St.meld. nr. 50 (2000-2001)

Om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land for 2001 og fisket etter avtalene i 1999 og 2000

Til innholdsfortegnelse

5 Fiske etter avtalene i 1999 og 2000

I omtala av fisket etter avtalene for 1999 og 2000 har ein lagt hovudvekt på i kva grad Noreg og dei partane som blir tildelt kvotar i norske område, faktisk utnyttar desse kvotane. Først blir norske kvotar i andre statar sine soner og utnyttinga av desse presenterte, jamfør punkt 5.1 nedanfor. Deretter, i punkt 5.2, blir andre statar sine kvotar i norske område og utnyttinga av desse kvotane presenterte. Kommentarane med omsyn på kvoteutnytting omfattar berre åra 1999 og 2000.

I det følgjande blir omgrepet «fellesforvaltning» nytta om ein del sentrale artar. Fellesforvaltning tyder at to eller fleire land/samanslutningar av land har avtalt å forvalta ein art saman fordi arten opptrer i sonene til fleire land. Dette inneber at det i dei årlege kvoteforhandlingane blir avtalt totalkvote for arten, og TAC blir fordelt på dei aktuelle avtalepartane.

5.1 Norsk utnytting av kvotar

I avsnitt 5.1 og 5.2 er kvotane henta frå dei årlege kvoteavtalene, med eventuelle oppdateringar. Med mindre noko anna er sagt er fangsttala baserte på kva fartøya har rapportert fiska frå dei ulike jurisdiksjonsområda, anten til Fiskeridirektoratet eller til ansvarlege i tredjeland, dvs. styresmaktene i kyststaten. Desse tala kan avvike frå dei tala i sluttsetelstatistikken som viser utlossa kvanta i motsetnad til dei kvanta som er rapporterte frå fiskefelta. Symbolet ( - ) i tabellane tyder anten ingen fangst eller ingen kvote.

5.1.1 Noreg - Russland

5.1.1.1 Fellesbestandane

Noreg og Russland har felles forvaltning for artane torsk, hyse og lodde. Noreg sine kvotar (etter overføringar til tredjeland) og fangstar 1 av desse bestandane går fram av tabell 5.1. Delar av dei norske kvotane for desse bestandane kan fiskast i russisk økonomisk sone, sjå tabell 5.2.

Tabell 5.1 Oversikt over norske kvotar (etter overføring til tredjeland) og fangst på fellesbestandane i Barentshavet

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1999200019992000
Torsk236.500193.400243.849211.719
Hyse141.00033.40047.86641.835
Lodde48.000256.00050.036277.174

1 5.000 tonn kysthyse som årleg er reservert for norske fartøy er ikkje inkludert i hysekvoten.

I tillegg til dei bilateralt avtalte kvotane av torsk og hyse, kjøpte norske reiarlag torsk og hyse frå Russland både i 1999 og 2000. I 1999 utgjorde kvotekjøpet frå Russland 17.200 tonn torsk og 2.600 tonn hyse, medan det i 2000 vart kjøpt 15.500 tonn torsk og 2.348 tonn hyse. I 2000 kjøpte Norges Sildesalgslag 29.000 tonn loddekvote frå Russland. Det vart også tatt fangstar av torsk og hyse til forsking. Både fangstar på kvotar kjøpt frå Russland og forskingsfangst er inkluderte i fangsttala. Når desse tilhøva vert tatt omsyn til, vert det tilsynelatande overfisket av hyse i 1999 til eit underfiske, og i 2000 vert overfisket av torsk og hyse redusert til berre eit mindre kvantum medan loddekvota vart underfiska.

Tabell 5.2 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone

Område/ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1999200019992000
RØS:
Torsk150.000140.0006.1631.047
Hyse25.00020.0002.4121.181
Haneskjel----
Reker3.0003.000329994
Grønlandssel5.0005.000
Lodde48.000285.000-505
Steinbit1.500204
Flyndre100049
Bifangstkvote3.000500806145

5.1.1.2 Kommentarar til oversikta

Av dei norske fangstane nord om 62°N i 1999 fiska Noreg 2,5 % av torskefangstane og 5 % av hysefangstane i RØS. Tilsvarande tal for 2000 var 0,5 % for torsk og 2,8 % for hyse. Noreg tar altså små fangstar av torsk og hyse i RØS, sett i høve til dei totale norske fangstane.

I 1999 var 7 reketrålarar med i fisket etter reker i RØS, mens 15 fartøy deltok i 2000. Noreg sin kvote av haneskjel vart ikkje talfesta i 1999 og 2000. Fisket skal vere eit prøvefiske i eit nærmare avgrensa område. Vilkåra for dette fisket skal avtalast nærmare mellom Noreg og Russland. Slike vilkår vart ikkje fastlagde i 1999 og 2000.

5.1.2 Noreg - EU

5.1.2.1 Fellesbestandane

Noreg og EU har felles forvaltning for artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell sør om 62°N. Delar av dei norske kvotane for konsumfiskbestandane kan fiskast i EU si sone av Nordsjøen (sjå tabell 5.4).

Tabell 5.3 Norske kvotar (etter overføringar til EU og tredje land) og fangstar1 på fellesbestandane i Nordsjøen

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1999200019992000
Torsk11.7707.1907.7676.410
Hyse14.1208.3803.8483.118
Sei52.63540.00055.98843.334
Kviting4.4003.0006833
Raudspette3.3752.790913835
Makrell112.180158.460107.196138.910
Nordsjøsild74.80074.80074.24472.418

1 Desse fangstane er førebels statistikk frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

Kvotane og fangstane av sei og makrell omfatta Skagerrak i tillegg til Nordsjøen.

Noreg sine kvotar av sei, makrell og sild vart godt utnytta dei to åra. Dei store makrellfangstane må sjåast i samanhang med at Noreg hadde høve til å overføre inntil 60.000 tonn av makrellkvoten nord om 62°N i 1999 og 100.000 tonn i 2000 til fiske i Nordsjøen (ICES-område IVa).

Likeins kunne makrellkvoten vest av 4°V på 12.020 tonn i 1999 og 13.460 tonn i 2000, fiskast i den nordlege delen av Nordsjøen. Dette forklarer også den låge utnyttinga av Noreg sin makrellkvote vest av 4°V (sjå tabell 5.4).

Noreg fiskar også norsk vårgytande sild (NVG-sild) i Nordsjøen i perioden januar - mai. Totaltala i Nordsjøen for alle sortar sild for åra 1999 og 2000 er 103.101 tonn og 93.284 tonn.

Makrell- og sildekvotane blir fordelte mellom ringnotfartøya, trålarane og kystfartøya. Fangsttala inneheld ikkje norske bifangstar frå industritrålfisket. Bifangstane varierer frå år til år i storleik og art. Frå slutten av 1980-talet har sild utgjort det største innslaget av bifangst i leveransane til oppmaling.

5.1.2.2 Norske kvotar i EU sine farvatn (EUF), og inkludert kvotane tildelt Noreg frå EU i grønlandske farvatn (EUGRL), med tilhøyrande fangstar

Noreg fekk tildelt kvotar av blåkveite og kveite for fiske i grønlandsk sone både av EU og Grønland. For desse artane gjer ein den føresetnaden at EU-kvoten skal utnyttjast først. Noreg nyttar desse kvotane i så stor grad, at med denne føresetnaden talet for fangst i enkelte tilfeller kan vere lik kvotetala slik dei visast i tabell 5.4. Eventuelle fangstar ut over EU-kvotane vert avrekna mot Noreg sine kvotar tildelt av Grønland (sjå tabell 5.6).

For fellesbestandane merka (*) avtaler EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

Tabell 5.4 Oversikt over Noreg sine kvotar (etter overføringar til EU og tredjeland) og fangstar i EU sine farvatn og tildelte kvotar frå EU i Grønlandske farvatn

Område/ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1999200019992000
EUF, Nordsjøen:
Torsk*11.7707.1902.6281.615
Hyse*10.0008.380639372
Sei*50.00040.00013.02113.436
Kviting*4.4003.00019-
Raudspette*3.3752.790537241
Makrell*140.40045.2403301
Sild*50.00050.00025.42028.271
Augepål20.00020.000--
Tobis30.00030.00029.25511.673
Brisling19.0005.00019.0082.842
Reke1001002-
Hestmakrell2.0001.60069044
Andre artar5.0005.0004.1192.067
EUF, Vest av 4°V:
Makrell12.02013.460--
Sild2.400-811-
Kolmule235.000222.000212.670220.645
Blålange1.0001.000122154
Lange11.00011.0008.2348.191
Brosme5.0005.0003.1944.764
Pigghå60060011
Brugde (lever)100100--
Håbrann200200112
Kombinert kvote1.000600--
Blåkveite1.0559501.151671
Andre artar3.0003.0005511.124
EUGRL, Vest-Grønland:
Blåkveite950895950895
Kveite2002001019
Skolest/Isgalt800715917
EUGRL, Aust-Grønland:
Reker2.5002.5001.1372.368
Blåkveite1.1001.0301.0651.030
Kveite200200200200
Uer1.0001.0001.0001.000
Lodde10.0006.70010.0006.700
Skolest/isgalt o.a..3202852351

1 Omfattar ikkje overføringar til Nordsjøen frå andre område. Overføringar til 3. land er heller ikkje trekte frå.

5.1.2.3 Kommentarar til oversikten

I EU-sona i Nordsjøen kunne norske fartøy til saman fiske 50.000 tonn av industriartane augepål (inkludert uunngåeleg fangst av hestmakrell), kolmule og tobis i både 1999 og 2000. Det er den norske industritrålarflåten (omlag 60-70 fartøy) som fiskar på denne kvoten.

Inntil 10.000 tonn augepål kunne fiskast i EU-farvatn vest av 4°V både i 1999 og 2000. Dette skulle avreknast den samla industrikvoten for augepål, kolmule og tobis på 50.000 tonn. Det vart ikkje fiska augepål vest av 4°V, korkje i 1999 eller 2000.

Norske fartøy kunne i tillegg fiske på desse artane utan avgrensingar i Noreg si økonomisk sone. Samla fiska dei norske industritrålarane 124.600 tonn augepål/kolmule og 187.600 tonn tobis i Nordsjøen i 1999.

Tilsvarande tal for 2000 var 131.800 tonn augepål/kolmule og 119.000 tonn tobis. Fisket i EUsona utgjorde altså for tobis berre ein liten del av totalfangsten av tobis, medan det ikkje vart fiska augepål/kolmule i EU-sona av norske fiskarar korkje i 1999 eller 2000.

Av Noreg sin kolmulekvote vest av 4°V kunne opptil 40.000 tonn fiskast i den nordlege delen av Nordsjøen (ICES område IVa) både i 1999 og 2000. Innanfor den samla kolmulekvoten kunne norske fartøy fiske inntil 9.000 tonn vassild både i 1999 og 2000. I tillegg fiska norske fartøy desse åra kolmule i internasjonalt farvatn vest av dei britiske øyane og i færøysk sone. I følgje norske tal frå sluttsetel fiska dei norske fartøya totalt 534.600 tonn i 1999 og 552.700 tonn i 2000 i desse områda. Fangsttala inkluderer også kolmule som er fiska av industritrålarane i Nordsjøen.

Det var høve til å overføre 2.000 tonn mellom kvotane for lange, brosme og blålange. Desse kvotane kunne berre fiskast med line vest av 4°V (ICES område Vb, VI og VII). I fisket med line vest av 4°V kunne norske fartøy ha bifangst av andre fiskeslag med inntil 25% til kvar tid. Den totale bifangsten av andre fiskeslag var avgrensa til 3.000 tonn, og den vert rekna mot den totale kvoten på 17.000 tonn lange, blålange og brosme.

Blålange, lange, brosme, pigghå, brugde og håbrann kunne også fiskast i Nordsjøen. Kombinertkvoten galdt linefiske etter havmus, mora, skjelbrosme, isgalt og skolest.

Kvoten «andre artar» i Nordsjøen omfattar fiske på artar der det ikkje er fastsett kvotar for Noreg i EU-sona. Eit unntak er sjøtunge som norske fartøy berre kan ha som bifangst. Sildekvoten av vest av 4°V var reservert for den norske ringnotflåten. I 2000 hadde ikkje Noreg sildekvote i desse farvatna.

Blåkveitekvoten kunne fiskast i EU sine farvatn nord om 62°N og vest av 4°V. Fisket vest av 4°V kunne berre utøvast med line. Norske fartøy fiska 1.151 tonn i 1999, og 671 tonn i 2000.

Loddefisket ved Jan Mayen/Island/ Grønland blir nærmare omtalt i punkt 5.1.6.

5.1.3 Noreg - Færøyane

Tabell 5.5 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i færøysk sone

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1999200019992000
Lange4.0004.0002.3482.093
Brosme--1.5731.742
Sei1.0001.0007760
Blålange--86205
Blåkveite75758428
Håbrann/Pigghå300300--
Breiflabb10010011
Makrell9.6004.000--
Hestmakrell2.5001.250--
Kolmule39.00042.00039.18041.929
Brugde (lever)100100--
Andre artar--1.020909

5.1.3.1 Kommentarar til oversikten

I 1999 og 2000 hadde Noreg ein botnfiskkvote for lange, brosme, sei og blålange på til saman 5.000 tonn i færøysk sone, men maksimalt 1.000 tonn sei. I tabell 5.5. står botnfiskkvoten oppført under lange og sei. Kvoten for botnfisk omfatta også bifangst av andre botnfiskartar, til saman opp til 1.200 tonn både for 1999 og 2000. Fisket kunne drivast med seigarn og bankline, men sei kunne også fiskast med trål. Samla vart det fiska 5.104 tonn botnfisk i færøysk sone i 1999 og 5.009 tonn i 2000. Fangsten av blåkveite og breiflabb er ikkje med i desse fangsttala.

Norske fartøy hadde høve til å fiske 75 tonn blåkveite og 100 tonn breiflabb i 1999 og 2000 med garn i eit prøvefiske i færøysk sone. Eitt fartøy var med i prøvefisket etter blåkveite både i 1999 og 2000. I 1999 vart det fiska 84 tonn blåkveite og 28 tonn i 2000. I tabellen over er bifangst av blåkveite i fisket etter botnfisk inkludert i fangsttala. Norske fartøy starta ikkje prøvefiske etter breiflabb korkje i 1999 eller 2000. Det vart heller ikkje starta prøvefiske etter håbrann/pigghå i desse åra slik det er løyve til. Norske ringnotfartøy plar fiske kolmule i færøysk sone mot slutten av kolmulesesongen, det vil seie i april/mai. Norske fartøy fiska 39.180 tonn kolmule i 1999 og 41.929 tonn i 2000.

5.1.4 Noreg - Grønland

Tabell 5.6 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i grønlandsk sone

Område/ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1999200019992000
Vest-Grønland:
Blåkveite600600448552
Aust-Grønland:
Blåkveite200200-30
Kveite40036422329
Uer100100340366
Vest- og Aust-Grønland:
Torsk9509501-

5.1.4.1 Kommentarar til oversikten

Fisket etter blåkveite med trål ved Vest-Grønland måtte skje sør om 64°30'N og med ei avgrensing på 6 fartøy i fiske samstundes i sona. Likeins kunne berre 85 % av kvoten for blåkveite fiskast med trål. Det deltok 4 trålarar og 1 linefartøy i fisket i 1999, medan det var 2 trålarar og 1 linefartøy med i fisket i 2000. I fisket etter blåkveite ved Aust-Grønland deltok 5 linefartøy og 4 trålarar i 1999, mens 9 linefartøy og 4 trålarar deltok i 2000.

I 1999 og 2000 var det 18 reketrålarar som tilfredsstilte krava til deltaking i dette fisket ved Aust-Grønland (kvoten er tildelt av EU, sjå tabell 5.4). Maksimalt 15 fartøy kunne fiske etter reker samstundes i grønlandsk sone. 10 fartøy deltok i rekefisket i 1999 mot 9 fartøy i 2000. Både i 1999 og 2000 nytta Noreg uerkvotene (samansett av 1.000 tonn uer tildelt Noreg for eit fiske i grønlandsk sone etter den bilaterale avtala med EU og 100 tonn frå Grønland) fullt ut (Sjå også norske fangstar i Irmingerhavet, punkt 5.1.9).

I fisket etter kveite ved Aust-Grønland er det berre høve til å fiske med line. I 1999 fiska 11 linefartøy, og i 2000 fiska 10 linefartøy. 3 av desse linefartøya fekk både for 1999 og 2000 ein høgare fartøykvote fordi deira fiske var innretta mot kveite.

I dei siste åra har det ikkje vore mogleg å utnytte torskekvoten som følgje av den dårlege bestandssituasjonen for torsk ved Grønland (Aust- og Vest-Grønland).

Om situasjonen for bestanden betrar seg, vil dette kunne bli ein viktig kvote for norske fartøy. Noreg hadde også høve til å ha inntil 10 % samla bifangst av andre artar.

5.1.5 Noreg - Island, om fisket etter botnfisk ved Island, og fisket etter lodde

Tabell 5.7 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1999200019992000
Brosme, lange, blålange500500497501
Blåkveite--1-
Kveite--816
Uer--935
Anna--8974
Lodde17.00013.87016.081113.870

1 Fangsttala er frå Norges Sildesalgslag.

5.1.5.1 Kommentar til oversikten

I tillegg til kvoten på 500 tonn botnfisk hadde norske fartøy også høve til å ha inntil 25% bifangst av andre artar. Loddekvotene er inkludert i dei norske loddekvotene for sesongane 1999/2000 og 2000/2001.

5.1.6 Noreg-Grønland-Island; lodde ved Jan Mayen, Grønland og Island

I følgje den gjeldande trepartsavtala (fiskeriavtala) for lodde, startar varer sesongen for loddefisket frå 20. juni til 30. april. Det er likevel ikkje tillate for norske fartøy å drive fiske etter 15. februar i islandsk sone. I sesongen 1999/00 fiska norske fartøy både om sommaren og vinteren, i motsetnad til sesongen 2000/01 då det ikkje vart fiska om vinteren.

Tabell 5.8 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i sesongane 1999/2000 og 2000/2001

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1999/20002000/20011999/20002000/2001
Lodde107.00099.77038.14980.119

5.1.6.1 Kommentarar til oversikten

Noreg hadde ein førebels kvote frå starten av sesongen 1999/00 på ((856.667 tonn x 12% 2) + 10.000 tonn (EU) + 17.000 tonn («Smottholavtala»)) 129.800 tonn. Seinare vart endeleg TAC sett til 1.000.000 tonn. Endeleg norsk kvote etter trepartsavtala for sesongen 1999/00 vart då 80.000 tonn. I tillegg kjem 17.000 tonn frå «Smottholavtala» og 10.000 tonn frå Noreg- EU avtalen. Samla norsk kvote vart då 107.000 tonn.

Noreg hadde ein førebels kvote frå starten av sesongen 2000/01 på ((650.000 tonn x 12%) + 6.700 tonn(EU) + 13.870 tonn(«Smottholavtala»))=98.570 tonn. Endeleg TAC for 2000/01 vart seinare fastsett til 990.000 tonn. Endeleg norsk kvote etter trepartsavtala for sesongen 2000/01 vart då 99.770 tonn.

Til saman vart det fiska 38.149 tonn i sesongen 1999/00 av totalt 53 ringnotfartøy. Dei tilsvarande tala for 2000/01 sesongen var 80.119 tonn og 52 deltakande ringnotfartøy. Trepartsavtala gjeld sesongen 2000/01, medan 13.870 tonn frå «Smottholavtala» gjeld kalenderåret 2000. Det same gjeld EUkvoten på 6.700 tonn. Mellom anna på bakgrunn av dette er det postulert at det først blir fiska på «smottholkvoten», så EU-kvoten og til sist kvoten etter trepartsavtala.

5.1.7 Noreg - EU (Sverige - Danmark), om fisket i Skagerrak/Kattegat

Torsk, raudspette og reker kan fiskast i Skagerrak. Dei andre artane i Skagerrakavtalen kan fiskast både i Skagerrak og Kattegat.

Tabell 5.9 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar1

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1999200019992000
Torsk620380345300
Hyse225190168126
Sei----
Kviting145701517
Raudspette2202206667
Sild10.67010.67010.4829.707
Makrell--572859
Brisling3.7503.750192905
Reker6.1304.2403.9853.554

1 Fangsttala er førebels tall frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

5.1.7.1 Kommentarar til oversikten

Dei viktigaste fiskeria for Noreg i Skagerrak er fisket etter reker og sild. Fangstane av torsk i tabellen omfattar berre fiske utanfor grunnlinja. I 1999 vart det fiska 788 tonn innanfor grunnlinja, mens det tilsvarande talet for 2000 var 624 tonn.

For sei og makrell vart kvotane fastsette i den bilaterale kvoteavtala mellom Noreg og EU. I 1999 og 2000 var det høve for norske fartøy til å fiske inntil 3.000 tonn makrell i Skagerrak. Det var norske kystfartøy som fiska makrell i Skagerrak.

I 1999 vart sildekvoten delt med 3.000 tonn til kystgruppa og det resterande kvantumet til ringnotgruppa. Same fordelinga galdt i 2000. Brisling vart fiska av kystbrislingflåten, mens rekekvoten vart fiska av kystreketrålarane.

5.1.8 Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhav

Tabell 5.10 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1999200019992000
Torsk----
Lodde----
Uer---113
Reker--2.9742.700

5.1.8.1 Kommentarar til oversikten

Det har ikkje vore fastsett loddekvote i NAFOunderområde 3NO sidan 1992. Då hadde Noreg ein loddekvote på 9.000 tonn. Dei seinaste åra har det også vore forbod mot torskefiske. I 2000 var første gong norske fartøy fiska uer i NAFO-underområde 1F. Det er ikkje fastsett uerkvote i dette området. Noreg har og høve til å fiske mellom anna blåkveite i NAFO-underområde 3LMNO under «otherskvoten».

Rekefisket i NAFO tok til våren 1993, då norske reketrålarar saman med reketrålarar frå Færøyane og Grønland starta fiske på rekefelta ved Flemish Cap. Rekefisket ved Flemish Cap har utvikla seg til å bli eit viktig driftsalternativ for rekeflåten ved sidan av fisket ved Grønland. Dette til tross for at fangstkvantumet er redusert samanlikna med fangstnivået dei første åra etter at dette fisket tok til. Rekefisket vart innsatsregulert i 1996. Noreg hadde i 1999 og 2000 ein kvote på 1.985 fangstdøgn med 32 fartøy. Totalt fiska 2 reketrålarar i 1999 og 5 i 2000. Dette er ein monaleg reduksjon frå åra 1993-95, då mellom 15 og 27 fartøy deltok. Noreg nytta høvesvis 394 og 357 fangstdøgn i 1999 og 2000.

5.1.9 Norsk fiske i Irmingerhavet

Tabell 5.11 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1999200019992000
Uer6.0004.5862.9884.421

5.1.9.1 Kommentarar til oversikten

Fisket etter uer i Irmingerhavet var ikkje kvoteregulert før 1996. Av TAC i 1999 på 153.000 tonn fekk Noreg 6000 tonn, samt 1.100 tonn overføringar frå andre avtalepartar. I 2000 fekk Noreg 4.586 tonn av ein TAC på 120.000 tonn, samt overføringar på 1.100 tonn frå andre avtalepartar. I 1999 deltok 4 fartøy i uerfisket, medan 3 fartøy var med i 2000.

5.1.10 Norsk vårgytande sild - fempartsavtala

Frå og med 1997 vart firepartsavtala frå 1996 (Færøyane, Island, Russland og Noreg) ei fempartsavtale ved at EU også vart delaktig i prosessen med å fastsetje totalkvote, fordele denne og delta i fisket saman med dei fire andre partane.

Tabell 5.12 Oversikt over kvotar og fangstar1 i fempartsavtala

NasjonKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1999200019992000
EU109.000104.80094.79286.313
Færøyane71.00068.27056.09064.152
Island202.000194.230203.749186.320
Noreg741.000712.500744.875716.565
Russland177.000170200157.329158.300
Totalt1.300.0001.250.0001.256.8351.211.650

1 Fangsttala er innhenta frå NEAFC.

Tabell 5.13 Oversikt over fangstar av norsk vårgytande sild i ulike soner i 1999

Nasjon/SonerInt.farvatnEUFærøyaneIslandJan MayenNoregTotalt
EU31.88736.3221.31413.41811.85194.792
Færøyane14.0182901.4959.06110.78220.44456.090
Island29.787--180173.782-203.749
Noreg5.878---870738.127744.875
Russland20.544-8559003.974131.056157.329
Totalt102.11436.6123.66410.141202.826901.4781.256.835

Tabell 5.14 Oversikt over fangstar av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2000

Nasjon/SonerInt.farvatnEUFærøyaneIslandJan MayenNoregTotalt
EU40.13619.4124.68622.07986.313
Færøyane32.4207504003.80026.78264.152
Island42.581137.1056.634186.320
Noreg4.0921.089711.384716.565
Russland42.1533.026113.121158.300
Totalt161.38220.162400149.706880.0001.211.6501

1 Inkluderer fangst som er fiska i NØS som ikkje er rapportert til NEAFC.

5.1.10.1 Kommentarar til oversikten

Noreg har i dei siste åra nytta kvoten sin fullt ut. Det norske fisket etter norsk vårgytande sild i 1999 gjekk i hovudsak føre seg i norsk økonomisk sone, men det vart fiska ca. 5.900 tonn i internasjonalt havområde og 870 tonn i Jan Mayen sona. I tillegg til å fiske i NØS i 2000, fiska norske fartøy knapt 4.100 tonn i internasjonalt farvatn og 1.100 tonn ved Jan Mayen.

Det russiske fisket etter norsk vårgytande sild føregjekk i hovudsak i norsk økonomisk sone i 1999 og 2000. I 1999 fiska Russland dessutan 20.500 tonn i internasjonalt havområde og 855 tonn i færøysk sone medan dei fiska 42.153 tonn i internasjonalt farvatn i 2000.

Island fiska ikkje NVG-sild i NØS i 1999, medan dei i 2000 fiska 6.634 tonn i NØS. Island fiska meir i internasjonalt havområde i 2000 enn i 1999.

I følgje innrapporterte tal til norske styresmaktar minka dei islandske fangstane i Jan Mayen sona frå vel 186.000 tonn i 1999 til ca. 136.000 tonn i 2000. I 2000 fiska ikkje islandske fartøy NVG-sild i si eiga sone.

Det færøyske fisket har føregått i dei fleste sonene i 1999 og 2000. Færøyske fartøy fiska bortimot heile sin kvote både i 1999 og 2000.

EU fiska ikkje heile kvoten korkje i 1999 eller 2000.

5.1.11 Norsk fangst av vågekval

Totalkvoten i 1999 vart fastsett til 753 dyr. Desse vart fordelt på følgjande geografiske område: Barentshavet, Jan Mayen, Svalbard, Vestfjorden og Nordsjøen. Talet på deltakande fartøy har dei siste åra lege rundt 32-34. Totalkvoten for 2000 var 665 dyr. Fangstane utgjorde respektivt 589 dyr i 1999 og 487 dyr i 2000.

5.2 Utanlandsk utnytting av kvotar i norske havområde i 1999 og 2000

5.2.1 Russland - Noreg

5.2.1.1 Fellesbestandane

Noreg og Russland har som nemnt felles forvaltning for artane torsk, hyse og lodde. Følgjande oversikt for 1999 og 2000 viser Russland sine kvotar og fangstar av desse artane etter overføring frå Russland til Noreg, men før kvotetildeling frå Russland til tredjeland. Russisk forskingsfangst kjem ikkje fram av tala.

Tabell 5.15 Russiske kvotar og fangstar1 på fellesbestandane i Barentshavet, etter overføring til Noreg og før overføring til tredjeland

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1999200019992000
Torsk224.500181.400210.374166.202
Hyse33.00025.40030.52022.738
Lodde32.000174.00032.48594.670

1 Tala er førebels tal rapporterte frå russiske styresmakter til norske styresmakter.

Tabell 5.16 Oversikt over Russland sine kvotar og fangstar i norske havområde

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1999200019992000
NØS N 62°N:
Torsk150.000140.00061.55656.924
Hyse25.00020.0007.3816.302
Sei2.5002.5003.0703.083
Blåkveite--791615
Steinbit2.0002.0002.2042.292
Uer750750662609
Snabeluer2.7502.7501.8562.144
Kolmule50.00050.00016.77048.698
Lodde32.000174.0004.61538.156
Sild130.000125.000131.456112.843
Andre artar3.0003.0001.1481.326
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Reker750750--
Sild11.00010.6004.0753.026

5.2.1.2 Kommentarar til oversikten

Av torskekvoten i NØS i både 1999 og 2000 vart 41 % fiska. Russland hadde ei utnytting av sin kvote av hyse i NØS på 30 % i 1999 og på 32 % i 2000.

Sei- og uerkvotane kan berre nyttast til bifangst, medan steinbit- og snabeluerkvotane skal dekka både direkte fiske og bifangst. Kolmulekvoten kan også fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen. I 1999 fiska Russland 163 tonn kolmule i fiskerisona ved Jan Mayen, medan dei berre fiska 13 tonn i 2000.

Russland utnytta kvotane for norsk vårgytande sild i norsk økonomisk sone fullt ut i 1999 i motsetnad til i 2000 då det stod om lag 12.000 tonn att. Kvoten av andre artar for 1999 og 2000 er ikkje spesifisert.

5.2.2 EU - Noreg

5.2.2.1 Fellesbestandane

I Nordsjøen har Noreg og EU som nemnt felles forvaltning for artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell. Delar av EU sine kvotar for konsumartane kan fiskast i NØS, sjå tabell 5.18.

EU sine kvotar og fangstar 3 av desse bestandane etter overføring frå Noreg til EU, men før kvotetildeling frå EU til tredjeland i 1999 og 2000 var følgjande:

Tabell 5.17 EU sine kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen etter overføring frå Noreg til EU og før overføring til tredjeland

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1999200019992000
Torsk119.89073.23071.03254.666
Hyse73.68063.91059.90243.360
Sei52.80040.80048.10841.949
Kviting39.60027.00026.27824.128
Raudspette98.62594.21077.66678.240
Makrell20.19022.62036.22051.927
Sild188.150188.150179.538184.085

Kvotane for sei og makrell omfattar Nordsjøen og Skagerrak. EU nytta i 1999 kvoten for makrell fullt ut. I 2000 vart både sei- og makrellkvoten fullt utnytta. Også sildekvoten vart godt utnytta. EU sine fangstar av makrell blir kommentert i punkt 5.2.2.2.

Tabell 5.18 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde

Område/ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1999200019992000
NØS, N 62°N:
Torsk19.87016.15018.30616.209
Hyse1.7001.3601.1601.192
Sei3.1003.0003.2623.082
Blåkveite10010014176
Uer1.7501.650451193
Snabeluer1.7501.650317198
Makrell12.02013.460--
Andre artar700450208234
NØS, Nordsjøen1:
Torsk*60.45060.38015.60915.753
Hyse*50.75050.71014.44814.970
Sei*51.10041.68021.29515.730
Kviting*25.19025.1901.2161.484
Raudspette*40.00040.0005.0535.347
Makrell*20.43022.86023.88928.142
Sild*50.85050.85015.89511.485
Augepål50.80050.80016.6288.362
Kolmule--44.36932.363
Tobis150.000150.00015.57460.918
Reke1.2651.030933745
Andre arter11.00011.0008.92310.338
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Kolmule1.0001.000--

1 EU sine kvotar i NØS i Nordsjøen, er både i 1999 og 2000 sett saman av to kvoteavtaler; avtale mellom EU-Noreg og avtale mellom Sverige-Noreg. Avtala mellom Sverige og Noreg er dessutan presentert under 5.2.7.

Som nemnt i punkt 5.1.2.2 om norske kvotar på fellesbestandane merka (*) i EU-sona syner tabell 5.18 på tilsvarande måte kor mykje EU og Noreg er samde om at EU-fartøy kan fiske i NØS.

5.2.2.2 Kommentarar til oversikten

Frå og med 1998 har EU ein kvote av torsk nord om 62°N som tilsvarer 4,14% av TAC for norsk-arktisk torsk. I åra 1999 og 2000 har EU nytta torsk-, sei-, hyse- og blåkveitekvotane nord om 62°N svært godt.

EU sin makrellkvote nord om 62°N kunne også fiskast sør om 62°N i ICES-område IVa i 1999 og 2000. Dette forklarer avvika mellom kvote og fangsttal for Nordsjøen. EU sin kvote av blåkveite og samlekvoten for andre artar nord for 62°N er bifangstkvotar.

EU sine fangstar i NØS sør for 62°N som del av EU sine samla fangstar utgjer i 1999 og 2000 følgjande prosentar, for torsk 22% og 29%, for hyse 24% og 35%, for sei 44% og 37%, for kviting 5% og 6% og for raudspette 7% og 7%.

EU sin samla makrellkvote i NØS var 32.210 tonn i 1999 og 36.080 i 2000. EU utnytta 74% av denne kvoten i 1999 og 78% i 2000. EU sine fangstar av sild i NØS i Nordsjøen av samla fangstar utgjer 9% i 1999 og 6% i 2000.

Augepålkvoten gjeld augepål og kolmule. Ved fiske etter augepål/kolmule og/eller tobis kan den einskilde kvoten overskridast med inntil 40.000 tonn under føresetnad av at samla fangst av augepål/kolmule og tobis ikkje overstig 200.800 tonn. EU si utnytting av industrikvoten på 200.800 tonn var respektive 38% i 1999 og 51% i 2000.

EU hadde ei utnytting på 81% av kvoten andre artar i Nordsjøen i 1998 og 94% i 2000.

5.2.3 Færøyane - Noreg

Tabell 5.19 Oversikt over Færøyane sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1999200019992000
NØS, N 62°N:
Torsk5.3024.3005.3024.370
Hyse397523397527
Sei179150179224
Blåkveite--9123
Uer--3717
Kolmule4.0002.000-480
Lodde-10.000-5.083
Makrell3.9508.185--
Andre artar200808763
NØS, Nordsjøen:
Sei1.7711.4001.2011.432
Sild1.2001.200844971
Augepål29.00025.0002.43812.631
Makrell--4.1748.070
Hestmakrell6.0003.0001.065260
Håbrann/pigghå300300--
Andre artar--668119
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Kolmule1.000500--
Reker20015025-

5.2.3.1 Kommentarar til oversikten

Færøyane sine kvotar av torsk, hyse og uer nord om 62°N var samansett av kvotane frå Noreg og tildelingar frå Russland. Etter avtale med Noreg kan delar av dei russiske kvotane fiskast i NØS.

I 1999 utgjorde kvotane frå Noreg 2.000 tonn torsk, 350 tonn hyse og 200 tonn andre artar, medan kvotane frå Noreg representerte 1.700 tonn torsk, 280 tonn hyse, 150 tonn sei og 30 tonn andre artar i 2000. Differansen mellom kvotane i oversikten i tabell 5.19 og kvotane frå Noreg syner altså det kvantum Færøyane kunne fiske av russisk tildelte kvotar i NØS.

Makrellkvoten til Færøyane kunne også fiskast i NØS i den nordlege delen av Nordsjøen (ICES område IVa). I praksis har kvoten dei siste åra vore fiska i Nordsjøen.

Færøyane sin seikvote sør om 62°N inkluderer bifangst av sei i andre fiskeri. Det same gjeld for sildekvoten. Augepålkvoten på 29.000 tonn i 1999 og 25.000 tonn i 2000 omfattar også tobis, kolmule og maksimalt inntil 2.000 tonn brisling. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule, og tobis samla under augepål. Færøyane fiska 450 tonn brisling i NØS i 1999, men ingenting i 2000. Augepålkvoten dekkjer også bifangst av andre artar bortsett frå sei og sild.

Kvotane på hestmakrell og håbrann/pigghå kan også fiskast nord om 62°N.

Både i 1999 og 2000 har Færøyane fiska kvotane av torsk og hyse i NØS nord om 62°N. Makrellkvoten vart nytta fullt ut både i 1999 og 2000. Seikvoten i Nordsjøen vart nytta fullt ut i 2000, medan det stod att ein del av kvoten for 1999.

5.2.4 Grønland - Noreg

Tabell 5.20 Oversikt over Grønland sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1999200019992000
NØS, N 62°N:
Torsk2.4303.6382.1843.682
Hyse350630252432
Sei700700655651
Andre artar150150742101
NØS, Nordsjøen:
Torsk200200-21
Sei800800-469
Andre artar---19

5.2.4.1 Kommentarar til oversikten

Grønland har løyve til å fiske torskekvoten i NØS nord om 62°N også i Svalbardsona. I 1999 og 2000 fiska Grønland høvesvis 3 tonn og 17 tonn torsk i Svalbardsona. Grønland har nytta torske-, hyse- og seikvotane godt i 1999 og 2000. I 2000 overførte Grønland torske- og hysekvote tildelt frå Russland til NØS på høvesvis 1.938 tonn og 350 tonn.

I NØS sør om 62°N hadde Grønland i 1999 og 2000 ein kvote på 1.000 tonn torsk, hyse og sei samla. Av dette kunne torsk utgjere maksimalt 200 tonn. I 2000 fiska eitt fartøy botnfisk i NØS i Nordsjøen.

5.2.5 Island - Noreg

Island fekk ein torskekvote i NØS nord for 62°N på 4.450 tonn i 1999 og 3.630 tonn i 2000 som eit resultat av «Smottholavtala».

Tabell 5.21 Oversikt over Island sine kvotar og fangstar i 1999 og 2000

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1999200019992000
Torsk4.4503.6301.9523.599
Hyse--13561
Sei--14628
Anna--58175

5.2.6 EU (Sverige - Danmark) - Noreg, om fisket i Skagerrak/Kattegat

Torsk, raudspette og reker kan fiskast berre i Skagerrak. For dei andre artane gjeld kvotane både Skagerrak og Kattegat.

Tabell 5.22 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar

Omårde/ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1999200019992000
Torsk18.38011.22010.8219.091
Hyse5.1754.2601.2641.469
Kviting7.8553.930149212
Raudspette10.98010.9806.7076.874
Sild69.33069.33062.58771.592
Brisling46.25046.25034.36527.460
Reker7.0304.8603.5163.718

5.2.6.1 Kommentarar til oversikten

Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men for enkelte artar har også andre EU-land mindre kvotar.

Tabellen over syner at EU nyttar dei fleste kvotane i Skagerrak/Kattegat godt. På autonomt grunnlag kvoteregulerar EU også andre bestandar enn dei som det er fastsett kvotar på gjennom avtalen om regulering av fiskebestandane i Skagerrak/Kattegat. Desse er tunge, lysing og sjøkreps.

5.2.7 Sverige - Noreg

Tabell 5.23 Oversikt over Sverige sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1999200019992000
NØS, Nordsjøen:
Torsk540380547570
Hyse750710677562
Sei1.1008801.5721.164
Kviting1901906281
Augepål80080054982
Makrell2402402.0932.526
Sild8508508911.592
Reke185130178185
Andre artar--183316

5.2.7.1 Kommentarar til oversikten

I oversikten er fangstane av kviting og lyr samla under kviting. Fangstane av lyr utgjorde 61 tonn i 1999 og 78 tonn i 2000. Augepålkvoten til Sverige omfattar også annan industrifisk (kolmule, tobis, brisling og hestmakrell), av dette kunne det fiskast maksimalt 400 tonn hestmakrell. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule, tobis og hestmakrell samla under augepål. I 1999 fiska svenske fartøy 549 tonn industrifisk og i 2000 fiska dei 82 tonn. Svenske fartøy fiska ikkje hestmakrell i NØS i 2000, men fiska 97 tonn i 1999.

I samband med at Sverige vart medlem i EU frå 1. januar 1995, fekk svenske fartøy høve til å fiske i NØS i Nordsjøen på EU sine kvotar av torsk, hyse, sei, kviting, makrell og sild i medhald av avtalen mellom EU og Sverige. Sverige sine kvotar tildelt av EU forklarer kvifor Sverige tilsynelatande har overfiska nokre av kvotane som er presenterte i tabell 5.23.

I hovudsak er det svenske fisket retta mot kvotane sine av torsk, sei, makrell, sild og reke.

5.2.8 Polen - Noreg

Tabell 5.24 Oversikt over Polen sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde

Område/ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
1999200019992000
NØS, N 62°N:
Kolmule3.000--
Andre artar100--
NØS, Nordsjøen:
Torsk1940
Sei865750862724
Andre artar85754731
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Kolmule5.000--

5.2.8.1 Kommentarar til oversikten

Kvoten av andre artar nord for 62°N gjeld bifangst i fiske etter kolmule.

Frå og med 1995 vart Polen sitt kvotearrangement i Nordsjøen endra. Botnfiskkvoten vart da omgjort til ein seikvote, der det var tillate med inntil 10 % bifangst av andre artar i fisket etter sei. Polske fartøy er primært interesserte i sei. Polakkane har utnytta seikvoten godt både i 1999 og 2000.

Fotnoter

1.

Desse fangstane er frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

2.

Norsk kvote ved starten av sesongen er 12% av førebels TAC, og endeleg norsk kvote er 8% av endeleg TAC.

3.

Fangsttala er frå EU-kommisjonen.

Til forsiden