlingsaktiviteten er fleire store, årlege utstillingar som Statens Høstutstilling, Kunstnernes Hus, kunstnarstyrt formidling av biletkunst og kunsthandverk, Norsk Internasjonal Grafikk Triennale, og Selskapet Kunst på Arbeidsplassen og Kunst i Skolen, for å nemna dei viktigaste. Budsjettramma for desse tiltaka er i 1997 på godt 21 mill kroner. For kunstfotografi har Stiftelsen Fotogalleriet i Oslo ein liknande funksjon. Institusjonen får årleg driftsstøtte frå Kulturdepartementet. Felles for alle tiltaka er at dei fungerer som opplysnings- og formidlingsaktørar for å gje biletkunstnarar høve til å eksponera seg for samfunnet. Slik sett vil dei alltid representera viktige brikker i eit kunstnarpolitisk perspektiv som legg vekt på auka bruk av kunstverk og prestasjonar. Departementet vil vurdera å overføra forvaltninga av ein del av tiltaka til Norsk kulturråd, eit ev. Statens kunstfond og/eller Riksutstillingar.

4.6.9 Kunstforeiningar og private galleri

I eit oversyn som vart laga for nokre år sidan, vart det rekna med at i perioden 1976 til 1991 hadde det nesten blitt ei dobling av kunstforeiningar og private galleri, slik at ein då hadde ca. 270 slike tiltak. Sjølv om det heftar litt uvisse til det eksakte talet, har ein i løpet av 1980- og -90-åra kunna observera ein uvanleg stor auke i private utstillingsstader og galleri. Det må bety at interessa for å sjå på kunst i desse utstillingsstadene er stor, i tillegg til at det må vera ein kjøparmarknad som gjer det mogeleg å overleva som salsgalleri utan offentleg tilskot.

No vil det vera stor skilnad mellom dei mange galleria, og somme vil nok hevda at mange av dei aktuelle stadene ikkje alltid fremjar den profesjonelle, eksperimentelle biletkunsten. Det aukande talet på galleri og kunstforeiningar er likevel eit eintydig vitnemål om interesse og vitalitet på området, som i sum må koma kunstnarane til gode, både gjennom det at dei kan nå ut til publikum med arbeida sine, og at dei såleis får større omsetnad av kunstverka sine.

Verdien av biletkunstomsetninga i private salsgalleri er vanskeleg å få sikre opplysningar om, men i ei ny undersøking reknar ein med at avgiftspliktig årleg omsetning er på godt 100 mill kroner. I og med at det av alt offentleg sal av biletkunst skal svarast ei avgift på 3 %, får ein eit bilete av den totale omsetningsverdien av biletkunst, jf. avsnitt 4.2.4.2. Men det oversynet gjeld både førstehands- og andrehandssal, dessutan også utanlandsk kunst.

Dei seinaste åra har ein kunna observera at unge biletkunstnarar har etablert ei form for alternative galleri, dels i opposisjon mot dei etablerte galleria, dels fordi det er vanskeleg å sleppa til med utstillingar. Ein del av desse alternative galleria har kome i stand med økonomisk støtte frå arbeidsmarknadsmidlar, og etter kvart som desse midlane blir reduserte p.g.a. betre sysselsetjing, har ein del av galleria fått økonomiske problem. No vil det vera feil å basera kunsttiltak eller andre kulturaktivitetar på arbeidsmarknadstiltak. Midlar frå sysselsetjingstiltak som kjem kulturlivet til gode, skal alltid vera retta mot noko mellombels, noko som kjem i tillegg til det andre systemet. Dette som no skjer med ein del av dei nyare galleria, er ein av mange illustrasjonar på dei vanskane som unge biletkunstnarar har, når det gjeld å livberga seg som kunstnarar. Regjeringa vil dei næraste åra prioritera tiltak som kan koma dei nyutdanna/unge kunstnarane til gode, jf. avsnitt 8.6.

4.6.10 Utsmykkingsfondet for offentlege bygg

Ordninga med eit fond for utsmykking av nye statsbygg vart etablert i 1977. Målet med ordninga var å få kunstnarleg, estetisk tankegang og formspråk inn i det offentlege bygningsmiljøet. Samstundes har det vore ein supplerande arena for kunstnarar som på den måten har fått fleire oppdrag. Verknaden av ordninga har såleis vore positiv både sett frå kunstnarsynsstad og frå dei mange som ferdast i offentlege bygningsmiljø, anten dei er arbeidstakarar eller gjester.

Fram til 1992 hadde Norsk kulturråd ansvar for utsmykkingsmidlar til eldre statsbygg og til toppfinansiering av utsmykkingsoppgåver ved kommunale og fylkeskommunale bygg. Med verknad frå 1992 vart alle statlege tilskot samla under fondet med nytt namn, Utsmykkingsfondet for offentlege bygg.

Då ordninga starta, var det intensjonen at ca 1 % av byggjekostnadene skulle nyttast til kunstnarleg utsmykking. Sidan midlane har vore separate løyvingar som ikkje har vore knytte til dei aktuelle byggjeprosjekta, har den reelle utsmykkingsprosenten vore på ca. 0,5 % av dei statlege byggjeutgiftene. I Budsjett-innst S nr 2 for 1995-96 bad fleirtalet i Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen «Kulturdepartementet i samarbeid med Administrasjonsdepartementet om, i løpet av våren 1996, å fremme forslag overfor Stortinget som sikrer at avsatte midler til kunstnerisk utsmykking står i forhold til omfanget av statlig byggevirksomhet. Flertallet ber også om at departementet fremmer forslag om hvordan disse midlene skal forvaltes.»

Ei interdepartemental arbeidsgruppe har vurdert alternative finansieringsmåtar, prosedyrar og forvaltning av ordninga. Ei nærare konkretisering av korleis departementet no tenkjer seg ordninga, er omtala i St prp nr 1 Tillegg nr 7 for 1996-1997:

«Regjeringen mener det er behov for å endre dagens utsmykkingsordning og vil i stedet legge til grunn en ordning der utgifter til utsmykking i alle statlige byggesaker legges inn som en del av kostnadsrammen til det enkelte byggeprosjekt. Prosentsatsen av byggekostnadene som skal gå til utsmykkingsformål vil variere mellom 0 og 1,5 pst. etter typen bygg som oppføres. Det skal innenfor dette prosentintervallet utarbeides retningslinjer for kategorisering av byggene. Utsmykkingsfondet skal ut fra en kategorisering for byggene foreslå egnet prosentsats overfor byggherren i det enkelte byggeprosjekt. Utsmykkingsfondet vil fortsatt, med sin erfaring og kompetanse, være det sentrale organet, men må i større grad sikre brukermedvirkning, styrke formidlingen gjennom utadvendt virksomhet i tilknytning til utsmykkingsoppdragene og øke profesjonaliteten hos konsulentene. Utsmykkingsfondet skal, i et nærmere samarbeid med brukerne, ha ansvaret for at utsmykkingene blir gjennomført brukervennlig og med høy kvalitet. Den skisserte omleggingen av utsmykkingsordningen vil gjennomføres for nye bygg i løpet av 1997. Dagens utsmykkingsordning må fortsatt bestå i en overgangsfase, inntil igangsatte bygg med midler fra ordningen er ferdigstilte.»

Ei interdepartemental gruppe har våren 1997 lagt fram retningsliner for kategorisering av statlege nybygg med omsyn til utsmykkingsbehov.

For budsjettåret 1997, som dermed blir eit overgangsår, er det gjort framlegg om ei budsjettramme på knapt 22 mill kroner. Då er det øyremerkt 1 mill kroner til ei innkjøpsordning der statlege etatar kan få midlar til utsmykking i bygg der dei er leigetakarar.

Departementet meiner utviklinga av utsmykkingsordninga no går i rett lei. Med eit opplegg som knyter utsmykkingsprosenten til det einskilde prosjektet, vil det vera større sjansar for at den opphavlege intensjonen med omsyn til omfanget av ordninga kan oppfyllast. Frå ein kunstnarpolitisk synsstad er dette klart positivt. Det vil vidare vera viktig med eit formidlingsarbeid som kan sjå til at brukarane får eit godt forhold til kunsten, og at brukarane i større grad blir tekne med på råd i prosessen kring utveljing av utsmykking.

4.7 Institusjonar som formidlar kunst

4.7.1 Norsk kulturråd

I over 30 år har Norsk kulturråd fungert som ein overlag viktig allmennkulturell institusjon som har arbeidd målretta for å stimulera viktige sider ved norsk kulturliv gjennom å gjera kunst- og kulturverdiar tilgjengelege for så mange som mogeleg, ved å styrkja kulturvernet og dessutan styrkja det profesjonelle kunstlivet.

Mange av dei tiltaka vi ser på som sjølvsagde i dag, var opphavleg forsøksprosjekt i regi av Kulturrådet. Rikskonsertane, kunstnarsentra og innkjøpsordningane for litteratur og biletkunst er blant dei mest kjende «eksperimenta».

Medlemene av Kulturrådet er oppnemnde av regjeringa og Stortinget. Rådet består hovudsakleg av representantar for norsk kunst- og kulturliv og gjev profesjonelle kulturarbeidarar høve til å ta aktivt del i kulturpolitikken.

Kvart år løyver Stortinget midlar til Norsk kulturfond. I 1997 er fondet på ca 160 mill kroner. Hovudfordelinga av fondsmidlane på ulike delar av kunst- og kulturfeltet blir gjord av Kongen i statsråd. Innanfor hovudfordelinga fordeler Kulturrådet midlane i Kulturfondet dels på grunnlag av dei rundt 2000 søknadene som kjem inn kvart år, dels på område der rådet sjølv meiner det er behov for innsats.

Rådet arbeider med litteratur og tidsskrift, musikk, biletkunst og kunsthandverk, barne- og ungdomskultur, kulturvern, kulturbygg og scenekunst. For tida satsar rådet også på prosjekt innanfor kultur og næring, arkitektur og omgjevnader, kultur og media og kultur og helse.

Norsk kulturråd ønskjer å konsentrera midlane i Kulturfondet om nyskapande og eksperimentelle tiltak, tiltak som gjerne fell utanfor ordinære støtteordningar lokalt og sentralt. Difor prioriterer rådet forsøksprosjekt, større eingongstiltak og utprøving av nye formidlingsformer.

Hovudprofilen på Kulturrådets tiltak på kunstområdet er at dei styrkjer formidling av kunstverk og kunstprestasjonar til publikum i tillegg til at rådet støttar eksperiment og nyskaping. Slik sett gjev kulturrådsinnsatsen ein indirekte effekt for einskildkunstnarane. Men det finst også innslag av direkte støtte til kunstnarar innanfor t.d. musikk og biletkunst.

Det blir også lagt vekt på den overføringsverdien eit tiltak kan ha for andre delar av landet. Kjenneteiknande for Kulturrådet er stor grad av fleksibilitet når det gjeld korleis rådet kan nytta løyvingane sine. Det er utan tvil ein vesentleg kvalitet også når det gjeld Kulturrådets engasjement på kunstområdet.

Nedanfor følgjer eit kortfatta oversyn over dei ordningane Kulturrådet har for tiltak innanfor kunstfeltet.

Musikk

Norsk kulturråd bruker midlane til musikkformål til å finansiera forsøksordningar, større enkeltprosjekt og produksjon av rådets CD/kassettseriar.

Rådet gjev også støtte til bestillingsverk, musikktilbod til born og unge, produksjonar som frie grupper lagar innanfor opera/musikkdramatikk, større folkemusikktiltak og diverse enkeltprosjekt av spesiell karakter.

Budsjettramma for musikktiltak i Kulturrådet var i 1994, 1995 og 1996 høvesvis 8,1, 8,0 og 8,0 mill kroner.

Innkjøpsordningane for litteratur

Norsk kulturråds innkjøpsordningar for høvesvis ny norsk skjønnlitteratur for born/ungdom og vaksne og for omsett skjønnlitteratur er dei viktigaste støtteordningane på litteraturområdet. Ordningane er retta mot produksjon av litteratur og har på den måten ein indirekte verknad for forfattarar ved å gjera det lettare å få gje ut bøker.

Innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur for vaksne går ut på at rådet kjøper inn 1000 eksemplar av storparten av alle nye norske romanar, diktsamlingar osv. Det breie nettverket av folkebibliotek får desse bøkene utan vederlag. Det tilsvarande talet for innkjøpsordninga for born/ungdom er 1 550 (fordelte til folke- og skulebibliotek), og for omsett skjønnlitteratur 500 eksemplar.

Frå 1996 er det etablert ei ny selektiv innkjøpsordning for ny norsk faglitteratur for born og ungdom.

Ut over dette gjev Kulturrådet støtte til norske klassikarar, nynorsk litteratur, omsetjing til norsk av innvandrarlitteratur, kunstnarleg illustrerte barnebøker, barne- og ungdomsblad, prosjektstøtte til nye norske teikneseriar og diverse andre tiltak innanfor litteratur, bl.a. bøker tilrettelagt for funksjonshemma.

Vidare kan Kulturrådet gje støtte til kulturtidsskrift. Støtta er i form av produksjonsstøtte, innkjøpsstøtte (av 200 årsabonnement), særskild støtte (temanummer o.a.) eller oppstartingsstøtte. Det er mogeleg å få fleire former for støtte til same tidsskrift.

I 1994, 1995 og 1996 var totalramma for litteratur høvesvis 60,2, 60,6 og 63 mill kroner.

Biletkunst og kunsthandverk

Norsk kulturråd arbeider for at utstillingar og anna formidling av biletkunst, kunsthandverk og kunstfotografi skal koma flest mogeleg til gode.

Kulturrådet har eigen innkjøpskomite for biletkunst og kunsthandverk, med kontaktar i alle delar av landet. Elles satsar rådet på større forsøk og enkeltprosjekt som stimulerer skapande biletkunst, kunsthandverk og kunstfotografi. Vidare gjev Kulturrådet støtte til tiltak som spesielle utstillingar og utstillingsretta prosjekt, forsøk med nye formidlingsformer, utstillingsutstyr til kunstformidling, innkjøp av kunst til kunstsamlingar, utgjeving av publikasjonar, kunstformidling til born og unge, utgreiingsarbeid og kurs/seminar som har særskild meining for det engasjementet rådet har på kunstområdet.

Forvaltninga av Kulturrådets ordningar for debutant- og utstyrsstøtte for biletkunstnarar, kunsthandverkarar og fotografar er frå 1992 overførte til kunstnarorganisasjonane, men pengane går over Kulturrådets budsjett. I tillegg har Kulturrådet sidan andre halvår 1996 forvalta dei særskilde utstillingsstipenda som Kulturdepartementet etablerte med verknad frå 1994, jf. avsnitt 4.1.1.

Budsjettramma for biletkunst og kunsthandverk var i 1994, 1995 og 1996 på høvesvis 8,25, 8,5 og 8,7 mill kroner.

Scenekunst

Utgangspunktet for at scenekunst vart etablert som eigen hovudkategori, var at staten ytte tilskot til eit veksande tal frie sceniske grupper, som sidan slutten av 1970-åra hadde representert ei nyskapande retning på scenekunstområdet. Støtteordningane for frie sceniske grupper har i vekslande periodar vore administrerte av Kulturrådet, Riksteatret og departementet. Dei fleste gruppene er organiserte i Danse- og Teatersentrum. Ein har kunna observera teikn til sterkare samarbeid mellom dei frie gruppene og institusjonsteatra, og det er ein tendens som departementet ser positivt på.

I samband med at Kulturrådet overtok ordninga frå Riksteatret i 1994, har det blitt etablert eit nytt Fagleg utval for scenekunst. Utvalet behandlar ulike saker og søknader som gjeld scenekunst, men støtteordninga for fri scenekunst er dominerande. Slik ordninga er lagt opp no, kan det søkjast om driftsstøtte og produksjons- og prosjektstøtte. Med verknad frå 1996-97 har tilskotsordninga for fri scenekunst blitt revidert. Det tidlegare innstillingsutvalet har blitt erstatta med ein scenekunstkonsulent, tilsett på åremål for ein periode på fire år. Saman med to medlemer frå scenekunstutvalet vil scenekunstkonsulenten behandla søknadene og laga innstilling. Den eine medlemen i scenekunstutvalet skal ha særleg kompetanse på dans. Midlane blir samla i ein prosjektpott utan øyremerking. Det er likevel ein generell regel at minst ein tredjedel av det samla tilskotet til fri scenekunst skal gå til dans. Ein halvdel av den samla prosjektstøtta skal kunna gå til prosjekt som kan vara maksimum fire år.

Utvalet for scenekunst fører vidare støtteordninga for ny norsk dramatikk og støtteordninga for ny koreografi. Det kan også søkjast om støtte til spesielle tiltak på scenekunstområdet.

Løyvingane i 1996 og 1997 var høvesvis 21,6 og 23,7 mill kroner.

4.7.1.1 Vurdering av Norsk kulturråds rolle i kunstnarpolitikken

Fordelinga av midlane frå Norsk kulturfond (tabell 4.21) viser at dei seinaste åra har ca 65 % av midlane gått til kunstområdet, dvs. til litteratur, musikk, biletkunst og kunsthandverk og fri scenekunst.

Tabell 4.21 Hovudfordeling av midlar frå Norsk kulturfond 1994-97. 1000 kroner.

1994*199519961997**
Litteratur60 20060 60063 00064 700
Tidsskrift2 2002 3002 3002 300
Musikk8 1008 0008 0008 000
Biletkunst og kunsthandverk8 2508 5008 7008 700
Kulturvern12 65012 10012 10012 100
Barne- og ungdomskultur6 7007 5007 5007 700
Kulturbygg21 2009 2278 8008 800
Kultur og næring1 7001 9762 000
Arkitektur og omgjevnader3 5003 2002 5002 500
Kultur og media1 0241 0001 000
Kultur og helse4 0004 000
Frie sceniske grupper/dans21 60023 700
Andre formål13 10010 71710 67014 000
Utval, utgr.1 6001 9502 2002 200
139 200127 094154 370159 700

* For åra 1994, 1995 og 1996 er det avrunda rekneskapstal.

** Hovudfordeling arbeidsbudsjett.

Under barne- og ungdomskultur skal i denne samanhengen nemnast forsøksordningane som Kulturrådet og Norsk Musikkskoleråd i ulike omgangar har hatt sidan 1989 med kunstskular, kulturskular eller andre kunstaktivitetar for born og unge i ein del prøvekommunar. I viss monn har desse forsøka teke utgangspunkt i eksisterande musikkskular, og på den måten utvida aktiviteten til fleire delar av kunstområdet. Dei første røynslene frå tiltaka ser ut til å vera i hovudsak positive, og Norsk kulturråd og Norsk Musikkskoleråd har gjeve ut ei lita handbok for etablering av kulturskular, jf. avsnitt 8.9.

Departementet konstaterer at det med jamne mellomrom kjem opp debattar om litteraturordningane. Så langt har departementet funne det mest føremålstenleg å halda på hovudinnretninga i innkjøpsordningane for litteratur. Ordningane utgjer eit viktig grunnlag i arbeidet med å styrkja bruken av norsk språk i litterær samanheng. I tillegg har ordningane ein viktig indirekte funksjon for forfattarar. Korleis innkjøpsordninga skal utviklast i framtida, vil departementet ta stilling til i samråd med Kulturrådet.

Departementet vil understreka den etter måten fleksible rolla Norsk kulturråd har på kunstfeltet, der Rådet opererer i skjeringspunktet mellom formidling og nyutvikling/eksperimentering. Norsk kulturråds engasjement på kunstområdet bør også i framtida ha ein slik blandingsprofil. Utstillingar, konsertar, førestellingar og forsøksverksemd er alle ein type tiltak som styrkjer kontakten mellom kunstnarane og omverda. Det er departementets mål at Norsk kulturråds innsats på kunstområdet i hovudsak skal følgja denne blandingsprofilen.

Fleire kunstformer er i ferd med å ta i bruk data- og informasjonsteknologi som kunstnarleg verkemiddel. Ofte blir det skapt heilt nye kunstformer og kunstuttrykk. Særleg for yngre grupper av både kunstnarar og kunstbrukarar har dette nye stor tiltrekkingskraft. Regjeringa vil difor styrkja Norsk kulturfond for å leggja til rette for støtte til nyvinnande prosjekt som gjeld bruk av informasjonsteknologi på kunstområdet.

Når det gjeld Kulturrådets ordningar som rettar seg direkte mot kunstnarane, vil departementet vurdera å overføra dei til eit ev. Statens kunstfond. Det vil gje ei fornuftig todeling mellom eit Statens kunstfond og Norsk kulturråd. Det sistnemnde organet skal ha ansvar for tiltak som formidlar kunstverk og -prestasjonar til eit breitt publikum, og det på ein måte som sikrar at Kulturrådet kan vera både initiativtakande og nyskapande. Hovudperspektivet til Kulturrådet skal liggja på kontakten mellom kunstnarverda og resten av samfunnet. Statens kunstfond skal ha ansvar for dei tiltaka som tek sikte på å støtta einskildkunstnarar og prosjekt som i hovudsak er skapte på kunstnarpremissar. Sjølvsagt vil det vera mange kontaktpunkt mellom desse to organa, og departementet vil i samarbeid med dei to organa sjå til at det blir etablert samarbeidsrutinar som skal sikra god utnytting av ressursane til beste både for kunstnarar og det kunstinteresserte samfunnet. I den samanhengen vil det også vera naturleg med ein nærare analyse av grensesnittet mellom Norsk kulturråd og dei tre R-ane: Rikskonsertane, Riksteatret og Riksutstillingar, jf avsnitt 4.7.3.

4.7.2 Samisk kulturråd

Samisk kulturråd er eit organ under Sametinget, og har sidan etableringa i 1993 hatt som forvaltningsoppgåve å gjennomføra Sametingets politikk med dei verkemidla som er tildelte gjennom det årlege budsjettet. I tillegg er Samisk kulturråd eit fagpolitisk organ for Sametinget og kan i den samanhengen koma med fråsegner som gjeld samiske kulturspørsmål, spesielt i forhold til dei verkemidla som rådet disponerer.

Reint administrativt har Samisk kulturråd oppgåver knytte til Samisk kulturfond, samisk forlagsdrift, fordeling av støtte til samiske kulturhus, fordeling av støtte til samiske kulturorganisasjonar og tilskotsordninga som er knytt til oppvekstvilkår for samiske born.

Når det gjeld samisk kunstliv, er i første rekkje Samisk kulturfond det viktigaste verkemiddelet for Samisk kulturråd. Tabell 4.22 viser oversyn over korleis støtta har blitt fordelt på ulike kunstområde dei seinaste åra. Under Andre tiltak kjem det også støtte til tiltak som ikkje er kunstrelaterte.

Tabell 4.22 Fordeling av midlane i Samisk kulturfond 1994-96. Tusen kroner.

199419951996
Litteratur2 1432 0721 928
Biletkunst/duodje7328761 086
Musikk1 0011 000941
Samiske frie teaterformål225340410
Andre tiltak8777061 022
Sum4 9784 9945 387

Kilde: Kjelde: Årsmelding for Samisk kulturråd 1996

Kontaktutvalet for samiske kulturspørsmål vart etablert i 1994 med representantar for Kulturdepartementet, Kommunal- og arbeidsdepartementet, Samisk kulturråd og Norsk kulturråd. Utgangspunktet for utvalet var å finna fram til effektive samarbeidsformer og samordning i behandling av større samiske kulturprosjekt. Utvalet skal arbeida med langsiktige prioriteringar både administrativt, fagleg og økonomisk og skal leggja til rette for koordinering av einskildsaker og prosjekt for å få gjennomført samepolitiske prioriteringar på breitt grunnlag.

Av dei samiske kunstnarinstitusjonane skal i denne samanhengen nemnast Beaivvás Sámi Teáther med fast scene i Kautokeino, som er driftsfinansiert over Kulturdepartementets budsjett, jf. avsnitt 4.6.6. I kunstnarsamanheng er også Samisk musikkfestival viktig med mange innslag frå samisk kunstliv.

Regjeringa er innstilt på å styrkja Sametingets rolle i den generelle kulturpolitikken ved å overføra ansvar og avgjerder frå departementet. For dei prinsipielle sidene ved desse spørsmåla blir det vist til St meld nr 41 (1996-1997) Om norsk samepolitikk, avsnitt 12.8.

Når det gjeld samiske kunstnarspørsmål, tek ein sikte på å finna fram til ordningar som gjer at Sametinget i aukande grad tek over oppgåver som departementet i dag har, m.a. når det gjeld fordelinga av statlege stipend til kunstnarar. Det vil bety at stipend og andre statlege midlar blir overførte til Sametinget, som sjølv fastset kva organ som skal forvalta ordningane. Konkret vil det innebera at Statens utval for stipend og garantiinntekter skal overføra sine oppgåver når det gjeld samiske midlar til stipend og garantiinntekter, til det organet Sametinget oppnemner som forvaltningsorgan. Jf. også omtale av Samisk Kunstnerråd i avsnitt 6.3.

4.7.3 Riksteatret, Rikskonsertane og Riksutstillingar

Dei tre R-ane har røter tilbake til tida rett etter andre verdskrigen då ein realiserte ein kunstpolitikk som m.a. tok sikte på å formidla kunstopplevingar utover heile landet til stader der dei klassiske kunstuttrykka ikkje var så vanlege.

Eldst i R-flokken er Riksteatret som vart etablert i 1948 med hovudsete i Oslo. Teateret hadde ei sterk ekspansjonstid utover på 1970-talet, og hadde på det meste over 200 scener rundt i landet som dei besøkte med framsyningane sine.

I samband med framveksten av regionteater vart det reist spørsmål ved Riksteatrets rolle og funksjon, og i samsvar med innstillinga frå Scenekunstutvalet i 1988 gjorde Kulturdepartementet framlegg om å oppløysa det faste ensemblet ved Riksteatret frå 1. august 1990. Det var mange og sterke protestar mot dette, og Stortinget vedtok at teateret skulle behalda eit mindre ensemble. Utover på 1990-talet, etter St.meld. nr. 61 (1991-92) Kultur i tiden, har Riksteatret fått ein produksjonsprofil som i aukande grad har blitt retta mot born og unge. Etter ein prøveperiode vart prosjektet Unge Riks fast etablert innanfor Riksteatret i 1994. I tillegg har teateret drive med dokketeaterframsyningar og hatt ansvar for utdanning av dokketeaterskodespelarar (fram til 1996).

Med verknad frå 1995 har Riksteatret overteke forvaltninga av ein del tilskotsordningar på teaterområdet.

Budsjettramma for Riksteatret i 1997 er ca. 75 mill kroner.

På biletkunstområdet fekk ein i 1952 Riksgalleriet, som skulle «føre god kunst frem til folk i bygd og by», som det heitte i formålsparagrafen. Den gongen var kunstutstillingar i hovudsak eit storbyfenomen. I samband med skipinga av Museet for samtidskunst i 1988 vart Riksgalleriet overført dit, som ei avdeling i museet. Oppgåvene, formidling og produksjon av vandreutstillingar, var i hovudsak den same som for det tidlegare Riksgalleriet, men med eit noko redusert omfang og aktivitetsnivå.

I St.meld. nr. 61 (1991-92) Kultur i tiden vart det peikt på behovet for å styrkja den landsomfattande formidlinga av biletkunst og kunsthandverk. I tilleggsmeldinga til Kulturmeldinga, St.meld. nr. 27 (1992-93) Tillegg til St.meld. nr. 61 (1991-92) Kultur i tiden, vart det skissert ei meir sjølvstendig rolle for Riksutstillingar som hovudansvarleg for kunstformidling i Noreg. Nasjonal plan for formidling av billedkunst og kunsthåndverk (1994) konkretiserer desse tankane og dreg opp konturane av institusjonen Riksutstillingar som eit samordnande tyngdepunkt i den nasjonale kunstformidlinga, med hovudvekt på vandreutstillingar. Riksutstillingar skal utvikla spisskompetanse på utstillingsteknikkar og formidlings- og prosjektleiaroppgåver. Eit avgjerande punkt i Nasjonal plan er at alle aktørane på feltet skal samarbeida i eit nettverk med Riksutstillingar som nettverkssamordnar. Hovudaktørane vil vera dei to nasjonale kunstmusea, dei tre kunstindustrimusea og knutepunktinstitusjonane for kunst. I tillegg kjem fylkesgalleria (førebels 5), kunstnarsentra i fylka, over 220 lokale kunstforeiningar og i somme høve, private galleri. Det nye Riksutstillingar kom i drift andre halvår 1996.

1997 blir det første heile driftsåret for Riksutstillingar. I St prp nr 1 (1996-1997) heiter det m.a.:

«Riksutstillingar har eit særleg ansvar for at kunstformidlinga i Noreg er landsdekkjande og institusjonen bør arbeide for samarbeidsprosjekt med andre nordiske land. Vidare er fleirkulturelle tiltak og tiltak for barn og unge også særskilde oppgåver for riksinstitusjonane. ... I tillegg til å lage ei rekkje nye utstillingar i løpet av 1997 skal Riksutstillingar lage tverrkunstnariske prosjekt med andre institusjonar, m a Rikskonsertane og Riksteatret.»

I arbeidsoppgåvene for Riksutstillingar ligg også ei prøveordning med fire utstillingskoordinatorar på ulike stader i landet. Meininga er at koordinatorane skal vera bindeledd mellom dei nasjonale og statlege institusjonane på området og knutepunktinstitusjonane. Vidare skal Riksutstillingar vidareføra Pilotgalleriprosjektet, som Norsk kulturråd sette i gang i 1993.

Budsjettramma for Riksutstillingar i 1997 er på 18,4 mill kroner med ein stab på 16 tilsette.

Rikskonsertane vart skipa i 1968 som den siste av dei tre riksinstitusjonane på kunstområdet. Målet var å formidla god musikk til alle delar av landet. Verksemda til Rikskonsertane har vore inndelt i fire hovudkategoriar: 1) skulekonsertar i grunnskulen og den vidaregåande skulen, 2) allmenne konsertturnear i distrikta, 3) oppsøkjande konsertar i helse- og sosialinstitusjonar og 4) støtte til lokale konsertinitiativ. Volumet av verksemda kan illustrerast av tabell 4.23.

Tabell 4.23 Tal på konsertar under Rikskonsertane

Aktivitet19941995
Skulekonsertar5 4095 714
Barnehagekonsertar857826
Institusjonskonsertar876431
Offentlege konsertar188169
Konsertar på lokalt initiativ2 2961 885
Turnéstøtte rock m.m.431435
Norsk Musikantbruk154139
Norsk Fleirkulturelt Musikksenter128128
Konsertar i alt10 3399 727

I tillegg til den omfattande produksjonsverksemda har Rikskonsertane frå og med 1995 og 1996 fått delegert ei rekkje andre oppgåver. Det gjeld ansvaret for Norsk Musikkinformasjon (NMI), forvaltning av tilskot til Samla Norsk Rock, formidlingsteneste for folkemusikk og Ole Bull Akademiet. Frå og med 1997 skal Rikskonsertane også ha forvaltningsansvaret for tilskot til musikkfestivalar.

Gjennom dei seinaste 10 åra har Rikskonsertane i aukande grad lagt vekt på å styrkja det regionale leddet i konsertproduksjonar. Frå 1990-91 har Rikskonsertane hatt samarbeidsavtaler med fylkeskommunane. Avtalene har som føresetnad at den enkelte fylkeskommunen kjem med planar for skulekonsertane i sitt fylke og elles foreslår samarbeidstiltak mellom fylkeskommunen og Rikskonsertane.

I 1997 vil Rikskonsertane ha ein stab på 36 tilsette og eit budsjett på ca. 88 mill kroner. I tillegg kjem 16, 4 mill kroner som skal disponerast til festivalstøtte og ein del midlar til andre musikktiltak under post 79 på budsjettkapittel 323.

I St prp nr 1 (1995-96) Tillegg nr 6 vart det gjort framlegg om å samlokalisera dei tre riksinstitusjonane. I samsvar med dette og fleirtalsinnstillinga i Innst S nr 127 (1995-96) vedtok Stortinget våren 1996 at dei tre institusjonane skal samlokaliserast i nye lokale på Nedre Foss i Oslo. Statsbygg er i gang med prosjektering av bygget.

I den samanhengen vil departementet saman med dei tre institusjonane gjennomføra ein analyse med tanke på å samordna eller ev. samorganisera verksemdene.

Siktemålet med ein slik gjennomgang er a) å få til enkle og rasjonelle administrative rutinar og prosedyrar, b) å sikra at mest mogeleg av ressursane går til kunstnarleg aktivitet i samsvar med målsetjinga i Tillegg nr 6 om å nå fram til flest mogeleg med kvalitetskunst og c) å få til ein god balanse mellom dei sentrale og regionale/lokale funksjonane i kunstformidlingsarbeidet.

Vidare vil det heilt klart vera naudsynleg å sjå nærare på forholdet mellom dei tre R-ane og Norsk kulturråd, fordi dei med litt ulik profil er aktive på somme av dei same felta. Det må m.a. vurderast om dei tre R-ane skal ha forvaltnings- og tilskotsansvar på felt der dei samstundes spelar ei sentral aktørrolle, eller om slike oppgåver skal handterast av Norsk kulturråd.

Sett i eit kunstnarpolitisk perspektiv representerer dei tre R-ane viktige institusjonar som gjev i første rekkje utøvande, men også skapande, kunstnarar høve til å møta publikum, i prinsippet over heile landet. Med ei total årleg budsjettramme på 150-170 mill kroner representerer dei tre institusjonane eit vesentleg innslag med tanke på å formidla kunstaktivitet, og dermed også gje arbeid til kunstnarar. Også frå ein slik synsstad vil det vera viktig å gå gjennom verksemda til dei tre R-ane no når dei skal samlokaliserast.

4.7.4 Norsk Forfattersentrum

På litteraturområdet har Norsk Forfattersentrum ein liknande funksjon som dei tre R-ane på sine kunstområde. Hovudoppgåva er å presentera forfattarar og samtidslitteratur til eit publikum i heile landet. Dette skjer gjennom forfattarturnear, bokdagar og skrivekurs. Som døme på tiltak kan nemnast den årlege Bokdagen og turnear til vidaregåande skular og bibliotek. Forfattarsenteret arbeider særleg med å styrkja bruk av forfattarar i distrikta. Institusjonen har såleis eigne distriktskontor i Bergen, Trondheim og Tromsø.

Som organisasjon består Norsk Forfattersentrum av forfattarar som einskildmedlemer, i 1995 var det 680 personar. Styret er samansett av medlemer som blir valde på årsmøtet og dessutan av representantar som er oppnemnde av Statens bibliotektilsyn og Landslaget for norskundervisning. Mellom 50 og 60 % av medlemene har dei seinaste åra fått oppdrag gjennom forfattarsenteret.

Inntektskjeldene for senteret er statstilskot frå Kulturdepartementet, som i 1997 er på godt 5,7 mill kroner, og betaling frå oppdragsgjevarane. Denne summen var i 1995 på godt 2,8 mill kroner. Totalbudsjettet ligg såleis på i overkant av 8 mill kroner pr. år. Den administrative staben tilsvarer sju heile stillingar, med to stillingar fordelte på tre distriktskontor.

Norsk Forfattersentrum spelar ei viktig rolle når det gjeld å gje norske samtidsforfattarar høve til å framføra litterære tekstar direkte til eit publikum. Slik sett er det eit viktig supplement til innkjøpsordninga for litteratur.

I samband med gjennomgangen av dei tre R-ane vil departementet vurdera om verksemda i Norsk Forfattersentrum i større grad kan samordnast med formidlingsverksemda i riksinstitusjonane.

4.7.5 Kunstsamkvem med utlandet

Innanfor det statlege kultursamarbeidet med utlandet spelar kunst ei ikkje uvesentleg rolle. I St. meld. nr. 61 (1991-92) Kultur i tiden legg ein i målsetjinga for kultursamarbeid med utlandet vekt på at tiltaka skal fremja mellomfolkeleg forståing, at formidling av norsk kunst og kultur til utlandet skal vera verkemiddel i ei profilering av Noreg og at ein skal formidla utanlandske impulsar og kontaktar til norsk kulturliv.

I den praktiske utforminga av tiltaka er arbeidsoppgåvene fordelte mellom Utanriksdepartementet og Kulturdepartementet. Utanriksdepartementet har i hovudsak ansvaret for tiltak som omfattar formidling av norsk kunst og kultur til utlandet. Det kan vera stormønstringar med program som omfattar konsertar, utstillingar og andre kulturarrangement, det kan vera støtte til turnear i utlandet for musikksolistar og/eller orkester eller utstillingar med norsk kunst. Tiltak som fremjar norsk film, teater, dans og litteratur i utlandet høyrer også med i biletet. I 1996 utgjorde den økonomiske ramma i Utanriksdepartementet til kulturpresentasjonar i utlandet ca. 14 mill kroner.

Utanriksdepartementets ulike kunsttiltak i utlandet representerer spennande utfordringer for mange norske kunstnarar, samstundes som dei markerer norsk kunstliv i ein internasjonal samanheng.

I viss monn har også NORAD kulturtiltak som inneheld innslag av samarbeid mellom kunstnarar og kunstinstitusjonar.

Kulturdepartementet har i hovudsak ansvar for tiltak som formidlar utanlandske impulsar til norsk kulturliv, for kultursamarbeid i Norden og for multilateralt kultursamarbeid, hovudsakleg knytt til samarbeid i internasjonale organisasjonar. Departementet finansierer fleire institusjonar som heilt eller delvis er engasjert i kulturtiltak retta mot utlandet, t.d. NORLA, Rikskonsertane, Norsk filminstitutt og Norsk Musikkinformasjon. Departementet har også ansvar for norsk deltaking på somme internasjonale biletkunstbiennalar.

Utanriksdepartementet og Kulturdepartementet har regelbunden kontakt for å drøfta saker som grip inn i ansvarsområda til begge departementa.

4.8 Høgare kunstutdanning

4.8.1 Utdanningskapasitet

Sett frå ein kunstnarpolitisk synsstad er det ein klar samanheng mellom utdanningskapasiteten til ei kvar tid og kor lett eller vanskeleg det er å etablera seg som yrkesutøvar i kunstfag etter fullført utdanning. Sjølvsagt har kvaliteten på utdanninga også mykje å seia, det same gjeld innbyrdes forhold mellom dei ulike utdanningsstadene. Men slike tema ligg utanfor denne meldinga. Ein går heller ikkje inn på utdanningstilbodet i kunstfag i grunnskulen og vidaregåande opplæring, men konsentrerer seg om nokre hovudtrekk i den høgare kunstfagutdanninga, som har den mest direkte tilknytinga til det kunstnarpolitiske feltet.

Den høgare utdanninga etter vidaregåande skule omfattar fleirårige studium innanfor følgjande kunstfagområde: musikk, teater, opera, ballett, biletkunst og kunsthandverk og design.

Etter omorganiseringsprosessen pr. 1. august 1994 er musikkutdanning på høgare nivå organisert ved Noregs musikkhøgskole (NMH), ved statlege høgskular og ved universiteta i Oslo, Bergen og Trondheim.

Med verknad frå 1. januar 1996 er tidlegare Østlandets musikkonservatorium innlemma i Noregs musikkhøgskole. Hovudretningane i grunnstudia er faglærarstudiet, det utøvande fagstudiet og kandidatstudiet. Ved NMH har ein også vidareutdanningstilbod i tillegg til ei praktisk-pedagogisk årseining. Endeleg gjev NMH undervisning til høgare grad med hovudfags- og diplomstudium. Hausten 1996 var det registrert godt 460 studentar på alle nivå ved NMH, medrekna ØMK.

Den tidlegare musikkonservatorieutdanninga er innlemma ved høgskulane i Agder (HiA), Stavanger (HiS), Tromsø (HiTø), Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) og Universitetet i Bergen. Grunnstudia ved desse undervisningsstadene omfattar faglærarutdannning, utøvande fagstudium og kyrkjemusikkutdanning. Det blir også gjeve vidareutdanning i musikkpedagogikk, kyrkjemusikk og i utøvande fagstudium. Ved Høgskolen i Bergen blir det dessutan gjeve hovudfagsundervisning i musikkpedagogikk. Hausten 1995 var det registrert godt 460 studentar på dei ulike utdanningsnivåa i høgskulesystemet.

Ved Høgskolen i Telemark er det etablert to årseiningar i folkemusikk, og ved Ole Bull akademiet har ein kurs for musikkstudentar ved universitet og høgskular. Endeleg skal nemnast at ved ei rekkje høgskular har ein halvårs- og årseiningar i musikk som del av lærarutdanninga.

I tillegg til den offentlege utdanninga har ein også musikkutdanning på høgare nivå ved det private Barratt Dues Musikkinstitutt med både grunnutdanning og påbyggingsutdanning.

Kunsthøgskolen i Oslo, Avdeling for teaterutdanning (tidlegare Statens teaterhøgskole) utdannar profesjonelle skodespelarar og sceneinstruktørar. Både studiet ved skodespelarlina og instruktørlina gjev faglærarkompetanse dersom det blir kombinert med praktisk-pedagogisk utdanning. Det er stor søknad til skodespelarutdanninga, og av 400-500 søkjarar kvart år blir det teke opp åtte - ti studentar. Ved sceneinstruktørlina blir det teke opp tre - fire studentar kvart tredje år. Hausten 1995 var det 28 studentar på skodespelarlina og fire ved instruktørlina.

Sidan 1996 er det etablert ei treårs grunnutdanning i figurteater ved Høgskolen i Østfold med opptak av 12 studentar annakvart år.

I seinare år er det skipa ei privat utdanning innanfor teater/drama i Bergen.

Kunsthøgskolen i Oslo, Avdeling for operautdanning (tidlegare Statens operahøgskole) er den einaste institusjonane som gjev utdanning til songarar innafor opera og andre former for musikkteater. Tidlegare var det opptak av ti studentar kvart tredje år. Frå og med 1996 tek skulen opp fire-fem studentar kvart år.

Kunsthøgskolen i Oslo, Avdeling for ballettutdanning (tidlegare Statens balletthøgskole) har utdanning i scenisk dans, dansepedagogikk og koreografi innanfor hovudretningane klassisk ballett, moderne ballett og jazzdans. Dansepedagogikklina gjev faglærarkompetanse. På danselinene blir det teke inn om lag 15 studentar kvart år, medan det på koreografilina kjem inn to - fire studentar kvart tredje år. I tillegg har Høgskolen i Bodø ballettpedagogutdanning med opptak av ti studentar kvart tredje år.

Den norske balletthøyskole er ein privat institusjon som gjev utdanning for pedagogar og dansarar. Hausten 1995 var det registrert 27 studentar.

Utdanning i kunsthandverk og design var tidlegare å finna ved Statens handverks- og kunstindustriskole (SHKS) og Statens høgskole for kunsthandverk og design i Bergen (SHKD). Institusjonane er no integrerte i høvesvis Kunsthøgskolen i Oslo, Avdeling for handverks- og kunstindustriutdanning og Kunsthøgskolen i Bergen, Avdeling for kunsthandverk og designutdanning. Begge institusjonane har ei grunnutdanning på tre år (høgskolekandidat) med eit hovudfagstillegg på 11/2 år (kunstfag-/designkandidat).

I Oslo er utdanninga organisert i tre avdelingar: ei for kunstfag, ei for design og ei for fellesfag. Dei tre avdelingane er vidare inndelte i til saman ti institutt som avspeglar dei ulike fagspesialitetane. I avdeling for kunstfag blir det gjeve utdanning i keramikk, metall, klede og kostymar, tekstil og fargelære. I avdeling for design er det to retningar, ei for møbel- og innreiingsarkitektur og ei for grafisk design og illustrasjon. Hausten 1995 var det registrert i alt 326 studentar ved det tidlegare SHKS.

I Bergen er det undervising i faga fotografi, illustrasjon og grafisk design, interiørarkitektur og møbeldesign, keramisk kunsthandverk og tekstilt kunsthandverk. Hausten 1995 var det registrert 185 studentar.

Biletkunstutdanninga var tidlegare organisert i tre frittståande kunstakademi i Oslo, Bergen og Trondheim. Etter omorganiseringa er dei integrerte i høvesvis Kunsthøgskolen i Oslo, Kunsthøgskolen i Bergen og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).

Ordinær studietid er fire år med høve til eit femte fordjupingsår for nokre få studentar. Det blir ikkje kravt generell studiekompetanse. Opptak av studentar skjer etter omfattande opptaksprøvar. Utdanninga blir ikkje avslutta med formell eksamen. For å få tildelt diplom, må studentane delta i ei utstilling for avgangsstudentane.

Avdeling for biletkunstutdanning ved Kunsthøgskolen i Oslo har plass for 105 studentar fordelte på måleri, skulptur og grafikk. I tillegg er det fem studieplassar i fordjupingsstudiar i dei tre fagområda. Dessutan blir det gjeve undervisning i foto, video og data.

Det er ca. 500 søkjarar kvart år, og av dei tek institusjonen opp 20-25 som ordinære studentar.

I Bergen er utdanninga sidan studieåret 1991/92 organisert i to avdelingar, ei for todimensjonal kunst og ei for tredimensjonal kunst. Av ein søkjarmasse på 200-230 blir det berre teke opp 13 nye studentar kvart år. Hausten 1995 var det registrert 58 studentar.

Utdanninga i Trondheim er etter omorganiseringa integrert i Avdeling for arkitektur. Det blir gjeve utdanning ved følgjande liner: måleri, skulptur, grafikk og intermedia. Hausten 1995 var det registrert 65 studentar.

Sjølv om det ikkje er noka form for formell forfattarutdanning, finst det nokre kortare studietilbod som har som mål å gje grunnleggjande kunnskapar og skrivetrening for forfattarar. Det gjeld forfattarstudiet (to semester) ved Høgskolen i Telemark, eit ti vekttals fjernundervisningsemne ved Universitetet i Tromsø og ei årseining ved den private stiftinga Skrivekunstakademiet i Bergen.

I tillegg til kunstutdanning i Noreg tek eit veksande tal studentar kunstutdanning i utlandet. Dels er det tale om utdanningsretningar som ikkje finst her i landet, men i stor grad er det også parallelle utdanningar til dei norske. Det er eit klart positivt trekk at norske studentar får utdanning og faglege impulsar i kunstfaga, som i stor grad er avhengige av internasjonale kontaktar for å kunna utvikla seg. Eit spesielt trekk er likevel ein svært sterk vekst i talet på studentar i utlandet dei seinaste fem - seks åra. Skuleåret 1995-96 hadde Statens lånekasse for utdanning registrert ca. 1200 norske studentar ved utanlandske, kunstfaglege lærestader.

4.8.2 Utfordringar for høgare kunstutdanning

I samband med etablering av kunsthøgskulane i Bergen og Oslo har Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet sett i gang ein gjennomgang av den samla kunstutdanninga i landet. Ei interdepartemental gruppe har vurdert ulike sider ved utdanninga. I eit strateginotat identifiserer gruppa ei rekkje utfordringar som departementet og dei aktuelle utdanningsmiljøa no skal arbeida vidare med. Ein del av utfordringane og mogelege utviklingsliner kan beskrivast på følgjande måte:

  • Det er viktig at institusjonane sjølve held fram med eller set i gang arbeid med å kartleggja og vurdera fagområde eller disiplinar som det kan vera aktuelt å samordna/integrera i den nyetablerte strukturen. Det vil kunna frigjera ressursar til fagleg utvikling, eventuelt utvida studietid.

  • Ein bør i fellesskap utgreia fagprofilering og arbeidsdeling mellom institusjonane.

  • Institusjonane må vurdera nærare kva opptakskrav som skal gjelda for dei ulike profesjonsutdanningane.

  • Samanlikna med utlandet har ein her i landet forholdsvis kortare normert studietid for dei fleste utdanningane. Normeringa av studietida for dei kunstfaglege utdanningene bør vurderast mellom anna med omsyn på å sikra ei forsvarleg faglig fordjuping og utvikling. Normeringa bør også sjåast i samanheng med at mange vel fleire kunstutdanningar.

  • Det bør utarbeidast framlegg til studiemodellar som tek omsyn til dei behova ulike grupper har for grunnutdanning og spesialisering/fordjuping. Ein bør også vurdera ei viss form for felles basisutdanning i studieretningar som er nærskylde og ev. innføring av formelle grader.

  • I Noreg har ein ikkje doktorgradsutdanning i kunstfag, medan ein i Sverige og Finland har formalisert slik utdanning. Det bør likevel vera aktuelt å leggja forholda til rette for oppbygging av spisskompetanse på tilsvarande nivå innanfor dei kunstfaglege områda. Det kan gjerast ved at ein etablerer utdannings- og stipendiatstillingar ved dei aktuelle institusjonane.

  • Det kan vera aktuelt å vurdera korleis praktisk-pedagogisk utdanning bør organiserast i kunstutdanninga generelt.

  • Ein bør vurdera korleis kunstfagleg kompetanse kan knytast til andre former for høgare utdanning. Som døme kan nemnast behovet for større grad av visuell estetisk kompetanse innanfor arealplanlegging.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil no i samarbeid med dei aktuelle utdanningsinstitusjonane setja i gang utgreiingsarbeid, der desse momenta vil bli vurderte saman med ei rekkje andre forhold som gjeld kunstutdanninga i Noreg.

4.8.3 Kunstfagstipenda

4.8.3.1 Innleiing

I St prp nr 1 for 1996-1997 (med tillegg nr 1 av 25. oktober 1996) vart det gjort framlegg om å endra kunstfagstipenda på følgjande måte:

«Fra annet halvår undervisningsåret 1996-97 foreslås stipendandelen for studenter som omfattes av kunstfagstipendordningen, redusert fra ca 66,6 pst til ca 35,5 pst. For studenter ved tidligere Statens teaterhøgskole foreslås stipendandelen redusert fra ca 46,7 pst til 26 pst som for ordinære støttesøkere.»

I Budsjett-innst S nr II er fleirtalsinnstillinga når det gjeld kunstfagstipenda, følgjande:

«Stortinget ber Regjeringen i forbindelse med den bebudete kunstnermeldingen våren 1997, legge fram en evaluering av kunstfagstipendendordningens betydning for kunstnernes levekår.»

Dette utgjer det konkrete, politiske hovudgrunnlaget for omtalen av kunstfagstipenda i denne meldinga.

4.8.3.2 Utvikling av kunstfagstipendet

Ordninga med kunstfagstipend vart etablert med verknad frå og med undervisningsåret 1969-70. Stipendordninga skulle gjelda for studentar ved Kunstakademiet i Oslo, ballettutdanning og søkjarar som tok «rein» musikk- eller songutdanning. I tillegg vart Teaterhøgskolen teken med under ordninga, men med eit noko lågare stipendbeløp. Ordninga vart også gjort gjeldande for tilsvarande fagområde i utlandet.

Då ordninga vart innført, var grunngjevinga først og fremst inntektspolitisk. Kunstfagstipend med høg stipenddel skulle gjera det lettare for nyutdanna kunstnarar å etablera seg i arbeidsmarknaden. Ein rekna med at yrkeslivet som kunstnar var tungt nok økonomisk om ein ikkje også skulle betala ned på ei høg studiegjeld. Frå 1969-70 til i dag har talet på mottakarar auka frå 158 til 1610 pr. år, jf. tabell 4.24. Det er ikkje heilt rett å samanlikna tala fordi det har kome til fleire utdanningsretningar etter kvart. Dessutan vart det i 1990-91 innført stipendordning for alle åra (4 1/2 år) ved dei to kunsthandverkskulane i Noreg. Tidlegare galdt ordninga berre dei siste 1 1/2 åra av utdanninga.

Tabell 4.24 Utviklinga av kunstfagstipendet 1969-1996*

UndervisningsårTal studentarBeløp i alt i 1000 krBeløp i alt i 1000 1995-krGjen.snitt pr. mottakar krGjen.snitt pr. mottakar i 1995-kr
1969-701587634 4284 82928 025
1970-711958614 5134 41523 143
1971-722059524 7064 64422 950
1972-732059284 2784 52720 669
1973-742411 8007 7107 46931 992
1974-752841 7006 6575 98623 439
1975-762511 5645 4886 23021 860
1976-772372 2417 2029 78731 454
1977-782642 7488 10110 40930 664
1978-792873 3299 07311 59931 612
1979-802823 2118 34911 38729 606
1980-815276 95616 30813 19930 944
1981-824826 72913 88513 96128 808
1982-835067 92814 69215 66829 035
1983-844908 42714 40517 19829 398
1984-8546210 39916 73122 49336 189
1985-8648011 00016 74522 91734 885
1986-8747911 91616 92124 87735 325
1987-8845212 30016 06227 21235 536
1988-8951115 00018 36229 35436 932
1989-9057216 40019 19928 67133 564
1990-9154015 90017 88129 48833 161
1991-921 15739 40042 84434 07937 058
1992-931 22643 40046 11435 39837 611
1993-941 34549 60051 52236 89838 328
1994-951 42755 60056 95838 94439 895
1995-961 60962 70062 70038 98338 983

* Tala omfattar tildelte kunstfagstipend til studentar både ved norske og utanlandske lærestader. (Kjelde: Lånekassens årsrapportar). For undervisningsåra 1973-74 til og med 1976-77 er det i årsrapportane frå Lånekassen brukt uttrykket "kunstfagstipend o.a. stipend". "Andre stipend" omfattar hovudsakleg vidareutdanningsstipend for kunstnarar. Auken i talet på stipend for 1980-81 heng saman med at Vestlandets kunstakademi og Kunstakademiet i Trondheim, dessutan siste året (seinare utvida til å omfatta siste 1 1/2 året) ved dei to kunsthandverksskulane, kom med i ordninga frå og med dette året. Auken i talet på stipend frå 1990-91 har samanheng med at ordninga med kunstfagstipend vart utvida til å omfatta alle åra (inntil 4 1/2 år) ved dei to kunsthandverksskulane i Noreg.

For undervisningsåret 1996-97 omfattar ordninga følgjande utdanningar:

  • Statens balletthøgskole - 3 år

  • Den Norske Balletthøyskole - 3 år

  • Ballettpedagogisk utdanning ved Høgskolen i Bodø - 3 år (tidlegare Nord-Norsk Balletthøyskole)

  • Noregs musikkhøgskole, høgare avdeling - 2 år.

  • Statens operahøgskole - 3 år.

  • Statens kunstakademi - 4 år.

  • Vestlandets kunstakademi - 4 år.

  • Kunstakademiet i Trondheim - 4 år.

  • Statens handverks- og kunstindustriskole (SHKS) - 4 1/2 år.

  • Statens høgskole for kunsthåndverk og design (SHKD) - 4 1/2 år.

  • Statens teaterhøgskole - 3 år.

Kunstfagstipend kan gjevast til dei same fagområda i utlandet når opptaket er basert på streng utveljing og konkurranse. Stipendet kan tildelast i like mange år som for tilsvarande utdanning i Noreg.

Kunstfagstipend kan gjevast til utdanning i filmregi, scenografi og filmfoto på universitets- eller høgskulenivå. Til no har tildeling av kunstfagstipend på desse fagområda vore avgrensa til utdanning i utlandet.

For ein bortebuande student under kunstfagstipendordninga har stipenddelen til og med undervisningsåret 1996-97 utgjort ca. 66,6 %. For undervisningsåret 1997-98 vil stipendet utgjera ca. 35,5 %. For studentar ved Teaterhøgskolen har stipenddelen for bortebuarar til og med undervisningsåret 1996-97 vore ca. 46,6 %. Skulen er for undervisningsåret 1997-98 teken ut av ordninga, og studentane får såleis same støtte som studentar ved andre høgare lærestader.

For ei bortebuande student under den ordinære støtteordninga, har stipenddelen fram til og med undervisningsåret 1992-93 utgjort ca. 13 %. For undervisningsåret 1993-94 vart han auka til ca. 14,2 %. For undervisningsåret 1994-95 utgjorde stipenddelen ca. 22 %, for så i undervisningsåret 1995-96 å auka til ca. 24 %. For undervisningsåret 1996-97 vart stipenddelen auka på ny til ca. 26 %. For det komande undervisningsåret 1997-98 vil stipenddelen utgjera ca. 28 %. Stortinget har vedteke at stipenddelen skal aukast til 30 % utan at dette er tidfest i sjølve vedtaket. Også etter endringa vil studentar i kunstfag ha ein høgare stipenddel enn andre studentar.

4.8.3.3 Ordningar som gjeld tilbakebetaling av lån i Statens lånekasse for utdanning

Rentefritak av sosiale og økonomiske årsaker

Den fastsette forskrifta om forrenting og tilbakebetaling av lån opnar for eit visst høve til å gje rentefritak dersom inntektene for låntakarar i fulltidsarbeid over ein lengre periode (minst 12 månader) er svært låge. Får ein rentefritak, kan ein også få utsetjing med betalinga. Ordninga gjeld både lønsmottakarar og sjølvstendig næringsdrivande og inneber ein reell lette for dei låntakarane som kjem inn under ordninga.

I 1995 vart det gjort til saman 1 133 vedtak om rentefritak etter denne ordninga. Lånekassen kan ha gjort meir enn eitt vedtak som gjeld ein enkelt låntakar i løpet av eitt år. Talet på låntakarar som har note godt av ordninga, vil difor normalt vera lågare enn talet på vedtak. Det er elles ikkje kjent kor mange av låntakarane som var kunstnarar, men det er klart at ordninga tilgodeser kunstnarar med låge inntekter.

Inntektsavhengig nedsetjing av terminbeløp (INTB)

INTB kan gjevast til tilbakebetalande låntakarar som oppfyller visse krav. Grensa for årleg innbetaling til Lånekassen blir sett til 6 % av brutto årsinntekt same år. Det er i tillegg sett ei grense for kor lågt dette beløpet kan vera. Beløpet blir justert kvart år. Ein låntakar kan ikkje nytta ordninga i meir enn 7 år. Lengste nedbetalingstid kan ikkje overstiga 30 år.

INTB har som formål å letta det økonomiske presset på nyutdanna i etableringsfasen med høg gjeld og moderat inntekt. Ordninga inneber ein viss reduksjon i effektiv rente og dermed ikkje berre ei utsetjing av den økonomiske børa i tid.

Det er ein føresetnad at lånet skal tilbakebetalast.

I 1995 sende Lånekassen ut ca. 205 000 søknadsskjema til låntakarar som etter forskriftene kan omfattast av ordninga. Av desse søkte ca. 11 500 tilbakebetalande låntakarar om INTB. Ca. 10 800 låntakarar fekk innvilga søknadene sine.

Det viser seg at stadig færre nyttar seg av ordninga med INTB. For 1997 er det ca 3 000 låntakarar som har søkt om å delta i ordninga. Av disse fikk ca 2 600 innvilga søknaden.

4.8.3.4 Undersøking som gjeld mottakarar av kunstfagstipend

Lånekassen gjennomførte i 1995 ei undersøking av alle dei som i 1989 avslutta utdanninga (202) og som samstundes mottok kunstfagstipend. Det vart gjort ei tilsvarande undersøking for dei som avslutta utdanninga i 1988. Lånekassen melder at tala er relativt like.

Lånekassen meiner at ein kan trekkja følgjande konklusjonar:

  • Dei som har motteke kunstfagstipend, er ikkje overrepresenterte blant dei som har alvorlege betalingsproblem i Lånekassen. Av dei 195 som mottok kunstfagstipend i 1989, og som samstundes hadde lån, var det 10 som har vore i inkassosituasjon i løpet av heile perioden. I 1995 var 7 av desse framleis i inkasso.

  • Ordninga med INTB (inntektsavhengig nedsetjing av terminbeløp) er flittig brukt av denne gruppa. 57 personar har nytta ordninga i perioden 1989-95.

  • Gruppa har ein relativt høg tendens til å ta anna utdanning i tillegg til kunstfagutdanninga. Heile 44 % har fått støtte til anna utdanning.

Ei undersøking Lånekassen har gjort i 1997, tyder på at mottakarar av kunstfagstipend har gjennomgåande høgare gjeld i gjennomsnitt ved avslutta utdanning enn gjennomsnittet for all høgare utdanning. Det ville ha vore rimeleg å venta ei lågare gjennomsnittsgjeld blant mottakarar av kunstfagstipend sidan dei har ein generelt høgare stipenddel. Når dette ikkje er tilfelle, kan det skuldast tendensen til å ta fleire utdanningar som kvalifiserer til lån og støtte frå Lånekassen.

4.8.3.5 Utvikling av utdanningsvolumet i utlandet

Som nemnt ovanfor, har godkjend kunstutdanning kvalifisert til kunstfagstipend så lenge ordninga har eksistert. Tabell 4.25 viser at det har vore ein uvanleg sterk auke i talet på studentar i utlandet frå skuleåret 1991-92 til 1995-96, omtrent ei dobling. Kostnadene har auka med 116 % i nominelle kroner.

I tillegg til kunstfagstipend får kunststudentane også gebyrstipend, til liks med andre utanlandsstudentar. I 1995-96 var dette stipendet i gjennomsnitt kr 38 687 til kunststudentar. Det betyr at gjennomsnittleg stipendutbetaling til kunststudentar i utlandet var på godt kr 81 000 i 1995-96.

Tabell 4.25 Utviklinga av kunstfagstipendet til studentar i utlandet. Kjelde: Statens lånekasse for utdanning

UndervisningsårTal på studentarBeløp i alt i 1 000 kr.Beløp i alt i 1 000 1995-kr.Gjen.snitt pr. mottakar kr.Gjen.snitt pr. mottakar i 1995-kr.
1990-911314 2944 82932 78036 864
1991-9240015 71617 09039 29242 726
1992-9344818 27919 96440 80243 352
1993-9452521 90622 84441 72743 346
1994-9562627 46828 13943 88044 952
1995-9679434 00634 00642 74842 830*

* Reduksjonen i gjennomsnittsstipend pr. mottakar frå undervisningsåret 1994-95 til undervisningsåret 1995-96, rekna i både løpande og i 1995-kroner, har samanheng med endringar i valutakursen når det gjeld Storbritannia og USA. Hovudtyngda av norske studentar under kunstfagstipendordninga i utlandet er å finna i desse to landa.

Det er fleire studentar som tek kunstutdanning enn dei som får kunstfagstipend. Ser ein på totaltalet, er det fleire studentar som tek kunstutdanning i utlandet enn i Noreg. Unntaket er musikk, der fleirtalet tek utdanninga si i Noreg. Figur 4.3 illustrerer dette forholdet.

Figur 4-3 Kunststudentar 1995-95 i Noreg og utlandet. Kjelde: Statens lånekasse for utdanning

Figur 4-3 Kunststudentar 1995-95 i Noreg og utlandet. Kjelde: Statens lånekasse for utdanning

Den største auken gjeld studentar i Storbritannia, der det i 1995-96 var registrert 77 studentar i dans/opera, fem i foto og film, 520 i biletkunst/kunsthandverk, 34 i musikk og 64 i teater. Studentane i Storbritannia står for 58 % av det totale talet på utanlandsstudentar.

Den sterke veksten i talet på norske studentar i utlandet kjem ikkje som resultat av ein medviten stimulans til å få fleire til å ta kunstutdanning. Dels er det ein konsekvens av at det er relativt vanskeleg å koma inn ved norske læreinstitusjonar. Slik sett har søknaden til utlandet fanga opp ein del av dei som ikkje får studieplass i Noreg. Men det er også rimeleg å tru at den gunstige ordninga med kombinasjon av kunstfagstipend og gebyrstipend har gjort det meir attraktivt å ta slik utdanning i utlandet, spesielt i Storbritannia.

4.8.3.6 Konsekvensar av kunstfagstipendet

For mange nyutdanna og unge kunstnarar har kunstfagstipendet utan tvil hatt ein positiv verknad på den økonomiske situasjonen. Det betyr ikkje at dei har betre økonomiske kår enn kunstnarar generelt. INAS-undersøkinga viser tydeleg at dei unge og nyutdanna ikkje har det betre enn dei meir etablerte, jf. avsnitt 5.6. Ser ein på samansetninga av låginntektstakarane i undersøkinga, høyrer 45% av dei som er under 36 år, til denne gruppa. Den same prosentverdien gjeld også kunstnarar over 36 år. Men denne aldersgruppa har høgare gjennomsnittleg pensjonsgjevande inntekt fordi det er større spreiing av inntektene i denne gruppa. Det er all grunn til å tru at utan kunstfagstipend ville situasjonen ha vore endå verre for mange av kunstnarane i den yngste gruppa. Sett frå ein inntektspolitisk synsstad har såleis kunstfagstipendet til ein viss grad spela den rolla som i si tid var tenkt.

Når ein likevel har funne det rett å vurdera ordninga på ny, er det ut frå nokre andre perspektiv som også er relevante når ein ser dei samla verknadene av kunstfagstipenda under eitt.

Ei side ved ordninga er at nær halvparten av kunstfagstipendmottakarane tek utdanning i tillegg til den som gjev kunstfagstipend. Dette gjer at kunststudentane har høgare gjennomsnittsgjeld etter fullført utdanning enn det kunstfagordninga eigenleg tok sikte på. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil sjå nærare på dette forholdet i samband med gjennomgangen av den kunstfaglege utdanninga.

Sett frå ein utdanningspolitisk synsstad kan det heller ikkje vera tilrådeleg å halda på ei ordning som har ein viss overstimulerande effekt på eit område der det vanskeleg kan hevdast å vera mangel på yrkesaktive. Regjeringa har likevel gått inn for å halda på ein noko større stipenddel til kunstfagstudentar enn det som gjeld for anna høgare utdanning, slik Stortinget også gjorde vedtak om i samband med behandlinga av budsjettet for 1997.

I den samanhengen vil Regjeringa understreka at det er viktig med mest mogeleg like låne- og stipendvilkår for dei som tek høgare utdanning. Endringa av stipenddelen til kunstfagstudentane inneber at dei nærmar seg dei same vilkåra som gjeld for brorparten av andre studentar. Ev. vanskar i arbeidsmarknaden bør løysast med andre verkemiddel enn dei utdanningspolitiske.

Også frå ein inntektspolitisk synsstad kan det argumenterast mot ei ordning som stimulerer til utdanning av yrkesgrupper som har det vanskeleg i arbeidsmarknaden, og som dessutan pga. stor auke i utdanningsvolumet, truleg vil få det endå vanskelegare. Det er ikkje særleg logisk politikk å stimulera til utdanning som kan enda i arbeidsløyse.

4.8.3.7 Konklusjon

Sjølv om den inntektspolitiske effekten isolert sett kan seiast å ha vore positiv, meiner Regjeringa at dei utilsikta sideeffektane gjer det naudynleg å halda på den endringa som vart gjort i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 1997, då Stortinget vedtok å endra stipenddelen for kunstfagstipenda til 35,5 %. Det er også tvilsamt om ei utdanningspolitisk ordning er eit tenleg verkemiddel når det gjeld inntektstilhøva til ei yrkesgruppe. Regjeringa meiner det vil vera meir føremålstenleg å bruka tiltak som rettar seg direkte mot den gruppa det gjeld, nemleg dei nyutdanna/unge kunstnarane.

Det vil vera viktig å setja inn verkemidla for dei unge kunstnargruppene etter at dei har fått utvikla kunstnargjevnaden sin i ein utdanningssituasjon. Det er på dette tidspunktet dei treng noko drahjelp for å kunna etablera seg som yrkesaktive kunstnarar.

På denne bakgrunn vil Regjeringen styrkja monaleg ulike tiltak for nyutdanna/unge kunstnarar, m.a. relevante stipendordningar. I denne samanhengen vil det bli etablert spesielle stipend for nyutdanna/unge kunstnarar. Dette vil vera spesielt viktig innanfor dans, kunsthandverk, biletkunst m.fl. Regjeringa vil vidare etablera ei aspirantordning ved kunstinstitusjonar og gje meir støtte til frie sceniske grupper. Nærare konkretisering vil Regjeringa kome attende til i budsjettsamanheng, første gong i budsjettframlegget for 1998, jf. også avsnitt 8.6.

4.8.4 Etterutdanning

Det er eit gjennomgåande trekk i samfunnet at behovet for og kravet til styrkt kompetanse aukar. Dette er ei utvikling som også i aukande grad vil prega kunstfaga. På mange samfunnssektorar har ein etter kvart fått eit utbygt system for etter- og vidareutdanning. På kunstfagområdet er etter- og vidareutdanningsordningar heller sjeldne.

Både kunstnarsamfunnet og utdanningsinstitusjonane er interesserte i å betra denne situasjonen. Somme institusjonar har m.a. teke opp temaet i tilknyting til spørsmålet om utviding av studietida.

Norsk kulturråd, Norske Billedkunstnere og Norske Kunsthåndverkere gjennomførte i 1995-96 eit prøveprosjekt med forankring i høgskulane og andre kunstnarmiljø. Målet med prosjektet var å få etablert ei permanent, landsdekkjande systematisk etterutdanningsordning for kunstnarar i samarbeid med høgskulane og andre fagmiljø. Konkret vart det gjennomført ei rekkje kurs, som varte frå to dagar til to veker, med tema som hadde stor aktualitet i dei to fagretningane.

Etter dagens ordning kan kunstnarar få tildelt vidareutdanningsstipend frå Statens lånekasse. For 1995-96 vart det gjeve stipend med inntil 46 000 kroner innanfor ei totalramme på ca. 1, 3 mill kroner. Føresetnaden er at søkjaren skal gjennomgå eit utdanningsprogram som Lånekassen har godkjent.

Regjeringa meiner at forvaltninga av desse stipendmidlane kan overførast til kunsthøgskulane i Oslo og Bergen, som med utgangspunkt i denne ordninga kan utvikla eit meir systematisk etter- og vidareutdanningstilbod. Dette kan effektuerast med verknad frå hausten 1998.

Fotnoter

1.

Undersøkinga vart utført av tidlegare Institutt for sosialforskning og er publisert i Elstad, J. I. og K. Røsvig Pedersen: Kunstnernes økonomiske vilkår. Rapport fra Inntekts- og yrkesundersøkelsen blant kunstnere 1993-94. INAS-rapport 1996:1. Oslo.

2.

I undersøkinga var fast tilsett kunstnar definert slik: "minimum 1200 timer kunstnerisk arbeid, minimum 2/3 av det kunstneriske arbeidet som fast ansatt". I praksis betyr det minimum 800 timar i året som fast tilsett. Personar i faste deltidsstillingar med mindre enn 1200 timar i året i kunstnarleg arbeid fell utanfor kategorien fast tilsette i INAS-undersøkinga.

3.

I INAS-undersøkinga er kategorien oppdragstakar ikkje identifisert. Undersøkinga opererer med to kategoriar: fast tilsett eller frilans I og frilans II. Kunstnarar med minimum 2/3 av 1200 timar kunstnarleg arbeid i året som lønsmottakarar, dvs. minimum 800 timar pr. år, blir rekna som fast tilsette. Har dei minimum 1200 timar kunstnarleg arbeid i året utan å vera tilsett nokon stad, blir dei rekna som frilans I, medan frilans II omfattar dei som har under 1200 timar kunstnarleg arbeid pr. år utan å vera i eit lønstakarforhold.

4.

P.g.a tvist om fordelinga for 1993, var det tale om akontobeløp, delvis for 1992 og delvis 1993, med ca. 90% av dei summane som ein venta.

5.

Departementet og dei aktuelle kunstnarorganisasjonane slutta ein vederlagsavtale første gong i 1977 med verknad frå 1978.

6.

INAS-rapporten samanliknar garantiinntekt-mottakarar med kunstnarar utan garantiinntekter, men som høyrer til same kunstartar og aldersgrupper som garantiinntekt-mottakarane.

7.

Undersøkinga omfattar medlemer i Norsk Musikerforbund og omfattar såleis ikkje uorganiserte musikarar.

8.

Kriteriet på fast tilsette er minimum 1200 timar pr. år med kunstnarleg arbeid; av det 2/3 som fast tilsett.

9.

Undersøkinga opererer med to grupper frilansarar: frilans I = minimum 1200 arbeidstimar pr. år med kunstnarleg arbeid, ikkje fast tilsett; frilans II = under 1200 timar pr. år med kunstnarleg arbeid.

Til dokumentets forside